Skip to main content

Oss imellom ?

Page 1

Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han debuterte i 1963 og har motteke ei lang rekkje prisar, og han har skrive over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar. Andre essay- og artikkelsamlingar er Skrivefrukter (1979), Nå igjen (1982), Måne over Valestrand (1989), I staden for roman eller humor (1993), I tilfelle nokon spør (2001), Frå helling via hylling til halling (1997), Kant-i-kant (2008) og Fotgjengar med fotnotar (2013). Sjå www.samlaget.no for komplett bokliste.


Einar Økland

OSS IMELLOM ? Småprosa

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no omslag: Magnus Osnes førtrykk: Type-it AS, Trondheim skrift: 11/14 pkt. Adobe Garamond papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0211-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald Forord (Spør ein spegel)

9

* I. BORTE – MEN HER

13

Sigbjørn Obstfelder – poetisk karikert 15 (Utr. Til Obstfelder-jubileet i Stavanger, 2016) Brevtid, samtid og ettertid 17 (Johan Tufteland: Dikt og prosa i utval. Bergen 2013) Første møte med Torborg Nedreaas 29 (Utr. Til Torborg Nedreaas-ringen, 2017) Kring Olav H. Hauge 33 (Prolog til opninga av Olav H. Hauge-senteret, Ulvik 2015) Hauge 1960-åra Profil 37 (Veggtekst til utstilling i Olav H. Hauge-senteret, Ulvik 2015) Olav H. Hauge? I dag? 38 (Venelaget Olav H. Hauge, Ulvik, juni 2017) Tilbakemelding 43 (Signaler, nr. 2, Hamar 2017) Gunnar Lunde, ja 46 (Gunnar Lunde: Noveller i utvalg. Liv Forlag 2015) Georg 51 (Vinduet, nr. 1, 2015) Ringstrøm – til erindring 63 (Utr. Tinga til eit påtenkt festskrift i høve Ringstrøms 80-årsdag. Sidan jubilanten døydde før han blei så gammal, blei ikkje festskriftet utgitt.)


Sissel frå Sissel til Sissel – til oss 69 (Sissel Bjugn: Dikt i samling. 2018) Noel 78 (Utr. Minneord til Noel Cobbs gravferd i England, 2015)

II. FOR ANLEDNINGA (OG SOM EIN SPØR –)

81

I målbakken 83 (Syn og Segn, nr. 3-B, 2013) Paal-Helge Haugen: Nytt or Sætesdal 87 (Utr. Paal-Helge Haugen: 70 år, Kristiansand 2015) «I gamle hatter bor mye latter, min er full av smilehull» (Harald Sverdrup) 89 (Utr. Framført ved ei filatelistsisk utstilling, Bergen 2017) Det lomma er full av, renn munnen over med (Syn og Segn, nr. 4, 2013)

100

Tid for mat for tid 109 (Vinduet, nr. 1, 2014) Gryta hennar far 112 (Vinduet, nr. 2, 2014) Neitakk 115 (Vinduet, nr. 3, 2014) Infernalsk 118 (Vinduet, nr. 4, 2014) No koma Guds englar! (Juleroser, 2016)

122

Kulturkyrkja – ti år med gudsord (Vestavind, 28. nov. 2014)

131

Som bilde i ein spegel 132 (Jan Ove Ulstein og Alf Walgermo: Bibeldikt. Verbum 2014) OPNINGAR:

135

Torvund på Stord 137 (Utr. Til opninga av Gunnar Torvunds utstilling i Galleri Giga, Leirvik, 8. juli 2006)


Tre korte (poetiske) og ei lang prosaisk. 141 (Utr. Til ei utstilling av Jon Gundersen. Utlagd på Kunstbankens heimeside, Hamar, nov. 2017) Utstilling = innstilling

143

Åtte minimale tekstar 150 (Utr. Til ei påtenkt bok med framvising av russiske krigsfangearbeid – handlaga sigarettetui av metall med inngraverte dekorasjonar) Alltid open. Alltid tidfull. Alltid felles. 152 (Utr. Gerhard Stoltz: Utstilling av nye maleri, Galleri Langegaarden, Bergen 2017) Smykke som smykke 155 (Utr. Til opning av Jorunn Veiteberg: «My Favorite Things». Utstilling og deponering av personleg smykkesamling i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Trondheim, 22. sept. 2018) TAKK SOM SPØR –

163

Forfattarens svar til instansar som vil vite: Korleis markerer han Oslo studentmållag sitt 80-årsjubileum? («Lisa gikk til skolen», i Mål og Makt, nr. 3/4, 1980) Korleis blei boka Amatør-album til? (Utr. Brev til ein lesering)

164

169

Korleis er det å vere nynorskbrukar? 173 («Vi som er krulla i ulla», i Kringom, nr. 2, 2013) Korleis opplever han at noko er feil i tekstar han har skrive? 176 («Feil og feil», i Venelaget Olav H. Hauge, Ulvik, okt. 2015) Kva skriveminne vil han dra fram? 180 («Skriveminne», i Nils-Øivind Haagensen (red.): Skrivehistorier. Fo 260, Flamme forlag, 2015) Kva held han som sin personlege favoritt? 184 («Din personlege favoritt –?», i Mål og Makt, nr. 162, 2015) Kva held han for å vere dei viktigaste diktsamlingane dei siste 50 åra? (La Granada Press, 2015) Korleis blei Statsminister-boka til? (BOK 365, 2015)

188

186


Kva reknar han som sin yndlingsmetafor? 191 («Min metafor», på Flamme forlags heimeside, 12. aug. 2013) Kva favorittar av ymse slag har han? 192 («Favorittar», til Olav H. Hauge-senteret, Ulvik 2016) Kvifor skreiv han boka Norwegen, schönes Land ? (BOK 365, okt. 2017)

197

Gjenvinning* 200 (Vagant, nr. 1–2, Oslo/Stettin 2017, *Fotnote og «85-årsdagen II» tidl. utrykt) Krise og kuriosa 231 (Utr. Foredrag, «Kari Skjønsberg-dagane», NB, 2016) Poesi for barn – eit personleg tilbakeblikk 242 (Anne Skaret (red.): Barnelyrikk, Oplandske Bokforlag. Vallset 2015) Kråkefot 273 (Falturiltu: Kjærleik til nynorsk barnelitteratur gjennom ti år, NBU 2016) III: AV TONE HESTHAMMER

287

«Det er så sant som det blir sagt». Ei samling mannakorn, hermer, sukk og sitat. Innsamla til gjenbruk. 289 (Utr.) Livet på land 308 (Utr. Ei forseinka medkjensle med kvalen som døydde av ufordøyeleg plast i magen) * Etterord (Møt ein korall) Personregister

313

311


Forord (Spør ein spegel) Storparten av det som står i denne boka, er skrive i ei lokal fredstid og «på bestilling», dvs. etter oppmodingar frå temmeleg ulike instansar og ved nokså ulike høve. Slik sett kan det som er samla her, ha mykje sams med farne tiders «leilighetsdikting» (høvesdikting). Berre at det eg har levert som mine «svar» når fjerne personar eller institusjonar – utan å vite om kvarandre – har spurt etter noko, for det meste er forma som ein eller annan type prosa. Rimelegvis er eg sjølv den einaste som har lese alt som er samla her. I ettertid både undrar og opplivar det meg aldri så lite at dei ulike tekstane kunne bli tenkte og skrivne av meg. Storparten av dette hadde eg kanskje ikkje skrive dersom ingen først hadde bede meg om det. Så takk alle som spurde! Å samle desse «svara» frå dei siste fem åra i ei bok og så tilby stoffet til eit større, anonymt publikum der ute er sjølvsagt eit litt freidig spørsmål om merksemd frå mi side. For just ei samling har ingen bede meg om! Slik sett er det som å gi ut ei ny diktbok. Berre med den skilnaden at i diktbøkene mine står slikt som berre mine indre tildriv har bede meg skrive. Som subjektiv poet gir det meg stundom ei mild glede å oppdage at eg også kan skrive noko prosaisk og lett forståeleg etter situasjonsbestemte ønske frå ytre og fjerne instansar i samfunnet. Heldigvis las eg nyss om att ei gammal bok av same type som denne, ei bok som kom ut for om lag hundre år sidan: Den 70 år gamle bildekunstnaren Gerhard Munthes Minder og meninger fra 1850-aarene til nu (Cammermeyer, 1919).


10 • Oss imellom ?

I denne har den gamle malaren og teiknaren samla sine tidlegare trykte (og utrykte) notisar, talar, artiklar, debattinnlegg, reiseminne – og aforismar! Altså høgst ulike teksttypar, skrivne og leverte ved ulike høve i farne år. (Sjølve redigeringa og ryddinga var gjord av Anders Krogvig.) Munthe gav berre ut éi bok av dette slaget. Det same hadde hans nære kollega og samtidige, Erik Werenskiold, gjort i 1917. Sidan dei har våga gi ut slike tekstsamlingar før, kan vel også andre gjere det, mumlar eg halvhøgt. Samstundes veit eg at desse som gjorde slikt for hundre år sidan, gjerne venta til dei var drygt gamle og byrja kjenne ansvar for å opplyse «ettertida» med «dokumentasjonar», som vi kallar det. Då gav dei ut ei bok. Berre ei. Sjølv har eg alt gitt ut åtte slike bøker tidlegare. Som om det for meg ikkje fanst berre éi ettertid, men fleire. Det er ei aning meir aktivistisk enn berre å roe seg i det Stein Mehren odiøst omtala som «samtidsmuseet». Kunstmalaren Munthe kan ettertida oppfatte som «naturalist og realist» og teiknaren Munthe som ein stilig «dekoratør og designar». Men så skreiv han i tillegg tekstar – av fleire ulike slag – som blei trykte. Denne tilleggsverksemda er altså noko eg – som i utgangspunktet kallar meg poet – kan kjenne meg att i. Om enn eg korkje kan male eller teikne, oppfattar eg i ettertid, stundom med ei blanding av resignasjon og glede, at den som står bak desse tekstane, også er eit slag «realist» – eller eit slag «dekoratør». Og så er det dette, at jamvel om tekstane er laga for dei ulike bestillarane i ulike tider og lokalitetar, så er det mi ressurspolitiske innstilling at slike småstykke også bør kunne lesast av andre og nye lesarar i andre samanhengar eller ettertider. Dette både som ei orsaking for og ei forklaring på at eg har samla desse tekstane i ei bok. Boka inneheld elles diverse tekstar som ikkje har vore trykte før, m.a. av Tone Hesthammer. (Ho og eg er einegga tvillingar.) Om ikkje Lewis Carroll for lengst hadde kalla ei av sine


Innhald • 11

Alice-bøker Gjennom spegelen, skulle eg gjerne gitt mi bok same tittelen. Både dei ymse «bestillarane» og dei ulike ønska deira blir nemleg «spegla» her – samstundes som amatørleverandøren med «spegelen» også kjem til syne attom spegelen. Det ottast eg, og det vonar eg. Så kan ein sjølvsagt spørje om spegling er eit slag «gjenbruk». Eller omvendt: Om alle speglar støtt er eingongs-speglar, anten dei blir kasta eller ikkje etter bruk. E. Ø.


I. BORTE – MEN HER


Sigbjørn Obstfelder – poetisk karikert Ei nyoppdaging av poetens ytre. I dei få åra den unge Sigbjørn Obstfelder frå Stavanger heldt seg i Kristiania, blei han portrettert av kunstnarane Christian Krohg, Edvard Munch og Gustav Vigeland. Desse portretta – ulike, men framifrå! – frå poetens samtid har ettertida ofte støytt på. Desse kjenner vi og minnest vi, fascinerande som dei er. Men også ein fjerde av periodens store bildekunstnarar laga eit sermerkt bilde av Obstfelder. Dette har omtrent kome bort. Truleg er det svært få lesarar som kjenner det. Ein finn også ytterst få tilvisingar til det, endå det blei spreidd som omslagsillustrasjon til ei bok. I tilknyting til 150-årsjubileet for poetens fødsel er det difor ei glede å kunne vise fram eit bilde av poeten som for mange vil vere nytt. Alt to år etter at Sigbjørn Obstfelder hadde debutert med diktsamlinga Digte (utg. på John Griegs forlag i Bergen 1893), var han såpass vidgjeten for sin spesielle uttrykksmåte at han kunne parodierast. I året 1895 kom det ut to små diktbøker med parodiar på såkalla nyromantisk lyrikk. Den eine – Rythmeskvulp av Adolescentulus Olsen – er velkjend i historia om norske litterære parodiar. Bak psevdonymet stod tre lattermilde menn, Hjalmar Christensen, Vilhelm Dons og Hugo Mowinckel. I denne boka er det kanskje helst Obstfelders venn og hjelpar Vilhelm Krag som blir gjord til latter. Men den andre boka, Julekluk, skriven av Ludvig Bøgh under psevdonymet Scævola, gjer seg ikkje berre lystig ved å parodiere Obstfelders springande, punktiforme stil. Den latterlege poe-


16 • Oss imellom ?

ten er også avbilda på framsida av boka. Her ser ein nemleg Sigbjørn Obstfelder sjølv, karikert teikna. Og teiknaren er ingen ringare enn Theodor Kittelsen – som sjølv kunne kallast nyromantikar, i fall ein likar det ordet. Men vi i vår tid kunne like gjerne rekna både Obstfelder og Kittelsen for nyrealistar, ettersom også deira nye uttrykk for kjensler og syner galdt røynda. Kittelsen var samstundes ein formidabel karikaturkunstnar med myndig strek. Og Obstfelder sjølv hadde skrive ein parodi på Snorre seint i 1880-åra. Karikaturar høyrde perioden til. Om Kittelsen hadde sett eller møtt personen Obstfelder i 1895, er uvisst. Derimot har han truleg sett bildekunstnaren Krohgs portrett av diktaren i samband med intervjurekkja journalisten Krohg gjorde med m.a. Obstfelder – og seinare med Kittelsen. I alle høve er det lett å kjenne att ansiktsprofilen, barten og det lange håret til diktaren. Dessutan må lesaren Kittelsen ha festa seg ved det seinare så klassiske diktet «Regn». Det forstår vi når vi ser at han har utstyrt Obstfelder med oppslått paraply der han rir av stad over skyene på sin barnlege kjepphest – som er ein pegasusfole med vengjer. Diktaren tenkjer på regn, men ser ikkje ut til å registrere at det ikkje regnar. Kittelsens pegasusryttar har nemleg nedsenka augnelok. Blikket hans vender innover. Publikum kan smile av dette. Noko vondt smil er det likevel ikkje. Det er slik ein smiler av barn. Vi smiler også stundom eit innvendig smil når vi les eit Obstfelder-dikt. Gjerne når vi les «Regn» eller «Venner». Slik vi smiler til ein venn. For under lesing møtest i alle fall venner «på en anden klode». Det skulle vi kanskje nemne for han som spurde om just dette, og som døydde så altfor tidleg i 1900. (Til Obstfelder-jubileet i Stavanger, 2016. Utr.)


Brevtid, samtid og ettertid Om møte med ein overveldande brevskrivar frå ei norsk øy med hollandske innslag i Hordaland. Den merkelege mannen, Johan Tufteland, ville vore hundre år i 2013 i fall han hadde levd. Det gir eit påskot og eit høve til å minne vår samtid og hans ettertid om kven han var, og kva han gjorde. Det ville nemleg vere ein trist ironi om han, som hadde minnet om farne folk og tider levande inni seg, og som så entusiastisk delte det han visste med andre, sjølv skulle bli gløymd. Ein skulle ha framheva Tufteland meir den tid han levde og var i sving, men så skjedde ikkje. Både han og dei fleste av oss andre levde for fort den gongen. Når også eg tykkjer eg har noko å leggje til ved dette hundreårsleitet, er det ikkje fordi han var vennelaus då han levde, men fordi eg kjenner meg litt åleine om å ha erfart ei elles lite synleg side av mannen. Visseleg kan eg ikkje vere den einaste som har hatt ein opplivande og langvarig fjernkontakt med Tufteland, men eg tvilar på om eventuelle andre som måtte ha hatt ein tilsvarande kontakt, gir seg til kjenne. Dette med årstala og aldersskilnaden den tida vi kjende kvarandre, skal ein ha for auga i dag. Sjølv hadde eg det ikkje då. Eg trudde heller ikkje at eg kjende Johan Tufteland. Jamvel om eg alt hadde ei bok av han før vi visste om kvarandre. Ei bok eg hadde skaffa meg fordi eg lenge hadde hyst ei spesiell interesse for det eg då kalla «mislykka forfattarar», eit uttrykk eg nytta om bøker skrivande folk gav ut på eige forlag. Fram til Tufteland sjølv dukka opp fleire år seinare, ante


18 • Oss imellom ?

eg ingenting om kven utgivaren og forfattaren var. På omslaget står det berre Nils Djupvåg: På fiske i sytti år. Inne i boka møter lesaren livsminne etter fiskaren som er namngitt på omslaget. Boka er trykt hos Botnen på Stord og utgitt «I eget forlag» året 1944. Stoffet er redigert og tilpassa av han som har skrive og datert forordet, Johan Tufteland, mars 1944, Stolmen. Stoffet skal også vere fortalt til sokneprest Aksel Mjøs og fru Hanna Østervold, men det verkar som om desse to prektige personane mest er åndelege kausjonistar for boka. Boka er eit lokalhistorisk og kulturhistorisk ungdomsverk av den seinare ungdomsskulelæraren Johan Tufteland. Kven han var, eller kor gammal han var då boka kom ut, demra først for meg i nyare tid: Han var berre 21 år. Kor mykje lærar han var då han laga boka, har eg aldri visst. Men han har nok alt då hatt ein viss type lærar som ideal. Lærarar hadde alt lenge drive ei kulturverksemd som skribentar og bokutgivarar på sida av arbeidet i skulen. Ein venn av meg, som nå er universitetsbibliotekar, gjorde meg alt i studietida si merksam på at ein kunne lese bøkene med biografiar over «Norske skolefolk» som eit slag litteraturhistorier. Nils Djupvåg, som til liks med Johan Tufteland var frå Austevoll på den sunnhordlandske stripa av Strilelandet, har sikkert snakka ein svært så nynorsk dialekt, men i boka er han attgitt på bokmål. Det var vel sikkert det tryggaste. I tråd med folkeleg og presteleg skikk og bruk sluttar boka med eit hjartesukk frå fiskaren som snart skal døy. Han set si lit til Gud og håpar å kome til ein rolegare stad. – Lærarar den tid skulle også undervise i religion og hadde difor ei durabel opplæring i teologi. På folkemunne kalla ein difor det å ta lærarskulen for å ta «den teologiske mellomteknikken» (ein parallell til å ta den tekniske mellomteknikken). For meg var det mest interessante sjølve stoffet: livsminna til ein gammal fiskar frå min region. Pluss det at boka var utgitt privat på øya Stord. Altså i ein nabokommune til «min» kommune, Valestrand. I opp-


Brevtid, samtid og ettertid • 19

vekståra hadde eg møtt nokre eldre fiskarar, men aldri høyrt dei leggje ut slik Nils Djupvåg gjorde. Den unge Tufteland hadde rimelegvis hatt ei sterk kjensle av at tilhøva for kystfiskarane hadde endra seg, og at det hasta med å samle inn minne om den nære fortida som var i ferd med å bli gløymd. – Eg kan vel ha vore så gammal som forfattaren var då eg første gong kjøpte boka på eit antikvariat. Sidan har eg kjøpt boka kvar gong eg ser den, men så har berre skjedd eit par gonger. Merkeleg nok, sidan boka var populær og kom i to opplag. Når det gjeld dette med å sjå eigne år jamsides andre sine – då Tufteland gav ut denne biografisk-folkloristiske fiskarboka, var eg 4 år. Då Tufteland omsider i 1965 debuterte som skjønlitterær forfattar, var han 52 år, medan eg var blitt 25 år. Då hadde eg anna å tenkje på. I 1965 hadde eg flytta frå Oslo til Bodin kommune, like utanfor Bodø, for å jobbe som klinisk psykolog på Nordland fylke sitt einaste psykiatriske sjukehus, som den gong hadde over 500 pasientar. Det var to psykologstillingar der, psykolog I og II, men sidan ein ikkje fekk søkar til nr. I, fekk den fagleg ferske og einsame Økland tilbod om å rykke opp i den stillinga. Det gjorde ingen annan praktisk skilnad enn økonomisk. Det var ingen psykologar i Bodin eller nokon av dei kringliggjande kommunane den gong, slik at alle skular som hadde elevar med psykiske avvik, ringde sjukehuset og spurde om psykologen der hadde høve til å sjå på problembarna – serleg med tanke på tilvisingar til spesialinstitusjonar. Psykolog I måtte difor (etter arbeidstid på sjukehuset) ofte fungere som privatpraktiserande skulepsykolog. Heldigvis var det ingen der nordpå som kjende til psykologens fortid sørpå, dvs. Oslo. Her hadde han debutert som nynorsk lyrikar i 1963, redigert 1964-årgangen av det litterære studentbladet Profil, vore med i redaksjonen til Torolv Solheims tidsskrift Fossegrimen – og elles (fåfengt) streva med å få utgitt ei ny versebok. Misnøya med littera-


20 • Oss imellom ?

turstellet i Norge var veksande mellom nokre få og anonymt famlande skribentar i mi aldersgruppe der sør. Det bryggja opp til ein synleg framstøyt frå somme av oss. Denne blei av mange tidfesta til første nummeret av Profil, som ei ny og sjølvoppnemnd redaksjonell gruppe gav ut tidleg i 1966. Det var altså ein av desse Profil-folka i Oslo som langt nordpå testa folkeskuleelevar i tomme Bodin-skular om kveldane og gjekk visitten på Rønvik psykiatriske sjukehus om formiddagen. At Tufteland aktualiserte seg her nord, og at våre vegar skulle kryssast og sidan nærast gå parallelle, kan eg takke ein annan «profilist» for, Tor Obrestad i Oslo. Han dobbeltdebuterte på Gyldendal hausten 1966, og alt i 1965 sende han ein annan si debutbok, diktsamlinga Eit anna hav av Johan Tufteland, som gåve til meg med denne helsinga inni: «Vi er heime her, du og eg. Vi helsar vestlendingen velkomen.» Så sant, så sant. Eg las boka og skreiv straks eit eller anna til debutanten. Tufteland takka like straks for responsen med eit romsleg brev. Og som vedlegg sende han avskrift (12 sider!) av noko han hadde skrive i dagboka si etter ei vitjing hos Olav H. Hauge tidlegare dette året. Han hadde nemleg oppfatta at vi begge var interesserte i Ulvik-diktaren. Eg svara på brevet hans, og dermed var ei langvarig brevveksling i gang. I full gang, vil eg seie. Om eg har tatt vare på alle sendingar eg etter kvart fekk frå Tufteland, skal eg ikkje kunne seie. Eg har flytta nokre gonger sidan den gong. Papir har blitt pakka ned og pakka opp. For ikkje å snakke om at papir har blitt stukne vekk. Når eg t.d. nå opnar bøkene hans, ser eg at eg har stappa brev, utklipp o.l. inn i dei fleste. Han sende meg klipp av slikt han hadde skrive ymse stader, men også av intervju og av bokmeldingar. Bøker kan vere glimrande til arkivbruk. Dei er berre utilstrekkelege til å romme alle mine Tufteland-papir. Ein god del av det han sende, var handskrive. Han hadde ei klar og stø handskrift, som det sømde seg alle lærarar på den tida. All slik skuleskrift heitte «skjønskrift» den tida. Mykje skreiv


Brevtid, samtid og ettertid • 21

han likevel på maskin. Og mykje av det han hadde skrive av, var kopiar laga ved hjelp av blåpapir og gjennomslag. For alt eg veit, tok han også kopiar av dei utgåande breva sine, endå dei mange breva skrivne med blekk tyder på det motsette. Eitt er skrive «på kneet» mens han venta på ein buss «i eit hol i Granvin». Når eg stablar opp det han har sendt meg gjennom åra, ser eg at det heile er innramma av to sære bøker: Den første, utgitt på eige forlag i 1944. Den siste, laga på bestilling i 1975 og berre utgitt i engelsk omsetjing som privatutgåve (av personen som tinga verket og kosta trykking og omsetjing). Det er ei familiesoge om ein utvandrar, men mest ei lokalhistorie om staden han vandra ut frå. I Kvalvaag. Man and ocean, har Tufteland skrive hovudinnhaldet, skildringa av folkelivet og tilhøva i Kvalvik på øya Stolmen – heimeøya til Tufteland. Boka blei trykt i Stavanger, men utgivaren heldt til i Guatemala. Tufteland forklarte meg at han ikkje rådde over frieksemplar av boka, slik at han nok ikkje kunne sende meg eit. Boka kunne heller ikkje kjøpast nokon stad, difor gjorde eg noko eg ikkje hadde gjort før. Eg gjekk attom ryggen på Tufteland og skreiv direkte til trykkeriet og sa eg var sikker på at dei hadde tatt unna nokre prøver på sine trykte produkt og kunne dei avhende eit eksemplar av denne boka. Det kunne dei. Dette trur eg ikkje at eg fortalde til Tufteland. Han, som elles var så oppglødd for lokalhistorie og folkeminne, snudde for det aller meste si diktarside til meg og skreiv mykje om poesi og dikting, og ikkje minst om si eiga lesing. For meg var det like greitt. For sjølv om eg las relativt mykje folkloristisk stoff, så las eg slikt med eit lyrisk sinnelag. Eg las det som litteratur og fantastikk og ikkje berre som dokumentarisk faktastoff. For å dra mannen sjølv inn i dette: I eit av sommarbreva sine fortalde han at han vore attende på Stolmen i lag med lokale folk og fiska. Denne sommaren fortel han, nærast i ei bisetning, fekk dei 13 kveiter. Å kjenne


22 • Oss imellom ?

ein mann som har fiska 13 kveiter, kjende eg som ein stor litterær rikdom. Ikkje noko å vise for seg til andre, men noko som gjorde mi sjølvkjensle godt. Dette skulle dei visst, dei som trudde eg var ein bortreist modernist. Men det skulle dei aldri få vite. Frå tida mellom desse to bøkene hans har eg ein stabel med Tufteland-korrespondanse som kan sorterast i to. A: Brev til meg. B: Kopiar av eigne bokmanus (som vedlegg til breva). Ingen av bokmanuskripta er daterte, og eg har ikkje jamført dei med trykte bøker. Manuskripta kan såleis vere variantar eller tidlege versjonar (utan inngrep frå forlagskonsulentar). Her er ei liste: «Dikt» (= diktsamlinga Blå berg, 1966) «Hollendaren» (= romanen Hollendaren, 1967) «Under lysande tre» (diktsamling – truleg utrykt) «Såpebobla» (7-siders tettskrive synopsis til «teater, fjernsyn, pantomime») I tillegg sende han meg avskrifter av slikt andre hadde skrive, m.a. av Alf Larsen: Indgangen, 1915. Det var den første norske boka av havdiktaren Larsen. Dinest ei samling utvalde stykke han hadde funne i Krohns gamle nynorsktidsskrift Ferdamannen. Han nemnde ein gong at det var slik han hadde det med spennande lesestoff som han ville tileigne seg. Då skreiv han det av. For, som han uttrykte seg, «det måtte gå blodvegen». Ikkje at eg hadde hatt ork til den slags, men eg gir han likevel mi støtte, for eg har røynt noko tilsvarande dei gongene eg har streva med å omsetje dikt og såleis har skrive dei av på ny og på ny (fordi eg ikkje har fått dei heilt like originalen). Då absorberer ein grunnteksten på ein spesiell og intens måte. Brevskiftet oss imellom pågjekk i ca. 10 år, og på mi side er det innramma av mi første utvandring frå Oslo (til Bodin, Nordland) i 1965 og mi neste og siste utvandring frå Oslo (til Stord, Hordaland) i 1974. Vi skreiv aller mest til kvarandre i


Brevtid, samtid og ettertid • 23

åra 1966–68, som påfallande nok var dei sentrale «Profil-åra». Nå hadde eg debutert som lyrikar 23 år gammal i 1963 – to år før Tufteland som 52-åring debuterte med diktbok. Såleis var vi på kvar vår måte ferske bokveteranar då kontakten oss imellom kom i stand. Men alt i 1966 gav vi begge ut vår diktsamling nummer to. Alt medan vi freista finne ut kva vi heldt på med, og korleis vi ville skrive heretter. Vi var begge i ein slags forseinka eller forlengd litterær pubertet. Det var i ein slik samanheng at vi begge to fortalde kvarandre laust og fast om det vi las, og det vi tenkte og opplevde i vår omgang med litterære saker og ting. Eg skal ikkje underslå at det var noko ingen av oss snakka om, nemleg jobb og familie. Ikkje skreiv han om skulekvardagen, og ikkje skreiv eg om kva psykologen hadde for seg. Kan hende var brevskrivinga rekreasjon og kvardagsflukt for oss begge. Men også tilførsle av energi og inspirasjon. Eg les nødig breva om att, men minnest dei som gjennomgåande lystige, oppmuntrande, begeistra, informative, overraskande. Han kunne i forbifarten nemne at han hadde flytta 70 hektoliter singel med trillebår i ein bratt bakke. Ikkje mange gjer slikt. Like brått nemnde han at han hadde skaffa seg den danske Heretica-antolgien som eg hadde nemnt ein gong. Og så hadde han skaffa seg Versets løvemanke av Torben Brostrøm. Vi var ikkje så mange som las slikt. Eg minnest at då han hadde lært seg litt engelsk, ville han straks setje om Emily Dickinson. Ja, tilsvarande gjekk det med Tor Obrestad då han byrja studere engelsk på universitetet. Straks ville han omsetje Blake. (Noko han gjorde.) Då ei svært så forstyrrande gruppe grafikarar og diktarar gjorde skandale med utstillinga Gruppe 66 i Bergen, var Tufteland der og refererte spontant begeistra og oppstemt til meg. Kven andre gjorde slikt? Den store utstillingskatalogen la han ved med handskriven, lyrisk kommentar. Og ville eg ikkje ha boka, måtte eg så gjerne sende den attende. Skreiv han. Kven andre gav meg slike gåver? Som vi seier på hans kantar:


24 • Oss imellom ?

Han var ikkje frøsen. Sjølv sokna han til vanlege, taktfulle, tradisjonsbundne eller tradisjonsnøgde, lågkyrkjelege, jamvel fromme folk, slik dei fleste av oss på desse kantar gjer. Men Tufteland var også ekstraordinært open og interessert når det galdt slikt som var annleis, moderne, personleg og sært eller avvikande. Det fall rett og naturleg å be Tufteland om å levere eit bidrag til bladet Profil då den oppkjeftige nye redaksjonen skulle lage eit nummer med Olav H. Hauge som frontfigur. Så skjedde då også. Tufteland drog inn til Ulvik med kamera og lydbandopptakar. Både foto og tekst av Tufteland kom på trykk i Profil, nr. 4, 1966. For rett nok var redaksjonen ganske samla i si misnøye med styre og stell på litteraturens område, men interessene og kontaktane med andre litteraturar enn dei redaktørane sjølve leverte, var mange og høgst ulike. Litt surt var det at Hauge for skams skuld måtte få lese kritisk gjennom intervjuet først, for Hauge kvista teksten slik ein hagemann kvistar ein apal. (Ein skal kunne kaste hatten sin gjennom trekrona etterpå.) Han strauk så mykje i sine eigne ytringar at intervjumanuskriptet på 15 sider kropna til 5. Heldigvis eksisterer grunnteksten framleis i min brevbunke. Derimot er lydbandintervjuet Tufteland gjorde med Hauge, borte. I alle fall her i huset. Tufteland sende meg intervjuet på ein bandrull, og eg spela det eit par gonger, men orka ikkje høyre det ferdig. Eg tykte det var litt ille at Hauge, som snakka så fritt, også snakka så forpint og sjukleg. Eg lurte på om han visste at det blei gjort opptak. Fordi eg var redd nokon ein gong skulle finne opptaket i mine saker, var eg taktfull og nytta bandet til å spele over all musikken frå den store lp-boksen med Woody Hermans «Second Herd». Opptaket med Hauge som snakka, blei dermed sletta. Så langt det galdt litterære interesser, var den godt vaksne Tufteland jamlik oss unge i den tids Profil. Ingen tvil om det. Han var frilyndt i si orientering og hadde sine inntak også utanfor norskegrensa. Aldersskilnaden synte seg mest når det kom til spørsmålet om eiga dikting og kva


Brevtid, samtid og ettertid • 25

ein gjorde med alt ein hadde lese og lese om. Vi veit i dag at Olav H. Hauge tok all si lesing med age og ettertanke. Nærast personleg. Med Tufteland var det noko annleis. Han kunne spontant fortelje vidare til andre kva han hadde høyrt og sett, noko han så gjerne gjorde. Å dele med seg var hans natur. Såleis var han lærar og pedagog. Det innebar ikkje at han også var skulemann av natur. Alt han kunne, opplevde, skjøna, forstod, hadde høyrt om osv., lika han å fortelje til nokon annan. Han hadde den største respekt og toleranse for gamle folk, gamle tradisjonar, vidgjetne diktarar og diktarar i kjømda. Men samstundes med at han tok av seg hatten for den slags, kunne han flire og karikere den eller det som var på tale. Det eine utelukka ikkje det andre. Han var lystig på kanten av det respektlause der han kjende seg trygg. Ikkje minst tok han lett på seg sjølv. Her skilde han seg kanskje frå Hauge. Størst var likevel skilnaden når det kom til utforminga av eiga dikting. For om Tufteland var ein blid raring med brei orientering i kvardagslaget, så var han godt tildekt som person når han dikta sjølv. Då stakk han seg ikkje fram som særling, ekspresjonist eller modernist. Han var nærast som Vinje. Han såg at ein kunne lære av naturen og det ein hadde kring seg. Han såg at noko lite og nært kunne minne oss om noko åndeleg og stort. Han såg harmoni meir enn disharmoni og stilte aldri spørsmål ved språket eller røynda, berre ved vår mangelfulle forståing. Absurdismen kunne han nok snakke om, men den galdt ikkje han når han dikta. Eg oppfatta han som lærar også her. Han ville hjelpe til, slik at ein betre kunne forstå kva plass eit menneske har i tilværet. Enkle bilde, enkelt språk, klare samanstillingar – aldri stille seg sjølv mellom diktet og lesaren si forståing – det var hans metode. Noko av dette kan ein forklare med at Tufteland voks opp i mellomkrigstida og i eit lite, vestnorsk kystsamfunn. Gløgg og kvikk, lærenæm, god i skriving. Klart at ein slik ungdom var læraren lik. Alt peika ut ei framtid som lærar for ein slik.


26 • Oss imellom ?

Lærar, det ville seie å vere kulturell og intellektuell los for dei næraste. Klart han fiksa det, som det heiter. Tuftelands hunger retta seg likevel mot stoffet. Han ville vite meir om fortida, meir om diktinga og kome dette nærare. Eg oppfatta mannen slik at dette var viktigare for han enn å sole seg i glansen som lærar. Sjølve lærarrolla var ikkje eit mål for han. Tileigninga av stoffet og utforminga av dette var det sentrale. Såleis var han diktar. Og for å kome med noko som liknar eit sirkelbevis: Diktarar har det med å kjenne kvarandre att på tvers av sosiale, geografiske og aldersmessige avstandar. Og for å gå vidare: Då er det ikkje avgjerande eller så farleg om ein er klassisist, tradisjonalist, modernist eller liknande. Då kan ein likevel snakke frimodig saman. Det syner seg rett som det er. Profil-folka kunne t.d. hente sine yndlingsreferansar frå europeisk åndsliv, medan Tufteland henta sine frå europeisk sjøliv. For han var Europa alle hamnene kring Nordsjøen, og det var desse stadene og trafikken mellom dei som var viktig. Altså samhandel og folkeliv. Men vi handterte våre respektive observasjonar og stofftypar ulikt når vi dikta. Han ville belære samtida og opne augo for poetiske innsikter og djup livsforståing. Slike som eg, som hadde hatt ein oppvekst i etterkrigstida og hadde fått vidaregåande skulegonge og smak for både akademisk og kunstnarleg fridom, ville kanskje heller forstyrre samtida. Setje spørjeteikn ved samtida si sjølvoppfatning. Tilføre samtida noko som ikkje var der. Og vi gjorde det gjerne på meir ugreie måtar, mellom anna ved å gjere tekstane våre ustabile, uplasserbare, overraskande, doble, tomme – eller konkrete. Diktaren Tufteland satsa på roleg, truverdig tilnærming til lesaren og på stillsleg og forståeleg språk. Han og eg las det den andre hadde skrive. Merknader begge vegar var velkomne. Men på kvar vår kant oppfatta vi nok uttrykksmåten til den hin med reservasjonar, utan at den slags gjorde brevvekslinga vår vanskeleg. Som moden person


Brevtid, samtid og ettertid • 27

var han på høgd med dei unge, nye skribentane i samtida si. Men i litteraturen kom han til å stå som ein overgangsfigur. Ein som nok skreiv frie vers, men som orienterte seg tradisjonelt når det kom til innhald og livskjensle i dikta. Her var han sjølvsagt ein lojal representant for store delar av nynorskfolket. Om vi tar ein kikk på den litterære geografien, finn vi at han var ein unik representant også for ein utkant i nynorsklandet, det låge, snaue holmelandet utanfor den meir velkjende vestlandske kysten. Liv og dikting? Liv eller dikting? Når det gjeld Johan Tufteland, er eg glad eg har hatt tilgang til begge delar: mannen som venn og kjenning og mannen ein skimta i diktinga hans. Men med eit viktig tillegg av ein tredje del: mannen eg møtte i sakprosaen hans, i dei lokalhistoriske bokverka, i artiklane som stod i årbøkene til Sunnhordland sogelag – pluss altså i brevprosaen som han raust sende til den einskilde adressaten. Det er vanskeleg å samle heile Tufteland nå etterpå. Kan hende nærast litt utopisk når ein veit kor travelt folk har det, og kor flyktig vi alle streifar ting vi møter. Likevel, så vel skribenten Johan Tufteland som vi lesarane har mykje å vinne på ei samla oppfatning når det er han som er emnet. Han var eit vitalt gemytt frå det nynorske folkedjupet og hadde eit poetisk hjarta av det slaget som (med eit Vesaas-uttrykk) høyrde sine heimlands tonar. I sitt eige liv sameinte han både poetisk og prosaisk praksis, slik han også sameinte tradisjon og modernisme. Noko vi vel alle bør vere i stand til om vi skal finne oss til rette i ei samtid. Men i Tufteland si samtid blei han ikkje oppfatta slik. Då var det helst så, at det eine skygde for det hitt. Dei som såg tradisjonssamlaren og lokalhistorikaren Tufteland, såg knapt diktinga hans, og dei som stelte med dikting i Norge då, brydde seg mindre om sogelagsverksemda hans og det at han støtt var så innlevd i kystkultur. Eg såg han aldri i båt. Eg såg korkje åretaka eller handlaget hans når han var på fiske eller stelte med naust og not og


28 • Oss imellom ?

husvøling, som eg veit han gjorde i mange år. Derimot ser eg åretaka i breva han sende meg dei åra vi begge dreiv med litteraturfiske. Men når eg ser gjennom alt det han har skrive til meg, ein fjern jypling i ein fjern landsdel, blir det opplivande attersynet blanda med ei veksande undring: Kva kan ikkje ein som han også ha skrive til dei andre som han brevveksla med? (Idar Stegane og Reidar Storaas: Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval. Bodoni forlag, Bergen 2013)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Oss imellom ? by Det Norske Samlaget - Issuu