Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 1
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 3
Solveig Mette Tjeltveit
NOO GODE GNU Songar for menneske og dyr
Samlaget Oslo
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 4
Noo er swahili for gnu og gnu sin lyd.
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 5
til Benjamin
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 6
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 7
«I oss lever utallige, når jeg tenker eller føler vet jeg ikke hvem det er som tenker eller føler, jeg er kun det sted der det tenkes og føles.» Frå Det året Ricardo Reis døde av José Saramago
« for lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og livsande hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri; for alt er fåfengd. Alle gjeng til stad; alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi. Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?» Forkynnaren ,–
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 8
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 9
Sjü sporven fell frü ei sukkerbjørk og eg? Vil vera dum og eg? Vil vera blom vera gnu
ku
vera hest du ville at alt skulle vera som ein skog saftig gras og skugge der
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 10
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 11
Han er far mor syster bror
hóvane renn
gjennom gnu-landet frå drønn av torevêr mot lukt av våt jord sett frå himmelen Gnu
er du
eit springande punkt sett frå himmelen Gnu byrjar alle omgrep her alle ting greinar seg ut frå Gnu han er Far Mor Syster
han er Bror lovar nyspirt gras å beite
når kalven fyrste gong som eit spøkelse spring over jorda
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 12
Mor er det mogleg
slik folen kjenner Mor si på stripene
slik folen opnar auga fyrste gong Mor Mor når spør
er det mogleg kan aldri vita svar
lauvet vender seg bort for vinden kjem nedanfrå
ytst i flokken står likevel Mor namnet ditt er Fole Fole
kom no
lær å tråva forbi slik er Gud
lær å springa
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 13
ein stad for bøn
for å vera ei Jente
må du inn i deg sjølv inn i din arm
inn i di hand
inn i dine hofter for å vera ei Jente må du inn i ditt bryst
inn i din
song
inn i denne nye munnen
inn i denne nye skogen
og her
mellom stammane
ordna eit reir for bøn å vera sval
ein stad
ein stad
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 14
lat drikka
lat alle dyr få drikka her er nok vatn for alle Antiloper
for stripete Hestar for kvar Gnu i verda er her nok vatn for kvar Jente i verda kaldt mot dyretunge kaldt over hóvane over skoa for eit livsfarleg dyr
fylgjer deg kvar du går årvaken ved elvemunninga – ikkje ligga ned slik Hunden! ikkje tru faren er over
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 15
for i nattkjolen kan du vakna om
nettene
gå ned til elvebreidda
sjå den medgjerlege mana sviva i si eiga verd
der
kjem ein mule opp or grumset der kjem ein hale opp for deg å gripa der driv ein glorie
for deg å fanga
ein glorie for deg å bera ikkje gråta gode Gnu
kven er det no som treng trøyst for i nattkjolen kan du vakna
om nettene draumane
gå inn i ein ny skog med høyra Gnu snakka som
Gnu snakkar seier det vonde finst
ikkje ikkje finst det vonde seier verda finst ikkje berre skog
Noo gode Gnu ferdig_A 15.06.15 08:55 Side 16
berre vatn
berre eple
berre sukkerroer finst verda finst ikkje berre gras berre kvervelvind og sky seia og toreskrall finst og lyn og Gnu finst kropp finst og store sår
og ikkje eingong
Død finst og òg og òg seia og berre skugge under trea elv å drikka av Krokodille og òg og svolt finst òg
og trygt i land koma
og grøne grassletter der stjerner
svarte himlar
heilt avgjerande
bur