Skip to main content

Sju dagar i august

Page 1

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 1

1


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 3

Brit Bildøen

SJU DAGAR I AUGUST Roman

Samlaget Oslo 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 32


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 5




Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 6


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 7

Sofie stod og studerte stova gjennom eit grønt glas med stett da Otto ropte frå kjøkkenet. Han ville ha henne til å dekke bordet. Otto likte best dei vanlege blanke glasa, han syntest dei grøne blei for små, men Sofie hadde glede av å finne fram det gamle arvegodset. Glasa gjorde seg godt på bordet, og vinen smakte annleis i dei. Kvar slurk gjord meir dyrebar. Stova kom bølgjande grønt gjennom vinglaset. Ho heldt på å miste balansen, sette det frå seg. Otto ropte igjen. – Det er klart! ropte ho tilbake. Dei trekte ut stolane sine på likt. Otto hadde dandert torsk og potetstappe rett på tallerkenane, med strimlar av sylta paprika som raude arr over torskefiletane. Fisken like kvit som porselenet, stappa gul av smør. – Når begynner det? spurde Otto. – Åtte, sa Sofie. – Men eg har slett ikkje lyst. – Lyst? Det er vel ikkje snakk om det, akkurat? – Nei, eg må vel gå. – Må du eller må du ikkje? – Eg må. – Du veit, eg har ikkje spesielt lyst til å gå, eg heller. – Det vil bli tatt som ein demonstrasjon om eg ikkje er der. 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 8

Sofie rørte i stappa med gaffelen, så tok ho seg liksom på tak og førte maten opp til munnen. – Kva er det på armen din? Sofie såg spørjande på Otto. Så såg ho ned. Rundt det venstre handleddet hadde ho eit breitt armband i tre. Ho flytta det opp på armen. – Å, det er eit eller anna insektstikk. – Det er ikkje eit flåttbitt, da? Det ser ikkje bra ut. Kanskje du må gå og få det sjekka. – Det er berre fordi eg har drive og klødd meg. Eg har reinsa det, hevelsen går nok snart ned. Otto sukka, men sa ikkje meir. Ein skramlande lyd kom nede frå gata. Verandadøra stod på gløtt og sleppte inn luft og lyd. Saman med lufta kom gatestøvet, som la seg som ein tynn, grå film på bilderammer og bøker. Men han sette pris på dette, at det ikkje var tette skott mellom livet bak dei kvitmåla veggane dekte av kunstverk og det brokete livet ute på gata. To år etter at dei hadde flytta inn, kjøpte dei loftet og innreidde det. Otto kunne enno kjenne dette arbeidet som ein lykkeleg verk i musklane. Han og Sofie brukte å seie at dei hadde valt strøket fordi det var livleg, og fordi det budde all slags folk der. Andre ville seie at det var eit multikulturelt strøk, men Otto var forsiktig med å bruke slike ord. Han irriterte seg over at Sofie iblant brukte eit uttrykk ho hadde snappa opp frå ei velståande dame på eitt eller anna kunstarrangement: «Samfunnets kvist». Sidan ho ikkje brydde seg med å forklare samanhengen, var det sjeldan folk tok spøken. Mange trudde vel ikkje at Sofie kunne spøke i det heile tatt. Dama meinte nok å seie at ho hadde hamna på 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 9

«den grønne gren», da ho karakteriserte seg sjølv som ein av dei privilegerte. Her vi bur, høgt oppe under himmelen, med utsikt over byens tak, kjenner vi at vi er blant dei heldige på samfunnets kvist, kunne Sofie seie når ho viste gjester rundt i husværet. Og ho kunne finne på å legge til: Om vi framleis hadde budd på vestkanten, ville vi følt oss meir midt på treet. Ho såg ikkje ut til å merke dei undersøkande blikka ho fekk når ho sa slike ting. Men Otto la merke til dei. – Det verkar som det er meir gjennomgangstrafikk her no, sa Sofie. – Mykje av det er anleggstrafikk. Det blir nok betre når dei er ferdige med den nye blokka. – Lunden. Har du ikkje fått med deg at dei kallar det Lunden? Ikkje noko som heiter blokk eller bygard lenger. Det er lundar og hagebyar og townhouses. – Gjerne for meg, sa Otto og trekte på skuldrene. Sofie gjekk for å ta på seg ein av kjolane ho brukte på utstillingsopningar. Otto følgde etter henne opp på soverommet for å skifte skjorte. Ho stod framfor det opne skapet og studerte rada med svarte kjolar. Kor mange kunne det vere? Kva prinsipp valde ho dei ut etter? For Otto såg alle kjolane like ut. – Du føler at du må gå fordi det er Karin, sa han mens han hjelpte henne med glidelåsen bak. Han likte måten ho heldt håret opp på, så det ikkje skulle setje seg fast i låsen. Det kom ei tørr lukt frå nakken hennar. Solvarm stein. – Det er faktisk mi avdeling! Men ja, det er Karin sin idé med denne liksom-føropninga. Alle trur at dei har 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 10

fått eksklusiv invitasjon, eller at dei har komme inn på gjestelista via kontaktane sine. Dei kjem til å bli sure når dei oppdagar at absolutt alle andre er der også. – Da kan eg i det minste sjå fram til å studere ansikta til publikum i det dei kjem inn. – Fotografia er flotte, sa Sofie. – Og eit par av videoane er faktisk heilt … – Det blir vel ingen sjanse til å få sett noko som helst når det kjem så masse folk, avbraut Otto. Han gjekk ned på kjøkkenet og laga kaffi til dei. Brillene hans dogga da han blåste ned i koppen sin. – Depp skal spele. Sofie drog ut krakken ved sida av han. – Og det seier du først no? – Enda eit av påfunna hennar, mumla Sofie ned i kaffikoppen. Han hadde tatt dei gule mokkakoppane. – Dei er jo fabelaktige! Du har ikkje akkurat reklamert for denne kvelden, men dette høyrest da riktig bra ut. Kva med kunstnaren sjølv? Ho er jo ein riktig villkatt. Blir det skandalar? – Du tenker på da ho … – Beit kulturministeren! lo han. – Snakk om å bite handa som gir deg mat. Sofie rista langsamt på hovudet. Otto stirte interessert på henne. – Det er ikkje slik, da, at du er redd for at det blir ein suksess? Slik at Karin kan innkassere enda fleire poeng? Ho stirte utfordrande tilbake. – Karin må gjerne ha all den suksess ho vil, berre ho ikkje bruker triumfane sine til å presse meg. Det er det eg er redd for. Eg er så lei av intrigar, så inderleg trøytt av det! 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 11

Otto klappa henne på ryggen. Sofie rista handa av seg. – No må vi gå. Oppgangen låg i halvmørke. Det var sjeldan nokon gadd å skru i nye lyspærer, sjølv om bebuarane var pålagde å skifte i sin eigen etasje. Otto tok ein stor sving utanom søppelposen som låg slengd utanfor døra i etasjen under dei. Sofie kunne ikkje dy seg, men gav posen eit lett spark, noko som resulterte i at kaffigrut rann ut og ned på dørmatta. – Heldig med den, sa Otto. Dei hadde dårleg tid og bestemte seg for å ta syklane. Sofie oppdaga fort at det ikkje var vidare praktisk å sykle med kjolen ho hadde valt. Den var litt vel kort, men sidan det stort sett var nedoverbakke til museet, fekk ho prøve å trille med knea pent samla. Da dei flytta inn i Jens Bjelkes gate sju år tidlegare, hadde arbeidsplassen hennar lege berre tre minutts spasertur unna. Ho hadde begynt å jobbe på museet nesten samtidig med at dei flytta til Tøyen. Det kjendest lenge sidan, som i eit anna liv. Det var eit anna liv. Dei siste åra hadde området endra seg, men det var ikkje så lett å setje fingeren på akkurat kva som hadde skjedd. Kanskje var det dei som etter kvart såg ting annleis. Eit visst forfall hadde det alltid vore, det var ikkje akkurat noko nytt at det blåste papir og plast rundt i gatene, at folk køyrde som villmenn eller kryssa gata utan å sjå seg for. Når ho sykla ned Tøyengata, måtte ho alltid ha eit auge på kvar finger. Og ganske riktig, der skar nokon ut rett framfor henne. Sofie hogg 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 12

i begge bremsene, og det kom ein skrensande lyd frå bakdekket. Ein hengslete unggut i raud T-skjorte sende henne eit forskrekka blikk som straks endra seg til noko anna. Han sa eitkvart til henne, som ei knurring, ein lyd frå langt nede i halsen. Han skaut fram haka og dunka handa i sykkelstyret. Så gjekk han vidare. Sofie hadde sett begge føtene i bakken, no begynte dei å dirre. Ei klynge med menn som nettopp hadde stått og diskutert høglydt, stod tause og såg på henne. Det var noko i desse ansikta, noko avventande, Sofie klarte ikkje tolke dei. Ho fann ei trøe med eine foten og sparka frå med den andre, fekk trakka seg i gang, vingla vidare. Otto hadde ikkje fått med seg kva som skjedde, han var alt over krysset der ho måtte stoppe på raudt. Ho såg så vidt ryggen hans lenger borti gata. Da ho nådde han att, stod han og venta ved brua. – Er det kjolen som hemmar deg? – Nei, det er desse fandens folka som berre går rett ut i gata, som om det ligg ein usynleg raud løpar framfor dei kvar enn dei går. Eg heldt på å køyre ned ein, og det er ikkje første gongen. – Så, så. – Kjolen, sa ho, og stemma hennar sprakk. – Kjolen er da verkeleg det minste problemet. – Beklagar at eg ikkje venta på deg, sa Otto. Ho pusta djupt inn og sa: – Greitt. Så såg ho på klokka. – No er den åtte. – Vi er der snart, sa han.


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 13

 Glasfasaden på museet hadde tatt på seg ein matt sølvfarge i den lumre augustkvelden. Frå brua såg det ut som om bygget lente seg ut over sjøen. Da dei kom nærare, retta det seg til dels opp. Over inngangspartiet hang eit banner med jordfarga bokstavar. Ein måtte komme ganske nær for å klare å lese kva som stod der. GLOOMY NORWAY. Og så namnet på kunstnaren, Jenny Wegelmann. Dette var den første av fleire utstillingar der norske kunstnarar hadde fått i oppdrag å vidareføre motiv frå Munchs kunst. Jenny Wegelmann hadde gått inn i det bleike og mørke. Tungsinnet. Tussmørket. Ho var fotograf, og viste stillbilde med aude, snødekte skogsvegar, iblant med spor etter menneske og køyretøy. Videofilmane hennar var frå parkallear i grålysinga, med eitt og anna menneske hastande forbi, utviska ansiktstrekk. Det var dystert så det heldt. Juryen hadde elska det. Sofie likte denne utstillinga, men hadde vore skeptisk til sjølve konseptet. Den første serien av utstillingar hadde fått tittelen «Melankoli i vår tid». Klamt, meinte Sofie. Lettvint. Overflatisk. Rett og slett flautt å sende ut ei slik bestilling til norske kunstnarar. Men ho var 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 14

den einaste i organisasjonen som hadde stilt kritiske spørsmål, og dei siste dagane hadde pågangen frå norske og utanlandske journalistar vore eventyrleg. No var det uansett Karin sitt bord. Dei såg henne med det same dei kom inn. Eit utropsteikn med raud kjole. Alt på Karin stod liksom på høgkant, kinnbeina, skuldrene, hoftene, dei brune knea som vistest under kjolen. Ho var radmager utan å sjå usunn ut, og no kom ho mot dei med smidige rørsler, begge armane framstrekte. Ho kyssa Sofie på begge kinn, som om dei ikkje såg kvarandre kvar dag. Otto fekk same behandling, og ein kompliment: – Stilig skjorte! – Takk. Det er sjølvsagt Sofie som … Skjorta hans var bleikblå, nesten sølvaktig. Blikket til Karin vandra fort vekk frå dei og vidare ut i lokalet. Ho stod og småtrippa. Det var noko Otto hadde sagt om henne, Sofie hugsa ikkje akkurat kva det var, men ho hadde ikkje gløymt det heller. Noko om at ho var vakker og frekk slik berre Bergens-jenter kan vere det. Sofie hadde aldri vore sjalu på Karin, ho trudde ikkje Otto var tiltrekt av henne på den måten, sjølv om han meir enn ein gong hadde prisa dei høge kinnbeina hennar. Irriterande høge, tenkte Sofie no, ho såg at Karin hadde framheva dei kraftig med rouge. – Det må eg seie, Karin. Alle er her! – Ja, dette er verkeleg over all forventning. Karin sende dei eit slengkyss og forsvann. Sofie såg langt etter henne. Gjest i eige hus. Ho visste ikkje om ho hadde sagt det, eller berre tenkt det. Otto helste på nokre journalistar som stod i ei klynge. Ein av dei helste slapt tilbake 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 15

med handa. Han prøvde sikkert å sjå nonchalant ut. På grensa til livstrøytt. – Dei unge døde, mumla Otto. – Dei gamle unge. Er ikkje dette generasjonen som skulle representere den nye inderlegheita? – Dei er i alle fall inderleg trøytte. – Dei skjønar det no. – Kva da? – At Karin har lurt dei. – Vel, dei ser ikkje opprørte ut, akkurat. Sofie kjende seg med eitt heilt inn i mergen sliten. Menneskemuren såg ugjennomtrengeleg ut. Stemmesurret klang hardt i dei nye og sterile lokala. Heldigvis var det ei lita luke borte ved drikkevarene, ei ung jente stod klar til å skjenke i glasa. Den første slurken kilte Sofie i nasen. Så la ei varm og klam hand seg på den nakne armen hennar. – Hei, sjef. Det var Åsmund i den rutete skjorta. Alltid rutete langerma skjorte, uansett anledning. Han var den av konservatorane ho hadde best kontakt med. Og i tillegg til å vere ein ertekrok var han ein av dei få på museet som ikkje oppførte seg annleis mot henne etter at ho blei sjef for avdelinga med ansvar for utstilling og samling. Enno, fleire månader etter, gjorde folk eit nummer av utnemninga. Det fekk Sofie til å mistenke at dei var ironiske i sine kommentarar og lykkeønskingar. Men Åsmund var ein av dei som såg folk inn i auga. Sofie kom ikkje på nokon fiks replikk til svar, så ho berre nikka og heva glaset. – Ja, her er alle glade. Åsmund gjorde ei sveipande rørsle utover i lokalet. 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 16

– Verkeleg? Ja, men da får vel vi òg vere glade. Åsmund førte glaset sitt mot hennar, klinka så vidt borti det og blunka. – For Edvard. – For Edvard, svara ho alvorleg. Han er på mi side, tenkte ho, men blei straks i tvil igjen. – Til og med kulturministeren ser ut til å vere i godlune. – Kulturministeren? Er kulturministeren her? Åsmund nikka og peika. Sofie såg han ikkje med det same, men ho såg ryggen til Otto, han gjekk for seg sjølv og studerte utstillinga. Ho hadde ikkje eingong lagt merke til at han hadde gått av stad på eiga hand. Han stod framfor eit enormt fotografi av eit lass med tømmerstokkar som låg ved ein snødekt skogsveg. Snittflata på tømmeret lyste opp bildet på ein måte som fekk snøen til å verke grå. At tre kunne ha så mykje lys i seg. Otto tenkte på sakspapira som venta på han heime, den forbaska Ullern-saka, han verkte etter å bli ferdig, i alle fall få ei viss oversikt. Ferdige blei visst desse sakene aldri. Da han gjekk forbi kulturministeren, utveksla dei korte nikk. Sofie hadde ikkje sagt noko om at han skulle vere til stades på opninga. Otto snudde seg og såg etter kona si. Ho stod framleis og snakka med denne medarbeidaren som han ikkje klarte å hugse namnet på. Var det Asgeir? Åsgeir? Sofie såg lita ut ved sida av han. Ho stod og vrei på armbandet sitt. Det var typisk henne å fingre med smykka sine når ho var nervøs. Otto brukte å irritere seg over korleis ho vrei på gifteringen når ho snakka med folk. Det såg ut som ho prøvde å skru seg sjølv ned i bakken. 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 17

Sofie merka at ho dreiv og klødde på bittet under armbandet. Åsmund la også merke til det. – Myggstikk? spurde han. Ho skulle til å seie noko, men tok seg i det. Ho nikka berre og prøvde å plassere armbandet slik at det ikkje blei liggande og gnage mot bittet. Hadde Karin invitert kulturministeren utan å informere henne? Skulle han seie noko? Den offisielle opninga var da i morgon. Sofie hadde Karin i siktet heile tida. Ho tråkla seg smidig gjennom menneskemengda, ein raud tråd som snurpa dei forskjellige gruppene med folk saman. Karin må ha lagt merke til blikket, for brått sette ho kursen mot den trygge sona Sofie hadde etablert der i ytterkanten saman med Åsmund. Sofie begynte å fikle med armbandet igjen. Karin bøygde seg fram mot øyret hennar. – Når det gjeld kulturministeren … – Eg visste ikkje at han skulle komme. – Ikkje eg heller, før i ettermiddag. Men viss han ber om å få ordet … Sofie rynka panna, men nikka, og ikkje lenge etter stod Karin oppe på det kvite, portable podiet som såg ut til å sveve lett over golvet, som eit magisk teppe. Inga kremting eller kakking i mikrofonen, Karin gjekk rett på. Sofie høyrde at publikum humra velvillig, og tenkte på den første medarbeidarsamtalen deira etter at ho hadde blitt avdelingssjef. Karin hadde uttrykt glede over å få lov til å jobbe direkte med utstillingane og publikum, og gjorde det dermed vrient for Sofie å ta opp det vanskelegaste temaet mellom dei. Ho var ikkje i tvil om at Karin kjende seg forbigått. Det var heller ikkje tvil om at fleire av dei som hadde jobba i museet ei stund, meinte at den 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 18

lange fartstida til Karin burde vege tyngre enn forskingsarbeidet og den solide publiseringslista til Sofie. – Og som ei overrasking vil kulturministeren komme med ei helsing, avslutta Karin og tok eit par skritt til sides. Ministeren bar på ein bukett høge, mørkeraude gladiolar, og vakla lett da han hadde komme seg opp på podiet. Karin fridde han raskt frå blomstrane. – Ja, det er vel overraskande at eg vågar meg fram med ei helsing til denne kunstnaren, etter det som skjedde med min forgjengar, begynte ministeren, til latter og hoiing frå publikum. – Men sidan dette er eit spesielt høve, tar eg sjansen, heldt han fram mens han blunka nervøst og fann fram ein lapp frå innerlomma på den grå dressen. Sofie tenkte at han såg litt ut som ein blomster sjølv, aller mest kunne han minne om ein tulipan, aleine i ein glasvase: tynn kropp, tungt, vippande hovud. Talen hans gjorde henne glad. Det var ikkje det vanlege ministerpreiket, ikkje noko forsøk på å ta æra for at museet no endeleg stod der, men ein tale om Munch-arven, som ofte hadde blitt sett på som ei altfor tung bør for eit lite land og ein liten hovudstad å bere. Vi, og da meiner eg først og fremst politikarane, sa kulturministeren, har hatt ein tendens til å sjå problema og ikkje mogelegheitene. Vi ser kostnadene før vi ser det kostelege. Men sjå her, sa kulturministeren og peika rundt seg, sjå kva dette viktige kunstnarskapet har avla, korleis det har inspirert og forma ikkje berre generasjonar av kunstnarar, men også oss som folk, slik det gir eit tidlaust uttrykk for livskjensla vår, livsvilkåra til folket som lever her oppe i nord: kulda, sjukdommane, striden – men også sola, lyset om somma


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 19

ren, det lysande i snøen, det lysande i natta, lyset frå ansikta våre, sa kulturministeren, og publikum var blitt stille, folk stod og såg rundt seg, fotografia til Wegelmann glødde, skimra på veggane rundt dei. Sofie kasta eit sideblikk bort på Åsmund, som stod og tromma på vinglaset sitt. Han fanga blikket hennar og nikka sakte. Så steig Jenny Wegelmann opp på podiet. Det kvite håret stritta som vanleg til alle kantar, skinnjakka var også kvit, og auga så sminka at dei såg ut som to svarte brønnar i det bleike ansiktet. Ho såg slett ikkje ufarleg ut. Og publikum fekk meir enn dei hadde våga å håpe på. Kulturministeren fekk tilbake buketten, og sidan han var eit heilt hovud høgare enn kunstnaren, måtte han bøye seg ned for å overrekke henne blomstrane. Da greip ho rundt hovudet hans med begge hender og gav han eit kyss på munnen, eit langt, sugande kyss. Han heldt buketten med begge hender, og kunne ingen ting anna gjere enn å skyve henne bort med den. I det kulturministeren prøvde å vri seg unna grepet til Jenny Wegelmann, såg det ut som han ville stikke ut auga hennar med gladiolar. Ein blits gjekk av der framme, og lyste opp ansikta deira. Kulturministeren kom seg ned frå podiet i ein fart, og kunstnaren gøymde ansiktet bak blomstrane. Fleire av gladiolane hadde knekt i basketaket. Sofie brøyta seg fram i den urolege menneskemengda, ville finne kulturministeren, be om unnskyldning, rydde opp. Takke for den eineståande talen som denne vesle kunstnarrebellen no hadde sørgd for at ikkje ein kjeft kom til å hugse. Men han var på veg ut døra saman med ein annan dresskledd mann. Sofie sprang rett på ein av informasjonsmedarbeidarane 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 20

hans, ei ung glatthåra kvinne som ho ikkje hugsa namnet på, og som stod og krangla med ein journalist. – Eit uhyre billig pr-triks, slengde ho mot Sofie. Og snudde seg mot journalisten igjen. – De kan ikkje la dykk bruke på denne måten … Dette er eit reint reklamestunt! Journalisten såg overberande på informasjonsmedarbeidaren og kasta så eit blikk på mobilen sin. – Og eit vellykka eit i så måte. Det er allereie ute på nett, opplyste han og gjekk mot utgangen. Der ute kunne Sofie sjå at den svarte bilen alt hadde rulla fram og slukt kulturministeren. Ho slo ut med armane: – Vel, han kom hit på eige initiativ. Den glatthåra kvinna såg ein augeblink forfjamsa ut, så snurpa ho munnen saman, snudde på hælen og forsvann etter følgjet sitt. Sofie hutra og klemde rundt armane sine, sjølv om det ikkje var kaldt. Ho gjekk innover i lokalet igjen. På podiet dreiv tre svartkledde jenter og rigga seg til med keyboard, gitar og kontrabass. Like attmed registrerte ho at Karin stod i ei lita klynge saman med Jenny Wegelmann, leiaren for juryen og eit par journalistar. Otto stod på den andre sida av scena og såg Sofie nærme seg. Så gåtefullt vakker, med det vesle halvsmilet ho alltid gøymde seg bak. Ein rafaelsk venleik, hadde Karin kalla det. Ho var på veg bort mot han, men så begynte Depp på den første av dei seige, mørke låtane sine, og det tetna til rundt podiet. Bandet hadde spesialisert seg på kjende hitlåtar som dei spela så langsamt at alle høyrdest nesten like ut. I alle fall like depressive. Otto fekk auge på Karin og viste tommelen opp. Ho sende 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 21

han eit strålande smil. Dette var tydelegvis hennar kveld. Sofie orka ikkje å trenge seg fram, ho snudde og gjekk attover i lokalet, til bordet med drikkevarene. Jenta som hadde servert, var borte, Åsmund var heller ikkje å sjå. Den musserande vinen var blitt doven. Musikken høyrdest ullen ut så langt bak, rumling frå tomme tønner. For dei som var til stades, hadde dette vore ei strålande førestilling. Sofie visste at Karin, og resten av staben med henne, ville konkludere med at museet ikkje kunne fått ein betre start på den nye satsinga. Eit skandaløst kyss, ein kunstnar i fri dressur, ein audmjuka minister, framsidene i dei få gjenverande papiravisene. Var det berre ho som syntest at det var uverdig? Sofie kjende murringa i korsryggen, strålinga ut i hoftene. Ei gammal smerte vekt til live. Kroppen truga med å gå i lås. Det var noko med denne hendinga som plaga henne. Det tvingande, sugande kysset. Eit vampyrkyss. Ho vende ryggen til festen, fann fram nøkkelkortet frå veska og låste seg vidare inn i museet. Rulletrappene stod, så ho tok heisen, og steig ut i utstillingsområdet i åttande etasje. Det var som å komme inn i ein boks, tom for lyd og inntrykk. Sofie vandra sakte gjennom salane utan å stoppe opp ved eit einaste av måleria. Ho såg dei på ein måte ho ikkje hadde sett dei før; dei rann forbi henne i ein straum av fargar og flekkar, brokkar av livskatastrofar. Sår hoste, pipande pust, feberblanke auge. Bleik hud og vakre kjolar som berre ei kort stund ville skjule nedbrytinga, oppløysinga, lukta av død. Det vakre og sanninga i eitt og same måleri, i kvart einaste måleri, det er dette som er det store, tenkte Sofie og heldt fram med å gå. Skjønnheit 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 22

og sanning kan vere det same, det er da det blir kunst. Det er dette vi jobbar med, det er viktig å halde fast ved, sa ho til seg sjølv der ho gjekk gjennom salane og gløymde tida, gløymde ubehaget ved kysset for ei stund. Ho prøvde å forklare det for Otto på veg heim. Dei gjekk og leidde syklane. Det var ikkje heilt mørkt, men gatelyktene var tende og heldt den tunge og blåsvarte himmelen oppe som ein teltduk over dei. Det var nesten ingen trafikk på vegen som gjekk opp bak Politihuset. Sofie valde sjeldan denne ruta når ho gjekk aleine. – Alt blir berre så … flatt. Når det som betyr noko, heile tida kjem i skuggen av skandalane og kjendiseriet og kultdyrkinga. Her prøvde ministeren å seie noko vektig om kunsten, og så … ja, det er til og med kunstnaren sjølv som saboterer … det er nesten ikkje til å tru! – Det er framleis slik at all merksemd er god merksemd. – Og til kva pris? Popularisere, gjere alt så smått og tabloid som råd, fri til dei lågaste instinkta, heile tida. Vi kjem aldri ut av det middelmåtige. Og kvifor det? Fordi ingen vil ut av det. Ikkje eingong folk som jobbar med ein av dei største kunstnarane som har levd, vil ut av det. Alle er så livredde for å bli stempla som elitistiske. Det er liksom det verste … – Du er prega av arbeidsforholda, sa Otto. – Du ser alt i det lyset. – Sikkert. – Karin og dei andre vil heilt sikkert meine at denne vesle skandalen gagnar museet. Men la dei no gjere det, da. Pick your fights! 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 23

– Og det seier du. – Kva meiner du? – Nei, eg meiner ikkje noko anna enn at du ser ut til å gå inn i kvar bidige kamp sjølv. Liten eller stor. Som det med Ullern. – Det er faktisk ei svært vanskeleg sak. – Der ser du. Sukket hans. Gjennom lyden av stega deira, dei lette slaga av dressjakka hans mot sykkelbjølla, kverninga frå -bussen i Grønlandsleiret. Eit slikt sukk betydde at diskusjonen var slutt. Det betydde at han følte at han ikkje kom nokon veg med henne. Han høyrde sukket sjølv og angra seg. Dei hadde hatt tallause diskusjonar om denne sukkinga. – Men for all del, skunda han seg å seie. – Det er du som må fronte dette. Eg skjønar at det er irriterande. Ho svara ikkje. Dei passerte den indiske restauranten som hadde vore stamplassen deira dei første åra. Den hadde vore stengd ei god stund, men dukane låg framleis på bordet, og oppå stod dei små vasane med plastblomster slik dei alltid hadde stått. Otto håpte ikkje den hyggelege eigaren var konkurs. Dei hadde lova kvarandre at dei skulle bli flinkare til å ete der dersom restauranten opna igjen. No gjekk Sofie rett forbi utan å sjå inn. Namnet på restauranten, som stod med gullbokstavar i ein halvsirkel på ruta, var nesten uleseleg på grunn av trafikkstøvet. – Eg håper at dei snart opnar ein hyggeleg restaurant i nabolaget, sa Otto til nakken hennar. – Om dei berre kunne stenge Naboens og pusse den opp til ein koseleg liten bydelsrestaurant! 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 24

Det var ofte uro og spetakkel i og rundt puben på hjørnet. No såg det roleg ut, men Stakkars Hunden låg utanfor, som vanleg. Det var namnet dei hadde gitt han. Stakkars Hunden måtte vere dels schæfer, dels noko anna, spisse øyre og snute, meir svart enn brun. Nesten kvar kveld låg han der, i det korte bandet, og følgde alle som gjekk forbi, med blikket. Otto hadde fantasert om å løyse han og leie han med seg, ta han med seg heim. Gi han mat og kos, gå turar i parken med han, gi Stakkars Hunden eit godt liv. Ein hund som kunne legge hovudet på føtene hans. Men Stakkars Hunden hadde alt ein eigar. Ein svær kar med tatoveringar på armane og vidare oppetter halsen, der dei raude og blå teikningane glei saman med svulmande blodårar. Derfor gjekk Otto utanom, alltid utanom. Eg har aldri redda nokon, tenkte han. – Ein koseleg liten bydelsrestaurant, gjentok Sofie med hån i stemma. – Veit du, i går da eg skulle inn porten vår, så stod det ein mann og pissa der. Midt på lyse ettermiddagen. Han stod og vippa på hælane og pissa akkurat der eg skulle gå inn. Trur du det er nokon som vil opne ein koseleg bydelsrestaurant i eit slikt nabolag? – Kva gjorde du da? Skjelte du han ut? – Skjelle ut ein mann som står med pikken ute? – Nei, det går ikkje an. Du stilte deg vel berre opp og venta høfleg til han var ferdig. – Det gjorde eg ikkje! Eg sykla meg ein lang tur, trakka rundt på Kampen, for eg var så sint. Eg kom ikkje tilbake før pisset hadde trekt seg ned i betongen, men stinka gjorde det. Du kjenner det enda! 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 25

Dei var på veg inn den tunge smijarnsporten. Porten skreik på hengslene. Det lukta verkeleg piss. – Kanskje vi skal flytte opp dit, da, sa Otto. – På Kampen. Kanskje vi skal vurdere det seriøst? Sofie sa ingen ting mens dei trilla syklane bort til sykkelstativet. Bak dei rasla det lett i dei to bjørkene som var bakgardens pryd. Nokre gule blad hadde falle ned på det store hagebordet, var ikkje det litt tidleg? Men seinsommaren hadde vore tørr. – Vi blir ikkje akkurat yngre med åra heller, heldt Otto fram. – Om nokre år blir desse trappene for mykje for oss. Han høyrde på den iltre skramlinga med sykkellåsen at ho ikkje likte det han sa. Når Sofie snakka om seg sjølv og ektemannen til andre, sa ho at ho var i midten av førtiåra og han var i midten av femtiåra, sjølv om sanninga var at ho begynte å nærme seg femti og han snart var seksti. Otto meinte at ho dreiv med aktiv fortrenging og nekta å innsjå at dei blei eldre. Ein gong hadde han prøvd å snakke skikkeleg med henne om det. Men Otto, vi skal vere gamle så lenge, hadde ho sagt. Vi skal vere gamle så lenge, i mange tiår, kanskje, er ikkje det lenge nok å vere gammal, vi treng da ikkje begynne med det før tida? Han kunne ikkje seie noko på det, han kunne ikkje seie kva han tenkte. At dei alt var gamle. At dei var blitt kasta ut i en tidleg alderdom da dei mista Marie. Da dei kom opp, gjekk Sofie straks ut på kjøkkenet for å setje på tevatn. Otto dumpa ned i lesestolen og var snart langt nede i papira sine. Han la ikkje eingong merke til at Sofie sette ein kopp på bordet attmed han. Ikkje før teen var kald og ho hadde gått og lagt seg.


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 26

 Sofie skjøna ikkje med det same kva som hadde vekt henne. Rommet var mørkt, og det var ingen lydar frå gata utanfor. Ho kunne ikkje hugse å ha drøymt. Rett attmed henne pusta Otto jamt og roleg. Sofie prøvde å la vere å tenke. Klarte ho å kople ut tankane og slappe heilt av, ville ho kanskje få sove igjen. Ho snudde seg over på sida og gjorde seg slapp i kroppen. Da kjende ho dunkinga i armen. Vel, dunka gjorde det kanskje ikkje, men det var noko, eit trykk. Ho kjende hjarteslaga sine, i brystet og i høgre arm. Det var armen med bittet. Ho kjende etter med den venstre handa. Høgre arm var varm, og det var kanskje litt hovent rett over handleddet. Det måtte vere årsaka til at ho hadde vakna. Ho hadde lege oppå armen, og så hadde den sovna. Ho pusta roleg og prøvde å kople seg frå på nytt. Gli bort frå underlaget, tankane, alt som heldt henne igjen. Men det prikkar ikkje, tenkte Sofie. Det brukar jo å prikke når nerven som har lege i klem, vaknar til liv igjen. Ho stod opp og lista seg ut på badet. Der slo ho på lyset, sette seg på toalettet, og meir høyrde enn kjende at ein tynn stråle ringla seg ut av henne. Ho burde kanskje slutte heilt med å drikke te om kveldane. Til og med dei 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 27

milde, grøne teane kunne gjere kroppen uroleg. Ho heldt armane framfor seg, samanlikna dei utan å sjå stor forskjell. Rundt sjølve bittet var det ein hevelse, meir som ein slags kul eller klump. Ingen raud ring rundt, ikkje tilløp til det eingong. Det var jo først da det var fare på ferde, viss det kom ein raud ring rundt. Ho kunne ikkje gå til legen med dette. Ein liten klump der ho hadde pilka til ho blødde. Sofie tørka seg, gjekk bort til vasken, og lente panna mot spegelen mens ho lét kjølig vatn frå springen sildre over handledda og hendene sine. I skapet fann ho Pyrisept, ei nesten tom flaske. Den hadde stått der i aldri så lang tid. Var reinsevatnet for gammalt, hadde det kanskje ingen effekt. Ho helte det som var igjen i flaska, rett på såret. Det meste rann av og ned i vasken. Ho måtte hugse å kjøpe nytt. Og så jod. For var ikkje jod enda sterkare? Ho tassa ned på kjøkkenet og fann blokka med handlelappar på hylla over komfyren, skreiv det opp. Pyrisept. Jod. Det såg ganske alarmerande ut, så ho skunda seg å skrive eit par ting til. Oppvaskmiddel. Olivenolje. Kjøkkenet var, som alt anna, annleis om natta. Det harde lyset over kjøkkenbenken strekte seg ikkje så langt, og i alle fall ikkje inn i stova. Jakka som Otto hadde hengt over stolryggen, fekk det til å sjå ut som det var nokon der. Det var som om stolen og jakka hadde slått seg saman og danna ein ny konstellasjon, eit slags halvlevande vesen som såg på henne, følgde med der ho gjekk frå vindauge til vindauge og kikka ut. Kva var det ho ville skulle openberre seg der ute? Eit uvanleg syn. Det var det ho ønskte seg. Ei overrasking. Forandring. Auga hadde trøytna på desse husrekkene, 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 28

desse taka i forskjellig høgd og heisekrana som skar horisonten tvers av. Dei døde, nattestille gatene. Ho ville ta tak i dette og dra det til sides, som eit sceneteppe, sjå kva som var bak. Ein ny by. Nye nattehimlar. Eller ei stor, open slette, med bølgjande gras. Ein blir det ein ser på. Ho kjende seg like forsteina som den mørklagde byen. Men ho kunne ane at mørket var i ferd med å trekke seg tilbake. Det var i det minste ei rørsle. Mørket trekte seg tilbake, slik det alltid gjorde når tida var inne. Men mørket er aldri langt unna, det berre kryp saman, gøymer seg bak åskammen, inne i portrom, for snart å flyte utover igjen og fylle alt. No samla det seg rundt horisonten, tetna til der, gjorde klart for tilbaketrekkinga. Sofie lente panna mot glaset, kom på at dei nettopp hadde vaska vindauga. Det kom til å bli eit merke. Ho geispa, lente seg hardare mot glaset, kjende på uroa som jobba inne i henne, prøvde å setje namn på den. Ein mild angst, kanskje. Om det fanst noko slikt som ein mild angst, måtte den i så fall vere i slekt med den lyse melankolien. Kven var det som hadde snakka om ein lys melankoli? Og kva skulle det bety? Sofie pusta djupt inn og ut. Enda eit merke på glaset, dampen frå munnen hennar. Ho kyssa merket, det blei eit merke inne i merket, av leppene hennar. Ein lys melankoli måtte vere den typen utmatting og sorg som kan komme over ein på nattetid, gjerne ei lys og varm sommarnatt, når gjestene har gått og glas er rydda bort, dukane tatt av bordet. Når det på same tid går opp for ein at alt var vellykka, og at alt er over. Ein kvit varebil kom sakte køyrande gjennom gata. 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 29

Framleis kunne synet av ein slik bil utløyse panikk hos henne. Men så kom dei kvardagslege klaska frå avisbunkane som blei lempa ut oppe ved plassen med den tørrlagde fontena. Der stod dei blå avistrallene lente mot eit gjerde, og snart ville gniksinga frå dei spreie seg ut over heile bydelen. Så skjørt det var, det dimme morgonlyset, den tynne hinna over alt, rett før det skulle sprekke opp. Dei første åra hadde desse nattlege vandringane hatt ein annan rytme, ein kortare pust. Uuthaldelege tankar og ein verkande rygg hadde jaga henne rundt, ho måtte trave att og fram i høgt tempo, som for i det minste å halde ei råk open. No flaut både blodet og tankane meir roleg, meir fritt. Ho kunne sjå for seg bygarden deira som eit skip med mange sovande menneske om bord, på veg gjennom ukjent farvatn, på veg gjennom mørket mot ein ny dag, ei ny hamn. Men brått så var det ikkje eit skip som drog gjennom natta, det var livet sjølv, for full stim. Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større. Sofie gjekk fram og tilbake mellom stova og biblioteket. Romma verka så tomme, trass i dei fargerike bilda på veggane, dei stilreine møblane, dei artige, små statuane og bystene ho hadde arva frå farfaren og plassert rundt i hyller og på pidestallar. På bordet ein bukett med ringblomster som skreik ut oransjefargen sin. I vindaugskarmen ein vase med erteblomster, duse og skjøre som glas. Romma mangla likevel liv. Spor av menneske, rett og slett. Leiker utover golvet, smular trykte ned i golvteppet, ranslar og vesker utover, smørpakkar som hadde blitt ståande for lenge ute på ben


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 30

ken, sportsutstyr som sperra vegen i gangen, møblar som stod skeivt fordi ein kvervelvind stadig fór gjennom romma. Det mangla fordi det var ingen der. Berre spøkelse, skuggar. Berre alt som kunne vore. Berre dei to. Otto og ho. Og spørsmålet ho alltid prøvde å flykte unna. Ho hadde blitt flink til å tenke utan å tenke, ho hadde øvd på det i årevis. Men iblant tvinga spørsmålet seg fram, og i det snikande morgonlyset lista det seg igjen inn på henne. Skulle dei blitt buande i huset der Marie hadde levd saman med dei? Da dei tok valet, stod det heilt klart for Sofie at ho ikkje ville halde ut å leve ein stad med så mange minne. Det betydde at ho måtte flytte frå huset der dotter hennar hadde sprunge, sove, leika, ete, skrike, sunge. Sofie støtta seg mot bokhylla, dunka panna lett mot bokryggane. Framleis ville ho insistere på at ho tok det valet ho måtte ta. Det betydde ikkje at det ikkje var smertefullt. Det betydde ikkje at ikkje såra blei rivne opp, nesten kvar einaste dag. No sist da ho skulle fylle ut eit skjema der eit av spørsmåla var om ho hadde barn. Ho hadde berre blitt ståande og stire på skjemaet, ikkje klart å gjere det ferdig. To rubrikkar å krysse av, nei eller ja. Det var ingen der ho kunne spørje. Og kva skulle ho i tilfelle spørje om? Sei meg, har eg barn? Eller har eg ikkje? Ho hadde gitt bort nesten alt, berre eit par små kasser med ting hadde fått bli med da dei flytta. Dei hadde reist frå klistremerka Marie hadde lurt seg til å klistre på veggen ved senga, hakket ho hadde laga i golvet den gongen ho prøvde på seg dei nye kunstløpsskøytene inne, den breie vindaugskarmen der dei likte å krype saman og drikke kakao på uvêrsdagar. 


Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 31

Og det var fleire spørsmål. Når ein først sleppte dei til … Skulle ho ha vore meir bestemt på å få eit barn til? Ja, det skulle ho. Klart dei skulle ha fått eit barn, Otto og ho, eit felles barn før det var for seint. Men først vegra han seg, med overraskande stor styrke, og seinare var det ho som hadde nølt. I det spørsmålet hadde dei aldri vore synkroniserte. Sofie klemde på armen sin igjen, det var varmt rundt bittet. Inflammasjon. Noko kroppen hennar måtte jobbe med, anten ho sov eller var vaken. Otto ville berre ha engsta seg unødig om han hadde visst at det var ein flått. Det ville berre blitt mas. Flåtten hadde vore ganske liten, ho hadde prøvd å nappe han ut, og så hadde sikkert ein liten del av dyret blitt sitjande igjen. Det kom til å ordne seg når ho fekk reinsa det skikkeleg. Ho ville la avisene ligge på dørmatta, prøve å få seg nokre timar til med søvn, møte morgonen saman med Otto. Stille lista Sofie seg opp trappene og inn på badet, fann knaggen til morgonkåpa. Persiennene sleppte inn nok lys til at ho såg ein utydeleg figur i spegelen, ei jente i kort, blå kjole. Kjolen var eigentleg ei lang Tskjorte, vaska og brukt til ein tynnsliten og mjuk kokong. Snart ville ho bli nøydd til å kaste yndlingsnattkjolen sin, og ho kom ikkje til å finne noko som kunne erstatte den. Senga var kald. Ho hadde vore lenge borte.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sju dagar i august by Det Norske Samlaget - Issuu