Mads Rage Og skipet siglar vidare. Roman. 2018
Mads Rage
Miklastaur Roman
Samlaget Oslo 2019
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Kim Hiorthøy Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Minion Pro 11/15 Papir: 80 g Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9802-7
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Bry deg sytten i um kva andre seier, ver deg sjølv um det sü ber lukt i heite helvete. Kristofer Uppdal
Forviklingar
I det heile teke fungerte planen ypparleg heilt fram til guten byrja å merkast av puberteten. Då var det ikkje lenger til å koma vekk frå at eitkvart uvanleg gjekk føre seg, som gutehugen vart prega av. Han kunne få uvarsla tendensar til reisning, til dømes om han tenkte på noko oppøsande, men gjerne òg alt frå morgonen av, slik at blodet samla seg i dette eine organet og dermed fjerna så mykje av medvitet at han stundom var umogeleg å få opp frå senga dei dagane han skulle på skulen. Gjekk det lang nok tid der han låg i ein slik katatonisk tilstand, såg Anna seg nøydd til å leggja ei gummiflaske med isvatn bortpå problemet, så det skulle krympa nok til at guten kom til seg sjølv, og det såg i alle fall ut til å fungera oftare enn det ikkje gjorde det. Sjølvsagt gjorde Emmanuel sitt ytste for å løyna problemet inni snikkarbuksene, men Mons Bakka, ein liten djevel på same alder, kom til å overhøyra ein samtale mellom foreldra sine og fekk dermed greie på at Lavinia døydde i barsel. Sidan hadde han på eiga hand tenkt seg fram til at ho måtte ha døydd av sjokk då ho såg kva ho hadde fødd, og slik hadde han fortalt soga til alle som 24
ville høyra, noko som fall Emmanuel så tungt for brystet at han tok det opp med Anna. Sjølvsagt er det ikkje sant, sa ho til han. Men kva er det som er sant då, bestemor? sa Emmanuel. Fortel det! Nei, lat oss ikkje snakka om det, sa Anna, og så fann ho ein halveten pakke Marie-kjeks til han, som han trykte i seg, men dei vart berre til støv i munnen. Skamma beit inst i mergen på Emmanuel, og meir enn før, då det ikkje hadde vekt noka uro i han at besteforeldra ville løyna lekamsdelen hans så grundig. Det gjorde no andre folk òg med sine, sjølv om dei lukkast på meir diskré vis. Men kvifor ville ikkje besteforeldra seia sanninga? Og kvifor kjende han det no som om innsydde lommer i kleda ikkje lenger var godt nok, at han burde gjera noko meir drastisk? Det var openbert for den som går med ideen langt framme i hugen, og kven gjer ikkje det, at Emmanuel var i stand til å utføra autofellatio, eller den såkalla munnjagaren, sjølv utan snev av talent som slangemenneske. Med andre ord kunne han synast meir sjølveigen enn andre gutar, og dette ville sjølvsagt vore eit sutlaust tilvære dersom ingen visste om det, men sidan tilfellet Emmanuel var så openbert, var det ikkje til å unngå at han hamna i utanforskap. For slett ikkje mange har denne evna. Den ideelle kombinasjonen av ryggfleksibilitet og vitale mål er faktisk så sjeldan at mange trur det berre er ein myte. Og sidan det for andre vanlegvis er umogeleg å sjå utanpå kor mjuk ein er i ryggen, eller for den saks skuld kor høgt opp det som finst i andre enden, kan førast, så vert det sjeldan avslørt på dei få det gjeld. 25
Skulle det likevel ryktast, vert det mest utan unntak føyst vekk som skryt, og å freista seg på ein demonstrasjon vil vera det reine sosiale sjølvmordet. Problemet i Emmanuel sitt tilfelle var at det ikkje fanst fnugg av tvil. Han kunne aldri demonstrera det sidan ein ereksjon kravde så mykje blod at han straks ville svima av, men somme seier likevel at han ein gong gjorde det i mørkeret på bakarste rad i grendehuset under ei framsyning av Løvenes konge (1994), kva det no enn var han skulle finna pirrande med denne filmen. Men han hadde jo aldri sett film før, og anten ein skulda det på gryande zoofili eller generell understimulans, skal han ha snike skavanken opp på innsida av genseren, slik at o-halsen i ettertid fekk synleg slark. Han hadde nok òg heilt uforvarande hatt slark i genseren ein gong, men dei færraste ungar vil kjenna at dette skal vera ein slik grov fadese. For Emmanuel, derimot, spelte det inga rolle kor stram hals han seinare hadde på genseren; det fanst alltid einkvan som kunne sjå ein liten slark i han. Og dei tilfella der han gjekk med særleg stram eller høghalsa genser, fyrte berre opp under jakta på ein ørliten slark. Gjekk han med skjorte, fekk han kommentarar anten han knepte øvste knappen eller ikkje. Det fanst kort sagt ingen måte å sleppa unna på. Men Emmanuel var ikkje berre uavhengig på ein måte som dei andre i sin pubertale desperasjon ikkje kunne tola; det fanst også eit påtakeleg element av misunning. Derfrå var det heller ikkje lange vegen for einkvan å innsjå at han måtte ha hatt sin eigen sæd i munnen, og vidare til kallenamn som «sædmunn» eller det meir subtile «Semund», som vart nytta dersom det var vaksne til sta26
des. Ikkje at dei hadde vanskar med å skjøna teikninga, men denne indirekte forma lét seg i det minste oversjå som eit godlynt kallenamn eller ein intern leik dei vaksne ikkje kunne ventast å forstå. Ungar i den alderen trur jo ikkje at vaksne har like skitne tankar som dei sjølve, noko dei vaksne veit å nytta seg av for å sleppa unna pinlege situasjonar. Emmanuel vegra seg dermed etter kvart for å opna munnen offentleg, sidan det ved eit par høve vart møtt med at «Semund visst hadde noko å seia». Han var allereie fåmælt nok og trong ikkje nett fleire hinder å forsera på det området, men slik vart det. Hans eigentlege namn var allereie oppbrukt. Han smaka på det. Em-man-u-el. Lyden gjorde han utoleleg flau. Var det noko med det man-leddet som framkalla den dårlege kjensla? Det likna på munn. Stort sett var det andre som sa namnet, og gjennom tonefallet skjøna ein at dei la noko negativt i det. Mons Bakka var den som sa det mest. Det hadde byrja ein gong han sa det om att og om att. Kva med deg, då, Emmanuel, sa han, endå Emmanuel visste at han ikkje ville han noko; det var berre for å seia namnet. Og då Emmanuel ikkje svara, av frykt for å opna munnen, fekk berre Mons høve til å seia det fleire gonger. Emm-man-u-ell? sa han ein gong til, men då vart det liksom noko gale i namnet, som om Emmanuel ikkje svara fordi han uttalte det feil, og han måtte prøva seg fram til han gjorde det rett. Emma-nu-ell, sa han. E-mannue-ll, sa han igjen. Om att fleire gonger på ulike måtar, der han framheva ulike delar av namnet slik at det til slutt verka som eit ord utan meining, eller nærast eit skjellsord. Og Emmanuel tok ikkje att; han tok det til seg. Kanskje 27
hang namnet i hop med skavanken, og kanskje var det verre enn han sjølv trudde, for kva slags barn kan eigentleg sjå seg sjølv som ein nøytral utanforståande? Hadde Mons funne noko feil med det hebraiskklingande namnet som ikkje desse einfaldige besteforeldra såg? Det vart umogeleg for Emmanuel å seia namnet sitt på ein rett fram og tydeleg måte. Så han lét vera. Stundom må ein likevel seia namnet sitt, og slike gonger sa han det på ein måte som var utydeleg og aldeles ikkje riktig, men ikkje direkte feil heller, for han sa det så fort og mumla med lydane, slik at det kunne tolkast ulike vegar. Det verste var når han hadde sagt det så dårleg at han måtte seia det ein gong til og dermed gå gjennom den same sinnsrørsla om att, slik at det knytte seg i magen. Sidan det å gå omkring og teia i forsamlingar og helst ikkje seia sitt eige namn er ein sikker måte å marginalisera seg sjølv på, gjekk det også slik. Og sjølv om ein kan tenkja seg at Emmanuel med eit anna sinnelag kunne ha ufarleggjort komplekset sitt gjennom sjølvironi og uhøgtideleg fleip, så var han ein alvorsam gut som dessutan hadde hamna i ein defensiv posisjon, slik at det vart umogeleg for han brått å byrja å fleipa. Han var rett og slett ikkje ein som folk venta skulle seia noko morosamt, og dermed vart han fanga i denne fordomen. Skulle han freista på ein artig replikk, ville det berre likna nervøs desperasjon. Dermed vart han verande sjølvhøgtideleg og kom seg ikkje inn i diskursen mellom dei som ikkje var redde for å tulla med seg sjølve og kvarandre. At Emmanuel ikkje berre kunne koma med ein avvæpnande fleip om sin eigen situasjon, vart dermed noko far28
leg for dei andre. Situasjonen var fastlåst i inntrykket av at han trudde han var betre enn dei, og dette var særleg utoleleg sidan han faktisk var betre på ein unekteleg og objektivt målbar måte. Mogelegvis representerte han eit biologisk framsteg innan seksuell seleksjon, i alle fall hadde skavanken hans dette potensialet, og det kunne på ingen måte aksepterast. Berre små avvik kan tolast i den menneskelege gruppedynamikken; vert dei for store, sjølv om dei i teorien er gode, får ikkje innehavaren forplanta seg. Dette har ein konserverande verknad på det genetiske tilfanget. Kanskje ein god ting, i grunnen, men også noko som skapar liding. Jamaldringar som han før hadde leika ottelaust med, byrja å gå bakom han til og frå skulen medan dei uttalte namnet hans etter det forkrøpla mønsteret Mons Bakka hadde funne på, og snakka høglydt om skavanken på ein måte han ikkje kunne unngå å overhøyra. Sjå for ei sexy gonge, sa dei. Ja, ein går ikkje slik utan å vera ekstremt framtung, berre prøv! Og så kunne det høyrast på stega deira at dei herma etter ganglaget hans, noko som gjorde han altfor sjølvmedviten, slik at han ikkje lenger klarte å gå naturleg. Dermed måtte han freista å gå meir anonymt. Men det merka dei straks, og så heldt dei berre fram verre enn før. Såg han nokon av dei stå frampå vegen, tok han difor stien gjennom skogen heller enn å passera like forbi. På det viset vart han godt kjend i slike far og kunne mellombels forsvinna der inne og berre vera seg sjølv, for det var ingen som leitte etter han eller synte han nokon sympati på grunn av forbanninga han leid under – dei var mest berre takksame over at dei slapp å leita grundigare for å 29
finna noko anna gale med han. Kanskje skulle han jamvel vera takksam for dette sjølv, for han var jo ikkje skuld i skavanken sin. Og endå han skamma seg, kom skamma mest av blikka frå dei andre og ikkje frå tingen i seg sjølv, som berre for litt sidan ikkje hadde vore noko problem, og som rett nok var ein del av han, men ingen vital del, og heller ikkje noko som skulle tyda at han som person og menneske utan vidare var forplikta til å te seg på det eine eller hitt viset. Likevel løynde han lekamen sin for augo deira og pakka seg inn i stadig fleire klede, sjølv på sommaren. På same vis pakka han inn kjenslene, fyrst glede og entusiasme, sidan vonbrot og sorg. Han ville ikkje gje det til dei og gjekk heller omkring som om han mangla eigenskapane til eit menneske som er til stades i livet. Etter kvart fanst det ikkje meir att å løyna i han, og gjennom desse åra vart den glade og livlege guten som utviska av skam og sjølvfornedring. Han gjorde ingen freistnad på å ta seg godt ut. Klipte ikkje håret, trass i mas frå Anna, vaska seg ikkje og gjekk i tilfeldige, altfor store klede. Det jamaldringane sa, vart sanninga, endå det var ei usann sanning, og Emmanuel visste det med seg sjølv, men det var umogeleg å prova at dei tok feil; kvart slikt forsøk ville verta ei anerkjenning av problemet. Han ynskte i staden at han aldri hadde vorte fødd. Han ynskte å sleppa fri til ein stad der ingen kunne nå han, og tenkte seg attende til det no utilgjengelege morslivet, der han såg føre seg at han kunne krympa til eit embryo og snika seg stilt ut av verda same vegen som han var komen, slik at mor og far hans, som han hadde bringa slik ulukke over, kunne halda fram med dei smilande godvêrsdagane 30
dei ein gong hadde klistra inn i det blodraude fotoalbumet nedst i bokhylla på det gamle soverommet. Om berre einkvan hadde teke affære allereie den gongen. Tyngd av desse tankane gjekk Emmanuel med bøygd nakke inn på den salrygga grimslandsløa, der gamalt jordbruksskrammel stod oppstilt langs veggene – utstyr frå tida då gardshestane hadde arbeid. Dyret som no heldt hus der inne, letta ikkje på eit augnelok, stod berre og halvsov, og oppunder taket hang mottetne takstolar med bjelkar som trass elde såg ut til å kunne bera vekta av eit lite menneske. På leiting etter ein krakk eller pinnestol gjekk han inn ei lita dør og stod med eitt i siloen, der lyset frå dagen utanfor plirte gjennom plankane i overbygget. Men der inne fanst ikkje anna enn endå ei dør, som var så tildekt av kingelvev og rusk at ho ville vore umogeleg å få auga på om det ikkje var for den sjeldne solstrålen som nett i denne augneblinken, nett på denne tida av året, smatt inn mellom to av borda på overbygget og peika ho ut for han, som om det var sjølve lagnaden han stod der og stira på. Dermed gjekk han heller og henta ein bleiksliten piassavakost og fjerna rusket med raske strok før han braut opp låsen. Og slik var det han kom over det som synte seg å vera ei bortgløymd boksamling ingen kunne ha rørt sidan oldemora Marta Korneliusdotter Grimsland i løynd hadde etablert ho der inne etter krigen ein gong. Ho hadde vore den einaste der i garden som brydde seg med verdslege bøker, men dette må ha vore ein såpass pinleg syssel for ei vêrbiten, vestlandsk fiskarbondekone at ho hadde sett seg nøydd til å gøyma den vesle halvmeteren med bøker innfor siloen og 31
ikkje ha anna enn Den heilage skrifta oppi våningshuset, så ingen skulle mistenkja gardsfolket for å ha tåkefyrstar i hus. Rommet, med grunnflate som ein gjennomsnittleg utedo, var bygd innunder løebrua like etter krigsutbrotet og på utsida tildekt av det som ein gong må ha vore ein kvisthaug, men som no var så mosegrodd at han like gjerne kunne ha vore ein jarnaldermotting. Folk hadde vore så opptekne med det daglege arbeidet gjennom etterkrigsåra at ingen hadde brydd seg med å undersøka kva som eigentleg fanst under haugen; området kunne uansett ikkje nyttast produktivt. Forunderleg nok hadde tilbygget halde stand mot vestlandsvêret, ikkje utan hjelp frå mosen si fabelaktige evne til å suga opp væte. Dermed verka det som om bøkene var uskadde, om ein då såg vekk frå at det var mott i dei, endå dyra openbert hadde føretrekt furuveden i den gamle gyngestolen og bordet som stod der inne. Eit halvbrent talglys stod framleis på bordflata – truleg det einaste konstruksjonen orka å bera. I den vesle boksamlinga skal det ha funnest namn som Rousseau og Kierkegaard, og elles nokre historiske verk, og det er vel ingen som heilt sikkert veit i kva grad Emmanuel den yngre las noko av dette, men han skreiv mykje der inne, i notatbøker han stal frå skulen, og sikkert er det at han sat mange stille stunder på løa, berre i selskap med hesten og den gamle tohjulstraktoren som far hans hadde køyrt tømmer frå skogen med. Sidan Emmanuel var fysiologisk ute av stand til å onanera utan å missa medvitet, er det i alle høve ikkje utenkjeleg at han nytta tida der inne til andre ting, til dømes lesing. Men endå motten ikkje hadde vore så verst på bøkene, fanst 32
det likevel bokstaveleg talt hòl i kunnskapen. Så er det no òg slik filosofien og den lærde kunnskapen utviklar seg: ikkje alltid ved at noko nytt vert lagt til, men ved at bitar av noko gamalt, utan omsyn til kvalitet, vert luka vekk, anten det no er folk eller andre krek som gjer jobben. Det meste av antikkens kunnskap vart trass alt fjerna av bokorm før klostervesenet og Gutenberg fekk klørne i det – ein innsats me truleg burde vera meir takksame for; det ville beint fram vore for mykje for oss med alt som var tenkt før. Stundom må det lukast i verdas kunnskap, for han er ikkje verd meir enn menneskas evne til å ta han til seg. Og finst det eit og anna stimulerande hòl, kan det vera skire lukka, for dei stadene som må fyllast med eigne idear, skjerpar hugen. Noka betre forklåring på korleis Emmanuel Miklastaur vart forma, finst kan henda ikkje, men at dei mottetne bøkene har del i det, er ikkje til å koma frå. Slik er det òg dei raraste samantreff som ligg bak livssogene til kvar og ein av oss. Paradokset i dette tilfellet er at Emmanuel ved å lesa desse løetekstane burde ha utvikla seg i ei heilt anna retning enn han gjorde. Slik sett kan ein gjerne tru at Marta hadde gode grunnar for å løyna dei så godt som ho gjorde.