Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 1
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Erica Lรถfstrรถm
Sex, musikk og vold Roman
Samlaget Oslo 2013
Side 3
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 5
Innhald TENTAKLAR ein – om eg framleis bryr meg 13 to – skit i skallen 17 tre – handa skrik 20 fire – smak 26 fem – skuldkasting 33 seks – solidaritet 43 sju – nyknulla 49 åtte – voldsengel 55 ni – hore 59 ti – sexgudinne 65 elleve – marsipankake 69 tolv – sparken 72 tretten – naseblod 76 fjorten – a big fucking problem 84 femten – på bilde 86 seksten – bite meg fast 93 sytten – så stikk, då 97 atten – patetisk, men ikkje snill 102 nitten – for lett 109 tjue – dra til helvete! 115 tjueein – berre ni siffer igjen 122 tjueto – i ei grop 126 tjuetre – det er henne 130 5
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 6
tjuefire – bitter 134 tjuefem – det skal bli eit vatn 136 tjueseks – hjelp meg 139 tjuesju – svolt 145 tjueåtte – ein munn 147 tjueni – rasjonelt 150 tretti – skjeggstubb 152 trettiein – fin 157 trettito – for vold hjelper 160 trettitre – som eg vil ha det 162 trettifire – Viktor veit 167 trettifem – begge 174 trettiseks – no er det jul igjen 178 trettisju – i feil rekkefølgje 187 trettiåtte – korfor ligg det ein mann og runkar i senga mi? 191 trettini – blir slapp 198 førti – restane 201 førtiein – «sanninga» 204 førtito – Wittgenstein og mirakel 213 førtitre – Viktor distanserer seg 215 førtifire – som det er 219 førtifem – ein veldig stolen sykkel 226 førtiseks – unner han det ikkje 230 førtisju – på jakt etter noko 232 førtiåtte – klara meg sjølv 236 førtini – et tu Brutus 240 femti – mata mitt stigma 243 femtiein – kjærleiksjakt og kjærleiksslakt 246 femtito – men så drit i det, då 250 femtitre – drama queen 253 femtifire – fitte für alle 259 femtifem – tida har Parkinsons 271 6
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
femtiseks – revir 273 femtisju – gul i vinden 277 femtiåtte – utan 279 SKJÆRSELD femtini – ho med døra 283 seksti – kjerubar og serafar 287 sekstiein – du lyg vel ikkje no? 292 sekstito – kva er greia? 295 sekstitre – tidsloop 302 sekstifire – flugeperspektiv 307 sekstifem – on screen 313 sekstiseks – oksygenmangel 318 sekstisju – spøkelsesliv 321 sekstiåtte – rotaggressiv 326 epilog – framtid 328
12-06-13
09:32
Side 7
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 9
Iblant vaknar ein og minner ubehageleg mykje om den ein var i går.
För sex, musik och våld var det vackraste som hänt mig. (Frå «Socker» på Vapen & ammunition, Kent 2002)
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 10
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 11
TENTAKLAR
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 12
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 13
ein – om eg framleis bryr meg We live in a beautiful world (yeah we do yeah we do). Klart, og sjølv er eg Askepott med ein fot som passar perfekt i skoen. Eg er jævla forbanna. Det bankar på døra til det sjuskete studentrommet mitt. Eg går og opnar, sjølv om eg eigentleg ikkje er i form. – Du burde sperrast inne. Slike som deg burde ikkje få gå laus. – Takk for det, pappa. Eg svingar opp døra så han og mamma kan koma inn. Ikkje Hei. Korleis er det med deg? Fint å sjå deg. Nei; du burde sperrast inne. Kort og konsist. Nøyaktig det han meiner. Ingenting anna. Eg seier ikkje: Dåke kan jo alltids prøva. Dåke har jo vanen inne. Det er det dei vil. Krangla. Eg seier: – Kaffi? Mamma svarer. Pappa stikk inn på toalettet. Eller Dassen, som han seier. – Ja, takk. Andre hadde kanskje smelt igjen døra i fjeset på foreldra sine. Ikkje eg. Eg veit kva som gjeld. Burde ikkje ha snakka om det til mamma. Burde i staden ha sagt at eg ikkje ville gå her lenger. Som om eg aldri lærer. Tiltru kasta tilbake i ansiktet. Kas-ta. Burde ha lært leksa mi for lenge sidan. Er det slik at eg vil ha noko av henne? Kva skulle det 13
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 14
vera? Ikkje at ho og pappa kjem hit utan å seia ifrå og kallar meg for galning iallfall. Tenker på det mamma sa ein gong: Ein skal ikkje leita etter blomar i ørkenen. Ho meinte syster si, men det blir liksom ironisk likevel. – Kva ler du av? Det er vel fan ikkje noko som er morosamt. Pappa er tydelegvis tilbake frå badet. Eg plukkar fram pulverkaffien og heller vatn frå vasskokaren i krusa som er nesten det einaste som verkeleg er mitt herinne. Det blir sete på senga mi. Unnskyld, det er ikkje mi seng. Det er skulen si, liksom resten av møblane. Det er godt på sett og vis, å ikkje ha ein masse skit å dra på. Den som har flest ting når han døyr, vinn. Eg har ei T-skjorte med det trykket. Iallfall godt at det ikkje er mi seng dei sit og skitnar til. I-miseng. Ikkje tenka. Ikkje tenka på at huda gjer vondt. Kjennest litt pussig at eg kom til å søka på journalistlinja. Som om eg kjende på meg kva som skulle henda her. Eller snarare. Eg er ei sånn ei som garderer seg. Som ikkje lit på at saker skal fungera. Deprimerande ofte får eg rett. Og no skal eg altså flytta til Stockholm. Ein sliten studenthybel, antakeleg. Framleige på framleige og jævla dyrt. Hatar at folk veit kva eg gjer. Derfor unngår eg kjøkenet. Det er ikkje fordi det stinkar frå oppvaskkummen. Det er ikkje fordi det gjer meg dårleg. Det er spora eg lèt etter meg. Leietrådane. At eg blir sporbar. Sårbar. Og at eg må ta i kjelar som andre brukar. Og bakteriar som luktar surt. Men det er ikkje det at eg har bakterieskrekk. Ikkje eigentleg. Og no prøver eg berre å flykta frå situasjonen. Flykta frå det kvelande nærværet av foreldra mine. Og framfor alt kjensla av at eg burdekjenna-annleis. Eller så sluttar eg å synast synd på meg sjølv 14
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 15
no og skjerpar meg. Konsentrerer meg om stereoen. Den er også min. Og platene, som eg tviheld på å kjøpa i staden for å lasta ned. Framleis. Likar å eiga plater. Lyden som ikkje visest. Konkretisert. Sit fast i plata. Og det forsvinn ikkje sporlaust. Jag står i skuld. En obetalbar skuld som växt sig stor, större, störst. Man jagar mig som om det gällde pengar. Taxmannen dansar vidare på kjøkenet medan eg vaskar opp i baljen min og et berre-kald-mat. Kaffi fiksar eg på rommet. Alt på rommet. Katten på rommet. Ho som eg redda frå nabolåven då bonden skulle skyta kreket. Kreket mitt heiter PJ, og ingen veit at ho er her. Ikkje før no iallfall. Men no speler det ikkje noka rolle. Vasskokaren er òg min eigen. Eg likar lyden han lagar. Og kaffi. Ikkje å ha mamma og pappa på nakken. På lista over erfaringar ein gjerne skulle vore utan. Men så kan dei jo berre dra til helvete alle saman. Shoot me in the head and see if I care. Om eg tok meg tid til det, ville eg antakeleg bryta saman i ein liten skvett av tårer ved føtene deira, i staden for å berre sitja her med samanbitne lipper og noko hardt i blikket. Har lært å ikkje gi dei noko å suga seg fast i – fordi dei er igler. Igler. Og eg treng blodet mitt til andre ting. Eigentleg er det ironisk at eg har blitt utvist. Trudde ikkje dei gjorde slikt nolenger. Tydelegvis gjer dei slikt framleis. I det minste her på Östgötaslätten. Veit korfor? Kanskje. Vil ikkje tenka på korleis det blei. Betre å tenka 15
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 16
framover. På kva ein skal gjera etter dette, til dømes. Kanskje bli utvist frå journalistlinja. Bannlyst frå heile universitetet. Det ville vel ha vore ein meritt om ikkje anna? Nei, no høyrest eg bitter ut. Bitter er ikkje vakkert. Det er ikkje eit vakkert ord. Det var det å tenka framover. Madrassen og den svarte blendingsgardina blir med meg herfrå. Rullegardina er mi, og madrassen skal eg rappa med meg berre fordi. Det kjennest rett, berre. Ein utbrukt madrass. Eigentleg burde eg sprenga heile skiten. Kanskje reiser eg tilbake hit ein dag og gjer det – om eg framleis bryr meg. Forhåpentlegvis ikkje.
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 17
to – skit i skallen – Følg meg til døra. Læst som eg søv. Veit at han høyrer. For han er det lett å tolka av tonen i stemmer eller pust. Rytmen. Han er lyd. Veit at det er viktig for han å bli følgd til døra. Viktig å bekrefta at han har vore her fordi eg vil ha han her. Førre gongen gjekk han ut åleine. Eg låg igjen på madrassen pustavslørt. Som ein skurk var han då. Ein voldsmann. Voldsmannen smyg seg ut i natta. Ingen følgjer etter. Ingen vil. Reiser meg motvillig frå madrassen og går ut i gangen. Auga med grus som vanleg. Kysser han plutseleg. Han dreg seg unna. – Kva vil du ha av meg, eigentleg? Stemma hans dramatisk. Det er nytt. Han brukar ikkje å dramatisera. Svaret stressar tanken. Går føre i køen. – Alt. Ooops. Og det er nok slik det er. Kanskje. Ingen smiler. Det ville vera feil i samanhengen. Føler for å spy opp nokre stavingar. Reinsa hjernen for drit. Kanskje er det det eg treng. Mindre skit i skallen. – Me går ein tur. Ser han nøla i gangen. Fortumla av alvoret. Kanskje. Ikkje sei nei. Og ikkje høyr panikken i stemma mi. Han har jakka 17
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 18
rundt seg. Hardt. Det er kaldt i november. Det jævla dramatiske utspelet mitt. Alt. Eg vil ha alt av deg. Halle-fucking-luja. Om ikkje det skremmer driten ut av ein fyr, så veit ikkje eg. Orkar det ikkje om han går no. Ver så snill, ikkje gå frå meg. Ikkje gå frå meg, ver så snill, ver så snill. Gløym alt eg sa. Vil klamra meg fast til beina hans. Halda, halda hardt. Med skrikande hender som krev. – No? – Ja. Kler meg letta. Slepp å sjå han gå. Hua med øyrelappar og ut i kulda. Pusten er røyk frå munnar. Munnar nærmar seg det skitne, delfrosne vatnet. Knudrete almar. Som om dei har vore med på mykje. Strekker seg mot djupet, prøver nå ned i det stille mørke. Og røyken frå vatnet er andedrag frå noko. Eitt andedrag ifrå. – Kom. Han er sterk. Ein sterk person. Nærmar meg han no. Han lutar seg langt ned mot eit av dei mest knudrete trea (som faktisk nesten når ned til vassyta med trearmane sine). Han dreg meg til seg og legg armane om skuldrene mine. Som ei scene. Ser korleis kroppen hans pressar hennar mot stamma. Hardt. Ho. Hodyret. Ho som dramatiserer så jævlig. Så jævla. Kor hardhendt kan han vera? Ein kan ikkje vita det før. Om. Må ana det som kjem etter. Må vera sikker. Kontrollert. Elles ikkje noko etter i det heile. Close but no cigar. Teit uttrykk. Likar når det gjer vondt. Vil at blåmerka skal bli verande i veker. 18
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 19
Likevel er det så mykje meir opphissande å nesten elska med kvarandre – i kampens hete samanpressa mot almen, den knudrete. Veit at han skal gå snart. Gå. Lurer på kor langt ned i det mørke i vatnet almen kjem til å nå før han døyr. Kanskje må han døy etter X meter. Kanskje er det det han vil. Å drukna minna sine i eit mørke. Skiten i skallen er mest borte no. Eg sovnar rolegare enn på lenge. På ein stolen madrass. Heilt misfarga under sengeteppet.
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 20
tre – handa skrik Sit som ein utvekst. Ukomfortabel. Ein byll. Dei som høyrer til, betraktar kvar rørsle. Betraktar. Vil plassera på skalaen sin. Er ho skalerbar. Tenker dei. Har ho same blodtype. Pumpar væskene i kroppen hennar i same takt som væskene i kroppane våre? Eller ikkje. Plassera. Trekka ned. Og dei halvt skjulte blikka deira klistrar seg fast som varmen frå kleda til eit anna menneske. Kjenner utsida av kaffikoppen. Ei varm sveitteperle langs armen. Alle her høyrer til. Ein monolittisk dag på ein monolittisk kafé på det monolittisk individualistiske Söder. Der alle går med varmen frå huda til andre menneske i klede frå Myrorna. Er ei framand grein som nokon lurer på å poda inn. Utvekst. Vakse ut av. Gartnaren Viktor og greina hans som skrik etter næring. Ser føre meg korleis eg dyppar fingrane i vatnet med isbitar. Ser yta krakelera. Og eg ventar til hjarteslaga legg seg til rette. Til yta sit på plass – i glaset. Og eg veit at her er ein ikkje noko meir enn den gjengen ein høyrer til, og snart trykker dei på knappen. Trykk på knappen, den for drit eller piss, og gløym at eg forstyrra. Knappen er raud. Spylelyd frå eit toalett. Men eg sit igjen her, og fingrane er tørre. Og isbitane smeltar altfor fort i glaset. Me sit altfor nære toalettet. Og den plaga lyden frå espressomaskina trenger gjennom stemmerasteret. 20
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 21
Gjer ingen forsøk på å ta del i konversasjonen. Berre svara når eg blir snakka til. Elles blir det feil. Eg har ein tendens til å provosera. Så du har den gåva, kjære deg. Korleis gir det seg utslag? Dessverre er denne gåva ukontrollerbar og uføreseieleg. Viktor er sikker i samanhengen. Handa mi skrik «ta på meg, ta på meg» mot det trygge låret hans. Han høyrer henne ikkje. Føyser henne bort. Ikkje noka støtte. Gå og døy. Han høyrer ikkje om det ikkje er lyd. Tonar. Og eg kan ikkje hans språk. Kanskje. Dei er slike som blandar ut tida si med te eller kaffi. Spedande. Tid i overflod, til å ausa med store auser eller ausekar. Snakka snakka om kva som skal skje seinare. Livet. Om alle bøkene i hovudet, låtar, filmar og kunstverk. Men ingenting kjem gratis. Iallfall ikkje om ein ikkje er rik eller har foreldre på TV4. Misunningsverdig å aldri faktisk ha kjent slutten. Slutta seg inne. Og fyren med svart pologenser er forfattar. Jau då. Han har mange bøker i hovudet. Må sjå bort for å halda tilbake. Halda tilbake. Veit at forakta er mi eiga. Ser bort for at ikkje smilet skal rekka å visa i munnvika. Det hånlege. Misunnelege. Sjalusi. Det stygge. Og han treng berre ta fram dataen. Eller rettare, penn og papir! Penn og papir. Sjølvsagt. Det er jo finlitteratur. Fin. Og fin litteratur, den kan visna og bli skiten om han blir blanda med teknikk. Kven skal skriva dei der bøkene du har i hovudet, hadde du tenkt? Pennen over blokka. Notatblokka han demonstrativt først held ømt i handa og så legg forsiktig tilbake i lomma på fløyelsjakka som heng over den same stolen som ytterplagga til alle dei andre. Som om han grip etter inspirasjon. Det er den pennen han seinare skal skriva bøkene sine med. Når han har samla observasjonane sine her på Söder. 21
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 22
Viktor drit-pissed om han hadde høyrt tankane. Men han høyrer ikkje eingong ei hand som skrik, så det er vel ingen fare. Stenger tankane av heilt no. Svarer på spørsmål. Haglande spørsmål ut av munnar som vil ille. Vil-ille. Vilille? Betre som eitt ord. Snillare. – Jaha, du skal bli journalist, du? Viktor ser meg vri meg som ein makk på stolen. Alle ser. Ser handa mi som skrik ope no. På bordet. Han føyser henne ned. Både mildt og ikkje. – Me får sjå. – Hänt i Veckan eller? Latter rundt bordet. Roleg no. Pust. – Eller endå betre. Expressen. Dei andre ler. Ei meining. Endeleg noko å vurdera. Ironi er eit sikkert kort. Kanskje det einaste. Den kvasse tunga mi. Høyrer stemma til pappa: Har du ete hoggorm til frukost? Og så det skeive smilet. Viktor er roleg no. Meir avslappa. Ser ikkje kjensla – at dei andre nårsomhelst reiser seg opp, sakte, og set seg, saman, ved eit anna bord. Tar eit par sobril ut or veska og syg. Roleg. Syg. Stemmene til dei andre er på den andre sida no. Sobrileffekten dryger. Kjem for seint. For langsamt. Magen svaiar då eg halvspring derifrå. I rulletrappa kjem magesyra, brenner stemmebanda, og eg spyttar den sure væska over perrongen. Heime i den trygge, mørke leilegheita ligg eg på sjuskemadrassen med ei pute over hovudet. Driv med kva? Fan òg! Viktor er forbanna. Ringer og spør korfor eg oppfører meg som ein jævla idiot. Eller, han spør mobilsvaren min. Den metalliske stemma. Pikslane som slår imot kvarandre. 22
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 23
Perfeksjonen. Det kunne spelast inn. Altså fanst det. Altså fanst sinnet hans. Altså finst han. Eg ringer han, utan å vita korfor. For skulda som klistrar seg fast? – Skal me treffast? Hatar at stemma er svak. – Då får du koma til meg. Det gjallar i trappeoppgangen. Dryp frå fingrane. Dei lemlesta trea stirer på meg langs alleen. Alleen mot Sundbyberg. Mot Viktor. Elskar regnet. Det rein, rein, reinsar. Elskar regnet som roar. Huset til Viktor blir farga mørkgult på dei delane av fasaden som det regnar på. Det er avklipt. Huset. Ein fasade gapar av fråværet av noko. Og lippene mine. Har gløymt å sminka meg etter grininga, og yrdropane tar bort restane. Han har aldri sett meg usminka. Det kan vera detsame. Han elskar meg ikkje likevel. Like greitt å vera stygg med ein gong. Elles ser han det vel sidan. Seinare. For seint. Spyleknapp. Reinsa hjernen. Bankar idiotisk på vindaugsruta. Idiotisk ettersom det ikkje er natt. Har aldri vore hos Viktor på dagtid før. Det kjennest bra. – Så fin du er. Er han ikkje sint lenger? Eg blir usikker. Usikker jente i gangen til kjekk gut. Usikker jente som ventar på noko. Får svaret. Kroppen hans som trykker min mot veggen. Spørsmålet hans – «vil du elska med meg» – som ikkje er eit spørsmål. Manglar spørjeteikn. Hardhendte forsiktige hender og armar famlar over 23
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 24
kroppen min. Pusten som tar over, og syttitals-T-skjorta opp deroppe saman med behåen dekker eit hovud. Mitt hovud. Blottar bryst. Ser litt lys og skygge gjennom stoffet. Ikkje mykje lyst. Distanserer meg no. Alltid halda distansen. Halda – distansen – litt. Pressar kroppen – kroppen som er min, men eg er utanfor – mot veggen og kjenner korleis lippene og tennene hans syg brystvorter hardare og hardare mens handa hans famlar på innsida av låra. Nærmare. Nærmare. Då fingrane hans endeleg kjem innanfor trusa, er eg allereie så våt at eg nesten har blitt aggressiv av adrenalinet som strøymer ut i kroppen. Om du sluttar no, blir eg dritforbanna. Endeleg går han ned på kne framfor kvinnekroppen – som er eg. Endeleg slikkar tunga hans rytmisk og ikkje for sakte, og eg høyrer stemma mi gjenta du får ikkje slutta. Tonen desperat. Nesten desperat. Beina dirrar og rumpa spenner seg i krampe når det går for henne. For ho som er eg. Og eg som er eg, slappar litt av. – Knull meg. Eg må ha pikken din no. Veit at det hissar han opp. Hissar opp mannen. Klarer ikkje la vera å skrika når han pressar meg opp mot veggen og trenger inn. Knullar i vindauget, på bordet og mot veggen igjen før me til slutt hamnar i senga hans. Han er ikkje kjedeleg, Viktor. Ikkje kjedeleg i det heile. Ser på ansiktet hans medan han sovnar med eit nøgd sukk, naken. Han blir trygg av forteljingane mine. Dei eg fortel for han i senga. Han held på å bli avhengig av dei, seier han, men eg trur han overdriv. Men likevel smigrande at han vier fantasien min så stor interesse. At stemma mi fyller 24
Sex, musikk og vold ferdig.qxd:Layout 1
12-06-13
09:32
Side 25
livet hans. Fyller opp. Kjenner smilet når eg tenker på blåmerka på min eigen kropp. Min. No er alt bra, eller? Han veit ikkje at det veks ut ein stor penis utan skinn frå navlen min. At eg vaknar, eller drøymer at eg vaknar, og kjenner den store, blodfylte penisen min. Glatt. Veit ikkje at eg er redd for å vekka han med penisen, og trykker han tilbake inn i kroppen gjennom navlen før eg kjenner at sobrilen byrjar å verka. Han veit ingenting om det der. * Viktor vaknar om natta og ser på det smilande sovande ansiktet hennar ei stund før han smyg seg opp for å ta på boksar og ei T-skjorte. Han har vanskeleg for å sova. Alt må vera rett, som det brukar, og han søv helst ikkje naken. Beatrice gnyr som eit veldig lite barn. Det er noko ved henne som gjer at han berre vil ta hand om henne. Noko einsamt, kanskje. Han stryk henne over det mjuke, koparraude håret og over den bleike, freknete huda. Verje. Verne.