Skip to main content

Men kva veit vi om barna

Page 1

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

1

16:41

Side 1


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Rakel Solstad

men kva veit vi om barna Noveller

Samlaget Oslo 2013

Side 3


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 34


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 5

katten heng p책 veggen


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 6


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 7

Dei svarte og kvite teikningane i linoleumsgolvet strekkjer seg i alle retningar i det store kjøkkenet. Sigge står stille midt i rommet og lèt blikket følgje figurane der dei kryp inn under kjøkkenbordet og stolane, under krakken ved omnen, stansar ved vedkassa og kjøkkenbenken. Døra til gangen står open. Døropninga er full av lys frå ettermiddagssola. Brått står storebroren i døropninga; han kastar ein lang skugge over figurane i golvet. Sigge set eine foten fram, oppå skuggen. Karl blir ståande. Sigge stiller seg med begge føtene oppå skuggen og ser mot broren, som blir stor og mørk av å stå midt i lyset. Så er Karl borte. Den breie solstrima har varma opp linoleumen. Sigge stiller seg midt i lysstripa og ser sin eigen skugge falle langstrekt og ukjenneleg ut over kjøkkengolvet.


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 8

i hjørneskapet Den vesle guten i kvit skjorte med blondekrage stod ved ein høgrygga stol, med eine handa på armlenet. Han såg engleaktig kvit og uverkeleg ut. Han stira alvorleg på Sigge. Han døydde av tuberkulose, sa mor. Sigge såg på guten på biletet. Eg hadde lungebetennelse! Han såg på mor: Dokteren sa at eg nesten døydde! Ho strauk han over håret: No går vi ut til dei andre. Ho lyfta Sigge ned frå fanget. Så lukka ho albumet og la det på plass i hjørneskapet. Fotografiapparatet låg oppå hjørneskapet. No sette faren den svarte boksen på sofabordet, nær kanten, mellom kakefatet og kaffikoppen til Jon. Jon skal ta bilete av oss alle, sa han. Sigge såg på Jon, som hadde kome på søndagsbesøk og fekk kaffi og formkake og fortalde historier som dei vaksne lo av. Jon var den som lo mest, mens han forsynte seg med nye kakestykke. Han snakka og lo med kake i munnen, kakesmular frå den store munnen hans fall ned på blomstrane i duken. Sigge gjekk nærare og festa blikket på den svarte boksen; han hadde aldri vore så nær fotograferinga før. Han stira. Han la handa på duken og såg på faren på andre sida av bordet. Fotograferinga hadde ei lang reim som låg utover bordet, 8


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 9

det såg han no, ei slik ein kunne ha over hovudet. Kjapt greip han reima og trædde henne over hovudet sitt. Stova blei fylt av høge rop: Mora, Jon, faren: Kva er det du gjer? Ver forsiktig! Slepp fotografiapparatet! Han reiv reima av seg – og sleppte. Jon greip tak før fotografiapparatet ramla i golvet. Sigge stira forskremt på dei opphissa ansikta. Han hadde gløymt det; berre faren kunne ta i fotograferinga, og Jon. Du må ikkje røre fotografiapparatet, kan du skjøne! I stemma til mora låg ein dask han ikkje fekk fordi det var framande til stades. Vi må ta biletet ute, sa Jon. Mora stansa ved spegelen i gangen og drog ein kam gjennom håret sitt og ordna kragen på dei kvite søndagsskjortene til Karl og Sigge. Jon bad dei stille seg ved husveggen med ansiktet mot sola. Han opna den svarte boksen og la han på graset. Sigge såg på det Jon heldt i handa. Fotografering hadde aldri hendt han før. Jon lyfta fotografiapparatet opp framfor seg. Nesten heile ansiktet hans forsvann bakom. Sigge gløtta på dei andre. Faren såg alvorlegare ut enn vanleg, han stira rett på Jon. Alle var stille. Ei uklar frykt tok tak i Sigge; det var noko han nesten kom på. Han såg opp på storebroren; Karl såg ut som vanleg. Sigge fekk eit spark på leggen. Jon sa: Åh – no tok eg dykk nesten! Sola stakk i auga. Det grøne graset rundt føtene til Jon var nesten svart. Skulle Jon ta dei? Sigge heldt hendene framfor ansiktet og kika på Jon mellom fingrane. Jon hadde gøymt seg bak fotografi9


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 10

apparatet igjen. Det var da Sigge såg auget. Eit firkanta, blankt auge var stilt beint mot han. Jon var forsvunnen bakom det stirande auget, han var blitt fotograferinga, var blitt dokteren som lyfta det blanke røyret som hang rundt halsen hans, og pressa det iskaldt mot det nakne brystet til Sigge. Den døde guten i albumet, lungebetennelse og tuberkulose og fotografering! Og faren si alvorsfulle stiring. Utan at han merka det, flytta føtene hans seg litt vekk frå dei andre. Mora greip han i armen. Grepet gjorde den uklare frykta til stadfesting. Han sprang over grusen, snubla opp den låge tretrappa og ramla på magen inn på ganggolvet. Einkvan ropa. Sola stod inn av vindauget og fylte gangen med lys. Døra til kjøkkenet stod open. Han rusa inn, smelte døra i og kasta seg under kjøkkenkrakken. Kjøkkenet var halvmørkt og stort. Krakken var eit gjerde til alle kantar, med tak på, det heldt han i ei fast, god klemme. Hjartet klappa fort og sterkt. Nokon trampa ute i gangen. Han høyrde faren kome inn i kjøkkenet, døra stod open etter han. Lyset frå gangen la seg i ei tjukk, brei stripe utover kjøkkengolvet. Noko varmt og vått rann innanfor kleda hans. Han hiksta. Faren fekk auge på han. Du skal vel vere med på biletet, sa han. Han høyrdest som han hadde det travelt. Han snakka høgt inne i det tomme kjøkkenet. Sigge gjorde seg ørliten under krakken. Faren bøygde seg ned og greip om armen hans: Kom no. Sigge snufsa eit nei. Visst skal du vere med! sa faren og fjerna krakken. Utan vidare lyfta han Sigge opp i armane sine. 10


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 11

Forundra var han med eitt på høgd med hovudet til faren. Han kunne ikkje hugse at faren hadde lyfta han så høgt nokon gong. Det var underleg å sjå ned på golvet og krakken herfrå. Faren klemde han inntil seg og begynte å gå. Da hugsa han det firkanta, blanke auget. Han skreik, sette hendene mot skuldrene til faren og ville ned. Faren heldt hardare. Lyset inn gjennom gangvindauget blenda han, det store, rufsete håret til faren klemde mot kinnet hans. Sigge greip tak i håret med begge hendene og lugga. Han skreik: Eg vil ikkje vere i hjørneskapet! Faren sleppte han. Han såg på Sigge og liksom glatta over håret med hendene sine. Så gjekk han ut til dei andre. Sigge blei liggjande på det støvete plankegolvet. Hjartet dunka. Han høyrde at mora og Jon ropa, og at faren sa noko med låg stemme. Det nye fotografiet låg ein dag på kjøkkenbordet. Det var sommar på biletet, det kunne Sigge sjå fordi det var gras på marka. No var det snø på vindauga, og den store lampa over bordet var tend. Det er siste biletet av far, sa mor. Og av meg og far! Det var Karl som sa det. Han såg på Sigge. Kor er Sigge? spurde han og peika på fotografiet. Sigge såg på Karl og såg at han visste, men at han likevel spurde. Sigge såg på mor. Han er ein stad utanfor biletet, sa ho. Ho smilte da ho sa det.


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 12


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 13

Skoleinternatet er eit kvitt hus øvst i bygda. Å sjå til er det som eit lite slott, men utan konge og dronning. Verken prinsar eller prinsesser veks opp der, berre internatungar. Innanfor høge vindauge tumlar dei rundt mellom dei nakne veggene i sovesalane og korridorane, overlatne til vide golvflater under store, kvite lyskuplar festa i taket. Overlatne til dei rituala og den rettferda og justisen ungane sjølve til kvar tid opprettar og handhevar. Større sysken kan verne små sysken, eller dei nyttar høvet til å tyne dei små i fråvær av foreldra. Etter at husmor har lese kveldsbøna og sikra seg at alle er oppi sengene sine, og etter at lyset er sløkt, høyrest låg song frå jenterommet. Det er dei gamle songane, om Tullingen, Bybrannen og Så bitter kold blåser nordenvinden. Det er Hvite måke og Måne du tilgir vel at jeg. Det er songar frå radioen oppe på veggen i matsalen, frå Ønskekonserten som dei sit der og høyrer på om måndagane. Om morgonen kjem bygdeungane. Dei blandar seg med internatungane i klasseromma og ute i leiken i friminutta. Når skoledagen er slutt, går dei heim.


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 14

bak vedskjulet Dei store hadde sagt at berre ein av dei små skulle få vere med. Sigge visste ikkje heilt kva det var dei skulle få vere med på, men han ønskte å vere den som blei vald av dei store. Det var Karl som kom. Han la handa si på skuldra til Sigge. Dei andre stansa i leiken og såg nysgjerrige etter han. Katten hang på vedskjulveggen. Frå tre av føtene og frå hovudet på katten gjekk hyssingstumpar som var festa i spikrar på veggen. Det høgre bakbeinet hang slapt ned. Innimellom opna han munnen og skreik. Dei store gutane kasta våte jordklumpar på katten. Det var ein skiten katt, og no kasta dei jord og søle på han så han blei meir skiten. Snart ville han vere så skiten at ingen ville kunne sjå at det var ein katt, at det var katten som bruka å sitje i vindauget til husmor og sjå ut på dei. Jordklumpane trefte veggen med harde dunk og med mjukare klask når molda trefte katten. Dunkinga og klaskinga blei følgd av hauking og rop frå kvar som kasta. Gutane såg varme og oppglødde ut, dei såg ut som dei gjorde eit arbeid. Katten på veggen, dei oppøste gutane og den mørke ettermiddagshimmelen laga ei eiga verd som var skild frå leiken og verda på andre sida av vedskjulet. 14


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 15

Sigge kjende handa til Karl på skuldra. Handa skubba han framover. Han var ikkje ein som blei vald. Han var blitt henta. Gutane stoppa midt i ropinga og snudde seg mot Sigge; dei fire gutane blei som ein heil flokk som stod der og stira. Ansikta deira likna kvarandre. Munnane rørte seg som dei sa noko. Men han høyrde ikkje kva. Handa til Karl skubba han vidare framover, inn mellom dei. Gutane flytta på seg og gjorde plass for han der det skulle kastast frå, lét han forstå at han no var ein av dei. Handa til Karl sleppte ikkje. Sigge bøygde seg og samla våt jord i eine neven. Grepet i skuldra sleppte. Kast, da! sa ein. Lydane var tilbake. Han retta seg opp og lyfta armen. Den blaute molda løyste seg opp og rann ut av handa hans. Kast! Det var Karl som sa det, han la igjen handa si på skuldra til Sigge. Kastet trefte marka framfor katten. Ein gong til! Stemma til Karl var roleg, men handa på skuldra klemde hardare. Sigge greip ein klump med jord, kasta og trefte midt i gapet på katten da han skreik. Gutane jubla. Det rann noko tynt, grønleg ut av katten. Ein gong til! Handa til Karl var der igjen. Sigge greip ein ny klump med jord, armen og handa hans lyfta seg på nytt, kasta. Karl sleppte taket i skuldra. Gong etter gong lyfta armen og handa seg og slengde ut nevar med jord og søle. Også dei andre var i gang igjen, og Sigge opna munnen og laga rop og haukelydar som dei andre og kjende at dei høge lydane gav meir kraft til å lyfte og kaste, såg at moldklumpane trefte betre. 15


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 16

Det kom ein ny lyd, ein lyd som liksom vekte han. Lyden kom frå katten, ein fælsleg, jamrande lyd. Mold og gjørme klistra pelsen tett inntil kroppen, det rann brunsvart jord og søle nedover vedskjulveggen. Blod rann nedetter innsida av halen. Nokre hadde teke til å kaste stein. No var det ikkje berre dunke- og klaskelydar, men også lyden av stein. Karl kasta ikkje, han gjekk rundt og passa på at alle dei andre kasta. Slik det hadde vore ved flaggstonga. Ein huiande og skrikande gjeng med gutar sprang rundt flaggstonga med ei lang snor. Det var ein leik. Dei sprang rundt og rundt, og for kvar gong surra dei Sigge fastare til stonga. Karl stod i utkanten og såg på. Han lo. Sigge lo også. For kvar runde blei det surra strammare, først beina, så høgare og høgare opp, til tauet nærma seg brystkassa. Da slutta han å le, han la armane i kross over brystet og prøvde å halde snora unna. Så blei snora festa, mens gutane hoppa og dansa rundt han og skreik: Kom deg laus! Kom deg laus! Så ringde husmor med matklokka, og Karl ropa: No er det kveldsmat! Så la han på sprang saman med den støyande flokken. Sigge seig ned på bakken med armane om hovudet. Det stramma rundt brystet, slik som den gongen ved flaggstonga. Han hadde ikkje greidd å halde snora unna, kvar gong han drog pusten, hadde ho stramma seg. Men dei stansa ved skuldrene, da var det ikkje meir snor igjen. Med eitt var grepet i skuldra der igjen. Karl drog han opp, sette auga i han: 16


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 17

Hugs at du er den av småungane eg valde til å vere med! Sigge ville ikkje sjå auga hans. Han såg på gutane som kava og sjaua omkring på den gjørmete bakken; dei såg slitne ut. Også han kjende seg sliten. Ingen lyd kom lenger frå katten. Men det rykte i høgre bakbeinet. Ein av gutane løyste katten frå veggen, lét han henge etter snøret rundt halsen og heldt han ut framfor seg. Ein annan drog ei sekkefille nedover vedskjulveggen. Så hadde dei oppi noko som ikkje lenger såg ut som ein katt. Dei andre hadde gått inn frå leiken og sat rundt bordet i matsalen med lekser til morgondagen. Sigge blei ståande i døropninga. Dei stira nyfikne på han. Læraren bad Sigge hente bøkene sine. Han fann ei rein side i kladdeboka. Ei stund blei han sitjande og sjå på den kvite boksida. Så begynte han å skrive inn tal, alle tala han kunne kome på, også dei over hundre og tusen. Han dekte heile sida. Så la han hovudet på boka og begynte å gråte høgt.


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 18


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 19

Du kan grue deg til du må på internatet, seier Karl. Eg gruar meg ikkje, svarar Sigge, eg kan lese, så det treng eg ikkje å grue for. Det er mange andre ting du må grue deg til, seier Karl, dette for eksempel: Han klip Sigge hardt i armen. Au, seier Sigge. Og dette: Karl grip tak rundt Sigge og slengjer han over ende på marka. Sigge reiser seg. Dette da, seier Karl, han klatrar opp på rekkverket som går rundt verandaen, står der litt før han balanserer bortover den øvste planken og hoppar ned. På internatet må du balansere på noko som er mykje høgare, seier han. Sigge klatrar opp på rekkverket, mistar balansen og blir liggjande på marka. Han tek til å gråte. Karl legg seg over han. Og dette, seier Karl, og stikk ein finger inn i buksebaken på broren.


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 20

om natta Han vakna av at døra gjekk opp og igjen. Så var det på nytt stille, berre dei vanlege sovelydane frå dei andre. Sovesalen låg i mørker, berre med eit svakt skin frå utelampa. Han låg på høgre sida med ansiktet klemt ned mot sengekarmen og panna pressa inn mot veggen bak. No vakna han heilt, dels av lydane frå døra, dels av den vonde stillinga. Han blei liggjande og lytte ut i rommet. Kva hadde hendt? Hadde han drøymt igjen? Han snudde seg forsiktig. Lyset frå utelampa teikna vindauga som store, matte krossar på veggen midt imot. Tvers over døra og vaskeservanten stod dei streka opp, urørlege og velkjende. Denne gongen hadde dei vore fleire. Det gjorde vondt i kroppen. Dei hadde halde han, han hadde ikkje skrike, da ville det blitt verre. Han hadde berre liksom blitt borte, det var noko han hadde øvd på. Dei hadde kviskra, likevel visste han kven dei var; han såg omrissa av dei og kjende lukta av dei. Nokre netter fann dei han ikkje. Etter at lyset var sløkt, lista han seg ut, som for å gå på do nede i kjellaren. Ute i den opplyste, tomme gangen sprang han barbeint opp først ei trapp, så ei trapp til, før han stod heilt øvst, ved inngangen til tørkeloftet. Ved å lirke litt med låsen kunne han skyve døra lydlaust opp. 20


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 21

Loftet låg i mørker, også gavlvindauget var mørkt. Det var eit mørker han kjende; han var ni år, og han var ikkje redd for mørkret. Han kunne høyre lydar frå andre sida av loftet, som var hyblar for hushjelpene. Det kjendest trygt. Langs eine langveggen stod stabla pultar, bord og stolar som ikkje var i bruk. Der hadde han laga seg ein plass, med hjelp av ullteppe som låg lagra i store kasser. Når han kraup gjennom labyrinten av stolar og bord, fann han gøymestaden. Enno var han trygg der, om han berre var i senga si når dei andre vakna. Hushjelpene sov på hyblane sine, og husmor låste ofte dørene inn til romma sine om kvelden. Han sette seg opp i senga. Han måtte på do, men visste ikkje om han torde. Det gjorde vondt i panna. Med ein finger kjende han at sengekarmen hadde laga ei fòre skrått over eine augebrynet. Han la hovudet på knea og gret. Han sat slik til han begynte å fryse. Rommet var ikkje lenger så mørkt, han sette føtene ned på det kjølige golvet og tok seg forsiktig bort til vindauget. Han kraup opp i den breie karmen og kjende varmen strøyme opp frå radiatoren under. Varmen lindra. Kva var det som hadde hendt? Han hadde eit vagt minne om at noko blei stukke opp i han der bak. Dei hadde halde han i føtene, og ein hadde lagt seg over han og pressa han ned i senga, ei hand hadde klemt han over munnen. Han skreik ikkje, men hadde prøvd å bite. Karl, broren hans, hadde vore ein av dei; den harde, tørre neven rundt eine foten, det var Karl. Og Roar – han var der. Han kom på ein draum, eller det var noko som hadde hendt? Han blei lagd på sjuke21


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 22

rommet, det var seint om kvelden. Det klødde over heile kroppen, hadde gjort det i fleire dagar. Husmor kjemde gjennom håret hans for å sjå om han hadde lus, men fann ikkje noko. Så henta ho ei flaske med kvitt vatn i, tok av han kleda og tok til å gni inn kroppen hans med det kvite vatnet. Vatnet var kjølig og godt mot huda. Han lika ikkje å vere naken, men hendene til husmor var faste og greie. Han høyrde radioen inne frå stova hennar, mannestemmer, eit høyrespel. Han prøvde å lytte. Ho begynte med armane og skuldrene, gnei ryggen og rumpa og baksida av beina, snudde han rundt og gnei brystet og magen og lår og legger. Det var uvant å bli handsama slik, men det var godt å sleppe kløen ei stund, og etter kvart slappa han av. Han var søvnig, det var seint på kveld. Han ville halde seg vaken, men lukka likevel auga. Lydane frå høyrespelet var no meir som ein jamn dur. Han heldt på å sovne. Da blei han heilt vaken; husmor gnei han inn med det kvite vatnet i skrittet. Handa hennar hadde lukka seg om tissen hans. Han rykte til. Ho la andre handa på brystet hans, liksom roande, mens ho heldt fram med å gni der nede. Han vrei på seg, ville snu seg over på magen. Så skjedde alt på ein gong: Døra til sjukerommet blei brått riven opp, og tre av dei store gutane stod der og ropa at Sigge var vekke, før dei blei ståande og glo inn i rommet. Sigge kasta seg rundt i senga. Husmor stilte seg opp framfor gutane. Ja takk! sa ho. Kom dykk i seng! Det var det ho sa: Ja takk! Sigge høyrde latteren deira bortover gangen og ned trappa til sovesalen. Husmor drog dyna over han og forlét han med eit fort god natt. Han blei liggjande på sjukerommet 22


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 23

den natta, utan å sove, skremd over det som hadde hendt, livredd for at husmor eller gutane skulle kome tilbake. Han greidde ikkje å avgjere kva som var verst. Han la panna mot glasruta og kvilte mot det kjølige, stille mørkret. Ein skugge skilde seg ut frå mørkret nede på bakken. Skuggen flytta seg med små, glidande rørsler. Han følgde han med auga. Som eit spøkelse smaug ein kvit- og svartflekkete katt over den snødekte bakken. Jo, han måtte på do. Han lét seg gli ned frå vindaugskarmen, lista seg bort til døra, smatt ut i gangen og lukka stille etter seg. Der blei han ståande. Lyset i gangen utanfor var slått av, men den breie, svingete trappa ned var opplyst av den kvite takkuppelen i korridoren der nede. Han tok eit skritt i retning trappa. Stansa og lytta, han måtte forbi sovesalen til dei store gutane nede i korridoren. Alt var stille. Eit par skritt og han var framme ved trappa. Da høyrdest ein lyd, ein knepp, eit dunk. Han klemde seg inntil veggen og drog seg bakover. Det blei igjen stille, han høyrde heller ikkje sin eigen pust. Døra inn til matsalen rett ved var ikkje låst. Utan å tenkje skauv han henne opp. Matsalen var stor og lukta av tjukke, smaklause brødskiver. Brødskivene låg på store, blanke fat. På brødet ost, leverpostei, syltetøy frå svære spann under benken i spisskammerset. Husmor gjekk rundt og fylte meir brød på fata, meir mjølk frå store, blanke mugger, oppi dei blanke koppane. Rustfritt stål. Ein gong da han var mindre, blei det laga konkurranse om å sitje finast ved bordet. Førstepremien var ei lita bok om Litle fuglen. Han vann. Fuglen på framsida av 23


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 24

boka var magisk raudgyllen og blå, han sat med raudt, ope nebb på ein grøn kvist. Han opna boka og las: Litle fuglen sette seg på kyrkjespong, Gud råde. Han song så fager ein ottesong, Herre Gud sende oss sin nåde. Litle fuglen sette seg på lindekvist, Gud råde. Han song så fagert om Jesum Krist, Herre Gud sende oss sin nåde. Det var underlege vers. Lenge kunne han dei utanåt. Men misunninga frå dei andre gjorde at han kjende skam og skuld og var redd for hemn. Versa med dei dunkle orda fekk noko trugande ved seg. Kyrkjespong grubla han mest på. Men aldri tenkte han på å spørje nokon; han visste at fordi han hadde vunne, måtte han ha det løyndomsfulle for seg sjølv. Han snubla bort til eit av dei store borda. Fort krabba han inn under benken dei bruka å sitje på, og blei liggjande, samankropen. Med bordplata over, benkar på begge sidene og voksduken som hang ned frå bordkanten, kunne han puste igjen. Han låg på same måten som ein gong da han var liten. Nokon skulle ta bilete, og han var redd for fotografiapparatet og gøymde seg under ein krakk på kjøkkenet heime. Og faren, som han no nesten ikkje kunne hugse, kom og fann han og lyfta han opp. Nye lydar nådde han i det same, lette, stille skritt frå kjøkkenet, og ei smal lysstrime fall plutseleg ut over golvet. Tårene tok til å renne igjen, han kjende seg fanga, plaga, prisgitt. Lysstrima blei brått større, og personen der ute skritta inn i matsalen og skauv igjen døra til gangen. Han kjende igjen føtene til Mina, den yngste av hushjelpene, ho var komen ned baktrappa frå hybelen på loftet, kanskje for å hente seg mat på 24


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 25

kjøkkenet. Ein hikst slapp ut av han. Mina stansa. Han kunne ikkje sjå det, men no stod ho der og såg seg rundt og lura på kor lyden kom frå. Han heldt seg for munnen med begge hendene. Kroppen hans begynte å skjelve, snart orka han ikkje å gøyme seg lenger; han ønskte å bli funnen, og Mina var ei han kunne la seg finne av. Kanskje ville ho seie at han kunne bli med til hybelen, kanskje ville ho lage varm kakao til han, før han måtte tilbake til sovesalen. Alt dette tenkte han mens føtene til Mina stod stille på golvet like bortanfor. Så stod ho ikkje der lenger, berre gjekk rett tilbake til kjøkkenet og lukka døra etter seg. Baktrappa gjekk frå loft til kjellar. Så snart han høyrde at Mina hadde igjen døra oppe på rommet sitt, kraup han fram frå skjulestaden, kom seg ut på kjøkkenet, ut i baktrappa og ned i kjellaren. Lyset utanfor doane var på. Med eit visst strev fekk han gjort det han skulle, og lista seg opp same vegen. Tilbake i matsalen stansa han og blei ståande i mørkret ei stund, men han var for sliten og kald til å tenkje meir, og trongen til å sove overvann redsla. Men auga ville ikkje lukke seg. Med vidopne auge låg Sigge og lytta etter lydar: frå gangen og frå trappa ned til sovesalen til dei store gutane, frå matsalen og kjøkkenet. Men det var stille, berre dei andre sine sove- og pustelydar. Var det ein lyd frå kjøkkenet? Han hadde late dørene til kjøkkenet og matsalen stå opne. Var det Mina? Sigge reiste seg opp på olbogen, lytta. Men det var stille. Han la seg ned igjen. Guten som låg nærast døra, begynte å hoste, først 25


Men kva veit vi om ferdig.qxd:A

25-06-13

16:41

Side 26

ein gong, s책 ein gong til. Han hosta skikkeleg, det skurra i brystet hans. Kanskje kunne han bli sjuk, bli smitta av han som hosta, bli ordentleg sjuk, med feber og masse hoste, slik at han m책tte vere heime? Han ville bli sjuk no i natt. Guten hosta fleire gonger. Sigge snudde seg med ansiktet mot guten.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Men kva veit vi om barna by Det Norske Samlaget - Issuu