Skip to main content

Revejegerane på Jan Mayen

Page 1

Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 1


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 3

Ole M. Ellefsen

Revejegerane p책 Jan Mayen Historisk dokumentar

Samlaget Oslo


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 5

ÂŤFlere fangstfolk enn revÂť. August Hansen, grafitti i vinduskarmen, Ă˜sterrikeren 1927


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 6


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 7

Innhald Forord 9 Øya 12 «Hell» 15 The New York Subway train 27 Meteorologane 38 Danskane kjem 47 Fransk visitt 59 Iskaldt møte 67 «Red Hot Mama» 77 Den blinde, den halte og den døve 83 Åleine i nord 93 Ein ny kvardag 101 Nordvestkapp 111 Stormen 120 Lengt og religion 130 Revekrigen 142 Nattdyr 154 Illusjonane brest 165 Oppgjeret 177 Kjærleik og brennevin 187 Død og pine 199 Cowboy på sjøen 209 Polarsjuka 226 Nokon må vere att … 237 7


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 8

Beerenberg 246 «Hell» på hell 255 Epilog 267 Kjelder og takk 278


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 9

Forord Eg har vore på ei underleg reise, som i ein draum. Der tid og stad blir viska ut og skuggane av elleve menneske trer levande fram for auga mine. Menneske som gjekk ut av tida for fleire tiår sidan. Fem dagbøker har vore nøkkelen til forteljinga om det eine året dei levde saman i isøydet langt i nord. Ord i stive kansellivendingar eller tidvis livfulle skildringar mellom snorrette liner fortel fakta og gir glimt av fortviling, glede, kjærleik og sorg. Av desse fem har amerikanaren Henry (Hank) Joesting ei dominerande røyst. Han har lite til overs for nordmenn generelt og sunnmøringar spesielt. Hans tidvis ironiske og beiske kommentarar står i sterk kontrast til røystene frå den gudstru Nils Garnes og den velmeinande Trygve Guldberg. I nord lever Karl Brevik og Andreas Håkonsholm heilt isolert frå dei andre. Båe lengtar heim, men dei har verken telegraf eller radiosamband. Til saman blir dei fem dagbøkene eit talekor som eg bygger skildringa mi på. Eg vil at røystene til desse flotte menneska skal bli levande. Difor er dagboknotat og andre skriftlege kjelder tidvis gjorde om til dialog og skildringar, bygde på det dei sjølve fortel gjennom oppteikningane sine. Utanom dei fem eg har dagbøkene til, overvintrar seks andre menn på øya. Tre av desse, Finn Devold, Reidar C. Halvorsen og Gustav Øines, bur saman med Guldberg på den meteorologiske stasjonen. Tre andre, den einøygde Karl Hoel, den halte August Hansen og den døve 9


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 10

Ingebrigtsen, har slått seg ned på ein gammal fangststasjon på vestsida av Jan Mayen. Dei skulle jakte på rev, men enda opp med å jakte på kvarandre. Den kalde, ugjestmilde øya Jan Mayen var ikkje noko eldorado, slik dei trudde. Fleire år med fri fangsting var i ferd med å øydelegge den ville revestammen. Brostne forventningar har til alle tider ført til konflikt. Slik også her. Konfliktane kjem fram gjennom dagbøkene, det er strid og usemje og til dels harde ord. Men samstundes også glimt av humor og omsorg. Det er desse elleve, ingen andre. Bortsett frå eit par underlege visitasar eksisterer verda utanfor berre gjennom telegrafisk samband til den meteorologiske stasjonen. Ingen kan nå dei gjennom den lange, mørke vinteren. Ingen kan løyse opp i konfliktane, lækje sår eller den mest forferdelege tannpine. Ingen andre enn dei sjølve kan gje hjelp til sarte sinn. Dei fem dagbøkene og ein sluttrapport frå høvdingen på øya, stasjonssjef Finn Devold, har vore dei fremste kjeldene mine. Utdrag frå den amerikanske dagboka til Joesting er omsett til norsk. Der eg har sitert frå dei andre dagbøkene, har eg behalde den originale skrivemåten. Delar av desse kjeldene har vore siterte tidlegare. Nokre av dagbøkene er utlånte frå Norsk Polarinstitutts rikhaldige bibliotek i Tromsø. Andre har eg fått låne av etterkommarar av dei som var på Jan Mayen i overvintringsåret 1926–27. Den mest omfattande av dei, Henry Joesting si dagbok, vart publisert i USA for fleire år sidan. I tillegg har Susan Barr si store og utruleg innhaldsrike bok om Jan Mayen vore ei uvurderleg kjelde. Like eins samtalar med henne og andre som kjenner Jan Mayen betre enn dei fleste. Eg vil òg takke Kjetil Tandstad, som har vore litterær rettleiar lokalt, og familien min som kjelde til oppmuntring på dagar eg køyrde meg fast. Takk òg til mange andre, som tolmodig har svart på dei mange spørsmåla mine. Eg vonar eg har teke med alle i ei namneliste bak i boka. Ein eg vil nemne særskilt, er Atle Garnes, barnebarnet til Nils Garnes. Det var på hans initiativ at arbeidet med å samle inn dette materialet kom i gang. 10


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 11

Dei elleve karane som kjempa seg gjennom den mørke og tøffe vinteren på Jan Mayen, er likevel dei fremste. Med alt raseriet sitt, latteren og sine såre sinn er dei blitt levande menneske eg har fått stor respekt for. Slik blir dei ståande så lenge eg sjølv har liv. Flø, mai 2013 Ole M. Ellefsen


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 12

Øya I 1926, det året denne soga tek til, vart øya Jan Mayen erklært som norsk. Ikkje av den norske statsministeren, Ivar Lykke og hans regjering, men av Det norske meteorologiske institutt, som nokre år tidlegare hadde oppretta ein stasjon på øya. På den tida var der fleire som ville sikre seg land gjennom oppdagingsreiser og etablering av fangststasjonar eller vitskaplege stasjonar. Privatpersonar, forretningsføretak og statlege institusjonar okkuperte landområde på stader dei meinte var strategisk viktige, anten politisk eller næringsmessig. Føresetnaden var sjølvsagt at området ikkje var teke frå før. Ein slik stad er øya Jan Mayen. Gjennom fleire hundreår hadde øya lokka til seg eventyrarar så vel som vitskapsmenn, fangstfolk og fiskarar. Men ingen hadde markert øya som si. Geografisk er Jan Mayen som eit komma ute i den ville Nord-Atlanteren. Øya ligg 550 kilometer nordaust for Island og 500 kilometer aust for Grønland. Ho er 54 kilometer lang og har eit areal på 377 kvadratkilometer. Trass i at Jan Mayen er ei lita øy som ligg svært isolert til, har ho truleg vore kjend sidan vikingtida. Her er mange kulturminne, særleg knytt til kvalfangsten på 1600-talet. Jan Mayen har hatt mange namn, og spesielt ivrig var namnsettarane på byrjinga av 1600-talet. I 1611 gav kvalfangarar frå England øya namnet Trinity Island. Men alt året etter døypte den franske kvalfangaren Jean Vrolicq henne om til Île de Richelieu. I 1614 var det først 12


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 13

ein engelsk kaptein som ville at øya skulle bere namnet Isabella, men han fekk ikkje viljen sin. I staden dukka der opp ein rik hollendar som ville heidre ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout. Han hadde vore der tre år tidlegare, og dermed vart Isabella-romansen til engelskmannen danka ut av ein traust skipper, forkorta til Jan Mayen. Grunnen var at den gode Jan åra før utførte eit omfattande forskings- og kartleggingsarbeid på øya. Kartteikningane hans vart faktisk nytta heilt fram til 1950-talet. I Maria Musch-bukta på Jan Mayen er det framleis spor etter ekspedisjonen til Jan Jacobs May. På byrjinga av 1900-talet kom fleire norske ekspedisjonar til Jan Mayen. Det var menn som ville drive fangst på polarrev, ein dyreart som hadde vakse seg stor over heile øya. I 1921 etablerte Hagbart Ekerold ein meteorologisk stasjon på Jan Mayen, og året etter kom den første norske okkupasjonen på øya. Då erklærte Det norske meteorologisk institutt midtre del av Jan Mayen som norsk. Nokre år seinare, i 1926, erklærte altså det same instituttet like godt heile øya som norsk territorium. Men det var først i 1930 at Jan Mayen vart innlemma i det norske kongedømet ved lov. For dei som seglar forbi, er fjellet Beerenberg, 2277 meter over havet, eit ruvande landemerke. Beerenberg er ein vulkan, den nordlegaste over havnivå i verda og den einaste aktive vulkanen i Noreg. Siste utbrot var så seint som i 1985. Skulle du ha planar om å overvintre på øya, slik mennene du møter i denne boka gjorde, må du vite at det er langt mellom godvêrsdagane. Jan Mayen har eit arktisk-maritimt klima, med relativt milde vintrar og kalde somrar. Øya er ofte hylla inn i tåke, og der er sjeldan klarvêr. Kringliggande havområde kan vere islagde frå februar til april, men dette varierer frå år til år. Øya har ein spesiell og ofte sårbar vegetasjon, dominert av mose, med fleire artar ein berre finn på Jan Mayen. Polarreven var tidlegare den einaste talrike dyrearten på øya, men 13


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 14

utbreidd fangst førte til at han nesten vart utrydda. Isbjørn blir sjeldan observert på Jan Mayen. Klappmyss og grønlandssel har viktige yngleplassar nordvest for øya, nokre år heilt inn til kysten, avhengig av isen. 27 fugleartar har faste hekkeplassar der. Tidevatnet kring Jan Mayen har avgrensa flora og fauna. Den marine faunaen liknar den vi finn på søraustkysten av Grønland. Dei to mest kommersielt verdifulle marine ressursane kring øya er reke og haneskjel. 19. november 2010 fekk store delar av Jan Mayen status som naturreservat. I dag er aktiviteten på Jan Mayen knytt til meteorologiske observasjonar og drift og vedlikehald av installasjonar til forsking og navigasjon. I havområda kring øya er det stor fiskeriaktivitet, særleg etter lodde og reke. I 1926 var det rev det handla om. Slik er det ikkje i 2013. No, snart 90 år seinare, går debatten om oljeleiting utanfor Jan Mayen høgt. Kanskje det denne gongen er livet i havet som taper i kampen med menneska si evige søking etter rikdom.


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 15

«Hell» Nord-Atlanteren, søndag 25. juli 1926 «It’s blowing like hell!» Henry R. Joesting, Hank blant vener, bannar halvhøgt, medan han frostskjelvande klamrar seg til rekka på den vesle fangstskuta «Polarfront». Den iskalde sjøsprøyten har for lengst trengt gjennom til skinnet, og han skjøner ikkje kvifor han blir ståande ute på dekk. Kanskje er det fascinasjonen over å sjå slike krefter i spel. Det er første gong han er ute på havet. Ei framand og skremmande verd, så uendeleg langt frå dei trygge bygatene heime i Baltimore, USA. Dette må vere det næraste byguten kjem ragnarok, og det på ein sommars dag. 25. juli 1926, skreiv han i dagboka, men lenger er han enno ikkje komen. Det er formiddag, og den botnlause gryta, NordAtlanteren, fortonar seg som eit iskaldt helvete. Ikkje anna å sjå enn blygrått hav som glefsar mot dei regntunge skyene, der dei kryp ned mot mastetoppane. Sommar? Ikkje mykje som minner om sommar her. Der heime i Baltimore gjer sola gatene om til ein bakaromn. Her ute i havet er bølgjene høge som husa heime og gatene bytte ut med det sleipe dekket på fangstskuta. Kring føtene renn bekkar av iskaldt vatn kvar gong ei storbåre slår mot skutesida. Han må halde seg fast for ikkje å bli sopt over bord. Himmelen er skjult av havsens helvete. Kort pine ventar om dei vonde kreftene får overtaket og sender han hovudstups i sjøen. Attom dei, ein stad i søraust, ligg byen Kristiansund i landet Noreg. 15


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 16

Det, og utværet Grip, var det siste han såg av sivilisasjon før dei kasta loss søndag. Sidan har dei snigla seg fram mot nordvest med fem knops fart. Heile den store, vide verda er krympa til ei sta, lita skute på veg mot eit komma i havet. Det er slik han tykkjer øya ser ut på kartet. Jan Mayen, målet for havreisa. Eit komma i havet nord om Island, vest av Noreg, aust av Grønland. Hardangerskøyta «Polarfront», bygd i 1921, måler berre 48 fot frå baug til akter. Ein trassig klump som stampar, kastar og vrir seg når tungsjøen set inn. Lite komfortabelt for dei sju om bord, men dei føler seg trygge. Ikkje forpinna om dei rasande havgudane klarer å sende denne rakkaren til botnar Av dei sju skal tre bli verande på Jan Mayen eit heilt år. Ingeniør Per Løvfald, ein av dei to tidlegare reiarane av «Polarfront», er sjølve sjefen. Saman med den andre eksreiaren, Hagbart Ekerold, skipa han selskapet The Polarfront Company under ein tur til Canada i fjor. Målet var å utruste overvintringsekspedisjonar for å drive revefangst på Jan Mayen. Hank vart i fyr og flamme då han las om ekspedisjonsplanen i det amerikanske bladet Yachting. Ingen tvil – dette måtte han bli ein del av! Like etter tok Hank kontakt med Hagbart Ekerold, som er blitt amerikanar og har busett seg i New York. Dei gjorde avtale om å møtast på Ekerold sitt kontor så raskt som mogleg. Ei togreise frå Baltimore til New York via Washington kosta ikkje stort, og Hank sto ikkje til rekneskap for nokon. Møtet med 43 år gamle Ekerold vart akkurat slik han håpa. Den velutdanna ingeniøren frå Bergen var ein verkeleg eventyrar. Han hadde vore tre år som anleggssjef for kolgruvene ved Hiorthamn på Svalbard. I 1921, året etter at han gav seg der, rusta Ekerold ut sin eigen ekspedisjon til Jan Mayen. Hank fekk klar beskjed om at det var han, Hagbart Ekerold, som hadde stått i spissen for å bygge opp den norske meteorologiske stasjonen på øya. Under dette opphaldet okkuperte 16


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 17

han den midtre delen av Jan Mayen for Det norske meteorologiske institutt. Mellom dei andre var Per Løvfald frå Hardanger. Ekerold og han hadde gått saman om å få Per sin bror, Edvard, til å bygge ei ishavsskute. Skuta fekk namnet «Polarfront» og vart bygd ved familien sitt skipsbyggeri i Hardanger. Det var denne skuta dei segla med til Jan Mayen, saman med fire andre. Under opphaldet på øya såg dei store mengder villrev. Tanken på å kunne fangste på desse flotte dyra vart som ei forgjering. Oppal av levande blå- og kvitrev, og sal av reveskinn, meinte dei båe kunne bli big business. «Difor skipa vi The Polarfront Company,» fortalde Ekerold og lét Hank forstå at dette var spenstige saker. Til møtet med Ekerold hadde Hank teke med seg fleire referansar og vitnemål, og han kunne sjå at nordmannen lét seg imponere. Mellom anna synte papira at Hank, i ein alder av 16, fekk tilbod om å gå rett inn på andreårssteget ved den polytekniske høgskulen i heimbyen. Det takka han ja til og tok seinare eksamen med toppkarakterar. Sidan hadde han arbeid fleire stader, men no var han knytt til det amerikanske forsvaret sitt utviklingsprosjekt for kjemiske våpen. Og det i ein alder av 22 år. Ekerold la ikkje skjul på at han hadde bruk for ein ung mann i god fysisk form, helst ein som hadde høgare teknisk utdanning. Og her sto Hank sterkt. At den unge amerikanaren ville bidra økonomisk gjennom å kjøpe seg inn i fangstprosjektet, var nok òg avgjerande for nordmannen sin stigande velvilje. Rett nok var det avhengig av at faren til Hank, ein velståande tobakkshandlar i Baltimore, ville støtte han. Men det sa Hank ingenting om. Ein ung amerikansk ingeniør med eventyrtrong og pengar var med andre ord midt i blinken for The Polarfront Company. Og Hank lét seg ikkje stogge. Rykta sa at han fekk overtalt faren til å skyte inn heile 1500 dollar i prosjektet. Men det var det berre Ekerold og Løvfald, i tillegg til Hank sin familie, som visste. 17


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 18

Ein forsiktig kalkulasjon der vi seier at ein dollar er verd sju norske kroner, og reknar om pengeverdien til dagens, fortel at Hank skaut inn ein halv million kroner i prosjektet. I praksis var det altså han som bar heile ekspedisjonen økonomisk. Dermed kunne Hank seie opp jobben på Edgewood Arsenal-basen og grave seg ned i alt han kunne finne av litteratur om den framande øya langt ute i havet. Motlaus og klissblaut står han på dekket til «Polarfront». Det som hadde vore så forlokkande medan han enno vandra trygt gjennom gatene heime, verkar håplaust no. Minna om yre forventningar gjennom våren og forsommaren i Baltimore, reisa over havet til Bergen og vidare nord til Kristiansund svinn i det råkalde skoddeteppet. Hank er spent på korleis samspelet med dei to andre vil gå når dei endeleg kjem til Jan Mayen. Per Løvfald veit han litt om etter samtalen med Ekerold. Om den andre, Karl Brevik, ingenting. Løvfald har også fortalt at det er ein norskamerikanar han kjenner, Magnus Bjørdal, som formidla kontakta med den 33 år gamle skipperen, Oluf Saunes. Bjørdal og Saunes kjem båe frå den vesle bygda Ulsteinvik like sør for fiskeribyen Ålesund. Norskamerikanaren visste at Saunes hadde vore fleire turar på Ishavet og difor høvde godt som skipper på ein slik ekspedisjon. Løvfald sa ja til Saunes, som straks går i gang med å finne mannskap. Dei tre som til slutt blir hyra, er òg frå Ulsteinvik. Det er Karl Brevik sin yngste bror, Arnulf, berre 19 år gammal, bestmann Sigvald Garnes, som er skipperen sin nestkommanderande, og stuerten Hans O. Ringstad. Desse tre og skipperen skal segle attende til fastlandet straks Hank og dei andre er komne vel på land. Først til Ålesund og sidan til Nottingham i England. Det er der «Polarfront» har heimehamn no, etter at Løvfald og Ekerold selde skuta i 1923. For tre dagar sidan var det like før stuerten fall over bord. Han skulle kaste noko potetskrell over rekka, då ei storbåre braut inn over dekk og sopte med seg både kokken og skrellbøtta han klamra seg til. Ringstad ensa seg ikkje før han var heilt nede ved rekka. I siste liten 18


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 19

vart han var ein taustump som hang der. Han hogg seg fast, men då var alt overkroppen på veg mot vassflata. Nokre sekund vart stakkaren hengande og stire rett ned i det kokande havet. Så var det som usynlege krefter drog han attende. Hadde det kome ei ny storbåre, ville han ikkje hatt ein sjanse. No kom han seg på kne og kraup bikkjevåt over dekk attende til byssa. Skrellbøtta såg dei ikkje meir til. Dei andre to karane, Sigvald og Arnulf, berre ler. Hank tykkjer dei ler av alt og alle. Dess meir det stormar, dess meir skrattar dei. Når dei snakkar, er det på ei syngande dialekt Hank ikkje forstår. Ikkje det at amerikanaren vantar språkøyre. Han kan mykje meir enn yankee-språket frå Baltimore og prøver heile tida å lære seg norsk. Per Løvfald snakkar både norsk og engelsk, så den er grei. Brevik har òg nokre engelske gloser innanbords, men dei andre? Skipperen forsnakkar seg ikkje, og dei tre sjøfolka berre flirer. Ein rå latter Hank ikkje veit korleis han skal tolke. «Hadde det enno vore skipperen som fall over bord,» tenkjer Hank der han står ute på det sleipe dekket. «Så kunne eg ha teke kommandoen og tørka fliren av desse gapne nordmennene. Få dei til å forstå at vi er ute på ein seriøs ekspedisjon. Ikkje ei galmannsferd mot ei steinrøys i nord.» Heilt ærleg kan han ikkje bebreide andre for noko som helst. Han, Henry Rochambeau Joesting, tok sjølv kontakt og ville vere med. Men ei sak er å sitte med vener på kafé og drøyme om eksotiske reiser til framande land. Noko anna er å vere undervegs, med desse usiviliserte barbarane som reisefølgje og eit språk han ikkje forstår. Fangstmenn skal dei bli når dei endeleg får sett foten på land nord i lavaørkenen. Og det går sikkert bra. Men kva veit dei andre om vulkanar og lavastein, utvinning av bergartar, som dei kanskje òg kan tene pengar på, slik det alt er avtalt. For dei er stein ikkje noko anna enn det ein tråkkar på. Men først og fremst skal det handle om rev. Løvfald har fortalt at øya fløymer over av desse pelskledde dyra. Blårev og kvitrev. Nokre 19


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 20

skal dei ha til avl, andre er det best å slå i hel med det same, flå dei og preparere skinnet. Løvfald meiner det ligg to gamle fangsthytter ved Nordlagunen, der dei skal ha basen sin. Den eldste hytta vart bygd i 1908 av ein annan ekspedisjon som hadde vore på øya for å drive revefangst. «Den andre vart bygd av ein som heiter Birger Jacobsen i 1921. Han ville slå under seg heile øya, men måtte gi seg då Ekerold okkuperte land for Meteorologisk institutt,» fortel Løvfald. Han vonar Jacobsen si hytte framleis er brukbar, men tviler på om den eldste, ein teltliknande konstruksjon, høver som overvintringsstad. «Vi må vere budde på at hytta kan vere øydelagd, «påpeikar han. «Om ikkje storm og uvêr slår ho over ende, kan det kome ein isbjørn som får ferten av godsaker. Då tek det ikkje lang tid før bamsen har rasert hytta fullstendig.» Difor har dei med bygningsmaterialar til nye hytter, ei av dei ved Nordlagunen. Den andre kan kome vel med om dei i tillegg finn grunnlag for fangsting lenger nord. Hank kjenner at kulda kjem krypande, og går attende til dekkshuset. Vel inne skiftar han til tørre klede før han tenner ei pipe tobakk, ei reisegåve frå faren. Etter kvart kjem varmen attende i kroppen. Kulda er det verste, sjøsjuke er han heldigvis ikkje plaga med. Så finn han fram dagboka si og set seg attåt bordet i ruffen. For dagbok må alle føre. Kvar einaste dag skal han skrive ned det som har hendt. Sånn er det berre. I dag, 25. juli 1926, er det seks dagar sidan Hank mønstra på i Kristiansund. Skipper Oluf Saunes, Per Løvfald og resten av mannskapet henta skuta i Florø før dei segla leia nordover til Ålesund. Der tok dei om bord proviant og anna utstyr. 25 år gamle Karl Brevik, som skal overvintre saman med Per og Hank, kom òg om bord der. Karl ser ut til å vere av den tause typen. Men når han dreg fram ein mandolin, tør han opp, og stemninga blir straks ei anna. 20


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 21

«Eg har lenge spela gitar, men mandolinen er ny,» fortel han. «Instrumentet kjøpte eg då vi var innom Kristiansund. Der fekk eg òg tak i ei halvflaske whisky. Ho kan vere god å ha til vinteren.» Slikt kan Hank like. Musikk og ein god støyt av flaska er ikkje å forakte. Den knappe veka undervegs har motoren vore det største problemet. Dei var så vidt komne klar av land før han fuska og dei måtte gå for segl. Då skal det ikkje store dønningen til før skuta tek til å gynge, ei temmeleg ubehageleg oppleving for landkrabben Hank. Farten er heller ikkje mykje å skryte av, fem knop på det beste. Men skipperen trøystar dei med at det går framover. Det er verre om dei blir liggande og drive i fleire dagar ute på havet. Kvalmande pumpelukt stig opp frå botnen av skuta. Inne i ruffen blandar ho seg med den rå pusten frå sjøfolka. Godt berre ein av dei, Karl, skal vere att på Jan Mayen. Kontrasten mellom dei lune stovene heime i Baltimore og den stinkande, kalde røvarhola i det indre av den vesle fangstskuta kjem fram no når Hank set seg til å skrive i dagboka: Søndag 25. juli 1926. Dette er skikkeleg røffe greier. Før eg skal gi meg ut på noko liknande att, skal eg la meg steike ei veke i eit flammande inferno, slik at eg er skikkeleg oppvarma. Og det skal vere ein forbanna viktig grunn før eg igjen seier ja til å gå 12 timars vakter i døgnet. Maten er «ròten», og søvn er snart eit ukjent omgrep. Gud gi meg styrke til å tole den elendige maten og den beksvarte kaffien. At Hank skal dele bustad med Karl, er ingen lysteleg tanke nett no. Han reknar med at det blir same matstellet som den norske stuerten vartar opp med om bord. Eit dårleg utgangspunkt for godt samarbeid. Men ekspedisjonsleiar Løvfald har antyda ei løysing som amerika21


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 22

naren verkeleg applauderer. Løvfald meiner dei skal opprette ein fangststasjon på Nord-Jan, og den kan Karl drive. To basar er betre enn ein, så sant tilhøva er slik at nokon kan opphalde seg der nord gjennom ein lang, svart vinter. Men dei skulle ha vore to mann på kvar base. Å bli buande isolert på Nord-Jan er ikkje noko særleg, korkje for sarte sjeler eller for tøffe menn. «Ikkje Nord-Jan for meg,» seier Hank kontant. Han er samd i at ideen er god, men sjølv har han betalt seg inn i ekspedisjonen for å fangste frå Nordlagunen. Og Løvfald kan forbanne seg på at der skal Hank vere. Så får heller Karl styre med sitt i nord. Om den gode Per vil slå seg saman med Karl og drive fangst på Nord-Jan, skal ikkje Hank skape vanskar. Han klarer seg godt åleine. Dessutan ligg ikkje Nordlagunen langt frå den meteorologiske stasjonen på austsida. Berre nokre timar over fjellet, har han fått høyre. Hank har sett seg godt inn i tilhøva på Jan Mayen. Tida han brukte i vekene før den lange reisa heimanfrå, kjem vel med no. Då sat han med nasen trykt ned i leksikon og polarlitteratur. Det han lærte, berre forsterka trongen til å gi seg i kast med eventyret. I retteleg gammal tid var sogene om vulkanen, det brennande fjellet, prov på dei demoniske kreftene som menneska måtte passe seg for. Sjøfolk kom heim og fortalde redslehistorier om eit brennande fjell som steig opp av havet. Dei trudde fjellet gjekk like til himmels, for tåka skjulte toppen når dei segla forbi. Dei som var så heldige å vere der på ein godvêrsdag, fekk sjå eit blendande kvitt fjell som reiste seg frå havflata og heilt opp i horisonten. Mange fortalde om røyken som velta ut frå toppen, og svære monster som sumde ikring på havet. Dyra sende skyer av vassdamp høgt opp i lufta, og dei var så digre at dei kunne sluke både mann og båt i ein einaste jafs. Den mest kjende av dei retteleg gamle forteljingane Hank las, var soga om den irske munken Brendan. Han skal ha levd på 500-talet, i 22


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 23

eit tid då dei irske munkane tok ut på farefulle reiser. Ikkje minst til små bortgøymde øyer, der dei kunne føle seg nær Gud. I soga om Brendan, som seinare vart helgen, blir det fortalt om ei uhyggeleg øy utan gras og andre vekstar. Svart slagstein låg overalt, og fleire stader såg dei eld dei meinte måtte kome frå små smier. Den eldsprutande øya hadde ein aura av vondskap kring seg. Alle om bord vart redde og ville bort. Men dei svarte kreftene, vetta som budde på øya, ville ikkje sleppe dei. Vetta sende ein vind som tvinga skipa stadig nærare. Snart kunne dei høyre bråket frå smiene inne på land. Hårete, svarte smedar gjekk ikring medan dei bar på eld. Ein av smedane fekk auge på båten med dei skrekkslåtte munkane. Han sprang ned til stranda og kasta ein klump brennande slagg mot dei. Snart kom fleire til, og alle kasta eldklumpar utover havet. Ingen råka skipet, men når klumpane gjekk i vatnet, steig veldig røyk opp, nesten som i eit vulkansk utbrot. Vinden sende dei endå nærare, og brått fekk dei sjå eit veldig fjell som strekte seg gjennom og over skylaget. Frå toppen kom det røyk, og overalt kring fjellet lua det i eldtunger. Ein av munkane var dumdristig nok til å våge seg i land. Straks vart han overmanna av vonde vette. Dei stakk den stakkars munken med brennande kjeppar og førte han vekk, sikkert til ein stad med evig pine. Brendan og mennene hans kunne ingenting gjere for å redde stakkaren. I staden la dei seg på årene og rodde bort det snøggaste dei kunne, livredde for at vetta skulle sette fyr på båten deira og ta livet av alle som var om bord. Gud såg i nåde til dei, snudde vinden og fylte seglet. Slik vart dei berga. Sidan segla dei rundt øya og fekk sjå at det ikkje lenger var røyk, men rein eld som spruta ut frå fjellet. Når han var ferdig med å lese dei mytiske forteljingane og skrekkhistoriene, var det tid for å hente inn vitskaplege opplysningar. Det var då han verkeleg fekk lære om vulkanøya Jan Mayen og jakta på dei 23


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 24

vassprutande, kjempestore kvalane. Den fangsten hadde gått føre seg kring øya i fleire hundre år og var tidvis så omfattande at hollendarane oppretta eigne leirar med kvalkokeri på land. I tillegg dreiv dei med vitskaplege undersøkingar. «Jan Mayen – attom tåka – eit skal av is og stein, med eit glødande indre,» fortalde han venene sine. «Ei vulkansk kjempe nord i havet, over 2200 meter høg. Omgitt av storslåtte isbrear som gjer det uråd å kome seg frå sør til nord over land. Så sant ein ikkje vil klatre over fjellet. Og det er ikkje spøk. For slik eg oppfattar det, er vulkanen framleis aktiv. Ingen annan stad i heile den vide verda kan ein finne ein aktiv vulkan så langt mot nord.» Hank las og las om det underlege landskapet. Den grøne mosen som gjer det så mjukt og innbydande å vandre ikring på øya. Så framandt frå alt heimanfrå. Dalar og fjellsøkk, fjordarmar og spennande grotter. Nokre stader er det mogleg å bu vinterstid, så sant ein har teke med nok utstyr. Det vil seie absolutt alt som skal til for å overleve på ei aud øy. Mange gongar, medan han låg i senga heime, hadde Hank sett for seg korleis det ville vere den dagen han endeleg kunne sette foten på Jan Mayen. Som på ein annan klode, i det minste ei framand verd, lengst nord i Europa. «I 1922 vart delar av øya okkupert av Det norske meteorologiske institutt. No i vår vart heile øya norsk,» hadde Løvfald fortalt. Norway, Noreg, eit land han knapt hadde høyrt om. Etter kartet å døme forma som ei løve. Med halen sløvt piskande opp mot den endelause isen som strekker seg frå nord om Alaska og heilt inn i Russland og Asia. Av dei nordmennene han hadde møtt så langt, var dei fleste usiviliserte barbarar. Men i bøkene sto det om store vitskapsmenn og utforskarar som Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Så det måtte vel vere nokon han kunne snakke med!

24


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 25

Under møtet i New York hadde Ekerold gjort det heilt klart; du må tole å vere åleine gjennom vinteren. Når du først har gått i land og etablert deg på vestsida av Jan Mayen, kan du ikkje rekne med anna enn sporadisk kontakt med folka på «Metten», dei som bur aust om fjella. Slår du deg ned nord om fjellet, er isolasjonen total. Heilt til den kolsvarte vinteren og den kvite våren er til endes. «Dette er ’worst case’,» presiserte Ekerold. «Planen er at de skal vere to i kvar fangsthytte. Men blir den eine sjuk, eller skader seg, og i verste fall må kome seg derifrå, gudane må vite korleis, må den andre vere innstilt på å klare seg sjølv ut sesongen.» Provianten dei har med, er i hovudsak tørka fisk, hermetisert frukt, salta eller tørka kjøt og poteter. Ferskt kjøt må dei skaffe seg ved å jakte på fugl, kanskje sel og isbjørn. Før møtet i New York var over, presiserte Ekerold formålet med heile ekspedisjonen: «De skal fange så mange rev som mogleg, levande eller daude. Levande for vidare avl på fastlandet. Daude for sal av revepels med beste kvalitet, til fine fruer over heile verda.» I messa sit dei andre og pratar skit. Dess meir vinden hyler i riggen, dess breiare blir fliren. Og denne søndagen har vêret vore retteleg ille. Det meiner til og med skipperen. Han står like urørleg i styrhuset, men trur dei snart vil få landkjenning, Hank forstår ikkje kva Saunes vasar om. Alt han ser gjennom saltstrima rorhusglas, er det kvitgrå, havlandskapet. Korleis kan skipperen vere sikker på at det er land der ute i skodda ein stad? Om vind og straum har fått dei ut av kurs, kan dei vere på veg mot Grønland eller Island for alt han veit. Men Saunes held på sitt, og Løvfald er samd. Dei må vere rett utanfor Jan Mayen. 30-hestaren har ikkje vore mykje til hjelp, men likevel. Dei har no segl, mann! Hank må berre lite på dei to som kjenner farvatnet best. Men same kveld bryt det laus ein overhendig storm. Om land er aldri så nær, må dei halde seg langt unna alle skjer og berre ri på vêret. 25


Revejegarar ferdig_A 29.08.13 19.29 Side 26

Først ut på formiddagen det sjuande døgnet etter avreisa frå Kristiansund løyar vinden, og sikta betrar seg. I ein fart kjem Hank seg på dekk og blir møtt av eit gnistrande syn. Som ein vegg av is stig Beerenberg opp av havet langt der framme. Det kvitkledde krateret på toppen flyt på eit tåkeskjørt over det jomfruelege landskapet lenger nede. I går var det søndag, og Henry fylte dagboka si med svarte tankar. No er det måndag 26. juli. Klokka er to, og heile verda er fylt av det veldige fjellet framfor dei. Skipperen sitt forløysande rop er som ein lovsong: «Jan Mayen! Land i sikte!»


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Revejegerane på Jan Mayen by Det Norske Samlaget - Issuu