Skip to main content

Politihunden Falk på farleg oppdrag

Page 1

Tone Nørvåg POLITIHUNDEN FALK

PÅ FARLEG OPPDRAG

Samlaget Oslo 2014


© Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslagsdesign: Kine Røst Printed in Poland Trykkeri: Scangraphic AS Boka er sett med Stone Serif 13 pkt ISBN 978-82-521-8255-2


1

Ein ulande snøstorm herjar over Holmøyane medan Mathias kjempar seg framover i nattemørket. Vinden piskar mot kinna og slit i kleda hans, men han ensar det ikkje. Han har eit viktig oppdrag: Miljøsvinet må stoppast! Flaksande snøfnugg tett i tett gjer det vanskeleg for Mathias å sjå kvar han set føtene, men han er godt kjend med vegen. Dei andre står nok og ventar på han no. Han set opp farten. Snøstormen dyttar Mathias i ryggen opp siste bakken til fyret. Det er ingen å sjå.

5


6


Han kikar seg forsiktig rundt før han opnar døra og stig inn i det mørke rommet.

Dei andre har ikkje kome. Men dei kjem

vel snart? Han leitar fram kikkerten frå sekken sin og set seg ved vindauget. Her har han god utsikt mot fiskeskøyta «Flora». Ho ligg og duppar bortmed hamna.

Berre vent du, tenkjer Mathias.

Han hakkar tenner. Det er kaldt både ute

og inne. Pål og Andrea kjem visst ikkje. Har dei gløymt oppdraget? Dei skulle vere ved fyret innan klokka fire! No er ho halv fem, og ingen har dukka opp. Pål svarer ikkje på melding heller. Søren!

– Eg må gjere det aleine!

Mathias skvett litt når han høyrer si eiga

tynne stemme. Han skriv nokre ord på ein lapp til dei andre, i tilfelle dei kjem likevel.

7


Han tek med seg målingsbøtta frå sekken og dreg hetta godt over hovudet før han snik seg langs sjøkanten mot båtane. Den gamle dieselmotoren på «Flora» harkar som ei hås gammal kråke. Båten ligg på tomgang, og pipa spyr ut svart eksos.

– Liggje her og skjemme ut øya vår på

denne måten, mumlar Mathias irritert.

Han svingar seg lett over rekkverket

med spannet i handa, og trippar bort til rorhuset. Han jekkar av lokket, dyppar kosten nedi og kliner raudmålinga utover. MILJØSVIN skriv han med så store bokstavar han klarer. Han teiknar eit digert kryss over båtnamnet.

Brått ser Mathias noko i sidesynet som

beveger seg. Kva var det? Han må nærmare for å sjå. Nei, fysj og fy! Ei havørn heng opp ned med klørne knytte stramt saman rundt

8


ein kjepp. Mathias mistar spannet forferda, og målinga renn bortover det snødekte dekket. Han høyrer plasket då spannet treffer sjøen. Mathias rekk så vidt å tenkje:

9


EG MÅ VEKK! før to sterke hender rykker tak i han bakfrå og dreg han med inn i båten.

10


2

I Solstien 5 ligg politihunden Falk i ­korga si og søv. Den brune langhåra pelsen er ­nybørsta og fin, og han luktar som ei sommar­gul blomstereng. Tvillingane Kasper og Jenny bada Falk før han la seg.

– Shampo for tjukt og glansfullt hår, det

passar perfekt!

Jenny kniste då ho tømte flaska over

Falk sin ustyrlege, lange pels. No er Falk i drøymeland. Han vrir seg litt på koseteppet, vert liggjande på rygg med potane til vêrs og tunga hengande som eit vått slips ned mot haka. Det er varmt og trygt, og Falk snorkar der han ligg. 11


Med eitt vaknar Falk av lydar frå loftet. Hanne romsterer der oppe. Han gjespar og strekkjer den lange kroppen sin. Lydane ovanpå er raske, det betyr at ho har lita tid. Han set seg til å vente ved trappa. Hanne kjem ned i bra fart, og Falk pip av glede. Ho har på seg politiuniforma!

– God morgon, Falk!

Ho bøyer seg ned og får ein sleik på

kinnet av sin aller beste firbeinte ven.

12


– Vi må av garde. Dei treng oss på

Sandsøya. Hanne forklarer medan ho tek på han halsbandet han er så stolt av.

Skal tru kva som har skjedd i natt,

undrar han idet han pressar snuten varsamt mot soveromdøra til tvillingane. Dei ligg så fint og søv, berre leselampa mellom sengene er vaken. Falk må alltid innom for å seie ha det til Kasper og Jenny før han skal på oppdrag. Han snusar inn den gode lukta av bestevenene sine, ryggar stille ut i gangen igjen, og er klar. Falk går opp på bakbeina og ser politibilen gjennom vindauget. Viktor 3-0 er fullstendig nedsnødd! Han ser så vidt blålysa på taket gjennom alt det kvite. Hanne kjem med ei brødskive i munnen, litt forkava. Sandsøya er eit stykke unna, Falk hugsar at dei må ta ferje dit. Skal tru kva som ventar dei der? 13


Hanne tek langkosten og skuflar bilen

rein for snø.

– Hopp inn, kompis! Ho opnar bakluka

på gløtt og lèt den beste politihunden på Holmøyane finne plassen sin i buret. Frå styrehuset på ferja ser ein nesten heile verda. Hav og himmel og øyar så langt auget kan sjå utanfor dei store vindauga. Falk sit ved sida av styrmannsstolen og kikar bedande på skipper Rusten.

– Kan det vere svele du vil ha? Rusten

humrar og deler svela si i to. Falk lograr glad og sluker godbiten i eit jafs.

– Det kan hende vi treng hjelp av deg,

seier Hanne alvorleg til skipperen, og gir teikn til Falk at han skal slutte å tigge.

– Kva har skjedd? spør Rusten. Falk

spissar øyra. Han veit det heller ikkje.

14


– Det er ein gut som har forsvunne, seier

Hanne. Falk kikar på henne. Forsvunne? Hanne les i notatblokka si.

– Ein 11-åring som heiter Mathias er

sakna frå heimen sin.

Hanne kikar på Rusten. – Eg vil at du

skal høyre litt rundt, finne ut kva folk veit.

15


Rusten nikkar.

– Eg ringer deg så snart eg har noko å

bidra med.

Rusten noterer Hanne sitt telefon­

nummer i skipsboka si. Som gammal ferje­ mann kjenner han mykje folk, både av den eine og den andre sorten. Han seier han vil nøste litt i dette.

Falk går ut på dekket. Det er bra ruskete

vêr, men ikkje så gale at det er til å få sjøverk av. Den verste stormen har heldigvis roa seg. Han uroar seg for Mathias. Elleveåringar skal sove trygt heime i senga si no, sånn som Kasper og Jenny gjer …

16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Politihunden Falk på farleg oppdrag by Det Norske Samlaget - Issuu