Skip to main content

Min krig, suitar

Page 1

Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 1


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 3

Jenny Tunedal

MIN KRIG, SUITAR Frå svensk ved Ingrid Z. Aanestad

Samlaget Oslo 


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 5

Til B.T.


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 6


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 7

«Jag är ett barn, jag älskar mitt krig» Ann Hallström, Saknaden


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 8


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 9

Det er fred Først kjenner eg det ikkje Sidan held det fram Det er eit felt Det uforgløymelege hjartet Sola som skin Det er hennar plikt Under stor smerte Aleine av aleinemor Det er ei misforståing Kor skulle det alvorlegaste vera I hennar hovud Det har hendt før Levande døde eller døde levande eller Nokon med eigne hender

9


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 10

Det kjem til å regna sølv på feltet Eg kjem til å sjå med eigne auge Venta inntil noko Alt hender ettersom Det finst ingen tre Det lettar ikkje Eg vil ikkje vita kven og kvifor Ho lo som eit heilt lukkeleg barn Uro og den uroa ho vekkjer Den vaklande skuggen vaklar Noko slit sund eit hjarte Mitt hjarte Den manglande kjærleiken slit sund noko

10


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 11

Du står utanfor døra med døra Det gløymde finst att i gløymsla Menneske er i slekt med kvarandre Kvarandre si ro sjølvstende fråvær av håp Kanskje skal me alltid bli kasta mellom fortviling Kanskje skal same død bli gjenteken

11


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 12

beskytta for å forhindra overleva Eit barn er skremmande likt mor si og den utvungne måten dei rører kvarandre breier seg ut gjennom tid og rom som trea gjennom greinene lyset gjennom auga gitteret deira rundt seg som blod Ein kvit skøytebane eit osean for å beskytta ein litt gråkald dag i januar eit minne som dekkjer eit anna minne ei av alle kjensler er tiltru forlenging av hår periodar med ro ein konstant sjølvisk kjærleik Snøkledd lækt lett snøfall dekkjande det uutømmelege lyset det eksakte ordet for dei små såra ein av fleire måtar å administrera smerte ein hær som erstattar oss eit hav for å ikkje brytast

12


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 13

Hol fylte med vatn og kjøt og blod vårt eige alt dette surstoffet utbytbarheita det uutbytbare inn i det siste som kjem til å bli formørkt og lettare lettare snø tett tett tetnar som mørkeret som stjernene kvitnar i den døde snøen Døde fluger kvitt luftig tøy levande fluger kvitt luftig tøy ein tvers gjennom overskya himmel dekt av stumme kroppar stumme vatn utan strender brannar utan tre fjøringa tyngda det stadig tidlegare mørkeret fallande stigande frekvent Måten din å skildra ein solnedgang som blod alle måtar å skildra ein solnedgang som lys dei flakkande orda og etter dei

13


Min krig suitar ferdig.qxp_A 04.10.2017 12.19 Side 14

Det heng svarte greiner utan lauv i trea som kvitt drive grått drivne skyer nøytral mark nøytrale steinar Det er ufråkomeleg at kroppane veks var liksom høge ugjenkallelege forsvarslause avgrensa tilstrekkelege tilbakehaldne som dyr Feltet husar redsla kva som enn blir sagt kva som enn står einsretta som barn – tilsynelatande formålslause – springinga deira og dette: kor er no dei rasande / i hopar

14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Min krig, suitar by Det Norske Samlaget - Issuu