DET FONETISKE ALFABETET som politiet bruker:
Alfa-Bravo-Charlie Delta-Echo-Foxtrot Golf-Hotel-India Juliette-Kilo-Lima Mike-November-Oscar Papa-Quebec-Romeo Sierra-Tango Uniform-Victor-Whisky X-ray-Yankee-Zulu Ærlig-Østen-Åse
Tone Nørvåg Politihunden Falk
på nattevakt Illustrert av Odd Henning Skyllingstad
Samlaget Oslo 2012
1
Endå ein forblåst dag går mot kveld på Holmøyane. Den stive kulingen har løya, og i hamnene ligg det frosne sjarkar som har søkt ly for den viltre vinden. Lauvet ligg tjukt og vått på bakken i sprakande fargar. Det er ingen tvil om at hausten er her. – Hanne! Det er på tide å vakne! Morten dultar lett borti kona, som snart skal på nattevakt. Ho søv samankrølla under eit prikkete pledd på sofaen.
5
Ute i gangen ligg ein hårete kar med
øyra på stilk. Falk lettar på hovudet når han høyrer stemma frå naborommet. Han sprett elegant ut av korga og rundar hjørnet. Føtene jobbar som trommestikker, og den store kroppen heng så vidt med. I farten gløymer han heilt kor glatt parketten er, og seglar bortover golvet på fire stive bein. Han må setje rumpa i golvet for å bremse.
– Det var no grassat til fart på dinna
karen, ler Morten då han får Falk deisande rett i fanget. – Du er verkeleg ein ivrig arbeidskar! Falk slikkar husfaren på kinnet, og auga hans leitar etter henne i sofaen. Er der liv? Inntulla i rosa og raude prikkar sit Hanne og lagar tøysefjes til karane. Ja, Hanne ser utkvilt ut, det lovar bra!
– Falk er alltid gira på nye eventyr, seier
Hanne glad, og legg til: – Akkurat som eg!
6
7
Nattevakta startar på politistasjonen. I garasjen står hundebilen, den dei kallar Victor 3-0. Halen til Falk viftar fram og tilbake der han tassar rundt i garasjen og snusar inn alle dei kjende luktene. Her er mange skattar for ein nysgjerrig kar med snuten på rette staden. Han svinsar rundt mellom inntaua syklar og beslaglagde krabbeteiner, medan Hanne står med hovudet i bagasjerommet. Ho kryssar av på sjekklista, alt utstyr må vere på plass!
På korktavla ved døra til garderoben
heng viktige meldingar om etterlyste bilar, båtar og personar. Falk labbar bort og går opp på bakbeina. Sanneleg har det kome eit nytt bilete sidan sist! Eit rundt fjes med bustete augebryn, kinnskjegg og ein lang lugg som heng slapt ned i auga. Falk knurrar lågt.
8
9
– Ja, Falk, han karen der må vi kike
etter i natt! Hanne tappar peikefingeren sin i panna på den avbilda.
– Dagfinn Hoff, populært kalla Doffen,
er mannen vi er ute etter. Hanne tek ned papiret og studerer biletet. Falk pip – kva står det meir?
– Doffen skulle ha tilbrakt hausten
i kretsfengselet, fortel Hanne. – Han er etterlyst for fleire innbrot og ran. Sjå nøye på han, Falk! Doffen er sleip som ein ål og har lurt seg unna lenge.
Falk granskar biletet grundig og
skundar seg bort til bilen. Han hoppar lett inn i buret sitt. Det skal ikkje stå på han, no vil han av garde! Klokka er halv elleve om kvelden når dei forlèt stasjonen. Hundepatruljen har både
10
små og store øyar i området sitt, og dei skal innom mange adresser før det vert morgon. Kanskje finn dei Doffen på ei av dei? Bak i buret ser Falk verda gjennom gitteret, men han føler seg ikkje fanga. Tvert om. Det er han som er på jakt! Hanne tek av mot Knausen og svingar rundt Steinrøysa. Falk merkar at det går oppoverbakke, og plutseleg ser han noko mørkt kome mot bilen i stor fart. Hanne set i eit lite rop og tvingar rattet hardt til venstre. Ho legg bilen heilt i vegkanten for å unngå å krasje. Falk vert trykt mot buret, men det toler han. Han snur seg kjapt rundt for å få med seg det som skjer.
– Kva i himmelens namn, kviskrar
Hanne. Falk kan høyre på stemma hennar at ho er redd. Ho set på blålysa og spring bort
11
til vegkanten. Falk vert ståande att åleine i den blinkande bilen. Om berre buret vart opna så han kunne kome etter!
I vegkanten ligg ein velta sykkel.
Under sykkelen ligg ein gut. I lyset frå bilen kjenner Hanne igjen Simon, den ti år gamle sonen til dokter Bakken.
– Skadde du deg? spør Hanne engsteleg.
Ho får eit lite nikk til svar.
12
– Ankelen min, klynkar Simon. Han
svelgjer gråten og peikar på høgrefoten. Foten ligg i klemme.
– Der skremde du meg skikkeleg, unge
Bakken, seier Hanne og lirkar guten forsiktig fri frå sykkelen. – Det var litt av ein fart du hadde. Og ikkje noko lys! Ho kikar strengt på guten. – Jammen godt du landa mjukt i graset då du mista styringa, og ikkje oppå panseret mitt!
Simon ser heilt fortvila ut. Framhjulet
på sykkelen han lånte av storesystera, er bendt også. Kva vil ho seie?
– Har du ikkje sykkelhjelm? vil Hanne
vite.
– Jau, heime så, svarer Simon flau. Han
tørkar tårene på jakkeermet og rettar på den raude strikkelua med Liverpool-merke.
– Eg var på veg heim, skulle ikkje
13
sykle langt … Unnskyldninga er tynn og skranglete, han høyrer det. Hanne smiler trøystande, løftar Simon forsiktig og ber han bort til patruljebilen. Ho lirkar av han skoen så varsamt ho kan. Ankelen er nok forstua, og allereie både hoven og blå.
Falk ventar rastlaus i buret, han vil ut
og helse på guten! Han gøyr og krafsar på gitteret heilt til Hanne opnar luka og slepper han ut. Lett på tå trippar han rundt og snusar og helsar. Simon klør Falk forsiktig bak øyra. Falk svarer med å sleikje Simon på kinnet til guten ler med heile seg.
Hanne og Falk køyrer Simon heimover.
Han gliser nesten heilt rundt, der han sit i baksetet og held rundt Falk. Eit tappert tårevått smil, med høgrefoten oppe i setet og ispose på ankelen. No skulle kompisane ha sett han!
14