Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 3
Asbjørn Rydland
MED ELD I HJARTET
Samlaget Oslo 2011
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Š Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no omslag: Marius Renberg førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11,5/14 papir: 90 g Munken print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7855-5
Side 4
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 5
1 Avreisedagen var der, og Koll vakna med ei forventningsfull spenning i kroppen. Sommarvarmen låg allereie tung i soverommet han delte med faren, og den andre senga var tom. Han drog kjapt på seg ei korterma skjorte og den lettaste buksa han hadde, fomla innunder senga etter den eine støvelen og drog dei begge kjapt på seg. Berre ikkje Talea var der alt! No som rådsleiaren og far hans hadde blitt einige om at Koll skulle få vera med til storbyen Vilkafjord, tok det seg ikkje ut å la ho venta. Heldigvis hadde han ikkje så mykje å pakka, og alt saman låg klart oppå kista under vindauget. Den fine ullkappa han fekk til årsdagen sin vinteren før, gjekk nedst i sekken. Rett nok var det sommar, men det kunne visst bli kaldt ved Innhavskysten om kvelden, hadde han høyrt. Vilkafjord låg jo trass alt ved sjøen, og det hendte rett som det var at det la seg tjukk tåke der òg. Litt ekstra kledeskift gjekk òg oppi, saman med kopp og skål til mat på turen. Og så var det slutt. Sekken såg stussleg og mager ut der han stod, og Koll lurte på om han kunne ha pakka ting litt annleis så han verka fullare. Kanskje han kunne ta med eit ekstra ullteppe? Men Talea sa dei kom til å sova på vertshus og ikkje 5
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 6
trong å tenkja på den slags. Og mat skulle ho ta seg av. Koll hadde allereie bestemt seg for at bogen hans skulle bli heime, men den hadde jo ikkje gått i sekken uansett, så det talde ikkje. Klatrebeltet Mirimani hadde laga til han, låg på golvet ved sida av senga, der han hadde slengt det frå seg sist han kom heim frå gruva. Koll såg på det, rista på hovudet og studerte sekken igjen. I motsetning til mange av dei andre oppfinningane hennar var beltet både velprøvd og solid, og det hadde vore uunnverleg då dei fann og utforska drakehola saman. Men kva skulle han med klatrebelte i byen? På den andre sida hadde han lovd Mirimani alltid å ha det med seg, og det tok jo opp litt plass utan å vera altfor tungt … Koll sukka og snudde sekken opp ned over senga igjen. Så slengte han beltet oppi saman med ein liten taukveil. Kleda hans gjekk oppå der igjen, så kappa, matfatet og koppen hans. Det hjelpte. Han la sekken over skuldra og kjente på vekta. Passe tungt, og sekken såg ganske full ut òg. No såg det iallfall ut som han hadde noko å ta med seg, og ikkje berre var ein fattig bondetamp som hadde alt han eigde i sekken. Aller sist stakk han handa innunder senga og lirka ei flat, lita pakke fram frå sengebotnen. Innimellom to stive, samansurra lêrstykke låg grunnen til at Koll skulle vera med på turen. Forsiktig løyste han surringa og tok fram brevet. Det var i like god stand som dagen han fekk det. Tankane fór til Oksen og soldatane hans då han opna det og lét auga gli over linjene for sikkert hundrede gong. 6
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 7
Herr Kommandant, Dette brevet er mitt vitnemål om at beraren, Koll frå Kervad, var til uvurderleg hjelp i pågripinga av den lovlause Olvar Reveskinn. Koll verna både sin eigen landsby og Alliansen sine interesser med stort mot og handlekraft, og var eigenhendig ansvarleg for å uskadeleggjera Reveskinnet. Ingen annan har meir krav på den utlovde dusøren, og eg vil be Kommandanten om å sjå til at han får pengane sine. // Tarakson Talea hadde lese det for han, og det var stemma hennar han høyrde kvar gong han studerte brevet Oksen hadde skrive. Sjølv forstod Koll berre nokre få av orda og teikna på arket. Hans eige namn var ganske lett å kjenna igjen, når han først hadde fått det peikt ut. Det var kort, med enkle strekar og ein ring i midten. Og sersjantstrekane framfor det verkelege namnet til Oksen var dei same som han hadde tatovert på handa. Elles var det meste berre krusedullar på eit ark. Koll var ganske sikker på at han hugsa orda rett, men greidde ikkje heilt å få tak på korleis Talea berre kunne kikka på arket og vita akkurat kva Oksen hadde tenkt då han skreiv det. Akkurat som Volan Foss kunne sjå kva som feilte sjuke folk berre ved å kikka på dei, eller Mirimani kunne kasta eitt blikk på ein fjellvegg og vita om han var sikker eller ikkje, var lesekunsten eit mysterium Koll ikkje var innvigd i. Men det var ikkje mange bøker i Kervad uansett, så det var ikkje så farleg. Det viktige var at folk i Vilkafjord kunne lesa brevet og ville gi Koll pengar i 7
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 8
byte for det. Med dei pengane håpte Koll dei kunne betala ned gjelda til landsbyen, uansett korleis dei andre ærenda deira måtte gå. Det som heldigvis ikkje stod i brevet, var at Olvar Reveskinn i lengre tid hadde budd i Kervad under eit anna namn, og at fleire i landsbyen hadde visst om det. Koll torde ikkje tenkja på kva Oksen ville sagt om han hadde visst at Reveskinnet og Eran, læremeisteren til Koll, var same mann. Han var daud no. Koll hadde høyrt reisande frå byen nemna det. Reveskinnet var hengt, sa dei, og skålte med kvarandre. Men Koll hadde ikkje fått seg til å vera glad, same kor mykje Eran hadde lurt og utnytta han. Dei hadde altfor mykje felles til det, og Koll hadde følelsen av at det berre var så vidt han hadde unngått galgen sjølv. Koll pakka brevet saman igjen og stappa det ned i sekken, før han skunda seg ut i stallen. Dei store dørene stod vidopne som vanleg, og i den svale skuggen innanfor låg Jem Stallmeister på ryggen under ei lita tohjuls kjerre og prøvde å få noko laus. Etter banninga å dømma gjekk det ikkje vidare bra. «Far?» sa Koll. «Kva driv du med?» «Koll?» Faren vrei seg litt og kikka ut på han gjennom det eine hjulet. Med stallstøv og akslingsfeitt i ansiktet såg fòrene rundt auga hans endå djupare ut enn vanleg. «Det var på tide. Trudde nesten du skulle sova vekk heile dagen.» «Eg låg vaken ei stund i går kveld.» Koll sette seg ned på huk og gløtta inn på hjulakslingen. «Kva skal du med kjerra?» 8
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 9
«Ikkje eg,» sa faren. «Du. Talea vil ha ho til byturen dykkar, men eg må fiksa denne fordømte bremsemekanismen Mirimani sette inn. No som du er oppe, kan du forresten godt gjera litt nytte for deg.» Han slo knyttneven i kjerra før han kravla ut og reiste seg opp. «Ser du brekkjernet?» Koll gløtta innunder kjerra og nikka. «Bremsen kiler seg fast,» forklarte faren. Han drog i fotplata framfor kuskebenken, men ho rikka seg ikkje. På utsida på kvar side av kjerra gjekk det ein stokk frå fotplata og ned mot hjula, og då Koll såg nærare etter, såg han at dei hadde låst seg skeivt. «Det er bolten ved akslingen som er problemet, trur eg,» sa Jem. «Så viss du får jekka han laus frå sida, burde eg kunna få stokkane lause.» «Greitt.» Koll sette seg på huk og kasta eit blikk på bremsemekanismen. Han kunne sjå korleis det skulle fungera. Stokkane skulle løfta ein bremsekloss mot hjulnavet, men bolten som heldt klossen og stokken saman, hadde grave seg inn i kjerresida så hjulet nekta å gå rundt. Koll lirka enden av brekkjernet inn mellom stokken og kjerresida og la vekta til for å pressa bolten laus. Faren drog hardt i stokken, og ein kort augeblink knirka det i tre mot tre, før Koll mista taket og bolten slo mot kjerresida igjen. «Ein gong til,» sa Jem. «Han kjem no.» Koll slo jernet djupare inn i den tronge glipa, tørka nevane på buksa og tok tak på ny. Det var tyngre enn han hadde rekna med, men han planta foten godt i bakken og la skuldra til. I det same han drog pusten for å ta i, kjente han hjartet slå fortare, og ei grov humring strauk gjennom tankane hans. 9
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 10
Ta i, svekling, kviskra draken ein plass djupt innanfrå. Du kan betre enn dette. Brått blei han var vinden som fór gjennom trea ute, krafta som suste gjennom lufta rundt han. Så mykje styrke å henta, berre han sleppte Nordavinden til! Korleis kan du stå imot? lokka drakestemma. «… og dra!» sa faren. Koll spente frå, la skuldra til og lét vinden fylla kvar muskel i kroppen. Det knirka i treet, og Koll greip brekkjernet hardt for at ikkje taket skulle gleppa igjen. Før han visste ordet av det, braka det høgt i øyra på han! Bremsestokken knakk tvers av, og noko skaut over skuldra hans og slo i veggen med eit smell. Jem snubla bakover då stokken brått losna heilt, såg forfjamsa ned på Koll og sperra opp auga. «Nei, dra meg ut i skoddeheimen …,» kviskra han. Han drog neven gjennom håret og sukka. «Korleis greidde du det?» Koll såg frå faren til den øydelagde bremsen og raudna. Han hadde gjort det igjen. Tosk! Kvifor måtte han alltid gi etter? Forsiktig la han frå seg brekkjernet på bakken. «Unnskyld …,» sa han spakt. «Det var ikkje meininga.» Jem sette seg på huk ved sida av han og undersøkte skaden nærare. Stokken var splintra og bremseklossen sprokken, og bolten var ingen stad å sjå. Jem dytta i hjulet og smilte skeivt. «Bremsen er iallfall ikkje låst lenger.» «Eg veit ikkje kva som skjedde,» begynte Koll. «Kanskje det var ein sprekk i stokken, og …» Faren snudde seg og såg han i auga, og Koll stoppa. Det var ingen vits i å lyga. Jem hadde sjølv sett vaksne menn slita med å bryta laus sverdet Koll hadde nagla 10
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 11
Olvar Reveskinn til møllebrua med tidlegare den sommaren. Og sjølv om Koll ikkje hadde fortalt alt som hadde skjedd, visste far hans nok til å forstå. «Vi trong ikkje den bremsen uansett,» sa han. «Det går bra. Eg berre tar av heile greia, så er kjerra god som ny. Berre utan kesharforbetringar.» «Ja, den bremsen treng kanskje litt meir arbeid,» flirte Koll letta. Han kjente seg framleis dum for at han hadde øydelagt han, men var glad for at faren ikkje var sint. Medan Jem demonterte resten av bremsen, gjekk Koll for å gjera klar frukost. Det var heldigvis grenser for kor mykje som kunne gå gale når alt han trong å gjera, var å fyra opp i omnen og varma opp gryta faren hadde laga dagen før. Å gjera opp eld var ein av dei få tinga som var enklare no enn tidlegare. Kva bruker ein eld til? Tanken sneik seg inn i hovudet før han visste ordet av det. Han hadde stilt seg det same spørsmålet mange gonger den siste tida, og det uunngåelege svaret kom like raskt som alltid: å øydeleggja ting. Koll fnyste. I det siste var det visst det han hadde vore god til: gjera opp eld og øydeleggja ting. Vognbremsen var berre ein av mange. Oppe i gruva hadde han hatt så mykje uflaks at Mirimani til slutt sendte han heim att før han gjorde alvorleg skade på nokon. Han meinte det aldri, men han blei ivrig og uvørden, og før han visste ordet av det, var det eit eller anna som knakk eller blei knust. Og heile tida var Nordavinden der. Han høyrde drakestemma kvar dag, sjølv om han prøvde å lata som ingenting. Og om nettene drøymde han stadig oftare om brann og krig og drap, og vakna med vondt i magen. 11
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 12
Det hadde tatt Koll ei stund å forstå samanhengen mellom Nordavinden og drakeelden han kjente inni seg. Eran sa dei var to sider av same sak, at sjela til Sark, den første draken, hadde tatt bustad i vinden, og at Koll var fødd med ein gneiste av drakeeld i seg. Det var derfor Nordavinden snakka til han og drakedelen av han svarte og nesten levde sitt eige liv utan at Koll kunne styra han. Ein del av han lengta etter å sleppa draken laus, å ha eit sverd i handa og kjenna vinden dansa rundt han i kamp. Han kjente seg sterk når det bles gjennom han og hjartet hamra i brystet så alt anna forsvann. Fridom, kviskra stemma lokkande. Men alt gjekk gale når han lét vinden styra. Både bra og dårlege folk hadde døydd berre fordi Koll hadde latt seg riva med, og det kunne ikkje skje igjen. Minna om kampane i Søyleskogen og soldatane som døydde på grunn av han, var altfor vonde til det. Dessutan, så mykje som hadde blitt øydelagt rundt han i det siste, var det like greitt om han aldri tok i eit sverd igjen. Han gjorde meir enn nok skade utan våpen.
••• Då rådsleiar Talea endeleg kom til stallen litt utpå formiddagen, var Koll og far hans for lengst ferdige med frukosten og hadde både hest og kjerre klare. Utanfor hadde fleire andre samla seg for å ønskja dei god reise. «Du er ivrig etter å koma av garde, forstår eg?» Talea stod i stalldøra med ein pakksekk i armane. Sjølv reisekledd var ho elegant som alltid. Ho hadde huskaren 12
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 13
sin med seg til å bera maten og ein teppebylt, og Vallis Smed kom etter ho med ei kraftig trekasse på skuldra. «Vi skal jo langt, skal vi ikkje?» Koll tok pakksekken og la han bak på kjerra. Faren tok maten og teppa og pakka dei flatt på kjerrebotnen så ingenting skulle ramla ut. «Jo, men vi må overnatta på vegen uansett, så det er inga brennhast.» «Eg forstår deg godt, eg,» sa Vallis. Han vippa kassa ned frå skuldra og sette ho frå seg på kjerra med eit tungt dunk. Det klirra svakt i myntar og smykke inne i kassa. «Kunne godt tenkt meg ein tur sjølv. Det er ingen annan plass i verda som er som Vilkafjord, seier dei.» «Har du ikkje vore der?» spurde Koll. «Jo, men det er lenge sidan. Ting endrar seg fort der i byen.» Jem lente seg inn over kjerra frå andre sida og drog den tunge kassa på plass innunder kuskebenken. «Det stemmer,» sa han. «Og det både på godt og vondt. Hugs på det, Koll: Det finst alle slags folk i Vilkafjord, både bra og dårlege, og det er ikkje alltid så lett å skilja dei frå kvarandre.» «Du skremmer son din, Jem,» sa Talea. Ho strauk hesten over halsen før ho klatra opp på kjerra. «Vilkafjord er ikkje så ille, og eg kjenner byen godt. Vi greier oss heilt fint.» Talea tok taumane og smatta på hesten, som tok til å gå mot utgangen med Vallis ved sida av. Koll og faren følgde etter nokre steg bak. Utanfor delte folkemengda seg og gav hesten plass, og Talea køyrde ut i formiddagssola. Koll stoppa opp då faren la handa på skuldra hans. «Talea kjenner nok byen godt, men Vilkafjord har mange 13
Med eld i hjartet ferdig.qxd:A
04-08-11
14:17
Side 14
sider. Det er ikkje alle som er like trygge. Lov meg at du er forsiktig?» «Ja då,» nikka Koll. «Berre hald deg til områda Talea kjenner, så går det nok greitt. Og ikkje gjer noko eg ikkje ville gjort, høyrer du?» «Ja då.» Jem drog litt på smilebandet. «Du blir vaksen fortare enn eg hadde tenkt, er du klar over det?» «Det er berre ein tur til byen, far. Eg skal ikkje reisa vekk for godt, veit du.» «Eg veit det. Og du har hovudet på rette plassen, Koll. Du greier deg fint. Kan du lova meg ein ting til?» Koll sukka. «Ja?» Jem flirte. «Ha det gøy. Så snakkast vi om ei veke eller to.» «Det skal eg nok,» sa Koll. Faren trekte Koll inntil seg og gav han ein rask klem før Koll snudde seg og klatra opp på kjerra ved sida av Talea. «Klar!» sa han, og ho kasta på taumane og sette hesten i gang igjen. Den vesle kjerra var ikkje noka bør å snakka om, og det gjekk i lett trav nedover gata og ut av landsbyen. Koll snudde seg og vinka til faren og resten av folkemengda før dei forsvann ut av syne, men snart var dei ute på landevegen, og bygningane i Kervad blei mindre og mindre heilt til dei til slutt forsvann.