Skip to main content

Smådjevlane

Page 1

Sm책djevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 1


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 3

Anne Bergset Oikonomaki

Smådjevlane Thriller

Samlaget Oslo 


Sm책djevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 2


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 5

 Aten, februar 1999 Vasilis Trilidis pusta ut idet han lét att døra bak seg, som om dei knappe tjue meterane frå heisen til kontoret hadde vore ei bragd. Han gjekk bort til eit lite bord med diverse flasker og glas og fylte eit reint whiskyglas med vatn frå ein karaffel. Da han hadde tømt glaset, løfta han lokket av isboksen attmed berre for å oppdage at den var tom. Han forbante gamle Theo som demonstrerte sørgetida med ein gåsakte-aksjon som Trilidis fann verken verdig eller ynkverdig, berre fordømt irriterande. Gamle Theo hadde arbeidd for Trilidis-familien sidan første steinen på Elpida blei lagd. Som handlangar først, så som målar og elektrikar, og så som vaktmeister da klinikken stod ferdig tidleg på femtitalet. Ei stilling han hadde skjøtta i over førti år, inntil han runda sytti og gjekk av med pensjon og inn i ein depresjon som hadde fått Trilidis til å ta han tilbake som personleg assistent. Sanninga var at Theo, til liks med dei andre tilsette på klinikken Elpida, hadde forguda den nyleg avdøde Immanuil Trilidis like inderleg som dei forakta han som ville fylle skoa hans. Ei kjensgjerning Vasilis Trilidis burde vere innforstått med, men det var han ikkje. No sette han vassglaset frå seg og tok opp ei halvfull Chivas Royal. Han helte eit par fingerbreidder i glaset, svelgde ein god slurk og helte 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 6

så i ei fingerbreidd til før han sette flaska frå seg og gløtta bort på skrivebordet. Interne beskjedar og diverse korrespondanse hadde samla seg opp desse tre timane han hadde operert, men han blei ståande og drikke til han hadde gløymt maset som venta. Bortsett frå pliktene det representerte, likte Vasilis Trilidis seg på kontoret sitt, eit femti kvadratmeter stort samansurium av marmor, mosegrøn silketapet og antikke mahognimøblar, meint å spegle rikdommen hans. For inntil femten år sidan hadde dette rommet i toppetasjen fungert som innkvartering for pårørande til viktige pasientar. Eit titals president- og statsministerfruer hadde brukt det, og minst éi dronning. Og no han. Trilidis sukka og svelgde ein god munnfull, men måtte snart sette ned glaset for å snyte nasen og tørke seg over auga. Han var farlaus på niande dagen. Det var sårt. Faren hadde nærma seg nitti år, men hadde vore så forunderleg frisk heilt til han seig saman, at tapet knapt var til å fatte. Tapet syntest han urettferdig. Som så mykje anna. Vasilis Trilidis likte seg ikkje når omverda ikkje dansa etter hans pipe. Egoet rima dårleg med framtoningen der han stod, knapt ein sekstifem høg og femti kilo for tung, omgitt av tidlause møblar tilpassa storleiken på rommet og ikkje eigaren av det. Han var framleis kledd i den grøne kirurgdrakta, og sliten og lut etter timane i operasjonssalen. Og han var aldrande, over seksti. Men i motsetning til far sin eldest ikkje Vasilis Trilidis med verdigheit, men med stor møde. Han stappa lommeduken ned i ei lomme og fylte glaset to nye fingerbreidder før han gjekk over golvet til eit av dei store, austvende vindauga bak skrivebordet. Det var ein kald dag. Lågtrykket komprimerte den forureina lufta og pakka den greske hovudstaden inn i eit be


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 7

dragerisk vakkert, gult lys. Han begynte å tenke på kor inderleg lei han var. Han visste at den kjensla, godt hjelpt av tretti års erfaring og eit snart like langvarig alkoholmisbruk, ville vere berre som ei murring innan neste operasjon i sekstida, men eigentleg var han drit lei. Operasjonane tok for mykje tid. Han skulle ønske han kunne bli styrtrik på eitkvart som ikkje kravde timevis med slit fem dagar i veka. Sjølvsagt kunne han trekke seg tilbake. Til kontoret, om ikkje anna. Og konsentrere seg om å investere. Men ein slik retrett var bortimot uhøyrd. Retrettar kravde legitimitet. I form av ein arvtakar eller ein banebrytande, udødeleg publikasjon. Han hadde verken det eine eller det andre. Og dessutan, for alt han visste, var pengar som trong hjelp til å formeire seg, like stressande som defekte blodpumper. – Trettiein dagar, mumla han. For om trettiein dagar, under den tredje minnestunda, skulle advokaten lese opp testamentet. Som eldste son av Immanuil Trilidis, i landet med eit helsevesen så inngrodd korrupt at ikkje eit fornuftig menneske såg noko kriminelt ved det, burde han ha lite å frykte. Men han var uroleg. Han stira ut i den skittengule dagen og tenkte på alt det ufordragelege livet baud han. Først og fremst Nikolaos, broren. Faen vite kva faren kunne ha testamentert bort til han, sjølv om han hadde vore i harnisk den gongen Nikolaos takka ja til kallet nede på Kreta, og nærmast hadde unngått han sidan. Og så var det Penelope, det einaste barnet hans og også einaste barnebarn til avdøde. Han hadde ei kjensle av at faren hadde skrive villaen i Pireus og leilegheita i London over på henne. Sjølv tolte han knapt synet av dottera si. Alle andre sine var smekre og spretne, mens hans var breirygga og korthalsa som ein bulldog. Og veldedigheita mora dei siste tiåra hadde lagt sin elsk på! Slik 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 8

ein utidig trong til å dele ut i aust og vest! Trilidis drakk to slurkar, heit i hovudet av tankane som allereie hadde spunne vidare til det verste. For det var ikkje berre broren, dottera og den tredje verda som stod i vegen for han. Det verste var politikken faren frå dag ein hadde ført på Elpida, som i praksis innebar at kirurgane som var til stades under ein operasjon, også rådde over kontantsummen. Dette var ikkje noka uvanleg ordning, men for Vasilis Trilidis var det argumentet irrelevant. Same faen kor dyktige dei var. Det var hans sjukehus. Han hata å tenke på setelbunkane som hamna i lommene til dei andre kirurgane, men etter nokre drinkar var det gjerne nettopp desse han tenkte på. Som denne dagen, til dømes. Ein hjarteoperasjon på privatklinikken Elpida, med oppfølging, blei fakturert til om lag femten millionar drakmar. I tillegg forlangte kirurgane førti tusen pund sterling under bordet i kontantar. Var betalinga i drakmar, som inntil OL-utbyggingane hadde vore vanskelegare å kvitvaske, kravde ein meir, som regel tjue millionar. I dag hadde dei vore to kirurgar, overlege Mitropoulos og han. Zervidis hadde også deltatt, men han var knapt tørr bak øyra og måtte nøye seg med fem hundre tusen. Det gav Mitropoulos og han nitten og ein halv million på deling, herlege skattefrie setlar, men sidan han ikkje fekk alt, var det ikkje nok. Vasilis Trilidis avskydde å dele. Minna om korleis foreldra uavlateleg hadde insistert på at han skulle dele leiker og iskrem med broren og naboungane, kunne gjere han kvalm av sinne framleis. Han snudde seg mot rommet. Blikket vandra mellom sofaen lenger ute i rommet og dei gule lappane på bordplata framfor han. Han bestemte seg for skrivebordet, sidan han likevel trong mat før han kvilte. Han sette seg i kontorstolen, men passa seg vel for å røre 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 9

beskjedane. Så festa blikket seg likevel ved ein av dei. Arilidis. Direktøren for det medisinske fakultetet. Kva faen ville han? Trilidis bante inderleg, men våga ikkje anna enn å lese beskjeden. Som viste seg å vere uskuldig nok. Professoren bad om løyve til å skrive eit minneord i legetidsskriftet The Lancet. Og han bad om Trilidis’ hjelp til ei kronologisk liste over utmerkingane den salige hadde fått. Vel to timar seinare hadde han henta eit nøkkelknippe frå nøkkelskåpet sitt og tatt den bakarste heisen ned til første etasje. Da han hadde låst opp døra inn til kontoret til faren og slått på lyset, blei han først ståande litt og puste inn den kjende lukta av Cohiba-sigarar og skinninnbundne bøker. Faren hadde erstatta operasjonstid med kontortid seint på syttitalet. Det hadde irritert han det første året etter at han tok over klinikken. At faren ikkje kunne halde seg unna. Men etter kvart hadde han vent seg til at han var der og stort sett tatt ein tur innom kontoret hans kvar ettermiddag. Og no var han død. Trilidis fann fram lommetørkledet og snytte seg. Så gjekk han raskt over golvet og sette seg i den gamle skinnstolen til faren. Han såg seg rundt. Dei gjævaste utmerkingane hang innramma rundt om på veggane, han ville begynne med dei. Han opna den øvste skrivebordsskuffa til høgre for å finne eit papir å skrive på. Det første han såg, var ei lita fotoramme med eit nærbilde av mor hans. Den utvitydige kjærleikserklæringa verka utruleg etter snart sekstifem års ekteskap. Bildet var ikkje eingong gammalt eller flatterande på noko vis. Brått blei han overbevist om at erklæringa var utruleg, og begynte å opne dei andre skuffene i jakt på eitkvart som kunne støtte opp om mistanken. Han fann ikkje noko. Det nærmaste han kom eit ekteskapleg svik, var da han opna den nedste skuffa, som var fylt med gåver Immanuil Trilidis 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 10

hadde gøymt for kona si fordi han ikkje likte dei og var redd ho ville lokke han til å ta dei i bruk likevel. I tenåra hadde Nikolaos og han tømt denne skuffa for cologne og sigarar meir enn éin gong. Elles var det mange fløyelsetui der. Vasilis tok opp eitt, opna det, og geipte mot armbandsuret som spratt opp. Han kikka ned mot skuffa og såg at i alle fall fem andre etui var meir eller mindre identiske. Sølvklokka i etuiet han heldt, var stygg, av eit merke han aldri hadde høyrt om. Han tok den ut likevel og ville feste den om handleddet, men låsen var ein slik merkeleg ein som hadde vore så populær på syttitalet. Han fekk den ikkje att og blei irritert og ville hive klokka ned i etuiet igjen, men slo i staden til etuiet så det fauk over bordplata og fall i golvet, følgt av ulogiske, plingande lydar. Det tok likevel ei stund før han begynte å lure og reiste seg og kikka over skrivebordet. Det låg ein nøkkel nede på golvet. Han henta den. Det var ein liten, men kraftig nøkkel med nummer  rissa inn. Trilidis tenkte seg om og konkluderte med at den likna nøklar til oppbevaringsboksar på jernbanestasjonar. Tanken lokka fram eit skeivt flir. At den segnomsuste faren skulle ha gøymt løyndommar på ein skitten, travel jernbanestasjon. Så kom han brått i hug ein episode frå barndommen og skjønte at det var nettopp det faren hadde gjort.


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 11

 – Som da også testamentet vitnar –. Abbeden stansa monologen sin midt i setninga. Broren reagerte ikkje. Abbeden sukka og mønstra broren. Vasilis sat på den andre sida av bordet, kledd i ein lys grå kasjmirdress med jakka open. Kvar gong han lea på seg, dissa mageflesket før det la seg til ro over låra. Broren hadde alltid vore feit, men dette berget av ein mage syntest abbeden ekstremt inntil det ironiske. Ein hjartekirurg som insisterte på å ete seg i hel. Om ikkje alkoholen kom maten i forkjøpet – Herren sjå i nåde. Sørgebandet Vasilis hadde hatt knytt rundt den høgre overarmen under minnestunda, hadde sige ned til olbogen. Han var utvilsamt berusa. Som han sjølv, for så vidt. Ikkje fordi han likte overstadig drikking, men fordi han fann det vanskeleg å motseie den to år eldre broren, det vere seg i stort eller smått. Det var likevel merkeleg at broren drakk seg meir og meir fåmælt, når det var han som under lunsjen hadde masa inntil det pinlege om korleis dei to skulle heidre farens minne med den beste ouzoen som var å oppdrive i hovudstaden denne vinteren. Abbeden hadde vegra seg fordi det var ubehageleg lenge sidan han hadde vore på tomannshand med broren, men gitt etter sidan han hadde mangla ei plausibel unnskyldning. Ikkje at han ikkje var glad i familien sin, men etter farens reaksjon da han tok kallet på Kreta i , hadde omgangen med både foreldra 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 12

og broren skrumpa inn til praktisk talt ingenting. Han kunne ikkje hugse sist han hadde sete i dette rommet, heller. Abbeden lét blikket gli over dei bokdekte veggane for å sleppe å sjå på broren, som no var så kortpusta og mødd at det var pine nok å måtte høyre på det. Sjølv hadde han utmerkt kondisjon og fysikk og gjorde sitt beste for å framheve begge delar der han sat rakrygga i ein av rokokkostolane mora var så glad i. Da han var liten, hadde biblioteket vore det hersens rommet ein blei kalla inn i for å gjere greie for leksene. Det var rart korleis kjensla av å bli vegen og funnen for lett hang igjen. Slike mørke rom, neddynga med bøker, hadde ein metafysisk, poetisk undertone som burde roe ein, tenkte han. At sola måtte vike for ordet. Men trass i sine fem hundre kvadratmeter syntest barndomsheimen for liten til dette toetasjes monstrumet som faren hadde påstått var ein kopi av yndlingsbiblioteket hans ved det medisinske fakultetet ved Oxford. Det var her inne hushjelpa hadde funne faren. På hellene framfor marmorpeisen. Momentant død etter eit massivt hjarteinfarkt. Noko dei radikale avisene hadde harselert med på ymse vis, med gjengangaren at det likevel måtte finnast ein gud når den styrtrike kirurgen døydde av nettopp det han hadde tent seg styrtrik på: hjarteinfarkt. Abbed Nikolaos trudde ikkje harseleringa var ille meint, for faren hadde vore populær i Hellas hos både høg og låg, eit faktum han dei siste minutta hadde sete og belyst frå kvar tenkeleg vinkel. – Ja, ja, veiva Vasilis han av. – La meg fortelje deg ei interessant historie, sa han så, brått mild i stemma. Abbed Nikolaos sukka og formante seg sjølv til tolmod. Kjende han broren rett, hadde han no ei fantasifull utbrodering i vente. Enten ei historie om ein dødsdømt Vasilis meinte han hadde utført eit kirurgisk underverk på, eller 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 13

om eit obskønt underverk ei prostituert hadde utretta på han. Begge variantar hånte Den allmektige og var alt anna enn interessante. Men så gjekk i alle fall den tida, kom han på. Han gløtta diskré mot armbandsuret sitt. Ti over fire. Mora ville ikkje komme ned før tidlegast halv seks. – Er det ikkje forunderleg, du, korleis alt heng i hop, kom det frå den andre sida av bordet. – Dette skjedde tidleg på femtitalet da klinikken var splitter ny – far var på arbeid tjue timar i døgnet og viste seg aldri nokon stad og i alle fall ikkje i sentrum av Aten. Ein dag kom han likevel inn til Plaka i ei drosje, for å hente meg frå instituttet der eg lærte fransk. Da eg sette meg inn i drosja – og dette hugsar eg ordrett – sa sjåføren: – Skal De tilbake til Omonia? Vasilis heldt inne. Abbed Nikolaos nikka og opna munnen for å seie noko som kunne tolkast som interesse, men så dura broren på igjen: – La oss hoppe bortimot femti år fram i tid, til veka etter gravferda. Da fann eg ein nøkkel inne på kontoret til far. Ein nøkkel med talet  rissa inn i metallet. Eg blei, mildt sagt, nysgjerrig på om nøkkelen hadde noko med den ureglementerte drosjeturen til far å gjere. Så eg reiste inn til jernbanestasjonen i Omonia og fann oppbevaringsboks nummer . Eg prøvde nøkkelen, men den passa ikkje. Eg gjekk for å klage, og da fekk eg vite at nøkkelen var av feil type. Eg kontakta jernbaneselskapet, og etter ein lang ettermiddag med telefonar og mas fann dei ut at nøkkelen høyrde til på stasjonen i Kalithea. Eg kom meg dit og låste opp boks nummer . Som inneheldt ein gammaldags stresskoffert. Abbeden kremta og skaut inn: – Du sa nettopp at drosjesjåføren sa Omonia. Vasilis smilte. – Ja. Han gjorde så. Svaret – også det svaret – var å finne i kofferten. Alt er i kofferten, som har halde 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 14

meg edru i ein månad. Surt med pengane far gav vekk, eg treng kontantar. Men eg har jo deg, som sym i pengar svartare enn faen sjølv, som er akkurat den fargen setlane i dette prosjektet må ha. Du skal investere med meg, kast ikkje vekk tida med protestar, for eg skal gjennomføre dette. Og så trekker eg meg tilbake – udødeleg. For eg er lei – eg orkar ikkje kavet, stresset – om eit par år har eg selt klinikken –. – Kva i Herrens namn snakkar du om? avbraut abbed Nikolaos han. Da Vasilis ikkje gjorde teikn til å utdjupe, la han prøvande til: – Vasilis, visst rår eg over – midlar. Men det gjer da visseleg du også? – Alt er relativt. – Sjølvsagt, istemte abbeden og såg føre seg broren kave i yachten utanfor Mykonos, stresse på kasino i Cannes – korleis i Guds namn definerte den feite padda «ikkje orke»? Vasilis hadde ei kone og ei dotter abbeden trefte omtrent kvart femte år, og han var ikkje overbevist om at broren såg dei særleg oftare. Han visste også at Vasilis ikkje hadde publisert noko som helst sidan faren gav han klinikken snart tjue år tidlegare, og det han hadde publisert før den tid, hadde vore ubrukeleg til undervisningsformål, mellom anna ein åtte år lang studie av lobotomerte, som – om ein skulle lite på rykta som verserte i etterkant – hadde vore eit bestillingsverk frå juntaen og oppdikta frå ende til annan. Men takka vere etternamnet var det likegyldig kva universitetsprofessorar eigentleg meinte. Ingen pirka borti skalet på Immanuil Trilidis’ førstefødde. Så demra det for han kva broren hadde meint med udødeleg. Trekke seg tilbake udødeleg. Der var det. Vasilis planla ein siste, desperat framstøyt. – Vasilis, kjære deg, sa han lågt. – Om du kunne vere meir presis? – Er du ikkje nysgjerrig på kva kofferten inneheld? 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 15

– Jau, det er eg da, innrømte han. – Far var med i eit forskingsteam. Under krigen, da han var pur ung. Det var faktisk den første jobben hans. Det blei stille igjen. Abbed Nikolaos møtte det raudsprengde blikket som granska han frå den andre sida av bordet. Han smilte oppmuntrande til broren og tenkte at ouzoen fekk ta skulda for at han, ein Herrens tenar, unnte seg ein sting av pur lykke over korleis han sjølv tok seg ut. – Far påstod da heller aldri at han hadde vore soldat, men i alle fall kom han tilbake frå England innan Hellas blei okkupert, og så måtte han vel –. – Han arbeidde for nazistane, avbraut Vasilis han. – Nazistane? gjentok abbeden uforståande. – Skal du innbille meg at faren vår var nazist? – Nei! Det siste lét triumferande. Abbed Nikolaos tok etter ouzoglaset sitt og tømte det. Så korsa han seg tre gonger og sa med låg stemme: – I Guds namn. Kom så til poenget. Da Vasilis endeleg snakka, kom orda rasande fort. Som om han hadde øvd: – Han utførte forsøk for nazistane frå desember  til november . Han skulle eigentleg skytast fordi invasjonsmakta meinte han var kommunist. Men han blei benåda da han hevda at han kunne finne menneske med immunforsvar sterkt nok til å drepe mykobakteriane som forårsakar tuberkulose. Han brukte armenske krigsfangar, frå Kaukasus. Han brukte dei i forsøk som om dei var mus. I ein hemmeleg kjellar ti meter under jorda. Forsøk så kontroversielle at han i redsel for å bli avslørt flytta kofferten nokså nøyaktig kvar fjerde veke, frå den eine oppbevaringsboksen til den andre, frå krigens slutt og fram til januar i år. Abbed Nikolaos oppdaga at han sat med munnen open. 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 16

Så brast han i latter: – Men ikkje ein einaste gong, i løpet av femtifem år, ramla det far inn å brenne innhaldet? Vasilis lét seg ikkje affisere. – Far var lege, kviskra han så. – Han var lege, som eg er – og nettopp derfor var det utenkeleg å brenne innhaldet, fordi det var – er – revolusjonerande, sjølv om han ikkje rakk å komme til botnen. Det var derfor han bygde klinikken, som eit framhald, om enn med meir humane metodar, men så kom dei fordømte engelskmennene han i forkjøpet med tuberkulosevaksinen. Og du kan spare deg hånfliret. Du gløymer at i mine historier er godbiten spart til slutt. – Godbiten? Men bror –. Vasilis grov med ei hand innom dressjakka. Litt etter hadde han henta fram eit samanbretta papir, som han opna og la på bordplata mellom dei. Nikolaos ensa ikkje arket. Når i himmelens namn hadde denne vakre vårdagen enda i pur galskap? Han løfta den høgre handa for å korse seg igjen, men lét det vere. Brorens angrep på sin eigen avdøde far var for absurd til å bli møtt med bønner. Trass i at Vasilis og han hadde halde ein vennskapeleg tone etter at dei blei vaksne, hadde han alltid visst at storebroren var sjukleg misunneleg på han. At han eigentleg ikkje kunne fordra han. Skulle han vere ærleg, hadde det fryda han meir enn det hadde plaga han. Han var snart seksti, men blei ofte tatt for å vere midt i førtiåra. Og han var rik. Innan fem år rekna han med å vere Kretas mektigaste. Så måtte den kortvaksne, feite storebroren gjerne briske seg med det mest velrenommerte sjukehuset dette landet kunne by på. Kva hjelpte det, når han var så ryggjelaus at han ikkje eingong hadde hatt anstendigheit til å halde maska da advokaten las opp arven til hans eiga dotter. Men å misunne faren – sjølv Vasilis hadde beundra og respektert faren på eit vis 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 17

som på ingen måte stemte overeins med dette uhyrlege forsøket på å sverte ettermælet. – Vasilis, prøvde han bedande. Vasilis heldt på fliret, men nekta å møte blikket hans. Det måtte vere den lovde godbiten som var årsaka til det feige fliret. Brått fekk han ei nesten uimotståeleg lyst til å reise seg og styrte ut. Som rottene, slo det han. Som pilte i dekning når dei vêra jordskjelv. – Ikkje døm far for hardt, kviskra Vasilis. – Hugs at det var krig. Dessutan angra han. Noko så til dei grader. Du veit korleis mor og far sende oss ut av Aten under krigen? Eg til grandtante Evaggelia i Itea og du til abbed Theofilos ute på Peloponnes? Han nikka, sjølv om han hadde vore svært liten den gongen og praktisk talt ikkje hugsa anna enn lukta av gjetaren han hang i hælane på. Den var til gjengjeld uforgløymeleg. Framleis når han kom nær ein gjetar, som han gjorde ofte nok, sidan han kunne skryte av den største geitebestanden på Kreta, blei han mint på dette ansiktslause mennesket. Minna elles var to arr på ryggen etter ein kjepp eller stein eller kva gjetaren no hadde brukt på han. – Har det ikkje ramla deg inn, Nikolaos. Nokosinne, meiner eg. – Kva da? – Korleis far insisterte på at eg skulle bli lege og ta over klinikken, mens han frå du var liten, fortalde deg at du skulle bli prest? – Eg har sett det som logisk. Du var eldst. Og eg er ikkje prest. Eg er abbed. – Ja. Du er abbed. Abbed på Moni – eh –. – Kritsi. – Nettopp. Hugsar du korleis far reagerte da du fortalde om kallet? 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 18

– Vasilis. I Guds namn. La far kvile i fred. – Hugsar du? – Han kasta meg på dør, midt under julemiddagen. Korleis kan eg gløyme. – Ja, han gjorde så. Men la oss ta storhenda i riktig rekkefølge. Ta arket på bordet framfor deg og les det. Eg håper ouzoen har vore god nok –. Abbed Nikolaos såg ned på arket. Så såg han bort på broren. Vasilis sat og klødde seg febrilsk – over nasen, under valkane rundt skjortekragen, bak i nakken. Abbeden tok opp arket. Det var ein kopi. Av ein avtale inngått mellom faren og abbed Theofilos. Ordlyden var kort og presis. Han las avtalen opp att til han heiv etter pusten, som om han hadde fått eit sleggeslag i mellomgolvet. Etternamnet hans var ugyldig. Han var ikkje eingong formelt adoptert. Han var son av ei ikkje namngitt taterkvinne som hadde levd med sauegjetarane i heiene bak klosteret ute på Peloponnes, og som hadde døydd rett etter nyttår i , da han var rundt eitt år. Når så Immanuil Trilidis møtte på klosteret for å skrifte i , hadde han godtatt gutungen som straff for ikkje spesifiserte uhyrlegheiter han hadde stått bak under krigen. Nedst på arket stod det at avtalen om avlatet hadde blitt inngått med Trilidis og abbed Theofilos til stades. Da han endeleg pusta igjen, begynte tankane å spinne som ein tornado. Testamentet advokaten hadde lese opp etter minnestunda tidlegare på dagen. Dette kunne bety at det var ugyldig. To leigegardar i sentrum av Aten. Lagerbygga i Pireus som åleine, via dei sedvanlege omvegane, ville gitt han fem hundre skattefrie millionar i året i leigeinntekter. Gullbarrane i Sveits. Alt. Vekk. Panikken som voks i han, gjorde han svimmel av raseri. Han var på veg til 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 19

å reise seg for å gå til fysisk angrep på broren, men så slo det han kva han hadde i vente viss Vasilis ikkje nøgde seg med eit oppgjer dei to imellom, men kringkasta triumfen. I så tilfelle var han ferdig. Pyramiden han etter tretten års innsats snart stod på toppen av. Den ville rase som eit fyrstikkverk. – Du bleikna, bror. Han såg opp på Vasilis og spurde: – Kvifor sa du ikkje noko da advokaten las opp testamentet? Vasilis hadde begynt å sveitte. Den glinsande panna gav abbeden håp. – Du treng ikkje svare. Det er innlysande. Det ville knuse mor om du avslørte at du veit dette. – Ja vel. Ho fyller åttiseks i år. Panikken hogg i han igjen. Men han heldt blikket til broren, som no var kliss våt i heile ansiktet. Sveitten rann han i auga utan at han gjorde noko forsøk på å tørke den bort. Dei kvite hendene, krampaktig folda midt framme på den feite magen, rista hjelpelaust. Abbeden slo ein knyttneve i bordplata mellom dei og brølte: – I Guds namn! Kva er det du sveittar og skjelv for? Spytt ut! – Faen, Nikolaos, ikkje gaul. Hadde du sett deg sjølv no – slapp av, for faen. Arket du sit og knuar mellom dei digre taternevane dine, er ikkje meint å ta livet av deg. Det er meir eit bevis. På det eg inst inne alltid har visst. At det var eg som skulle ha bukta og begge endane. – Som du skal bruke til kva? – Til å følge i fars fotspor. Det optimale hadde vore armenarar, men eg skal nøye meg med kurdarar. Nærmare bestemt –. Abbeden spratt opp av stolen og gjekk rundt bordet. Han fekk eit tak i kvar jakkeskulder på broren og løfta den feite kroppen halvvegs opp av stolen. 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 20

– Kva i Guds namn bablar du om! Du sit på eit papir som gjer meg arvelaus, og pratar – nonsens! – Nikolaos, ro deg ned! Du vekker mor! Sett deg, for faen! Sett deg og høyr etter. Litt etter hadde han sleppt han og sett seg i stolen igjen. Han gøymde ansiktet i hendene mens stemma til Vasilis dura mot han som ein dommedagsprofeti. – Eg skal bruke rapportane far gøymde på alle desse åra, til medisinske eksperiment. Eksperimenta er ikkje enkle. Hadde dei det vore, hadde far komme i mål. Han var nesten i mål, eigentleg fantastisk nær målet, med tanke på utstyret ein hadde til rådigheit den gongen. Det var derfor han bygde klinikken, sa eg det? Men så kom engelskmennene han i forkjøpet og tuberkulosevaksinen ut til massane –. Nå vel. Far og ein professor Backer oppdaga altså at ei gruppe nomadar frå Kaukasus, nærmare bestemt VesleKaukasus, hadde ei eksepsjonell motstandskraft. Eit immunsystem som ifølge far stammar frå Paleo-Kaukasus, utvikla gjennom tusenvis av år, takka vere primitive folkeslag sine primitive spelereglar: halde seg i live og formeire seg. Denne drivkrafta, meinte far, i kombinasjon med meir spesifikke naturressursar, har gjort folket i Kaukasus til verdsmeistrar i å overleve. Og han hadde rett. Eg har undersøkt data frå uavhengige rapportar. Nomadane i Kaukasus lever i grunnen til dei går lei. Nå. Far festa også interesse ved ein kurdar, Aziz Tzengit, som døydde i løpet av fangenskapet, og som far meinte var over hundre år. Denne kurdaren hadde ei eksepsjonelt stor mengde CDceller, alderen tatt i betraktning. Årsaka kan vere ei urt eller ein plante han, og forfedrane hans, åt, eller som feet deira åt, eller mineral i drikkevatnet, eller ein kombinasjon – høyrer du etter? 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 21

Abbeden såg opp. Det halvfulle ouzoglaset hans stod rett framfor han. Han løfta det og tømte det i éin slurk. Litt etter såg han bort på Vasilis og sa: – Eg skjønnar. Måtte Herren vise nåde. Du skal gjere meg arvelaus, med mindre eg gir deg kontantar nok til å bevise at – heidningar frå Kaukasus ikkje bukkar under for tuberkulose? – Du er ein idiot, erklærte broren. Som endeleg hadde tatt fram lommetørkledet. Han tørka seg med kjappe, lette klapp over panna og auga. – Kva pengar er det i tuberkulose? fortsette han. – Eg har funne etterkommarar av Aziz Tzengit. Eit oldebarn. Med seks barn. Eg aktar å bevise at ungane hans ikkje utviklar aids. – Aids? – Du høyrde meg. Prinsippet er det same som amerikanarane bruker mot aldersrelaterte sjukdommar. Parkinson, for eksempel. Gullgruva her er nyrer og thymus – fortrinnsvis frå barn. I dette tilfellet seks kurdarungar med potensielt sterkt nok immunsystem til å ta knekken på HIV-viruset. Og når eg har bevisa, skal eg via kontaktnettet ditt selje eit vedundermiddel i – underverda. Med ein nettopris på rundt ti millionar – pund sterling – høyrer du meg – per dose – høyrde du den? – Skal du bruke barn som forsøksdyr? – Trur du eg sit her og sveittar fordi eg skal ta blodprøver av dei –. No hadde han løyst slipset og knappa opp ein knapp i den kvite silkeskjorta: – Det finst ingen annan måte. Eg er verken den første eller den siste. Det er kurdarar, Nikolaos. Dei er i praksis fritt vilt. Abbeden gøymde ansiktet sitt igjen. – Hadde far høyrt deg no –. – Høyrt kva, at eg trakkar i hans fotspor? – Han var tvinga! Det var krig! 


Smådjevlane ferdig_Layout 1 04.03.14 15.20 Side 22

– Kva veit du og eg om kor tvinga han var? – Og far angra –. Han kunne ha bite tunga av seg. – Fantastisk, Nikolaos! Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv! Slapp av – eg skal også angre, eg lover. Eg skal fjernadoptere eitkvart eller begynne å fostre opp alle lausbikkjene i gatene bak klinikken – haha. – Å, hald kjeft! brølte abbed Nikolaos. Merkeleg nok tagde Vasilis. Abbeden reiste seg og gav seg til å trave rundt i rommet. Han stansa framfor eit enormt portrett av mora, i den fargesterke, klassiske stilen som greske målarar hadde svore til på femtitalet. Ho hadde vore slåande vakker. Han måtte ha høyrt hundre gonger at det var hennar slekt han likna på. Og så var han son av eit taterludder. Likevel kjende han at det verste sjokket hadde lagt seg etter kvart som dei nakne kjensgjerningane trengde seg på. Faren var død. Mora ville følge etter, om ikkje dette året så neste. Det betydde ikkje noko kven han faktisk var. Det som derimot betydde alt, var kven verda trudde han var. Vasilis var ikkje ute etter å lage skandale. Han var ute etter pengane hans. – Du skjønnar vel at dette er eit horribelt sjokk for meg, begynte han sakte, framleis vend mot portrettet. – At du og eg ikkje er brør. At Penelope ikkje er niesa mi. Korleis kan eg interessere meg for – fagfeltet ditt –. – Spar meg for hykleriet, lét det bak ryggen hans. – La oss konsentrere oss om dei forunderlege samanhengane. Den hemmelege kjellaren ti meter under jorda.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Smådjevlane by Det Norske Samlaget - Issuu