Skip to main content

Mari og Magnus hos bestemor

Page 1

Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 2

Mari og Magnus er på veg til bestemor på garden. For første gong skal dei sove borte utan mamma og pappa. – Eg gler meg til å sjå lamma. Og Rusken, seier Magnus.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 3

– Mmm … Det er litt skummelt også, å overnatte, seier Mari. – Men vi er ikkje langt unna, seier mamma. – Ja, og de kan ringje oss når som helst, seier pappa.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 4

– Ha det, Mari og Magnus. Snakkast i morgon, seier pappa. – Ja, ha det bra, du ogsü, mamma, seier han til bestemor. – Vi skal nok kose oss masse, seier bestemor.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 5

Bestemor tar Mari og Magnus med inn på syrommet sitt. – Har de lyst å sove på hemsen? seier ho. – Å ja, seier Mari og Magnus i kor.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 6

– Men vi skal ikkje leggje oss på leeeeenge enno, seier Mari. – Nei, ikkje før klokka ti i kveld, minst, seier Magnus. – Vi får no sjå, seier bestemor. – Har de forresten lyst å lage bollar?


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 7

– Å ja! Fritt for å trille dei ut, seier Mari. – Åeh … Det vil eg også, seier Magnus. – Det blir nok bollar til alle, seier bestemor.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 8

Mari hentar smør og gjær. Magnus finn fram mjølk og mjøl. – Eg vil blande deigen, seier Magnus. – Eg også, seier Mari. – Begge får blande og kna. Og så går vi ut medan deigen hever, seier bestemor.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 9

Ute har det kome masse ny snø, endå det snart er vår. – Dette er visst dagen for aking og baking, seier bestemor. – Vil du ake med oss? spør Magnus.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 10

– Tja, trur de eg tør det, då? seier bestemor. – Jo, bli med, bestemor! seier Mari. – Det er gøy! Så akar bestemor og Mari og Magnus – alle på ein gong.


Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 11

I botnen av bakken ramlar alle av akebrettet. – Vi blei nok litt mange. Godt at vi landa mjukt, ler bestemor. – Eg fekk masse snø i nakken, seier Magnus. – Aking og baking er topp! seier Mari.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mari og Magnus hos bestemor by Det Norske Samlaget - Issuu