Tidlegare utgitt: Heliumhjarte. Historier. 2009
Bjarte Daviknes Klakegg
Ninkolai Roman
Samlaget Oslo 2019
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim 2019 Skrift: 10,7/13,6 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0002-7
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Del 1
12 – 13 – 14 – 15 – 16 – 17 – 18
I. Inger sit i baksetet og ser lyset skifte i kupeen. Skuggar dansar over seta, over dashbordet i bilen deira. Vegen har fått gul stripe. Det grøne dreg seg ut til ein stadig smalare strek. Dette er ikkje heime. Nina sit framme med Johannes og ser ut bilvindauget, dagdrøymer vel igjen. Slik ei fin jente, berre 16 år. Det kortklipte håret let Inger sjå konturane av Johannes i ansiktet hennar. Så like dei er. Johannes køyrer med mjuke bevegelsar, den grøne Volvoen duvar lett over svake restar etter telehiv. Inger har god plass i baksetet. Nina sine ting fyller ikkje eingong bagasjerommet. Dei har tatt ferja over den siste fjorden. Bilen er varm. Lukta av fjøs kjem til å følge dei heilt fram, heilt inn. Kanskje vil Nina lufte den ut, raskt og effektivt etter at dei har reist. Kanskje lukkar ho alle dører og vindauge, prøver å halde på den så lenge ho kan. Inger veit ikkje. Men ho veit at det vil bli både tomt og rart. Dei har vore så nære, Johannes og Nina. Etter at Anja, mor hennar, reiste ifrå dei, gjorde det så godt. No blir det berre dei to att. Inger og Johannes. Dei har ingen nære vener. Det var ikkje plass til slikt med Anja, og etter kvart Nina. Er naboane gode, kan dei lite på dei? Vil dei hjelpe til med garden no når dette med Johannes er i ferd med å skje?
9
J. Innimellom, i lyset som skiftar i kupeen, må Johannes sleppe blikket frå vegen og kike bort på Nikolai der han sit og ser ut bilvindauget. Han dagdrøymer vel igjen. Nikolai likar å vere still. No tar han med seg stilla til byen, let dei sitte igjen med ei anna stille, ei større stille. Det skal ikkje vere slik, at når ein tar noko vekk, blir det større, det som er att. Men slik er det vel med sakn. Johannes har prøvd å ikkje gruble for mykje, berre la hendene og munnen pulsere med hjartet. Slik har det vore. La øyra vere opne, la auga sjå. Han var den første som såg Nikolai. Johannes møter blikket til Inger i spegelen. Det har laga seg til, på eit vis. Då Anja, det einaste barnet deira, var tapt, kom Nikolai. Og dei fekk ein ny sjanse. Dei har gjort sitt beste, sjølv om Inger framleis held att. Ho meiner det er for tidleg, at det var feil av Nikolai å velje vekk skule til fordel for jobb. Det er som om ho ikkje ser at han må reise ifrå dei, uansett. Vil Nikolai lukke seg inne, eller opne seg opp? Med Nikolai i byen kan ikkje Johannes lenger passe på. Ein knute lengst nede i magen, bakom nyrene, får han til å skifte på seg i setet. Det er på tide med ein stopp, strekke litt på ryggen. I spegelen møter han blikket til Inger. Landskapet har opna seg opp, og alt er framandt. Inger tar feil. Det er ikkje for tidleg at Nikolai reiser ifrå dei. No mistar dei han. Det må vere slik.
10
N. Bestemor og bestefar likar det ikkje. Ikkje at eg flyttar ifrå dei, ikkje at eg flyttar hit. Men er det ein by som er min, er det nettopp denne. Eg har kjent på det lenge. Det vart for trongt. Eg hadde eit håp om at det ville gå seg til. At eg ein dag ville bli akseptert som eg er, berre eg budde der lenge nok. Men ulukka gjorde det så klårt for meg: Alt kunne ha tatt slutt, der i tunnelen. Eg kan ikkje vente lenger. Dei kjem aldri til å ville sjå meg som Nikolai. Det er vel ikkje vondt meint, men dei vil berre ikkje sjå. Og sjølv om det rakk å bli betre med Roar og dei andre, rett før ulukka, ville også det ha glidd tilbake. Alt ville ha blitt som før. Eg kjem til å sakne fjella, fjorden, trea. Men det er ikkje nok. Det vart ikkje heim. Eg har hatt det godt hos bestemor og bestefar. Eg kjem til å sakne dei, særleg bestefar, han er den einaste som ser meg. Det er vondt å reise ifrå han, særleg når det er blitt som det er, men eg må. Eg veit ikkje om det blir noko betre her i byen, men eg lengtar etter ein stad eg kan forsvinne. Dei har køyrt meg heile den lange vegen. Bestemor ville eigentleg ikkje, sa at bestefar ikkje var i god nok form. Eg eig ikkje mykje, eg hadde fått det med meg på buss, på fly. Men bestefar var urokkeleg. Eg fekk sitte framme, heile vegen. Etter ulukka taklar eg ikkje lenger å sitte bak. – Ver forsiktig med kva du ønsker deg. Ho held meg fast i armen. Bestefar er still. Han som varsamt har skubba meg framover, som har hjelpt meg heilt fram hit, no er han still. Angrar han? – Det er ikkje sikkert ho er her. 11
– Kven? – Mor di. – Det er ikkje derfor eg flyttar hit, bestemor. Det veit du. Eg må ha litt luft under vengene. Ho ser på meg. Kanskje leitar ho etter ein annan grunn. Ho vil ikkje finne noko. – Kunne ikkje du ha flytta til ein annan by? Ein nærare by? Bestefar bryt inn: – Inger … Så seier han ikkje meir, men det får henne til å teie. Han står med bilnøklane i handa. Armane slapt ned langs sida. Store, sterke bestefar. Bar inn det vesle eg hadde. Såg seg rundt. Sa «her var det fint», sjølv om han ikkje kan ha meint det. Rommet er lite og ligg på gateplan. Eg kjem til å ha gardinene trekte for heile tida. Er berre grå bygg utanfor, likevel. Han ser ut til å kjempe med vekta av bilnøklane i handa. – Eg trur det ville ha vore betre for deg å bli hos oss. – Bestemor … – Eg veit. Unnskyld, Nina. Eg klarer ikkje å la vere. Ta godt vare på deg sjølv. Ring ofte. Kom snart heim. Dei blinkar seg ut av parkeringsplassen, og det kjennest som om vi har sett kvarandre for siste gong. Så gamle dei brått såg ut. Ei skuldkjensle slår opp i meg som ein kvalme. Eg har ikkje sagt takk. For det dei har gjort, for det dei har ofra. Dei har ikkje fått takk. Men det er her eg må vere. Den eg leitar etter, er meg sjølv. Men no er vi i same by, mamma og eg. Når eg er klar, er ho kanskje å finne.
12
J. Som ein skjortekrage rundt ein kneisande nakke strammar brearmane seg rundt fjellet. Høgda er eit sug i magen, skjuler botnen på dalen som Kattaryggen har kløyvd i to. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor denne fjelltoppen har fått namnet, her den skyt opp smal og spiss. Dette er fjellet hans. Han er van med bratta, med suget i magen. Men i dag er noko annleis. Det er ikkje berre Nikolai. I dag finn suget frå høgda gjenklang i han. Breier seg i kroppen som ei sjøsjuke. For det er berre å ta eit steg. Det skal ikkje meir til, eitt steg ut i lause lufta, så er det gjort. Den lette kitlinga i hjernen er meir som ei kløe no. Tenk om er blitt til kanskje. Og han må ta eit steg tilbake, sette seg på huk og opne den vesle tursekken. Rosiner, kamera og ei flaske vatn. Og eit ark med skjelvande blå strekar av kulepenn mot kvitt papir. Så barnsleg. Som om han skulle vere tolv år. Men ting er annleis no. Det er ikkje så mykje å tenke på lenger. Så han løftar arket opp i brysthøgd, med skrifta ut. Strekker ut venstrearmen med kameraet vendt mot seg, håpar at armen er lang nok til å få med både arket, hovudet, breen og det langstrekte vatnet nedanfor. Det er kanskje å håpe på for mykje. Men han vil at Nikolai skal sjå alt. Han vil han skal lengte heim. Sola skin frå ein gneistrande blå himmel. Det er overraskande varmt, også her i høgda. Ein perfekt dag på ein perfekt topp. Og han står og held eit handskrive ark opp mot brystet. Dette var fjellet deira, til Inger ein dag meinte at dette var ein topp for dei unge. Han har klamra seg 13
fast til dette fjellet, som ein målestokk for form og hovud. No veit han ikkje kor mange fleire turar det blir. Om dette er den siste. Eit knepp frå kameraet, arket kviler så lett i handa. Han brettar det til eit papirfly, siktar mot breen og sender det i ein perfekt mislukka boge, bort frå breen, ned i dalen der sola enno ikkje har tatt tak. Dei seier at det har vore den finaste sommaren i manns minne. Sjølv med klimatrusselen hengande over seg har det vore den finaste sommaren i manns minne. Men manns minne tyder ikkje lenger noko. Så vanskeleg å stå på ein topp og ikkje tenke at dette er symbolsk, at frå no av er det berre éin veg. Det er det finaste han veit. Breen, fjellet, sola. No er det som om alt forandrar seg framfor auga, under føtene. Brearmane lukkar seg i ein knipetangsmanøver, sola brenn og fjellet svaiar, gjer han sjøsjuk i nesten femten hundre meters høgd. Han må legge seg ned på magen, gripe tak i den spede lyngen, kjenne tyngdekrafta trekke i seg. Ligge og halde seg fast, som om han rir eit veldig dyr.
14
I. Ho tar seg ein kvil på armlenet attmed kjøkendøra. Det fuktige tørkehandkleet slengt over skuldra. Johannes sit i den brune lenestolen attmed vindauget, det er vanskeleg å sjå om han les eller søv. Ho har minne som er skarpe og tunge, umulege å rikke. Andre igjen er mjuke, lette som fjør, blæs vekk nesten med ein gong. Tenk at ho den gongen ikkje syntest noko om han. Når ho no ser bilde frå den tida, kan ho ikkje skjøne kva ho tenkte, for han var jo pen, verkeleg pen var han. Men ho såg ikkje etter nokon, ville ikkje ha nokon i synsfeltet sitt. Kva skulle ho med det? Ho visste kven han var, visste kven alle på hennar alder var, men dei var ikkje interessante. Ho hadde nok med dyra og naturen. Sprang på stølen, på fjelltoppane, bada i kulpen, strekte seg i lyngen, såg etter sauene. Speida etter hjort, ein og annan rev, bjørnen som aldri kom, jerven som berre let att spor i djupe snøen. Stadig oftare kom han inn i synsfeltet hennar, og ho syntest ikkje han var særleg å sjå til, men han var der alltid, ein eller annan stad i nærleiken. Ho vart ikkje redd, vart ikkje irritert, ho brydde seg berre ikkje. Ho vart van med det, slik ho var van med furene, med bekkane, med sauene. Og så smitta naturen på ein måte av. Han tok fargane til mosen, forma til trea, klukkinga til bekken, rørsla til skyene og varmen til sola. Og slik ho drog hendene over knausane, over mosen, over barken, drog ho snart hendene over ansiktet hans. Kjende augeloka, nasen, munnen, kjende det som noko som alltid hadde vore. Like lite som ho valde skogen, fjella, dyra, valde ho han. Som grønske frå mosen, væte frå bekken, som 15
kvae frå furestammane smitta han over og hang fast i henne. Han vart ein del av sommaren, hausten, vinteren. Han vart ein del av våren. Han vart ein del av henne. Sånn var det berre. Det skjedde slik snøen smeltar om våren, slik graset gror inn i sommaren.
16
N. Det er stilt her. Det er ikkje ei gate nokon finn grunn til å gå gjennom, køyre gjennom. Men eg vaknar kvar natt av skrika hans. Eg veit ikkje kven han er, eg ser han ikkje frå vindauget mitt. Umuleg å slå fast om han er ung eller gamal. Men han ligg der ute og skrik i gata vår. Får meg til å tenke på bilulukka. Eg lurer på om han har ein gud, om hans gud er i skrika. Eg har sett min Gud. Eg likar han ikkje. Han er tusen glaskrystallar som kvar og ein reflekterer det gule tunnellyset, hengande i lufta framfor meg, frosne som i eit måleri, før dei fell ned i fanget mitt, lydige og rolege, samla opp i dei skålforma nevane mine som ein kosteleg skatt. Han er vridd karosseri og vrengde dekk, han er lyden av metall mot metall, etterfølgd av ei stille. Han er handa som dreg i snora, det raude lyset som tenner på gangen. Han er taulengda som senka Roar i jord. Han er ulukka som fekk meg hit. Eg har brukt han opp. Eg treng ein ny gud, ein betre gud. Skyene rullar over meg i lange, kvalmande drag.
17
I. Tannkremen skummar i munnen. Dei står i stova med lysa sløkte, dei ser stjernene betre då. Handa til Johannes stryk henne over nakken, fingeren dreg seg ned langs ryggtavla hennar. Blikka dei sender til kvarandre når dei ikkje har snakka på ei stund, som ei stadfesting på at dette er også deira, denne stilla, denne letten med å ikkje måtte dele alt. Å ikkje få sove utan at dei legg seg tett inntil kvarandre. Å kjenne det allereie før auga er opne, at han har stått opp, at han ikkje lenger ligg i senga, med henne. Som om det er stega hans som varsamt løftar søvnen hennar bort herifrå. Ein veps har krølla seg saman i vindaugskarmen, med brodden ut. Ei kvite kryp over fjella innanifrå. I morgon tidleg vil skodderestar brenne i sola. Det er så mykje vakkert å sjå. – Døden er ei fosterstilling. Ho snur seg, men han er borte. Han stod her nettopp, bak henne. – Johannes? Han svarer ikkje. Har løyst seg opp i klår luft. På soverommet sklir kulda inn glaset, legg seg på det ujamne golvet, krøllar seg rundt dei berre føtene hennar. Sauene skramlar i fjøset. Det er blitt så stilt i huset etter Nina flytta. Johannes akar seg over på si side. Har lagt sin varme att i dyna hennar, slik han bruker å gjere. Men no er det som om han gøymer seg. – Veit du kva forskjellen på oss to er, Johannes? – Det er vel ganske mykje. Ho ser tunlyset blenke svakt i augevæte. – Du er skapt av ein gud i ei bok, og han tar vare på 18
deg om du berre føtar deg rett. Eg er blitt til gjennom ei svimlande rekke av tilfelle gjennom milliardar av år. Er ikkje mirakelet størst i mitt tilfelle? – Inger… – Smerte kan vere søt. Før kvalmen kjem, kan den smake søtt. Har du kjent det? Hovudet hans gnissar mot puta. – Inger. – Ja? – Slutt å plystre. Ho merkar det ikkje sjølv. Om kvelden, når dei skal sove, er det som om hjernen set inn eit ekstra gir. Og det renn over. Til han seier namnet hennar. Ho sovnar til stemma som seier namnet hennar.
19