Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 1
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 2
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 3
A. Audhild Solberg
Den svartkledde jenta Roman
Samlaget Oslo 2019
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 4
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslagsillustrasjon: John S. Jamtli Omslagsdesign: Torill Stranger Førtrykk: Samlaget Skrift: Adobe Garamond 13/16 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9819-5
Utgitt i samarbeid med Leser søker bok
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 5
1 – Her, sa Leo. – Sprit hjelper mot kulde. Eg tok imot flaska, skrudde av korken og tok ein slurk. Eg hadde stått ute og venta på Leo i eit kvarter, i ti minusgrader, utan lue eller skjerf. Eg var så kald at eg rista. – Drikk så mykje du vil, sa Leo. – Eg har meir heime. Han rygga ut frå parkeringa ved kyrkja. Det var alltid her han henta meg, i den gamle, brune Volvoen sin. Det var sjeldan folk ved kyrkja seint på kvelden. Liten risiko for at nokon såg meg og sladra til mamma og pappa. Dei ville ikkje at eg skulle treffe gutar. Ikkje før eg fylte seksten.
5
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 6
Leo svinga av hovudvegen og tok inn på ein smal skogsveg. Det var midt i februar, snøen låg framleis overalt. Grantrea var kvite i toppane, vegen frosen og blank. Det tynne islaget glitra i lyset frå frontlyktene. – Korleis går det, Hanna? sa Leo. – Får du varmen i deg? Han la handa på kneet mitt og blunka mot meg. – Om ikkje spriten hjelper, veit eg om ein annan måte. Det er god plass i baksetet, veit du. Eg tok ein slurk av flaska. – Det går bra. Snart opna landskapet seg, grantrea stod meir spreidd. Vi nærma oss elva. Berre det ikkje var glatt på brua. Den var ikkje lang, men så smal at berre éin bil kunne køyre over om gongen. Rekkverket var dessutan rotent og fallet ned til elva høgt.
6
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 7
Mista Leo kontrollen på bilen her, styrta vi rett ned i djupet. Eg lukka auga. Opna dei ikkje før vi var over brua. På andre sida av elva tjukna skogen. Grantrea hang over vegen, det var som å køyre i ein tunnel. Eg dukka ned i setet. Brått kjentest det som det var nokon der ute. Nokon som følgde med på oss. Eg såg fyrst ut igjen da vi passerte prestegarden. Den låg i skogbrynet innmed vegen og bestod av eit stort, kvitt hus og eit falleferdig fjøs. Før i tida budde presten i bygda her. Nå minte huset meir om eit spøkelseshus. Kvitmålinga skala av, vindaugsrutene var knuste og – Kva var det? Eg syntest ei gardin rørte på seg i andre etasje. Var det nokon der inne? – Hanna?
7
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 8
Eg skvatt til. – Kva er det? sa Leo. – I-i-ingenting, sa eg. Eg sette spritflaska for munnen igjen. Eg måtte ha innbilt meg det. Prestegarden hadde stått tom i årevis. – Forresten, sa Leo. – Er det greitt at du går heim i kveld? Eg svelgde. Skogsvegen var opplyst. Men det var langt mellom lyktestolpane og tett skog mesteparten av vegen. – Du er ikkje mørkredd, vel? Leo snudde seg mot meg. Ansiktet sprakk opp i eit flir. – Nei da, høyrde eg meg sjølv seie. – Eg kan gå heim, eg. Det går fint. Eg ante ikkje kva som venta meg. 8
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 9
2 – Takk for i kveld, da. Leo opna ytterdøra. Utanfor var det stupmørkt. – Ta det med ro, sa han. – Du blir fort vand til mørket. Eg gjekk ut på trappa og slo på lommelykta på mobilen. Lyset skalv da eg retta det mot skogsvegen. Kvifor i helsike hadde eg sagt ja til å gå heim? Eg var jo livredd for mørket. Hadde alltid vore det. Eg snudde meg mot Leo. Viss han såg kor redd eg var, køyrde han meg kanskje heim likevel.
9
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 10
Men Leo berre smilte. – God tur, da, sa han. – Eg melder deg om eit par dagar. Så drog han igjen døra etter seg og låste.
10
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 11
3 Eg gjekk ned trappa. Drog boblejakka godt om meg. Så la eg på sprang nedover skogsvegen. Lyset frå mobilen spratt mellom grantrea. I mørket såg greinene ut som hender, svarte, hårete hender som krafsa etter meg. Eg forta meg å sjå ned på føtene mine. Skoa knirka mot snøen. Da eg nådde den fyrste lyktestolpen, stoppa eg og trekte pusten. Sjølv om eg hadde køyrt her fleire gonger, verka skogen annleis nå. Nå såg eg ei lysning på høgre side av vegen, eit lite område der skogen var rydda. Eg retta lommelykta dit.
11
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 12
Midt i lysninga stod ei gammal dokkestue. Ein gong hadde den vore raud, men nå såg den mest grå ut. I det vesle vindauget hang ei skiten blondegardin, døra var eit svart hol. Det måtte vere evigheiter sidan nokon leika der. Eg sprang vidare ned gjennom skogen til eg kom til den gamle prestegarden. Eg kikka rundt meg. Var det nokon her? Eg syntest eg kjente blikk på meg, som om nokon stod og stira – Å, herregud! Hjartet hoppa i brystet. Kor kom ho frå? Nokre meter bak meg stod ei jente. Ho var lita og tynn og hadde på seg ei lang, svart kappe med hette. Under kappa stakk det fram eit svart skjørt. Det nådde heilt ned til bakken. – K-k-kven er du? stotra eg.
12
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 13
Jenta svarte ikkje. Eg såg opp på prestegarden. – Bur du her? Jenta tok eit skritt mot meg og trekte hetta lenger ned over ansiktet. Så luta ho seg fram og skreik. Eg snubla bakover. Halsen min snørte seg saman, eg fekk nesten ikkje puste. Det var eit barneskrik, men samtidig ikkje. Det romma noko meir også, noko forferdeleg eg ikkje forstod. Eg styrta av garde. Men den svartkledde jenta kom etter. Skjørtet hennar slepte langs vegen bak meg, skrika blei høgare og høgare. Da eg nådde elva, var ho rett bak meg! Eg sprang ut på brua. Det rå gufset frå elva slo mot meg, eg blei nesten blinda av frostrøyk.
13
Den svartkledde jenta ferdig.qxp_a 12.12.2018 11:36 Side 14
Eg heldt meg unna det rotne rekkverket, det kunne rase ut når som helst. Berre nokre meter igjen nå … … ikkje skli på isen … Der var eg endeleg over! Eg kasta eit blikk over skuldra. Hjartet hamra mot boblejakka. Men … kor var jenta? Brua var tom, det same var vegen på andre sida av elva. Den svartkledde jenta var borte. Eg var aleine i mørket.
14