Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 1
Magnhild Bruheim
Motorsykkelmysteriet Stian og Stine
Roman
Samlaget Oslo
Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 3
Kapittel 1
Stine – Stian og Stine. Namna passar saman. Vi kunne vore tvillingar. Kanskje mange trur vi er det. Stine såg prøvande bort på Stian. Stian sat som vanleg med nasen i ei bok og svarte ikkje. Dei sat i kvar sin ende av ein stor og mjuk sofa. Det var heilt stille i huset. Dei hadde vore åleine heime i mange timar, nå var det seint på kvelden, vindauga var heilt svarte. Malin, søstera til Stian, var på fest og kom nok ikkje heim på lenge ennå. – Hei, er du døv? Eg snakka til deg, sa Stine. – Vi er ikkje eingong i slekt, svarte han utan å sjå opp. – Men det er jo rart, sa ho ivrig. – Namna er nesten like, vi er begge år og går i same klasse. Nå bur vi i same huset. – Resten er ulikt. Stian lukka boka og såg endeleg opp. – Du er mørk, eg er lys. Du pratar heile tida, eg pratar berre passe mykje. – Synest du ikkje det er fint å bli ein større familie? Å bu i eit stort hus?
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 4
– Huset vi budde i før, var nesten like stort. Og vi var ein passe stor familie, til mamma døydde. Stine hadde gledd seg sinnssjukt mykje. Heile livet hadde det vore berre henne og mora i ei lita blokkleilegheit. Nå var dei fem, mamma, Jarle, Malin, Stian og henne. Berre det å få ei storesøster på ! – Eg trur i alle fall at det blir fint, sa ho og la seg bakover i sofaen og stirde opp i taket. På den store lampa som hang rett over dei. – Men du …, sa Stian og la boka på bordet. – Kva da? Ho reiste seg opp att i setet. Endeleg snakka han. – Er det ikkje rart å aldri ha hatt ein far? – Kvifor er det rart? Du har ikkje mor lenger. – Det blir noko heilt anna. Eg har jo ei mamma, sjølv om ho er død. Eg har bilde av henne, og minne inne i hovudet. – Eg treng ikkje bilde eller minne av nokon som ikkje finst. – Men far din må jo finnast ein plass. Stian gav seg ikkje. – Det blir ikkje unge berre av seg sjølv. – Veit vel det. Det var ikkje første gongen Stine hadde fått det same spørsmålet, sjølv om det heldigvis ikkje var mange som masa om det. Ho var lei av å skulle forklare. – Så du veit at det trengst både eggcelle og
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 5
sædcelle, sa han ertande. – Du kunne jo ha sove den timen de lærte om det. – Mamma skaffa seg ei sædcelle, så enkelt er det. Ho ville ha meg, ho bar meg i magen, fødde meg, og vi to har budd saman heile tida. Ingen andre. Punktum. Han drog munnen ut i ein flir, som om han gjorde litt narr av henne. – Eg er like god som alle andre, la ho til, i tilfelle han var i tvil om at ho var eit like heilt menneske med berre ein forelder. – Sikker på det? Han smilte enda breiare og la til: – Og det er jo rart likevel, da. Sædcella kjem jo frå eit menneske. Lurer du ikkje på kven han er? Korleis han ser ut, for eksempel. – Tenkjer aldri på det. Kan vi snakke om noko anna? – Men tenk at det kan vera kven som helst. Kanskje har du møtt han på gata. Kanskje snakka med han. Kanskje er han far til ei venninne av deg. Alt slikt. – Kvifor skal eg ha slike dumme tankar? Mamma er mor mi, ferdig med det. – Veit ikkje ho heller kven han er? – Det var jo berre ei sædcelle, har eg sagt, sa ho irritert. – Dessutan fekk ho den i utlandet. Og nå gidd eg ikkje snakke meir om det.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 6
Stine greip iPaden som låg på bordet, fann fram eit spel og bestemte seg for å ikkje seia noko på lenge. Men spørsmåla frå Stian blanda seg med figurane i spelet. Jammen kunne det vera irriterande å ha ein bror. Eller ein liksom-bror. Kanskje vart det ikkje så moro likevel. Å vera ein stor familie.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 7
Kapittel 2
Stian Stine sa ikkje meir, sat berre med hovudet bøygd over iPaden. Eigentleg fint at ho heldt kjeft, tenkte Stian og greip boka si. Men litt kjedeleg også, i grunnen. Snart var han inne i handlinga i boka att. To venner som skulle løyse mysteriet med ein forsvunnen hund. Nå var dei på sporet av ein kriminell bande. Plutseleg spratt Stine opp. – Høyrde du? spurde ho og gjorde eit byks fram til vindauget. – Kva da? – Eg høyrde noko rart, kviskra ho. – Eg trur lyden kom frå hagen. Han gjekk bort og stilte seg ved sida av henne. – Der, sa ho og nikka. – Det er nokon der. Heilt sikkert. Såg du? – Det er jo mørkt som i ein sekk. – Det er litt lys frå huset, sa Stine. – Eg såg noko som rørte på seg. Ein skugge, liksom. – Eg ser i alle fall ingenting, sa Stian og kjende seg snytt. – Du tullar berre.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 8
– Men det er sant, sa ho irritert. – Det er eit framandt menneske i hagen vår. Eller eit dyr. – Sikker? – Sikker. Uff, eg synest det er litt ekkelt. Kanskje er det nokon som veit at vi er åleine. Som vil skremme oss. Eller som planlegg å bryte seg inn. – Det er berre ein måte å finne svar på det på, sa Stian. – Vi får gå ut og spionere. Han kjende at han fekk eit overtak. – Viss du tør. – Eg tenkte akkurat på å foreslå det same, svarte ho. – Tør du? Stian svarte ikkje, han var allereie på veg inn på rommet sitt. Stine følgde etter. – Skal du spionere frå rommet ditt? spurde ho. – Det er juks. – Ein spion må ha utstyr, sa han og snudde seg triumferande mot henne. Med ei stor lommelykt i handa. – Klar? – Jepp. Med det same kom det eit dunk, som om nokon slo i veggen utanfor. – Høyrde du nå, da? spurde Stine. – Best vi skundar oss, svarte han mens han hekta jakka av knaggen og opna døra. Det hadde falle litt regn tidlegare på kvelden, både graset og lauvet var vått. Stian stilte seg i
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 9
lyset frå utelampa. – Kvar såg du det? kviskra han så stille det gjekk an. Stine peikte innover i hagen utan å seia noko. Så tok ho føringa. Han lét lommelykta vera sløkt mens dei småsprang på baksida av huset. Det måtte vera der dunket kom frå. Etter nokre meter stoppa dei. Stian slo på lykta og lyste mellom trea, lét deretter strålen sveipe over det vesle uthuset og gjerdet mot nabotomta. Så nikka han, og med rolege steg gjekk dei dit, nå heldt han lykta framfor seg som eit våpen dei kunne få bruk for. Ingen sa noko. Dei runda hjørnet på uthuset, baksida vart svakt opplyst. Plutseleg var det noko i lufta, rett framfor dei, eit menneske i fart. Stian skvatt så han miste lykta og fekk hjartet langt opp i halsen. På superraske bein forsvann den framande gjennom hagen. – Stopp! ropte Stine. Stian fekk summa seg såpass at han fekk henta opp lykta, og sprang etter. Bak seg høyrde han pusten til Stine. Den ukjende var allereie ute på gata, beina var knapt nedi asfalten, stega var nesten lydlause. Snart var skapnaden ute av syne, godt hjelpt av ein sving. – Kva gjer vi nå? Stian var framleis andpusten. – Ingen vits i å springe etter, i alle fall. Men eg
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 10
lurer veldig på kva han gjorde i vår hage. – Korleis kan vi finne ut det, skal tru? Stian såg spørjande på Stine. Ansiktet hennar var svakt opplyst av lommelykta, som framleis var tend. Ho såg ikkje ut til å ha noko godt svar. – Vi får vera på vakt, sa ho. – Bør vi ringje politiet? – Nå har jo inntrengaren stukke av. – Vi får vera på vakt. – Det var det eg som sa først, sa Stine. – Kva skal vi finne på da? – Det er vel tid for å laga popcorn. Ho snudde seg bort. – Ok, så går vi inn. Du tok vel med nøkkel? Stian begynte å gå mot huset og kjende allereie popcornsmaken i munnen. – Nøkkel? sa Stine. – Har du? – Å nei! Med det same gjekk det opp for Stian kva som hadde skjedd. – Ikkje fortel at du gløymde nøkkel? – Det var ikkje smekklås der vi budde før, prøvde Stine seg. – Da kjem vi oss ikkje inn. Han kjende med det same kor tett mørkret var. Og at det eigentleg var litt kaldt. – Det er ikkje berre mi skuld, forsvarte ho seg.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 11
– Du gjekk bakarst, sa han. Det var greitt å ha nokon å la det gå utover. – Kanskje døra ikkje vart skikkeleg lukka, sa ho og høyrdest håpefull ut. Ho skunda seg bort og rista i dørklinka. Døra var så lukka og låst som det gjekk an. – Av og til er du litt teit, altså, sa Stian irritert, sjølv om han visste inni seg at han hadde like mykje skuld som henne. – Vi kan sparke inn ei rute, foreslo Stine. Meinte ho verkeleg det ho sa? Stian vart ikkje heilt klok på henne. – Bruk hovudet ditt, i det minste, sa han. – Finn på ei glup løysing. Stine tenkte seg om. – Vi kan i alle fall ikkje ringje mamma og Jarle, dei er for langt unna, sa ho. – Har du fleire gode idear om kva vi ikkje kan? – Viss du skal vera så ekkel, så ringjer eg Julie og får overnatte hos henne. – I alle fall bra du har med mobilen, sa Stian. Han likte ikkje tanken på at Stine skulle dra til ei venninne. – Vi må ringje Malin. Sjølv om ho sikkert blir sur. – Telefonen ligg i stova, sa Stine stille. Stian kjende at han både vart sint på henne og samtidig syntest litt synd i henne. Tydeleg at ho var kjempelei seg, ho også. – Ok, da får vi besøkje naboane, sa han. – Eg ringjer på, og du forklarer.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 12
Kapittel 3
Stine Nabokona som opna for dei, var blid og hjelpsam. – Klart de får låne telefonen, sa ho og tok opp mobilen sin frå ei jakkelomme. Ho hadde lyst, kortklipt hår og kunne vera om lag femti år. Stian tok imot telefonen og snudde seg bort før han slo nummeret til Malin, men Stine kunne høyre kva han sa. – Du skulle jo likevel koma heim før midnatt, sa han. – Set deg så lenge, sa nabodama til Stine mens ho løfta armen og viste veg til sofaen. – Skru ned lyden, sa ho til mannen. På bordet stod to halvfulle vinglas, midt imot snakka TV-en. Stine hadde ikkje lyst til å sitja og håpa Stian snart hadde snakka ferdig. Ho høyrde ikkje lenger kva han sa. Han såg så liten ut der han stod. Han var ein av dei minste i klassen. – Dei har låst seg ute, stakkars, forklarte den korthåra kvinna til mannen i sofaen. – Foreldra er ute, var det ikkje slik? Ho vende seg til Stine. Stine nikka, våga ikkje å fortelja at mora og
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 13
Jarle ikkje kom heim før neste dag. – Malin er hos venner sa ho. – Stian ringjer og ber henne koma heim. Så ingen problem, la ho til. – Malin, er det den eldste av dykk? spurde mannen og verka nysgjerrig. – Stemmer. Meir hadde ikkje Stine tenkt å seia om den saka. Endeleg var Stian ferdig i telefonen. – Kjem ho? spurde Stine og reiste seg. – Snart. – De kan berre vente her, sa kvinna. – Har vi brus i kjellaren? Ho vende seg til mannen. – Vi går og møter henne på bussen, sa Stian. Så stod dei ute i mørkret att, og nå kjende dei verkeleg at dei var for tynnkledde. – Kjem Malin så raskt, eller ville du berre koma deg ut frå huset? spurde Stine og slo armane rundt seg sjølv. – Du såg vel at den dama der var så nysgjerrig at ho nesten sprakk, sa Stian. – Eg gidd ikkje alle slags spørsmål fordi om vi er nye i området. – Kva sa Malin, da? – At vi fortente å traske ute heile kvelden når vi hadde vore så dumme. – Sa ho det? – Ho vart pottesur og nekta først å koma, sa
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 14
Stian og gjekk nærmare ei gatelykt og såg på klokka. – Men eg trua med å sladre til pappa. Sa at ho hadde ansvaret viss det skjedde noko med oss. – Skjedde noko? Kva da, for eksempel? – Kidnapping, kanskje. Ran. Det var jo ein ukjend person i hagen. Han kan vera farleg. Skummelt. Stian gjorde ein grimase for å sjå skremmande ut. – Uff, ikkje gjer meg redd. Stine kjende at det gjekk kaldt gjennom kroppen, så ho begynte nesten å skjelve. Ho stakk hendene djupt i bukselommene. – Går vi til busshaldeplassen, da? Det tok ti minutt å gå til haldeplassen. Men Malin ville ikkje koma på lenge ennå. Bussturen tok sikkert tjue minutt, minst. – Eg lurer på kvifor Malin ikkje liker meg, sa Stine mens dei venta. Dette var noko ho ikkje hadde snakka med andre om. – Veit du? – Kven har sagt at ho ikkje liker deg? – Ho overser meg. Når eg snakkar til henne, gidd ho nesten ikkje svara. – Malin ville helst berre bu saman med pappa og meg. – Det er ikkje mi skuld at Jarle gifta seg med mamma, sa Stine og kjende at dei svei inni henne etter det Stian sa.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 15
– Ikkje mi skuld heller, sa Stian og såg ein annan veg. Så begynte han å småhoppe. – Frys du? spurde Stine og forstod at samtalen om Malin var over. – Gjer ikkje du? – Jo, litt. Eller veldig. Stine gjorde som han, hoppa litt opp og ned. Etter at dei hadde venta eit kvarters tid, kom busslyktene til syne. Dei følgde bussen med auga til den svinga inn på plassen og dørene vart opna. To ungdommar gjekk av, ingen av dei var Malin. – Ho rakk nok ikkje denne bussen, sa Stian. – Kor lenge er det før neste kjem, skal tru? Han gjekk bort og sjekka busstidene. – Tjue minutt, opplyste han. – Det vil seia kvart på tolv. – Så lenge orkar eg ikkje stå her, sa Stine. – Eg frys snart i hel. – Kanskje vi må knuse ei rute likevel, da, sa Stian. – Det er i alle fall varmare å gå enn å stå. Stine begynte å rusle. Tankane krinsa framleis om det Stian hadde sagt. Malin ønskte ikkje å ha henne som stesøster. – Det du sa, begynte ho etter ei stund. – Ville du også helst det? At det var berre du og Malin og Jarle? – Av og til, svarte han og heldt avstand til
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 16
henne. – Men det skal nok gå greitt, la han til. – Vi får ikkje mamma tilbake uansett. Den som er død, er død, hadde ho tenkt å seia. Men ho gjorde det ikkje. – Kven liker du eigentleg best i klassen vår, sa ho i staden, ho likte seg ikkje når det vart så stille. Ho forstod seg ikkje på folk som ikkje hadde noko å snakke om. – Kjenner vel ingen så godt ennå, svarte han kort. – Vi har jo berre vore på skolen nokre veker. Det var som ho trudde. Han hadde ikkje fått seg nye kameratar. Dei tok eit par sidevegar og tilbake i retning huset der dei budde. – Eg liker godt Julie, sa ho. – Eg veit det. Ho verkar ok. – Det er sikkert mange ok gutar også. – Ti minutt til neste buss, sa Stian plutseleg. Tydelegvis ville han ikkje snakke meir om skolen. – Vi går til busshaldeplassen att. Dei gjekk med raske steg tilbake. Med det same kom ein motorsykkel brått rundt svingen nokre meter unna. Den køyrde inn på vegen framfor dei og rusa vidare. Men eit godt stykke lenger framme sakka han farten og stoppa. Dei raude baklyktene var i ro, før dei like etter forsvann att i bråket frå sykkelen. – Såg du …, sa Stian og vart ståande og glane.
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 17
– Motorsyklisten stoppa. Var det ikkje rett framfor huset vårt? Det var vanskeleg å vita sikkert på denne avstanden, men Stine var einig i at det såg slik ut. – Kan det ha noko med typen som gøymde seg i hagen, å gjera? spurde ho og vart varm inni seg da Stian sa «huset vårt». – At nokon leiter etter han, meiner du? – Ja, kanskje. – Håpar Malin kjem med bussen. Stian høyrdest redd ut og sette opp farten. Like etter var sykkelen der på nytt. Den kom tilbake, skarpe lykter lyste opp vegen framfor dei. Med det same den passerte, sneia den nesten borti dei, sjølv om både Stian og Stine gjekk godt ut til sida. – Bøllekøyrar, ropte Stine, sjølv om syklisten ikkje kunne høyre. Så forsvann først sykkelen og deretter den sinte motorlyden. Dei venta berre eit par minutt før den neste bussen kom. Fire personar gjekk av. Heller ikkje nå var Malin blant dei. – Trur du det har skjedd noko? spurde Stine. – Eg tenkjer, sa Stian og såg faktisk tankefull ut. – Den motorsykkelen som stoppa … såg du om det sat nokon bakpå? – Kanskje. Kvifor det?
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 18
Stian svarte ikkje. Da dei var nesten heime, oppdaga ho noko interessant. – Ser du det eg ser, sa ho hemmelegheitsfullt. – Kva da? – Det var ikkje lys på rommet til Malin tidlegare i kveld. Var det vel? – Det er jammen sant, sa han og småsprang den siste biten. Andpustne stod dei utanfor døra. Stian trykte ned handtaket, og døra glei opp så lett som berre det. – Malin! ropte Stian. – Er du heime? Ingen svarte. Alt var stille. Den blå jakka av blankt stoff hang i gangen. Under stod skorne med opne lisser parkerte. Stine strauk med handa over jakka. Den var framleis kald. Så oppdaga ho noko anna. Nedst på ryggen var det nokre mørke flekkar. – Ser du? sa ho og viste Stian. Da dei kom inn i stova, høyrde dei musikken som banka frå rommet til Malin i etasjen over. Stian tok trappene i lange byks og banka på. Stine følgde hakk i hæl og vart ståande like bak han. Ingen svarte. Han ropte namnet hennar. Framleis like stille. Han trykte ned dørklinka. Døra var låst. Banka på nytt. Ropte namnet på nytt. Endeleg braut stemma hennar seg gjennom
Motorsykkelmysteriet ferdig_A 23.05.14 13.33 Side 19
musikken. – La meg vera i fred! De har klart å øydeleggje laurdagskvelden for meg. Festen var dritkul, og så må eg dra heim fordi de er surrebøtter. Dritungar! – Du var ikkje med bussen, sa Stian høgt til døra. Stine sa ingenting. Stod berre og såg på. Dette fekk Stian ordne. Det var hans søster. Slik kunne altså ei storesøster oppføre seg. Kanskje like greitt å ikkje ha nokon. – Vi vart nesten ihelkøyrde av ein motorsykkel, sa han da han ikkje fekk noko svar. Han såg så stakkarsleg ut at Stine fekk vondt av han. Bak den låste døra var det berre musikk å høyre. – Takk for at du kom heim for oss, da, sa han. Som om søstera hadde utført ein heltedåd. Kva meinte han med det? Det fekk Stine stå att og lure på. For Stian forsvann på rommet sitt. Snart sat han også bak lukka dør.