R AGNA R HOV L AN D Alltid fleire dagar. Roman 1979, 1987 Vegen smal og porten trang. Historier 1981, 1999 Sveve over vatna. Roman 1982, 1988, 1995, 1997 (m. Dr. Munks testamente), 2002, ny utgåve med teikneserieintervju av Steffen Kverneland 2008, 2020 Under snøen. Roman 1983, 2009 Bussen til Peking. Tekster 1984 Professor Moreaus løyndom. Roman 1985 Love Me Tender. Drama 1988 Utanfor sesongen. Roman 1988, 1991, 2006 Sjølvmord i Skilpaddekafeen. Prosa 1989, 1992, 2010 Konspirasjonar. Essay 1990 Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd. Drama 1990 Paradis. Roman 1991 Langs kvar ein veg. Nashville – Memphis – Austin. Country-reisebok (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1992 Over Bali og Hawaii. Tre drama 1992 Alltid fleire dagar / Mercedes. Pocketutgåve 1993 Eline og Julie tar ferja. Roman 1994 Poetisk modernisme. (Red. saman med Jon Fosse, Eva Jensen, Per Olav Kaldestad og Finn Øglænd) 1995 Vegen til Navan. Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1995 Federico García Lorca: Månen har tenner av elfenbein. Utval og gjendikting ved Tove Bakke og Ragnar Hovland 1996 Dr. Munks testamente. Roman 1996, 1997, 2004, 2022 Raymond Queneau: Stiløvingar. Gjendikting 1996 Halve sanninga. Tre versjonar. Roman 1997 Sarah Kirsch: Alvekongens dotter. Gjendikting 1997 Guillaume Apollinaire: Den melankolske vaktposten. Utval og gjendikting ved Ragnar Hovland 1998 Texas. Korte tekster av lange menn (saman med Eduardo Andersen og Reidar Karlsen). 1999
Åleine i Alpane. 20 bøker. 1999, 2006 Psst! Kubanske notat 2000 Ei vinterreise. Roman 2001, 2002, 2022 Norske gleder. 2002 Finske dagar og netter – reisenotat frå Finland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 2003 Brevet. Roman 2006 1964. Roman 2006, 2007, 2022 Paradis / Eline og Julie tar ferja. (Eittbandsutgåve) 2006 Dr. Munks popleksikon. 2008 Kunsten å komme heim og andre essay. 2011 Stille natt. Roman 2011 Frå Ragnar til alle. E-post i utval. 2013 400 mil frå Sogndalsfjøra. (Per Waglens notat). Langnovelle 2022
Ragnar Hovland har også gitt ut bøker for barn og unge. Sjå www.samlaget.no for komplett bibliografi.
Ragnar Hovland
Professor Moreaus løyndom Roman
Samlaget Oslo 2022
© Det Norske Samlaget 1985 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Trykkeri: Nørhaven Printed in Denmark ISBN 978-82-521-9851-5 2. utgåva Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Dette manuskriptet, mist i sjøen ved Kapp Horn under dramatiske omstende 14. juli 1984 og gjenfunne på mystisk vis utanfor Kapp Verde-øyane 23. september same år, for deretter på ny å forsvinne til det på uforklarleg måte vart funne av forfattarens agent, L.P. Schwarz, på marknaden i Lohaija 7. januar 1985 (hr. Schwarz på si side selde manuskriptet til meg for 400 dollar tre veker seinare, nærmare bestemt 29. januar kl. 19.45, eit tidspunkt då han var i sterk pengeknipe på grunn av inndriving av ei viss spelegjeld), er truleg skrive i Dar-es-Salaam og på Djevleøya i periodane 2.–5.1.1984 og 11.–14.3. same år. Samarkand 14.3.1985 J. Hawkins
Tileigna Sand Saref, som har vore til uvurderleg hjelp i arbeidet.
I
Kaptein Margalo slo fast at han levde i ein epoke betenkjeleg fylt av røyk og skodde då han trekte ifrå dei brunspettete gardinene for å sjå på verda. Byen var knapt synleg. Berre eitt og anna eira kyrkjespir og ein og annan fugl med langt nebb braut igjennom. Han bestemte seg for å gå dei om lag fire hundre metrane opp til mjølkebutikken, kjøpe si daglege flaske kefir og levere flaska frå dagen før. Han merka brått at han som vanleg hadde lagt på den etter kvart nokså slitne plata med Debussys Rêverie, og han lét stiften pløye seg ferdig før han tok på hatten og frakken og traska opp bakken mot mjølkebutikken til frøken Nicolaysen. Han høyrde klinginga frå den gule trikken nokre gater nedanfor, men han såg den ikkje. Frå fjorden sleppte tåkelurane ut sine djupe og inntrengjande depresjonar. Det minte han om ting. Om forskjellige ting, viktige og uviktige, som smelta saman. – Nei goddagen, kaptein, sa frøken Nicolaysen. Ho hadde tydeleg stått bak gardina og sett han kome stigande gjennom skodda. Ho var nett så rund og i nett så godt humør som ein ventar seg av ei mjølkebutikkinnehaverske. – God dag, frøken Nikolaysen. Alt med det gamle? – Alt med det gamle og vel så det. Og De skal ha det vanlege? – Eg skal ha det vanlege og levere inn den vanlege tomme. 9
– Var det ikkje det eg sa til meg sjølv. Der kjem kaptein Margolo som eit spøkelse ut av mørkeskodda, og Gud forbarme meg arme menneske om han ikkje skal ha sin vanlege kefir. Det skal ikkje vere litt smør i dag? – Takk, smør har eg enno. – Vent! Ho stakk ein stor brødkniv ned i smørpakken og rekte spissen fram mot kapteinen. – Smak. Det er verkeleg førsteklasses smør. Han tok smørklatten på tunga, smatta og såg tenksamt på frøken Nicolaysen. – Hm. Det er eit utmerkt smør. Verkeleg passe salt. Ikkje som fjell- og gardssmør. Eg skal passe på å kjøpe ein pakke av det når eg er lens. – Gjer det. Ha ein god dag. Kaptein Margalo stakk den fulle kefirflaska i frakkelomma og spaserte dei om lag fire hundre metrane heim til leilegheita i Formanns vei. Ein plutseleg lette i skodda nølte han ikkje med å oppfatte som eit varsel, spesielt då han såg eit skjeggete andlet der som stirte granskande på han. Då han slo opp på horoskopet sitt, fekk han vite at han kunne vente seg eit avgjerande besøk av ein mann med briller alt same ettermiddag, og han tok alt til å førebu seg ved å skjenke i eit stort glas konjakk og ta på seg eit avventande uttrykk.
II
Kaptein Margalo hadde sovna i lenestolen og vakna då han forstod at ringinga på døra umogleg kunne vere del av draumen hans, som gjekk føre seg i middelalderen, i eit munkekloster i Sør-Frankrike (der han sjølv spela rolla som klassifiserar av draumar og religiøse syner) på ei tid då elektriske dørklokker enno ikkje var funne opp. Mannen i gangen var høg og bleik, med briller og ein litt skeiv og raudleg nase. Han var kledd i falma tweedjakke og upressa terylenebukser, noko som gav han eit så vel engelsk som tidlaust preg, og slipset var laust i halsen. Han hadde korkje hatt eller frakk, og dette undra kapteinen meir enn noko anna, sidan han sjølv aldri kunne tenkt å gå ut utan slik innpakning. – Kaptein Margalo? Røysta var djupare enn venta og stod i sterk kontrast til den magre kroppen. – De får kome inn. Han verka nervøs og snudde raskt på hovudet før han gjekk over dørstokken. – Namnet mitt er doktor Absens. – Doktor Absens? – Namnet vil ikkje seie Dykk noko, er eg redd. Og eg kjem dessutan ikkje for min eigen del. – Ah. På vegner av andre. – De kan gjerne seie det slik. Får eg sitje ned? – For all del. Sit ned. De vil kanskje ha eit glas konjakk? 11
Kapteinen sende eit skrått blikk mot flaska, der det framleis var ein forsvarleg skvett att. – Takk, men eg tåler det ikkje. Elles takk. Eg må tenkje på magen. – Ah. På magen. Men ein sigar? – Ein sigar? Det er svært venleg. Takk. Ein sigar, ja. Kaptein Margalo fylte opp eit glas til seg sjølv og slengde fyrstikkene over til dokteren, som miste dei på golvet og måtte bøye seg for å plukke dei opp. Han strevde før han fekk fyr på sigaren, trekte altfor hardt inn og gjorde ei umenneskeleg kraftanstrenging for ikkje å hoste. Kaptein Margalo tømde glaset, reiste seg og gjekk bort til platespelaren. Plata kom raskt opp i sine venta 78 omdreiingar, pickupen løfte nyfikent på hovudet, snuste ut i vêret og beit seg fast i periferien på plata. Dokteren såg intenst på kaptein Margalo, som om han prøvde å gjere seg opp ei meining om kva han var laga av. – Kva er det for musikk? Det verkar kjent. – Det er Debussys Rêverie. – Ja visst. Debussy. Ein kjend komponist. Kaptein Margalo såg ut på det grå septemberlyset over fjorden der skodda hadde letta og D/S Fanaraaken var på veg inn mot Nykirkekaien for å leggje seg til ro for natta. Det ville snart ta til å mørkne. – Eg skal ikkje tære for lenge på tålmodet Dykkar, sa dokteren brått. – Men det er ei litt komplisert historie. – Det rekna eg med. – Som sagt, eg er ikkje komen hit på eigne vegner, 12
men snarare på grunn av mine … spesielle kvalifikasjonar. Kapteinen lét vere å spørje kva desse kvalifikasjonane gjekk ut på. Det heldt å vite at dei var spesielle. – Det er ikkje alt eg har lov til å seie, og sjølv veit eg heller ikkje alt. Det er altså begrensa kva informasjonar eg kan gi Dykk på dette tidspunktet. – Ah. Musikken gjekk over i siste poco ritendo og la seg så til ro inst ved plateholet. Pickupen strekte på seg og rygga tilbake til utgangspunktet. Eit røykslør hadde lagt seg i det halvmørke rommet, der dei afrikanske maskene og dei mexikanske kachina-dokkene på veggene såg ut til å få liv. Dokteren drog fram ei lommebok i brunt skinn frå innerlomma på tweedjakka. Kaptein Margalo såg at han tok ut eit fotografi. – Sjå på dette. Fotografiet måtte vere fleire år gammalt og var ikkje særleg tydeleg. Det viste ei slank, mørkhåra kvinne med eit bleikt andlet og uklåre trekk, kledd i ei sid, mørk kåpe. Biletet var tydelegvis teke på ein jernbanestasjon, i høgre biletkant stod ein mann i uniform med eit løfta flagg. Kaptein Margalo såg på fotografiet og deretter bort på dokteren, som ikkje rørte ein andletsmuskel. Han studerte fotografiet att. Kvinna såg ikkje mot kamera, men på eit punkt litt til venstre for det. Truleg visste ho ikkje om at ho vart fotografert. – Seier biletet Dykk noko? Kaptein Margalo riste på hovudet. – Nei, kven er det? – Fotografiet er ein del år gammalt. Nærmare bestemt 13
frå april 1942. Det er teke på Leipzig Hauptbahnhof, og kvinna er Krystyna Woleszka. Seier det Dykk noko, kaptein Margalo? Kaptein Margalo trong ikkje leite i dei inste avlukka i hjernen. Han visste at namnet ikkje sa han noko som helst. Likevel var det eitt eller anna som drog han mot kvinna på fotografiet, og han visste han kom til å finne ut kva det var. Han riste på hovudet. Doktor Absens såg for første gong overraska ut. Så smilte han lett. – Det er mange år sidan, kaptein. Og kan hende seier namnet Krystyna Woleszka Dykk verkeleg ingenting. Men lat oss gå meir enn ti år tilbake i tid. Paris våren 1944. Rue du Faubourg Poissonnière. Eg kan sjå at dette seier Dykk meir. De kjende ei kvinne der. Ho kalla seg Lucie. Kapteinen reiste seg og gjekk til vindauget. Det hadde tjukna til ute. Han kunne berre ane enkelte skuggar, skip på veg til og frå dødsriket med stillferdige og mistenksame, kortspelande og sigarrøykjande sjeler om bord. – Ah, sa han. – Ein kveld, heldt dokteren fram med si rolege røyst, – ringde det på døra. Det var ingen av dei vanlege kontaktane Dykkar som kom. Det var ei kvinne. Eg veit ikkje i kva grad De fekk studert henne. Minnest De dette? Kapteinen gjekk bort til papegøyeburet og la det tyrkiske teppet over. – Sengetid, mumla han. Han såg mot dokteren, som no knapt var synleg i det mørke rommet. 14
– Kanskje hugsar eg at det kom ei kvinne på besøk. Eg seier ikkje at eg hugsar det, og seier heller ikkje at eg ikkje hugsar det. Det skjedde mykje i denne tida. Ein kan ikkje hugse alt. Kva hadde så denne kvinna med Lucie å gjere? – Lucie var ikkje det eigentlege namnet hennar. Ho var polsk, liksom Krystyna Woleszka. Han stoppa, og det skein eit underleg blått lys bak brilleglasa. – Dei var søstrer. Igjen vart det stilt, og kaptein Margalo lurte på om han skulle skru på ei lampe. Han lét det førebels vere. – Ifølgje offisielle dokument frå okkupasjonsmakta, heldt dokteren fram, – vart Krystyna Woleszka arrestert natta til 4. mai 1944, altså berre to veker etter at De såg henne. Arrestasjonen skjedde i Le Havre. Ho vart send til Auschwitz, og sidan er ho ikkje nemnd i dei offisielle dokumenta. – Ah, sa kaptein Margalo. Han slo på lampa med den djupblå skjermen. Dokteren kom til syne, men andletet hans låg framleis i mørke. – Vi har grunn til å tru at ho aldri kom fram til Auschwitz. Noko skjedde på vegen. Vi har også grunn til å tru at ho framleis er i live ein eller annan stad. Han sette augene i kapteinen for å sjå kva verknad denne opplysninga hadde på han. – Kvifor kjem De til meg med dette? Han kjende at konjakken heldt på å trekke eit behageleg slør over tankane hans, og han ville gjerne at dokteren gjorde seg ferdig, slik at han kunne nyte det. – Organisasjonen eg … hm … representerer vil gjerne spore opp Krystyna Woleszka. Det kan synast umogleg. 15
Men å spore opp Lucie Lavalle, som ho kalla seg, er truleg ikkje fullt så umogleg. Og det er her De kjem inn. – Eg hadde alt gjetta såpass. Men eg tvilar på at eg kan vere til nytte. Lucie vart arrestert heilt på slutten av krigen … – Og like etter sett fri. Har De verkeleg ikkje høyrt frå henne sidan? – Ikkje eit ord. – Vi veit ein del om Dykk, kaptein Margalo. Vi veit at De hadde visse … bekjentskapar den gongen som De vil kunne finne fram til på ny. Det kan ta litt tid. Det skal De få. De vil bli godt betalt, også om De ikkje skulle lukkast. Og dersom De lukkast … Og sjølvsagt vil De få alle utgifter dekte, reiser, hotell, lunchar, offentlege toalett … De vil ha bruk for visse papir, visum til dei land det kan tenkjast De må besøke. Dette har vi alt ordna. Det kan hentast på kontoret mitt i morgon. – Kva slags organisasjon står bak Dykk? Kvifor vil de ha tak i Krystyna Woleszka? Kvifor spar de opp fortida? – Eg er ikkje fri til å seie alt. Heller ikkje om kva slags organisasjon eg representerer. Men De har ingen grunn til frykt. Det er på mange måtar ein filosofisk og humanitær organisasjon med forgreiningar i fleire land. Vi trur at Krystyna Woleszka, om ho, slik vi trur, framleis er i live, er i stor fare. Ho sit inne med visse løyndommar og … kunnskapar som mange er interesserte i. Vi har bruk for desse kunnskapane, det legg eg ikkje skjul på. Men vi vil også hjelpe henne til igjen å leve eit fullt og menneskeverdig liv. Som De sikkert forstår, er det også … internasjonale moment som spelar inn. – Ah. Internasjonale moment. 16
– Vi lever i ei spent tid, som De veit. – Ei spent tid. Dokteren reiste seg. – Her er kortet mitt. Møt opp på kontoret i morgon klokka 11. Der avtalar vi resten. Eg trur ikkje De vil angre på at De tek imot tilbodet vårt, kaptein Margalo. Dokteren var brått borte, og kaptein Margalo sat att med ei bestemt kjensle av at han aldri hadde vore der.
III
Fru Eriksen minte ikkje så lite om skodespelarinna Inger Marie Andersen, men ho hadde større bryst, med raudare vorter. Desse lét ho kaptein Margalo stryke peike- og langfinger over, medan ho sjølv heldt seg fast i det veksande, raude kjønnsorganet hans. Det var svært tidleg på morgonen, og det havblå sengetøyet til fru Eriksen, som hadde vore nyskift og duftande om kvelden, var no fuktig av sveitte og forskjellige andre væsker. – Eg trur du er klar igjen, kaptein! – Hm. Ho sette den breie baken til og hjelpte sjølv med å få inn den no overvektige bagasjen. Kaptein Margalo la hendene om akslene hennar nedanfrå og bora varsamt. Han var litt sår, men det var truleg ho også. Ein måtte prøve å gløyme det såre i tilværet. Han tok seg i det, då han merka at han hadde prøvd å formulere ein tilsynelatande allmenn regel. – Ja, sånn. Ta det langsamt. Eg vil føle den heile vegen! Han drog kjønnsorganet nesten heilt ut for kvar støyt og trudde det var slik ho ville ha det. Det verka slik. Heilt ut og heilt inn. Tradisjonelt, men ein god tradisjon. – Gni meg litt med to fingrar, stønna fru Eriksen. – Ja, sliiiik. A Gud. Litt til. Kom! Kom no! Å, Jesuuuus! 18
Ho blei liggjande oppå dyna og gni dei store brysta venleg mot ribbeina hans. – Eg har jo fortalt det, sa ho. – Kva då. – At manden kjem heim om to dagar. – Gjer han det? Jaså, seier du det? – Sjølvaste kaptein Eriksen rett heim frå Atlanteren med sin aller stivaste pikk, som han brenn etter å stikke ein meter opp i si lengtande og dryppande våte kone. – Ah. – Ikkje ver lei deg, han reiser ut igjen om eit par veker når han er utpult og har fått smake på mors varme fiskekaker med bruna løk. Vi må berre ta oss ein liten pause, herr kaptein. Når eg tenkjer på det no, så trur eg aldri eg ville klare å gå til sengs med andre enn kapteinar. Når ein først har fått vanen. Ho såg nesten frekt på kaptein Margalo. – Det er berre ei vanesak, sa han trøytt. – Ha ha. Skal eg lage kaffi til deg? – Gjerne. Ho gjekk inn på kjøkenet og helte vatn i den alltid blanke kaffikjelen. Frieles nybrende og post-coitale morgonkaffi. Han grudde seg for å gå ut av senga, ut på det kalde linoleumsgolvet for å plukke opp kleda og luske opp trappa til seg sjølv. Det var alltid den risken at ein av naboane kunne stå i dørgløtten og sjå mykjeseiande og moralsk på han. Han gjekk inn til henne på kjøkenet der det freste i ei plate. – Vil du ha egg? sa ho. 19
– Ja takk, sa han og la armen om hofta hennar. Han kunne ikkje kjenne hoftebeinet. – Eg har også noko å seie deg, sa han stilt. – Uff då. Det høyrest ubehageleg ut. Må du seie det no? – Det passar bra med pausen. Eg må dra vekk ei stund. – Kor hen då? Blir du lenge? – Eg veit enno ikkje kor. Heller ikkje kor lang tid det vil ta. Men det kan bli ganske lenge. – Kvifor har du ikkje sagt noko før? – Eg visste det ikkje før i går. – Og det vil du eg skal tru? Eit slags instinkt, som tidlegare hadde hjelpt han ut av farlege kniper, sa til han at det ikkje ville løne seg å vente på at kaffien til fru Eriksen skulle trekke ferdig. Han gjekk tilbake for å leite etter kleda sine.