Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 1
1
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 2
ASBJØRN RYDLAND Drakeguten Drakeguten. Fantasy for ungdom. , Med eld i hjartet. Fantasy for ungdom. Mørkemanaren. Fantasy for ungdom. Kampen om Kervad. Fantasy for ungdom. Fredlaus. Fantasy for ungdom. Vegandi Galderstjerna. Fantasy for ungdom.
2
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 3
Asbjørn Rydland
DRAUMSENDE Vegandi – andre bok
Samlaget Oslo
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Marius Renberg : Samlaget : Minion ,/ : g Holmen Book Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 5
Reveauga svevar over meg som eit fjernt stjernebilde, to store, skråstilte samlingar av glitrande stjernestøv som ser på meg med undring og forventning. Det er berre meg og desse auga her. Alt anna er mørkt og stille, bortsett frå små, skinande galdersymbol som flyt i tomheita mellom oss, som snøkav i uendeleg sakte film. Alt er som før. Alt er som dei førre ti gongene. Hundre? Eg har mista teljinga. Eit augeblikk kan eg skimta omrisset av eit revehovud i det han snur seg, så er det borte igjen. Mørket rundt oss får form. Fargar. Eg veit kva som kjem, og snur meg langsamt rundt medan golv, tak og veggar dannar seg, så pultar, stolar, datamaskiner, skjermar. «Vegen går her,» seier reven. Eg ser han tydeleg no, slik han kom til meg første gongen: sølvgrå, skimrande og gjennomsiktig der han glir mellom pultane på veg mot dei gigantiske sylindrane i enden av det store rommet, nesten som eit hologram. Dei ruvar over meg då eg rettar blikket mot dei, strekkjer seg gjennom taket og vidare mot evigheita, uangripelege søyler av diamanthardt glas. «Sjå tilbake. Sjå imellom. Sjå fram.»
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 6
Eg ser tilbake. Eg ser fram. Forstår ingenting. Og så … «Eirik? Hei, vakn opp!» Far min flirer og ristar i armen min. «Du heldt på å planta trynet i frukostblandinga di.» Eg blunkar og ser meg forvirra rundt. Frukostbordet. «Sorry,» mumlar eg. «Sov visst ikkje så godt i natt.» «Du må slutta å sitja oppe så seint.» Han klappar meg på skuldra og går for å henta meir kaffi. Mor mi skrur opp lyden på radioen. Det er ein av dei sjeldne morgonane der vi faktisk sit ved frukostbordet alle tre. «’… Vi beklagar sjølvsagt ulempene dette medfører for våre kundar, og jobbar døgnet rundt i fleire landskontor for å utbetra feilen så raskt som mogleg.’ Det sa ein talsmann for Promethean Games på ein pressekonferanse i dag tidleg norsk tid. Selskapet har vore i hardt vêr etter at dei førre veke blei ramma av det kommentatorar omtaler som det verste hackerangrepet i selskapets historie. Promethean Games har selt over femti millionar kopiar av sitt nyaste spel Reborn, og så langt seier selskapet at angrepet har ramma alle brukarar, men at dei enno ikkje veit kven som står bak. Det er foreløpig ikkje kjent om kontoinformasjonen til kundane er kompromittert, men selskapet rår alle til å skifta passord så snart som mogleg.» Stemma på radioen går vidare til neste sak, men eg høyrer ikkje etter lenger. Femti millionar kontoar ramma samtidig som eg galdra sjukdom på nettverket til Holt. Tilfeldig? Trur ikkje det, nei. «Er det ikkje det spelet du har vore så langt inne i?» spør mor.
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 7
Eg må smila av ordvalet hennar. «Det stemmer,» svarer eg. «Dei har visst hatt litt problem i det siste.» Far er tilbake med kaffikoppen. «Har du bytt passord, då?» Eg ristar på hovudet. «Har ikkje kome så langt enno. Har ikkje spelt så mykje den siste veka, uansett.» «Hugs på å gjera det,» seier han. «Du vil ikkje tru kor mykje problem dårleg sikring kan skapa. Det var ein kar på rekneskapsavdelinga på jobben som hadde svart på noko e-post som hadde kome gjennom systemet, og …» Eg sonar ut litt medan far min går inn i ei lengre utgreiing. Faktisk er det jo nettopp sikringa som gjer at eg meir eller mindre har unngått PC-en fullstendig sidan eg kom tilbake frå Ingenmannsland siste gongen. Berre at det ikkje er tilfeldige phishing- og scam-e-postar eg har å bekymra meg for. Femti millionar kontoar. Viss ikkje det er eit klart og tydeleg teikn på at Holt hadde Promethean i ryggen, så veit ikkje eg. Ikkje har det dukka opp noko på nyheitene om hærverk, stolne bilar eller daude sikkerheitsvakter heller. Radioen bryt inn i tankane mine igjen: «Den innvandringskritiske gruppa Nordisk Blod melder at dei kjem til å demonstrera i samband med LHBT-arrangement som tidlegare annonsert, uavhengig av om dei får løyve av politiet eller ikkje. ‘Vår nordiske arv og kultur er trua, og det er vår plikt å ta opp kampen med alle middel,’ heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen. Politiet har ingen kommentar til utspelet.» «Innvandringskritisk!?» Mor ser vantru på radioen. «Kall ein spade for ein spade! Eg er så lei av at dei alltid skal glatta over og ufarleggjera sånne …»
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 8
«Kjersti …» Far smiler og hevar eit augebryn mot ho. Han blir alltid sånn når ho begynner å krangla med nyheitsopplesarane. «Men dei gjer jo det! Desse folka er nazistar, verken meir eller mindre.» «Eg veit det, men …» «Det er sant,» skyt eg inn medan eg reiser meg og begynner å rydda av bordet. «Dei skriv det til og med på nettsidene sine sjølve.» «Nemleg. Eg …» Mor snur seg brått og gir meg eit bekymra blikk. «Kva har du vore inne på sidene deira etter?» «Ikkje noko,» svarer eg, litt spakt. Utan å tenkja meg om tar eg meg til brystkassen, der galderstjerna er prega skarpt og klart på huda mi under T-skjorta. «Eg berre … har blitt meir interessert i norrøne greier i det siste, og då har eg jo plukka opp ein del om sånne tullingar som misbruker det òg. Runer og sånn, meiner eg.» Mor nikkar, men blikket hennar følgjer handa mi, og den bekymra rynka i panna hennar blir verande. Vi har omtrent ikkje snakka om tatoveringa sidan eg kom tilbake frå Ingenmannsland første gongen, og eg har ingen planar om å ta opp temaet. I staden unngår eg blikket hennar og skramlar litt ekstra med fat og bestikk så ho ikkje skal spørja meir. Kan jo ikkje godt seia at eg har drive nettresearch for å hjelpa ei alvisk venninne å spora ein mordar frå ei anna verd, kan eg vel? «Det er bra at du interesserer deg for historie,» kjem det frå far. «Berre ikkje la det gå ut over dei andre faga, ok? Eller nattesøvnen.»
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 9
«Nei då. Det gjer ikkje det.» «Bra. Skal du sitja på til skulen i dag?» «Eg tenkte å ta toget, men … Klart det. Takk. Men eg må … eh, lesa litt på vegen. Fysikkprøve.» «Var ikkje det i morgon? Eg trudde det var derfor du skulle heim til Khalid i ettermiddag.» «Jau, men … Det hjelper jo ikkje berre å lesa kvelden før, var det ikkje det du sa?» Han smiler og ristar lett på hovudet. «Ok. Eg køyrer om ti minutt.» Eg sjekkar klokka og nikkar. Oppvasken blir ståande på kjøkkenbenken, og eg skundar meg ned på rommet for å pakka ferdig. Research for Arandil er ikkje det einaste utanom det vanlege eg har drive med den siste veka. Sekken er allereie full av bøker og vanlege skulegreier, og i tillegg slenger eg oppi ei lita, men kraftig lommelykt, nødladar til mobilen, ei notatblokk halvfull av reve- og galderteikningar etter dei rare draumane mine, eit par sprittusjar og ein bunke med små kort i stivt papir. Det eksperimentelle Batman-beltet stikk eg nedi på sida, saman med treningshylsteret til mobilen. Eg har akkurat snørt igjen sekken då den første tekstmeldinga lyser opp telefonskjermen. Maria: God morgon! Treng vi matpakke? Meg: Øh … veit ikkje? God morgon til deg òg. Korleis er forma? Maria: Ti fungerande fingrar. Eg er klar! Meg: Bra! Eg rekk ikkje å fiksa mat no, men vi kan sikkert kjøpa noko. Khalid?
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 10
Det kjem ikkje noko svar frå han før eg er i bilen med far og på veg inn til byen. Khalid: Hei. Sorry, var ute og jogga. Vi kan eta hjå meg før vi drar ut i kveld. Så kan du forklara kva du eigentleg har planlagt, samtidig. Maria: Flott! Korleis kjenner du deg? Khalid: Framleis vondt, men det går betre. Eg er klar. Meg: Pain is temporary, glory is forever! Khalid: Dust. Maria: Det er lett for deg å seia. Det er ikkje du som har vore sjukemeld! Eg smiler for meg sjølv. Ein liten heila burde kunna fiksa det som er igjen av skadane til Khalid, men eg har ikkje lyst til å skriva noko om det i chatten. Eg trur ikkje eigentleg Holt sine medsamansvorne overvaker oss, men ein kan aldri vera for forsiktig. For Khalid er det første skuledag etter sjukemeldinga, og bortsett frå den gipsa fingeren, som han har til felles med Maria, har han ingen synlege skadar lenger. Då vi møtest i skulegarden og eg gir han ein klem, merkar eg likevel at han ikkje er heilt frisk enno. «Khalid! Godt å sjå deg, mann.» «Au. Ribbeina …» «Å. Sorry.» Eg trekkjer meg eit steg tilbake og gir han eit klapp på skuldra i staden. «… og skuldra. Den er framleis litt vond.» «Øh … ja. Eg gløymde det. Du fekk deg ein skikkeleg omgang, du.»
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 11
Han rullar forsiktig med nakken. «Ingen brot i armen, heldigvis, men ja. Dei kasta meg jo veggimellom.» Eg nikkar. «Eg heldt på å seia at eg er lei for å ha dratt deg inn i dette, men eg er glad for at de var der. Elles veit eg ikkje kva eg hadde gjort.» «Heh. Utan oss hadde du tatt pengane og gått dark side, berre innrøm det.» «Kanskje …» Eg løftar handa som for å dytta han i skuldra, men stoppar og flirer i staden då han tar eit steg tilbake. «Pass deg no,» åtvarar eg. «Du veit ikkje kor lenge eg har vore vekke, trass alt. Mykje kan ha skjedd …» Han ser spørjande på meg. «Kor lenge? Du, det er altså eg som har vore sjukemeld, ikkje du. Kva pratar du om?» Eg himlar med auga og ser meg rundt før eg lener meg litt nærare og svarer. «Hallo? Ingenmannsland? Fleksitid? Eg var der i fleire veker.» «Å! Sånn! Nemleg. Shit, det er så rart, det.» «Du aner ikkje. Eg skjønner ikkje korleis folk kan bli vande til det.» Maria dumpar ned på benken ved sida av oss. «Hei! Vande til kva då?» «Tidshoppinga,» forklarer eg. Ho nikkar. Vi har allereie hatt den samtalen nokre gonger i løpet av veka. «Ja, har det skjedd mykje, då?» spør Khalid. «Kva gjorde du der?» «Venta, for det meste. Var fangevaktar. Gjekk på jakt. Arandil prøvde å læra meg å skyta med boge, men det var ikkje før Lambert dukka opp og lærte meg å juksa, at eg blei noko flink. Eg hadde nok ikkje heilt tolmodet til å stå i timevis og skyta på blink, sånn som ho ville.»
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 12
«Juksa? Du kan jo ikkje juksa i bogeskyting!» Han ser frå meg til Maria og tilbake. Maria ler. «Viss du kan laga målsøkjande piler, så.» Khalid stirer vantru på oss. «Køddar du? Går det an?» «Alt går an,» svarer eg. «The sky’s the limit. Men ja. Arandil var ikkje så begeistra for det.» «Det trur eg på! Dæven … Det skulle eg ha likt å vera med på.» «Du kan bli med neste gong. Eg lover å ikkje dra deg med tilbake til Gangarvollen igjen,» legg eg til med eit flir. «Men mesteparten av tida brukte eg på å læra om vegandi, øva meg på ulike galderstavar, pugga norrøn og gresk mytologi til den store gullmedaljen og plaga Lambert med spørsmål om verda og historia.» «Det siste hadde jaggu eg òg gjort,» svarer Khalid. Det ringer inn, og skuledagen set fort ein effektiv stoppar for samtalen og planlegginga. Eg får heldigvis gitt Khalid ein lapp med legegalderen heila i løpet av første time, og snart plagar iallfall ikkje ribbeina han noko særleg lenger. Fingeren er det verre å få gjort noko med akkurat no, og før skuledagen er over, er det så mange som har fått med seg gipsen at det ikkje er mogleg å ta han av utan at folk begynner å lura. Då vi møtest utanfor etter skulen, er Khalid litt grinete for akkurat det. «Eh, det er ikkje så farleg,» svarer Maria og løyser ein knute og drar av sin eigen fingergips. Ho knyter neven eit par gonger for å mjuka han opp og legg til: «Det går heilt greitt å lata som nokre dagar.» Haustmørket er i ferd med å leggja seg over byen då vi
Draumsende ferdig.qxp_A 13.08.2018 08:45 Side 13
kjem heim til Khalid, men folk er framleis på jobb, så det er litt for tidleg å setja planen ut i livet enno. Det gir oss iallfall tid til å fiksa fingeren til Khalid, få i oss litt mat og til og med lesa litt til den prøven. Konsentrasjonen er det verre med. Vi har alle saman tankane ein heilt annan plass, men med berre mor til Khalid heime er det altfor stille i leilegheita til å kunna prata noko særleg om det vi eigentleg vil. Mora hans er for så vidt kul nok, men å ha døra igjen med ei jente på rommet er litt over streken der i garden. Etter ei halv evigheit kan vi endeleg leggja av garde. Påskotet er ein tur på kino, og Khalid lover å vera tilbake før det blir altfor seint. Ingen fare. Vi er antakeleg ferdige før filmen er slutt.