Skip to main content

Når landet mørknar

Page 1

Tore Kvæven

NÅR LANDET MØRKNAR Roman

Samlaget Oslo 2018


Del 1 DEN UNGE MANNEN OG KVALROSSEN

Vesterbygda. Grønland. År 1293


S

om ei flyktande ånd skjer kvalrossen gjennom fjordens understraumar. Ein skugge jagande over fjordbotnens stupmørke berg. Men det han leitar etter her nede, det som så ofte før har omslutta han, det er alt borte. Stadig sterkare brenn lungene hans etter luft, og enno har dei ikkje sleppt taket, dei lange trepålane som har bite seg fast i kroppen hans. Han hadde trudd dei måtte gje etter når han kom djupt nok, men alltid er det som om dei bit seg trassigare i kjøt og spekk, som har dei alt felt sin dom over han. Vidt oppsperra søker dei bleikblå auga hans etter det stille vatnets vern, men alltid driv frykta han vidare.

––– Dei er fem jegerar som ror i den same takta. For kvart åretak, og for kvar gong dei bøyer seg mot mannen på neste tofte, kjenner teinæringen kreftene deira renna gjennom seg. Og kvast kløyver han dønningane. Vatnet freser han om baugen. Ein gong var han Vesterbygdas vakraste båt. Det er ein ung gut som ror på den tredje tofta. Ein lyshåra yngling med lange armar og med hender som enno manglar tyngda og breidda til dei vaksne sine nevar. Men han kan ro. Han ror så tollepinnane knakar. Lange, smidige tak. Og der åreblada hans vrir seg fri og slepper vatnet, der dansar kvervlane hans like ilskt i fjordens grøne hinne som kvervlane bak dei vaksne sine drag. Han kjenner armane gløda, som er dei allereie sterke som svarðreip, som reipa laga av kvalrossen sine skinn. Han er 15 år, og han ror i si fyrste kvalrossjakt. 7


Andletet hans er lytefritt og mildt, mest som hos ei ung jente. Mest som om landet som har fostra han, enno ikkje skulle ha herda han. Som skulle det ha kome til at det ville venta. Ein ung jeger frå ein av Vesterbygdas fjelldalar. I ny og ne kastar han eit blikk over den eine eller andre skuldra, men enno er ikkje kvalrossen å sjå. Der er eit framtidas smil i auga til guten. Han trur alt ligg framfor han, og at enno har han berre opplevd byrjinga. Han trur at kvalrossjaktene ein dag også skal føra han i fordoms kjølvatn til Norðsetrs strender. Men båten han ror, er som eit gråkvitt skrømt og som ei beingrind. Hudborda som ein gong var så oljeblanke at lyset spegla seg i dei, er utmagra og grå. Herja av tidene som har kome. Av styrken som ein gong fanst i skroget, er no ikkje anna enn trassen og minna att. Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.

––– Frå mørket stig han mot lyset. Eit kort augeblikk heng halve kroppen hans naken i lufta. Ein veldig kropp, eit berg av kjøt og spekk. Skinnet over nakken og ryggen er raudt og stygt skjemt av arr og hudvekstar. Han roterer der i lufta, og dei lange tennene og dei strie vêrhåra peikar eit augeblikk mot himmelen, og kjeften hans syg i seg ny luft. Så fell han. Sidelengs hamrar han igjen gjennom overflata medan skummet slår til vêrs. Men dei skjeglande auga hans har sett det han frykta. Dei venta han her oppe. Ingen veg går utanom. Og då er det som om alt endrar seg. For sjølv lufta han pustar i, og vatnet han sym i, er fylt av stanken frå desse rovdyra, og han kan ikkje lenger koma unna.

8


Pina som har hamra i han, og redsla som sü miskunnlaust har jaga han og gjort han til ein flyktning og ein stakkar i den verda han alltid har kjent, dei er borte. Attende finst berre raseriet. Slik møtest blikka deira for fyrste gong, guten og kvalrossen, medan dyret tverrvender mot büten, og medan mennene ved ripa vik unna, for dei ser han er ikkje til ü stoppa. Men guten, han ser det ikkje.


M

orgonen før hadde ein mann kome ridande opp til garden til Himin-Gorm på Åsastad. Ein ung mann hadde han vore, andletet hans hadde vore raudt, og hesten hadde vore raud med kvitt bliss og kvite sokkar. Fire hundar hadde kome til og byrja jaga gneldrande om desse sokkane, hesten hadde stampa og sirkla på det elles tomme gardstunet, og mannen hadde ikkje visst om han skulle stiga av eller bli sitjande. Ei tung, gråsvart tredør hadde opna seg, og hovdingen av Vesterbygdas fjellgardar hadde stige ut og stått på steinhella under takskjegget og gjeve hundane ein kort plystretone. Augeblikket etter hadde dei vore borte. I bukser av grovt vadmål hadde han stått der, ein brei brande av ein mann, etterkomar i sjette ledd etter Himin-Gorm-Gamle, som ein gong hadde stått på tingsteinen under tingdagane og ropt til alle dei ætter som hadde vendt seg til den nye skikken og den nye guden, at sviket deira skulle ikkje gløymast, og at frå denne dagen skulle dei halda seg borte frå dei gardane han rådde over, elles skulle han sjå til at dei vart slått i hel. Både før og etter denne tid hadde det vore kaldt mellom fjordgardane og fjellgardane. I godt over 200 år no hadde det vore kaldt. Visst hadde dei ofte trefst. Stundom hadde der vore giftarmål mellom dei, stundom hadde dei halde saman på jaktferder eller i vesterveg eller på tokt etter skrælingane, men alltid hadde mistrua vore der, som ein odla arv frå det eine ættleddet til det neste, og aldri hadde nokon mannsalder gått utan at der hadde vore drap og ættestridar, og utan at blod hadde runne. Himin-Gorm hadde løfta eine augebrynet og sagt: – Det er så lenge sidan eg sist såg fjordmenn her oppe, at eg hadde byrja vona dei hadde døydd ut. 10


Mannen var for uroleg til sinns til å smila til undertonen i Himin-Gorm sine ord, han svara stivt: – Eg er send som bod frå lovseiemannen, frå Hafgrim i Svartfjord. Himin-Gorm nikka. Då han svara, var det som om han tala berre til seg sjølv: – Men berre sjeldan blir dei borte, Grønlands forbanningar, for eiga hjelp. Der kom to kvinner ut av ei anna dør i det breie huset. Mannen på hesten høyrde fleire røyster der innanfrå, og han likte seg dårleg. Han sa det han var send for å seia: – Her har kome kvalross i fjordane. Kvalross. Velstandens skapning. Lovnad om tenner av elfenbein, om kjøt og skipsreip, om blanke oljer brennande i haustens og vinterens oljelampar. Ingen andre dyr kunne som kvalrossen by dei rikdom. Ein gong hadde han funnest her i uhorvelege mengder, i slike flokkar at det var som om strendene og bergnabbane hadde vore levande av han, og landnåmsmennene, dei fyrste som kom hit til bygdene, og som rydda gardane sine her og slo seg til, dei hadde visst korleis han skulle jaktast, og dei hadde gjort seg rike på han. Nordens flottaste gardar hadde dei bygd seg her nord. Skip som dei beste i Austmannaland. Store hallar av grovt tømmer og av stein. Men slik kvalrossflokkane for 400 år sidan hadde trekt seg bort frå Island, slik hadde dei også forsvunne frå fjordbygdene på Grønland, og ikkje lenge etter landnåmet hadde han vore borte frå fjordane i bygdene. Himin-Gorm hadde nikka. 250 år gamle var versa i lova til Vesterbygdas allting som sa at alle gardane skulle gjevast varsku når her var kvalross i fjordane. Dei delte alle lik rett til å vera med under jakta. – Kor mange dyr har de sett? – Opp mot tretti. Det var Hûnvarg av hafgrimane som såg dei då dei kom inn fjordane. Dei ligg i Botnsvik no. Grytidleg i morgon, Odinsdagen, ror jaktlaga ut. 11


Himin-Gorm heldt han med blikket. Venta ei stund, som hadde han moro av å lata han sitja der til spott og spe. Så nikka han: – Me kjem. Kort tid etter hadde der dundra ei halv tylft hestar ut frå tunet til Himin-Gorm. Der skulle gjevast varsku til dei tolv ættene om at dei skulle stilla folk til kvalrossjakta neste dag.


A

rnar hadde ride med øksa i neven den natta. Han kunne bunde ho bak salen eller hengt ho over ryggen og vore ho fri, men ho hadde hange så godt der i neven, i flukt med travet til hesten, og der brynesteinen hadde kvesst halvbogen til økseeggen, hadde han stundom sett det glitra i jernet, som av dogg og av frost. Dei hadde ride nordetter frå Dyradal, han og Sel-Floke, gjennom stille, nakne fjell. Himmelen hadde vore svært høg, og stien ut dei breie flærne i Vassfelldragsdalen hadde vore ein velsigna sti. Ein sti skapt for to unge menn ridande gjennom seinsommarnatta medan dei drøymde om alt som var dei i vente, og alt som skulle koma. Arnar hadde vore berre fem sist dei veidde kvalross i Vesterbygdsfjordane. Han kunne minnast skrottane på strendene. Kvalrosstennene som rissa fòrer i grusen, lukter så harske at han hadde vore nær ved å brekka seg. Han mintest oljegropene og blodige flengjer spekk og drivtømmer og torv som hadde brunne. Olja som hadde kome rennande ut, hadde vore gul og klar, og han mintest atterskinet av flammane som levde i auga til dei som stod rundt, og at olja aldri hadde slutta å renna. I ny og ne gjennom natta hadde dei ride jamsides. Dei hadde utveksla tankar, skjemt og påfunn, dei hadde snakka om jakt og jenter og om ingenting. Venskapen deira var sterk. Det var som om dei fire åra som skilde dei, var utan vekt. Dagen før hadde der kome ein ryttar aust til garden til Vilhjalm Rågsson i Dyradal. Vilhjalm og Arnar hadde stått framfor det låge gardshuset, der dei fire menneska og dyra dei eigde på garden, alle budde under det same taket. Sendemannen sin

13


bodskap hadde vore at dei måtte stilla to mann til jakta, og at den eine av dei to skulle vera tenestekaren Sel-Floke. Medan ryttaren forsvann, hadde Arnar snudd seg til far sin og spurt: – Kan eg òg reisa, far? Og Vilhjalm hadde smilt til son sin, lunt som han stundom gjorde, for han var av eit svært lunt lynne, og han hadde tenkt at kan henda var ikkje guten enno røynd nok til å fara på kvalross­ jakt, men han hadde også visst at tidene var ved å endrast, og at kvalrossen, som ein gong hadde vore så talrik, no vart dei stadig fjernare, og at båtane dei eigde, vart skrøpelegare år for år, og at det ikkje lenger kunne vitast om dette ikkje ville bli den siste kvalrossjakta i Vesterbygdas fjordar, og han hadde lagt neven over nakken til guten og sagt: – Jo. Frå denne garden blir det du og Sel-Floke som fer. Og i det stille hadde han tenkt, medan Arnar sprang over tunet og forsvann inn i huset, at sjølv om sonen ofte kunne fortapa seg i dagdraumar og gløyma arbeid som skulle vore gjort, og sjølv om han til tider kunne vera både stri og uregjerleg, så var han likevel ein god son. Og han tenkte deretter at livet nok kom til å by han ei skramme eller to, at det kom til å hogga hissig etter trassen hans, og at det kan henda kom til å leggja i grus for han ein og annan draum, men at på lengre sikt, og etter som åra gjekk, kom alt til å venda seg til det gode og laga seg for han. Slik hadde han tenkt, Vilhjalm Rågsson, medan han trudde han skimta konturane av framtidas ukjende dagar, der lys og skugge hadde sirkla einannan som i likevekt, men der ingenting var det det gav seg ut for. Slik hadde han tenkt medan også han hadde gått inn for å hjelpa dei to unge å finna det som ville treng­ ast for jakta på fjorden. Dei nådde Agnafjords søndre breidd i den grytidlege morgonen. Dei reid i vinden ut ei steinete strand til ein samlingsstad der hestar, båtar og menneske allereie hadde kome. Vesterbygdas menneske. Det stridige landets menneske. Dei som hadde nekta å 14


gje etter eller å bukka under. Dei som framleis beit seg fast. Gardbrukarar og jegerar. Etterkomarar etter landnåmsfolket. Søner av dei endelause ættestridane i landet. Dei som enno var att. Arnar og Sel-Floke reid inn blant dei og helste på eitt og anna kjent fjes og svinga seg av hestane og gav dei frå seg til folk som skulle gå hestevakt. Rundt dei gjekk dei siste klargjeringane føre seg, og jaktutstyret var i ferd med å lastast i båtane. Nokre av mennene hadde alt sett seg på toftene, og dei fyrste båtane hadde lagt frå. Farkostane til Himin-Gorm låg eit halvt steinkast frå dei andre. Mennene hans syntest vera klare, og årene var ute. Her var nevar som hjelpte dei om bord. Smila og helsingane vitna om at dei var velkomne. Dei stod i den største av dei tre båtane til Odins-gardane, enno med reipa og våpena i nevane, og Himin-Gorm sjølv stod framfor dei på tiljene. Han steig fram og greip Sel-Floke i nakken, rista han venskapeleg og sa: – Sel-Floke! Du skal vita kvifor eg ville ha deg her. Sel-Floke fekk fatt i skinnkleda til Himin-Gorm og stagga ristinga, og som alltid var han kvikk i kjeften: – Fordi du treng minst ein mann som veit korleis spyda skal kastast? Fleire av karane i båten humra. Sel-Floke var ikkje anna enn ein tenestekar, og likevel fekk han seg til å stå framfor fjell­ hovdingen og vera morosam. Himin-Gorm sa: – Eg såg deg i vår, på Sandnes, då du vann tenestekarane sin kappestrid i spydkast. Eg såg kastet ditt den gongen. Difor er du her, og difor skal du stå baugmann og skutelmann i denne båten. Her låg elleve båtar på fjorden. Kvart av dei slanke skroga var som hærskip med raggete stridsmenn på toftene og med jaktas våpen: økser, hakapikar, bogar, spyd og skutlar strittande frå stamnane og liggjande over toftene. Der gjekk helsingar mellom somme av båtane. Ein og annan samtale kunne høyrast bryta morgonstilla. Men mellom dei tre 15


båtane Himin-Gorm rådde over, og båtane frå fjordgardane var det stille. For her var ikkje mange venskapar som kryssa grensene Kvitekrists menn og dei gamle gudars ætlingar hadde rissa mellom seg. Arnar merka eitt og anna nyfike blikk frå mannskapa i dei andre båtane. Her var mange som nytta høvet til å ta HiminGorm i augesyn, dette strie beistet av ein mann som der vart sagt så mangt om. Himin-Gorm sjølv stod snudd bort frå dei andre båtane, stirande inn fjordane, som var han oppteken med eigne tankar. Han stod der i ei grå open jakke av ringselskinn. Harpunen i eine neven hans, skutelen, hadde eit treskaft så langt som ein mann, med eit hovud av gråblått blankpussa jern. Dei to mothakane tre og ein halv tommar lange. Gjennom eit hol i jernet var der festa eit fletta skinnreip. Gjekk harpunen djupt nok, og var dei mange nok til å dra, kunne kvalrossen halast inn etter dette reipet. Dei to brørne til Himin-Gorm, Steinulfur og Burfell, rodde også i denne båten. Burfell var ein mager, langlemma mann som sjeldan sa stort og endå sjeldnare smilte, men han vart rekna som ein iherdig arbeidskar som helst heldt det gåande frå sola stod opp, til ho gjekk ned att. Den tredje broren, Steinulfur, var bygd som Himin-Gorm, tjukk over nakken og med vide mål om bryst og mage, han var blidare og meir snakkesalig enn brørne sine. Steinulfur kasta eit blikk på dei sist komne fartøya og rista mismodig på skallen: – Ei skam er det, å setja slikt på sjøen. Båtane var lappa med tilhogne krokete bitar drivtømmer og selskinn. Mange av bordgangane så morkne at dei såg ut for å kunna knusast av ei hardhendt bølgje. Han kjende seg ille til mote over det forfallet slike farkostar la nakent i dagen. Og samstundes visste han at heller ikkje båten han sjølv sat i, lenger var noko vakkert syn. Snart måtte vel også den lappast med selskinn og kvalbardar, om ikkje Himin-Gorm 16


snart fann det for godt å bruka eit par stokkar frå tjørna til å vøla skroget hans. For eit stort hundre år sidan hadde her vore ti–tolv mektige ætter i desse bygdene med havgåande skip så gode at dei kunne seglt til Vinland eller Island. I tillegg hadde både Kyrkja og mang ein handelsmann seglt staselege båtar her nord. Den gongen hadde dei her frå sitt polarlands utpost selt varer som hadde vore blant dei kostbaraste å finna på marknadane i verda: kvitbjørnskinn, svarðreip, levande kvitbjørnungar, kvalrosstenner, spydet til narkvalen og dei kvite jaktfalkane. Dei grønlandske gyrfalkane. Der hadde vore år så gode at ein hadde trudd rikdomane ville omfamna bygdene for all framtid. Men som sølvmyntane frå Paris etter Ragnar Lodbroks herjingar i landet til frankarane, og som gullskattane i Harald Hardrådes skip då han vende attende frå Miklagard, hadde alt sildra bort, og gradvis hadde velstanden forvitra. Gardane hadde vorte utarma, og båtane hadde gått ned eller vorte øydelagde av is og snø eller dregne på land og etterlatne til dei ikkje var anna enn beingrinder i vinden. Den siste Vinlands-ferda hadde gått for snart 40 år sidan. I dag kunne knapt nokon av Vesterbygdas ætter lenger seglt dit. For­ utan Himin-Gorm var det no berre hafgrimane i Svartfjord og eit par andre storgardar som framleis heldt seg med tolig brukelege båtar her i Vesterbygda. Det vart ikkje gjeve noko signal til at flåten skulle setja seg i rørsle. Her var ingen leiar dei alle kunne einast om. Men straks den siste båten la frå land, byrja farkostane venda seg mot fjordbotnen, og snart hogg åreblada i sjøen, og sterke ryggar spente åreskafta og drog taka ut og vippa deretter blada frå vatnet. I båtanes kjølvatn byrja vasskvervlane svirra og surkla. Og dei kunne ro, desse mennene. Sjølv dei båtane som hadde sett som elendigast ut då dei låg langs land, fann vørdnad medan dei skar linjene ut fjorden. Tre teinæringar, to åttringar, fire treroingar og eit par–tre små krumstemningar med berre to mann 17


bak årene. Alle la dei sine grønskimrande kjølvatn under nutanes skuggar. Arnar tenkte at her fanst ikkje den havgud som kunne stoppa båten deira i dag. Han visste Steinulfur og Burfell hadde veldige krefter. Han kjende draga deira gå gjennom skroget, og dei to andre, Vermund og Gunnar, dei hadde vel neppe same makta, men han såg dei kunne ro, også dei. Og sjølv skulle han visa han var verd plassen sin her på tofta. Frå denne dagen. Frå denne dagen og i alle kvalrossjakter som skulle koma. Dei seig forbi ein spissgatta færing frå Hornfjord. Det øvste ripbordet hans var grått og sprokke, og Arnar såg at eit par av mennene i båten var tarveleg kledde. Dei forsvann bakut, og nye båtar vart tekne att. Mennene på toftene lest som om dei ikkje merka Odins-båten som kom sigande. Fremst i den jagande flokken låg ein annan teinæring, ein lang og rask farkost med gamle runer rissa i framstamnen. Dei var fem mann av Hafgrims-ætta frå Svartfjord som rodde han, og lovseiemannen Hafgrim sjølv stod akter. Snart rodde dei jamsides med kvarandre, desse to. Der var knapt fem famnar mellom dei, og gjennom den smatrande hamringa frå bølgjene kunne Arnar høyra dei andre sine hivande andedrag. To båtar av same lengd og same fart og med baugbølgjene rasande jambyrdige under framstamnane. Mannskapa i begge båtane visste det straks, at her var eit ordlaust kapplaup som hadde starta, og akslene deira falda seg endå ei aning lenger fram for kvart tak dei tok. Himin-Gorm stod mørk og rank i akterstamnen. Mennene som rodde, merka den manande makta hans. Dei visste han gladeleg ville hogge av seg ein finger for å slå hafgrimane i fjordleik. Der vende seg eit fjes mot dei der borte frå hafgrimane. Andletet var svært breitt, og munnen var lukka som eit svart arr frå kjake til kjake. Arnar møtte blikket hans. Mannen var knapt eldre enn 18 eller 20 år, og likevel var han diger som eit troll. Senene stod som reip på den tjukke halsen. Då Arnar ikkje gav etter og 18


sleppte blikket hans, flirte den digre og spytta i sjøen. Det var eit flir og ein gest fylt av spott, og dei visste det begge, at fiendskapen fanst der mellom dei frå denne fyrste dagen. Slik dreiv dei einannan skånsellaust fram, desse to båtane, for det inngrodde ættehatet si skuld, og likevel greidde ingen av dei å vinna nokon siger før Botnsvik opna seg mot nordaust. Der måtte både Himin-Gorm og Hafgrim Svarte i båten til hafgrimane stoppa mannskapa sine og bia, så kvalrossane ikkje skulle uroast før tida. Sindig vart dei no liggjande og vogga i tofots bølgjer. Då resten av farkostane nådde fram, vart fire båtar bundne saman i reip frå breidd til breidd over det grunne innlaupet til Botnsvik. Under seg senka dei nett og grinder. Slik skulle kvalrossane hindrast i å unnsleppa. Så rodde resten av båtane inn i vika og runda pynten som stengde for sikta. Enno var ingen trygge på om dyra framleis fanst der, eller om dei hadde reist, og der fall ei spent stille over dei som rodde. Men då Arnar såg Himin-Gorm smila, vreid han seg halvt rundt, og bak Sel-Flokes nedhukte rygg fekk han eit glimt av stranda der inne. Då såg han kvalrossane. Dei låg tre–fire famnar over flodmålet. Mellom tjue og tretti veldige skrottar. Dei låg der urørlege, som var dei alle daude. Mennene rodde utan åreplask no og med fresinga under stamnane som eit sus. Nådde dei berre stranda før kvalrossane vart uroa, ville jakta vera sikra. Dei digre dyra tok alltid kortaste vegen til sjøen, og om dei kom humpande mellom båtane, ville mennene setja harpunane rakt i ryggen på dei frå kloss hald. Sju slanke skrog i brei front. Åtaket deira lova vel. Eitt av dyra der inne letta brått på hovudet. Dei lange hoggtennene svinga seg rundt. Fanst her ikkje eit beiskt drag i lufta? Då det flate kvalrossfjeset vende seg mot fjorden og fekk auge på dei som kom fossande, gav han frå seg eit håst grynt, heiv seg halvt rundt og humpa hastig mot sjøen. Også fleire av dyra letta no på hovudet, og brått vakna dei veldige mengdene kjøt og spekk til liv. Gråraude nakkar og breie ryggar hastig humpande 19


mot sjøen, luffar klaskande mot berg og stein. Som gripne av ein stadig sterkare panikk rasa dyra gryntande og stønnande mot bølgjene. Kvart av dei så tungt som ti–tolv mann. Sel-Floke skreik høgt i vona om å skremma dei attende. Men spruten stod allereie om dyra, og dei var ikkje lenger til å snu. Dei nådde bølgjene, og dei var under, og straks skjedde det ei forvandling. Alt som hadde vore tungt og stampande, forsvann, og dei vart til flimrande, smidige skuggar hastig jagande mot djupet og fridomen. På få augeblikk var dei for djupt til å kunna nåast med våpen, og Steinulfur løfta eine årebladet frå vatnet og skota imot med det andre. Fleire andre heiv seg på, og båten byrja svinga. Sel-Floke brølte: – Helheim og Muspelheim! Vis no at de kan ro! Også dei andre båtane vende langsamt og byrja ro utover att. Ei tid rodde dei slik. Motvinds. Sel-Floke speidande som ein vêrande røysekatt. Stundom banna han at mennene rodde for ringt. Auga til Himin-Gorm smale og svarte mot det kvasse havlyset. Då kvalrossane braut bølgjene framfor dei, løfta Himin-Gorm havspydet på strake armar. Skaftet skaka i nevane hans, og skutelspissen peikte beint på hovuda som drog luft. Steinulfur vreid båten i den retninga skutelen peikte. Det var han som rodde som aktermann, og det var hans takt dei andre fylgde. Medan han svinga båten, såg han Himin-Gorms jernegg langsamt dreiast mot framstamnen, og samstundes halte han igjen til for alt han var verd. Dei fylgde kvalrossane over bukta, til dyra møtte stengsla ved grunna der ytst, og medan dei i uvisse fór innover att. Dyra gjekk igjen djupt, søkande etter anna vern enn å koma seg til havs. Dei delte seg opp og sumde ikkje lenger i flokk. Den neste kvalrossen som braut flata, låg alt i kursen deira, og Himin-Gorm hogg med spydet i retninga hans og Sel-Floke brølte: – Der … Der … Der … Ro så vatnet sprutar! Ro så årene grin! 20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Når landet mørknar by Det Norske Samlaget - Issuu