Skip to main content

Mjøsa rundt med mor

Page 1

Bjørn Hatterud

Mjøsa rundt med mor Ei livsreise

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Bjørn Hatterud har tidlegare gitt ut boka Mot normalt (Samlaget 2018). Omslag: Johanne Hjorthol Framsidefoto: Privat Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15,5 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0233-5 Forlaget har fått støtte frå Fritt Ord.

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Til Mathilde


Blanke Mjøsa klar og rein, je slepp aldri fri – «Blanke Mjøsa», Vazelina Bilopphøggers 1982

Det fins så mange drømmer om en gong å bli fri, det fins så mange lengsler å spekulere i – «Så seile vi på Mjøsa», Alf Prøysen 1966


Mor og eg har lenge prata om å køyre rundt Mjøsa. Eg veit ikkje korleis vi kom på ideen. Det kan ha vore ein kombinasjon av at mor ikkje kjenner seg like trygg som sjåfør lenger, og at far ikkje har same ønsket om å reise rundt i bil som mor. Far har jobba i årevis som reparatør og salskonsulent for landbruksreiskapar og traktorar. Han har sett mykje av bygdene rundt Mjøsa frå eit bilsete. Å berre sette seg bak rattet og køyre rundt i desse landskapa må vere rar tidsbruk, slik han ser det. Eg, for min del, har alltid hatt trong til å reise, frå den fyrste mopeden har eg vore kronisk på farten. Med moped var eg ikkje lenger funksjonshemma. Å gå dårleg er ikkje noko problem om ein har eit motorisert køyretøy. Eg lengta bort frå bygda, med mopeden kunne eg køyre så langt eg ville. Då eg var nitten, fekk eg meg bil frå trygdeetaten. Fyrste veka med bil var eg i Sverige to gonger og Oslo éin. På hjul var eg fri. For nokre år sidan var eg ein av dei siste i landet 9


utan vanleg jobb som fekk tilskot til bil på grunn av funksjonshemming. Solberg-regjeringa fjerna denne ordninga, no er det berre funksjonshemma som arbeider, som har krav på slik stønad. Eg har ikkje vanleg arbeidsgivar, ingen arbeidskontrakt. Eg får halde bilen i gang så lenge eg kan. Med bilen min er eg fri til å reise kor eg vil, når eg vil. Fridom til rørsle gir berre meining om ein har opplevd å ikkje ha denne fridommen. Verdien av å kunne bevege seg fritt merkar ein nok sterkare om ein ikkje har dette som medfødt i livet. Eg køyrer frå Oslo til Hedemarken minst ein gong i månaden. Barndomsheimen min er i ei bygd nord for Brumunddal, men foreldra mine bur nesten like mykje på Sjusjøen, på hytta. Når det er sommar, er dei oppe på fjellet så mykje dei kan. Sjusjøen ligg i same kommunen som eg voks opp i, Ringsaker. Likevel tar det tre kvarter i bil frå heimbygda mi til hytta. Ein kunne fint ha køyrt tre kvarter i ei anna retning òg utan å forlate kommunen. Ringsaker er ein stor og sentral del av gamle Hedmark fylke, som no er om lag halvparten av Innlandet. Midt i Innlandet, som sjølve smørauget i grauten, ligg Mjøsa. Om ein berre køyrer strake vegen rundt Mjøsa, kan ein gjere det unna på tre–fire timar. Men mor og eg skal velje omvegar, gardsvegar og grusvegar for at vi skal komme nærast mogleg Mjøsa og ei slags forteljing om kva det betyr å høyre til ein plass.

10


Eg ligg i ei fordjuping i den godt brukte sofaen i leilegheita mi i Oslo. Mor og eg snakkar på telefonen om bilturen. Vi er vande med å reise saman. Tidlegare har mor og eg vore i Kraków, Warszawa, Budapest, Wien, Praha, Riga og Zagreb saman. Vi reiser helst austover, der får vi meir for pengane. Då er det champagne og potetgull på hotellrommet om kveldane. Far liker at mor brukar sparepengar på å reise. Mor er reiseglad. Både far og eg har reist meir enn det som har vore mogleg for henne. Då eg var unge, samla mor på små hus. I ei hylle i den brune seksjonen frå 1970-åra stod det ein liten landsby av hus i keramikk og steintøy. Suvenirhusa var kjøpte av mormor og morfar, tanter og onklar og naboar. Det var små bindingsverkshus frå England, handmåla landsbyhus frå Hellas, spanske hus, hus frå Aust-Europa, frå heile verda, og oppi det heile eit ørlite Eiffeltårn, som eg sjølv kjøpte i Paris. No tenkjer eg at denne hylla kan ha vore eit slags substitutt for å reise sjølv. Når ein har heile verda på 11


ei hylle, får ein lett tilgang til henne. Vi reiste ikkje mykje då eg var unge. Å reise kostar pengar. Vi hadde absolutt alt då eg var unge, berre ikkje så mykje pengar.


Mor og far bur framleis i Byflaten, eit lite sentrum i bygda Veldre, nord for Brumunddal. Byflaten henta namnet sitt frå ein husmannsplass som låg under garden By. I dag er det broren min som eig huset som står på tomta til denne gamle husmannsplassen. Han har fantastisk panoramautsikt ned mot Mjøsa. Byflaten vart frå slutten av 1800-talet eit travelt vegkryss der ferdselsårer mellom Brumunddal, Ringsakfjellet og Rudshøgda møtte kvarandre. Det vart danna eit sentrum her på grunn av moderniseringa som skjedde i heile landet i siste halvdel av 1800-talet. Med det store hamskiftet gjekk meir av produkta frå gardar til foredling og sal, i staden for at gardane var sjølvforsynte, eller bytte seg imellom. Dette var ei tid for store brot mellom før og no. Folk som arbeidde på gardane, fekk pengar, ikkje berre bustad og mat. Gardsfamiliane og gardsarbeidarane kjøpte meir av tinga dei trong. Ein gamleheim vart reist etter initiativ frå presten 13


Reinert Svendsen. Den eine landhandelen vart gjord om til eit felleseigd samvirkelag, ein av oldefedrane mine var med då dei starta opp samvirkelaget. Fars mellomste bror, min onkel Arne, var med då dei la ned samvirkelaget rundt åtti år seinare. Det vart òg bygd eit bedehus på initiativ frå den før nemnde presten Svendsen. Pengane til dette huset for folkeleg trusliv kom frå inntekter frå basar og tombolaspel. Då Kirkekretsen Skole vart oppført i 1917, fekk Byflaten ein god skole. Med forsamlingslokalet Veldrom, som ligg ved sida av skolen, fekk ungdommar på tvers av klasser møtast til fest. Då eg var liten, var Veldre framleis ei levande bygd, med butikk, aldersheim, skole, bensinstasjon, post, bibliotek, telefonkiosk, bedehus og barnehage. Det var ei sterk velforeining i bygda den gongen, som sette ut benker kvar vår og sørgde for at det var blomar i midtrabattane. Difor sat det òg alltid folk ute i sentrum, det var eit sentrum tilpassa stillesittande trivsel. Eg voks opp i ei bygd der det var sosialt liv, der folk prata med kvarandre. Det var folk ute mykje av døgnet. Tenåringar som drakk brus eller røykte. Gamlingar som snusa. Mopedar som spann på parkeringsplassen. Sladder og siste nytt. Bilane på parkeringa til butikken stod ulåste med motoren gåande om folk berre skulle inn og kjøpe seg noko lite. Bygda var oversiktleg. Døra heime låste vi berre om vi var borte lenge. Sjølv då hang nøkkelen synleg framme, så dei som kjende oss, kunne gå inn og finne seg kaffi, låne telefonen eller 14


anna. Var vi berre på besøk i nabolaget eller ein svipptur vekk, stod nøkkelen i dørlåsen då vi reiste. På denne måten visste alle som kom, at vi snart var heime att, og dei kunne gå inn så lenge om dei ville det. Alle i bygda hadde ei sosial rolle. Gunnar Kjerringsveen, med eitt glasauge og berre tomlane att etter ei sprengingsulykke, arbeidde som skraphandlar i tiår etter tiår. Krølle hang med unggutane sjølv om han sikkert var femti år gammal, utan at det var noko ekkelt med det. Han hadde berre same humor som gutane. Så var det gubben med blå invalidemoped som hadde protese på eine beinet. Ei venninne av mor fann beinet stikkande opp frå ei veggrøft. Han hadde vore hard på gassen i ein sving. Sjølv hadde han ikkje merka at beinet datt av. Han tok ikkje ting så nøye. Då han skulle bygge seg hus, starta han med uthuset. Då det vart ferdig, flytta han berre inn der. Kvar vår bygde han seg ny skigard. Om hausten hogg han skigarden ned som ved. Vi visste godt kven som var kleptoman, det visste dei som jobba på butikken òg. Ho kleptomane var jo nærare nitti då eg var unge, og var blitt så treg i armane og dårleg i synet at alle såg tydeleg kva ho dreiv med der ho stappa røykpakker og sjokolade innanfor strikkejakka. Men det var eit svinn eigarane av samvirkelaget, bygda, tok med fatning. Det var rolla hennar.

15


Slik var det i bygda nokre tiår. Så, brått som ein kulturell skogbrann, vart alt utanom aldersheim, barnehage og skole nedlagt og borte, på eit tiårs tid. Biblioteket er borte, telefonkiosken er borte, posten er nedlagd og bedehuset vart selt som bustad. Bensinstasjonen og butikken vart bygde om til ein diger barnehage. Aldersheimen vart leilegheiter for eldre. Velet er lagt ned. Benker og blomstrar er borte. Folka som hang i det som var eit sentrum, er borte. Byflaten er ikkje lenger eit sentrum. Sett bort frå barneskolen er det berre att éin bygning som framleis har funksjonen han hadde då eg var unge, forsamlingslokalet Veldrom. På Veldrom hadde mor og far bryllaupsfesten sin. Veldrom er den fyrste plassen eg nokosinne drakk meg full. På Veldrom har det vore etterpålag etter gravferda for tre av besteforeldra mine og ein onkel. Veldrom er eit typisk forsamlingslokale som står rundt hundre meter unna barndomsheimen min. Lokalet har kjerne av lafta tømmer, er brunbeisa på den panelerte utsida, har småruta vindauge og ei kvit flaggstong framfor, der dei flaggar på full stong på høgtidsdagar og halv før etterpålag etter gravferder. Slike bygder var det mange av rundt Mjøsa. Bygdene låg ofte ved vegkryss. Vegar er det mange av i Ringsaker, så kryssa med butikkar vart mange. Så forsvann desse bygdene, mange av dei på få år. Åsmarka, Lismarka, Gaupen og Brumund visna og skrumpa inn til sovebyar. Dette er berre eit utval av stader i ein av kommunane rundt Mjøsa. Kvar kom16


mune hadde slike bygder. I kvar bygd var det sosiale levemåtar som samstundes døydde. Då eg var unge, var Brumunddal ein heilt annan plass. I bygda Veldre voks eg opp. Like ved sentrum.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mjøsa rundt med mor by Det Norske Samlaget - Issuu