MAREN UTHAUG på Samlaget Der det finst fuglar. Roman 2020, 2021 Ein lykkeleg slutt. Roman 2021, 2022
Maren Uthaug
Og sånn blei det Roman Omsett frå dansk av Ingvild Holvik
Samlaget Oslo 2022
Originaltittel: Og sådan blev det Copyright © Maren Uthaug, 2013 Published by agreement with Copenhagen Literary Agency ApS, Copenhagen © Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Omslagsfoto (redigert): Allan Højen Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0722-4
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Kapittel 1
1974 Knut rapte høgt og gliste av at Rihtta ikkje var der og kunne gi uttrykk for at ho vemdest. Rapen gav frå seg ein ettersmak av heimebrent. Han drog av seg kleda, fall tungt ned på senga. Kvalmen skvulpa i magen. Han hadde drukke for mykje på festen. Han var klar over det. Var allereie klar over det mens han gjorde det. Men det var jo nyttårsaftan. Om ein ikkje kunne få ta seg ein dram når ein tok avskjed med det gamle året og ønskte det nye velkommen, kva tid skulle ein då få lov? Dessutan var det mørketid, og det var pinade så helvetes deprimerande. Ikkje eingong dei som var fødde her oppe, heldt det ut. Ikkje rart dei hadde den høgaste sjølvmordsraten i Noreg. Kulda kunne ein beskytte seg mot med klede. Mørket sneik seg inn i sinnet. Rihtta hadde sendt han blikk frå motsett ende av bordet. Dei hadde ikkje sete i lag. Ho hadde plassert han lengst mogleg unna mor hennar. «Áhkku toler deg jo ikkje», hadde ho sagt og føyst han ned i hjørnet til bror hennar. Isak var heller ikkje begeistra for han. Så lenge Knut ikkje drakk, gjekk det stort sett greitt. Men så hadde han likevel gjort det, prøvd å skjule lommelerka. Ville feire nyttår slik han brukte heime i Oslo. 5
Knut hadde først trudd at det var lystne blikk Rihtta sendte han. Slik ho brukte når han blunka til ho. Han visste at ho elska dei blå auga hans. Korleis han såg på ho når han hadde lyst på ho. Men like etter såg han at ho krangla med Isak, som hadde sett lommelerka. Då dei var ferdige med å ete, hadde ho bedt han om å gå heim. Han hadde protestert. Dei feira jo også fødselsdagen til Ravna. Veslesøstera til Rihtta. Seksten år blei ho. Nyttårsbarnet. Slike barn bringar lykke til heile familien, brukte Áhkku å seie. Rihtta gav teikn med handa at han skulle hute seg av garde. Ærleg talt, det var no ikkje kvar dag han drakk. Heller ikkje kvar veke. Sjeldnare enn ein gong i månaden også. Så reint ut sjeldan at dei godt kunne ha unnt han ein dram på nyttårsaftan. Han hadde likevel dratt heim. Gjort som Rihtta bad han om. Elska ho for høgt til å la vere. Han hadde klappa fødselsdagsbarnet på skuldra til avskjed, prøvde å halde balansen mens han sa at han var stolt over å vere svogeren hennar. Ho var ei god jente. Pen var ho også. Nett som Rihtta. Ravna hadde svinga på den blå kufta, og han hadde beundra ullstoffet og sagt at ho såg ut som ei ekte sameprinsesse. Ho hadde nettopp fått kufta i fødselsdagsgåve. Ho hadde fingra med søljene som heldt sjalet saman på brystet, for at han skulle få auge på dei. Nye, dei også. Dei var vaksensmykke, hadde ho sagt og laga trutmunn. Knut hadde ledd og gitt ho ein klem. Ho var framleis berre eit lite barn som ropte sjå på meg. Han hadde eit ømt punkt for ho. Kanskje fordi han følte at ho var den einaste som likte han i denne familien. I tillegg til Rihtta, sjølvsagt. Sjølv om ho av og til fekk han til å tvile, med dei kvasse kommentarane sine. 6
Det hadde vore like før han kasta opp då han steig ut av døra for å gå heimover. Han måtte halde seg for munnen og skunde seg bak huset. Bak seg kunne han høyre Rihtta og Isak krangle høglydt om Læstadius. Den evinnelege Læstadius. Den rotne samepredikanten. Isak var så from at ein ikkje eingong kunne tørke seg i ræva utan å bli trua med skjærselden. Knut brukte å seie at han var ateist. Det er derfor eg elskar deg, svarte Rihtta kvar gong. Gjennom vindauget hadde han høyrt Áhkku gaule at alle skulle halde kjeft. At ho hadde fått nok av vanvettet ho var omgitt av. Knut hadde likevel ikkje brekt seg. Berre lent seg mot trehuset og stønna. Tømt resten av flaska med brennevin i snøen. Laga eit djupt hòl som skar seg ned gjennom den kvite overflata, der det hadde danna seg ei tynn isskorpe i løpet av dagen. Det hadde allereie snødd mykje i vinter. Drivene låg meterhøge på kvar side av vegen. Knut sukka djupt. Han hadde drukke for mykje. Magen hans tolte det heller ikkje, sa legen. Turen heim i kulda hadde gjort han godt. Han fokuserte på månen, leitte etter nordlyset på himmelen, kjende frosten bite i kinna og snøen knake under føtene. Han hadde nytt stilla. At ingen venta seg noko av han. Det var i slike stunder han visste at han var nøyaktig der han skulle vere. Når han berre fekk vere i fred. Då han endeleg stod på soverommet, hadde den verste rusen fordampa. Berre kvalmen var der framleis. Han la seg tungt på madrassen og strekte armen over til Rihttas side av senga. Der var det kaldt. Han sakna den mjuke, varme kroppen, kjende lemen reise seg svakt 7
ved tanken på rumpa hennar og seg sjølv idet han kom inn i ho. Han la handa om rota og gjorde eit halvhjarta forsøk på å dra i huda. Men også denne drifta blei overmanna av søvnen. Han visste ikkje kva klokka var då ho vekte han. Det var som om han nettopp hadde sovna. Kroppen var treig til å lystre, og tunga var klistra til ganen. Ho fjerna varsamt handa hans og la si eiga omkring kjønnet. Sjølv om dei ofte krangla seg gjennom dagane, var dei alltid einige i senga. Knut hadde tungt for å vakne, draumane gjekk hand i hand med restane av alkoholen og viste han bilde av havfruer som song, jomfruer som baud seg fram og hår som bølgja i vinden. Han sukka namnet hennar, ho la handa over munnen på han, sette seg over skrevs på han og reid klumsete. Kanskje hadde ho også tatt seg ein liten ein i smug. Likevel kom utløysinga raskt. Han heldt aldri lenge når han var full. Men det visste ho jo, han orka ikkje å unnskylde seg. Rulla i staden rundt på magen og la ei hand på rumpa hennar. Som han brukte å gjere. Han elska den ræva. Få sekund etter sov han tungt og merka ikkje at handa hans blei fjerna og dumpa ned på lakenet. Magesmertene vekte han før han var utkvilt. Rihtta låg ved sida av og snorka lågt. «God morgon, vakre havfrua mi», kviskra han til ho. «Takk for i går, det var like godt som alltid.» «Flytt deg», kveste ho søvnig. «Du stinkar sprit. Dessutan var det ikkje det minste godt i går. Bror min meiner du er Satan sjølv. Eg gav han rett.» Ho snudde seg på sida. Snart høyrde han at ho pusta i lange støytar igjen. 8
Knut greidde ikkje la vere å smile. Stakkars Isak. Livet måtte vere langt når ein såg seg sjølv som moralens nidkjære vaktar. Han stod opp av senga, kjende tømmermennene dunke i ledda. I hovudet. Det saud i magen. Han vakla ut på kjøkkenet, fiska opp ein kopp som såg mindre skitten ut, frå kjøkkenvasken. Prøvde å skylje han litt under springen, men han hadde stått så lenge at stripa i botnen ikkje sleppte taket så lett. Han fylte likevel vatn i koppen, blanda i magepulveret sitt og drakk det i éin lang slurk. Høyrde Áhkku røre seg på rommet sitt oppe på kvisten og skunda seg inn på soverommet igjen. Orka ikkje møte svigermor si akkurat no. Rihtta sov med open munn. Ho var svart under auga. Så hadde ho altså brukt maskara i går. Det hadde ho ikkje brukt sidan bryllaupet deira året før. Ho syntest det var irriterande å ha noko i fjeset. Det kjendest ikkje naturleg, sa ho. Knut brydde seg ikkje, det var ikkje augevippene hennar han hadde forelska seg i. Det hadde han sagt i bryllaupstalen også. Etterpå hadde han skåla for ho. Det hadde sjølvsagt gjort Isak rasande. Han hadde til og med vore bortpå dei to av Knut sine vennar som hadde tatt seg bryderiet med å reise så langt nord for å vere med på bryllaupet, og preika for dei. Fordi dei hadde fått ein øl til maten. Han hadde ikkje høyrt frå dei sidan bryllaupsfesten. Han la seg ved sida av Rihtta i senga. Kraup inntil ho. La hendene om dei bogeforma brysta og lukta på det lange, glatte håret. Det lukta nøtter og jord og framkalla brå lyst. Han strauk ho mellom beina og merka at ho langsamt gav etter og blei mjuk mellom hendene hans. Ti minutt seinare rulla han seg over på rygg igjen. 9
Rihtta smaug seg inntil han og fall i søvn med hovudet på brystet hans. Han kjende litt sikl frå munnen hennar på brystkassa. Tenk om livet alltid kunne vere som dette, tenkte han og lukka auga. Ni månadar seinare blei han far.
Kapittel 2
2007 Kirsten sparkar til fuglen på stien. Han har vore død lenge. Larvane veltar ut av sida på han. Vrir og buktar seg mellom kvarandre. Prøver ikkje eingong å stikke av. Men kor skulle dei ha dratt? Det er jo her åtselet er. Kirsten set seg på huk og tar eit bilde av fuglen. Til Niels. Viss ho liker det, gjer han det også. «Kom og sjå», roper ho til Rod. Han snur seg sporenstreks. Kjem springande mot ho på dei små beina sine. Dei bøyer seg over fuglen, begge to, betraktar livet som ein gong var. Og dei som har overtatt det. Rod spring tilbake til dissene. Kirsten reiser seg, kikkar etter sonen. Kjenner hausten i lufta. Snart vil lyset falme igjen. «Hausten er den beste tida», brukte mor hennar å seie. Det vil seie den andre mora, den verkelege. «I mørket kan ein vere seg sjølv.» Og så hadde ho plukka oransjeraude blad frå buskene framfor huset, festa dei til veggen over senga med knappenåler og sagt at det berre var idiotar som smekka måleri opp på veggen, når ein hadde noko så flott som naturen å henge opp. 11
Men det var før. Der oppe. Under nordlyset. Kanskje hadde det aldri hendt. I Danmark er hausten annleis. Men ein kan stadig lukte han. Kirsten set seg med auga lukka på dissa ved sida av Rod. Lyttar til trafikken, bilane. Trekker lufta inn gjennom nasebora. Telefonen bryt stilla. Det er telefonen til Niels, frå restauranten. Ho har lånt han, berre i dag. I tilfelle mora treng å kontakte ho. Kirsten gav ho nummeret då dei hadde samtalen. Kirsten har ikkje eigen mobil. Er ikkje interessert i å alltid vere tilgjengeleg. Med unntak av dei siste dagane, etter at ho snakka med mor si. Før ho gjekk ut, vidarekopla ho til og med heimenummeret, slik Niels har vist ho. Berre for å vere på den sikre sida. Kirsten kikkar ned på displayet. Sukkar og svarer. «Morn, det er oss», seier Grethe. «Er du heime? Vi er der om ein halvtime.» «Snart», seier Kirsten. «Vi har ei lita overrasking til deg, Knut og eg.» Kirsten ser etter Rod. Blikket følgjer han på ei usikker ferd over balansebommen. «Er du der?» «Det høyrest spennande ut.» «Er det noko i vegen?» «Vi sest snart.» Kirsten legg mobilen i lomma og roper til seg Rod, som nettopp har falle av bommen og gir han eit spark, før han snur seg og piler mot ho. Kirsten har eit greitt forhold til far sin, Knut. Likevel hender det ho ønsker at han held opp med å puste. Så ho får begynt.
12
Dei ringer på allereie før ho og Rod har fått av seg yttertøyet. Ho trykker inn knappen og høyrer døra gå opp nede i oppgangen. Grethe held ei lita kasse i dei utstrekte armane då ho kjem opp trappa. «Her», roper ho i det same ho får sjå Kirsten. Kirsten smiler tilbake. Ho tar imot kassa. «Det er tolv likeins koppar. Motivet er berre heilt nydeleg», seier Grethe før Kirsten rekk å opne. «Eg kom over dei i Poetsch. Sist vi var her, sa du jo at du mangla likeins koppar.» «Nei, eg sa faktisk ikkje det», svarer Kirsten, tar imot den flyktige omfamninga. «Det var du som sa det.» Knut og Grethe er eigentleg ikkje særleg ofte på besøk. Alle er einige om at det er langt til København. «Det er jo som om ein ikkje får puste her, når ein er van med den friske lufta i Sønderjylland», seier Grethe og dyttar i pasjehåret så det vippar seg litt meir innover. «Vi er her jo for å besøke Kirsten. Og guten», seier Knut og bøyer seg ned til Rod, som sit og leikar med klossar på det lysegrøne babyteppet som Grethe fekk ei nabodame til å hekle til han, rett etter han var fødd. Det er ikkje heilt reint ytst i kanten. Dessutan har han eigentleg vakse frå det. «Korleis er det teppet ser ut? Sjå då, Knut!» «Han bruker det jo», seier Kirsten og snur ryggen til. Ho skyv ringen diskré inn under teikneblokka i vindaugskarmen. Det er ringen etter Áhkku. Ho har funne han fram til reisa. Ho kan ikkje dra utan han. «Det der var eit pent teppe», seier Grethe. «Det er det då framleis», seier Knut og reiser seg. Han stønnar. 13
Grethe stryk handa lett over teppet så det legg seg pent mot golvet, reiser seg og går bort til bordet. «No tar vi oss litt kaffi og formkake. Kjem han heim?» «Nei, han er i restauranten.» «Ja, det er han vel. Har du ordentleg kaffi?» «Eg har Nescafé.» «Jaha.» «La oss no berre ta den kaffien Kirsten har, så kosar vi oss litt, ikkje sant, mor? Det greier vi vel, for ein gongs skuld.» Knut blunkar til Kirsten. Ho blunkar tilbake. Grethe rynkar på nasen og set asjettar på bordet. «Sei meg, har du ingen like tallerkenar heller?» «Nei.» «Ein skulle då tru at i det minste han tener nok til at de kan få dykk eit skikkeleg servise. Alle har jo skar. Eg kan godt kjøpe nokre nye til deg neste gong eg drar over grensa?» «Nei takk.» «I gåve.» Kirsten har tre toppa skeier med kaffipulver i ein kopp og gir han til far sin. «Det blir best med tre.» «Han skal ikkje ha meir enn éi», seier Grethe og stryk Knut kjærleg på kinnet. Kirsten skuflar eit kakestykke over på asjetten og et det med fingrane. Rod kikkar spørjande på ho, så ho tar eit stykke og slenger det ned på teppet til han. «Han er vel ikkje eit dyr», seier Grethe. Kirsten bøyer seg ned, skyv ein asjett inn under kakestykket. Ho slikkar fingrane og suttar energisk under den eine fingernaglen for å få med alt. 14
Grethe smiler, ristar på hovudet og ser bort på Knut. Han ser på kaka. «No blir det godt med kaffi og kake.» Han skyv den store magen tettare inntil bordet. Rørsla får han til å fise med eit skarpt smell. Rod ser opp på han. Dei andre rører i kaffien. «Om vi køyrer no, kan eg få med meg ‘Wetten Dass’ klokka åtte», seier Grethe to timar seinare. «Då får vi komme oss av garde», svarer Knut og klapsar ho lett på baken. Kirsten står i vindauget og ser dei køyre. Grethes hand flagrar ut av ruta. Som om ho ikkje kan tenke seg noko anna enn at Kirsten står og vinkar. Kanskje burde ho likevel gitt dei ein sjanse til å førebu seg på det. Fortalt dei at no hender det. At ho skal reise opp dit. At ho skal møte mor si. Skal sjå Rihtta igjen, for første gong sidan den gong.