Skip to main content

SAMLAGET-katalog-VÅR2026-enkeltsider

Page 1


VÅREN 2026

VÅREN 2026

VÅREN 2026

© Det Norske Samlaget 2026

www.samlaget.no

Stiftinga Det Norske Samlaget

Styreleiar: John-Ragnar Aarset

Forlagsdirektør: Edmund Austigard

Forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo

Postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo

Føretaksnummer: 935 305 314

Vi tek atterhald om prisendringar.

Konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

BARN OG UNGDOM

RUTH LILLEGRAVEN (f. 1978)

kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte i 2005 og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne, som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris. Ruth Lillegraven har også skrive bøkene om Klodeklubben, som er illustrerte av Jens Kristensen.

ALLE DYR ER BÆ

Kva seier sauen?

Storebror vil leike og prate med vesle Søss. Det er ikkje så lett. Søss kan verken snakke eller leike. Men ein vinterdag i sauefjøset seier Søss sitt første ord, nemleg «BÆ». Bror trur ho skal lære seg fleire ord, men alt er visst BÆ! Korleis skal han få Søss til å snakke?

Alle dyr er BÆ er ei varm og sjarmerande biletbok om livet på ein gard gjennom eit år, og om ein storebror som vil lære veslesøster å snakke. Boka syner korleis vi gjennom erfaring og sansing blir del av språkfellesskapen.

Dette er det første samarbeidet mellom forfattar Ruth Lillegraven og illustratør Victoria Sandøy, begge prisvinnande og kritikarroste.

MARKUS LANTTO OG CAMILLA KUHN (ILL.)

KÅRE OG MARIMBA FINN EIN OPPFINNAR

Fantasileik og skaparglede

Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Han heiter Mastrojanni og er kanskje eit stort geni eller kanskje ein mislykka oppfinnar. Saman bestemmer dei seg for å lage ei maskin som kan lage alt mogleg rart, til dømes austeuropeiske vræleugler eller iskrem med hundre ulike smakar. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere?

Markus Lantto og Camilla Kuhn er tilbake med ei ny, heilsprø historie om radarparet Kåre og Marimba. For den førre boka, Kåre og Marimba hjelper til, fekk dei Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris.

MARKUS LANTTO (f. 1973) arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim. Han debuterte i 2014 med Bruken av gjedde, og har sidan skrive fleire bøker for både barn og vaksne.

CAMILLA KUHN (f. 1975) er ein populær og produktiv bildebokskapar. For Samlaget har ho illustrert bildebøkene Kåre og Marimba hjelper til og Dyras beste sjekketriks

CHRISTIAN WIIK GJERDE, INGUNN THON OG JENS KRISTENSEN (ILL.)

OPPDRAG ROMVESEN 2 UNIVERSETS VAKTAR

Sprelsk og spennande oppfølgjar

Jakob har fått eit kjempeviktig oppdrag av sjølvaste statsministeren: Han skal passe på at nabojenta Ramona ikkje blir avslørt som romvesen. Om han klarer denne oppgåva, får han heile 2,6 millionar kroner! Men å halde styr på Ramona er lettare sagt enn gjort. For korleis skal ein forklare at ho svever høgt over stonga når dei hoppar høgde på idrettsdagen, eller at ho gir eit fiskebollebokstårn i bursdagsgåve til bølla Wilhelm? Og kven er den mystiske mannen som følgjer med på alt dei gjer?

I Universets vaktar strammar det seg til for Jakob og Ramona. Får Jakob den store pengepremien frå statsministeren? Og kven er eigentleg foreldra til Ramona?

Dette er andre bok i serien Oppdrag romvesen. Bøkene er baserte på den populære lydforteljinga og er rikt illustrerte av Jens Kristensen. Bok 1 kom ut hausten 2025, og bok 2 kjem no i vinter 2026.

INGUNN THON (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Den siste boka hennar, Full Bajas (2023), blei nominert til Barnas Bokpris.

CHRISTIAN WIIK GJERDE (f. 1981)

debuterte i 2016 med Jakta på firkløveren, som er blitt omsett til både russisk og tysk. Han bur i Oslo og har tidlegare jobba som journalist, tekstforfattar og også i NRK Super. No arbeider han som skulebibliotekar.

JENS KRISTENSEN (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, mellom anna den populære Klodeklubb-serien, og dessutan illustrert for magasin, reklame og animasjon.

RARINGEN

Juris verd

Korleis skal ein oppføre seg i ei verd der alle verkar normale? Der ingen synest det er rart at folk bur på gata, men synest det er veldig rart å sende kjærleiksbrev til ein vaksen vikar? Og korleis veit ein kva ein skal gjere når folk seier eit forbode ord? Dette er berre nokre av spørsmåla 11 år gamle Juri plutseleg må finne ut av. Gjennom dei to tidlegare bøkene Passe happy og Flokken har vi blitt kjende med Juri. Han er ein undrande, søkande og fabulerande gut som prøver å finne ut kven han er, og navigere i den merkelege verda. I Raringen møter vi Juri igjen i ulike kvardagslege situasjonar, som gjennom hans blikk får eit nærmast magisk preg. Kari Stai skriv med finkjensle og varsemd, men også med humor om ein gut som kjenner seg litt annleis. Boka er illustrert av forfattaren sjølv.

KARI STAI (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

SIGMUND LØVÅSEN (f. 1977) er ein allsidig forfattar som har gitt ut både romanar, skodespel, barnebøker, biografiar og diktsamlingar.

Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.

SIGMUND LØVÅSEN FLAUMEN

Ville naturkrefter og sjarmerande overmot

Finn og faren bur i eit hus på ein campingplass like ved elvebreidda i bygda. Ein dag får Finn beskjed om at skulen kjem til å vere stengd dei neste dagane fordi eit ekstremvêr og ein storflaum er på veg. Finn bekymrar seg for om faren kjem til å klare å redde campingplassen frå dei store vassmassane. Vil dei i det heile tatt ha eit hus og ein jobb å vende tilbake til når flaumen er forbi?

Finn og den snartenkte kameraten Jon held seg ikkje i ro innomhus sjølv om skulen er stengd. Dei bestemmer seg for å hjelpe til med flaumarbeidet, heilt på sin eigen måte. Redningsaksjonen Operasjon Olga blir starta. Med på laget får dei Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Men duren frå elva blir stadig sterkare, og med eitt er flaumen der. Vil planen deira fungere?

Boka er illustrert av Kristoffer Kjølberg.

SUNNIVA RELLING BERG

NATTSOL

Kven kan ein stole på?

Maja og Ilias har vore i trøbbel før, men no har dei ikkje snakka saman på lenge. Ein dag tar Maja mot til seg og besøker Ilias på asylmottaket. For ho treng hjelp. Motvillig blir Ilias med på ei ferd mot ei hytte langt inne i skogen, høgt oppe på fjellet. Dei skal levere noko proviant til beredskapslageret til tante. Trur dei, i alle fall.

Men det er ikkje enkelt å vite kven dei kan stole på, og plutseleg har dei to nok ein gong hamna midt i eit drama på liv og død.

Dette er Sunniva Relling Bergs tredje bok i serien om Maja og Ilias, ein sterk oppfølgar til både Polarnatt og Soldagen. Boka er utgitt med støtte frå Stiftelsen LESE, og er illustrert av Bjørn Rune Lie.

SUNNIVA RELLING BERG (f. 1988) har skrive mange bøker for barn og unge. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. På Samlaget har ho seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Soldagen (2024) for ungdom.

|

ISBN: 9788234014451 |

9788234014468 |

INGELIN RØSSLAND (f. 1976)

debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også fått Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Den siste boka hennar var OMG frå 2019.

INGELIN RØSSLAND

PASS DINE EIGNE SAKER

Trusesal og pedojakt

Då Ida kjem tilbake frå sommarferie, har noko endra seg med bestevenninna Pernille. Brillene er bytte ut med kontaktlinser, og håret er bleikt platinablondt. OG: Ho har plutseleg begynt å henge med Thea og Naomi, dei største jåledokkene i klassen, som alltid har terga Ida og Pernille. Kva har skjedd med Pernille, og korleis har ho fått råd til den nye stilen? Etter som Ida begynner å grave litt, finn ho ut korleis Pernille skaffar seg pengar. Og det er ikkje ved å hjelpe ein gamal nabo, som ho fortalde til Ida. Pernille har begynt med sugardating. I eit forsøk på å redde Pernille frå ekle gamle grisar lagar Ida òg ein profil. For er trusesal eigentleg så uskuldig og ufarleg som Pernille har fortalt?

Pass dine eigne saker handlar om dei risikofylte vala ungdom gjer i eit ønske om å høyre til. Det er ei underhaldande, spennande, ubehageleg og viktig bok om sugardating og om å vere ung og miste kontrollen. Boka er eit samarbeid med Stiftelsen LESE.

ANNA R. FOLKESTAD

VISSTE DU AT…? EDDERKOPP

Visste du at nokre edderkoppar kan skifte farge?

Og visste du at ein type edderkopp gøymer seg ved å sjå ut som fuglebæsj? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om edderkoppar. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skriven og rikt illustrert av Anna R. Folkestad.

Visste du at…? EDDERKOPP er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

ANNA R. FOLKESTAD (f.1983) er forfattar og illustratør frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Siste boka ho gav ut var Litt for snill i 2025.

ANNA R. FOLKESTAD (f.1983) er forfattar og illustratør frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Siste boka ho gav ut var Litt for snill i 2025.

VISSTE DU AT…?

DOVENDYR

Visste du at dovendyr er sterkare i armane enn menneske?

Og visste du at dovendyr er raskare i vatn enn på land? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om dovendyr. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skrive og rikt illustrert av Anna R. Folkestad

Visste du at…? DOVENDYR er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. t

ANNA R. FOLKESTAD

VISSTE DU AT…? BLEKKSPRUT

Visste du at blekkspruten har tre hjarte og ni hjernar?

Og visste du at nokre blekksprutar kan lyse i mørket? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om blekksprutar. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skrive og rikt illustrert av Anna R. Folkestad

Visste du at…? BLEKKSPRUT er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

ANNA R. FOLKESTAD (f.1983) er forfattar og illustratør frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Siste boka ho gav ut var Litt for snill i 2025.

VISSTE DU AT…? ERLING BRAUT HAALAND

Visste du at Erling Braut Haaland blir lett solbrent?

Og visste du at Erling Braut Haaland feirar med å setje seg i lotusstilling når han skårar mål? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om Erling Braut Haaland. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.

Visste du at…? ERLING BRAUT HAALAND er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

MAGNE TARALDSEN (f. 1977) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar frå Inderøy. Visste du at...? Erling Braut Haaland er den første boka han gir ut på Samlaget.

VISSTE DU AT…? MARTIN ØDEGAARD

Visste du at Martin Ødegaard er kaptein på det norske landslaget?

Og visste du at Martin Ødegaard eigentleg var Liverpool-supportar, men speler for Arsenal? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om Martin Ødegaard. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.

Visste du at…? MARTIN

ØDEGAARD er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

MAGNE TARALDSEN (f. 1977) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar frå Inderøy. Visste du at...? Erling Braut Haaland er den første boka han gir ut på Samlaget.

VISSTE DU AT…? ANTONIO NUSA

Visste du at Antonio Nusa er veldig opptatt av fotballsko?

Og visste du at Antonio Nusa drikk ein kopp med ingefær-te kvar morgon? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om Antonio Nusa. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.

Visste du at…? ANTONIO NUSA er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

MAGNE TARALDSEN (f. 1977) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar frå Inderøy. Visste du at...? Erling Braut Haaland er den første boka han gir ut på Samlaget.

SKJØNNLITTERATUR

FLEIRE FORFATTARAR

ATTRÅ

Ei stolt feiring av begjæret

På fjellet, blant utstoppa dyr, over telefon, på svaberget, i ein ruin, på stovebordet, med avløysaren, med spelemannen, med musikklæraren, med eit troll, med nissen, med fotografen …

Kva er din våte draum?

Maren Barlien, Kari Anne Bye, Carl Martin Eggesbø, Monica Goksøyr, Sigrid Agnethe Hansen, Tormod Haugland, Ingvill Kjærstein, Oda

Malmin, Odd Nordstoga, Brynjulf Jung Tjønn, Bjørn Vatne og Selma Lønning Aarø har alle fått meske seg i den erotiske sjangeren og lar fantasien få fritt spelerom til glede for lesaren.

Attrå er ei sexy bok som både pirrar og utfordrar. Vil du vere med på leiken? Vi kan love deg at nokon kjem til å komme.

Om Vi har alltid budd på slottet:

«Den beste boka hennar — på same tid både vimsete og oppskakande, som ein miniatyrmålar har skissert ein sjarmerande detaljert fantasi inne i eit mausoleum — dess djupare vi søkk ned, dess djupare ønskjer vi å komme.»

DONNA TARRT

«Jackson har en egen evne til å blande gotikk og skrekk med humor med sine sylskarpe observasjoner av utenforskap, isolasjon, småbyliv, klasse og den menneskelige trangen til å få vite absolutt alt om et saftig mord.»

ELLEN STØKKEN DAHL

SHIRLEY JACKSON

VI HAR ALLTID BUDD PÅ SLOTTET

Shirley Jacksons meisterverk endeleg på norsk!

Heilt sidan giftmordet som tok livet av nesten heile familien Blackwood, har dei lokale sett med avsky mot huset bak den høge hekken. Merricat Blackwood bur framleis der med søstera si Constance og den gamle onkelen deira, og livet går roleg vidare for dei alle tre. Constance puslar i hagen og kjøkkenet, onkel Julian arbeider med papira sine, og Merricat gravlegg sølvmyntar i bekken og kviskrar magiske ord i mørket som vern mot vonde blikk.

Men ei endring er på veg. Då Charles, fetteren til søstrene, kjem på besøk, blir dei faste rutinane forstyrra, og det er berre Merricat som anar kva som står på spel. Og ho tar alle middel i bruk for å drive han bort før det er for seint og familiens mørke løyndommar kjem fram i lyset.

Vi har alltid budd på slottet høyrer til eit av meisterverka i den moderne amerikanske romankunsten og er ein av dei største skrekkromanane gjennom tidene. Boka kom ut første gongen i 1962, men det er først no at ho finst i norsk omsetjing. Romanen er omsett og utstyrt med etterord av Laura Djupvik.

SHIRLEY JACKSON (1916–1965) var ei føregangskvinne innanfor den moderne gotiske litteraturen og er blitt kalla ein av dei mest innflytelsesrike forfattarane i det tjuande hundreåret. Ho har inspirerert ei lang rekke forfattarar innafor grøssar- og gotikksjangeren, mellom andre Stephen King og Donna Tartt.

Om Etter Sapfo:

«Andelaust, sanseleg vakkert … Noko nytt og nødvendig.»

GUARDIAN

«Etter Sapfo oppnår det berre den rausaste kunsten får til: å skape ei meir fullkommen verd av det ufullkomne i vår eiga. … Eit verk av gripande geni, ein katalog over nærleik og nyvinningar, begjær og draumar.»

WASHINGTON POST

«Etter Sapfo er ei bok som bør nytast langsamt, som ein praktfull solnedgang – sjølv om ho roper mot nattas uunngåelege mørke.»

BOSTON GLOBE

«Eit forbløffande verk.»

PUBLISHERS WEEKLY

«Ei unik bok som rommar rettferdig harme like naturleg som lyrisk fridom og glede.»

GUARDIAN, BOOKS OF THE YEAR

Blant årets beste bøker hos BBC, Guardian, New Statesman og Independent.

ETTER SAPFO

«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli fødd.»

Det er 1895. Midt i klesvasken og full av blåmerke føder Rina Pierangeli Faccio barnet til mannen som valdtok henne – og som ho blei tvinga til å gifte seg med. Ubøyeleg bestemmer ho seg for å byte namn, og med det: skape eit anna liv.

1902. Romaine Brooks siglar til Capri. Ho har knapt nok pengar til ferja, ingen til mat. Penslane hennar er avskala og stive. Men ho er viss på at ho kan få selt eit måleri og slik forandre seg sjølv – og verda si.

I 1923 skriv Virginia Woolf: Eg vil starte med å skildre mitt eige kjønn.

Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er Etter Sapfo ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, sapfistar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet, som kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom.

Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein, Radclyffe Hall og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen,

som er like heftig som han er lysande. Frodig og poetisk, rasande og morosam. I Etter Sapfo har Selby Wynn Schwartz skapt ei forteljing som hylla fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira – og som gir håp for både samtida og framtida.

Boka er omsett av Oda Malmin.

SELBY WYNN SCHWARTZ (f. 1975) er ein amerikansk forfattar med doktorgrad i komparativ fransk og italiensk litteratur. Ho underviser i skriving ved Stanford University. Ho debuterte med Etter Sapfo i 2022. Boka fekk ei strålande mottaking og blei nominert til Bookerprisen same året.

ARNE HENNING ÅRSKAUG (f. 1985)

kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. Han debuterte i 2015 med prosasamlinga Utstyrstekstar. Skap & Sørg kom i 2022. Årskaug fekk

Bokhandelens forfattarstipend i 2022. Han arbeider som bibliotekar.

ARNE HENNING ÅRSKAUG GRELL KABARET

Variert underhaldning

om det ømme og

det omsynslause

I Grell kabaret blir du teken med gjennom 43 tekstlege kabaretnummer. Her er det rikelege mengder med likesæl lauslivnad, manglande aspirasjonar, sprelsk antidanning og annan fåfengd trass mot vaksenlivets gnagande stillstand.

Grell kabaret er ei fargesprakande, særeiga og språksterk festframsyning om handteringa av eit kjærleiksbrot. Eller kanskje helst fråværet av ei handtering, der lesaren i staden følgjer den rangsøvde og motvillig feststemde hovudpersonen sine vågale og gagnlause forsøk på å skaffe seg nye relasjonar og fellesskap. Det blir framført både ekstase og vemod, absurd leik og vill fortviling. Kom og sjå. Kom og sjå. It's Showtime!

Om Skap & Sørg (2022):

«[N]oe av det morsomste og mest overskuddspregede jeg har lest fra en norsk forfatter på en stund.»

AFTENPOSTEN

«Årskaug er en språkbegavelse.»

KLASSEKAMPEN

LEGENDA OM DEN HEILAGE DRANKAREN

Ein uteliggjar i Paris

Andreas er ein heimlaus uteliggjar i Paris. Han søv under bruer ved Seinen, berre med ei avis over seg. Ein ukjend velgjerar gjev Andreas 200 franc. Pengane kan han ein gong betala tilbake til kyrkja, til helgenen Terese av Lisieux. Pengegåva er starten på ei rekkje små mirakel i livet til drankaren. Han får vaska seg, får nye klede, møter ein gammal kjærast og gamle kjende, bur fint på hotell, han et og drikk, men planen er heile tida å få betalt tilbake pengane han har lånt.

Boka er omsett av Jon Fosse.

JOSEPH ROTH (1894–1939) var ein jødisk-austerrisk forfattar frå Brody, som i dag ligg i Ukraina. Roth studerte litteratur og filosofi, og var soldat under den første verdskrigen. Seinare arbeidde han som journalist og forfattar i Wien og Berlin. Den mest kjende boka hans er Radetzkymarsjen frå 1932. Roth emigrerte til Paris, der han døydde fattig, deprimert og alkoholisert i 1939. Legenda om den heilage drankaren (1939, originaltittel Die Legende vom heiligen Trinker) kom ut etter at Roth var død.

JENNY LUND MADSEN (f. 1983) er ein dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørke i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same året.

JENNY LUND MADSEN UNDER EI BLENDANDE SOL

Kan Hannah skrive sin andre kriminalroman, oppklare eit mord og samstundes handtere eit trekantdrama?

Forfattaren Hannah Krause-Bendix slit med ulykkeleg kjærleik og skrivesperre. For å finne ro og inspirasjon blir ho send til Sicilias blendande sol, til ein villa med utsikt over havet – her skal ho skrive oppfølgjaren til den store krimsuksessen.

Villaen er som skapt for skriving, men tastaturet står stille. I staden let Hannah seg lokke ut i det solblenkande landskapet, til tronge smau, lokale kafear og late dagar ved havet. Ferieidyllen slår sprekkar idet ho vaknar opp midt i eit mordmysterium – og innser at ho sjølv er blant dei mistenkte.

Mot politiets ordre bestemmer

Hannah seg for å løyse saka sjølv, slik berre ein forfattar med for mykje fantasi kan gjere. Til si eiga overrasking får ho uventa hjelp av ein sjarmerande, ung italiensk betjent. I bakgrunnen lurer det uavklarte forholdet til den islandske kjærleiken.

Om Under ei blendande sol: «Plottet [er] vilt godt.»

KULTURINFORMATION

Under ei blendande sol er ein frittståande oppfølgjar til Jenny Lund Madsens internasjonalt kritikarroste og prisvinnande debut Tretti dagars mørke og den andre boka i øy-trilogien om Hannah Krause-Bendix. Ein elegant og forførande krim der middelhavsidyll og mørke løyndomar kolliderer.

Frå dansk ved Maren Barlien Guntvedt.

ARILD REIN

DET MØRKE FASTLAND 1980

Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin, Tommy prøver å halde ut som postbod, Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv, og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentalitetane til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne kolliderer.

Med Det mørke fastland 1980 skriv Arild Rein seg opp mot 1995, året Noreg blir ein renteniststat, og året der handlinga i debutromanen Hundedagane startar. Rein interesserer seg i forfattarskapen for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette nyrike samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?

ARILD REIN (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. I 2008 blei han kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.

EMI YAGI (f. 1988) bur i Tokyo og arbeider som redaktør i eit populært kvinneblad. Dagbok frå eit tomrom er den første romanen hennar.

Om Dagbok frå eit tomrom: «Dagbok frå eit tomrom er ei av dei sterkaste skildringane av kvinneleg subjektivitet, kreativitet og indre liv eg nokon gong har lese.» THE NEW YORKER

DAGBOK FRÅ EIT TOMROM

Humoristisk og utfordrande debut frå Japans nye litterære stjerneskot

Ettersom ho er einaste kvinne på kontoret, blir det venta av Shibata at ho gjer alle dei kjipe arbeidsoppgåvene ho aldri har bedt om. Ein dag får ho nok og seier at ho ikkje kan vaske dei brukte kaffikoppane til kollegaene lenger fordi ho er gravid og ikkje toler lukta.

Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi til nokon. Gravide Shibata treng ikkje jobbe overtid. Gravide Shibata ser på TV, tek lange bad og blir med på aerobictimar for framtidige mødrer. Det er berre det at Shibata ikkje er gravid, og no har ho ei ni månader lang løgn å oppretthalde. Med svart humor og presis samfunnssatire skildrar Dagbok frå eit tomrom korleis ei kvinne må dikte opp ein graviditet for å bli sett og respektert.

Dagbok frå eit tomrom vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan. Frå japansk ved Ingvill Kjærstein.

EINAR ØKLAND

KARIKATURAR I SPEGEL MED HOL

Ei samling full av vilje, leik og nysgjerrigheit

Karikaturar i spegel med hol er ei samling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg sjølv, men like gjerne forsvinne innover i det ukjende, i mørket og søvnen.

ELSKAREN

Ho var open som eit kolon då vi møttest.

Eg blei borte på begge sider av henne

EINAR ØKLAND (f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over åtti bøker innanfor dei fleste sjangrar, og fått ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.

JON FOSSE

Fire av dei aller mest kjende romanane til Jon Fosse kjem

denne våren i praktutgåver

ROMAN | ISBN: 9788234016929

PRIS KR 449,– | UTG. APRIL

ROMAN | ISBN: 9788234016899

PRIS KR 449,– | UTG. APRIL

ROMAN | ISBN: 9788234016905

PRIS KR 499,– | UTG. APRIL

ROMAN | ISBN: 9788234016882

PRIS KR 449,– | UTG. APRIL

POCKET

JON FOSSE (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar.

I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker.

Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. I 2023 fekk Jon Fosse nobelprisen i litteratur.

JON FOSSE VAIM

men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattes tid, gift kone ho er og alt Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline Ja, ver velkomen, seier eg Ver velkomen, tek eg opp att

Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline som rømmer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank, snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame.

Vaim er fyrste av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.

«Feelgood-Fosse med ein tvist»

NRK

«Trollbind lesaren»

BERGENS TIDENDE

«Vaim lyser opp i mørket.»

VG

«Finurlig trekantdrama»

ADRESSEAVISEN

«This is unforgettable.»

PUBLISHERS WEEKLY

AGNES RAVATN DOGGERLAND

Intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.

Men då Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip – og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Då det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?

I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen til litteraturen er truga.

«Succession på isolert vestlandsøy»

BERGENS TIDENDE

AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay.

MAREN UTHAUG (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto

B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. MAREN UTHAUG

88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.

Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.

To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman. 88 % er eit framhald av framtidsromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.

«... en roman skrevet i fryd» KLASSEKAMPEN

«Uthaug er en grenseløs, kreativ forfatter.»

VG

MARTIN BALDYSZ

STILLE GRENDER KRIM

Første bok i original historisk krimserie

med syskenparet Johan og Sonja Ryer som etterforskarar.

Sunnmøre, hausten 1902. Dotter til storbonden, Hedda Fosen, blir funnen brutalt drepen i den avsidesliggande Mardalen. Johan Ryer, fersk overkonstabel frå Ålesund, blir send for å etterforske. Med seg får han systera Sonja som assistent.

Krøkt mellom fjord og fjell ligg grenda der det usagde veg tyngre enn det sagde. Sterke krefter står steilt mot kvarandre, og no har noko mørkt sloppe laus.

Ryer-serien følgjer det umake etterforskarparet Johan og Sonja – han nøyaktig, mild og oppteken av detaljar, ho intuitiv, frittalande og med lite til overs for autoritetar. Eit klassisk mordmysterium i historisk drakt – med sterke karakterar, lun humor og den stille uhygga som berre ei avsides norsk fjordbygd kan romme.

«Dette er en genuint annerledes krimhistorie ... Baldysz er en lovende skjønnlitterær forfatter med ro, fordyping og natur som kjennetegn.»

ADRESSEAVISEN

MARTIN BALDYSZ (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen.

«ein fryd å lese»

DAG OG TID

«overbevisende krimdebut» MORGENBLADET

SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962)

debuterte i 2006 med romanen

Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen

Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta, og no ligg tredje boka, Barnebarnet, føre.

SUSANNA ALAKOSKI BARNEBARNET

Tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten

Da Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.

I overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall éin ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.

Barnebarnet er tredje boka i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Frå svensk ved Runa Kvalsund.

«[Kathrine] og bestevennen Viveka fomler seg fram i en kultur så sexistisk at, fy faen, er min eneste notering på flere av sidene.»

KLASSEKAMPEN

FAKTA OG DOKUMENTAR

HERBORG KRÅKEVIK (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.

HERBORG KRÅKEVIK VI VANDRAR SAMAN

Norsk song- og biletkunst

«Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte», sa Spelemann-juryen då Kråkeviks songbok kom ut med eit brak for 25 år sidan.

No har Herborg utvida songskatten og fått kopla han med nokre av dei mest markante bileta i norsk målarkunst, henta frå Nasjonalmuseet. Resultatet er blitt ei praktbok som viser oss den norske kulturarven på nytt og personleg vis.

Du får mellom anna vite kvifor «Norge, mitt Norge» får Herborg til å tenkje på Sohlbergs Vinternatt i Rondane, og korleis Halfdan Egedius’ verk Lørdagskveld høyrer saman med Olav Stedje-hiten «Vi vandrar saman».

Og kva har «Den fyrste song eg høyra fekk» å gjere med IC Dahlmåleriet Frå Stalheim?

- Ei bok til alle som set pris på dei norske song- og kunstskattane. - Songane er utstyrte med notar. - Utgitt i samarbeid med Nasjonalmuseet.

NJORD V. SVENDSEN

LAPPJÆVEL. LAUSUNGE.

EI KJÆRLEIKSHISTORIE

Det vesle språket og den store kjærleiken

Ein oktoberkveld i 2004 møtest Bruce og Svenne på ein fest i eit gammalt hamnelager i Tromsø. Sidan har det vore dei to. Ein «lausunge» frå New York, ein «lappjævel» frå Tysfjord. Ein amerikansk lingvist, ein lulesamisk aktivist. Dette er forteljinga om to menneske som brenn for kvarandre, og for å redde eit utryddingstrua språk. Det er ei forteljing om tap, sorg, skam og traume, men også om kva ein kan få til når ein har kvarandre. Dette er ei forteljing om å stå fram, stå imot og stå for den du er.

NJORD V. SVENDSEN (f. 1973) kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og bur i Bergen. Svendsen har meir enn tretti års erfaring som journalist og jobbar i dag i Khrono. Han har fått fleire prisar for arbeidet sitt, blant anna NTBs språkpris og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2016 gav han ut barneboka Bomulv (ill. Akin Duzakin).

JOHANNE NYBORG (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første bok i sjangeren forteljande sakprosa.

JOHANNE NYBORG

12 DAGAR

I APRIL

EI ODELSJENTE

FORTEL

Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.

Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?

JOHANN ROPPEN

ATOMKRAFT

DEN NYE VEKKINGA

Den norske kjernekraftdebatten gjekk i dvale då alle planar for utbygging av atomkraft vart stoppa tidleg på 1970-talet.

Så snudde det: Etter at vi fekk «sjokkprisar» på straum i 2021–2023 vart atomkraft relansert, og folkemeininga om atomkraft har snudd kraftig på veldig kort tid – frå negativ til positiv til atomkraft.

Ei lita gruppe av få, men koordinerte, atomkraft-tilhengarar har på forbausande kort tid fått sett atomkraft på dagsorden.

Har tilhengarane av atomkraft i stor grad har fått råde grunnen aleine og fått sleppe unna kritiske spørsmål?

I Atomkraft. Den nye vekkinga undersøker professor Johann Roppen debatten rundt atomkraftspørsmålet. Han undersøker kven aktørane bak den eintydige ja-sida er, og trekk inn tendensar i atomkraftdebattar frå andre land.

JOHANN ROPPEN (f.1967) er professor i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

HØGARE UTDANNING

STIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad.

STIAN

TJELMELAND NOREG UNDER DEN ANDRE VERDSKRIGEN

Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka oppsummerer forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. Det blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.

CARLSEN OG DAGRUN

ENGESET

MATVAREKUNNSKAP

– FRÅ RÅVARER

TIL MATKULTUR

Grunnleggande innføringsbok i matvarekunnskap skriven for bachelorstudium i ernæring. Etter ein gjennomgang av næringsstoffa og kva som trengst i eit fullverdig kosthald, går forfattarane igjennom dei ulike matvaregruppene, kva som kjenneteiknar dei når det gjeld næringsstoffinnhald, bruksmåtar – historisk og i dag, lagring og tilarbeiding. Boka gir ei grundig forståing av matvarer og deira bruk i hushaldningar og matvareindustrien, inkludert kunnskap om konserveringsmetodar, mathygiene, vurdering av matkvalitet, mattryggleik og helserisiko. Boka har også eigne kapittel om forbrukarkunnskap, berekraft, matkultur og ulike kostomsyn, og i eit eige kapittel avslutningsvis blir det gjort greie for kva metodar som blir brukte for å kartleggje kosthald i befolkninga.

MONICA HAUGER CARLSEN er professor ved avdeling for ernæringsvitskap ved UiO. Carlsen har forska på og undervist om emne innanfor kosthaldsmetodar, matvarekunnskap, kostråd, næringsstoffanbefalingar og kosthaldsepidemiologi, og har det faglege ansvaret for kostberekningssystemet NutriFoodCalc ved UiO. Ho er medlem av Vitskapskomiteen for mat og miljø, og EuroFIR AISBL.

DAGRUN ENGESET er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder der ho underviser i samfunnsernæring, folkehelse, og mat og helse for lærarutdanninga. Engeset har doktorgrad i ernæringsepidemiologi og har lang og brei erfaring frå forsking på samanhengen mellom mat og helse, både nasjonalt og internasjonalt.

TONE DAHL-MICHELSEN er professor ved Institutt for helse, VID vitenskapelige høgskole.

KAREN SYNNE GROVEN er professor og prodekan for forsking ved Fakultet for helsevitenskap, VID vitenskapelige høgskole.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

TONE DAHL-MICHELSEN, KAREN SYNNE GROVEN OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK I FYSIOTERAPI

Det finst mange forventningar til korleis fysioterapeutar skal utøve profesjonspraksisen sin. I denne innføringsboka i etikk handlar det nettopp om det: om etiske problemstillingar i fysioterapi.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.

I andre del av boka går forfattarane nærare inn på etiske utfordringar knytte til relasjonar til pasientar og brukarar. Her blir lovverk og profesjonsetiske retningslinjer gjennomgått, og tema som teieplikt, tvang og fagleg tvil blir grundig behandla. Boka tek også opp etiske sider ved fysioterapi som kunnskapsbasert praksis, og i eit eige kapittel blir forskingsetikk behandla.

ERLEND EIDSVIK OG EDIT BUGGE (RED.)

VITSKAPSTEORI FOR LÆRARSTUDENTAR

På kva grunnlag kan vi konstruere truverdig kunnskap om verda? Og kva er eigentleg vitskap? Dette er heilt grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for alle master- og forskingsprosjekt.

For å svare på dette treng vi både ei grunnleggande innføring og ikkje minst konkrete tips og retningsvisarar på vegen. Det finst mange vitskapsteoretiske verk der ein kan søke innsikt i slike grunnleggande spørsmål, men få som tek for seg konkret bruk og nytte tilpassa ditt spesifikke forskingsprosjekt. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.

Boka er bygd opp i to delar. Den første delen gir ein introduksjon til sentrale omgrep, tenkemåtar og vitskapsteoretiske retningar. I den andre delen presenterer vi korte døme frå ulike fagretningar, skrivne av forfattarar som sjølve har brukt desse grepa i sine arbeid. Kvart døme gir eit innblikk i kva dei ulike teoretiske grepa tilbyr, og på kva måte dette kan fungere.

ERLEND EIDSVIK er geograf og professor i berekraft og klimadanning ved Høgskulen på Vestlandet, og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne innanfor berekraft, klimadanning, politisk økologi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.

EDIT BUGGE er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innanfor språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.

ANNE LUND er ergoterapeut

og professor ved Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi, avdeling for ergoterapi ved OsloMet – storbyuniversitet.

INGUNN MYRAUNET er ergoterapeut

og universitetslektor ved Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi, avdeling for ergoterapi ved OsloMet – storbyuniversitetet.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

ANNE LUND, INGUNN MYRAUNET

OG EINAR

AADLAND PROFESJONSETIKK I ERGOTERAPI

Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis ergoterapeutar skal utøve profesjonspraksisen sin. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.

Andre del av boka går inn på etiske problemstillingar ein kan møte som ergoterapeut. Etter ein gjennomgang av dei normative rammene for ergoterapipraksis ser forfattarane på vanlege etiske utfordringar i utøving av ergoterapi. Dette blir illustrert med gjenkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla.

LEIDULF MELVE

TEORIBRUK I HISTORIEFAGET

I boka viser forfattaren korleis

teori blir og har vore brukt i historiefaget, med vekt på den norske fagtradisjonen. Det blir lagt vekt på kva teori er for noko, og dessutan kva funksjon teori har i sjølve forskingsprosessen. Forfattaren ser på korleis historikarar nyttar teori, kva teoriar dei helst nyttar seg av, og på teoribruken innanfor eit knippe teoriintensive felt – slik som den nye kulturhistoria, kjønnshistorie og postkolonial historie.

LEIDULF MELVE er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Melve er særleg kjent for sine studiar av ålmenta i mellomalderen og for bøker om historiografi. Han fekk Meltzerprisen for yngre forskarar i 2006 for doktoravhandlinga si The Medieval Public Sphere. Continuity and Innovation in the Polemical Literature of the Investiture Contest. I sine historiografiske bøker har han skrive om historieskrivingas historie, frå antikken til i dag og i eit globalt perspektiv.

9788234016509

HANS EIRIK VOKTOR (f. 1957) er professor i dokumentar ved Universitetet i Stavanger, der han underviser i historieforteljing. Han har lang og brei erfaring med fiksjonsog dokumentarfilm, der han mellom anna har hatt roller som filmskapar, dramaturg og manuskonsulent.

MATHIAS OPPEDAL (f. 1985) er universitetslektor i journalistikk og dokumentarproduksjon ved Universitetet i Stavanger. Han har jobba spesielt mykje med historieforteljing på nett både som journalist, fotograf, vaktsjef og redaksjonssjef i NRK Rogaland. Han har også laga dokumentarfilmen Skeiv mamma (VG, 2023).

MAY LINN CLEMENT (f. 1986) er journalist og avisteiknar i Dag og Tid, og stand-up-komikar på si. Clement fekk Fritt Ords Pris 2025 for å utfordre offentlegheita med maktkritikk og skarp humor saman med to andre satireteiknarar.

MATHIAS OPPEDAL, HANS EIRIK VOKTOR OG MAY LINN CLEMENT

HISTORIEFORTELJING

Korleis søker, undersøker og utvidar ein menneskeleg erfaring gjennom historieforteljing? Korleis kan du få publikum til å høyre etter når du fortel noko? Kva grep skal til for å trekkje ein lesar, lyttar eller sjåar inn i den historia du vil fortelje? Dette er spørsmål som journalistar, forfattarar, fotografar, kommunikasjonsarbeidarar og mange andre stiller seg kvar einaste dag. I Historieforteljing tek forfattarane sikte på å finne svara på dette enkle spørsmålet, uavhengig av kva medium du ønsker å fortelje historia di gjennom, og om du jobbar med fiksjonell eller faktabasert historieforteljing. Målet med boka er å gi lesaren ei effektiv innføring i kva som får ei historie til å fungere, enkle verktøy for å identifisere problem i ei historie og eit perspektiv på historieforteljing som noko av det viktigaste me driv med.

SVEIN OLE SATAØEN DIDAKTIKK TAKK!

OM DIDAKTISK ARBEID I BARNEHAGEN

Korleis kan barnehagelærarar bruke didaktisk kunnskap til å skape meining og læring i kvardagen?

Denne boka utforskar didaktikk som eit sentralt verktøy for å forstå og utvikle praksis i barnehagen. Med utgangspunkt i Rammeplanen for barnehagen og Rammeplanen for barnehagelærarutdanninga drøftar forfattaren korleis didaktisk kompetanse kan styrkje det faglege arbeidet – både i planlagde aktivitetar og i spontane augeblinkar.

Boka byrjar med ein samtale med barnehagelærarar og undervisarar om kva didaktisk kompetanse eigentleg er, kva dei har lært, og korleis dei nyttar kunnskapen i møte med barna.

Vidare set forfattaren didaktikken inn i ei fagleg ramme, der avgrensing og definisjonar er viktige for å kunne bruke didaktiske modellar og reiskapar på ein god måte. Ein ser nærare på korleis barnehagepolitikken, gjennom rammeplanar og styringsdokument, formar det didaktiske arbeidet – frå 1986 og fram til i dag. Forfattaren tek også for seg bruken av sentralt utvikla program og metodar: Kva gevinstar og utfordringar ligg i å følgje ferdige manualar? Trugar dette den profesjonelle skjønnsutøvinga?

Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.

SVEIN OLE SATAØEN er dosent emeritus i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har gjennom fleire år vore oppteken av barns oppvekstmiljø, barnehageutvikling og barnehagepolitikk. Han har skrive fleire bøker og artiklar og hatt ansvar for større regionale og nasjonale prosjekt og evlaueringsarbeid.

ISBN: 9788252195620 |

9788234009839 |

GÖRAN SÖDERLUND (f. 1955) er professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har PhD i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.

GÖRAN

SÖDERLUND

ALT EIN LÆRAR TRENG Å VITE OM HJERNEN

Kva er samanhengen mellom nevrovitskap og pedagogikk?

Moderne nevrovitskap viser korleis hjernens minnefunksjonar og ulike prosessar er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga. Dei ulike fagtradisjonane med sine ulike tilnærmingar til læring og læringsprosessar utelukkar ikkje kvarandre, men kan styrke forståinga vår av korleis læring skjer.

Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar læringa og læreføresetnadene til elevane. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.

Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentrale for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader. Boka gir òg innsikt i korleis kunnskapar frå to ulike fagtradisjonar er viktige å føre saman for å kunne møte elevars ulike behov. Korleis du kan bruke denne kunnskapen i din eigen praksis må du tenkje ut sjølv, men boka gir eit godt grunnlag for å utvikle effektiv undervisning for alle elevar.

SJÅ VERDA FRÅ EIN ANNAN STAD.

I ei verd med flimrande skjermar og raske nyhende er Syn og Segn ei motvekt. Hos oss møter du tankar som er tenkte heilt ut, og tekstar som varar lenge. Vi skriv om kultur, politikk og samfunn – på nynorsk.

Syn og Segn kjem med fire utgåver i året, og det kostar berre 300 kroner å teikne årsabonnement.

Martin Årseth er redaktør i Syn og Segn.

synogsegn.no facebook.com/synogsegn

Instagram: @tidsskriftet_synogsegn - SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 400 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR

Facebook.com/samlaget

Instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på Samlaget.no

KONTAKT OSS

Anne Liv Tresselt

sals- og marknadssjef

90 56 13 22

a.tresselt@samlaget.no

Karin Helgøy kommunikasjonssjef

97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no

Sara Olivia Sanderud

marknadskoordinator og kundesørvis

95 27 34 88 s.sanderud@samlaget.no

Katerina Futsæter Vik

sals- og marknadskonsulent

93 05 77 23 k.vik@samlaget.no

Merete Pharo

sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker

45 25 51 10 m.pharo@samlaget.no

Line Omland Eilevstjønn innhaldsprodusent og digital marknadsførar

97 64 21 25 l.omland@samlaget.no

Berit Rødstøl lydansvarleg

94 48 86 89

b.rodstol@samlaget.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
SAMLAGET-katalog-VÅR2026-enkeltsider by Det Norske Samlaget - Issuu