Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 1
1
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 2
Hundedagane. Roman Grisekoret. Roman Kaninbyen. Roman Stavangertrilogien. Vintercamping. Eit underhaldningsstykke. Den evige fred. Roman Songar frå mitt territorium. 365 tekstar om kjærleik, vennskap, hat og sorg. St. Olav-komplekset. Roman Felttestamente. Roman. Krapyl. Kortprosa. Sigmund Skard-stipendet Målprisen frå Rogaland Mållag
2
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 3
Arild Rein
ROTTELAND Roman
Samlaget Oslo
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Andreas Soma : Benjamin Hickethier : Samlaget : Adobe Garamond ,/, : g Holmen Book Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 5
Det som skil menneska frü dyra er pengar – Gertrude Stein
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 6
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 7
Norge / Prolog / Frank Halvannan time med bil. På med kondomdressen. Langrennsskoa. Testa ut ski. Smørja dei. Sjå: Var det nok snø i lysløypa? Eller skulle me berre reisa heim igjen? To–tre gonger i veka frå oktober til april. Halvannan time i bil. Så knallhard økt på to–tre timar. Eg i løypa. Far min som trenar og innpiskar på sidelinja. Faen absurd. Å vilja bli topp langrennsløpar og bu i Stavanger. Kor lenge ligg snøen her? Hæ? Kjem snøen, ligg han eit par dagar. Så kjem regnet og pissar han vekk. Rundt og rundt i lysløypa. Tunga ut av kjeften. Som ei bikkje, heilt blå i trynet. Opp bakkane som om eg hadde Satan sjølv i hælane. Ville opp på toppen. Bli ferdig med den jævla bakken. Fortare enn nokon andre. Hadde faen ikkje teknikk. Dei jævla kukane frå Austlandet og Trøndelag berre lo av meg. Korleis i helvete skulle eg trena teknikk? Hæ? Var jo faen ikkje snø her. Naturstridig, det eg og far min heldt på med. Herregud. Fittene frå Austlandet og Trøndelag måtte berre komma. Skulle dei faen få sjå. Om dei greidde å følgja meg opp bakkane. På flatene. Når eg staka som ein galning. Gjekk faen ikkje på ski. Sprang. Fjorten år: Starta i mitt første skirenn. Året etter norgesmeister. Sa til meg sjølv: Faen den beste femten år gamle skiløparen 7
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 8
i Norge. Frå Stavanger. Bur i Stavanger. Faen naturstridig. Faen ikkje mogleg. Likevel var det det. Skjønar du? Hæ? Folk seier ein får jævla med venner på bølgjetoppen. Pisspreik. Eg var ein gaukunge i det norske skireiret. Ein bastard. Eit beist. Ein løpar som faen aldri skulle vore der. Men likevel var der. Og stal heim pokalen. Faen var det mogleg? Hæ? Bli norgesmeister på ski når det faen ikkje er eit einaste jævla snøfnugg på bakken her dagar i året? Folk snakkar om ballar. Hjarte. Hjerne. Veit faen ikkje kva dei snakkar om. Psyke. Det alt handlar om. Tola smerte. Smerte berre veikskap som er i ferd med å forlata kroppen. Berre idiotar er redde smerte. Utan faens smerte. Faen hadde me vore i dag? Hæ? Sete rundt bålet i Vistehòla. Gnaga på hjorteknokar. Elgbein. Ete bjørnekjøt. Gått i skinnfiller. Hatt flintøkser i neven lik forfedrane våre for seks tusen år sidan. Ingen bilar. Ingen sjampanje. Ingen boblebad. Ingen millionar i banken. Ingen jentungar som kan suga snabelen vår. Ingenting. Hadde faen levd i steinalderen enno. Alt handlar om å tola smerte. Komma opp på toppen av bakken før alle andre. Blod: Berre raud sveitte. Det som er poenget. Vera beistet som stikk av med pokalen. Dei flottaste damene. Alle kronene. Der eg og du er så jævla like, Ronny. Det eg likar med deg. Du gjer noko naturstridig. Drit i papir frå høgskular og fisefine universitet. Faen ikkje det som tel i vår bransje. Det som romsterer oppe i kokosnøtta, som tel. Psyken. Tola smerte. Jobba til det svartnar for deg. Ronny. Held du på sånn du gjer no, er du millionær om fire–fem månader. Partnar om fire–fem år. Kjem til å 8
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 9
hüva inn uhorveleg mykje kroner. Garantert. Sü mykje at barna dine. Om du nokon gong vil ha avkom. Kan ligga framfor pornokanalane. Og fikla med kjønnsorganet sitt heile livet om dei vil.
9
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 10
/ Ronny Budd i bilen i tre veker. Hundsa. Kjeppjaga rundt i Oslo som eit dyr. Åt frukost på Teddys Softbar: Speilegg med bacon og steikte poteter. Nippa til kaffien. Bledde i Dagens Næringsliv. Stoppa ved ein artikkel om St. Olav Invest i Stavanger. Før han hadde lese artikkelen ferdig. Reiste han seg frå den halvt oppetne frukosten. Betalte. Henta bilen. Volvo stasjonsvogn. Så gammal at han kunne tatt mjølketennene han felte som barn, rett ut av kjeften og plassert dei i hanskerommet. Køyrde over fjellet. Begynte å henga rundt restauranten Tango inst i Vågen i Stavanger. Der leiinga i St. Olav Invest åt og drakk. Etter ei snau veke. Klokka: .. Frank Hammer. Eigaren av St. Olav Invest inn i baren på Tango. Bartenderen med øl og shot på bardisken på raude rappen. Sete i bilen i dagevis. Skrudd seg gjennom håplause radiokanalar. Norsk køntri. Nyheiter. Innringingsprogram om pelsdyrnæringa. Lågkarbodiettar. Norsk køntri igjen. Lokal pop. Endå fleire innringingsprogram. Nyheiter igjen. Ein ubryteleg og kvelande sirkel. Trøytt inntil beinet av det. No var ventetida endeleg over. Fram med Colgate multi-protectionflaska frå bildøra. Skylde munnhòla. Retta på luggen. Spytta ut den grøne mintvæska då han låste bilen. Traska over vegen inn på Tango. Tinga ein øl. Tok litt tid før 10
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 11
han greidde å manna seg opp. Gjekk bort til Hammer. Som alt var i gang med sin andre øl. Sitt andre shot. Noko eg kan hjelpa deg med, gut? Lurte på om eg kunne spandera ein drink eller to på deg? Gjorde du det? Hammer heiv ned shotet. Gliste. Kan sjå krokodilleskinnskoa dine ein gong har vore dyre. Armanidressen din har sett betre dagar. At det er nokre dagar sidan du har hatt vatn på skrotten. Pluss at du ikkje har ete på eit par dagar. Er eg langt frå sanninga? Ikkje så veldig. Men du vil spandera eit par drinkar på meg? Ja. Du vil klara deg fint i Stavanger, gut. Ein by berre dei som er fødde her, kan elska. Hammer vinka på bartenderen. Raskt på plass. Som ei lydig bikkje. Gi denne unge mannen noko å drikka. Pluss gi beskjed til kjøkkenet: Treng ein burgar med grønt. Med ein satans gong. Bartenderen skjenkte opp øl. Forsvann ut på kjøkkenet. Er det du vil meg, gut? Namnet mitt … Eg drit i namnet ditt. Er frå … Bryr meg endå mindre om det. Nippa til ølen. Samtalen. Floka seg til frå første sekund. Visste ikkje korleis han skulle komma seg ut i ope land11
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 12
skap. Parkeringsvakt ved bilen hans. Skreiv ut bot. Måtte ta timeout. Spurde kor dassen var. Raskt tilbake frå dass. Bartenderen med endå ein øl og eit shot til Hammer. Opp på barkrakken igjen. Nippa til ølen. Lenge har du vore her i byen, gut? Snau veke. Bartenderen frå kjøkkenet. Burgaren framfor Hammer. Maten er til gutungen. Bartenderen skauv burgaren over bardisken. Første skikkelege måltidet på ei stund, gut? Hadde nokre kroner då eg kom hit. Varte ikkje så lenge. Berre Tokyo og Kyoto dyrare enn Stavanger. I morgon. I overmorgon. Vil du vera like svolten som no. Faen har du tenkt å gjera då? Hæ? Gå på supermarknader? Eta rett frå hyllene? Me har romfolk og jønkiar som gjer det. Eg kan selja. Et, gut. Et. Tok eit jafs av burgaren. Selja? Seier du? Ein seljar finn seg alltid ein jobb her kor Golfstraumen slår mot land. Vil du overleva. Ikkje bli oppeten. Toggen sund. Spytta ut igjen. Må du bita deg fast. Stavanger er eit beist, gut. Der alle gode ting kjem inn. Og forsvinn ut bakdøra som søppel om du ikkje følgjer med. Skjønar du kva eg pratar om, gut? Nok eit bit av burgaren. Nikka. Berre et, gut. Et du ikkje maten din fort som svint. Vil andre eta han for deg. Sånn livet er her. Sjå bak deg. Hammer nikka mot vindauget. Ein uteliggar forbi. Med alt pikket og pakket sitt på ein sykkel. 12
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 13
To år sidan. Åt stakkaren på dei finaste restaurantane i byen. Koste seg med snaps. Øl. Fitte. Så mista han grepet. Blei for kåt. Kan skje sjølv den beste. Før ein veit ordet av det. Trillar ein rundt med heile kapitalen sin på bagasjebrettet. Finfin mann. Med hjarte av gull. Traskar han rundt på denne planeten om to–tre år. Vil det vera eit guds under. No er stakkaren berre ei tomflaske folk pissar i. Hammer gjorde teikn til bartenderen. Trong påfyll. Så du er seljar, du? Hæ? Kva er det du sel, gut? Las i Dagens Næringsliv … Aldri tru på noko som står i den såkalla avisa. Alt dei skriv, er løgn. … At du tar inn folk rett frå gata. Lærer dei opp frå grunnen. Hammer lo. Såg han aldri i auga. Stira rett forbi. Som om han snakka til ein usynleg mann. På barkrakken ved sida av. Kor bur du i Stavanger? I bilen. I bilen? Så du er gategut, du? Hæ? Ein pøbel utan bakgrunn og papir? Eg er seljar. Det eg kan. Det einaste eg kan. Du har reist heile jævla vegen over Langfjella for å spora meg opp? Jobba for meg? Gi meg prøvetid. Fjorten dagar. Skal eg visa kor god eg er. Likar innstillinga di, gut. Du vil ikkje angra. Still på kontoret mitt i morgon. Seks null null. Presis. 13
Rotteland ferdig.qxp_A 11.12.2018 12:24 Side 14
Har du papir? Referansar? Faen ikkje ta dei med, er du grei. Hammer reiste seg. Fram med lommeboka. Skauv fire tusenlappar over bardisken. Har du pengar til parkeringsbota di. Og tak over hovudet. Ronny … Alt eg treng å veta, gut. Ein god seljar snakkar halvparten så mykje som han lyttar. Skal du jobba for meg, må du snakka på dei rette plassane. Elles. Etterlata deg så få spor som råd.
14