Skip to main content

Politihunden Falk på farleg oppdrag

Page 1

Les også: Tone Nørvåg

i

Po

li med schæferhunden Falk på den første rbeidsdagen hans som politihund!

et har skjedd fæle ting på barneskulen i løpet av natta, og

undepatruljen blir tilkalla for å ordne opp. Falk må bruke sansane

ne til å løyse oppdraget i lag med hundeføraren sin, Hanne.

arer dei å finne gjerningsmannen?

one Nørvåg jobbar som politi på Herøy på

unnmøre. Dette er den første boka hennar.

ISBN 978-82-521-7843-2 9 788252 178432 samlaget.no

lit

lit

i

Po

lit

i

i

Po

lit

Po

i

Bli med politihunden Falk på nattevakt! P

o l hans, Hanne, har Det er kveld på Holmøyane, og Falk og politidama it

i er også andre nattevakt. Falk håper å fange ein etterlyst tjuv, men det som er ute i mørket ... Mystiske lydar fører dei til gullsmeden i sentrum, og før natta er over har Falk endå ein gong fått vist kva han duger til. Tone Nørvåg jobbar som politibetjent på Herøy på Sunnmøre.

i

Po ISBN 978-82-521-8191-3

til teneste! Dette er den andre boka hennar.

Les også: Politihunden Falk til teneste!

lit

Politihunden Falk På nattevakt

lit

Politihunden Falk til teneste!

Po

Politihunden

Falk

Po

9 788252 181913 samlaget.no

Tone Nørvåg

Tone Nørvåg

Tone Nørvåg

iti

lit

Politihunden

Falk

Po

i

lit

i

På nattevakt

Po

lit

TONE NØRVÅG Politihunden Falk til teneste! Samlaget 2011 Politihunden Falk på nattevakt. Samlaget 2012

i


Tone Nørvåg POLITIHUNDEN FALK

PÅ FARLEG OPPDRAG

Samlaget Oslo 2014


© Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslagsdesign: Kine Røst Printed in Poland Trykkeri: Scangraphic AS Boka er sett med Stone Serif 13 pkt ISBN 978-82-521-8255-2


1

Ein ulande snøstorm herjar over Holmøyane medan Mathias kjempar seg framover i nattemørket. Vinden piskar mot kinna og slit i kleda hans, men han ensar det ikkje. Han har eit viktig oppdrag: Miljøsvinet må stoppast! Flaksande snøfnugg tett i tett gjer det vanskeleg for Mathias å sjå kvar han set føtene, men han er godt kjend med vegen. Dei andre står nok og ventar på han no. Han set opp farten. Snøstormen dyttar Mathias i ryggen opp siste bakken til fyret. Det er ingen å sjå.

5


6


Han kikar seg forsiktig rundt før han opnar døra og stig inn i det mørke rommet.

Dei andre har ikkje kome. Men dei kjem

vel snart? Han leitar fram kikkerten frå sekken sin og set seg ved vindauget. Her har han god utsikt mot fiskeskøyta «Flora». Ho ligg og duppar bortmed hamna.

Berre vent du, tenkjer Mathias.

Han hakkar tenner. Det er kaldt både ute

og inne. Pål og Andrea kjem visst ikkje. Har dei gløymt oppdraget? Dei skulle vere ved fyret innan klokka fire! No er ho halv fem, og ingen har dukka opp. Pål svarer ikkje på melding heller. Søren!

– Eg må gjere det aleine!

Mathias skvett litt når han høyrer si eiga

tynne stemme. Han skriv nokre ord på ein lapp til dei andre, i tilfelle dei kjem likevel.

7


Han tek med seg målingsbøtta frå sekken og dreg hetta godt over hovudet før han snik seg langs sjøkanten mot båtane. Den gamle dieselmotoren på «Flora» harkar som ei hås gammal kråke. Båten ligg på tomgang, og pipa spyr ut svart eksos.

– Liggje her og skjemme ut øya vår på

denne måten, mumlar Mathias irritert.

Han svingar seg lett over rekkverket

med spannet i handa, og trippar bort til rorhuset. Han jekkar av lokket, dyppar kosten nedi og kliner raudmålinga utover. MILJØSVIN skriv han med så store bokstavar han klarer. Han teiknar eit digert kryss over båtnamnet.

Brått ser Mathias noko i sidesynet som

beveger seg. Kva var det? Han må nærmare for å sjå. Nei, fysj og fy! Ei havørn heng opp ned med klørne knytte stramt saman rundt

8


ein kjepp. Mathias mistar spannet forferda, og målinga renn bortover det snødekte dekket. Han høyrer plasket då spannet treffer sjøen. Mathias rekk så vidt å tenkje:

9


EG MÅ VEKK! før to sterke hender rykker tak i han bakfrå og dreg han med inn i båten.

10


2

I Solstien 5 ligg politihunden Falk i ­korga si og søv. Den brune langhåra pelsen er ­nybørsta og fin, og han luktar som ei sommar­gul blomstereng. Tvillingane Kasper og Jenny bada Falk før han la seg.

– Shampo for tjukt og glansfullt hår, det

passar perfekt!

Jenny kniste då ho tømte flaska over

Falk sin ustyrlege, lange pels. No er Falk i drøymeland. Han vrir seg litt på koseteppet, vert liggjande på rygg med potane til vêrs og tunga hengande som eit vått slips ned mot haka. Det er varmt og trygt, og Falk snorkar der han ligg. 11


Med eitt vaknar Falk av lydar frå loftet. Hanne romsterer der oppe. Han gjespar og strekkjer den lange kroppen sin. Lydane ovanpå er raske, det betyr at ho har lita tid. Han set seg til å vente ved trappa. Hanne kjem ned i bra fart, og Falk pip av glede. Ho har på seg politiuniforma!

– God morgon, Falk!

Ho bøyer seg ned og får ein sleik på

kinnet av sin aller beste firbeinte ven.

12


– Vi må av garde. Dei treng oss på

Sandsøya. Hanne forklarer medan ho tek på han halsbandet han er så stolt av.

Skal tru kva som har skjedd i natt,

undrar han idet han pressar snuten varsamt mot soveromdøra til tvillingane. Dei ligg så fint og søv, berre leselampa mellom sengene er vaken. Falk må alltid innom for å seie ha det til Kasper og Jenny før han skal på oppdrag. Han snusar inn den gode lukta av bestevenene sine, ryggar stille ut i gangen igjen, og er klar. Falk går opp på bakbeina og ser politibilen gjennom vindauget. Viktor 3-0 er fullstendig nedsnødd! Han ser så vidt blålysa på taket gjennom alt det kvite. Hanne kjem med ei brødskive i munnen, litt forkava. Sandsøya er eit stykke unna, Falk hugsar at dei må ta ferje dit. Skal tru kva som ventar dei der? 13


Hanne tek langkosten og skuflar bilen

rein for snø.

– Hopp inn, kompis! Ho opnar bakluka

på gløtt og lèt den beste politihunden på Holmøyane finne plassen sin i buret. Frå styrehuset på ferja ser ein nesten heile verda. Hav og himmel og øyar så langt auget kan sjå utanfor dei store vindauga. Falk sit ved sida av styrmannsstolen og kikar bedande på skipper Rusten.

– Kan det vere svele du vil ha? Rusten

humrar og deler svela si i to. Falk lograr glad og sluker godbiten i eit jafs.

– Det kan hende vi treng hjelp av deg,

seier Hanne alvorleg til skipperen, og gir teikn til Falk at han skal slutte å tigge.

– Kva har skjedd? spør Rusten. Falk

spissar øyra. Han veit det heller ikkje.

14


– Det er ein gut som har forsvunne, seier

Hanne. Falk kikar på henne. Forsvunne? Hanne les i notatblokka si.

– Ein 11-åring som heiter Mathias er

sakna frå heimen sin.

Hanne kikar på Rusten. – Eg vil at du

skal høyre litt rundt, finne ut kva folk veit.

15


Rusten nikkar.

– Eg ringer deg så snart eg har noko å

bidra med.

Rusten noterer Hanne sitt telefon­

nummer i skipsboka si. Som gammal ferje­ mann kjenner han mykje folk, både av den eine og den andre sorten. Han seier han vil nøste litt i dette.

Falk går ut på dekket. Det er bra ruskete

vêr, men ikkje så gale at det er til å få sjøverk av. Den verste stormen har heldigvis roa seg. Han uroar seg for Mathias. Elleveåringar skal sove trygt heime i senga si no, sånn som Kasper og Jenny gjer …

16


3

I messa om bord i «Flora» slår to sinte nevar i bordet så ein tom kaffikopp dett utfor kanten. Han hamnar på dørken i tusen knas. Mathias skvett til.

– Slutt med den sutringa, gut!

Stemma til kapteinen stig til eit brøl,

og spyttet fyk ut av munnen hans som sidelengs regn i stiv kuling. Mathias kikar skremd ned i fanget sitt. Han er så redd at han held på å tisse i buksa.

Kapteinen minner Mathias om ein

svolten bjørn: ville brune auge, rufsete hår, og ein nase som har hatt besøk av fleire

17


knyttnevar opp gjennom åra. Han har til og med ein diamant i den eine framtanna. Men det skumlaste med han er arret, som strekkjer seg heilt frå augebrynet til munnvika. Lampa over bordet svingar sakte fram og tilbake, og båten ruggar og knirkar i takt med bølgjene utanfor.

– Eg vil berre heim, ver så snill, prøver

Mathias forsiktig. – Eg er lei meg, eg tenkte ikkje ...

– STILLE! glefser kapteinen. Han har

bestemt seg. Guten kan ikkje få gå på land. Han må straffast.

– Dette er du skuld i sjølv! brummar

han. – Opp med deg!

Mathias vert skubba innover ein gang,

forbi eit stort bur med den skumlaste hunden han nokon gong har sett.

18


19


Hunden angrip buret frå innsida, han glefser og knurrar så bjeffa smell i veggane. Kapteinen sparkar i buret.

– Tei still, Bosco!

Han skubbar Mathias inn på ein

knøttliten lugar. Det luktar sur sild og kvalmande diesel. Døra smell igjen bak han, og låsen vert vridd rundt utanfrå. Mathias sig ned på køya. Aldri har han kjent seg så fortapt og aleine.

20


4

– Det er så stille her utan Mathias.

Ingrid, mor til Mathias, står i døra til

rommet hans i Fjordgata 12. Hanne og Falk undersøkjer rommet.

– Vi fattar ikkje kvar gutungen har

gjort av seg, seier Olav, far til Mathias, med skjelven stemme.

Hanne og Falk forstår at foreldra er

frykteleg fortvila.

– Fortel kva som skjedde, seier Hanne.

– Då vi kika inn på rommet hans i dag

tidleg, var det tomt. Dyna låg på golvet. Sidan har vi leita overalt, både her heime

21


og rundt på øya, men han er søkk borte.

– Vi fattar det ikkje, sukkar Olav.

Falk kjenner at det luktar Mathias av

sengekleda. Han jobbar med snuten rundt heile dyna, og får Mathias si lukt festa i minnet. Varmen er forsvunnen ut av senga, så guten har nok fleire timars forsprang.

22


Hanne slår på Ipaden som ligg på nattbordet. BELLONA lyser mot henne. Olav ser det same.

– Mathias er oppteken av miljøet,

forklarer han.

Hanne nikkar.

Falk står og snusar på ein mobilladar.

Hanne ser kva Falk har funne.

– Har Mathias telefon?

– Ja, den har han nok med seg, men

han svarer ikkje, seier Olav.

– Dette er heilt ulikt Mathias, seier

Ingrid. – Han har aldri gjort noko slikt før.

Hanne ser at Falk er utolmodig etter å

starte søket. Han står i døropninga og ser etter henne. Ho må berre instruere foreldra fyrst.

– De blir her i tilfelle Mathias skulle

dukke opp. La oss ta oss av leitinga. Ring meg uansett kva de kjem på. Eg må vite

23


kva han hadde på seg og om noko er vekke frå heimen.

Hanne skannar rommet medan ho

snakkar.

– Og vi må få namn og adresser til venene

hans.

24


Ingrid nikkar, set seg på huk framfor

Falk og ser han bedande inn i auga.

– Finn guten min, kviskrar ho.

Falk legg den eine poten trøystande på

kneet hennar. Falk finn vegen ned trappa og inn på vaskerommet, ut bakdøra. Her har Mathias gått nokre timar tidlegare, det kjenner han godt. Lukta hans heng igjen i lufta.

Samtidig som Hanne går etter Falk ut

i den kalde morgonen har Operasjons­ sentralen sett eit stort apparat i sving for å finne den sakna guten. Hanne veit at leitemannskap har møtt opp på bedehuset, og der er politibetjent Flo i full sving med å leie aksjonen.

25


5

Bak den låste døra på lugar nr. 4 ligg Mathias og torer nesten ikkje å trekkje pusten. Han fiklar forsiktig under puta og finn fram IPhonen. Han streika ute i kulda, men kanskje har han varma seg opp no? Utruleg flaks at kapteinen ikkje fann telefonen. Han vart rasande då han oppdaga kva Mathias hadde gjort.

Mathias skjelv på hendene der han prøver

å få liv i mobilen. Nei, han er nok for kald enno. Får håpe der er nok batteri! Han kikar ut gluggen og ser at dagslyset held på å presse vekk natta.

26


Mathias kan ikkje fatte at han er

innestengd. Kidnappa! HAN! S책 merkar han at b책ten flyttar p책 seg. Motorduren vert sterkare og fortvilinga til Mathias like eins.

27


6

Falk kjenner at lukta vert svakare når han kjem ut i snøen. Han snusar seg av garde, over markene, forbi kyrkja på haugen, over den attfrosne Blåelva og ned mot campingplassen. Der finst ingen spor i snøen, vinden har viska vekk alt.

Falk følgjer instinkta sine. Han grev

snuten ned i snøen, fnyser og blæs, luktar og grev. Så halsar han vidare. Han styrer dei nedover mot sjøen, som ligg og glinsar i den låge vintersola. Så stoppar han ved ein lyktestolpe, går litt rundt og gjer vending mot venstre.

28


– Kvar endar vi no då, lurer Hanne på,

der dei trakkar i snø til knea. – Der framme ligg Lisjeblink!

Falk ser også det vesle fyret. Sporet går i

den retninga.

Falk stoppar og kikar på Hanne idet han

høyrer at ho får ei tekstmelding.

– Det er frå far til Mathias, fortel ho,

og blar seg nedover med tastane. – Mathias var ikledd dette: svart, tjukk boblejakke med hette, lys grå joggebukse, truleg blå cherroxar, ei kvit lue med svart mønster. Ryggsekken hans er borte. Ein grøn NIKEsekk.

Falk lyttar. Hanne les vidare:

– Eit spann raudmåling og ein kikkert er

også vekke.

Falk ser undrande opp på Hanne.

– Vi får fortsetje leitinga, Falk, så tenkjer

eg han snart dukkar opp.

29


30


Falk dreg Hanne opp bakken mot fyret,

og før dei har rokke ü finne igjen pusten ser dei ein kikkert i det eine vindauget.

31


7

I lugar nr. 4 har Mathias nett vakna. Motorduren frå båten kan ikkje lenger høyrast. Har vi stoppa? Han sprett ut av køya og bort til gluggen. Ligg båten til kai? Kvar er vi?

Alt han ser er kvitt. Snø og fabrikkbygg.

Gamle kvite murhus med knuste vindauge. Eit nedlagd fiskemottak, kanskje? Tilbake i køya leitar han etter telefonen. Hjartet hamrar i brystet hans medan fingrane søkjer under puta. Verkar han? Han trykkjer spent på knappen. Nei, ingenting skjer. Mathias ristar fortvila på hovudet. Kva no?

32


Men akkurat idet han skal til å stappe

telefonen tilbake under puta kjem eit lite eple til syne på skjermen. JA!! Mathias vert så glad, han kan ikkje tru det. No må ikkje kapteinen kome, kjære Gud la meg få ringe etter hjelp!

Batteriet har 22 prosent igjen. Han

trykkjer 112, og sekunda går. Sekund som kjennest som timar.

33


8

– Mathias! Hanne roper inn døra til fyret i håp om å få svar.

Stemma kjem i retur. Falk og Hanne

går inn i lag. Rommet er lite og rundt med kvitmåla veggar. Fyrlykta i taket har ikkje lyst på mange år. Det er ingen i rommet.

– Mathias er ikkje her lenger, slår Hanne

fast.

Den tomme ryggsekken hans ligg slengd

på golvet. Falk ser med ein gong noko kvitt som heng på veggen. Han bjeffar heilt til Hanne kjem bort.

34

– Sjå her, ja, kva er dette då, Falk?


Eit ark med sirlege bokstavar er hekta på

ein spikar på veggen.

– Høyr her, Falk, dette er interessant: Til

S.M.A. Oppdrag startar som planlagt. Vent på meg her. M. Hanne set seg ned ved vindauget og kikrar ut. Falk står ved sida av og prøver å sjå det ho ser.

35


– Har Mathias spionert på einkvan?

Hanne pratar med seg sjølv. – Viss han har skrive denne beskjeden i løpet av natta, så er det nokon som veit kvar og kva han skulle. Frå fyret leier Falk Hanne til båthamna. I sjøen ligg eit målingsspann og slår mot fjøresteinane.

– Nei og nei. Har han gått hit, Falk?

Hanne kikar bekymra ned i den kalde,

mørkeblå sjøen. Ho tør ikkje tenkje tanken på at Mathias kan liggje der.

– Søk, Falk!

Hanne og Falk spring langs kaikanten.

Dei leitar etter noko dei ikkje ønsker å finne. Forsiktig klatrar dei inn under kaia, og auga deira jaktar vilt nedi det klare vatnet. Lykta til Hanne lagar lyssirklar i sjøen. Heldigvis er det ingen Mathias å sjå.

36


Hanne fiskar opp mobilen sin, tastar med hurtige trykk.

– Kvar er «Hårek»? spør ho kollegaen i

andre enden av telefonlinja.

– Politibåten ligg klar. Dei set fart mot

deg straks.

– Flott, flott, svarer Hanne andpusten.

– «Hårek» må endevende alle båtar i nærleiken! Og be Flo om å starte søk langs sjøkanten på denne sida av øya, avsluttar ho.

37


Deretter gir Hanne Falk nye arbeids­

oppgåver. Han snusar og leitar langs flyte­ bryggjene. Ei etter ei vert kontrollerte, men det er ingen spor etter Mathias. Hanne går langs kaia og styrer Falk, og for kvar bryggje kjem han tilbake til henne og får hundesnop.

Kva skulle han midt på natta med måling?

grublar ho.

Det er kaldt, og klokka har blitt ti på

formiddagen. Mathias har vore sakna i fire lange timar. Skipper Rusten frå ferja ringer Hanne.

– Eg har fått høyre at ein båt med namn

«Flora» har hatt tilhald på øya i eit par vekers tid.

– Ja vel? spør Hanne.

– Ja, han gjekk ut i dag tidleg før

morgongry. Det går rykte om snikjakt og ymse lovbrot her på øya.

38


– Veit vi kvar båten gjekk? vil Hanne vite.

– Nei, han vart sett gå utover mot Djup­

fjorden. Det er alt eg veit.

– Takk, hald meg informert!

Hanne legg på og snur seg mot Falk.

– Eg har på følelsen at det kan liggje noko

her. Ein sjark med skumle saker i lasten og ein liten miljøaktivist? Her er framleis fleire spørsmål enn svar, Falk, men vi gir ikkje opp!

Falk ser at Hanne har fått ein glød i auga,

eit håp om løysing.

Både Mathias og «Flora» er vekke. Kan det

vere ein samanheng?

Dei vert ståande tankefulle og stire mot

sjøen ei lita stund. Det er heilt vindstille, og snøfillene daler langsamt ned frå den grå himmelen. Hanne held rundt ryggen på Falk.

– Vi må finne Mathias, Falk, vi berre må!

39


9

– Det er veldig viktig at de fortel oss alt de veit, seier Hanne og ser Pål og Andrea rett i auga.

Alle rundt kjøkenbordet i Fjordgata 12 er

alvorlege. Dei vaksne ventar på kva ungane har å fortelje.

– Altså, dette med «Flora» var noko vi

snakka om, for alle veit at ho forureinar veldig der ho ligg. Ho lek diesel.

Det er Pål som snakkar fyrst. Han gir

ordet vidare til Andrea.

– Vi spionerte nokre gonger frå

Lisjeblink, fortel ho. – Kapteinen lét båten

40


liggje på tomgang, og han kasta søppel over bord.

Pål nikkar.

– I førgår var det ekstra ille. Då heiv han

flasker rett i moloen så det spruta glasskar overalt.

41


Falk ser ned på potane sine. Glasskar er

slett ikkje godt å trakke på.

– Vi planla å gi han noko å tenkje på.

Som ei åtvaring.

Stemma til Andrea forsvinn nesten.

Tanken på at Mathias er borte er tung å bere. Hanne legg lappen frå fyret på bordet.

– Vil dette seie at Mathias var i fyret i

natt og venta på dykk?

Alle les lappen, og Pål og Andrea

nikkar.

– S.M.A står for Sandsøyas Miljø-

Agentar. Vi skulle møtast, men så forsov vi oss, og no må noko ha hendt med Mathias. Det er heilt forferdeleg, svarer Pål alvorleg og gøymer andletet bak skjelvande hender.

Dei vaksne ser på kvarandre.

– Fyrste del av forsvinninga er oppklart,

slår Hanne fast. – Det var viktig at dette kom fram.

42


Ho ser trøystande på ungane.

– No står det igjen å få svar på to

spørsmål: Kvar er Mathias no? Og kvar er «Flora»?

Falk reiser seg.

– Ja, no vil Falk ut og leite vidare, seier

Hanne og reiser seg frå bordet. – Det som er viktig no er å halde saman. Politiet skal nok finne Mathias! Hanne småpratar med Falk på veg ut til Viktor 3-0.

– No gjeld det å samle fleire bitar i

puslespelet.

Falk er einig. Dei manglar framleis den

viktigaste brikka: Mathias.

– Kven kan ha sett mannskapet på

«Flora»? spør Hanne medan politibilen køyrer sakte frå Fjordgata.

Falk gøyr når dei passerer butikken.

43


– Godt tenkt, Falk! Der står snøplogen til

Plog-Emil! Det er verdt eit forsøk. Brøytebilen har mykje å gjere på snørike dagar, men også brøytemannskap må ha matpausar. Inne i butikken står Plog-Emil og skravlar med Emma bak disken.

44


– Hei, helsar Hanne og børstar av seg og

Falk litt snø idet dei kjem inn.

– Hallo, er det noko nytt om Mathias?

spør Emil bekymra.

Alle på den vesle øya har fått med seg at

det er leiteaksjon på gang.

– Vi leitar med full styrke. Eg jaktar på

opplysningar om båten «Flora», som har vore her eit par veker, seier Hanne.

Plog-Emil bøyer seg for å helse på Falk.

Han er ein luring, og han får med seg litt forskjellig når han køyrer rundt med snøplogen.

– Du meiner sikkert den gamle balja til

han sværingen?

Falk kikar spent opp på Hanne. Ho

noterer på blokka si.

– Ja, kanskje. Kva har du sett? spør

Hanne.

Emma lyser opp.

45


– Han med arret? Han har vore innom

butikken eit par gonger i lag med eit beist av ein hund. Litt skummel type!

Emma sperrar opp auga og blæs ei boble

som sprekk over nasen på henne.

– Såg ut som han hadde fått ein sabel i

trynet, seier Emil.

– Eg må vite alt om denne mannen. Kva

tid var han her, var han aleine, var det andre som såg han?

Spørsmåla dett i rekkje og rad ut av

Hanne, og Emma nikkar storøygd tilbake.

– Eg kan godt teikne mannen om du vil,

kjem det blygt frå henne.

Falk ser at ho vert litt raud i kinna.

– Det vil eg veldig gjerne!

Hanne gir Emma eit ark, og saman med

Falk står ho spent og ventar på resultatet.

46


10

– Politiets nødtelefon!

Mathias hoppar nesten i senga, det

svarer i andre enden! Han vert så glad for å få svar at han ikkje heilt veit kva han skal seie.

– Hallo, hei, eg må ha hjelp!

Mathias kviskrar engsteleg og raskt.

Dama på sentralen svarer roleg og høfleg, ho ber Mathias om å fortelje.

– Eg heiter Mathias Vik. Eg er innestengd

i ein båt, men eg veit ikkje kvar vi er!

Mathias er så letta over å få kontakt med

politiet at han græt stille.

47


– Så fint at du ringde oss, Mathias, vi

leitar etter deg! seier politidama i telefonen. – Fortel meg kva du ser.

– Vi ligg inntil land, det er ei diger kai

utanfor her, mange kvite murhus. Kjem de og hentar meg snart? Eg vil heim!

– Ja, no skal vi halde kontakten så lenge

vi kan, Mathias, og vi skal finne deg og få deg heim!

Mathias kjenner at det gjer godt å snakke

med politidama.

– Du, eg ser eit grønt hus litt lenger oppe

i bakken, det liknar eit lagerbygg, fortset han.

– Det er kjempefint, Mathias, kan du sjå

folk der?

– Nei, ingen. Vi er her aleine, kviskrar

han.

Mathias tviheld på telefonen, livredd for

å miste kontakten.

48


11

– Slik ser han ut!

Andrea held opp skissa si så dei andre får

sjå.

– Ja, verkeleg likt!

Emil er imponert. Hanne kjenner igjen

Ben Ronny Mork med det same. Falk ser at ho grøssar. Hanne veit at Mork er ein kald fisk. Ho har arrestert han før.

– Tusen takk, Andrea, du er verkeleg god

til å teikne!

Hanne plukkar med seg arket,

og dei skundar seg ut til hundebilen. Operasjonssentralen ringer i det same.

50


Hanne set han på høgtalar.

– Vi har Mathias på nødlinja, seier

politibetjenten frå politihuset. – Han sit fanga om bord i «Flora»!

Falk sperrar opp auga, og Hanne kjem

med eit lite utrop. Endeleg livsteikn!

– Telefonen hans er i området Hansvika,

ved den gamle fiskebollefabrikken. Båten

51


ligg til kai der, fortel politidama frå sentralen. – Set kursen dit med det same, vi varslar «Hårek» og dei andre patruljane.

– Det kan vere gode gamle Benny

Mork som har teke guten, opplyser Hanne.

– Ja, det kan stemme med beskrivinga

Mathias har gitt oss, svarer dama på sentralen.

– Vi må ha bevæpning, seier Hanne

og møter Falk sine auge i spegelen.

– Bevæpning er gitt, er svaret ho får.

Hanne ringer til ferjeskipper Rusten

med det same:

– Nødoppdrag, Rusten, vi må av garde

ASAP!

Falk ser stolt på Hanne der ho køyrer

i full fres mot ferjekaia. Dei andre patruljane kjem like bak. Det går fort, Falk ser snøspruten stå bak Viktor 3-0. Det er

52


inga tid å miste. Mathias treng dei! Hanne kallar saman alle kollegaene til møte i ferjekiosken. Mørkeblå politiuniformer sit samanklemde på brune skinnbenkar for å leggje ein god plan. Kaffikoppane varmar kalde nevar.

– Politibåten har meldt at dei no held

«Flora» under oppsikt. Fiskeskøyta ligg like innanfor Måseholmen, i Hansvika.

Hanne er sakleg og fortel tydeleg til dei

andre som sit konsentrerte og lyttar.

– Det er ikkje sett folk i eller ved båten

enno. Vi veit ikkje kor mange som er om bord, men Mathias sit innelåst der. Han har berre sett éin mann, som vi trur er Ben Ronny Mork – kjend som Benny Mork.

Det går eit sukk gjennom forsamlinga

av politifolk. Alle har høyrt om han.

– Mathias har beskrive arret. To vitne

har sett det same.

53


Hanne held opp skissa som Emma teikna.

– Dei fleste kan sikkert hugse biljakta då

han køyrde rett inn i ferjebommen, fortset ho. – Han fekk store skadar, men har nok ikkje gitt opp det kriminelle livet av den grunn.

Leif Arne frå lensmannskontoret i Volda

tek ordet:

– Han rana Pengesentralen i Bergen ein

gong, og då skaut han mot politiet. Ha det i

54


bakhovudet, folkens, denne mannen skyr ingenting!

Falk føler den spente stemninga i ferja.

Dette kan verte farleg. Han gøyr, og då kjem Hanne på noko viktig.

– Benny har ein stor hund med seg,

kanskje ein pitbull. Eg veit at Benny er glad i slike.

Alle rettar auga mot Falk.

– Godt vi har deg då, Falk! Leif Arne

blunkar lurt til Falk. – Pitbullen ligg tynt an!

– Alle går over i kanal 3, beordrar

Hanne. – Sambandssjekk og kontroll av utstyr før vi køyrer i land.

Ho reiser seg opp, ser Falk alvorleg inn i

auga og avsluttar: – Mathias skal heil heim til foreldra i dag!

Falk lograr med halen, og alle politifolka

nikkar alvorleg. Slik må det verte!

55


12

Mathias høyrer steg som nærmar seg ute i korridoren. Han stiller seg borte ved gluggen og gøymer telefonen bak ryggen. Lydane stansar utanfor lugaren. Han kan nesten høyre sin eigen puls.

Ver så snill, ikkje kom inn! roper han

inni seg.

Det fiklar i låsen, og Mathias set seg ned

inntil veggen og gøymer andletet mellom knea. Han ventar det verste. Han held seg for øyra, orkar ikkje høyre kva som skjer. Men ingenting skjer. Han løftar blikket forsiktig og høyrer at stega forsvinn igjen. Utanfor bjeffar Bosco. 56


– Han var utanfor her, men kom ikkje

inn, kviskrar Mathias letta til politidama.

– Det var fint, Mathias, politiet er på veg

no. Hald deg i ro, men sjå ut vindauget sånn at dei kan finne deg fort. Mathias er ikkje sein om å gjere det ho ber han om. Han står og speidar til auga vert såre. Kor lenge er det til dei kjem? Brått ser han noko mørkt bevege seg nede på kaia. Kva? Har kapteinen forlate skuta? Mathias nærmast roper i telefonen.

– No er han på land! Eg ser han nede

på kaia, han går inn i det kvite murhuset! Mathias høyrer at den same beskjeden vert gitt vidare til patruljane på politiradioen. Så vert kontakten broten.

– Hallo? Mathias får ikkje svar. Telefonen

er tom for batteri!

58


13

Falk ligg tett inntil Hanne på utkikspost ved det grøne lagerbygget.

– Til alle patruljar frå Viktor 3-0:

Situasjonsrapport!

Hanne snakkar med dempa stemme i

politiradioen, og ho får svar med ein gong.

– Mike 2-0 på plass!

– UP 632 på plass!

– Golf 4-2 på plass!

– Fint, då er vi klare. Slutt frå Viktor 3-0!

Falk ser «Flora» hundre meter lenger

nede. Skal tru om Mathias er der? Akkurat då kjem det ein ny beskjed frå Hanne:

– Viktig melding til alle patruljar:

59


Mathias er observert i glugge nr. 4 p책 styrbord side. Slutt fr책 Viktor 3-0!

Falk strekkjer hals, men han ser ikkje det

same som Hanne ser i kikkerten. Forresten, der var ein bevegelse i gluggen! Guten er der! Falk kjempar for 책 ikkje vifte med halen.

60


Hanne og Falk snik seg langs lagerveggen i knehøge snøhaugar. Planen går ut på at dei skal så nær «Flora» som råd, for å få henta Mathias kjapt ut når sjansen byr seg. Ingen aner kvar Benny Mork har gjort av seg. Han kan liggje og lure kvar som helst.

Falk ser konturane av «Hårek» ute i

sundet, og kystvakta og redningsskøyta er ikkje langt unna. Dei er mange og sterke.

61


14

Frå lugaren ser Mathias politifolk som nærmar seg båten. I øvste etasje på murhuset på kaia ser han kapteinen stå og følgje med gjennom eit vindauge. Korleis skal han få varsla politiet om kvar kapteinen er? Mobiltelefonen er ubrukeleg no som batteriet er utlada.

Mathias viftar med armane, men det

verkar ikkje som om nokon ser det. Han merkar at vinden har teke tak i båten på ny, for det ruggar meir og meir. Han kjenner på lugardøra. Ho er open! Han kikar forsiktig ut. Står Bosco i buret, tru?

62


63


Mathias er nervøs, og nærmar seg

listande. Han såg ikkje Bosco nede på kaia i lag med kapteinen, så han kan liggje kvar som helst og lure. Hundeburet står med open dør. Det er tomt. Mathias listar seg vidare. Det er heilt stille i båten. Ekkelt stille.

64


15

Samtidig har Falk fått ferten av Benny og Bosco ved inngangen til det gamle fabrikkbygget. Han knurrar, og Hanne forstår kva det betyr.

– Benny! Hanne roper så det nesten

drysser av den kvite murpussen.

Benny svarer ikkje. Men det gjer Bosco!

Hanne og Falk høyrer hunden kome før dei ser han. Bjeffinga kjem nærmare og nærmare, og med eitt kjem han springande rett mot Hanne i tunge klyv. Ho trår eit kjapt steg til side og slår etter han med

65


batongen. Bingo! Ho treffer han over nakken, og med eit hyl rullar han rundt før han på nytt går til angrep.

No har Hanne sleppt taket i Falk.

Hundane står mot kvarandre og flekkjer tenner, og det er Falk som er mest utolmodig. Han prøver å bite tak i nakken på Bosco, men glepp unna. Bosco snur seg mot Hanne. Det er henne han vil ta fyrst.

Hanne prøver å sparke Bosco, men

bommar skikkeleg og ramlar på ryggen. Å, nei! Ho prøver å dra seg bakover for å kome unna det farlege beistet. For ein galen, galen hund!

Bosco er lynrask, smett på sida av Hanne

og glefser mot armen hennar. Ho greier å få tak i halsbandet hans. Dei skarpe tennene hans er farleg nær. Falk stuper etter og set tennene sine i baken på Bosco. No er alt lov.

66


Bosco hyler og hoppar rundt for å ta

Falk, men Falk er førebudd. Han har rygga ein meter bakover. Han vil lokke Bosco vekk frå Hanne så ho kan kome seg unna. Bosco siklar veldig, og han knurrar i jamn dur med vidt oppsperra auge. Falk ryggar mot kaikanten med blikket låst fast på Bosco.

67


Bosco spenner musklane og skal til å

hoppe på Falk. Då ser Hanne Leif Arne i sidesynet. Han har Bosco i siktet, og like etter smell det. Bosco dett over ende. Falk er snar til å springe bort til Hanne. Heldigvis er det berre hòl i uniforma hennar, og ikkje i Hanne! Falk snur seg litt skeptisk mot Bosco, som ligg heilt urørleg på bakken. Han går forsiktig bort og snusar på han. Bosco pustar.

– Bosco kjem til å sove godt nokre timar

no, Falk, fortel Hanne.

Falk ser ei pil stå i nakken på han. Leif

Arne løftar den bedøvde hunden forsiktig opp og ber han bort til politibilen. Falk knurrar mot murtrappa. Benny er der oppe.

68

–Shh, roleg Falk, no må vi tenkje smart!


Hanne fordeler arbeidsoppgåvene

mellom alle patruljane så dei får omringa bygninga. Benny må ikkje få stikke av.

Falk og Hanne legg seg i skjul og ventar

ved trappa på baksida av bygget. Vinden blæs snø rundt dei, og det er kaldt. Minutta går. Falk har lyst til å springe opp og hente Benny, men han veit han må vere tolmodig.

Så kjenner han det. Det er vibrasjonar

i lufta, og lukta av Benny kjem nærmare. Hanne merkar på Falk at noko er i ferd med å skje. Øyra hans står rett opp, han er som fastfrosen medan han lyttar. Benny er på veg mot dei. Kanskje han trur at politiet har gitt opp? Då trur han i så fall feil!

Der får Falk auge på han på avsatsen.

Han kjem tomhendt, listande. Falk går fram og stiller seg så Benny ser han.

69


Benny kvepp til, og Falk ser at han vurderer å snu. Falk viser tenner og knurrar, og lyden er ikkje til å misforstå.

– Kom roleg ned trappa, Benny, så kjem

ingen til skade!

70


Hanne peikar på han med pistolen.

Benny hevar begge armane, og han gjer som han får beskjed om. Hanne borar blikket i han. Benny set seg ned på kne. Falk vert ståande og knurre mot han til han har lagt seg flat, og Hanne klipsar handjerna på han.

71


16

Mathias småspring mot det han trur er utgangen. Han har nett høyrt eit smell. Var det eit skot? Han er kjemperedd. Så høyrer han plutseleg ei stemme som roper STÅ I RO! Mathias skvett som om han skulle ha vorte skoten, han dett rett i dørken med hovudet gøymt under redde hender. Var det sånn det skulle ende? Mathias kjenner at alt vert svart, han svimar av. Ei ruglete våt tunge vekkjer Mathias, som gliper forvirra med auga.

72


– Stopp, Falk, eg må få bere han vekk!

Mathias ser rett opp på ein langhåra

hund med snille auge, og han smiler letta. Takk og lov at det er ein politihund, og ikkje Bosco!

Han kjenner at han vert løfta av sterke

armar. Hanne ber han ut til dekk og hjelper han på land. Der står både politi og ambulanse og ventar på han. Mathias er sliten. Han vert lagd på ei båre og trilla inn i ambulansen.

Hanne vil snakke med Mathias før dei

reiser av garde med han. Mathias kikar fram frå den varme dyna når døra går opp. Han ser mange svarte hjelmar med opne visir. Det er smilande politifolk som står utanfor. Og ein politihund som kjem snikande og legg potane på dyna hans.

– Falk vil så gjerne helse på deg,

73


Mathias, seier Hanne, og Mathias nikkar.

– Han har leita etter deg i heile dag, så

gjett om han er glad no!

Ho bøyer seg ned og klemmer Falk, og

Mathias smiler når han ser kor fornøgd hunden er.

74


– Det var min feil, seier Mathias med

tynn stemme. – Eg tagga på båten.

– Ja, du braut lova, Mathias, det er

sant, svarer Hanne. – Det må vi snakke om seinare. Det viktigaste no er at du er trygg.

Hanne stryk luggen hans vekk frå

panna.

– No ventar foreldra dine på legevakta,

fortel ho.

– Men kva skjer med «Flora»? spør

Mathias. – Båten er ei miljøbombe.

Hanne nikkar. Mathias har rett.

– «Flora» vert teken hand om, ver du

trygg!

Mathias ser letta ut.

– Ho har nok segla sin siste seglas, seier

Hanne.

– Då var det verdt det, gliser Mathias litt

lurt, og Hanne ristar smilande på hovudet.

75


Hanne ser at Mathias kikar forbi henne,

og ho snur seg. Der går Benny med bøygd hovud mellom to væpna politimenn.

– Då var eventyret ute for kaptein Mork

for denne gong, seier Hanne, og så vinkar ho Mathias av garde.

Halen til Falk viftar glad frå side til side,

til ambulansen er ute av syne.

76


17

Falk ser med ein gong på det lure uttrykket til Hanne at noko kjekt skal skje. Det er tid for belønning! Han sprett rundt henne, superglad og spent! Så rettar ho handa i vêret. Falk set seg lydig ned og følgjer handa hennar med falkeblikk.

– 1, 2, 3!

Hanne kastar tennisballen mot det grøne

lagerbygget, og Falk fyk av garde i vill fart. Ein lukkeleg snøkvit hund kjem tilbake med ballen mellom tennene. Falk får behalde ballen på heile turen heim.

77


78


Heime er det tid for kvelds. Den nysteikte røvarkaka til Hanne får bein å gå på. Kasper og Jenny ligg i sofaen på kvar si side av Hanne og vert kila på ryggen medan Hanne les høgt frå eventyrboka. Falk legg seg ved føtene deira og høyrer på.

Ute herjar stormen igjen, men inne

er det varmt og godt. Det knitrar i peisen. Falk kjenner seg mett og god, og best som det er, greier han ikkje å halde auga opne lenger. Han høyrer «snipp, snapp, snute» langt, langt vekke, legg poten over snuten sin – og vekk vert han ...

79


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Politihunden Falk på farleg oppdrag by Det Norske Samlaget - Issuu