Skip to main content

Mørkemanaren

Page 1

Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 1

1


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 3

Asbjørn Rydland

MØRKEMANAREN

Samlaget Oslo 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 5

Nattevinden kraup langsamt langs dei tjukke veggane og bar med seg den rå haustkulda frå Innhavet. Frå det nye biblioteket sitt kunne Araynys sjå ut over store delar av Vilkafjord, og sjølv ho kunne ikkje heilt fri seg frå den snikande uroa som breidde seg i byen. Tåka låg som eit slør over brusteinane der nede, og alle fjordingar med vitet i behald heldt seg inne. «Frue?» Araynys snudde seg ikkje. I smaua utanfor såg mørket ut til å tjukna. «Bøddelen er her, frue.» «Send han inn,» svarte ho. «La oss vera åleine.» Vakta forsvann ut døra igjen, og medan skodda tetna rundt huset, retta Araynys på kjolen og fylte vinglaset sitt på nytt. Han kom stille inn døra, kledd som ein vanleg torghandlar eller handverkar. Verken tjukk eller tynn, og med eit ansikt som få ville lagt merke til. Kven skulle trudd denne mannen var det siste Vilkafjords dømte fekk sjå? Om Døden ein gong skulle koma til ho, håpte Araynys han valde ein meir staseleg skikkelse. Bøddelen bukka djupt, med hendene samla framfor magen. 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 6

«Vel møtt igjen, Bøddel. Takk for at du våga deg ut slik ein kveld.» Mannen kasta eit blikk ut vindauget. «Du veit godt at eg ikkje har noko å frykta frå Mørket, frue. Kva kan eg gjera for deg?» Ho sette seg i den eine lenestolen ved peisen og baud gjesten sin å ta plass i den andre. «Hugsar du historia til Olvar Reveskinn?» sa ho medan ho skjenkte bøddelen eit glas òg. «Ikkje ei historie ein gløymer så lett, frue. Akkurat som det ikkje er lett å gløyma mistrua du møtte meg med då eg fortalde ho vidare. Har du kalla meg hit som narr igjen?» Araynys heldt tilbake eit lite smil. Om sant skulle seiast, hadde ho trudd det var mykje hald i historia allereie første gongen ho høyrde ho. Men ein kunne ikkje oppmuntra folk til å tru på og følgja opp den slags eventyr. «Drakeholer, skattar og vindmagi … Like vanskeleg å tru på som å gløyma, for folk flest.» «Og læreguten,» sa mannen. «Ikkje gløym læreguten.» «Eg har ikkje gløymt han.» Etter fallet til Eikholt var guten godt kjent i Vilkafjord. Men det var ikkje mange som visste at Koll frå Kervad hadde band til Reveskinnet, eller kor viktig han kunne koma til å bli i åra framover. Faktisk var det ein av grunnane til at ho hadde kalla bøddelen hit. Guten med nordavindskreftene kunne bli eit problem ein dag, om ikkje han blei tatt hand om. «Nye ting har kome for ein dag, Bøddel. Eg har eit forslag til deg.» 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 7

Mannen rynka panna. «Ja vel?» Araynys opna eit skrin som stod på bordet, og løfta opp eit par ringar som ho lét falla frå handa igjen. «Dette kjem frå den same skatten som Reveskinnet snakka om. Kervingane er allereie i gang med å grava ut meir av denne drakehola du nemnde.» «Det var det eg sa,» gliste bøddelen. «Du aner ikkje kor mykje gull det kan vera i det fjellet.» Araynys heldt tilbake eit forakteleg fnys. Det var ikkje gullet som var viktig. «Veit du kva arsomitt er, Bøddel?» Han rugga sakte på hovudet. «Arsom er det sanne namnet til drakane. Det magiske ordet som batt dei, før Stjernefallet.» «Aha,» sa han. «Du snakkar om eggeskalet?» Ho rynka panna og studerte han nøye ein augeblink. Reveskinnet hadde tydelegvis fortalt han meir enn ho hadde trudd, den siste tida han levde. «Arsomitt finst i både knoklar og tenner,» fortsette ho, «men aller mest i eggeskalet, ja. Umuleg å øydeleggja, tåler uhorvelege mengder eld og varme. Det perfekte materialet for våpen og rustningar.» «Viss ein kan forma det.» «Det er ikkje problemet. Problemet er at kervingane er sta og eigne og neppe har lyst til å sleppa framandfolk som oss inn på området sitt. Det er der du kjem inn.» Han såg nøye på ho. Ein augeblink var det som om det blei mørkare i rommet, og den fuktige nattelufta seig forbi i eit kaldt gufs. «Så du vil eg skal overtala dei, med mitt vennlege smil og sjarmerande vesen?» 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 8

Ho flirte og rista på hovudet. «Nei, slike mirakel skal eg ikkje be om. Berre gjer det du kan best. Få dei til å frykta natta og kvarandre, så dei vender seg til mine folk etter hjelp. Når tåka legg seg tjukk rundt husveggane deira og leigesoldatane er det einaste som kan beskytta dei, kjem dei nok på andre tankar. Den hola er mi.» «Og læreguten?» «Han kan du gjera kva du vil med. Drep han, gi han skylda eller ta han med deg til byen og tren han opp som burkjempar. Eg bryr meg ikkje om han lever eller døyr, så lenge han ikkje er eit problem.» Bøddelen såg ut til å tenkja over forslaget, men kva som gjekk føre seg bak dei kalde auga hans, var umuleg å lesa. «Kvifor?» spurde han til slutt. «Betaling er éin ting, men eg tener ein annan herre. Kvifor skulle eg hjelpa deg med dette?» «Fordi den eine tenesta er den andre verd. Når eg får det eg vil ha, kjem han òg til å tena på det.»


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 9

 Koll låg flatt ut på magen og prøvde å ikkje tenkja på kor mange tonn med stein det var mellom han og friluft. Mirimani hadde rekna det ut ein gong, men alt Koll visste, var at det var meir enn nok til å klemma livet ut av han viss holetaket skulle rasa på feil plass. Han drog pusten djupt og såg seg nervøst rundt i steinhaugen han låg midt oppå. Faren for at det skulle gå endå eit ras på akkurat same plassen, var liten, sa Mirimani. Der Koll låg våt av sveitte og omgitt av fjell, var han smerteleg klar over ein ting: Det var forskjell på liten og ingen fare. Tauet han hadde etter seg, hjelpte ikkje mykje når skarpe, harde kantar reiv opp buksa og gnog seg inn i magen og armane hans, som om ein gigantisk kjeft prøvde å halda han fast. Og det einaste lyset han hadde, var ei lita gruvelykt som kasta skitengult lys og djupe skuggar overalt rundt han. Kvifor i alle dagar hadde han meldt seg frivillig til dette? «Kjem du nokon veg?» Stemma til Mirimani klang holt i fjellet. Koll flytta lykta fram og tilbake og myste framover. «Veit ikkje!» Han gjorde eit lite kast med hovudet for å få den lange luggen ut av auga. «Ser jo ikkje ein skit her. Au.» Han beit tennene saman og banna svakt då han skalla i holetaket. 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 10

«Berre ver forsiktig denne gongen!» Koll svarte ikkje. Mirimani masa alltid om at han måtte vera forsiktig, ta det roleg og passa på, akkurat som om han var ein liten unge. Kor mange dritjobbar måtte han gjera før ho skjønte at ho ikkje trong å passa på han heile tida? Skulle tru ho hadde gløymt at det var han som fann hola og vegen inn i utgangspunktet. Med foten mot fjellveggen spente Koll frå og strekte armen så langt fram han greidde. Fingrane fann feste, og med ryggen mot taket kraup han sakte framover igjen. Ingen av dei vaksne hadde greidd å pressa seg gjennom den tronge opninga mellom raset og fjellet, så det var opp til han å sjå om reisverket på andre sida av raset framleis stod, eller om heile tunnelen dei hadde rydda den siste månaden, var fylt. Han måtte vera omtrent midtvegs no. Ein knekt berebjelke stakk opp frå røysa, og Koll måtte grava vekk eit par steinar ved sida av han for å koma seg forbi. Eit par armlengder lenger inn opna det tronge holrommet mellom tak og steinrøys seg opp, og lyset frå lykta seiv djupare inn i gruvegangen. Rett framfor Koll skråna steinhaugen nedover igjen, og i halvmørket lenger inne kunne han skimta dei kraftige trebjelkane som heldt gangen oppe. Han pusta letta ut og ropte bakover: «Vi har flaks! Gangen er open innover!» «Ser du fleire sprekkar?» Koll retta lyset mot fjellveggen og studerte han nøye. Mesteparten av den gamle drakehola var glattpolert svart stein, graven og smelta ut gjennom hundrevis av år, men her og der hadde fjellet sprokke opp og forskove seg med 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 11

tida. Det var frå ein av desse sprekkane raset hadde gått, men Koll kunne ikkje sjå fleire faresignal i tunnelen no. «Nei, det ser bra ut,» svarte han. «Flott! Då får du koma ut igjen.» «Var det alt?» «Har du lyst til å vera på innsida når vi begynner å grava, meiner du?» Eit par av dei andre i arbeidslaget humra litt der ute. «Eh … nei.» Koll tok til å snu seg rundt for å krypa tilbake over raset. Til og med for ein smidig og senete gut som han var det krunglete å bevega seg, med laust underlag og skarpe steinar overalt. Skulle likt å sjå nokon av dei der ute gjera dette etter meg, tenkte han med seg sjølv. Så snart han fekk snudd seg og var på veg tilbake same veg som han kom, gjekk det enklare. Det var berre å følgja tauet og det grunne søkket han hadde rydda seg på vegen inn, så burde han snart vera ute. Lyset frå lampene på utsida skein gjennom ei smal opning framfor han. Ein stor stein låg på tvers av tunnelen og sperra nesten vegen fullstendig. Det var det tronLLgaste punktet på heile krypeturen, og det verkte i ribbeina berre ved tanken på å klemma seg gjennom der ein gong til. Men steinen var for stor til at Koll kunne rikka han, og han hadde jo kome seg forbi ein gong. Koll stakk høgrehanda og lampa ut gjennom opninga. Hovudet følgde etter, og med eit godt spenntak mot steinane bak seg fekk han pressa seg gjennom til brystkassa. Mirimani såg bekymra opp på han. «Skal eg ta lampa?» 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 12

Koll rista irritert på hovudet. «Eg greier det. Eg er vel brenne meg ikkje nokon unge heller.» Han sette frå seg lampa på ein stein under opninga. Ho vippa litt på den ujamne overflata, men blei ståande. Koll drog pusten djupt og sette olbogen mot steinen han låg på. Han kunne kjenna kvar minste klump og kant mot brystkassa då han tømte lungene igjen og sakte drog seg framover, først med olbogen, så med handa pressa hardt mot steinen. Den andre armen var låst mot sida hans, men tomme for tomme kom han seg gjennom. Steinen klemte rundt magen no, men då han kunne pusta fritt igjen, greidde han å lirka venstrehanda laus. Han dytta frå med begge nevane og tok til å trekkja beina etter seg, klar til å rulla fri. Brått var det som om nokon hogg tak i beltet hans bakfrå. Koll skauv frå igjen, men beltet skar inn i magen hans og heldt han tilbake. Tauet måtte ha festa seg i noko ein eller annan plass i raset, og no sat han òg fast. Han beit tennene saman og dytta seg sjølv hardt framover ein gong til, men til inga nytte. Det nykte i beltet, men han kom ingen veg. «Kva er det?» spurde Mirimani. «Tauet,» grynta Koll til svar og fortsette å pressa. «Det sit fast i noko.» Ho løfta handa for å roa han ned. «Det ordnar vi. Berre ta det roleg, så løyser det seg.» «Eg er roleg.» Koll kunne kjenna jernringen tauet var festa i, pressa mot skrittet hans no. Viss han berre kom seg litt lenger fram, kunne han løysa knuten der. «Koll, berre ligg stille. Slapp av.» Mirimani begynte å klatra oppover steinrøysa, men 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 13

Koll høyrde ikkje etter. Med samanbitne tenner vogga han frå side til side og sleit seg framover. Beltet gnog seg inn i magen hans for kvart rykk, men jernringen skrapa mot steinen no. Berre eit par nykk til … «Koll, ikkje …» Koll la tyngda si til og kasta seg framover alt han kunne. Med eitt rumla det i stein ein plass der bak, og så var tauet laust. Han skaut ut av holet som ei pil frå bogestrengen og tumla framover. Oljelampa velta i det han fall over ho, og på rein refleks prøvde han å gripa lampa samtidig som han tok seg for med hendene, dukka hovudet ned og rulla over skuldra nedover raset. Harde, skarpe kantar slo inn i ryggen og dreiv pusten ut av han, men han rulla vidare opp på føtene igjen og snubla vidare ned røysa. Lykta flaug ut av grepet hans og spann sakte mot holetaket. Koll rakk akkurat å sjå arbeidskarane hiva seg unna, før han sjølv kolliderte med Mirimani. Utan å tenkja dytta han ho til side, stupte ut på holegolvet og rakk akkurat å gripa lampa før ho blei knust. Brystkassa trefte steinen hardt, men Koll ensa det ikkje. Med hendene fulle av glovarmt glas og metall hadde han andre ting å tenkja på. Han beit tennene saman for ikkje å skrika ut, sette lampa frå seg i ein fart og pressa hendene mot det kalde golvet. Ein lang augeblink var det ikkje anna å høyra enn rullande småstein og knakinga av eit ras som trua med å losna igjen, så blei det heilt stille. Mirimani sette seg langsamt opp og heldt seg til hovudet. Ei smal stripe blod pipla fram frå det mørke håret og rann nedover tinningen og kinnet hennar då ho sette auga i Koll. 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 14

«Ut.» Koll såg forvirra på ho. «Ut,» gjentok ho. «Ut av hola! Viss ikkje du kan høyra etter på beskjedar eg gir deg, har du ingenting her å gjera.» «Men …» «Ikkje noko men. Du skal ut herifrå med ein gong, og viss ikkje du skjerpar deg, blir det lenge til eg slepper deg ned her igjen. Forstår du?» «Eg har like mykje rett til å vera her som deg!» Mirimani rista oppgitt på hovudet og kom seg på beina. «Det handlar ikkje om rett, Koll. Du set alle rundt deg i fare når ikkje du gjer som du får beskjed om. Dette er ikkje ein leik, og inntil du forstår det, kan eg ikkje ha deg her.» Koll svarte ikkje. Det var han som hadde funne hola. Hadde det ikkje vore for han, ville dei aldri funne verken gull eller drakeegg, og så skulle han ikkje få lov til å vera der? Han knytte nevane i sinne, men greidde å halda kjeft. Det verkte i kroppen då han kravla seg ut av raset og halta oppover tunnelen utan å sjå på dei andre.

••• Drakehola gjekk djupare inn i fjellet enn dei først hadde trudd då dei fann ho, men det var ikkje lange turen frå raset og ut til sjølve hovudgrotta der drakeskrotten låg. Alle som jobba i gruva, kvidde seg for å gå forbi den daude draken. Han hadde ikkje rørt seg ein tomme sidan Koll først fann han, men bortsett frå det, og at bakparten enno sat fast under fjellet, såg han ut som han kunne vakna 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 15

til live når som helst og driva inntrengjarane ut med eld, klør og drakemagi. Koll stoppa opp framfor den store skapningen og la handa på ei skjelkledd klo fleire gonger større enn han sjølv. I motsetning til alle dei andre var han ikkje redd. Det han følte, var meir som ærefrykt, eller respekt. Han forstod drakane på ein måte ingen andre kunne, og sjølv om berre kyniske og vondsinna menneske kunne ønskja å leva slik drakane hadde gjort, betydde ikkje det at alle drakar var grufulle vesen. Dei var ville og nådelause, men det var berre slik dei var. Annleis, litt på same måten som menneske var annleis enn dyr. Det var først når folk oppførte seg som drakar, at ein verkeleg kunne snakka om vondskap. Koll sukka og gav draken ein klapp på kloa før han gjekk vidare. I den store grotta var eit anna arbeidslag i gang med å hakka laus det Mirimani meinte var det aller største funnet ho nokon gong hadde oppdaga: drakeeggeskal. Det var lett, smidig og sterkare enn stål, og overalt i hola glinsa det av bitar som var kapsla inn av smelta stein. Arbeidet med å knusa steinane og få bitane ut var hardt og tok lang tid, men Koll hadde sett kor sterkt resultatet kunne bli, og var ikkje i tvil om at det var gode pengar å tena på det. Han var framleis sint då han fann vegen ut i friluft. Ein leik!? Akkurat som om nokon i Kervad tok denne hola meir alvorleg enn han. Han hadde risikert livet for skattane der inne, og dette var takken? Det hadde jo ikkje eingong skjedd noko alvorleg. Hadde lampa gått i golvet, kunne det gått ille, men han hadde jo gripe ho til og med! 


Mørkemanaren ferdig.qxd:A

09-08-12

14:54

Side 16

Å senda han ut var berre urettferdig, men han visste det ikkje ville nytta å krangla om det. Mirimani kunne vera like streng som far hans når ho ville, og når ho ein sjeldan gong blei sint, var det best å føya seg. Det irriterande var at ingen såg at alt gjekk så mykje betre no. Etter turen til Vilkafjord hadde han skjønt at han måtte prøva å styra evnene sine, og det var lenge sidan han verkeleg hadde mista kontrollen og gjort alvorleg skade på noko. Men Mirimani såg det ikkje slik, og det var når ho eller nokon av dei andre vaksne stadig behandla han som ein uvørden dritunge, at sinnet hans blussa opp igjen. Det var til å bli sprø av, og kvar gong blei han så sint at han hadde mest lyst til å slå nokon, eller verkeleg øydeleggja noko. For då blei jo alt så mykje betre … Utan å prata med nokon gjekk Koll til soveplassen sin og fann fram nokre restar frå frukosten. Kva skulle han ta seg til no? Det var for seint på dag til å leggja i veg mot landsbyen, og han kunne jo ikkje berre stikka av heller. Men det einaste som var å gjera av arbeid her utanfor, var å laga middag, og det gadd han iallfall ikkje å hjelpa til med. Då han hadde ete litt, bestemte han seg for å gå ein runde i området. Kanskje han kunne finna spor etter hjort igjen? Og Mirimani ville nok berre vera glad for å bli kvitt han ei lita stund. Med bogen i handa la han i veg innover i skogen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mørkemanaren by Det Norske Samlaget - Issuu