Skip to main content

Men ikkje Maria

Page 1

Erlend Kaasa Thunder Road. Roman. 2009, 2011 Livius. Roman. 2015


Erlend Kaasa

Men ikkje Maria Roman

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Jesper Egemar Førtrykk: Type-it AS Skrift: 10,9/15 pkt. Minion Pro Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9778-5

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


v ĂĽ rs u ma r h aus tv i n t er


*** Ho vaknar med eit rykk og er forundra over at ho ikkje ligg i senga si. Ho høyrer brekande sauer. Og langt borte ein gøyande hund. Stråa rundt henne er så høge at dei når henne over hovudet, sjølv etter at ho har sett seg opp. Ho gnir seg hardt i auga. Dette er ingen draum, tenkjer ho. Ei humle summar forbi. Så hugsar ho, og brått er ho redd igjen. Ho klyp seg sjølv i kinna, skjønnar ikkje korleis ho greidde å sovne i stad. Jordet er heldigvis stort og vidt. Men fjella bak garden er like bratte som alltid. Og i kanten av jordet står skogen. Mørk og trugande. Røyklukta er nesten borte, men ryggen svir berre meir og meir. Når ho stryk fingeren over den brende huda, er det som å ta på smelta ost. Ho vågar ikkje røre seg, sjølv om grastustane stikk som nåler mot dei nakne leggane hennar. Eit insekt har kravla inn under linningen på shortsen. Ho får det føre seg at det vil bringe ulukke å vifte det vekk, så ho let vere. Det klør. Så høyrer ho det, namnet sitt. Det er mora som ropar. Ho kan høyre på røysta at mora ikkje er sint lenger. Så høyrer ho mannen. Ho er overraska over kor roleg han er. Mannen ropar ikkje, men seier fram namnet 7


hennar som om det var eit spørsmål, med eit venleg, lokkande mæle. På avstand høyrest det nesten ut som at han er snill. Ho knip att auga og held seg for øyra. Det klør og stikk, og ryggen svir. Framleis kan ho høyre mannen, men innanfor handflatene blir lyden av namnet hennar berre ei fjern, ullen mumling. Det får henne til å kjenne seg litt betre. Etter ei stund teier mannen. Ho gløttar på det eine auget. Så det andre. Varsamt tek ho hendene bort frå øyra. Sauene brekar. Hunden gøyr. Sola brenn i kinna, som bankar i takt med hjarteslaga hennar. Så seier mora noko, for lågt til at ho kan høyre det. Mannen svarer, endå lågare. Ho legg merke til at røystene deira liksom spaknar, og forstår at dei er i ferd med å gå vekk frå jordet, tilbake mot tunet. Men ho er framleis like redd, ho veit at det ikkje er over. Ho ventar til røystene har forstumma heilt før ho trekker leggane til seg slik at ho blir sitjande på kne. Skogen buldrar framom henne, berre eit lite steinkast unna. Ho har aldri vore så nær han før, i alle fall ikkje åleine. Ho kjenner at det kjem sivande ein kjølig trekk ut mellom trestammene. Det er som om skogen pustar på henne, med ein stiv og kald ande. Ho hutrar. Så byrjar ho å krabbe mot skogkanten. Stråa stikk ikkje like mykje når ho rører på seg. Men no er det nesten som om ho saknar det, å bli stukken, for skogsanden blir berre stivare og kaldare di nærare ho kjem, og stikkinga ville kanskje ha gjeve henne noko anna å tenkje på. Likevel krabbar ho vidare, utan å ta pausar undervegs, og snart er ho framme ved gjerdet i enden av jordet. Ho kikkar seg tilbake før ho klatrar over. Tårene har sløra til synet hennar, og ho klarer ikkje å sjå om mannen og mora står ute i tunet, eller om dei har gått inn. Idet ho slepper seg ned på den andre sida av gjerdet, plumpar ho uti eit lite myrhol 8


med den eine foten. Ho kvekk og bykser opp på ei tuve like innanfor gjerdekanten, der ho blir ståande og klamre seg til ein flisete stolpe medan hjartet slår som ein hakkespett mot bringa hennar. Når ho slepper taket i stolpen, kjennest det som om føtene visnar under henne. Ho legg handa tilbake på stolpen for ikkje å falle. Etter ei stund slepper ho taket på ny. Denne gongen kjenner ho seg litt støare, men ikkje stø nok. Ho grip tak i gjerdet igjen. Pustar ut. Så slepper ho det, svaiar, grip det, slepper det, svaiar, att og fram, igjen og igjen, og for kvar gong kjenner ho at skjelven i føtene langsamt blir fordriven, heilt til ho kjenner seg sterk nok til å ta eit steg bort frå gjerdet. Det svimrar for henne, men ho fell ikkje. Ho tek eit nytt steg. Og eitt til. Stiltrar seg baklengs innover i skogen. Ho vågar ikkje å snu seg bort frå gjerdet og må ta seg føre med hendene for å unngå å kollidere med trea, som står bak henne, tett i tett. Eit stykke inne i skogen byrjar det å prikke nedover låra hennar. Ho tenkjer at det er insektet som er i ferd med å kravle ut av shortsen, før ho innser kva det er: Ho tissar på seg. Det berre renn og renn. Sokkane og skorne blir våte, men ho kan ikkje stanse. Ho må vidare. Der er ingen andre vegar å gå. Skal ho kome seg vekk, må ho gjennom denne fryktelege skogen. Gradvis blir ho omslutta av eit flettverk av greiner, som gror saman til ei mørk, snirklete ramme rundt det solbaka jordet og tunet bak. Det siste ho ser før skogen snurpar seg att framom auga hennar, er huset ho har budd i sidan ho blei fødd. Ho tørkar tårene. Heile livet har skogen vore den nifsaste staden ho visste om. Heile livet, fram til no. ***


1

Fjellsida var bratt. Lusitanoen sleit. Hovane slura mot det rustraude berget. Eg slo av på farten, førte hesten sidelengs, leita etter farbare renner i fjellsida. Til slutt måtte eg gje opp. Eg steig ut av salen og tok fatt på det siste stykket til fots. Då eg nådde toppen, støkte eg ut to store fuglar. Kondorar. Dei flaug ikkje bort, men gav seg til å sirkle over hovudet mitt. Eg gjekk bort til kadaveret dei hadde ete av. Det var ein villhest, kvit som snø. Døden hadde enno ikkje teke venleiken frå han. Eg stega over hestehovudet og gjekk fram til sørenden av platået. Derifrå hadde eg utsyn til dei andre buttane, som stakk opp av dalbotnen som spirlause, gaudiske tårn. Diez Coronas. Dei ti ruvande kronene i Nuevo Paraíso, salva til majestetar av naturens eigne oljar, gjennom millionar av år med forvitring og erosjon. Ei bleik søyle av røyk steig opp over dei fråflytta murhusa i Torquemada. Eg fann fram kikkerten. Selestino Herrada var ikkje åleine. Eg talde fem mann. Idiotane gjorde ingenting for å løyne tilfluktsstaden sin. Kvifor skulle dei det? Torquemada var bortimot uinntakeleg, omkransa av stupbratte gjel i tre av fire himmelretningar. Den einaste vegen inn til landsbyen gjekk via ei fjellhylle, som danna ei smal bru mellom 11


landsbyen og mesaen bakanfor. Ein skarpskyttar i klokketårnet ville kunne ta ut kvar minste fluge som nærma seg. Eg måtte gamble på at Herrada hadde slurva med vakthaldet. I så fall ville eg kanskje klare å krysse mesaen før helvetet braut laus. Eg klatra ned frå platået og fann lusitanoen der eg hadde forlate han. Idet eg steig opp i salen, høyrde eg skrika frå kondorane. Dei var ikkje lenger synlege på himmelen. Eg rei langsamt ned mot botnen av dalen. Etter kvart som terrenget flata ut, auka eg farten, og snart sprang hesten i full galopp mot søraust. Eg stansa ikkje før eg var ved foten av mesaen. Eit samanhengande belte av opuntiakratt hadde flamma opp langs dei loddrette fjellsidene. Eg måtte leite ei stund før eg fann inngangen til skaret som førte til toppen. Passasjen var så trong at det berre var så vidt hesten smatt gjennom, men då han fyrst var komen forbi, vida skaret seg ut og blei til det som viste seg å vere ei underleg symmetrisk glipe mellom fjella, som stod der som mektige, labyrintiske murar. Det einaste utsynet eg hadde, var oppover, mot ei smal, blå himmelstripe mellom dei skuggelagde fjellveggane. Så lenge landsbyen var ute av synsfeltet mitt, kjende eg meg avslappa og trygg. Men då eg nærma meg toppen av skaret og fjella breidde seg ut til sidene, dukka klokketårnet opp, som ein forderva finger over horisonten i vest. Eg stansa hesten og løfta kikkerten. Tårnet var tomt. Det einaste teiknet til liv var bålrøyken. Eg rei langsamt vidare, utan å sleppe blikket frå tårnet, som etter kvart voks seg høgare og fekk selskap av dei andre husa i landsbyen. Ved toppen av skaret flata terrenget ut, og lendet opna 12


seg. Eg oppdaga at mesaen ikkje hadde den rektangulære forma eg hadde venta, men at han bukta seg i ein sval boge, som ein fiskekrok, der eg befann meg på spissen, som eit agn, og Torquemada danna eit slags auge i enden av det ruglete krokskaftet. Landskapet framom meg var goldt, med unnatak av ein og annan pistrete kranseblomekvast, bølgjande i vinden. Der var ingen kollar eller høgdedrag, ingenting å gøyme seg bak, bortsett ifrå tuftene etter det som måtte vere eldgamle, indianske busetnader, spreidde utover det opne lendet som velta brikker på eit sjakkbrett. Eg sikta meg inn på den næraste tufta, ein smuldrete adobevegg, og då eg var komen fram til veggen, stansa eg ikkje, men rei vidare mot ein lutande, tilgrodd steinmur, om lag midt ute på mesaen. Undervegs heldt eg auge med klokketårnet, som framleis såg tomt ut. Då eg nådde fram til muren, steig eg av hesten. Eg gav meg til å speide mot landsbyen med kikkerten. Heller ikkje denne gongen kunne eg sjå spor av mennene. Det slo meg at eg kanskje var blitt oppdaga, og at dei hadde lagt seg i skyttarstillingar og berre venta på at eg skulle kome nærare før dei plukka meg ned. Men tårnet var framleis tomt. Herrada ville ha sendt ein mann opp dit om han hadde visst at eg nærma meg. Eg hadde altså ikkje blitt sett, overraskingsmomentet var enno mitt. Men det ville ikkje vare stort lenger. Eg måtte kome meg over mesaen, di raskare di betre. No fekk det breste eller bere. Eg svinga meg opp i salen igjen og la i veg i fullt firsprang. Hestehovane rumla mot marka. Det oppkvervla støvet blei hengande etter meg som eit stivt, skvipete slør. Eg kom straks til å bli oppdaga. Men eg nærma meg fjellhylla. Det stod ein kampestein der som ville gje god dekning, også mot ein 13


skyttar i tårnet. Hesten byrja å bli sliten, men det var ikkje langt att. Eg jaga han dei siste metrane framover, utan å sleppe blikket frå tårnet, som framleis såg like tomt ut. Med eitt blei eg var ein skugge på himmelen over meg. Eg skotta opp, og der såg eg dei, kondorane, og i det same kom det eit øyredøyvande smell, lusitanoen stupte med mulen i sanden, og eg blei kasta hovudstups framover. Eg kom meg raskt på føtene og la på sprang mot kampesteinen, som berre var nokre få meter unna. Eit nytt rifleskot slo ned i sanden framom meg. Det kom endå eit skot, susande rett over hovudet mitt, så eitt til, før eg fekk kasta meg i ly bak steinen, om lag samstundes med at alle sluser opna seg, og marka rundt meg blei pepra med ei skur av kuler. Eg blei liggjande bak steinen og summe meg. Etter kvart stilna kuleregnet. Eg høyrde ei oppstemd skråling innanfrå landsbyen. Stamping. Lått. Eg såg meg tilbake. Kondorane hadde byrja å sirkle over lusitanoen. Skulle eg unngå å hamne på kaldtbordet deira, måtte eg vente med å gjere ein framstøyt til nattemørkret kom. I mellomtida gjaldt det berre å halde seg i live. Så lenge eg blei verande i ro, var eg trygg. Bak steinen kunne ingen kuler råke meg. Eg innsåg ikkje at noko var i gjære, før det med eitt gjekk opp for meg at den sjølvsikre skrålinga til mennene inne i landsbyen hadde døydd ut. Kva pønska dei på? Eg våga ikkje bøye meg over kanten av steinen for å sjå. Det einaste eg kunne gjere, var å lytte. Og ganske snart høyrde eg lyden av steg som nærma seg. Fyrst trudde eg det berre var éin mann. Men så var det som om skrittlydane løyste seg opp og breidde seg utover, som ei vifte, og eg forstod at det måtte vere fleire av dei. Eg sjekka revolveren. Tønna var fylt med patroner. Remingtonen var også fulladd, og 14


kniven sat i slira. Eg sette meg opp på huk og snudde meg, med ryggen lent inntil steinen. Bak meg kunne eg høyre stega nærme seg med ein mekanisk, miskunnlaus rytme. Mennene kom sannsynlegvis til å gå til åtak frå båe kantar av steinen samstundes. Eg valde å satse på revolveren, og hadde nettopp drege han ut av taska då eg fanga opp ein lyd eg ikkje hadde lagt merke til før, ei slags dempa klynking, som frå ein hund, eller eit lite barn. Eg stussa litt over dette, men lyden forsvann like snart som han var komen, og eg fokuserte på mennene igjen. Dei var ikkje langt unna no. Kor mange meter hadde dei att før dei var framme ved steinen? 50? 20? Det var umogleg å anslå sikkert, eg måtte bu meg på at dei ville slå til kva tid som helst. Brått blei det heilt stilt. Mennene hadde stansa opp. Kvifor? Eg kjende sveitten breidde seg utover i handflatene. Så høyrde eg lyden av fotsteg igjen, berre langsamare, samstundes som klynkinga også vende tilbake, høgare enn sist, og no høyrde eg at ho heilt sikkert måtte kome frå eit barn, ja, det var eit barn, og klynkinga voks i intensitet og styrke og blei til ein sår og fortvila gråt, og eg banna lågt og la playstationkontrollen ifrå meg i sofaen, reiste meg og gjekk inn på romet til Dagne. Ho hadde sparka av seg dyna og låg og skreik i senga si, med sprellande armar og bein. Dei runde kjakane var våte av tårer, smokken hadde falle ned på madrassen, ved sida av øyret hennar. Eg løfta henne opp, trekte den vesle kroppen mjukt inntil meg, snuste inn angen av uskjemt liv. Så, så, kviskra eg, pappa er her, kviskra eg, og strauk henne over ryggen til ho slutta å gråte. Etter ei stund sov ho fredfullt mot bringa mi. Eg la henne ikkje tilbake i senga, men blei ståande og stryke henne, med øyret hennar mot hjar15


tet mitt medan kulden frü laminatgolvet brann under dei nakne fotblada mine. Ho vakna ikkje av vogntoget som buldra forbi utanfor soveromglaset, ikkje eingong av gjallet inne frü stova idet Selestino Herrada og mennene hans tømde revolverane sine i ei siste, dødeleg bye bak kampesteinen i Torquemada.


2

Eg vakna i POÄNG-stolen framom grindsenga. Dagne sov på bringa mi. Nakken verkte. Eg var klam under kleda, nattemørkret hadde fått ein teint av grått. Eg kjempa meg opp av stolen og la Dagne varsamt ned i senga. Ho skar ein grimase idet eg breidde dyna over henne, men roa seg med det same og sov like tungt. Eg lista meg ut døra og gjekk inn på soveromet vårt. Ein intens dunst av parfyme slo imot meg, sjølv om vindauget stod på halvvidt gap. Det var nattkremen til Gro. Prevage, frå Elizabeth Arden. Ho la seg aldri utan den. Det slo meg som underleg. Gro hadde aldri vore oppteken av kosmetikk. Men no var dyre, franskklingande kremar blitt ein del av hushaldningsbudsjettet vårt, på line med basisvarer som mjølk og ost og brød og smør. Då me møttest, på eit nyttårskalas ein gong på tampen av 90-talet, hadde ho ikkje eingong brukt sminke. Det var noko av det eg hadde falle for den gongen, den ujålete, naturlege stilen hennar. Ho hadde integritet, var like vakker til kvardags som på fest. No sminka ho seg kvar dag. Ho gjekk aldri ut av huset utan maskara, og skulle ho ein sjeldan gong på fest, drog ho på seg både foundation, leppestift og eit strok med rouge. Eg streva med å få grep om kva det var som hadde 17


utløyst desse endringane i henne. Det einaste som var sikkert, var at det ikkje kunne ha noko med meg å gjere. Ho visste godt at eg helst ville ha henne som ho hadde vore, i naturell tapping. Tidlegare hadde ho blitt smigra av at eg påpeika dette. No gjorde det henne berre irritert. Eg slengde kleda mine ifrå meg i ein haug på golvet og lista meg fram til senga. Gro låg i eit slags skråstilt, stabilt sideleie, med hovudet plassert på hjørnet av den eine madrassen, og føtene på den andre. Eg la meg ned bak ryggen hennar, der det var best plass, og smaug meg under dyna, så stilt eg greidde, for ikkje å vekkje henne. Madrassen føydde seg etter kroppens kurver, sjenerøst og ugjenstridig, og fyrst no kjende eg kor trøytt eg var. Like før svevnen tok meg, kom eg på at eg hadde gløymt å slå av playstationen. Ein liten augeblunk vurderte eg berre å la han bli ståande på. Det var uansett ikkje lenge til me måtte stå opp. Tanken på å bryte ut av komforten eg hadde lulla meg inn i, var utmattande. Problemet var Gro. Ho kunne ikkje fordra at eg spelte. Det var ein gedigen turn-off, sa ho, eit umoge gutekonsept som ikkje sømde seg for vaksne menn – og langt mindre ansvarlege småbarnsfedrar med hundrevis av uløyste og langt viktigare gjeremål på agendaen. Samstundes ville det aldri ha falle henne inn å nekte meg å spele, og sjølv om ho sjølvsagt også visste at eg gjorde det, bak ryggen hennar, påtalte ho det ikkje. Slik gav ho meg i røynda ein stillteiande aksept for å halde fram med spelinga mi, så lenge eg heldt på i smug. Eg hadde ingen problem med å innordne meg dette, men greidde samstundes ikkje å fri meg frå kjensla av at det låg ein slags uuttalt, symmetrisk trade-off innbakt i ordninga frå hennar side, at Gro også hadde sine dunkle laster som 18


ikkje tolte kvardagens ljos, og at det var grunnen til at ho var såpass aksepterande andsynes spelinga mi. Eg såg på klokka igjen. 04.42. Dersom eg sovna og Gro stod opp før meg og oppdaga at playstationen stod på, ville ho ikkje berre irritere seg over at eg hadde spelt, ho ville også bli skuffa over at eg hadde vore uansvarleg nok til å la eit brannfarleg, elektronisk apparat surre og gå heile natta igjennom utan tilsyn. Eg kunne strekke meg ganske langt for å unngå det klandrande blikket hennar over frukostbordet, særleg nettopp denne morgonen, og til slutt klarte eg ikkje å bli liggjande lenger. Eg sneik meg ut av senga, styrte unna dei knirkande golvplankane og greidde å kome meg relativt lydlaust ut av soveromet. Inne i stova var dei kvite MDF-platene misfarga av ljoset frå fjernsynsapparatet. Korleis kunne eg ha unngått å leggje merke til det i stad? Eg sette meg på huk framom skjermen, med den blodstenka kampesteinen i Torquemada berre nokre centimeter unna nasetippen min. Playstationen gav ifrå seg eit infantilt pip då eg slo han av, det knaka i knea mine idet eg reiste meg. Eg sløkte fjernsynet og lista meg tilbake til soveromet. Gro hadde snudd seg medan eg var borte. Ho låg framleis på skrå i senga, men no var posituren spegelvend, hovudet og føtene hadde bytt madrassar. Eg la meg ned bak ryggen hennar igjen, på motsett side av der eg hadde lege sist. I svevnen hadde Gro vikla dyna inn mellom beina sine. Den vesle dynefliken som hekk ned over skuldra hennar, var langt ifrå stor nok til meg. Eg nappa forsiktig i han, men dyna sat bom fast. Då eg reiste meg opp på olbogane for å sjå over til den andre sida av senga, konstaterte eg at dyne nummer to, som vanlegvis var mi, hadde hamna under hovudet til 19


Gro. Eg kunne sjølvsagt ha prøvd å lirke dyna til meg, men då kunne eg kome til å vekkje henne, og sjølv om ho neppe ville ha bore nag til meg for dét, visste eg at ho trong all den svevnen ho kunne få, særleg denne natta, med tanke på den spesielle dagen som låg framom henne. Eg blei liggjande ei lita stund og vente på at ho skulle røre på seg igjen, slik at ei av dynene kanskje blei gjorde fri, men til slutt stod eg opp og gjekk tilbake til stova. Ullpleddet på sofaen stakk litt mot huda mi, men ikkje meir enn at eg sovna med ein gong, og då eg vakna av Dagne sin gråt ein times tid seinare, kjendest det underleg nok ut som om eg hadde sove ei heil natt.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Men ikkje Maria by Det Norske Samlaget - Issuu