NESTEN MENNESKE BIOGRAFIEN OM JULIUS AV ALFRED F I D J E STØ L
Samlaget Oslo
6 FO R O R D
159 9 KAPITTEL
1
9
KAPITTEL
Ungen
Arv og miljø
179 21 KAPITTEL
2
KAPITTEL
10
Apanes konge
Glade dagar
199 KAPITTEL
47 KAPITTEL
3
11
Sluttspel
Eit eige rom
215 KAPITTEL
65 KAPITTEL
4
Heim til jul
5
Monkey Business
97 KAPITTEL
6
Ein flyktning kryssar sitt spor
224 Litteraturliste
227 Fotokreditering
228 Notar
119 KAPITTEL
222 ETTERORD
81 KAPITTEL
12
Desse auga
7
241
Forbrytelse og straff
Sjimpansenamnregister
135
Personnamnregister
KAPITTEL
242
8
Fire bryllaup og ei gravferd
FO R O R D
Sjimpansen Julius er Noregs mest berømte dyr. Glansdagane hans er definitivt over, men ein heil generasjon nordmenn har vakse opp i lag med han. Julius har spelt ei kultur- og mediehistorisk rolle i det norske samfunnet på linje med ein kongehusmedlem. Han har levd eit underleg og fascinerande liv. Han blei utstøytt av mora som liten og vaks opp mellom menneske. I menneskeverda blei han ein superkjendis – som tv-stjerne, medieyndling og trekkplaster for ein kommersiell dyrepark. Han blei tilbakeført til sjimpanseflokken, men var tydeleg splitta mellom to identitetar. Lenge var han heimlaus alle stader, han rømte fleire gonger frå sjimpanseøya, han blei farleg og mannevond, klarte ikkje å innordne seg livet mellom sjimpansane og blei isolert i eit sprinkelbur. Livet hans såg ut til å bli ein klassisk tragedie. Inntil det i 2005 lukkast å reintegrere han i flokken der han lever den dag i dag som fullintegrert dyreparksjimpanse, flokkleiar og far. Personleg har eg aldri hatt noko nærare forhold til Julius enn det dei fleste nordmenn i min generasjon har hatt. Likevel er han det dyret i heile verda som står meg nærast. Julius og eg deler 98,6 prosent av genmaterialet. I eit evolusjonært perspektiv er det kort tid sidan artane våre skilde lag, det er mindre enn seks millionar år sidan den konkrete felles «tipp-oldemora» vår var i live. Hemoglobinmolekylet mitt, proteinet som fraktar oksygen og gir blodet den raude fargen, er i alle dei 287 einingane heilt identisk med Julius sitt. Dei konkrete livsløpa våre liknar, som barn vaks vi opp i ganske like tilhøve, begge er vi fødde i det vesle sosialdemokratiske
6
FO R O R D
Noreg på 1970-talet, begge er vi vaksne opp som medlemmer i menneskefamiliar med to eldre søsken og foreldre. Vi kan ete om lag den same maten, vi er i dag nesten like store, og vi er begge blitt vaksne trebarnsfedrar i det same landet. Denne likskapen – og den avgrunnen som artsskilnaden trass alt utgjer – gjorde meg nyfiken på Julius som biografiobjekt. Ikkje berre på det konkrete livsløpet hans, men på kva som gjekk an å finne ut om livsverda hans. Eg ville bruke internasjonal forsking på både ville sjimpansar og sjimpansar i fangenskap til å finne ut mest mogleg om kva som eigentleg føregår bak dei mørke, løyndomsfulle auga hans. Tidlegare har eg skrive biografiar om menneske, om kunstnarar og kulturinstitusjonar. Den metodiske ideen denne gongen var å skrive ein sjimpansebiografi etter akkurat dei same prinsippa som ein moderne menneskebiografi, med dei same krava til dokumentasjon og belegg. Som biografiobjekt er det prinsipielt sett ikkje noko som skil Julius frå ein historisk person. Heller ikkje det biograferte mennesket kan sjølv kome til orde, men er prisgitt det som finst av etterlatne skriftlege og munnlege kjelder, og korleis dette blir brukt og misbrukt av den respektive biografen. Julius er dertil eit veleigna dyrebiografiobjekt. Det finst eit overveldande og variert tilfang av skriftlege, visuelle og munnlege kjelder til livet hans. Det er mogleg å skrive fram livet hans med dette eine vesle avviket frå den moderne standardbiografien, at det her handlar om eit biografiobjekt som ikkje er eller har vore eit menneske. Berre nesten.
7
Kapittel
1
A RV OG MILJØ «Hva som siden får komme – får vi ta etter hvert. Vi kan ikke stå å se at ungen dør foran øynene på oss.» 1 BILLY GLAD
julius i menneskehender.
A RV O G M I L J Ø
Hjartet er ein mystisk muskel. Ein gong startar det å slå, ein gong sluttar det å slå. Men kvifor det plutseleg startar å slå, mens organismen framleis er eit foster i moras livmor, kvifor den første elektriske impulsen i hjartekammeret gir hjartet beskjed om å trekke seg saman og for første gong pumpe blod ut i dei enno tronge og ørsmå arteriane i fosteret, er det ingen som veit eksakt. For eit sjimpansefoster, som normalt er åtte månader i moras mage, kjem det første hjarteslaget om lag etter seks veker. Det vil seie at hjartet til den sjimpansen denne boka skal handle om, må ha slått sitt aller første slag ein eller annan gong i mai 1979, kanskje den 17. mai 1979 for alt vi veit, kanskje mens kong Olav stod på slottsbalkongen i Oslo i vårmildt duskregn og vinka til barnetoget.2 Og den dag i dag, nesten 40 år seinare, slår den same hjartemuskelen hardt og rytmisk dag og natt i det som no er blitt ein fullvaksen sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Då dette hjartet slo sitt første slag, var det ingen menneske som visste noko om det. Observante dyrepassarar hadde kanskje kunna registrere at hosjimpansen Sanne ikkje hadde fått eggløysing denne månaden. Eggløysinga hos hosjimpansar er lett å sjå med rosa og hovne genitalia. Men først då eggløysinga uteblei fast månad etter månad utover sommaren 1979, blei det tydeleg for dei tilsette i Dyreparken at ho var gravid. Då fødselen nærma seg, blei det ikkje lagt opp til at ho skulle få noka slags medisinsk hjelp frå veterinær eller dyrepassarar. Ein sjimpansefødsel er enklare enn ein menneskefødsel; barseldød er uhyre sjeldan. I naturen klatrar sjimpansane normalt opp i eit tre idet dei kjenner at fødselen nærmar seg, og den fødande sjimpansemora ordnar alt åleine. Og ein eller annan gong i løpet av natta mellom første og andre juledag 1979 fødde Sanne ein liten sjimpanse på om lag 1500 gram. Utan at noko menneske såg det, må ho ha pressa ut det vesle fosteret, vaska det reint med halm som ho fann der ho fødde, og lagt seg til ro med ungen og morkaka som ungen var festa til med navlestrengen. Om morgonen kom dyrepassar Åse Gunn Mosvold på vakt. Det var ein roleg dag i parken, ingen gjester og få tilsette på jobb. Ho gjekk som vanleg først inn på kjøkkenet og
11
A RV O G M I L J Ø
Julius i Tropariet med mora Sanne.
sette på vatn til grauten, før ho sjekka korleis det gjekk med sjimpansane. Sjimpansane var inne i det såkalla Tropariet om vinteren. Dei hadde her eit fellesområde der publikum kunne sjå dei, med veggar av mosegrøne lecablokker og ein bratt steinformasjon, omgitt av vatn og med høgreiste tømmerstokkar og grøne klatretau på kryss og tvers. I tillegg hadde dei ei backstage soveavdeling inn mot kjøkkenet til dyrepassarane. Enno låg sjimpansane på bakken i denne soveavdelinga, flokken var stille og fredeleg, alt verka så idyllisk denne morgonen. Men plutseleg såg Mosvold at Sanne låg og heldt rundt ein liten sjimpansebaby. Sanne heldt babyen tett inntil kroppen, navlestrengen hadde losna og låg i halmen. Heile flokken såg ut til å akseptere nykomaren. Dei tok knapt notis av han og slumra nøgde saman. «Sanne nedkommet i natt! Alt synes å være i utmerket stand nå kl 1230. Sanne ligger på fjellet, har ungen på magen, høyt på magen, hvilket er et godt tegn,» noterte Mosvold i den daglege observasjonsrapporten for den 26. desember 1979.3 Den vesle ungen hadde funne fram til brystet til mora og låg og dia for første gong. Førebels trong ikkje sjimpanseungen anna enn å klamre seg til mora. Sjimpanseungane er i fleire år heilt avhengige av mødrene sine. Refleksane som vi menneske deler med dei, der ein nyfødd unge straks vil krumme fingrane eller tærne om du held ein finger mot hand- eller fotflata, er ei evolusjonær tilpassing til denne situasjonen. Vi er skapte for å klamre oss fast til mødrene våre.
12
A RV O G M I L J Ø
Fersk flokk Åse Gunn Mosvold fekk æra av å finne på eit namn. Sidan ungen blei fødd i jula og ho gjetta at det var ei jente, blei namnet Juliane. Då det seinare blei oppdaga at sjimpansen var ein hann, blei det endra til Julius.4 Det var ein liten og enno ganske ny sjimpanseflokk Julius blei fødd inn i. Det var ikkje mange år Dyreparken i Kristiansand hadde drive med sjimpansehald. Parken hadde opna i 1965, som eit litt hasardiøst prosjekt i eit ingenmannsland langs E18, nesten ei mil frå næraste bustadhus. Geiter, svaner, ponniar, bavianar og brunbjørnar var dei største attraksjonane dei første sesongane, men den eksentriske og dyreglade gartnaren Edvard Moseid som frå 1967 var blitt direktør for parken, hadde større ambisjonar. Moseid såg ut som ein hippie, med langt hår og bart og stadig ein sneip i kjeften, men han hadde eit dyretekke av ei anna verd og dessutan ein heilt unik kommersiell teft, skulle det vise seg. I 1969 importerte han 20 kamelar frå Moskva Zoo, planen var å starte kamelavl og kameleksport til USA. På grunn av den kalde krigen ville ikkje amerikanarane importere direkte frå Sovjetunionen, import av andregenerasjons kamelar via Kristiansand var derimot greitt, og i nesten eit tiår var kameleksport ei stor inntektskjelde for parken. Parken blei utvida og oppgradert år for år, nye artar kom til, og i 1976 kunne Moseid endeleg importere dei første eksemplara av det dyret alle dyreparkar med sjølvrespekt og ambisjonar er nøydde å ha: sjimpansar. Den 13. januar 1976 hadde Det kongelege norske landbruksdepartementet fatta vedtaket som gav Dyreparken i Kristiansand løyve til å føre inn i landet fire sjimpansar frå Jylland Minizoo i Herning i Danmark.5 Og alt åtte dagar seinare, den 21. januar 1976, hadde direktør Moseid personleg tatt danskebåten frå Hirtshals til Kristiansand med dei fire sjimpansane i bilen, mellom dei Sanne, som no var blitt mor til Julius. Moseid hadde plassert dei i kvar si hundekasse som han hadde bore opp i lugaren. Det hadde vore ein nattseglas med sterk vind og høge bølger, alle sjimpansane hadde blitt sjøsjuke og spydd seg over havet, og vel framme i Dyreparken var dei blitt sette i karantene i den gamle kamelstallen, slik Landbruksdepartementet hadde kravd. Ein av dei viste seg å vere sjuk og ikkje eigna til
13
A RV O G M I L J Ø
framvising og blei returnert. Ein annan måtte avlivast året etter på grunn av mistanke om tuberkulose. Dermed var det berre Sanne og ein liten hannsjimpanse som heitte Polle, som var att. I mars 1977 søkte Dyreparken derfor Landbruksdepartementet om løyve til å innføre to vaksne sjimpansar frå Borås Djurpark i Sverige, ein hann og ei ho, Dennis og Lotta. Dei var ti og ni år gamle då dei kom med bil til Kristiansand via Svinesund, og i Dennis fekk flokken ein potensiell alfasjimpanse. Seinare same år kom to yngre hosjimpansar frå Zooparken Faavang i Danmark, Skinny og Bølla. Dei var under to år gamle, trudde forhandlaren i Danmark, men han var ikkje sikker; dei var med andre ord fanga i det fri.6 Innan Julius blei fødd, var både Skinny og Polle døde, mens Lotta berre nokre få månader tidlegare hadde fått ein liten hannsjimpanse som hadde fått namnet Billy. Flokkleiar Dennis var på kort tid blitt stolt tobarnsfar. Den første tida såg alt lovande ut mellom Julius og Sanne. Sanne var ei omsorgsfull mor. Ho og Dennis kunne sitje lenge og sjå på ungen, halde omkring han og vise han fram til kvarandre.7 Det var midtvinters og innetid og lite å gjere. Dei låg mykje saman og stelte pelsen til kvarandre, denne aktiviteten som er så viktig for sjimpansane, og som normalt blir kalla «lysking» på norsk, fordi dei òg plukkar og drep lus mens dei ligg slik. Ein flokk i fangenskap har ekstra god tid til denne typen åtferd. I naturen bruker sjimpansane om lag halvparten av den vakne tida si på å ete eller flytte seg omkring på leiting etter mat.8 Dei vandrar omkring i grupper på jakt etter mat, overnattar stadig på nye plassar, normalt på den plassen der dagens siste måltid fann stad, og dei bygger seg då små reir høgt oppe i trea for å sove der natta gjennom. I fangenskap skal dei ingen plass. All maten blir servert. Julius skulle førebels heller ikkje ete anna enn morsmjølk. nrks populære familieprogram Norge Rundt hadde innslag om desse to første sjimpansane som var blitt fødde i Noreg, og Dyreparkens lege Billy Glad, som sjimpansen Billy var kalla opp etter, fortalde at Sanne så langt var ei god mor. Sanne hadde studert Lottas babystell mens ho venta på å føde, og verka godt budd, fortalde Billy Glad det norske folket.9
14
A RV O G M I L J Ø
Men etter nokre veker, mot slutten av januar 1980, såg ein dei første teikna til at Sannes åtferd mot vesle Julius ikkje var heilt optimal likevel. Ho endra plutseleg haldning. No la ho stadig Julius frå seg mens ho gjorde andre ting. Han blei liggande åleine så merkeleg lenge. Han kunne ligge og klynke utan at ho tilsynelatande brydde seg. I jungelen ville ein einsam sjimpansebaby straks ha blitt mat for rovdyr eller andre sjimpansar om han blei liggande slik. Far og flokkleiar Dennis var tydeleg irritert, han gjekk stundom og dytta på den klynkande ungen, kanskje som ein beskjed til Sanne om at ho burde ta seg av han. Stundom kunne den yngre hosjimpansen Bølla steppe inn som ei slags reservemor, men Bølla hadde ikkje morsmjølk å tilby, og dyrepassarane måtte ein gong gripe inn og bedøve henne slik at dei kunne ta frå henne Julius og gi han tilbake til Sanne – som endå ein gong viste si ansvarsløyse. Det var ei rar åtferdsendring hos Sanne, det likna ein fødselsdepresjon. Dyrepassarane noterte seg at ho kunne legge Julius frå seg så lenge som 45 minutt av gongen.10
Ung mor Sanne var ei ung sjimpansemor, ho var berre åtte år gamal. Det er ikkje uvanleg at førstegongsfødande sjimpansemødrer kan vere litt likesæle til ungane sine. Mens kattar og fuglar automatisk og instinktivt veit korleis dei skal ta ansvar for ein unge, må sjimpansane – og menneska – lære det av andre. Hos unge hosjimpansar er det rett og slett normalt at dei første svangerskapa går gale, anten ved abortar og dødfødslar eller ved at dei ikkje klarer å ta seg av ungen.11 Evolusjonært er det forståeleg om ein art har utvikla mekanismar der ei mor ikkje kastar vekk tid og ressursar på å prøve å oppdra eit barn før ho er sosialt moden nok til at ho er i stand til å fullføre prosjektet. I normale sjimpanseflokkar er det oftast slik at dei yngre hoene lærer morskap av dei eldre og erfarne. Ofte er det slik at ei sjimpansemor kan late ein ung, barnlaus hosjimpanse få prøve seg fram som omsorgsperson for ein sjimpansebaby. Mora held seg då i nærleiken og passar på at ungsjimpansen ikkje tar for store sjansar, at ho ber ungen skånsamt, at ho ikkje
15
A RV O G M I L J Ø
klatrar for høgt med han, og at ho ikkje legg han frå seg. Først etter ein slik opplæringsperiode kan yngre hosjimpansar få tilliten som barnevakter. Det kan vere Lotta hadde lært desse tinga frå andre mødrer i den svenske dyreparken og derfor fint klarte å ta seg av Billy, mens Sanne aldri hadde sett noko slikt i Danmark. No hadde Sanne rett nok observert Lotta i nokre få månader, men hadde tydelegvis ikkje lært nok i denne tida til at ho klarte å ta seg av Julius. Sanne var dessutan ein uføreseieleg sjimpanse. Dyrepassarane hadde vore spente på korleis ho ville takle morsrolla. Dei hadde denne tida nokre ganske risikable rutinar der dei jamleg gjekk inn til sjimpansane og hadde fysisk nærkontakt med dei. Som regel gjekk det bra, dei lærte seg å lese kvar einskild sjimpanse og følte dei visste kor tid det var trygt, og kor tid det var farleg å vere i lag med dei. Dennis var ein klok og omsorgsfull sjimpanse som var lett å forstå. Sanne, derimot, var utilrekneleg, lynnet hennar kunne plutseleg snu, ho var temperamentsfull og hissig.12 No som Sanne hadde ein unge, var det ikkje mogleg å gå inn til henne. Det var vanskeleg å gjere noko for å justere åtferda hennar, dei blei ståande hjelpelause og observere Julius. Dei prøvde å isolere Sanne og Julius frå flokken for å styrke den emosjonelle tilknytinga hennar, men då òg kunne ho berre legge han frå seg og ignorere han. Han blei dehydrert og nedkjølt av å ligge på sementgolvet så lenge av gongen, han kunne fort ha blitt alvorleg sjuk. Den 12. februar 1980 blei situasjonen dramatisk. Ein eller annan gong utpå ettermiddagen, utan at nokon av dei tilsette fekk det med seg, beit ein av sjimpansane Julius så hardt i fingeren at fingertuppen losna. Ein kan ikkje vite kven av dei som gjorde det, nokre av dei tilsette trur det må ha vore Sanne, andre meiner det openbert var Dennis. Det kan òg ha vore Lotta eller Bølla, berre Billy var for liten og utanfor mistanke. Ein teori er at Dennis har gjort det for å framprovosere ein omsorgsreaksjon frå mora eller ein av dei andre hosjimpansane. I 19-tida blei det oppdaga. Julius låg og hylte av smerte i ein blodpøl. Ein dyrepassar ringde straks legen Billy Glad og direktør Edvard Moseid, dei kom så raskt dei kunne og var på
16
▸ Dyreparkdirektør Edvard Moseid – med kenguru under skjorta.
17
Skremd og forvirra Julius.
plass om lag klokka 19.30. Julius låg på ryggen og skreik. Edvard Moseid gav teikn til at han ville gå inn og hjelpe Julius, men Sanne markerte tydeleg at han ikkje fekk lov. I staden plukka ho sjølv opp Julius. Men framleis heldt ho han så uengasjert og hardhendt på ein armlengdes avstand frå eigen kropp. Etter ei kort stund la ho han igjen frå seg på magen i høyet. Julius såg utmatta ut, han blei stille, han såg nesten død ut. Sanne var meir opptatt av merksemda frå dei tre menneska enn av lagnaden til ungen. Julius ville døy om ikkje Edvard Moseid og
18
A RV O G M I L J Ø
Billy Glad greip inn. Dei følte det som dei ikkje hadde noko val, dei måtte prøve å redde han ut. «Hva som siden får komme – får vi ta etter hvert. Vi kan ikke stå å se at ungen dør foran øynene på oss,» noterte Billy Glad i journalen.13 Sanne ville ikkje sleppe dei inn, ho blei rasande sint då dei nærma seg. På dette eine punktet fungerte morsinstinkta framleis. Sjølv om ho ignorerte Julius, beskytta ho han mot inntrengarar. Edvard Moseid prøvde å trekke Julius ut med ei plastrive, men Sanne reagerte brutalt og stansa han. Dei klarte heller ikkje å lokke Sanne over i eit avstengt bur slik at dei kunne hente ut Julius. Dei prøvde å freiste henne med druer og bananar, jamvel brus, men Sanne ville ikkje rikke seg. Det hasta å få fatt i den skadde sjimpanseungen, dei var kanskje for seint ute. Løysinga blei å hente brannslangen. Billy Glad spylte den harde strålen rett mot Sanne og pressa henne inn mot bakveggen, mens Edvard Moseid opna matluka, bøygde seg inn med riva og drog Julius fram mot sprinkelgjerdet der det var mogleg å lirke den vesle sjimpansebylten under.14 Klokka var blitt 20.15 då Billy Glad for første gong stod med Julius i armane. Julius lukta og var skitten, tuppen på venstre peikefinger var laus, beinpipa stakk ut. Billy Glad tulla han inn i ein blå ullgenser og ei militærjakke, mens Edvard Moseid sprang ned på kontoret og ringde Billy Glads kone Reidun og gav beskjed om at dei snart ville kome heim til henne i Bliksheia i Kristiansand med ein liten sjimpanseunge. «Det er heilt greitt,» svarte ho.15 Julius fekk nokre skeier sukkervatn, før han blei boren ned på parkeringsplassen og lagd i framsetet på Billy Glads bil og køyrd heim til familien Glad. Her skulle han få bli nokre dagar, til han vonleg kvikna til og blei betre i fingeren. Kva som skulle skje etter det, visste dei ikkje. Dei hadde ingen plan. Heretter var alt improvisasjon.
19