A R N E H EN N I NG Å R S K AUG
Utstyrstekstar. Prosa 2015
Skap & Sørg Eksessar om gørra vi ber på Arne Henning Årskaug
Samlaget Oslo 2022
© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no B o k d esign : Magnus Osnes S kri f t : Walbaum og Custodia P apir : 80 g Munken Print Cream 1,8 Try kkeri : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0658-6
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Daa skreik han og grét av Barmen trong, skreik og grét til det vart som Song. Frå Haugtussa av Arne Garborg
Innhald Gjevande & aktivt vaksenliv utan barn 9 Det er ikkje anna å gjere i Førde enn å tenne på ting 15 Vi to i bilen, vi to i verdsrommet 27 Eidis har to elskarar & den eine av dei er deg 35 Eg skal lære deg eit lite knep! 45 Styggevêr eller noko som har med styggevêr å gjere 55 Eit handtrykk er slett ikkje noko å ta lett på! 63 Det eineståande, makelause, praktfulle paret flyttar i hus 71 Eg skal drøse so det dryn! 79 Kva kan vi kjøpe på eit kraulesenter? 87 Fabelaktige forteljingar venene dine har høyrt femhundre gongar før 93 Vi må ta ein liten alvorsdrøs med Mørph 101 Av gnag, oppgulking & gudsjammer. Sunnfjordsk skapingssoge 107 Bruksprosa for bryllaup og avdukingsseremoniar 117
Gjevande & aktivt vaksenliv utan barn
Vi er eit forderva og ufjelgt selskap. Eit selskap med sårleppa stridbukkar, trettekjære krekser og vindvridne krunglebjørker. Eit selskap med krylrygga, kittelkledde signekallar og utlevde, våbønbedande volver. Eit kvassøygd selskap med storskuggar, styggebeist, skjoldlus, subberusker og surkålskrell. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap. Eit betent og brunskimla selskap som mest ser ut som sorpet som er att på ruskefatet etter makrellmiddagen, etter at alt er reinska, etter at all snasken er gnavla av. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, eit sviskekompottslurpande, shepherd’s pie-slafsande, Sissel Solbjørg Bjugn-lesande ormeting. Eit selskap med illsvidde, opprubba kroppar, kroppar med fleire riper i skinnet enn nedrabla rastebord, med meir rabbel på huda enn nedtusja buss-skur, kroppar som er som minnebøker å rekne, ei samling med sundlevde kroppar som ikkje har vore nær såpe sidan Rock Hudson var å sjå på skjermen, ei samling med kroppar sveipte inn av spyfluger og sigarettrøyk, av åndsmørke og åtselstank, kroppar som ber på veneriske sjukdommar som vi enno har til gode å sjå skildra i medisinske fagtidsskrift, på vigorøse kjønnssjukdommar som enno ikkje er kartlagde av legestanden. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap. Eit horribelt og helheimhikande hopehav. Eit surna og syndig syndikat som syslar med allslags sørgjeleg styggeskap. Eit selskap som blæs snottet beint ut på asfalten, eit selskap som spyttar ut skråa i drikkefontener og fuglebad, eit selskap som spenner etter hundar og ikorn som ikkje har gjort oss noko, eit selskap som slaggar til byen vår so ofte vi får sjansen. Vi er eit forderva og 11
ufjelgt selskap, og når vi kjem ramlande ned gata, so torer ikkje vinden anna enn å teie, so torer ikkje trykkluftbora anna enn å tystne, so torer ikkje måsen anna enn å nebbe att. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og når vi kjem ramlande ned gata, so deler vi ut rek-ord og svipeslag til alle som kjem oss for nær, til alle som ber om det utan å vite det. Kvart einaste bær skrik trass alt inst inne om å få lov til å bli sylte. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og dagane våre går med til turing og svir, til å sitje på avdaga utestadar, ete brunsvidd rotisserikylling og drikke drinkar til det er Ibiza i kjeften, drikke drinkar som nærast smakar betre når dei kjem opp att med spya, til å supe skakedrykk til kvar minste lisje styggedom inni oss er blidgjorde og mel som langstrekte, purrande kattar på solvarme steinheller, til vi sig migesprengde av stolane våre og ter oss som feittete femkroningar eller synåler på golvet og det vert uråd å plukke oss opp, dragse oss vekk. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og dagane våre går med til å sitje på kolmørke utestadar med skrånande pissoar fulle av kulehol og kotelettfarga klosett utan toalettsete, til å sitje på utestadar der det dryp rust og skjeggkre frå taket, utestadar med sløve spikrar stikkande ut frå veggane, utestadar med hukrande kasseapparat og morsande neonskilt. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og dagane våre går med til å sitje på saneringsmogne, soppròtne utestadar der lufta er tung og kvæv, tilsulka, gulmygla utestadar som mest luktar som septiktankar og skjemde smådyrkrematorium. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og dagane våre går med til krangling og krapp-prating, til å fortelje kvarandre risper og regler frå sjø og land og by, til å fortelje kvarandre om alle stakkarane, alle toskane og alle travane som har vore uheldige og råka på oss, om alle skipsreiarane, kapitaleigarane, oljekrøsusane, aksjegnassane, børskommissærane, industrimagnatane, investorbiksane, mahogniimportørane 12
og eigedomsmogulane vi har skamslege og rista til krøplingar. Dagane våre går med til å fortelje om kjærleiksgriske gamlekjærastar vi har mura inni veggen for å få dei til å slutte å pipe, om skralhelsa grandonklar vi har forgifta med rottekrut for å få arv, om truskuldige, skalla barndomsvener vi har selt magiske håreliksirar til som slett ikkje har hatt nokon effekt! Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og dagane, kveldane og nettene våre går med til tyning og bratl. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og når vi vaknar opp om morgonen, so hugsar vi sjeldan kven sin heim vi har brote oss inn i for å sove, kvar vi har vore dagen før, so hugsar vi sjeldan kva golv vi har krope på, so hugsar vi sjeldan kven vi har klabba til eller kva lem eller kjønn vi har sutta på. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og når vi vaknar opp om morgonen, lyt vi gjerne pirke ut krot frå neglene våre for å finne ut kva golv vi har krope på, so lyt vi gjerne smake på blodet på knokane for å finne ut kven vi har klabba til, so lyt vi gjerne gugge opp klekser frå halsen for å finne ut kva lem eller kjønn vi har sutta på. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og når vi vaknar opp om morgonen, høyrest vi ut som signalfattige FM-radioar, so høyrest vi ut som døyande epilatorar, so høyrest vi ut som hjelpelause froskar oppflerra og halvtogne i gapet på robotgrasklipparen. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, ein kannibaletande, kadaverskjendande hoggtannbande, eit torande, krapylkvestande hylekor. Eit slarvtunga selskap med smådjevlar, seljekallar, spindelkjerringar, surklekok og skadevêr. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap. Eit selskap som mest ser ut som ei pistasjfarga snytefille det ikkje er hjelp i å kokevaske, som det ikkje er hjelp i å reinske, å få ut gruggen av. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og får du oss i hus, so ter vi oss som kvepsar innsurra i gardin, får du oss i hus, so ter vi oss som avlaupsreins i svelget, som klorutslepp i elva. Vi er eit 13
forderva og ufjelgt selskap, ein ubbeleg og rulten grebbejunta, og får du oss i hus, so les vi internettloggen din medan du er i dusjen, får du oss i hus, so gjenfortel vi ting du har sagt, med flåsete tullestemme når du går ut av rommet, får du oss i hus, so etterliknar vi faktene dine på skjemtande og infantilt vis rett framfor deg. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og får du oss i hus, so snyter vi oss i kjøkkenduken din sjølv om tørkerullen står rett ved sida av, so pissar vi i baderomsvasken din sjølv om doen står rett ved sida av. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, og vi pissar kanskje ut litt blod no og då, men det er so pass lite at det ikkje er nokon grunn til å kave seg opp av den grunn. Vi er eit forderva og ufjelgt selskap, ein rølande og hornsaltdunstande bøvelhorde, og får du oss i hus, skvisar vi ut løyndommar og personlege affærar av alle som kjem oss for nær, av alle som ber om det utan å vite det. Kvar einaste vin skrik trass alt inst inne om å få lov til å bli dekantert. Eg er eit forderva og ufjelgt selskap. Ja, for eg meiner vel helst eg når eg skriv vi. Eg gjer alltid det, det gjer no vel alle, i alle fall vi som berre driv. Eg gjer i alle fall alltid det, og eg klarar ikkje å slutte, klarar ikkje gje meg medan leiken enno er god. Av dåd og draumar vart krota ein laveleg lagnads-vev. Eg er eit forderva og ufjelgt selskap, og eg* har graverande vanskar med å rakle meg gjennom natta på eit skapleg vis. Om du, gode lesar, hadde vore medlem av eit slikt selskap, eit slikt forderva og ufjelgt selskap, om du hadde vore medlem av eit slikt selskap, ville ogso du hatt vanskar med å sove om natta.
*
Eg hikar slik etter eit vi, men eg tek so inderleg gjerne til takke med å verte annektert av eit anna eg.
Det er ikkje anna å gjere i Førde enn å tenne på ting