Skip to main content

Rasmus Rebellen

Page 1

Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 1

1


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 3

Øystein Orten

RASMUS REBELLEN Roman

Samlaget Oslo 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 5

På same tid som det er ei avvising mot innblanding, så er det i alt opprør ei fullstendig og brå tiltrekking mot ein viss del av oss sjølve. Albert Camus


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 6


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 7

BRØR Gode Ragnhild, så fint at du rakk å stikke innom! Set deg berre ned i stolen der. Legg fellen over barnet ditt slik at det ikkje frys, så kan eg fortelje litt før du reiser. Fyrst av alt. Gløym ikkje at eg er Aslak frå Bust, berre ein simpel husmann frå Sunnmøre, men fosterson av Rasmus, opprøraren, far til far din, han dei kalla Den Store. Mang ei røvarhistorie går mellom bygdene om dei karstykke han skal ha gjort, om dei bragder og bravadar han stod bak, men også om dei misgjerningar hans grove nevar skal ha vikla seg inn i. Du skal ikkje tru på alt dette som vert fortalt om han. Alle kampanjane mot futar og embetsmenn. Alle samansverjingane mellom framståande fiskarbønder. Desse rykta om lygn og lureri. Påstandane om svik. Dei er ikkje sanne. Rasmus Engelbrektsson Bust var ingen forrædar. Mange var venene, men få og mektige var fiendane. Kanskje var det ingen som kom han nærmare enn eg, som var dekksmannen og våpensveinen hans. Vi pusta i den same lufta. Låg andføttes i same seng som jamgamle brør. Kikar eg opp gjennom ljoren i mi vesle stove og fylgjer stjernene sine vandringar gjennom natta, 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 8

anar eg framleis omrisset av det sovande andletet hans, dette vidopne og sorglause fjeset. Ikkje berre lærte han meg kunsten å lese og skrive. Han lærte meg å kjenne geografien. Forstå han og fylgje han. Havet sine mjuke straumar over sandgrunnene og marabakkane. Tindane sine bratte vegar mot den grønblå fjorden. Dei kvasse nutane sine kalde risp over kveldshimmelen var som runer hogne inn i vinden. Slik møtte dei høge fjella oss som sanningar, jamvel som åtvaringar, der vi enn fór. Kvar gong vi sigla over dei avgrunnane vi kalla våre, Hustadvika eller Breisundet, og fann naudhamner ute i holmane, kom vi nærmare kvarandre. Kvar gong vi reid bårene over Onahavet eller fylgde dønningane i Vanylvsgapet langs berga sine glatte veggar ut mot Stad, gav vi av oss sjølve til kvarandre. Kanskje var det i selskap med nordvesten sitt jamne lynne. Med sørvesten sine brå og upålitelege kast i ryggen. Eller mellom skjellene sine lunefulle svingar i skyminga. Ja, kvar gong vinden tok spenntak i segllaskane, rykte vi tettare mot einannan. Blei til noko meir enn berre far og son. Før fjorden sine fingrar, krøkte av alderdom, tok imot oss som nære slektningar. Å, Ragnhild, om der nokon gong var hat i han, så spakna det og blei borte då. Dei små sogene eg her skal fortelje om denne mannen, er mange. Dei glir inn som lyse trådar i den mørke veven vi kallar Noreg, eller Nordvegen. Det som smertar meg, er alt eg ikkje veit. Historiene er så talrike. Dei kryssar kvarandre som sauene sine råser i fjellet. Også 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 9

hans eigne forteljingar og stubbar. Dei forsvinn og kjem att i nye fargar og forkledningar. Alt dette som var før mi tid. Alt dette som ligg gravlagt i det djupe og nattsvarte femtenhundretalsmørket. Kva veit eg anna enn det han fortalde. Visse ting ville han heller aldri snakke om. Einskilde hendingar var låste inne i hjartet hans bak sju segl. Og folk seier så mangt. Nokre så, andre sånn. Slikt opnar alltid for sladder og spekulasjonar. Nei, mi gode Ragnhild, set deg heller her ved fotenden! Lat berre barnet ditt sove i vogga der borte. Og gi meg lov til å teikne profilen av Rasmus Engelbrektsson Bust, som alt tidleg kunne ha enda med ein hovudlaus kropp på skafottet, om det ikkje hadde vore for lukka og nåden, desse jamgamle brørne i Guds hage. Eg veit verkeleg ikkje korleis alle ting heng saman. Eg kjenner ikkje staden der dei ulike orda fell på plass og openberrar seg som forklaringar. Mest alt i menneskelivet er slump og tilfelle. Avstandane er så små mellom det som er tenkt, og det som er ugjort. Mangt og mykje om bestefar din har eg høyrt gjennom omvegar. Folk har ropt ut eidar og forbanningar mot han. – Helvetes Store-Rasmus! Han tenkte berre på sine eigne skillingar. – Den jækelen! Må han steikje i sitt eige feitt til evig tid! Andre har kviskra meg vakre, fortrulege ord i øyrene. – Rasmus Bust betalte fattigfolk sine skattar frå eiga lomme. 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 10

– Den mannen var ei sann kristensjel. Må Vår Heilage Mor ta han med i sine bøner! Kven var denne mannen dei kalla Den Store. Kven, Ragnhild, det er eit ord som er djupare enn havet. Ingen veit skikkeleg kva det rommar. Du skjønar då visst at eit barn kan bli til på så mange måtar. Det er ikkje alltid det blir slik vi hadde håpt eller trudd. Og korleis vaks Rasmus til. Kva lys og skuggar omgav den vesle guten seg med. Så mange historier har heimsøkt draumane mine. Marer har ridd meg gjennom søvnlause netter og tvinga meg attende til tider som ikkje lenger finst. Han vart fødd på den staden dei kallar Søre-Vartdal i Hareid sokn, Ørsta skipreide. Og få var ikkje dei under som gjorde at han levde opp og vart like stor som far sin. Men kva folk slekta han på. Kva ætterøter rann blodet hans gjennom. Sjå, der teier stemmene. Ragnhild, vel er eg nesten blind, men eg vil gjerne fortelje. Slik som dette ser eg føre meg at det var. Gløym likevel ikkje at det er dei dødes pust du no høyrer.


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 11

GRÅT Det er vinter, ein kveld framunder jul. Snøkledde fjell skyt mot den frostblå himmelen og gjer tuna i dalen mørke. Ei lita stund anar menneska på garden eit rosa skjær på dei øvste toppane. Som ber bod om at sola druknar seg i havet. Før vinden snur og tek ny rennefart frå dei aller ytste skjera. Slik at regnet kjem. Alltid er det regnet. Fyrst som noko klamt og stilt. Sidan som dropar, einslege og store. Før ein hund gøyr. Og gråt høyrest frå ei av stovene. Det er desse fyrste, prøvande skrika frå eit lite barn. To kvinner går gjennom tunet i denne garden. Den eine er gamal og lett. Eit svart sjal heng over dei smale akslene og dekkjer det meste av kroppen hennar. Ho krøkjer seg framover og prøver å skjerme andletet for regnet med eine armen. Den andre er ung, men noko høgre og breiare. Ho ber på ei tung korg med ein lys duk over. Kanskje er det mat, kanskje er det klede. Flatbrødleivar eller ulltrøyer. Det er knapt farande langs dei smale vegane. Sørpe og slaps gjer føtene deira våte og kalde. Små bekkar renn nedetter markene. Dei to kvinnene stoppar litt ved den eine stova. Høyrer den veksande fosseduren. Ser at røyken frå ljoren driv nordaustover. Elles verkar 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 12

alt daudt. Dei låge husa lener seg mot kvarandre som om dei søv ståande. – Kven er det som græt, spør den unge. – Kjem lyden frå skogen. Kanskje er det ugla. – Nei, det må vere barnet hennar Marta, svarer den gamle. Tida er der vel no. Eitkvart har vore ventande igjen. Dei to kvinnene gløser mot den tjørebreidde husveggen medan regnet jagar i lufta. Det våte tømmeret strålar ei svart ro frå seg. Det dryp frå ufsene. Men dei anar lys der inne. Ein skugge kan skimtast ved den eine gluggen. Nesten urørleg. Brått blir han borte. Visst er det nokon som høyrer. Visst er det nokon som ser. Så knakar det i fjellet. Tunge drøn. Som om nokon slår i berget med våte hesjestaurar. – Kva er det som smell. Det er den unge som spør att. Ho grip fastare om korga, som om ho er redd for å misse henne. – Det er Isflåmannen. – Men han høyrer vi aldri i denne dalen. – Nei, men han snur nok på seg. Er uroleg for eitkvart. Har vore slik heilt sidan kongen døydde. Det store nyhendet var blitt tima i kyrkjene. Folk hadde reist seg frå benkane og bøygd hovuda for Fredrik II. Bøner var blitt bedne for tvillingrikets fyrste. Så hadde klokkene ringt. Det var klingande bjøller. Utover havet. Innover fjorden. Sjølv majestetar hadde ei menneskesjel. Gud den allmektige vere nådig. Den gamle gløser opp mot fjellet. Er blitt spakare i målet no. Kremtar for å reinske stemma. Harklar og spyttar som eit mannfolk. 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 13

– Vi må skunde oss. I natt vil snøen fylle elvane og fonnene stupe i fjorden. Det klamme mørket legg seg varsamt over dei to kvinnene medan dei baskar seg frametter dalen. Dei forsvinn snart. Blir borte i skog og regn. Og dei svake lydane frå tunet døyvest. Gråten kan ikkje høyrast lenger. Men Skuggen i det vesle vindauget lever. Skuggen er ei gamal kvinne som høyrer til på denne garden. Ho må vere eldre enn sjølv tømmerstokkane i dette huset. Desse som er lafta saman med mose mellom, slik at dei kviler mjukt på einannan, nesten som sysken. Vernar om livet til dei som kjem etter. Skuggen har mange namn. Olda er eitt av dei. Ho nektar å døy. Dette er hennar ættegard. Ho hegnar om han. Ho passar på kvar ei rørsle som hunden på tunet. Ho ligg vaken på ei pute av hønsefjør når dei andre søv. Ho lyttar. Om dagen sit ho einsam ved grua og ser til at ikkje varmen døyr ut. At ikkje glørne sloknar. Stundom grev ho dei ned i oska slik at dei held seg betre. Steinhellene er surra saman av vidjekvistar frå skoghellingane attanfor garden. Omnskallen har vakre utskjeringar. Økser. Spyd. Hjortegevir. Sola er forma som ei rose. Olda kviler ryggen i ein gyngestol med eit geiteskinn. Ho kjenner kvart eit menneske i dalen. Ho granskar andlet og finn slektstrekk i dei alle. Lurken står ved døra. Kjem der framandfolk, utøy eller pakk, skal det jagast frå tunet. Det er hennar ansvar. Olda passar på døra og varmen. Ho styrer ljoren og opninga mot himmelen, slik at dei kan sjå månen og stjernene om natta. Ho ser til at Engelbrekt betaler tjue stortorskar 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 14

til kyrkja på Hareid for at Skolmakloven ikkje skal falle i fjorden og drukne alt folket. Ho sørgjer for at han et og arbeider og avlar fram born som skal hjelpe til med å rydde nye teigar til garden. Slik vaktar ho om livet og framhaldet av dagar. Det er ho som eig alderen. Difor rotar ho i glørne med ein kvist. Kvar kveld, etter at mørket har gjort det uråd å gjere noko nyttig, dreg Olda langfingeren over primstaven som heng på veggen. Ho ser ikkje noko, men myser med augene mot denne harde, flathøvla kjeppen medan ho snakkar stille til seg sjølv. Er der ein kross eller eit hjul. Kanskje er det pilene, knivbladet eller tindane på saga. Alle desse måtane å døy på. Rekka av heilagmenn skal minnast. Ingen må gløymast. Kvart hakk representerer ein ny dag i Guds rike. Ingen er like. Nokre er kortare. Andre lengre. Somme gongar pyntar Olda seg med eit smykke av kvite og blå steinar. Til ære for Sylvester, Sebastian eller den Johannes dei kallar Døyparen. Men sjølv dei lyse sommardagane ber kimen til dette mørke inne i seg. Martyrane minner henne om det. Vinteren vil alltid innhente sommaren. Det veit ho kvar morgon hanen vekkjer henne og sola treffer døra over helletrappa med dei fyrste svake strålane av dag. Det er snart natt. Olda har endeleg tent lampa. Det er ei blekklykt med mange små hol i. Ørsmå bitar av lys fyller den dunkle stova. Røyken stig varsamt mot ljoren og blandar seg med lukta av never og våt torv. Så denne veike lyden igjen. Barnet som græt. Barnet som lever. Mor Marta ligg i senga og gir barnet brystet. Ho kviler hovudet på eine armen og stryk den vesle over ryg


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 15

gen med den andre. Barnet dormar og drikk i ein ujamn rytme. Smattar, pustar som om det søv djupt, før det suttar igjen. Far Engelbrekt ruggar uroleg att og fram over golvet. Men han vender augene heilt andre stader. Kanskje tenkjer han framover. På alt dette usikre. Eller kanskje tenkjer han attover. På alt som har skjedd. Den breiaksla mannen traskar inne i stova slik han gjer i skogen. Det er lange, vare steg, som om han er redd for å skremme opp fugl i marka. Tett og tung trakkar han, åtte alner i gongen, frå vegg til vegg, frå klaffebordet og kista til gyngaren der Olda kviler. Han prøver å ikkje uroe henne. Tenkjer at ho må vere den eldste kvinna langs stranda. Det som er att av håret hennar, er ikkje lenger grått eller kvitt, men gult. Det har fått ein matt glans. Ho søv mesta aldri. Ho berre kviler i ein slags døs eller dorm. Medan Engelbrekt går og går. Inne i dette som er hans. Han ser at Olda i gyngaren er så lita at ein knapt får auge på henne. Ho er ikkje større enn eit barn. Men kunnskapen hennar kan fylle djupe skogar. Han kjenner ingen botn. Og ber du med deg visdommen frå fire generasjonar, er det ikkje plass til så mykje søvn. Med hendene på ryggen går Engelbrekt att og fram, uviss på korleis han skal takle dette omskiftet i heimen. Olda har alltid vore her, men barnet er nytt. Han ber eit arr under auget. Det var under sauesankinga førre året. I september. Han leita etter eit lam. Merka fyrst uro i resten av flokken. Denne jaginga i ring. Så fann han ein ihelslegen sau. Han var framleis varm. Innvolane taut ut frå magen hans. Engelbrekt høyrde så ei svak mekring. Søkte lenger oppe i fjellsida. 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 16

Tenkte kanskje at lammet var falle ned i ein liten hellar i urda. Han fann spor etter det. Blaute parlar på hellene. Engelbrekt ropte, lokka, slo med spydet i berget. Brått kom bamsen på han. Heile situasjonen slo ned i han som eit lyn. Fyrst hadde han lagt på sprang, bykst frå stein til stein nedetter, trudd at han skulle greie å riste dyret av seg. Men bjørnen henta han snart inn. Det var ein svær hanne. Engelbrekt måtte hytte og svinge med piken mot han. Hoppe, snu seg, veive. Slik heldt han bjørnen på tre armlengders avstand. Kunne kjenne den ramme pusten hans. Ei stram og fæl lukt. Engelbrekt trudde han skulle døy. Han ropte med all si kraft: – Herrejesus! Engelbrekt tenkte i eit lite sekund at nokon måtte ha stemna denne fredlause rufsen på han. Mana han ut frå skogen for noko gale han hadde gjort. At det måtte vere ei straff for noko. Visst hadde han høyrt at villdyra kunne ete seg inn mot setrane når dei vart svoltne. Ja, heilt ned mot gardstuna. Særleg på seinsommaren. Om nettene. Ein og annan hadde jamvel bunde ljåar på dørene for å halde beista unna. Men dette. Han hadde brølt og klaska med hendene, slått med spydet på steinane rundt seg, men tafsen kom berre endå nærmare. Engelbrekt var for svak. For spak. – Jesus Kristus! Men dyret rygga ikkje. Så hadde han sprunge opp i bratta att. Funne ein høveleg hammar. Krope saman. Gjort seg liten. Lokka dyret til seg med nisteskreppa. Slengt ut nokre lefser med søt klining. Og tørrfisk. Det var alt han hadde. Så hadde han pirka borti bjørnen 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 17

med ei grein frå denne hylla. Tirra dyret medan det freste som ein katt. Egsa det endå meir opp. Slik at det stod utpå kanten og veiva med eine labben. – Husj! Husj! Og endeleg hadde han fått rusken til å stupe mot seg med heile si tyngd. Slik møtte han dyret med jarnpiken. Han blei med bamsen i fallet nedetter urda. Ei klo reiv han opp i andletet. Det var rett under det venstre auget. Der huda er på det tynnaste. Kunne mesta ikkje sjå for berre blod. Spydet hadde gått tvers gjennom halsen på beistet. Så gav han det nådestøyten. Det var med dolken. Nykvesst frå slira. Rett mot hjartet. Han visste kvar det var. – Maria Mor! Engelbrekt fall saman som ein sekk. Blei liggjande og hive etter pusten. Tørka så andletet med ulltrøya før han bar heim den vesle sauen. Det var eit vêrlam. Det levde enno. Han gav det til Marta. Ho fekk stelle det og gi det mjølk, same kva tilstand ho var i. Så gjekk han tilbake og flådde beistet. Skar dyret opp i bitar. Hovudet for seg. Beina for seg. Skrotten i to. Fleire timar heldt han på med dette. Han blødde framleis, heile trøya hans var våt av blod. Han både sveitta og fraus. Slik drog han bjørnen til gards med hesten. Skar opp kjøtet i høvelege molar oppe på låven. Nagla skinnfellen fast til stabbursveggen. Lét så dei to kvinnfolka ta seg av resten. Olda og Marta. Salting. Tørking. Heilt til seine kvelden. Bjørneskallen nagla han seinare opp på veggen over helledøra. Kjeven fekk pryde austveggen. Det var fram mot dalen, der dyret 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 18

hadde kome ifrå. Han hadde bora hol i ei hjørnetann. Ho var mesta to tommar lang, spiss som ein dolk, kvass som ein kniv. Ville henge henne rundt halsen. Det var ikkje for at ho skulle gi han kraft. Ho skulle berre minne han om at han, Engelbrekt, eit vanleg menneske, var farlegare enn bjørnen. Ein sterk mann drep. Mannskrafta har dette høgdepunktet. Ho slår i hel. Engelbrekt gløttar bort i senga. Marta. Det var slik ho miste det førre barnet. Den døde bjørnen tok det frå henne. Alle dei tunge løfta med kjøtet. Opp og ned smale trapper. Til langt på natt. Han burde ha gitt henne kvile, men gav henne berre arbeid. Men nokon sende bjørnen på han, og Marta miste barnet. Nokre veker etterpå tok han med seg den svære fellen til kyrkja på Hareid og gav han til presten. – Måtte det fylgje Guds signing med bjørnen, sa Engelbrekt stille. – Eg kan i alle fall nytte han til å varme føtene framme i koret, svarte presten tørt. Slik var det. Alt dette med bjørnen, barnet og fellen. Presten såg ikkje noko anna enn ein praktisk nytte av døden til ein fredlaus. Den vesle familien på garden trudde at tida skulle lækje alle sår. Men når Engelbrekt drog fingeren over arret fleire månader etter, var det framleis ømt. Ragnhild, mitt gode barn, du skal vite at det medfarne fjeset laug om Engelbrekt. Mannen hadde eigentleg eit mildt vesen. Men han snakka sjeldan, som om han bar på ei tung sorg. Spørsmålet var dette. Kvar gjekk blodrøtene. Kva kjelde kom blodet frå. Han visste 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 19

det ikkje sikkert. Då han var liten og spurde om slekt, prata folk det alle tider vekk. Ingen sa noko. Stundom lo han berre for seg sjølv. Kanskje vart han funnen i eit ørnereir. Kanskje vart han amma av ulvinner. Slekta sine korte klør hadde i alle fall sleppt taket i han her. Han må ha kome hit i ung alder saman med Den gamle. Olda og han. Det var berre dei to. Ingen far. Ingen besteforeldre. Han kunne ikkje hugse anna. Kanskje var det difor stemma hans var så grov. Det vart sagt at setningane hans kunne minne om saging i vått tømmer. – Har du fôra krøtera, Marta. Ofte lange pausar. Så korte, harde stavingar. – Godt. Godt. Vel nok. Eit ord, ei hand, ein dram, utvekslinga av varer eller jamvel pengar. Slikt prat forstod han best. Han rettar på ei bok i hylla. Over brisken ligg forutan Bibelen og katekisma Meister Lucidarius si bok Helligaands Werilsse, om Werden oc Waare første Foreldres Begyndelsse oc Skaffuelse og Om vor Herres Død og Pine av Christiern Pedersen. Altså eit lite bibliotek. For det meste urøyvd. Det gjorde ingenting. Berre knappast kunne han lese. Det gjekk visseleg tungt å stavre seg nedetter linene. Skrive kunne han endå mindre. På pergament nytta han stort sett berre sine eigne initialar ved sida av bumerket. Det fekk vere nok. Slik fekk han også den kona han ynskte seg. Marta Rasmusdotter. Det var ikkje lett å finne slike kjerringemne. Så ufatteleg rein og vakker. Det lyse håret. Tjukt, 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 20

luftig. Ho hadde slike trekk som gjorde at ho likna seg sjølv som barn. På same viset kunne han lett førestille seg korleis ho ville bli sjåande ut når ho vart gamal. Andletet hennar inneheldt liksom alle aldrane. Marta gjorde han meir enn tilfreds. Så lenge ho laga maten, delte ut brødleivane og sende rundt grautskåla, skulle han nok syte for kornet. Og desse milde, lette orda. Når ho kvelda seg. Når ho kjemde håret og lét det falle nedetter ryggen. Så gudfryktige og syndige på same tid. Dei lokka han. Dei roa han. Marta hadde vakse opp mellom skottane inne i Hjørundfjorden. Slik slekta ho til lensmannen på Leikong, til Samundane i Barstadvika og til Saxane på Ulla. På dette viset batt familiane seg til nær skyld og gode alliansar i Vanylven, Rovde, Ulstein og jamvel Volda skipreider. Det varma han. Den vesle sonen hans skulle få nok av støttespelarar i bygdelaga på Sunnmøre. Bumerket hans bar ei pil og to krossar. Det borga for eigedom og tillit. Sølvringen på hans venstre hand for eigedom og truskap. Det var to sider av same sak. Gjennom arv, ekteskap og oppkjøp eigde han no åtte gardar. Dei låg på Vartdal, på Søre-Brandal, i Ørsta, i Bjørkedalen og sist på Sjøholt. Der dreiv han også ei sag. Eigedommane gjorde det muleg for han å setje opp laksevarp på begge sider av fjorden. Heile årsvegen til Engelbrekt var fylt av arbeid. Det var lett å sjå det på han. Mold, skog og fiske. Det var summen av denne mannen. Det hadde forma kroppen hans i sitt bilete. Gjort han seig og ørlite krøkt sjølv når han sat til hest. 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 21

– Han er ikkje så heilt ung lenger, kunne folk langs stranda seie. – Nei, han er ikkje den blåsaren han var. – Ja, det er på tide at det kjem born etter han. Men det hasta ikkje. Engelbrekt var jordbrytar av profesjon. Ein kunne sjå det på heile vesenet. Denne mannen flytta ikkje merkesteinar. Han stal ikkje jord. Han rydda nye teigar, og slikt tok tid. Men det var jobben hans, nesten eit kall. Gud hadde gitt han ein jotnestyrke i nevane. Helsa hans var sterk og hatefull, viljen innbiten og amper. Alt skulle i jorda til pinse. Å så var ei andaktsstund. Då tok han av seg ullhua. Han venta til etter grågåstrekket om våren. Fekk han litt duskregn, og var det mesta vindstille, då var Gud nådig. Der det ikkje var korn, var der ikkje liv. Husa stod så tett på tunet i garden. Det var mesta slik at ein knappast kunne gå mellom svaler og skot. Engelbrekt og grannen Samuel eigde dei saman. Om sommaren stod høygaflar oppetter veggane. Og langorvar og stuttljåar hang blanke langs ei snor mellom takraftene. Alt verktøyet. Ei ny øks. Ei ny hakke som Samuel hadde smidd. Det var som helgenbilete for Engelbrekt. På leveggen var tallause gevir frå hjort nagla inn. Nygarva skinn hang til tørk der hønene plukka korn saman med småfuglane. Grisen stod og grynta nøgd i innhegninga, og ved eldhuset oppe i lia beita hestane og eit og anna ungdyr. Folk sa at Samuel og Engelbrekt stod nærmare kvarandre enn to brør. Dei var som venstre og høgre hand på same kroppen. Dei delte alt arbeidet med dyra og hjelp


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 22

test åt på sjø og land. Den eine gjorde det den andre tenkte. – Drog du opp storfæringen i støa, kunne Engelbrekt spørje. – Båten er bunden til steinen bak naustet, ville Samuel svare. Altså Samuel. Meir enn ein ven. Den låghalte naboen var ein meister med tauet og ein kunstnar på havet. Knutane hans stagga vindane. Samuel berga segla før det bles opp. Han gjekk klar skjera der bårene braut som hardast. – Må vi tjøre botnen, tru. – Vi bruker same smørja som i fjor. Så ut på sommaren. Etter jonsok ein gong. Då høyet låg i heser. Då oksane stod fasttjora i utmarka. Og kyrne var sende til fjells. Særleg desse kveldane då tausene kom ned med mjølka frå stølen. Då gjekk dei inn og henta stråhattane sine. Då stilte dei seg opp midt på tunet og smilte varsamt til kvarandre, Samuel og Engelbrekt, same kor slitne dei var. På liknande vis etter lauvinga. Og skjeringa. Slik at kornet kom på staur. Og etter slaktinga. Då alt dette arbeidet openberra seg som mat, som overleving, som framhald. Stråhattane på. Og endå ein gong desse blyge smila dei imellom. Eit ord som lukke fanst nok ikkje, men kanskje kjensla av å vere nesten tilfreds, om ikkje anna i korte glimar av dagen. Altså Engelbrekt og Samuel. To brør. Lafta saman. Så om kveldane, når han såg på himmelen, slik at han kunne spå vêret for neste dag, tenkte Engelbrekt at Guds englar likevel måtte halde si hand over tunet. Ein 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 23

sjeldan gong, når ingen høyrde han, kunne han seie: – Vårherre er god. Det manglar meg ingenting. For han kom frå ingen stader, og brått eigde han alt. Det gjorde liksom kroppen hans breiare. Jordegodset hans var ikkje lite. Og han betalte rikeleg med skyld. Han vaska seg til ære for helga. Leita fram bestekleda til non kvar einaste sabbat. Før han stakk ein kam gjennom det mørke håret. Han hadde gitt presten, Guds tenar, skinnet frå ein bjørn han hadde drepe. Slik ruva han i kyrkjebenkane på Hareid. Brei og djup var bonden Engelbrekt frå Sætre på Vartdal. Og no hadde han endeleg fått seg ein son. Endå ein gong dreg han fingeren over arret. Engelbrekt kan ane det. Omslaget. Snunaden. Dreiinga mot sør. Mildvêret. Han blæs seg opp att der ute. Snart kan alle høyre vinden, regnet og kakkinga frå ljoreklaffen. Han spør Marta om det er noko ho treng. – Vil du ha drikke, mor. Skal eg hente vatnet til deg. Men Marta berre vinkar han av. Ho ligg så fjelg der under fellen og klappar barnet varsamt over panna. Håret er ikkje knytt. Det ligg laust, fritt. Det omringar kroppen hennar. Ho tørkar det vesle kinnet med ein lys lokk. Endeleg set Engelbrekt seg ned. Dette er det fyrste steget. Eit års stille er omme. Han hadde stått med eine foten i helvete. Men no er han her, nesten i himmelen. Nokon har gitt han ein son. Eigentleg er det på tide, for han er ikkje så ung lenger. Han kjenner nok at han er glad, men han smiler ikkje, for alvoret er så stort. Namnet er allereie bestemt. Han seier til Marta: 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 24

– Eg skal ikkje motsetje meg at guten blir heitande Rasmus. Etter han far din. Men Marta svarer ikkje. Det vesle barnet græt ikkje lenger. Dei små, svoltne smattelydane har teke over, medan Den gamle syng desse salmane ho har lært utanboks for nesten hundre år sidan. Ho blandar dei med bånsullar og kulokkar. Det er rare regler. Ølbollerim. Nynning og lalling kjem i ei usamanhengande røre. Olda lovsyng hesten. Ho lovsyng vinden og bylgjene. Ho lovsyng Samuel smed. Pirkar litt borti grua med ein kvist slik at ikkje glørne døyr ut. Ber, takkar, medan ho ristar på hovudet. Gjentek ting mange gongar. Lukkar liksom augene halvvegs att. Men det er ikkje bjørnen ho tenkjer på. Det er barnet. At ikkje nokon skal ta barnet frå dei. – Jesu namn mane deg av hold i flo. Jesu namn mane deg av stein i bein. Å jau, ho hadde høyrt om Luther og Melankton. At Jesus var Lysbringaren. Bergingsmannen for både store og små. Men sjølv om ho gjekk til altars to gongar i året, tenkte ho kanskje ikkje så mykje på frelse og dommedag. Dette med Troens triumftog, som ho hadde høyrt presten tale om, kva vegar gjekk vel det. Ho opna heller aldri munnen under salmane. Berre under fadervåret kunne ein ane ei rørsle over leppene hennar. Men søndagen heldt ho heilag heilt frå sabbats kveld. – Jesu namn mane deg av hold i mold. Det er seint på kvelden, nesten natt. Det kjem lydar frå tunet. Stemmer, menneskeprat. Olda gløttar på eit auge. Ho visste det. Dei var ventande kva tid som helst. Ho grin. 


Rasmus rebellen ferdig_A 18.08.13 12.29 Side 25

– Signekjerringane. Om dei fretta at nokon var fødde, banka dei på dørene og ville skjere krossar i huda på det vesle barnet med ein liten kniv. Jau visst trudde nokon dei kunne hjelpe. Der fanst gode koner. Men Olda visste også at nokon av dei ville vondt. Gjere sine grannar låkt. Det bankar på døra. Fire, fem svake dunk er det. Engelbrekt stoppar travinga over golvet. Den gamle vaknar frå døsen. Skuggen røyver på seg. Det er ein underleg kropp. Stabbar seg bort mot døra med tunge steg, lyttar med øyret mot veggen. – Kven er det, ropar Olda med si håse røyst. Det blir stille på den andre sida, men der er nokon. Ein høyrer nesten ingenting, berre litt rasling, litt mumling, ei kvinnestemme. – Bort med deg. Her er ikkje rått. Olda veit at det einaste som kan hjelpe den vesle guten, er mjølka og vatnet og søvnen. Berre naturen sjølv kan kurere gråten til små, små born. Brystet. Varmen. Regnet. Natta. Ja, natta, Ragnhild. Dei kunne høyre henne frå stova no. Seige bylgjer slo mot stranda. Igjen og igjen. Og regnet i byger. Eller som jamne straumar over markene frå den mørknande himmelen. Det var tida. Og alt dette nye ho bar med seg. Noko som rann. Noko som skubba. Noko som halte. Kvelden. Morgonen. Og kvelden igjen. Og då Olda gjekk bort til veggen og drog fingeren over hakka på primstaven, kjende ho at det framleis fanst ein heilagmann for kvar dag.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Rasmus Rebellen by Det Norske Samlaget - Issuu