Bøker av Harald Nortun på Samlaget: Nesten saman. Dikt. 2013 Eksperimentet. Roman. 2015 Blå flaggermus. Roman 2019 Spådama i 7B. Roman 2020
Harald Nortun
Skallen Roman
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslagsillustrasjon: John Jamtli Omslagsdesign: Torill Stranger Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond 13/16 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0629-6
Boka er utgitt med støtte frå Leser søker bok.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Kapittel 1 Eg pakkar klede og sovepose og finn fram fiskestonga. – No går eg! roper eg. – Lykke til! svarer pappa. Han sit i sofaen og speler nettsjakk, som alltid på laurdag ettermiddag. Forstod han at eg bløffa? Han kan sjå meg frå kjøkkenglaset. Eg snur meg ikkje, går ned vegen, rundar nabohuset og er ute av syne. Vegen går inn i skogen. Sola stråler ned mellom furuene, det luktar kvae og lyng. Ein smal grusveg tek av mot fjellet. Langvatnet, står det på skiltet. Her skal vi møtast. Eg plystrar signalet vårt, det skal likne ei kjøttmeis: Ti-ti tu! Men eg får ikkje svar.
5
Har noko gått gale? – Ben? roper eg lågt. – Ben? Og no svarer han: – Hei, Erik! Ben kjem ut av skogen med sekk på ryggen og fiskestong i handa. – Er du klar for storfisk? spør Ben. Han viser ein meter med hendene. – Er du klar for bjørn og ulv? spør eg. – Er du klar for gjenferd og zombiar? ler Ben. Han fektar med fiskestonga som våpen. – Du har gama for mykje! svarer eg. – Og du har sett for mykje Lars Monsen! seier Ben med eit smil. Vi gir kvarandre high five. – Gjekk det bra heime? spør eg. – Heilt etter planen, svarer Ben. – Eg sa at vi skal til fjorden, fiske og ligge i telt, akkurat som før. Det same har eg sagt til pappa. Eg og Ben har sove i telt tre netter i sommar, nede ved fjorden, der elva renn ut. Men no skal vi inn i villmarka, til Reinsvatnet. Vi har spurt om å få overnatte der før, men aldri fått lov. Så no spør vi ikkje.
6
Reinsvatnet har dårleg rykte i dalen vår. Fjella er bratte og farlege. Det går snøras om vinteren og steinras om sommaren. Ingen veit at vi skal dit. Turen er som eit hemmeleg oppdrag, ein ekspedisjon inn i det ukjente. Vi går fort oppover skogsvegen, ein bil kjem nedover mot oss. – Sei at vi skal til Langvatnet! seier eg. Heldigvis er det ingen frå dalen, det er ein utanlandsk bubil. Skiltet har eit blått felt med ein ring av stjerner og bokstavane DK. Turistar frå Danmark, ingen vi kjenner. Vi fortset opp den bratte vegen. Sola steiker i nakken, eg snur kapsen bak fram. Skogen er tynnare i høgda, frå ein sving ser vi ned i dalen. Husa liknar små terningar og klossar. Elva slynger seg mellom hus og gardar, forbi skolen og ned til fjorden. Der nede trur foreldra våre at vi er no.
7
Etter ein time med bratte oppoverbakkar kjem vi til enden av vegen. Her kan turfolk snu bilen og parkere. Ein brei sti fortset innover fjellet, og eit skilt viser kor turen går. «Langvatnet 2 km», står det, med ein fisk rissa inn. Men det finst ein skjult sti, utan skilt, gjengrodd av bjørk og gras. Stien mot Reinsvatnet. Den følgjer vi. Berre sauer har gått her før oss, dei små klauvene har sett spor i søla. Vi ser ingen avtrykk av sko. – Ingen har gått her på lenge, seier eg. – Vi får Reinsvatnet for oss sjølv. – Saman med røvaren, seier Ben. Det høyrest nesten ut som han meiner det. Prøver han å skremme meg? Vi har høyrt segna sidan vi var små. Ein røvar gøymde seg ved Reinsvatnet. Han skremte vekk alle som kom dit. Mange seier at gjenferdet hans jagar folk enno.
8
Segna om røvaren gjer det ekstra spennande å ligge i telt ved Reinsvatnet. – Han levde av sauer som han fanga, seier Ben. – Og av fisk frå Reinsvatnet, seier eg. – Litt rart at ingen frå dalen fiskar der lenger. – Det er bratt og langt å gå, seier Ben. – Og fare for ras, legg eg til. – Og fare for gjenferd, seier Ben. – Skjerpings! seier eg. – Gjenferdet er ein bløff frå folk som vil ha fisken for seg sjølv. Stien er bratt og krokete. Eg blir varm og sveitt på ryggen, sekken blir liksom tyngre og tyngre, og stroppane gneg mot skuldrene. Ein sverm av fluger surrar rundt oss. – Skal vi sjekke kartet? Ben pustar alltid tungt når han blir sliten, no treng han visst ein pause. – Sikkert lurt, seier eg og tek av meg sekken. Eg finn flaska mi og drikk vatn, brettar ut kartet og peiker. – Her står vi. Snart kjem vi til Tverrbekken. Der går stien nedover, men vi skal oppover.
9
Vi skal følgje bekken opp på Gråfjellet, og bak Gråfjellet ligg Reinsvatnet. Vi heiser sekkene på ryggen og går vidare. På kartet ser turen lett ut, det er berre å gå rett fram, men Gråfjellet er høgt og bratt. Ein gymtime er ingenting mot dette. – Til og med Lars Monsen kviler! Ben pustar tungt igjen. Han stoppar og dreg opp mobilen. – Er det dekning her? spør eg. – To strekar, smiler han lurt. – Eg har fått melding frå mamma. Eg svarer at vi er ved fjorden. At vi har sett opp teltet og skal fiske. Vi fortset opp den bratte fjellsida og kjem endeleg til toppen. Framfor oss ligg ein trong dal med eit langt og smalt fjellvatn. – Reinsvatnet, seier Ben, – 895 meter over havet, fullt av fisk, og alt er berre vårt!
10
Bratte fjell stikk opp på alle kantar, med spor av ras fleire stader. Dette er ingen stad for koselege familieturar. Ikkje rart at Reinsvatnet har dårleg rykte. Ei velkjent lukt stikk i nasen. Det er lukta av brent ved. – Kjenn, seier eg. – Luktar det bål her? Ben snuser ut i lufta. – Trur det, seier han. – Er det folk her? Eg trudde ingen brukte å dra hit? Vinden kjem opp frå Reinsvatnet, men vi ser ingen røyk og ingen folk. – Kanskje turistane i bubilen har vore her, foreslår eg. – Og gløymt å sløkke bålet? Ben ristar på hovudet: – Dei har ikkje gått på stien i alle fall, der var det berre sauespor. – Tenk om det er Vandraren? seier eg. – Han som bryt seg inn i hytter, stel mat og drikk seg full.
11
– Vandraren er daud for lenge sidan, seier Ben. – Eg trur heller det er røvaren. – Han er daud for tre hundre år sidan, ler eg. Brått høyrer vi eit skrik. Ein stor rovfugl sirklar over oss. Fuglen skrik igjen, langt og klagande. Det er ein fjellvåk. No er vi i villmarka. Vi klatrar ned mot Reinsvatnet. Det finst ingen sti, berre glatte berg som er livsfarlege når det er vått. Digre steinar ligg langs fjella og vatnet. Nokre steinar er gamle og mosegrodde, andre ser ut som dei rulla ned i natt. Vi finn ei lita slette ved vatnet og slår leir. Rundt sletta veks det busker og fjellbjørk, og bak skyt bratte bergvegger opp. Vi set opp teltet på rekordtid og finn fram maten. Eit par skiver med Nugatti smaker fantastisk etter timar med tung sekk på ryggen. Mens vi et, monterer vi fiskestengene og finn fram boksen med krokane.
12
– Sluk eller spinnar? spør Ben. – Har trua på Panther Martin, svarer eg og tek opp den gullfarga spinnaren. – Eg prøver Mepps Black Fury, seier Ben. Ben henger fiskekniven i beltet, ein skarp kniv med langt, smalt blad. Vi går ned til vasskanten. Reinsvatnet er klart og blankt, små bølgjer klukkar mot steinane. Eg kastar ut, sena glir ut av snella, spinnaren treffer vatnet med eit lite plopp. Eg lèt han søkke og sveiver sakte inn. Var det eit napp? Eller ein stein på botnen? Eg kastar ut på nytt, sveiver inn. Den gullblanke spinnaren glitrar i vatnet, blir ikkje auren freista snart? – Sjå hit! Eg snur meg fort. Ben står med mobilen og tek bilde av meg. – Ser eg teit ut? Ta eit nytt! Eg gliser og viser tommel opp, og Ben tek bilde. – Supert! seier Ben. – Viss det var dekning her, skulle vi sendt bildet til klassen.
13
– Det einaste som manglar, er fisk, seier eg. – Og røvaren, seier Ben. Det er minst tredje gong han nemner gjenferdet. Prøver han å skremme meg? Eller er han redd sjølv? Vi står lenge og fiskar utan napp, og sola forsvinn bak grå skyer. Vinden stilnar. Myggen summar og stikk overalt der han finn hud. Sommaren er snart slutt her på fjellet, bjørkeblada begynner å bli gule. Nettene blir mørkare, kvelden kjem tidleg. Fisken bit ofte bra i skumringa, så eg kastar ut spinnaren ein gong til. Då kjenner eg lukta att. Den same lukta som tidlegare. Lukta av røyk. Av bål. Av brent ved. Har lukta vore her heile tida? Eller er det innbilling? Ei uro veks fram i meg. Ei kjensle av at nokon ser oss. Står det nokon bak ryggen min?
14
Eg snur meg og sjekkar. Rundt vatnet veks fjellbjørk og eine, og det ligg store steinar overalt. Det er lett å gøyme seg og spionere. – Erik, roper Ben igjen og ler. – Veit du kvifor ingen fiskar i Reinsvatnet? Det einaste som bit, er myggen! – Ha ha! Vi prøver igjen i morgon tidleg, seier eg og sveiver inn for siste gong. Det er nesten mørkt og på tide å legge seg. Vi går mot teltet. – Skal berre på do! Ben går bak nokre tette busker, og eg går bak ein diger stein. Då kjenner eg det igjen, endå sterkare, ei tydeleg lukt av bål og brent ved. Eg gjer meg ferdig og kikkar meg rundt. Og der er beviset. Eg har hatt rett heile tida. – Ben, roper eg, – kom hit! Det knekk i kvister bak meg, Ben brøyter seg gjennom buskene.
15