Skip to main content

Samlaget 2014

Page 1

2014 | Bøker fra Samlaget

13

www.samlaget.no

eldre enn deg, men eg minnest deg frå du jentunge var, seier han Eg vaksen, du jentunge, seier han Hugsar du meg ikkje att, seier han Jau, jau då, seier Alida og visst minnest ho vel Åsleik, men ikkje som anna enn ein av dei vaksne karane som stod der og prata saman, og ho minnest at han budde i Vika, han og mora, men så mykje meir er det ikkje, tenkjer ho, for han var eldre enn henne, kanskje tjuefem år eldre, noko slikt, kanskje meir, så han var til dei vaksne å rekna han, tenkjer ho Men kvifor sit du her, seier Åsleik Ein stad må ein då sitja, seier Alida Har du ingen stad å bu, seier han Nei, seier ho Du bur ute, seier han Eg må vel det, når eg ikkje har hus, seier Alida Du og ungen din, seier han Ja vi må vel det, seier ho Og du er så tynn, har du ikkje mat å eta heller, seier han Nei, seier ho I dag har eg ikkje ete, seier ho Men reis deg, kom, bli med meg, seier han og Åsleik tek under eine armen hennar og han hjelper henne opp på beina og så står Alida der med vesle Sigvald på armen og nede ved føtene hennar

ligg dei to byltane ho drassar med seg og Åsleik spør om det er hennar saker og ho seier ja og han lyfter dei opp og så seier han kom og så går dei bortover Bryggja i Bjørgvin, han Åsleik i Vika og ho Alida med vesle Sigvald på armen går attmed kvarandre bortover Bryggja i Bjørgvin og ingen av dei seier noko og så går Åsleik inn i eit smau og Alida blir gåande etter han og ho ser dei stutte beina hans gjera lange steg, og ho ser slaga på den svarte jakka hans stå ut frå låra hans og ho ser den svarte skyggeluva hans trekt langt ned i nakken og i hendene ber han dei to byltane hennar og så stoggar Åsleik og han ser mot henne og så nikkar han med hovudet inn i eit smau og så byrjar han å gå inn i smauet og Alida går etter og mot brystet held ho han vesle Sigvald og han søv sin trygge og søtaste svevn og så opnar Åsleik ei dør og held henne open og Alida går inn og ho ser ned og så ser ho opp og ho ser eit avlangt rom med mange bord og så kjenner ho lukta av røykt kjøt og steikt flesk og så godt luktar det at ho i eitt no kjenner beina svikta under seg, men ho pressar vesle Sigvald mot brystet og samlar seg, samlar seg ja, og så står ho der støtt, men så god ei lukt av mat det har ho vel aldri før kjent, tenkjer Alida, og kvifor dreg no han Åsleik henne med inn hit, som om ho pengar hadde til å kjøpa seg mat for, ikkje ein einaste slant det har ho vel, tenkjer Alida og ho ser at folk sit og et, og så god ei lukt av røykt 14


Kontakt oss Siri IfarnÌss Vikarierande sals- og marknadssjef (Sals- og marknadssjef Anne Liv Tresselt er i permisjon til januar 2015.) Mobil: 950 29 198 s.ifarnaess@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Eva Rekve Salskonsulent Mobil: 924 39 248 e.rekve@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no Christine Schwarz Informasjonskonsulent Mobil 958 13 389 c.schwarz@samlaget.no


bøker 2014 ©2014 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. omslag: Utdrag frå Kveldsvævd av Jon Fosse konsept: Reaktor Design formgiving: Nicholas With fotografregister: s. 134


4


in nhal d  5

Innhald Gode bokfolk

6

skjø n n l i t teratu r f o r vak s n e Romanar Krim Omsette romanar Essay, lyrikk og drama Pocket Sniklesing

9 10 28 30 34 46 52

bar ne- o g u ng do msbø k er Leseland Biletbøker (2–6 år) Fakta for barn Barnebøker (9–13 år) Fantasy Ungdom

63 64 68 74 78 88 90

f a kta o g do k u men tar Samtid og debatt Mat og handarbeid

93 101 114

høgare u tdan n i ng Syn og Segn Register Marknadsavdelinga

120 130 132 139


in nhal d

Gode bokfolk Som i fjor kom Jon Fosse med ei januarbok og bråstarta samlags­året. Kveldsvævd er den tredje boka i det som folk no kallar Andvake-trilogien, eit lysande verk om kjærleiken som vil bli ståande i litteraturhistoria. I haust kjem alle tre bøkene samla i éi bok. Samlaget har for vane å gi ut gode barnebøker. Det skal vi halde fram med. No også som berika e-bøker eller bok-appar. I den digitale bokhylla Samlaget Barnebøker kan du i skrivande stund laste ned 43 e-bøker med lyd og lydkulissar, nokre med animasjonar, nokre utan. Mellom anna finst dei to prisvinnande sjarmørane Jakob og Neikob som appar, også i engelsk språkdrakt og lyd for verdsscena. Endeleg kjem det også ny Jakob og Neikob-bok frå Kari Stai, i Jakob og Neikob og det tomme ­rommet blir bestevennene uvenner. Jakob og Neikob-bøkene har vunne mange prisar, dei sel svært godt til utlandet og er barnas store favoritt. Det er ein sterk romanhaust på Samlaget. Brit Bildøen kjem med Sju dagar i august. Handlinga er lagd åtte år fram i tid, der sorga og minna frå 22. juli 2011 framleis pregar ein familie, som i løpet av sju dagar i august ser livet falle saman. Anna ­Gavalda er tilbake med ny roman. I Billie følgjer vi to svært ulike ­menneske som ikkje lèt fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.

6


foror d  7

Aina Basso er også klar med ny historisk roman for vaksne, Finne ly, nok ein gong handlar det om romanifolket. Denne gongen om Hanna som må skjule bakgrunnen sin når ho søkjer ly på ein gard i ­Finnskogen midt på 1800-talet. I haust opnar det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger, og vi bidreg med praktboka Olav H. Hauges vakraste dikt for å markere den store poeten. Agnes Ravatn kjem med sjølvhjelpsbok for deg som ikkje liker sjølvhjelpsbøker. I Operasjon sjølvdisiplin gir ho deg ein praktisk guide til korleis du kan gjenvinne sjølvkontroll og vilje­ styrke. Alfred Fidjestøl tek oss med til Asker og Hvalstad i boka Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897–1924. Han fortel om korleis ein gjeng av sjuklege og hypokondriske landsmålspionerar freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein edens hage for det nye Noreg. Kretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik var ein kulturpolitisk maktfaktor som har hatt stor innverknad på det Noreg vi har i dag.

Edmund Austigard, forlagsdirektør


bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Skjønnlitteratur for vaksne omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


foror d

aina basso

Finne Ly Historisk roman om fordommar og fridom 10

«Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men det har gått godt i staden, og no er eg her.» finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostand av hennar eigen fridom. Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid.

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 4 8 u t g . se p t e m be r

aina basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. Basso er utdanna historikar og bur i Oslo.


romanar

brit bildøen

SJU DAGAR I AUGUST Gripande undergangsforteljing i løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe? Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.

11

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 6 7 u t g . aug u s t

brit bildøen (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Ho har fått strålande kritikkar for romanane Alt som er (2004), Mitt milde vesen (2006) og Adam Hiorths veg (2011). Ho har også omsett fleire bøker, mellom anna Pia Juuls Mordet på Halland (2010) og Patti Smiths Just kids (2012).


romanar

jon fosse

KVELDSVÆVD Siste band i Andvake-trilogien Kveldsvævd er ein frittståande oppfølgjar til Andvake og Olavs draumar. Her møter vi gamle Ales, dotter til Alida. Gjennom henne får vi vite korleis det gjekk med Alida og Asle, paret som ofra samvitet for kjærleiken. Asle vart hengd i Bjørgvin. Alida og den vesle sonen Sigvald følgjer sambygdingen Åsleik tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong reiste frå. … og Alida tenkjer at ho og Asle framleis er kjærastar, dei er med kvarandre, han med henne, ho med han, han i henne, tenkjer Alida og ho ser utover mot havet og på himmelen ser ho Asle, ho ser at himmelen er Asle, og ho merkar vinden og vinden er Asle, han er der, han er vinden, om han ikkje finst, er han der likevel …

12

rom a n | k r 2 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 0 0 3 i sa l

Jon Fosse er en av våre mest særpregede forfattere, en mystiker hvis språk lar naturen leve, en dikter som med sin stemme får prosa til å synge. Andreas Wiese, Dagbladet

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


romanar

jon fosse

ANDVAKETRILOGIEN Nydeleg om kjærleiken endeleg er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida samla i ei bok. Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå. Trilogien er eit meisterverk om to ­elskande som prøver å finne sin stad i verda.

13

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 5 1 2 u t g . aug u s t

s j å m e i r om t r i l o gi e n på nest e si de

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


Med Kveldsvævd som siste band i serien er no heile trilogien å få tak i. Ein får óg kjøpt dei samla som eitt verk.

utdrag frå andvake-trilogien

«og Asle kjem opp i senga til henne og han legg seg inntil henne og ho kjenner kor kald og våt han er og ho spør om det gjekk godt og han seier at jo, jo det gjorde det jo og han spør om ho har sove og ho seier at ho trur det og han seier at no kan dei kvila ei lita stund og så må dei ta med seg mat, så mykje dei berre kan, og kanskje nokre setlar òg, om det går å finna det nokon stad, og så må dei gå i båten og segla av garde før det blir lyst og morgon og ho seier at ja, dei får gjera det slik han meiner er best, seier ho og så ligg dei der og ho ser Asle sitja der med fela og ho står der og lyttar og ho høyrer songen frå si eiga fortid, og ho høyrer songen frå si eiga framtid, og ho høyrer far Aslak syngja, og ho veit at alt er bestemt og slik skal det vera»

Ingen skildrer den skjøre kjærligheten som Fosse (...)Jeg leser Fosse fordi han ­skriver så vakkert om døden og kjærligheten. Fordi han bygger ned grensene m ­ ellom mennesket og naturen. Jeg leser Fosse fordi han åpner opp mellom liv og død, det metafysiske og det fysiske. Fosse vever hele virkeligheten sammen. Eskil Skjeldal, Vårt Land

romanar

Andvake-trilogien endeleg komplett!

14


romanar  15

Det er ingen tilfeldighet at han stadig oftere blir nevnt i forbindelse med ­Nobelprisen i litteratur. Gro Jørstad Nilssen, Bergens Tidende nådeløs, vakker og lysende. Anne Cathrine Straume, NRK


romanar

marit kaldhol

DET SKULLE VERE SOL, VI SKULLE REISE TIL ŁóDź

16

Nært og sårt om søsken to søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande.

rom a n | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 6 5 i sa l

Hver side gir én scene, en liten fortelling, en erkjennelse. (...) Jeg liker luftigheten, de korte glimtene, sceneskiftene. Anne Cathrine Straume, Kulturnytt: NRK P2

På flere nivåer kan man ane det kaldholske også i denne romanen: Den er satt ­sammen av ganske korte scener, stilen er velbalansert, poetisk, både i gledesglimtene og i skildringen av fortvilelse og sorg. (...) en vakker bok, full av frigjøringstrang. Janneken Øverland, Klassekampen

marit kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2006 og 2010 fekk ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, sist for ungdomsromanen Søkeord: Ayotzintli.


romanar

mette karlsvik

DEN BESTE HAUSTEN ER ETTER MONSUN

17

Mennesket i den store samanhengen sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast – og smake godt. Gjennom å skildre alt frå dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho lèt kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet.

rom a n | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 8 1 u t g . aug u s t

mette karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 blei ho tildelt både Bokhandelens forfatterstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend.


romanar ďťż 18


romanar

ragnhild kolden

FREDENS FROSNE HJARTE Tredje og avsluttande bok i sterk krigstrilogi

19

mai 1960. Krigen har vorte fjern og kan nesten synast gløymd. Krigsrøynslene har vorte til ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inne i fjellet og kunst­ målaren Bentein kjem til bygda, er krigens påtrengjande nærver der att – fullt av ­løyndomar og uoppgjorde synder. Med Fredens frosne hjarte avsluttar ­ agnhild Kolden sin kritikarroste krigs­ R trilogi om søstrene Vik. Første og andre band i serien heiter I krig og kjærleik og Krigens skugge.

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 3 1 u t g . aug u s t

s j å m e i r om t r i l o gi e n på nest e si de

ragnhild kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.


romanar

utdrag frå fredens frosne hjarte

Freden kløyvde tida i to med ein økseegg. Livet hennar, ein ikkje fullført roman. Ei påbyrja bok med kapittel stinne av hending og handling. Og så: ingen ting. Som om skribenten hadde slengt frå seg manuset og gått. Alt er så lenge sidan. Men ingen har gløymt. Ho sjølv stirer ut i verda. Passar på at verda ikkje stirer tilbake. Men Tea. Tea går her og ser på henne med trugsel i augo. Ho ligg vaken om natta og glaner i tømmerveggen. Mørker og einsemd. Andreas kjem inn til henne ein sjeldan gong. Seint om kvelden når garden er stille av søvn.

meldarsitat frå krigens skugge Eit truverdig portrett av ein lobotomert person, observert frå innsida. Det er vågalt gjort, men eg tykkjer Ragnhild Kolden kjem frå det med ståkarakter og vel så det. Odd W. Surén, Dag og Tid Eit oppgjer med den skammelege måten «tyskartøsene» blei behandla på gjennom heile etterkrigstida … utilgjort tradisjonell stil utan krusedullar, der den vitande tredjepersonforteljaren tar lesaren trygt gjennom den kronologiske handlingsgangen frå start til mål. Det kjennest godt, også fordi det er lett å vera med forfattaren i hennar humanistiske ærend. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

20


romanar ďťż 21

Sterk lo tri gi med handling frĂĽ etterkrigstida


romanar

markus lantto

BRUKEN AV GJEDDE Overskot av kvardagsleg absurditet markus lantto kombinerer mytisk materiale, historiske personar, obskure ­vitskaplege fakta med det svært kvardagslege livet. Gjennom brev, kontaktannonsar, anekdotar, observasjonar og eit rikt persongalleri, som mellom andre inkluderer Lantto sjølv, kjem mange forteljingar til syne. Vi møter eit overskot av kvardagsleg absurditet når Lantto med eit leikent blikk losar oss gjennom variasjonar over det ­underlege og eventyrlege livet her på jorda.

22

rom a n | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 8 6 u t g . Aug u s t

Debutant

markus lantto (f. f. 1973) kjem frå Masugnsbyn i Sverige. Han arbeider i Trondheim som kunstnar og instrumentbyggar. Bruken av gjedde er hans første bok.


romanar

marita liabø

PUSTEPROBLEM Lyst, skam og einsemd hedda skal tilbake på jobb etter ­som­marferien. Det skal bli ein fin haust. Ho skal vere full av energi og pågangsmot. Ho skal glede seg over alt ho har. Ho har eit godt forhold til kollegaer, og eit godt ­familieliv. Ho er ennå ung. Ho ser bra ut. Og ho drikk vel ikkje meir enn folk flest? I Pusteproblem følgjer vi ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt, som svik seg sjølv og dei ho er glad i. Marita Liabø skriv overtydande og nådelaust om lyst, skam og sjølvbedrag.

23

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 1 2 3 u t g . se p t e m be r

marita liabø (f.1971) debuterte med romanen Tempus fugit (Eide) i 1999, og har skrive ei rekkje bøker for vaksne og barn. Ho arbeider som fjernsynstekstar for NRK, og har vore spaltist i blant anna Dagbladet og Dag og Tid.


romanar

arild rein

ST. OLAV­ KOMPLEKSET Hardkokt spøkelsesforteljing frå forfat­taren av Stavanger-trilogien fritz hellman får brått ei melding om farens død. Det er 20 år sidan han såg både faren og barndomsbyen. Men no treng han pengar, og set seg på flyet for å få tak i si rettmessige arv. Men det skal vise seg at faren var ein heilt annan enn Hellman hadde trudd. Og heimbyen er som eit vrengjebilete av byen han vaks opp i. Hellman blir omringa av si mørke fortid, og i løpet av dette stadig meir draumeliknande opphaldet, der grensene mellom død og liv blir viska ut, prøver han å finne ut kva som skjedde med faren, og til slutt kva som er i ferd med å skje med han sjølv. Arild Rein er mest kjend for sine kontro­ versielle og samfunnskritiske romanar frå Stavanger si kriminelle underverd. Med St. Olav-komplekset har han levert sin mest originale Stavanger-roman til no.

24

rom a n | k r 2 9 9 ,– i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 2 8 7 i sa l

Leiken balansegang i ekstrem skitenrealisme (...) den Rein-romanen denne lesaren har hatt mest glede av. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Arild Reins Stavanger ligger et sted mellom bylandskapet i filmen Blade runner og en sang av Tom Waits. Bjørn Gabrielsen, Dagens næringsliv

arild rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane – første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.


romanar

terje sander

DAUDMANNALAND Ambisiøs science fiction om eit rikes undergang under ein svart himmel med eit endelaust giftig regn, ligg det ein by styrt av ein eldgammal Orden. Her er noko i ferd med å skje som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, vondt blod kokar i Ordenen, og framande kjem vandrande frå austlanda. Og i skjula sine vonar Skuggesjåarane at dei gamle spådommane snart skal bli sanna – spådommar om det store Mørket. Terje Sanders ambisiøse science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman – frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner og menn, herskarar og trellar, alle blir dei delar av ei historie som er større enn dei sjølve, ei historie om urett, hemn, opprør, død, undergang – og kjærleik.

25

rom a n | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 2 6 3 u t g . ok t obe r

Debutant

terje sander (f. 1982) kjem frå Fana i Bergen. Han arbeider som lærar i Odda. Daudmannaland er hans første bok.


romanar

nils henrik smith

SE ILDEN LYSE OVER JORD Om tap, einsemd og begjær ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skilt. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtalar han til å opprette ein facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med aust-europeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt. Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.

26

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 2 5 2 u t g . se p t e m be r

nils henrik smith (f. 1980) fekk i 2007 Tarjei Vesaas' Debutantpris for Manhattan Skyline, følgde opp med den kritikarroste romanen Austerrike i 2009, og gjer eit lenge etterlengta comeback med Se ilden lyse over jord.


romanar

pavel vilikovsky

EVIG GRØNT ER Europeisk klassikar endeleg på norsk pavel vilikovsky (f. 1941) er ein av dei viktigaste forfattarane i slovakisk samtidslitteratur, og satiren Evig grønt er er hans mest vidgjetne roman. Det er ein monolog utan like i verdslitteraturen, skriven under kommunismens forhøyrsregime og først utgjeven etter kommunismens fall. Som i forhøyrssamfunnets ålmenne atmosfære, er det noko uklårt kven som snakkar til kven: ein oberst til ein elskar, ein far til ein son, eller begge delar? Eller er det den indre monologen til ein noko forvirra eldre mann? Og kor mykje har den stigande rusen å seia for kva den namnlause forteljaren seier? Romanen er omsett av Anna og Jon Fosse, og Anna Fosse har skrive etterordet.

27

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 9 1 1 u t g . aug u s t

pavel vilikovsky (f. 1941) er ein av dei viktigaste forfattarane i slovakisk samtids- litteratur, og satiren Evig grønt er er hans mest vidgjetne roman.


romanar

lars mæhle

LINNÉS DYSTRE LÆRDOM Ny bok i serien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Da ho vaks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt. Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live? Linnés dystre lærdom er ein ­nervepirrande krim om den eine, ­avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.

28

k r i m | k r 369,– i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 1 0 9 u t g . aug u s t

Ny bok om psykolog og kickboksar Ina Grieg

lars mæhle (f. 1971) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002) og har gitt ut ei rekkje prislønte barne- og ungdomsbøker sidan. I 2011 gav han ut si første bok for vaksne, Korea. Noveller om kjærleik.


k r im

anne bergset oikonomaki

SMÅDJEVLANE Thriller med handling frå Kreta elsa fossevik tek vare på eit brev for ei norsk kvinne ho møter på Kreta. Kvinna forsvinn. Tilbake står Elsa med eit brev og ein mistanke om at alle som så langt har lese det, har blitt drepne. Andreas Linde er halvt gresk, halvt norsk, og spesialagent i Organization Europe 3. No er han på veg mot eit oppdrag han ikkje vil ha. Påstandar om ei planlagt likvidering av kurdiske barn har nådd greske styresmakter. Oppdraget Andreas har fått er å eliminere alle involverte. For å redde dei kurdiske barna må han stoppe båten før dei når fram til Kreta. Det blir ein kamp mot tida – og etter kvart ein kamp også for å redde Elsa. Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Romanen er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.

29

k r i m | k r 369,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 7 6 4 i sa l

Debutant

anne bergset oikonomaki (f. 1963) er frå Stryn, men har budd meir enn tjue år på Kreta. Der har ho fødd tre barn, plukka oliven og eigd ein bokhandel. I 2011 flytta ho tilbake til Noreg med barna. Ho jobbar no som lærar for innvandrarar i tillegg til at ho skriv romanar.


k r im

paula fox

LÅNT STAS Ei overlevingshistorie som vil få deg til å miste pusten 30

kort tid etter Paula Fox blei fødd i 1923, leverte foreldra ho på ein barneheim på Manhattan. Ho blei redda av bestemor si, og deretter levert frå hand til hand, frå New York til Cuba til California, og dei stadige møta med vennlege framande blei innimellom avbrotne av gjensyn med foreldra som ville låne ho for ei stund. I dette rørande portrettet om eit liv i tilfeldig flyt, har Paula Fox gitt oss eit sjeldan innblikk i kor mykje – og kor lite – eit barn treng for å overleve. Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane. Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox’ Desperate personar til norsk. Føreord av Brit Bildøen. Det er en helt glitrende realistisk skildring av et middelklasse-USA som går til helvete (…) det er ganske ekstreme saker, forsterket av Fox suverene skrivestil, direkte, usentimental, tilforlatelig. Cathrine Krøger, Dagbladet

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 3 6 7 i sa l

Et lite stykke Amerika (...) Paula Fox skriv knitrande og klart og med eit absolutt gehør for minne frå sin eigen oppvekst. Margunn Vikingstad, Morgenbladet

paula fox (f. 1923) er ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Ho har skrive skjønnlitteratur for både barn og vaksne. Fox’ strålande 70-talsromanar har fått ein renessanse dei seinare åra etter å ha blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar. Bøkene blir omsett til stadig nye språk, og får gode kritikkar. Romanen Desperate personar kom på norsk i 2010.


omset t e romanar

anna gavalda

BILLIE Berre den som har falt, kan lære å fly billie og franck er to utskot. Ho frå ­fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn deisaman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande – akkurat slik vi likar Gavalda best. Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.

31

rom a n | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 6 2 u t g . aug u s t

Selt

200 000 i Frankrike

sjå meir av bok a på nest e si de

anna gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til 36 språk.


omset t e romanar

Anna Gavaldas styrke er den friske, lekne og treffende ­dialogen...
 Per Randers Haukaas, Bergensavisen

32

Anna Gavalda skriver godt. Ikke minst er hun en djevel med dialoger, og denne muntligheten blir i alle fall ikke mindre treffende i Tove Bakkes gode oversettelse. Anne Cathrine Straume, NRK Stilen hennes er sår morsom og presis på en muntlig og liksom-sleivete måte slik vi kjenner henne og fortellingen domineres som før av ukommenterte dialoger. Tonje Vold, Dagsavisen

Anna Gavalda (f. 1970) kom inn i det franske litterære landskapet som ein frisk pust då ho debuterte i 1999 med novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg. I 2004 kom den internasjonale best­seljaren Saman er ein mindre aleine som er omsett til 36 språk. Boka vart ein stor suksess over heile vera, også i ­Noreg. Her har boka selt i over 100 000 eks.


omset t e romanar ďťż 33


omset t e romanar

oskar stein bjørlykke

For deg Poetiske livsrefleksjonar oskar stein bjørlykkes nye diktsamling tematiserer både angst, trøyst, forsoning og kamp for rettferd. Bjørlykke gir oss enkle, varsame dikt, der til og med små utvidingar blir eksplosive. Han har mot til å formulere det store og kosmiske rett på, samstundes som det nesten alltid er kroppsleggjort eller bunde til det konkrete. Samlinga glir inn i eit relasjonelt rom og vekslar mellom eit jordisk og eit kosmisk «du», som ofte glir inn i eller speglar kvarandre. For deg er ein refleksjon over livet, og ei diktsamling vi kan gå til for å finne gjenkjenning og også for å lære noko om oss sjølv og dei som står oss nær.

34

ly r i k k | k r 2 6 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 2 8 u t g . aug u s t

oskar stein bjørlykke (f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg k ­ onfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og ­modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv.


essay, ly r ik k , dr ama

olav h. hauge

OLAV H. ­H AUGES ­VAKRASTE DIKT

35

Ny gåvebok med Hauges dikt olav h. hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok. Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar.

ly r i k k | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 9 5 6 u t g . se p t e m be r

sjå meir av bok a på nest e si de

olav h. hauge (1908–1994) er den fremste n ­ orske ­lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og ­modernist. Han debuterte som forfattar i 1946. Den ­folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.


essay, ly r ik k , dr ama

ol av h. 36

Din veg Ingen har varda den vegen du skal gå ut i det ukjende, ut i det blå. Dette er din veg berre du skal gå han. Og det er uråd og snu. Og ikkje varda du vegen du hell. Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell.


essay, ly r ik k , dr ama

. hauge

37

Du var vinden Eg er ein båt utan vind. Du var vinden. Var det den leidi eg skulde? Kven spør etter leidi når ein har slik vind!


essay, ly r ik k , dr ama

eva jensen

VIDARE­ UtDANNING I LYS OG skugge

38

Nærbilete frå kvardagen den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen inneheld bilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur. Det nordnorske landskapet står sentralt, men reisene fører oss ut i Europa. Dermed skapar tekstane eit spenn mellom heimkjensle og heimløyse, mellom det store og det små. Jensen har eit omsorgsfullt blikk for detaljar: dei minste ting og dei minste rørsler blir rekna med, og minne om barndom, slekt og venner blir løfta fram som fragment av eit større livsbilete.

ly r i k k o g p ro sa | k r i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 4 7 1 i sa l

249,–

eva jensen (f. 1955) vaks opp i Salangen i Troms og er busett i Tromsø. Sidan debuten i 1984 har ho gitt ut ei rekkje bøker for vaksne, ungdom og barn. Jensen viser stor allsidigheit når det gjeld sjangrar, ho skriv både dikt, noveller, romanar, essay og artiklar, arbeider som gjendiktar og omsetjar. Stikkord for forfattarskapen er høgt språkleg medvit og vid litterær orientering.


essay, ly r ik k , dr ama

jannis ritsos

VITNE­ UTSEGNER Gresk klassikar for første gong på norsk poesien til den greske Jannis Ritsos (1909–1990) går frå det politiske til det djupt personlege. Kommunistrørsla og poesien var dei drivande kreftene i livet hans, og fordi diktinga hans ofte hadde politisk karakter blei han forfølgd, internert og sett i husarrest. Først i 1974 blei Ritsos endeleg sett fri. Dikta i denne samlinga blei til i åra mellom 1957 og 1967 og er vitnesbyrd både om politiske og eksistensielle sanningar. Ritsos stansar ved ein observasjon eller ei hending og vrir på surrealistisk vis om på objektet slik at diktet får ei grenseoverskridande eller sprengande meining. Sjølv om vi kan spore den aktive politiske kampen i diktinga hans, er dikta hans så mykje meir. Dei målber ein kamp for livet vi alle lever. Det er første gong eit komplett verk av Ritsos blir gitt ut på norsk. Arve Brunvoll har gjendikta boka frå gresk, og har også skrive etterordet.

39

ly r i k k | k r 2 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 2 4 8 u t g . se p t e m be r

jannis ritsos (1909–1990) blir rekna som ein av dei fire store greske lyrikarane på 1900-talet. Med ­Vitneutsegner blir for første gong eit komplett verk av han utgitt på norsk.


essay, ly r ik k , dr ama

tora seljebø

OM KVELDEN BLIR NAMNA ROPA HEIM

40

Om å vekse og å bli til tora seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur. Det handlar om å kjenne seg att og finne trøyst i naturen, meir enn mellom menneska, om å ha odel på ei jord som ikkje kan dyrkast. Ei bok om sorg som ikkje blir tala om, om å vekse og om å bli til.

ly r i k k | k r 2 5 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 4 8 i sa l

Tora Seljebø har skrive nødvendige dikt, sterke i innhald og gjennomarbeidde i form. Tore Elias Hoel, Dag og Tid Seljebø debuterer seint, men når hun først gjør det, setter hun standard. Fartein Horgar, Adresseavisa

Debutant

tora seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.


essay, ly r ik k , dr ama

einar økland

STATsMINISTER­BOKA Ei bok for heile folket og for stats­ministeren denne Statsminister-boka er ei bok for deg! Det er ei samling enkle, men ulike dikt som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor lang tid det kan ta frå levering av manu­ skript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein statsminister verdig.

41

ly r i k k o g p ro sa | k r i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 9 5 i sa l

249,–

Ei lita perle. Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

einar økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Økland feira 50 år som forfattar i 2013. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.


essay, ly r ik k , dr ama

jon fosse

Hav teaterstykket Hav hadde urpremiere under Festspela i Bergen i mai 2014. Regissør var Kai Johnsen, mannen som i 1994 også sette opp det aller første Fosse-stykket. På dei 20 åra sidan dramatikardebuten er Jon Fosse sin dramatikk omsett til meir enn 40 språk, og stykka hans er sette opp over tusen gonger. I stykket Hav møter vi Skipsføraren, Gitarspelaren, to menn og to kvinner. Stykket er umiskjenneleg Fosse. Vi er i ein mellomtilstand, eit grenseland, i eit ingenting der tid og stad er oppløyst, men Skipsføraren styrer og Gitarspelaren speler.

42

dr a m at i k k | k r . 2 6 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 0 2 7 i sa l

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


essay, ly r ik k , dr ama

jon fosse

NÅR EIN ENGEL GÅR GJENNOM SCENEN OG ­A NDRE ESSAY jon fosse har gjennom åra gitt ut to essaysamlingar, Frå telling via showing til writing og Gnostiske essay. Deretter tok han farvel med teorien og valde diktinga. Eit redigert utval frå desse to bøkene er samla her. Dette utvalet kjem også ut mellom anna på tysk og engelsk. Fosse sine essay er ei rik kjelde for den som vil bli kjend med blant anna Fosse sitt syn på litteratur og teater. I dette utvalet er det dei meir litterære essaya som er tekne med, men du finn også meir personlege essay som til dømes «Min kjære nynorsk», «Gamle hus» og «Han som ikkje ville bli lærar».

43

e s say | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 3 8 i sa l

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


essay, ly r ik k , dr ama

georg büchner

WOYZECK Samfunnskritikk og svart humor georg büchners Woyzeck er den største og viktigaste klassikaren i tyskspråkleg dramalitteratur. Stykket er eit marerittaktig fragment basert på ei sann historie om Woyzeck, ein soldat som drap kjærasten sin i Leipzig i 1821. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner soldatens desperasjon. Det er ei samfunnskritisk historie med innslag av svart humor. Woyzeck sel seg for tvilsame medisinske eksperiment i den daglege kampen for å overleve. Fysisk og psykisk øydelagt blir han paranoid, og då han oppdagar at kjærasten hans er utru, lyttar han til stemmene i hovudet sitt og tek livet av henne. Verket blir stadig sett opp i ulike versjonar utan fastlagd rekkjefølgje på scenane, sidan Büchner døydde før han fekk fullenda verket. Rekonstruksjonen til Werner R. ­Lehmann er den som ligg til grunn for dei fleste oppsetjingar og omsetjingar, og den ligg også til grunn for Jon Fosse si omsetjing. Woyzeck blir spelt på Det Norske Teateret hausten 2014, i regi av regissøren Robert Wilson med musikk av Tom Waitz.

44

dr a m a | k r 2 5 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 6 6 u t g . aug u s t

georg büchner blei berre 23 år gammal. Han vart fødd i Darmstadt i 1813 og og døydde i Zürich i 1837. Han var då ferdig utdanna lækjar, og hadde skrive Woyzeck. Büchner rakk òg å skrive stykka Dantons død og forteljinga Lenz, som begge har sin plass i verdslitteraturen. Omsett av Jon Fosse. Utgitt i dramaserien, redigert av Jon Fosse.


essay, ly r ik k , dr ama ďťż 45

Pocket


essay, ly r ik k , dr ama

ragnhild kolden

KRIGENS ­S KUGGE Del to i sterk krigstrilogi på ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred. Krigens skugge er den andre boka i den kritikarroste krigstrilogien om søstrene Vik. Eit oppgjer med den skammelege måten «­ tyskartøsene» blei behandla på gjennom heile etterkrigstida … utilgjort ­tradisjonell stil utan krusedullar, der den vitande tredjepersonforteljaren tar lesaren trygt gjennom den kronologiske handlingsgangen frå start til mål. Det kjennest godt, også fordi det er lett å vera med forfattaren i hennar ­humanistiske ærend. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

46

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 9 6 3 u t g . aug u s t

Eit truverdig portrett av ein lobotomert person, observert frå innsida. Det er vågalt gjort, men eg tykkjer Ragnhild Kolden kjem frå det med ståkarakter og vel så det. Odd W. Surén, Dag og Tid

ragnhild kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik, ei klok og medrivande framstilling av dobbeltagentverksemd under den andre verdskrigen. Ho følgde opp med Krigens skugge i 2012, og med Fredens frosne hjarte avsluttar Kolden krigstrilogien om søstrene Vik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.


pock et

jan roar leikvoll

SONGFUGLEN handlinga i denne romanen er lagt til ein namnlaus by, befolka av kvinner og forbode for menn. Jakoba veks opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta. No som han er i ferd med å bli ein ung mann, blir hemmelegheita vanskelegare å halde skjult. Og når tanta brått døyr, trer Jakoba ut av det trygge tilveret: Han er i livsfare i sin eigen by. Samstundes trugar og lokkar brøla frå mannfolka i skogen utafor. Han forelskar seg i den vakre tenestejenta Tikva, og står framfor eit avgjerande val. Den vakre songstemma hans kan redde han, men om han blir songar, vil han då miste Tikva for alltid? I denne romanen befester Jan Roar Leikvoll sin posisjon som en av de sterkeste og vakreste stemmene i norsk samtids­ litteratur. Anne Schäffer, Bergens Tidende

47

p oc k e t | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 0 0 i sa l

Enda en gang har Leikvoll skrevet en roman som drives av nysgjerrighet: Hva er et menneske? Det er umulig å ikke bli preget av Leikvolls kunstneriske vilje til å bore videre i mysteriet mennesket. Leikvoll befester sin posisjon som en ­forfatter som, på linje med Karl Ove Knausgård og Lars Saabye Christensen, ikke skygger unna menneskenaturens dypeste lag. Der nede er det bekmørkt. Eskil Skjeldal, Vårt Land

jan roar leikvoll (f. 1974) har hausta strålande kritikkar for sine fire første romanar. Han er kjend for å skildre brutale og rå eksistensar, i eit omsorgsfullt og vakkert språk. Leikvoll fekk den prestisjetunge prisen Stig Sæterbakkens minnepris 2013 og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.


pock et

lars mæhle

DEN MØRKE PORTEN Første bok i krimserien om psykolog Ina Grieg ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same type åstad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tidlegare. Psykolog Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Snart skjønar ho at dei står overfor ein iskald drapsmann. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i den nervepirrande jakta, ikkje minst sine eigne. Romanen er allerede solgt til et tysk forlag, og la det være sagt med en gang: Dette kan bli et utmerket tilskudd til varemerket «Nordic noir» … en medrivende spenningsroman med en løsning som er akkurat passe vanskelig å gjette seg til, og en antiheltinne vi gjerne får på besøk igjen. Ola A. Hegdal, Dagens Næringsliv

48

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 7 1 0 u t g . Aug u s t

Lars Mæhle har skrevet en suggererende thriller hvor mennesker med stor evne til det gode, drives gjennom den mørke porten – og ikke finner veien ut igjen. Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad

lars mæhle (f. 1971) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002) og har gitt ut ei rekkje prislønte barne- og ungdomsbøker sidan. I 2011 gav han ut si første bok for vaksne, Korea. Noveller om kjærleik. Den mørke porten (2013), den første boka i krimserien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg, blei selt til Tyskland og Italia. I 2014 kjem den andre boka om Ina Grieg, Linnés dystre lærdom.


pock et

agnes ravatn

FUGLE­ TRIBUNALET

Fengslande roman om skam, skuld og soning tv-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å byrje med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei moglegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggjande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny? Vinnar av P2-lytternes romanpris og Ungdommens kritikerpris

49

p oc k e t | k r 1 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 8 7 4 i sa l

Stilsterkt og flott fortalt om to ruskete sjeler under samme tak. Maria Årolilja Rø, ­Adresseavisen Dirrer av nerve, spenning og overskudd (…) om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket. Terningkast 6. Linda Klakken, Natt & Dag

agnes ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.


pock et ďťż 50


snik l esing ďťż 51

Sniklesing


snik l esing

Les om boka på s. 11 52

brit bildøen (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Ho har fått strålande kritikkar for romanane Alt som er (2004), Mitt milde vesen (2006) og Adam Hiorths veg (2011). Ho har også omsett fleire bøker, mellom anna Pia Juuls Mordet på ­Halland (2010) og Patti Smiths Just kids (2012).


sju dagar i august

snik l esing

utdrag frå

trekronene duva over vegen på den sida der han sat, ugras fossa fram frå sprekkar i berget. Litt regn, og så var alt i gang igjen. Heile maskineriet. Inn gjennom vindauget på sjåførsida stakk ­­sjøen med tynne lysnåler. Sofie lente seg attover i setet og lét att auga. – Det må vere ei ulykke, sa Otto. – Eg trur eg må dra rett på jobb, sa Sofie. – Da får du nesten køyre meg heim først, eg må skifte. Sofie kasta eit blikk bort på han og nikka. Sjølv hadde ho funne eit reint dongeriskjørt på hytta, eit som rakk nedanfor knea, saman med den blå toppen fekk det tene som arbeidsantrekk. Ho kunne ikkje risikere å komme for seint til avsparkmøtet. Karin hadde sendt henne ei tekstmelding om at det hadde vore mykje publikum innom i løpet av helga, særleg søndag. Bra for oss, tenkte ho. Bra for Wegelmann. Dei velkjende smertene kom stille krypande tilbake i skuldrer og hofter. Det verkte også rundt flåttbittet, sjølv om hevinga hadde gått litt ned i løpet av natta. Små strengar av smerte gjekk frå handleddet og oppover mot olbogen. Der har vi det, tenkte ho. Gifta er på veg mot hjartet. – Eg veit ikkje om eg har klart å sikre hytta godt nok. Det er ingen som kan ta den jobben før ut i oktober. – For meg verka det som du gjorde ein veldig solid jobb.

53


rulla ned vindauget og lente seg ut, prøvde å få eit glimt av kva som

snik l esing

Køen løyste seg litt. Dei kraup fram, eit par meter om gongen. Otto skjedde lenger framme. – Politi og ambulanse, annonserte han. – Det ser ut som ein ­kollisjon. Snart var dei framme ved ein politimann som dirigerte bilane forsiktig forbi ulykkesstaden. – Ikkje sjå, sa Otto. Sjølv strekte han hals. Ein varebil halvveges uti grøfta, framfor den ein liten personbil med heile eine sida trykt inn. I kaoset såg han gneistane frå ein skjerebrennar. – Du sa at eg ikkje skulle sjå, kom det frå Sofie. Og så: – Kva ser du? – Dei held på å skjere ut nokon frå vraket. Otto sa ingen ting om den slappe handa som hang i ein underleg vinkel ut av glaset, eller ungen som ei politikvinne prøvde å dra vekk. Men Sofie høyrde hyla. – Ser det alvorleg ut? – Ja. Det låg bak dei no, men speglane fanga framleis opp det pulserande blålyset frå politibilen. Sofie pusta. Inn gjennom nasen, ut gjennom munnen.

54


– Eg såg noko. Men eg kan ikkje seie kor skadd ho var.

snik l esing

– Du såg det, ikkje sant?

– Så det var ei kvinne? Han nikka. – Eg er ganske sikker på det. Armen hadde vore brun og spinkel. Var det hovudet hennar han hadde skimta innanfor det splintra glaset? Eller mante han det fram? Ein bøygd nakke, eit hovud som hang framover, hår som fall ned, skjulte ansiktet. – Korleis sat ho? Blødde ho? – Sofie, hald opp. Dei køyrde taust vidare, glei gjennom dei nye, effektive trafikkmaskinene. Gatene smalna, bygardane reiste seg, fortau og vegbane flaut over med syklistar, ungar på sparkesyklar, hundar som dansa hit og dit i banda sine. Sofie saktna farten, blinka seg inn i Jens Bjelkes gate, måtte stoppe for ein ungeflokk. Ein barnehage på tur. Alle med små, grøne refleksvestar, to og to, hand i hand, skravlande og opprømte. På veg mot Veksthuset, eller kanskje Tøyenbadet. Bak den vesle flokken låg gata som ein tunnel av lys. Sofie slo ned solskjermen. Nabolaget deira kunne vise seg som to heilt forskjellige verder frå den eine dagen til den neste.

55


snik l esing

Les om boka på s. 23 56

MARITA LIABØ (f. 1971) har skrive ei rekkje bøker og antologibidrag for vaksne og barn. Ho arbeider som fjernsynstekstar for NRK, og var tidlegare spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.


snik l esing

utdrag frå

pusteproblem pisset hennar luktar verre enn piss. Ho må drikke meir vatn, hatar denne lukta, hatar luktene kroppen produserer. Dei står ikkje i stil med det ytre. ”Skam, skam, på veggen der, kven er finast i lokalet her?” Kroppen er ureieleg. Ho vil at han skal gi henne glede, berre glede. Ho har ikkje grisebust, har ikkje problem med knea eller ryggen, er sjeldan dårleg i magen, blir gravid når ho vil, har aldri abortert, ja, ho er som skapt for å formeire seg, blir ikkje spysjuk, har ikkje fått bekkenløysing, har ikkje dissemage. Ho føder gladeleg igjen, vil ha ein stor familie, mengder av kjærleik. Før var ho einsam, sjølv blant folk. På førelesningar og lesesalar og dansegolv og strender. Har ein ungar rundt seg, er ein aldri einsam. Ho skal leve lenge, bli bestemor til mange. Ho må le: Ho skal bli bestemor, med grått hår, eit godt fang, opne armar. Det er umogleg å førestille seg. Livet som pensjonist. Jostein og ho. Han ville ha nekta rungande, hadde ho sagt at ho vil ha ein unge til. Men så er det ho som sit med kroppen. Ho kan ta ut spiralen kva tid som helst. Blir ho gravid, så blir ho gravid. Blir ho ikkje gravid, sigrar naturen. Ho kan dra han ut her og no. Det er ikkje verre enn å dra ut ein tampong, har ho høyrt. Tråden er berre litt tynnare. To tynne trådar. Det gjer ikkje vondt, seier dei. Nokon tar i døra, vil inn. Ho skal berre føre peikefingeren inn, kjenne etter, ja, kjenner tråden, får tak i tråden, trekker forsiktig, kjenner motstand, ventar på ei ilande smerte, stålset seg. Ho som vil inn, bankar på. Hallo. Folk må tole å vente litt. – Går det bra der inne? spør mennesket. Han er ute. Ein liten dings. Ein pinne med litt ståltråd. Litt kvitt slim. – Gi meg tretten sekund, roper ho. – Tel til tolv.

57


(...) Han kjem til henne i storfriminuttet, står og heng utanfor døra til arbeidsrommet, rettar seg opp idet ho kjem ut for å gå til pauserommet for å ete. – Lærar, seier han, har dette blikket igjen. Ho smiler kjølig, men kjenner seg valen. Det er ikkje ofte ein elev oppsøker henne i storfriminuttet. Då går dei gjerne til nærmaste senter eller matbutikk. Nicholas speler gjerne fotball, er alltid i lag med ein gjeng, er populær. Han har foreldre med gode jobbar, har ho inntrykk av. Han manglar ikkje noko. Kanskje han er bortskjemd. – Eg må snakke med deg, seier han. Ho nikkar, liksom spørjande, og han tar eit steg nærmare. Vettet kan komme til å dampe vekk i den reine, varme pusten hans. – Ikkje her, legg han til. – Ein annan stad. Fredrik kjem ut, stryk forbi dei, går i retning pauserommet. – Vi har eit grupperom. Og ho går, og han følger etter. Ho kjenner seg nesten rusa. ”Vi har eit grupperom.” Er det så smart? Ho er liksom ferdig med grupperommet, skal ikkje ned dit igjen, bør stoppe opp, tenke seg om, eller skyve tankane unna, tanke på tanke: Jostein ser på henne, ligg i hovudet ein stad, skyt

snik l esing

Ho kastar spiralen i søppelbøtta, dyttar han ned under haugen av papir, vaskar hendene, smiler til seg sjølv i spegelen, kjenner seg yr, yrare enn på lenge. I fri flyt. Ho må nyte det. Ho blir tidsnok ei av kjerringane ingen snur seg etter. Jostein, derimot, skal elske henne til ho døyr, og ho skal aldri vere utru igjen, ikkje eingong kline med nokon. Det var idiotisk, det i stad, og no skal ho gå.

58


snik l esing

blikk. Han står vel ute i naturen ein stad. Dei filmar omtrent berre ute. Ho burde oppsøke naturen, ta med ungane ut i naturen. Ho burde gå i fjellet, aleine. Jostein sa ho burde ta ein tur heim til foreldra sine, berre ho, ta ein pause. Men kva skal ho gjere der? Sitte i ein stol og tenke? Sjå på tv? Gå gatelangs, møte gamle kjenningar, prate overflatisk? ”Ja, vi må ta ein øl, men ikkje i kveld, for eg må drikke te og reflektere. Eg har nemleg vore veldig usikkeleg, og ektemannen min har sendt meg hit, kanskje fordi han elskar meg, kanskje fordi han har slutta å elske meg?” Ho burde ta ein tur til London eller noko, der ingen kjenner henne. Men ho kan ikkje sjå for seg det heller. Gå og tenke, sitte og tenke, men ikkje på pub, ikkje drikke ein jævla sider eingong, aleine. Ho vil ikkje vere aleine. Ho må knyte band, skal vere open, sjølv for elevar. Han vil berre snakke med henne. Og dei møter ingen i trappa, ingen i kjellaren. Ho bankar på døra inn til grupperommet, opnar, og han går inn, og ho lukkar døra bak seg, slår ikkje på lyset, blir berre ståande med ryggen mot døra, kjenne leppene prikke, hjernen sitre. Han står midt imot, alvorleg. Han er ikkje like sjølvsikker no. Same kor kule dei er, er dei sarte, usikre, usjølvstendige. – Ja? Kva var det du ville snakke med meg om? Og han opnar munnen, som for å seie noko, men nei. Ho må lukke auga, blir sliten av dette. All vurderinga. All avveginga. Men no står ho eingong her. Vil han ha henne, skal han få henne. Ho skal seie opp, skal ut av sporet ho har rota seg inn i, finne eit nytt spor. Dei skal heller få sakne henne. Kompetansen hennar. Det sorglause lynnet. Ho skal finne ein ny skule ein heilt annan stad, lyse opp der. Og ikkje slik. Ho skal vere fagleg kompetent. Ein god pedagog. Og ho ser jo det, idet ho opnar auga igjen, at alt han vil, er å ta steget fram, og han gjer det.

59


snik l esing ďťż 60


e-bøk er  61

E-bøker frå Samlaget Frå 2010 har vi gitt ut det meste av ny norsk prosa for ungdom og vaksne på e-bok samstundes med papirboka, og det kjem stadig nye e-bøker frå backlistkatalogen.

e-bøkene er til sals mellom anna på iBookstore www.ebok.no www.ark.no www.norli.no www.tanum.no www.bokkilden.no www.digitalbok.no www.haugenbok.no www.bokkilden.no


e-bøk er  62


bar ne- og u ngdomsbøk er 63

Barne- og ungdomsbøker


Lesetrening på app! Gode historier, fengjande tema, lettlesen tekst. Underhaldande og engasjerande lettleshistorier som er tilpassa barnas interesser og lesekunnskap.

bar ne- og u ngdomsbøk er

Lesetrening på app!

64

Leseland, for barn som lærer å lese nivå ein ny i leseland

nivå to kom i gang

Bøkene eignar seg for barn som nett har byrja å lære å lese.

Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.

Tekstmengda aukar litt. Historiene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 5–10 ord per side.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 15–25 ord per side.

nivå tre lesevennen

nivå fire leseproffen

Bøkene eignar seg for barn som byrja å knekke lesekoden, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og byrja å bli uthaldande i lesinga.

Tekstmengda aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.

Tekstmengda aukar, og historiene er meir komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side.

Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30–50 ord per side.

Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70–90 ord per side.


bar ne- og u ngdomsbøk er 65

leseland stimulerer og inspirerer ferske lesarar. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar delte inn i fire ulike lesenivå. Bøkene vil finnast både som appar og papirbøker. Leseland-appane kan lastast ned frå Googleplay og App-store. Vinteren 2015 kjem det 15 nye Leseland-papirbøker.

• • • • • •

Fire lesenivå basert på barnas leseerfaring Tilpassa innhald, tekstmengd og ordforråd Lettlesne skrifttypar som fremjar leseflyten Spreke, fargerike illustrasjonar For både leseflinke og lesesvake barn For både gutar og jenter


Den nynorske bildebokskatten tilgjengeleg i appen Samlaget Barnebøker bokhylla gjer den rike bildebokskatten til Samlaget tilgjengeleg på digitalt format, alt frå Ein motig maur av Tarjei Vesaas til Jakob og Neikob-bøkene av Kari Stai. Rundt 50 titlar er klare hausten 2014, inkludert dei 8 Leseland-appane. Bokhylla kan lastast ned frå App-store og Google-butikken. E-bøkene har lydspor for teksten, lydeffektar, og nokre av dei har animasjonar. Lettlestbøker i Leseland-serien vil også vere tilgjengelege frå bokhylla.

bar ne- og u ngdomsbøk er

Samlagets biletbokskatt – no som bok-appar

66


bar ne- og u ngdomsbøk er 67


bar ne- og u ngdomsbøk er

Småbarnsserie 3–6 år Frå Mari og Magnus hos bestemor

68

Mari og Magnus får katt i den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag – gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike med Jonas! Den enkle historia rommar store kjensler og dramatikk, og ender heldigvis godt. Ei bok som vil sjarmere og engasjere små lesarar!

i sbn:

9788252182606

| kr

159,–


bar ne- og u ngdomsbøk er 69

Mari og Magnus fly ttar inn

MARI OG ­MAGNUS OG SMOKKE­TJUVEN

mari og magnus er søsken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein ny flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

mari og magnus går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt.

i sbn :

978825217 9 8 1 1

| kr

i sbn:

9788252180275

| kr

159,–

1 5 9 ,–

Dette er gode bøker for de aller minste. Cathrine Krøger, Dagbladet Spennende historie og velkjente utfordringer. Bladet Mamma Gjenkjenneleg barnehagedrama med fint driv. Gerd Elin Stava Sandve, ­Dagsavisen

Finst også som appar!


bar ne- og u ngdomsbøk er

inger landsem og ruth lillegraven

MARI OG ­MAGNUS HOS BESTEMOR

70

Ei koseleg forteljing om første gongen ein skal sove borte mari og magnus skal overnatte heimanfrå for første gong. Det er både skummelt og fint, men heldigvis er det bestemor og hunden dei skal overnatte hos! Denne fjerde og siste boka i den sjarmerande serien om søskena Mari og Magnus har alt eit vellykka bestemorbesøk skal ha: aking, bollebaking og trygge, gode bestemor når kvelden kjem med heimlengt …

bi l e t bok | k r 1 5 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 0 7 | i sa l

dei andre bøkene i serien (finns også som appar): Mari og Magnus f lyttar inn Mari og Magnus får katt Mari og Magnus og smokketjuven

Dette er en koselig bok som handler om den første gangen man skal sove borte. Historien er enkel, lærerik, litt spennende og passe lang. Inger Landsem har laget fine, detaljrike illustrasjoner, som gir en god visualisering av historien. Det er lett å forstå hva som skjer. Denne flotte boken er liten, og ikke større enn at den passer i en barnehånd. Den egner seg svært godt til høytlesning, og som godnattbok etter en lang og aktiv dag. Mari og Magnus hos bestemor er en varm og god bok for de aller minste barna. Beate Ellingsen, HeartArt

inger landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstar og har mange utstillingar bak seg.

ruth lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar.


bar ne- og u ngdomsbøk er

kari stai

JAKOB OG ­NEIKOB OG DET TOMME ROMMET

71

Endeleg er radarparet Jakob og Neikob tilbake! «Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt. – Vi treng ein sambuar, seier Neikob.» radarparet Jakob og Neikob er tilbake, og denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner. Den tredje boka om Jakob og Neikob handlar om dei store tinga i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

bi l e t bok | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 6 4 1 u t g . aug u s t

Finst også som appar!

sjå meir om ja kob o g n e i kob p å n e s t e si de

kari stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. For dei to andre bøkene om Jakob og Neikob har ho mellom anna fått Kulturdepartementets debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen. Bøkene er selde til fleire land, mellom anna India, Danmark og Frankrike.


bar ne- og u ngdomsbøk er

Endeleg er radarparet Jakob og Neikob tilbake!

72


bar ne- og u ngdomsbøk er

minnar om...

73

Jakob og Neikob kr

229 , –

i sbn :

978825217 0 8 7 0

Jakob og Neikob. T juv en slår tilbake kr

2 2 9 ,–

i sbn:

9788252180480

Jakob & Neikob appar kari stai har vunne både Brageprisen og Kritikarprisen og Kulkturdepartementets barnelitteraturpris for bøkene om ­Jakob og Neikob. Dei er også omsette til mange språk. Dei første to bøkene finst som appar, også i ein engelsk versjon; Yesper and Noper. k r 49,-

Appane er å få kjøpt i App Store og Google Play

JA! NEI!


bar ne- og u ngdomsbøk er

erna osland inger lise belsvik (ill.)

Under EIN STEIN

74

Ei bok om små dyr Løft på ein stein! mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løfter på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Erna Osland har laga ei fagbok om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein og skolopender. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.

fa k ta f or ba r n | k r i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 9 0 i sa l

249,–

erna osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger, men bur på Byrkenesøy i Sogn.

inger lise belsvik (f. 1961) er grafikar, teiknar, ­illustratør og forfattar. Ho meistrar den fine balanse­ gangen mellom tolking og meddikting, og ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker».


bar ne- og u ngdomsbøk er

odd nordstoga (red.)

SONG FOR DEG OG MEG Songskattar, viser og populære songar odd nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av. Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.

75

songbok | k r 2 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 4 5 0 i sa l

sjå meir av bok a på nest e si de

odd nordstoga (f. 1972) er musikar, artist og forfattar. Barn kjenner musikken hans mellom anna frå kjende seriar på barne-TV. I 2004 fekk han Spellemannsprisen for plata Luring, og har skrive ei rekkje populære songar for både born og vaksne.


bar ne- og u ngdomsbøk er 76

«Tida går fort. For elleve år sidan kom denne songboka ut for fyrste gong. Den gongen var det tjue år sidan Samlaget hadde gjeve ut ei songbok for barn. Song for deg og meg har vore ein stor suksess. Og for underteikna er boka spesiell, sidan det var til den eg komponerte melodien til Kveldssong for deg og meg. Song for deg og meg er meint som ei bruksbok! Me vonar den også i «nyoppussa» utgåve vil koma til nytte i klasserom, barnehage eller heime.» Odd Nordstoga i forordet til Song for deg og meg


Blåmann, Blåmann, bukken min, tenk på vesle guten din! Bjørnen med sin lodne fell kan deg taka seint i kveld. Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si. Så ikring seg ho mund' sjå liksom der var fare på. Det såg ut som der var naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv; ja, du ville vekkja meg opp til leiken din med deg. Du var sprek og glad og god, all mi ros du vel forstod. Tidt du veit eg sa til deg: «Han veit meir enn mata seg.» Blåmann, Blåmann, svar meg no, mekra med ditt kjende ljod! Ikkje enno, Blåmann min, må du døy frå guten din.

bar ne- og u ngdomsbøk er

Blåmann

77


bar ne- og u ngdomsbøk er

tone nørvåg

POLITIHUNDEN FALK PÅ FARLEG OPPDRAG

78

Radarparet Hanne og Falk på leit etter sakna gut ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg! Dette er den tredje boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne. Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad.

6-9

år | k r 1 8 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 5 2 u t g . se p t e m be r

tone nørvåg har vore politi på Sunnmøre i mange år og kjenner stoffet sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge delar.


bar ne- og u ngdomsbøk er

magnhild bruheim

MOTORSYKKEL­ MYSTERIET Første bok i spenningsserien om Stian og Stine stian og stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar. Magnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fleire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!

79

9 - 1 2 år | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 8 5 3 u t g . aug u s t

Ny spenningsserie for mellomtrinnet

magnhild bruheim (f. 1951) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.


bar ne- og u ngdomsbøk er

bertram & schulmeyer

COOLMAN OG KAI kai har sin heilt eigen Skybert, nemleg Coolman, som aldri lar han vere i fred, og som steller i stand den eine katastrofen etter den andre. Vår helt Kai kjem opp i dei vanskelegaste og mest utrulege situasjonar på grunn av ei irriterande og uregjerleg storesøster og usynlege Coolman som alltid kjem med dårlege råd og sett Kai i knipe. Livet med Coolman er aldri kjedeleg, og heller aldri lett! I Coolman og Kai er det kort mellom latterbrøla, og dei som er fan av Pingles Dagbok vil få nye yndlingar, nemleg Coolman og Kai! Omsett av Ragnar Hovland.

80

9 – 1 3 år | k r 1 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 7 0 i sa l

rüdiger bertram (f. 1967) er frilans­ journalist og forfattar. I tillegg til å skrive barnebøker, skriv han komedie og satire for film og fjernsyn. Coolman-serien som han har skapt saman med Heribert Schulmeyer, har hatt stor suksess i Tyskland og er seld i 50 000 eksemplar. heribert schulmeyer (f. 1954) er ­illu­stratør og teikneseriefantast. Saman med Rüdiger Bertram har han hatt stor suksess med bøkene om Coolman, som til no har seld i 50 000 eksemplar i Tyskland.


bar ne- og u ngdomsbøk er

laura djupvik illustrert av åshild irgens

GOD DAG, Herr JUL!

81

Moderne juleforteljing malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord. Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til. Laura Djupvik har skrive ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.

9 - 1 2 år | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 8 2 6 u t g . se p t e m be r

laura djupvik (f. 1970) er forlagsarbeidar, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, men bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013.


bar ne- og u ngdomsbøk er

robert muchamore

CHERUB. GJENGKRIGEN Bok nr. 8 i den bestseljande agentserien CHERUB det er gjengane som styrer den britiske underverda, og då det bryt ut krig mellom to av dei, eksploderer valden i gatene. Politiet treng rask informasjon om det som skjer, og James Adams har kontaktane som skal til for å infiltrere den aller farlegaste gjengen, for han jobbar for CHERUB. Dette er den åttande CHERUB-boka. Serien har vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Omsett av Øystein Rosse.

82

f rå 1 2 år | k r 1 8 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 4 8 6 i sa l

robert muchamore (f. 1972) jobba som privat­ etterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk og har selt fleire millionar bøker.


bar ne- og u ngdomsbøk er

robert muchamore

SØVN­­­­GJE­NG­A REN 9. boka i den spennande CHERUB-serien eit passasjerfly eksploderer over ­ tlanteren og 345 menneske døyr. Etter­ A forskinga kan tyde på terrorisme, men politiet står heilt fast. Ein fortvilt tolvåring ringjer til ­politiet og seier at han trur far hans står bak ­eksplosjonen. Det kan vere eit gjennombrot, men dei har ingen bevis, og guten har ein bakgrunn prega av vald og kjenslemessige problem. Lauren Adams og Jake Parker blir sende for å undersøkje saka, men dei kan ikkje fordra kvarandre. Imens har James problem heime på CHERUB … Dette er den niande CHERUB-boka. Serien har vunne fleire litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Omsett av Øystein Rosse.

83

9 - 1 2 år | k r 1 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 7 1 u t g . se p t e m be r

Les også Rekrutten, Kokain­ kongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, ­Mennesket og dyret, Slått ut og Gjengkrigen. ­R ekrutten finst òg som grafisk roman.


bar ne- og u ngdomsbøk er

ingunn røyset

DEI ET IKKJE SJOKOLADE­ PÅLEGG I ­K RIGEN

84

Spanande tidsreise til 2. verdskrig dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka. Ingunn Røyset har skrive ein gripande barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.

9 - 1 2 år | k r 1 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 9 7 u t g . aug u s t

ingunn røyset (f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på ­Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.


bar ne- og u ngdomsbøk er

kari smeland

SIRKUS ­S PETAKKEL Varm fortelling om om vennskap, kjærleik og saknet etter mor vesle ada elskar livet på landevegen saman med dei to rufsete sirkusonklane sine. Sirkus Spektakulær er det trivelegaste og beste vesle sirkuset ein kan tenke seg. Men ein dag blir idyllen broten. Den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spektakulær vekk frå landevegen, og i byen bak dei taggete fjella byrjar kampen om sirkustrona og jakta på ei mor Ada ikkje hugsar. Sirkus Spetakkel er ei varm, humoristisk og nydeleg forteljing om kampen mellom dei greie, og dei som ikkje er fullt så greie, om vennskap, kjærleik og saknet etter mor. Illustrert av Bibbi Omtveit. Eg vert så glad kvar gong eg møter ein ny helt. Særleg når helten er ei modig lita sirkusjente med bustete hår og kjempestort hjarta. Hege Rognøy Fossåskaret, Barn i Byen

85

9 – 1 2 år | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 5 8 i sa l

Historia som Kari Smeland har skrive, er varm og truverdig. Ho handlar om vennskap, om fellesskap og om saknet etter foreldre. Judith Sørhus Litlehamar, Pirion

kari smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark. Ho bur i Oslo og jobbar som bibliotekar. Smeland ­debuterte med Familien Kråkestup og nyset i n ­ abohuset i 2011. Boka har blitt omsett til dansk, fransk, tysk og tsjekkisk.


bar ne- og u ngdomsbøk er

anne viken

ELISE OG ­MYSTERIET PÅ HESTeØYA

86

Spenning for dyreglade! nysgjerrige og dyreglade Elise er ute på sitt tredje oppdrag med veterinæronkelen Kalle, og heller ikkje denne gongen blir det roleg på vakt. Denne gongen er dei i veterinærteneste på vakre Hesteøya, og Elise har fått med seg venninna si Karin. I det påskeroa skal senke seg over den idylliske øya i havgapet skjer merkelege ting. For på Hesteøya forsvinn islandshestar på mystisk vis, innflyttarar og bygdefolk står mot kvarandre, og midt oppi det heile svik Karin Elise når Elise treng henne mest. Reinspikka spenning for dyreglade lesarar frå ti år og oppover.

9 – 1 2 år | k r 2 2 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 5 5 6 i sa l

dei andre bøkene i serien Elise og mysteriet på hesteklinikken Elise og mysteriet med dei døde hestane Veterinær Anne Viken har skutt blink med denne serien om den hesteinteresserte Elise. Anne Cathrine Straume, NRK (om årets bok)

anne viken (f. 1979) er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.


VILLHEKS. FIENDEBLOD

LENE KAABERBØL

Fiendeblod

Kven er venn og kven er fiende? i denne femte og nest siste boka om villheksa Clara, må Clara redde den siste ramnen i verda. For utan ramnar blir Clara berre ei heilt alminneleg villheks, ja kanskje ikkje det ein gong. I jakta på å redde ramnane må Clara legge ut på ei vill og farleg reise, kor ho sjølv må finne ut kven som er venn og kven som er fiende. Fiendeblod er femte bok i serien om Clara. Villheksserien handlar om Claras kjærleik til dyr, og den harde kampen ho kjempar for å overleve som villheks, i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Omsett av Øystein Rosse. dei andre bøkene i serien Villheks. Fiendeblod Villheks. Blodsungen Villheks. Kimæras hemn Villheks. Viridians blod

bar ne- og u ngdomsbøk er

lene kaaberbøl

87

nynorsk

fa n ta s y | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 3 3 (n n ) i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 4 0 (bm) i sa l

Finst på både bokmål og nynorsk

lene kaaberbøl (f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, mellom anna serien om Skammarens barn, som blir film i 2015.


bar ne- og u ngdomsbøk er

lars mæhle

LANDET UNDER ISEN. DØDE­BOKA leo rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekattar. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», ­protokollen med svara på dødens gåter. Dødeboka er oppfølgjar til Mæhles store suksess frå 2009, Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og også vart nominert til Brageprisen.

88

fa n ta s y | k r 2 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 7 3 i sa l

Ny bok i spennings­ serien Landet under isen

Boka er en page turner av dimensjoner, og jeg leste den ut i løpet av et par dager. Umulig å legge fra seg. Absolutt umulig! Bokbloggar, Bokhylla mi

lars mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Mæhle har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.


bar ne- og u ngdomsbøk er

asbjørn rydland

KAMPEN OM KERVAD Den fjerde boka om Drakeguten!

89

«Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit.» i bok fire om Drakeguten held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram.

fa n ta s y | k r 2 7 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 7 4 7 u t g . se p t e m be r

dei andre bøkene i serien Drakeguten Med eld i hjartet. Drakeguten II Mørkemanaren. Drakeguten III

asbjørn rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han fekk Nynorsk barnebokpris for serien om Drakeguten i 2012.


bar ne- og u ngdomsbøk er

marjun s. kjelnæs

SKRIV I SANDEN Truverdig om skiftane ungdomsliv «kvelden er svart kulde. Súni byrjer å gå, han ser ut på havet, tenker på stranda, at han burde gå ned der, burde skrive dei orda som skal til, skrive dei i sanden og la havet suge dei i seg og skylje dei inn på kvar einaste strand i heile verda.» Skriv i sanden handlar om ei helg, 10 ungdommar og korleis 10 par auge opplever den same helga, men på ti ulike vis. Denne kollektivromanen skildrar på ein ærleg og truverdig måte ungdomslivet som kan svinge frå bibelgruppe til himmelropande festing, frå glede til djup fortviling. Vi møter mellom anna guten Súni som er forelska i jentefuten Tróndur, gudfryktige Ingunn som brått oppdagar at det kan vere vanskeleg å tilgi, og Rebekka som langsomt sklir vekk frå venner og sjølve livet, fordi ho sluttar å ete. Kjelnæs skriv fram ein lågmælt desperasjon, noko som gjer dette til ei

90

u ngdom | k r 1 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 8 7 7 i sa l

­ erkeleg god ungdomsbok for v alle nordiske ungdommar. Omsett frå færøysk av Lars Moa.

Det er ei sterk skildring av unge menneske som har ulike problemstillingar knytt til det å leve. Så om du vil kjenne att, forstå eller mimre: Eg anbefaler Skriv i sanden til alle som er – eller ein gong har vore – ungdommar. Terningkast 6. Sara Myhren Kornberg, framtida.no

marjun syderbø kjelnæs (f. 1974) bur og arbeider som forfattar på Færøyane. Kjelnæs har skrive i mange sjangrar, og Skriva í sandin vann Nordisk Skolebiblio­ tekarforenings barnebokpris 2011 og var nominert til Nordisk Råds litteraturpris for barn og unge!


bar ne- og u ngdomsbøk er

linn t. sunne

ALT DU KAN ØNSKE DEG Tett på den vanskelege kjærleiken

91

Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens. Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil? Dobbel brageprisvinnar Linn T. Sunne skriv lett og tett på om ung kjærleik og psykisk sjukdom. u ngdom | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 2 1 u t g . aug u s t

linn t. sunne (f. 1971) debuterte som barnebok­ forfattar i 2000, og har sidan fått mange begeistra lesarar. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gongar.


bar ne- og u ngdomsbøk er

terje torkildsen

ARRFJES Forrykande sjøroman i april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Arrfjes er ein forrykande historisk sjøroman for ungdom, skrive av den doble Upris-vinnaren Terje Torkildsen.

92

u ngdom | k r 2 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 1 1 u t g . se p t e m be r

Ny bok frå dobbel U-pris vinnar

terje torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco som han vann Uprisen for. I 2009 kom den første boka i firebokserien ­DYSTOPIA. Han vann Uprisen for andre gong med Dystopia III i 2012.


fak ta og dokumen tar 93

Fakta og dokumentar


fak ta og dokumen tar

jostein fet

STEMMER FRÅ EI FJERN TID Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550–1814 jostein fet har dokumentert korleis vanlege folk på bygdene las langt meir enn det vi før har trudd. I Stemmer frå ei fjern tid fortel Fet levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der. Her lærer vi å kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi får smakebitar av eit katekismeverk på 8000 sider (!), vi er med på å analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn på veggen av ei sengebu.

94

h i s t or i e | k r 4 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 6 6 i sa l

jostein fet (f. 1924) er litteraturhistorikar og litteratursosiolog. Han har vore dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Viktigaste forskingsområdet hans har vore bondeallmugens litterære liv mellom 1600 og 1850. Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking.


fak ta og dokumen tar

alfred fidjestøl

FRÅ ASKER TIL EDEN Askerkretsen 1897–1924

95

Om dei som endra Noreg den såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag. Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine. Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og

h i s t or i e | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 5 9 4 u t g . se p t e m be r

polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.

alfred fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004), Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007) og jubileumssoga Trass alt. Det Norske Teatret 1913 – 2013.


fak ta og dokumen tar

solveig aareskjold

LESEBOK FOR JENTER Frå Homer til The Hunger Games

96

Tøffe jenter gjennom 3000 år for tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins’ The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla. Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.

l i t t e r at u r h i s t or i e k r 299,– i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 3 4 0 i sa l

solveig aareskjold (f. 1949) er forfattar og essayist og har i ei årrekkje arbeidd med å gjere eldre litteratur kjend for vår tids lesarar. Sist utkomne bok er Valkyrjesong. Vikingtida i spenn frå Bysants til Island (2012).


fak ta og dokumen tar

gunnar myklebust

ISHAVET Pelsdyrfangst og ­vågemot

97

Draumen om det store varpet

ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute. I denne boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst. Boka er utstyrt med mange flotte fotografi og illustrasjonar.

h i s t or i e | k r 3 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 1 4 3 u t g . se p t e m be r

Boka har ei liste over alle skutene som drog til ishavet.

sjå meir av bok a på nest e si de

gunnar myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg.


«Langfredag flytta dei over i ei ny snøhole dei hadde grave i skavlen. Dei feira innflyttinga med å dele den siste sardinboksen. Påskedag gjekk den siste boksen med kjøt og erter, utspedd med reinlav. Kokt denne gongen. Dei var samde om at den smakte svært godt og skulle bli dei til mykje glede. No var det åtte veker sidan dei drog frå Kvadehuken – dei talde ikkje dagar lenger, berre veker. Og dei såg slutten på matlageret. Dei rekna på det kvar einaste dag. «Vår eneste tanke og interesse hele ­dagen er MAT...». Dagsrasjonen var nede på ein boks reserveproviant, som dei delte og åt saman med litt poteter. På denne måten skulle dei klare seg til 1. mai, om så galt skulle vere at dei ikkje greidde å skyte ein einaste fugl. Berre kaffi hadde dei bra med. Og dei gledde seg over kvar kopp, som dei av og til kvikka opp med ein bit gammalost.»

fak ta og dokumen tar

utdrag frå ishavet. pelsdyrfangst og ­vågemot

98


fak ta og dokumen tar 99


fak ta og dokumen tar

morten søberg

RAPPORT FRÅ FINANS­­­­­­­­­­­­­­­­­­D EPAR­ TE­MENTET

10 0

Ei stats­sekre­t ær­reise Frå innsida av Noregs mektigaste departement fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg. I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank. Søberg har skrive ei viktig bok om spørsmål som gjeld oss alle: Korleis fungerer eigenleg bankar? Kvifor må dei regulerast og kva samfunnsansvar har dei? Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.

e s say | k r 3 1 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 9 2 i sa l

Morten Søberg bringer et nytt ref leksjonsnivå til den politiske debatten. Klassekampen En liten godbit for alle med ­interesse for politikk og ­historie. Roger Scherva, Dagsavisen

morten søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom. Han har tidlegare gitt ut dei kritikarroste bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009) og Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010).


fak ta og dokumen tar

jon hellesnes

MEINING? Religions­kritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

101

Ny og viktig bok om religionskritikk då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel. Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar. I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle

de bat t | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 5 7 0 i sa l

minnet. Hellesnes kommen­ terer også relativt kjende inn­slag i Garborgs forfattarskap. Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til «den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet» er høg­aktuelle i dag.

jon hellesnes (f. 1939) er forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitet i Tromsø. Han har fått to litterære prisar og ein formidlingspris, og æresdoktorat ved Universitetet i Bergen.


fak ta og dokumen tar

siri helle

HANDLE RETT Lure val i ein matbransje full av juks

102

For deg som tek maten på alvor på matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velja? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? Agronomen og matentusiasten Siri Helle gir lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff. Dette er ei bok som skal hjelpe lesaren til å bli ein bevisst forbrukar. Siri Helle er ei hjelp på handleturen. Etter å ha lese boka er det lettare å svare på spørsmålet: Kva er bra mat både for verda og meg?"

sa m t i d o g de bat t | k r i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 8 6 4 u t g . ok t obe r

299,–

Debutant

siri helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar. Helle har bakgrunn frå miljørørsla. Ho er frilansjpurnalist og har fast matspalte i avisa Dag og Tid.


fak ta og dokumen tar

ellen kristvik

I KREFT OG KJÆRLEIK Ettertankar

103

Gripande og innsiktsfullt om alvorleg sjukdom to menneske har nyleg funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerbøvik og Ellen Kristvik står i startgropa til eit liv i lag då den inngripande meldinga slår inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg frå den mørke føflekken som for lengst er fjerna. Dette er ei bok om dei tre åra som følgde, ei tid prega av alvorleg sjukdom. Det er ei forteljing om det å få kreft og bli innskriven i det norske helsevesenet, å bli forelska og ta konsekvensane av det, og om alt som skjer på ein gong. Forteljinga om ei utfordrande sjukdomstid er fletta saman med forfattarens ­ettertankar, korleis det som skjedde ­fortonar seg ti år etterpå.

sa m t i d | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 6 9 u t g . se p t e m be r

Debutant

ellen kristvik (f. 1955) er forskar på Avdeling for helsetenesteforskning (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Det siste forskingsprosjektet hennar handla om helsetenesta sitt møte med alvorleg sjuke kreftpasientar, noko ho tidlegare også har jobba med som sjukepleiar.


fak ta og dokumen tar

gunnar grytås

Kvote­ baronar Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma kyst historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig. I dag spør folk korleis fisken, ein felles ressurs så kjapt er blitt spekulasjonsobjekt. Samtidig som vi no for alvor innser kor verdifulle kvotene og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten. Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå ­fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar

104

sa m t i d o g de bat t | k r i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 8 3 u t g . ok t obe r

329,–

i året. Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli?

gunnar grytås (f. 1943) er forskar ved Norges fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd som forfattar og journalist, mellom anna i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie.


«Fram til sommaren 2005 var skipsreiar John Fredriksen frå Etter-

fak ta og dokumen tar

utdrag frå kvotebaronar

stad i Oslo, ein vanleg arbeidargut med uvanlege evner, mest kjend for å ha den største flåten av tankskip og boreriggar i verda. Så tok han på relativt kort tid to-tre grep som gjorde han til den største lakseoppdrettaren i verda. Fredriksen hadde meir enn nok pengar, og mange vart kjøpte ut av økonomiske problem og søvnlause netter. Ikkje minst hadde dei største norske bankane all grunn til å takke mannen som vart kalla «Storeulv». Men slett ikkje alle forstod omfanget av det som hadde skjedd då «Storeulv» hadde forsynt seg og skulle fordøye alle dei små og mellomstore fiskane han hadde slukt. Nett no var dei som laksen brukar å vere etter å ha overvintra i ei kald elv, bleike og slunkne om buken. Det hasta med påfyll av frisk kapital, men det var god von om berging. Kåre Valebrokk tok likevel sjansen på ein spådom då han kommenterte børsraida i Aftenposten: Snart ville mange oppdage at det ikkje var Marine Harvest som var flagga heim til Noreg, men heller Pan Fish med retten til gratis bruk av norske naturressursar som var flagga ut til Kypros. Kypros var landet der skipsreiarar og andre globale kaksar årleg kunne spare enorme summar i skatt, samanlikna med Noreg. Fredriksen hadde berre forakt til overs for gamlelandet, norsk mentalitet og norske styresmakter spesielt. Kort tid etter at alle sider ved laksefusjonane var politisk godkjent, hadde han likevel ikkje mykje godt å seie om den unike velviljen han hadde møtt i eit intervju med Dagens Næringsliv. (...) «Landet har utspilt sin rolle 100 prosent med det skattesystemet. Jeg kommer ikke til å investere en krone mer i Norge. Det er rart. Andre steder jubler de. Jeg er kypriot nå. I Singapore elsker de oss. I Norge er det bare djevelskap», sa han i intervjuet.»

105


fak ta og dokumen tar

benedicte maurseth

Å VERA INGENTING Sam­t alar med spelemannen Knut Hamre som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette vidare til nye generasjonar. Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 23 år samanhengande vore Hamre sin elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa. Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth. Boka tek for seg kva det vil seie å føre vidare kunnskap og handverk gjennom generasjonar. Med føreord av Jon Fosse.

10 6

f ol k e m u si k k | k r 3 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 9 1 i sa l

Debutant

benedicte maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er busett i Bergen. Ho byrja å spele hardingfele åtte år gamal. Maurseth er musikar, komponist og skribent. Ho blei i 2007 kåra til Årets unge folkemusikar.


fak ta og dokumen tar

ottar grepstad

HISTORIA OM IVAR AASEN Tre opplag i 2013 – no i pocket! historia om ivar aasen er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen. Ivar Aasen reiste lenger enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bonde­ sonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare, og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort? Boka fekk strålande kritikkar då ho kom ut i 2013 og vart nominert til Kritikar­ prisen. Denne nye utgåva inneheld mange bonussider med ukjent stoff, tidstavle og komplette kjeldelister.

10 7

bio gr a f i | k r 1 7 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 5 9 u t g . aug u s t

Pocket

sjå meir av bok a på nest e si de

ottar grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum og forfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.


fak ta og dokumen tar 10 8


Ivar Aasen kryssa aldri noka landegrense. Tanken på ei

fak ta og dokumen tar

utdrag frå historia om ivar aasen

utanlandsreise dukka ikkje opp før i 1875: Eg har også lenge hatt lyst til å reise til Stockholm eller København og videre omkring, skreiv han til bror Jon i 1875. Det var blitt så lett å kome seg utanlands, men jeg har ikke givet mig Tid. Mest handfast hadde tanken vore i 1856. Då tenkte han å dra til Danmark. Slik gjekk det ikkje. Vinje hadde vore i England og hadde tenkt seg til USA. For Aasen blei utlandet einast skriftstader i form av bøker og blad på mange språk.

Grepstad lykkes med oppgaven til

Ottar Grepstads bok av året,

terningkast seks, for sjelden har jeg

Historia om Ivar Aasen, er mer enn

vel lest en biografiforfatter som viser

velskrevet, den er formfornyende

tilsvarende oversikt og forståelse for

(...) Grepstad gjør ikke skam på den

sitt stoff. Samtidig som han lykkes

litterære og kulturelle tradisjonen

med å kombinere rikt engasjement,

han står i. Språket er preget av lun

stor fortellerglede og skarpe analyser.

humor og fyndig språklek.

Ut av dette kommer det en fortelling

Ivo de Figueiredo, Morgenbladet

om en mann og et livsverk som ikke har sitt like i Norges historie. Sindre Hovdenakk, Verdens Gang

10 9


fak ta og dokumen tar

bård vegar solhjell

SJAKK – EI KJÆRLEIKS­ HISTORIE

110

Sjakkens magi – fortalt av ein entusiast heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap. I denne boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem frå, dei store profilane og om sjakk i film, musikk og i politikk. Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med ubesvarte spørsmål etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel. Med føreord av Hans Olav Lahlum.

sa m t i d | k r 2 9 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 0 4 u t g . ok t obe r

bård vegar solhjell (f. 1971) frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane, er utdanna statsvitar. Han har vore kunnskapsminister 2007–2009 og miljøvernminister 2011–2012. I dag er han stortingsrepresentant for SV frå Akershus og nestleiar i SV. Han er gift, har tre born og bur i Son i A ­ kershus. Han har tidlegare gitt ut Solidaritet på ny (2011).


fak ta og dokumen tar

agnes ravatn

operasjon sjølvdisiplin Sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg! Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit.

111

sa m t i d | k r 2 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 6 7 3 u t g . se p t e m be r

Boka passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete.

agnes ravatn (f. 1983) debuterte med romanen Veke 53 (2007). Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. For Veke 53 (2007) fekk Ravatn Natt & Dags Bergenspris for beste bok i 2007. Ravatns andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris.


fak ta og dokumen tar

gunnar garfors

198 – MI REISE TIL ALL VERDAS LAND

11 2

Reisegalskap – impulsivitet sett i system gunnar garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og ville påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag. Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode kompisar. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketurar. Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 10 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du knapt visste om.

r e i se bok | k r 3 2 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 5 8 7 u t g . se p t e m be r

Debutant

gunnar garfors (f. 1975) er opphaveleg journalist, som no jobbar med distribusjon av digitalradio i NRK. Han er kjend som quizmaster frå Nitimen på NRK P1, og skriv om reise i utanlandske aviser og magasin samt på sin eigen nettstad garfors.com


fak ta og dokumen tar

jon hjørnevik

HEIMEKONTOR I GRAVFERDA Surt tankegods mellom to svarte permar ingenting fungerer lenger. Vi treng nytt Lexington sengesett. Klestativet står ikkje beint. Vi manglar purreløk i kjøleskapet. Ingen vil ta ut av oppvaskmaskinen. Det er gjennomført dårleg stemning. Tida strekk rett og slett ikkje til. Det vert verre og verre å skilje jobb frå privatliv. Det vert verre og verre å skilje liv og død. Det må jobbast natt og dag, til og med i gravferda. Avstanden mellom Bergen og Oslo blir større og større. Oslo-arrogansen veks. Helse og omsorg vil heller ikkje ha noko med kvarandre å gjere. Verda er inne i ein dårleg periode på alle plan. Det er hår i dusjen. Og det er krig. Jon Hjørnevik har gått på ein smell. No har han samla sitt sure tankegods mellom to svarte permar.

113

h u mor | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 7 3 0 i sa l

jon hjørnevik (f. 1970) er forfattar og komikar frå Voss. Han debuterte med den humoristiske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og har sidan halde fram med å skrive dikt om usikkerheit, tabbar og triste opplevingar, men også om kjærleik, draumar og glede.


fak ta og dokumen tar

lasse skjønning andersen

GRAUT Frukost, middag, dessert

11 4

Grauten er tilbake! graut var på norsktoppen i hundrevis av år, men så vart grauten nesten borte frå kosthaldet vårt. No er grauten på full fart tilbake på tallerkenen.Og graut er mykje meir enn havregraut! I Danmark har grautgründer Lasse Skjønning Andersen utvida forståinga vår av «graut» og viser at den er noko meir enn traust kvardagsfrukost. Skjønning Andersen har starta populære grautbarar i Danmark. Med boka Graut, som har blitt ein suksess i Danmark, tek han no «grautbølgja» til Noreg. I denne lekre kokeboka får du ei enkel innføring i korleis variere og løfte grauten til nye kulinariske høgder, både til frukost, middag og dessert. Boka inneheld 67 nyskapande oppskrifter og er flott biletlagt.

kok e bok | k r 3 2 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 1 7 i sa l

lasse skjønning andersen (f. 1989) er særleg oppteken av det nordiske kjøkenet, både det gamle og det nye, men nyttar seg òg av dei beste oppskriftene frå heile verda i eigne versjonar. Han driv verdas første grautbar, GRØD, i Jægersborggade på Nørrebro i København.


fak ta og dokumen tar

kathrine gregersen

STRIKK MEIR TIL NØSTEBARN Flotte nye oppskrifter frå populære Nøstebarn boka Strikk til nøstebarn kom i 2007 og vart ein formidabel suksess. No kjem oppfølgjaren! Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka Strikk meir til nøstebarn. Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke. Denne boka inneheld flest oppskrifter til barn og fleire til vaksne enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Dei fleste oppskriftene er lette å strikke, men på nokre er det litt meir å bryne seg på. Garnet er det same gode: merinoull, silkeull og angoraull frå Nøstebarn. Nøstebarn brukar rein ull som ikkje er kjemisk behandla. Det gjer det trygt både for miljøet og for oss som skal strikke og bruke plagget. Garnet er godt å strikke av og det er eit vell av fine fargar å velje i.

115

hobby | k r 2 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 1 4 u t g . se p t e m be r

sjå meir av bok a på nest e si de

kathrine gregersen (f. 1975) er utdanna faglærar i kunst og handverk. Ho starta opp Nøstebarn-butikken i Oslo, og arbeidde i mange år med produktutvikling og marknadsføring for Nøstebarn. Kathrine ­Gregersen held kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og vaksne. Gregersen har tidlegare gitt ut boka Strikk til nøstebarn (2007) og Brukt på nytt (2008).


fak ta og dokumen tar 116

S T R I K K MEI R T I L

N


fak ta og dokumen tar

L

Flotte nye oppskrifter frå populære Nøstebarn

11 7

NØS T E BA R N


fak ta og dokumen tar

ISLANDSK STRIKK Første strikkebok på norsk med islandske mønster klassiske islandske strikkeplagg er trendy som aldri før. Den vakre islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft, nordisk klima. Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf. Oppskriftene i boka er frå 1950-talet og fram til i dag og er laga i samarbeid med den einaste garnprodusenten på Island, Istex. I dag opplever garnprodusenten eit stort oppsving, noko den tradisjonelle mønstra ullgensaren skal ha mykje av æra for. Islandsk ullgarn er billig og enkelt å få tak i på nettet.

118

hobby | k r 3 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 8 7 1 u t g . se p t e m be r


fak ta og dokumen tar 119

i sla n dsk str i kk


fak ta og dokumen tar 1 20

Høgare utdanning


høgar e u t dan ning

heming gujord og per arne ­michelsen (red.)

Norsk ­litterær ­årbok 2014

121

årboka består som vanleg av artiklar som oppsummerer det litterære fjoråret og litteraturvitskaplege artiklar om likt og ulikt. I årets utgåve skriv Nora Simonhjell, Kristoffer Juul-Larsen og Trond Haugen høvesvis om poesi-, prosa- og kritikkåret. Lars Handesten skriv om Kim Leine som vann Nordisk råds litteraturpris for romanen Profeterne i Evighedsfjorden. Elles kan ein finne artiklar om biletbøker, om litteraturen og litteraturfaget, om vitneskildringar, om ishavslitteratur og om forfattarar som Henrik Wergeland, Olav Aukrust, Dag Solstad, Helle Helle og Karl Ove Knausgård.

l i t t e r at u rv i t sk a p k r 3 29 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 3 1 u t g . se p t e m be r

heming gujord er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen. per arne michelsen er dekan ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning og førsteamanuensis i norsk.


høgar e u t dan ning

dag seierstad

Folket sa nei Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag

12 2

Jubileumsbok frå Nei til EU i høve ­folkerøystinga i 1994

i november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994. Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst – gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra – og korleis blei EU-motstanden organisert? Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt? Boka er gjennomillustrert i fargar.

h i s t or i e | k r 3 4 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 1 2 8 u t g . ok t obe r

dag seierstad (f. 1936) er forfattar, samfunnsdebattant og politisk rådgivar for SVs stortingsgruppe om EU/EØS. Seierstad har tidlegare vore utgreiings­ leiar i Nei til EU, leiar i Oppland Nei til EU og landsstyremedlem i SV.


høgar e u t dan ning

gunnar danbolt

FRÅ MODERNISME TIL DET KONTEMPORÆRE Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990 gunnar danbolt er kjent for det norske folk gjennom det populære radio­ programmet Kunstreisen. I denne boka gir han oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette er blitt eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei siste tjue åra, men kva det inneber, er ikkje eintydig, og det er det forfattaren vil utforske. Trendane blir presenterte og drøfta gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Boka er rikt illustrert.

1 23

k u ns t h i s t or i e | k r i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 4 4 6 i sa l

489,–

sjå meir av bok a på nest e si de

gunnar danbolt (f. 1940) er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie og er ein ettertrakta formidlar i fleire fora.


«Kva betyr eigentleg ein tendens? Reint språkleg kjem ordet av det latinske verbet tendere, som kan omsettast med å strekke seg etter eller bevege seg i retning av, men det har på norsk fått fleire avleidde betydningar, som tilbøyelegheit, hensikt, retning og straumdrag. Og det er i den siste betydninga – som straumdrag – vi kjem til å bruke det i vår samanheng. Dermed skulle det vere klart kva boka kjem til a handle om, nemleg straumdrag i kunsten i Noreg i dei siste to tiåra. Så langt høyrest det greitt ut, for det er utan vidare gitt at det finst ulike straumdrag i dagens norske kunst. Men når vi skal begynne å skilje dei ut og namngi dei, oppdagar vi at det er langt frå så enkelt som ein kanskje umiddelbart kunne tru. Hadde kunsten vore eit botanisk felt, ville vi relativt lett ha komme fram til kva blomster og planter som var mest karakteristiske for akkurat dette området, vi kunne lage ein statistikk over det og med utgangspunkt i den skrive om botaniske tendensar. Men kunstfeltet er ikkje eit statisk felt, slik vi gjerne trur at ei eng kan vere det – det er i høgste grad dynamisk. Kunstnarane har ikkje røter, dei bevegar seg nesten heile tida i mange ulike retningar og inngår forbindelsar som i enkelte tilfelle varer lenge, i andre tilfelle svart kort. Det som stod fram som eit nokolunde klart straumdrag eitt år, kan derfor neste år ha endra kurs, eller delt seg opp i fleire nye straumdrag, osv.»

høgar e u t dan ning

utdrag frå modernisme til det kontemporære tendensar i norsk samtidskunst etter 1990

12 4


høgar e u t dan ning 1 25

Danbolt har en pedagogisk evne som er få akademikere forunt: Han klarer å gjøre det komplekse forståelig uten at det blir banalt. I tråd med dette er denne boken en innføring i ny norsk kunst både for «dummies» og «smarties».
 Øystein Sjåstad, Bildekunst


høgar e u t dan ning

steinar imsen

Folk og land i den norrøne verda ca 900 til 1450 i forskinga om vikingtidas rikssamling og mellomalderens statsutvikling har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore tradisjonalistane som hevder at nordmennene er ein gammal ­nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den andre sida står modernistane; dei hellar til at den norske nasjonen slik vi oppfattar han meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn? I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne ­perioden, og då ikkje berre i Noreg men i alle landområde innanfor den norrøne verda.

126

h i s t or i e | k r 2 2 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 7 0 2 1 u t g . nov e m be r

steinar imsen (f. 1944) er professor i eldre historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Hans arbeidsfelt er seinmellomalderen og tidleg moderne tid (1536- ca. 1800).


høgar e u t dan ning

nils olav østrem

Norsk utvandringshistorie opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, mellom anna til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika. Medan forskarar tidlegare la vekt på økonomiske årsaker til utvandring, legg ein i dag sterkare vekt på kulturelle årsaker til migrasjon. I boka viser forfattaren at kontakt med gamlelandet gjennom brev, slektsnettverk og kjedemigrasjon var med å skape ein sjølvforsterkande kultur for utvandring. Og i denne utvandrarkulturen blei det å emigrere oppfatta som både akseptert og ønskjeleg for å oppnå betre kår. Den nye reviderte utgåva er oppdatert med ny migrasjonshistorisk forsking og med ny litteratur på feltet.

127

h i s t or i e | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 9 5 2 u t g . i sa l

nils olav østrem (f. 1961) er professor i historie ved Universitetet i ­Stavanger. Østrem har tidlegare publisert ei rekkje artiklar og bøker, mellom anna avhandlinga Utvandrarkultur: ei migrasjonshistorisk undersøking av Skjold prestegjeld 1837–1914.


høgar e u t dan ning

jens johan hyvik

Tokulturlæra i norsk historie i siste halvdelen av 1800-talet blei oppfatninga av at Noreg var delt i to ­kulturar sentral i den norske nasjons­ byggingsprosessen. På den eine sida stod ein elite kjenneteikna av klassisk danning, ­tilknyting til det danske skriftspråket og med familiære røter i utlandet, og på den andre ei bondebefolkning med folkeleg kultur, norsk talespråk og familiære røter i Noreg I denne boka viser Jens Johan Hyvik ­korleis denne tokulturlæra blei brukt i ­kulturell og politisk strid i Noreg på 1800-talet, og kva innverknad ho hadde på nasjonsbyggingsprosessen.

128

h i s t or i e | k r 2 2 9 , – i sbn : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 1 7 u t g . nov e m be r

jens johan hyvik (f. 1972) er førsteamanuensis i moderne historie ved ­Høgskulen i Telemark.


høgar e u t dan ning

kjetil børhaug, jonas ­ hristophersen og tone aarre c

Introduksjon til samfunnskunnskap Fagstoff og didaktikk (3. utgåve)

1 29

Ny revidert utgåve av innføringsbok i samfunnskunnskap og samfunnskunnskapsdidaktikk. i boka gir forfattarane ein brei introduksjon til sentrale emne i samfunnskunnskap for heile grunnskuleløpet. Boka tar opp emne som samfunnsvitskapleg metode, sosialisering, familie, fleirkulturelle tilhøve, globalisering, økonomi, demokrati og norsk og internasjonal politikk. I den nye utgåva er demokrati, og menneskerettar omhandla i eigne, nyskrivne kapittel. Globaliseringsperspektivet er lagt vekt på gjennom heile framstillinga.

lær a ru t da n n i nga k r 4 10 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 6 5 4 3 u t g . aug u s t

kjetil børhaug er tilsett ved Universitetet i Bergen, jonas christophersen og tone aarre er tilsette ved Høgskulen i Bergen. Dei har alle tre lang erfaring i lærarutdanninga.


✁

høgar e u t dan ning

a b o n n e r på

130

TIDSSKRIFT FOR KULTUR, SAMFUNN & POLITIKK

nent! Bli abon S Send SM GN E S G O SYN + NAMN ! til 2080

Bli Som ! entny o ab nn med S end SM EGN Sabonnent GS SYNO N får du + NAM 0 8 0 til 2 ei gåve på kjøpet!

SYN OG SEGN OVERRASKAR OG UTFORDRAR DEG. SYN OG SEGN GJEV DEG LESESTOFF DU IKKJE VISSTE AT DU VILLE LIKE. SYN OG SEGN – OM ALT – PÅ NYNORSK.


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894. Syn og Segn er i dag eit av få tidsskrift på nynorsk, og er i dag ein aktiv ­premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Tidsskriftet er i dag både eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium. Det gjer Syn og Segn til eit av dei viktigaste tidsskrifta i Noreg. Syn og Segn vart kåra til Årets tidsskrift 2010, og Årets nordiske tidsskrift same året. I 2014 feirar Syn og Segn 120 år. Velkommen som ny lesar! Knut Aastad Bråten Redaktør Meir på www.synogsegn.no

- syn og segn rett i postkassa – fire gonger i året - 400 sider sakprosa kvart år - bøker frå samlaget til reduserte prisar

sy n og segn

NYE TA N K A R S K A R PE PENN A R MEI R Å L E S E

131


sy n og segn

Register

13 2

Titt elregist er 198 – mi reise til all verdas land  112 Alt du kan ønske deg  91 Andvake-trilogien 13–15 Arrfjes 92 Billie  31, 33 Bruken av gjedde  22 Cherub. Gjengkrigen  82 Cherub-serien  82, 83 Coolman og Kai  80 Daudmannaland 25 Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen  84 Den beste hausten er etter monsun 17 Den mørke porten  48 Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź 16 Elise og mysteriet på Hesteøya  86 Evig grønt er  27 Finne ly  10 Folk og land i den norrøne verda ca. 900 til 1450  126 Folket sa nei. Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag  122 For deg  34 Fredens frosne hjarte  19–21 Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897–1924 95 Frå modernisme til det kontemporære. Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990  123–125 Fugletribunalet 49 God dag, herr jul!  81

Graut. Frukost, middag, dessert  114 Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks  102 Hav 42 Heimekontor i gravferda  113 Historia om Ivar Aasen  107–109 I kreft og kjærleik. Ettertankar  103 Introduksjon til samfunnskunnskap. Fagstoff og didaktikk (3. utgåve)  129 Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot 97–99 Islandsk strikk  118, 119 Jakob og Neikob-bøkene  71–73 Kampen om Kervad  89 Krigens skugge  46 Kveldsvævd 12 Kvotebaronar  104, 105 Landet under isen. Dødeboka  88 Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger Games  96 Linnés dystre lærdom  28 Lånt stas  30 Mari og Magnus-bøkene  68–70 Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg  101 Motorsykkelmysteriet 79 Norsk litterær årbok 2014  121 Norsk utvandringshistorie  127 Når ein engel går gjennom scenen og andre essay  43 Olav H. Hauges vakraste dikt  35 Om kvelden blir namna ropa heim  40 Operasjon sjølvdisiplin  111


r egist er 133

Politihunden Falk på farleg oppdrag 78 Pusteproblem  23, 57–59 Rapport frå Finansdepartementet. Ei statssekretærreise  100 Se ilden lyse over jord  26 Sirkus Spetakkel  85 Sjakk – ei kjærleikshistorie  110 Sju dagar i august  11, 53–55 Skriv i sanden  90 Smådjevlane 29 Song for deg og meg  75 Songfuglen 47 St. Olav-komplekset  24 Statsminister-boka 41 Stemmer frå ei fjern tid. Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550–1814  94 Strikk meir til nøstebarn  115–117 Søvngjengaren 83 Tokulturlæra i norsk historie 128 Under ein stein  74 Vidareutdanning i lys og skugge  38 Villheks. Fiendeblod  87 Vitseutsegner 39 Woyzeck 44 Å vera ingenting. Samtalar med ­spelemannen Knut Hamre  106

Forfattarregist er Andersen, Lasse Skjønning  114 Basso, Aina  10 Bertram, Rüdiger  80

Bildøen, Brit  11, 52, 53 Bjørlykke, Oskar Stein  34 Bruheim, Magnhild  79 Büchner, Georg  44 Børhaug, Kjetil  129 Christophersen, Jonas  129 Danbolt, Gunnar  123–125 Djupvik, Laura  81 Fet, Jostein  94 Fidjestøl, Alfred  95 Fosse, Jon  12–15, 42, 43 Fox, Paula  30 Garfors, Gunnar  112 Gavalda, Anna  31–33 Gregersen, Kathrine  115–117 Grepstad, Ottar  107–109 Grytås, Gunnar  104, 105 Gujord, Heming  121 Hauge, Olav H.  35–37 Helle, Siri  102 Hellesnes, Jon  101 Hjørnevik, Jon  113 Hyvik, Jens Johan  128 Imsen, Steinar  126 Jensen, Eva  38 Kaaberbøl, Lene  87 Kaldhol, Marit  16 Karlsvik, Mette  17 Kjelnæs, Marjun S.  90 Kolden, Ragnhild  19–21, 46 Kristvik, Ellen  103 Lantto, Markus  22 Leikvoll, Jan Roar  47 Liabø, Marita  23, 56, 57 Lillegraven, Ruth  68–70


r egist er 13 4

Maurseth, Benedicte  106 Michelsen, Per Arne  121 Muchamore, Robert  82, 83 Myklebust, Gunnar  97–99 Mæhle, Lars  28, 48, 88 Nordstoga, Odd  75, 76 Nørvåg, Tone  78 Oikonomaki, Anne Bergset  29 Osland, Erna  74 Ravatn, Agnes  49, 111 Rein, Arild  24 Ritsos, Jannis  39

Omsetjarregist er Bakke, Tove  30 Brunvoll, Arve  39 Fosse, Anna  27 Fosse, Jon  27, 44 Hovland, Ragnar  80 Moa, Lars  90 Rosse, Øystein  82, 83, 87

Illustratørregist er Belsvik, Inger Lise  74, 75 Hodnefjeld, Hilde  75 Landsem, Inger  68–70 Omtveit, Bibbi  85 Schulmeyer, Heribert  80 Skyllingstad, Odd Henning  78 Stai, Kari  71–73

Fotoregist er Tove K. Breistein  7, 10, 11, 17, 19, 20, 23, 25, 28, 41, 46, 47, 48, 85, 86, 88, 89, 91, 115 Tom A. Kolstad  12, 13, 42, 43 Øyvind Eide  16, Per Kristian Nygård  22 Asbjørn Jensen  24 Kateryna Babkina  26 Le Dilettante  31, 32 Herborg Pedersen  34 Jan Kløvstad  35 Studio Snorre  38 Benedicte Skarvik  40, 71, Agnete Brun  49, 111 Paal Audestad  67 Lene Løtvedt  74 Siri Vaggen Olsen  74 Gudmund Moren  79 Friedrich Oetinger  80 Turid Kristensen Vevatne  81 Sam Jones  82 Hugo Opdal  84 Sanne Berg  87 Gitte C.  90 Marius Vervik  92 Kjetil Tandstad  94 Cecilie Seiness  95 Linda Cartridge  97, 112 Knut Brautaset  101 Marit Brennset  102 Moment Studio  103 Lars O. Flydal  107


r egist er 135

Stig Weston  110 Siri Waggen Olsen  113 Claes Benthien  114 Lucia Gardin  27


r egist er 13 6


kon tak t 13 7


kon tak t 138

Følg oss på: www.twitter.com/samlaget www.facebook.com/samlaget www.instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på www.samlaget.no


Kontakt oss Siri IfarnÌss Vikarierande sals- og marknadssjef (Sals- og marknadssjef Anne Liv Tresselt er i permisjon til januar 2015.) Mobil: 950 29 198 s.ifarnaess@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Eva Rekve Salskonsulent Mobil: 924 39 248 e.rekve@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no Christine Schwarz Informasjonskonsulent Mobil 958 13 389 c.schwarz@samlaget.no


2014 | Bøker fra Samlaget

13

www.samlaget.no

eldre enn deg, men eg minnest deg frå du jentunge var, seier han Eg vaksen, du jentunge, seier han Hugsar du meg ikkje att, seier han Jau, jau då, seier Alida og visst minnest ho vel Åsleik, men ikkje som anna enn ein av dei vaksne karane som stod der og prata saman, og ho minnest at han budde i Vika, han og mora, men så mykje meir er det ikkje, tenkjer ho, for han var eldre enn henne, kanskje tjuefem år eldre, noko slikt, kanskje meir, så han var til dei vaksne å rekna han, tenkjer ho Men kvifor sit du her, seier Åsleik Ein stad må ein då sitja, seier Alida Har du ingen stad å bu, seier han Nei, seier ho Du bur ute, seier han Eg må vel det, når eg ikkje har hus, seier Alida Du og ungen din, seier han Ja vi må vel det, seier ho Og du er så tynn, har du ikkje mat å eta heller, seier han Nei, seier ho I dag har eg ikkje ete, seier ho Men reis deg, kom, bli med meg, seier han og Åsleik tek under eine armen hennar og han hjelper henne opp på beina og så står Alida der med vesle Sigvald på armen og nede ved føtene hennar

ligg dei to byltane ho drassar med seg og Åsleik spør om det er hennar saker og ho seier ja og han lyfter dei opp og så seier han kom og så går dei bortover Bryggja i Bjørgvin, han Åsleik i Vika og ho Alida med vesle Sigvald på armen går attmed kvarandre bortover Bryggja i Bjørgvin og ingen av dei seier noko og så går Åsleik inn i eit smau og Alida blir gåande etter han og ho ser dei stutte beina hans gjera lange steg, og ho ser slaga på den svarte jakka hans stå ut frå låra hans og ho ser den svarte skyggeluva hans trekt langt ned i nakken og i hendene ber han dei to byltane hennar og så stoggar Åsleik og han ser mot henne og så nikkar han med hovudet inn i eit smau og så byrjar han å gå inn i smauet og Alida går etter og mot brystet held ho han vesle Sigvald og han søv sin trygge og søtaste svevn og så opnar Åsleik ei dør og held henne open og Alida går inn og ho ser ned og så ser ho opp og ho ser eit avlangt rom med mange bord og så kjenner ho lukta av røykt kjøt og steikt flesk og så godt luktar det at ho i eitt no kjenner beina svikta under seg, men ho pressar vesle Sigvald mot brystet og samlar seg, samlar seg ja, og så står ho der støtt, men så god ei lukt av mat det har ho vel aldri før kjent, tenkjer Alida, og kvifor dreg no han Åsleik henne med inn hit, som om ho pengar hadde til å kjøpa seg mat for, ikkje ein einaste slant det har ho vel, tenkjer Alida og ho ser at folk sit og et, og så god ei lukt av røykt 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Samlaget 2014 by Det Norske Samlaget - Issuu