SUNNIVA RELLING BERG Utfor. Ungdomsroman. 2011, 2012 Beina i gitaren. Ungdomsroman. 2013 Polarnatt. Ungdomsroman. Ill. av Bjørn Rune Lie. 2019 Stiftelsen Kjell Holms kulturpris 2012 Bokhandelens barnebokstipend 2014
Sunniva Relling Berg
Lyden av to hender Roman
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Vidar Flak Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,5/15,5 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0171-0
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Whether I make them or not, there are always sounds to be heard and all of them are excellent. – John Cage
Søte ord i øyret
1 Austerrike, 2008
Det er første gong Lotte har hatt med seg ein mann heim til den vesle leilegheita. Han ligg med hovudet under puta, ryggen er brei, med små, svarte hårkrullar. Ho formar munnen rundt namnet hans, Christoph, den lange o-en, den brå og korte f-lyden, som om namnet snublar og fell på slutten. Christoph. Ho seier det heilt svakt, ser bort på han. Han har vakse opp her, i Wien, for kvar gate dei går i, har han ei historie. I dag vil han kanskje ta henne med til kafeen som ifølgje han har dei beste kakene i byen. Han held puta over hovudet, pustar tungt. Kleda hans ligg i ein haug på golvet. Ho tar opp den mjuke genseren som luktar så godt av han, pustar inn, før ho legg han over stolen. Klokka er berre halv ni, og det er søndag, men ho håper han vil vakne snart. Ho går inn på kjøkkenet, det er ikkje mogleg å lukke døra heilt att. Det er lenge sidan ho har ete heime. Kjøleskapet er nakent. Eitt egg, det kan han få. Ho skjer av det blå som har blomstra i osten, smøret er hardt og gult. Bringebærsyltetøyet heller ho over i den vesle sukkerskåla ho fekk av Jákob for mange år sidan. Lokket som høyrde til, knuste mot golvet i førre veke. Ho stryk 9
fingeren over dei handmåla, rosa blomane, ein gul sommarfugl flyg opp frå dei. Porselen frå Ungarn. Ho har ikkje snakka med han sidan den siste pianotimen for seks år sidan, då alt berre blei feil. Men i morgon skal ho ringe han, og tanken får sommarfuglen til å flagre. Christoph gryntar, senga knirkar, ho skundar seg bort til døra. Hovudet er framleis under puta. Christoph, seier ho, utan lyd, snur seg og set krukka med syltetøyet på kjøkkenbordet. Ho er spent på å høyre stemma hans att, stemma hans med søvn i seg. Stille drar ho fram steikepanna, set ho klar på plata. Ho vrir om brytaren på komfyren og knuser egget oppi panna. Snart byrjar egget å vri seg, boble. Ho skrur på vifta, som rasar skranglande. Bestikkskuffa kan berre opnast halvt, ho lirkar ut to knivar og to gaflar og dunkar skuffa inntil att med hofta. Surklinga i røyra røper at han har gått på badet. Ho ser likevel inn på senga, dyna som ligg i ein krull, ei grop i lakenet. Egget knitrar og freser, ho skrur ned varmen, set på ein kjele vatn, og så står ho i døropninga att, ventar. Då ho ser dørhandtaket bli trykt ned, fyk ho rundt og inn bak komfyren, snur egget og angrar på at ho ikkje spurde først, om han liker det best med solsida opp. «Vil du ha kaffi eller te?» spør ho, på engelsk. I går lurte han henne over på tysk, han nekta å svare henne på engelsk, kalla henne arrogant – Du bist arrogant – og ho kunne ikkje late som om ho ikkje skjønte det. Du har budd i Austerrike i fem år og har ikkje sett nytta av å lære deg språket? sa han. Nesten seks år, sa ho. Andletet hans i døropninga, håret er villare enn det var i går, auga sit djupare. Han er så fin at det gjer vondt i magen. 10
«Guten Morgen.» Stemma hans kiler oppover armen hennar. Han held fram på engelsk: «Kaffi, takk. Godt du berre lagar frukost til deg sjølv. Eg skal vere rask.» Ho følgjer blikket hans til det einsame egget i steikepanna. Det tar nokre sekund før ho skjøner kva han meiner. Ho ristar på hovudet. «Nei, eg tenkte du skulle få det.» Ho ler, han ler òg, men meir av henne enn med henne. Ho løftar steikepanna av plata, lausnar egget med steikespaden. «Eg forstår at du ikkje har tid til fjas. Det passar meg fint. Eg er snart ute av huset», seier han. «Eg vil gjerne at du blir.» Ho held hardare i steikepanna. Han tar ein kopp ut frå skapet hennar. Ho peiker med olbogen mot glaset med pulverkaffi, usikker på kvar ho skal gjere av egget. Han heller oppi ei stor mengd kaffi. «Eg er ikkje noko frukostmenneske, uansett», seier han, fyller opp med vatn, prøver å drikke kaffien, må gi opp, vente til han har kjølna. «Skjønte på klassekameratane dine at du er svært seriøs når det gjeld spelinga. Du er den som øver mest av alle. Då er det ikkje tid til så mykje anna.» Ho klarer ikkje å sjå på han, ho ser på egget som har skrumpa inn. Steikepanna er tung, drar henne mot golvet. Kvifor snakkar han om study friends når det var ho og han som snakka saman heile kvelden. Kvar gong ho kom ut frå toalettet eller tilbake frå baren, fanga han henne opp. Han snakkar som om han ikkje har varta henne opp kvar gong ho har gått ut, fire gongar har han tigga henne om å bli lenger. Ho har sagt at ho må legge seg for å klare å øve før undervisninga. Men 11
ikkje i går, i går hadde ho bestemt seg for å bli, og han hadde lagt hendene sine over hennar, sagt at han elska dei musikalske, sprelske fingrane hennar, han sa det på tysk, han snakka berre på tysk. No held han fram på engelsk: «Eg ser opp til dykk som klarer å vere så dedikerte. Når du blir verdskjend, skal eg hugse dette.» Då ho ser på han, løftar han kaffikoppen som om han skal skåle. I går fortalde han om ei ballerina han var saman med før, som han var redd for å knekke, og som gjorde han galen, det var alltid balletten, heile tida balletten, det låg ikkje for han å vere saman med henne, og ho fortalde om Håkon, som ikkje forstod, samtalane deira som enda i krangling, ho smurde på og sa ho kjende seg letta då det blei slutt. Ja, eg veit, sa Christoph og stønna. I går kveld trudde ho at dei snakka seg nærare kvarandre, no forstår ho at Christoph eigentleg samanlikna henne med ballerina-jenta, alltid spelinga, heile tida spelinga, og no er ho glad for at ho ikkje nemnde at Håkon er den einaste kjærasten ho har hatt, før Christoph, og at det allereie er seks år sidan det blei slutt. Og kjærast: Tenkte ho verkeleg at Christoph blei kjærasten hennar berre fordi han blei med henne heim? Ho veltar det størkna egget over i søpla og set panna tilbake med eit høgt klunk. «Då forstår eg at du klarer deg sjølv», seier ho. «Du kan berre late att døra når du går. Ho går rett i lås.» Det er så trongt på kjøkkenet, ho kjem borti han på veg forbi. «Du treng vel ikkje å bli gretten», seier han. Ho låser baderomsdøra, ho skrur på dusjen og set seg oppå dolokket, trykker fingrane mot augelokka. Etter 12
ei stund høyrer ho at han kjem bort, han seier gjennom døra: «Takk for no, då.» Han ventar. Ho kjem på at han kanskje vil høyre at ho ikkje rører seg under strålane, og stikk hovudet inn i dusjen. Vatnet er for varmt, det brenn i hovudbotnen. «Du får ha lykke til med spelinga», seier han. Ho set seg på kne, vatnet renn nedover ryggen, trekker inn i T-skjorta, klistrar bomulla til huda, renn inn under bukselinningen. Ytterdøra smell att. Ho skrur av dusjen og lyttar.
2
For ein gongs skuld skulle ho ikkje øve i helga. Det var før Christoph stakk. Kvar skulle ho elles dratt no, om ikkje til øvingsrommet, som er dunkelt og kjølig. Karlina har sendt melding og skriv: «Du har vel ein fin dag i dag? Neste gong må du hjelpe meg» blunkefjes og hjarte. Det var Karlina som hadde fått Lotte med ut og røpte for Christoph at no hadde ikkje Lotte øving å skulde på. Auditionen var ferdig, dei venta berre på å få vite kven som skulle spele på Vårkonserten. Berre at alle veit at det kjem til å bli Lotte, sa Karlina og hadde allereie drukke så mykje at ho lo den høge operalatteren sin. Fingrane treffer tangentane for hardt. Ho lar dei fyke fram og tilbake. Dei siste tre åra har Vårkonserten vore målet; å få spele i ein av dei finaste konsertsalane i verda framfor eit kresent publikum. Dei kjem fordi dei veit kor høgt nivået er. I salen vil det vere folk som kan gi karrieren hennar det løftet ho treng. Då kan ho ikkje spele sånn som dette. Det einaste Mittermeier har pirka på i det siste, var at ho måtte legge meir kjensler i spelinga, som då 14
ho spelte pianokonserten til Schumann. «Her kviskrar Robert søte ord i øyret på Clara», sa han. «Du må vere forelska, du må vere mjuk.» Han sa det på ein mild, nærast spørjande måte, og det var som om han stakk ei spiss nål nett der det var ømt. Det kom så brått, som om han og Karlina hadde rotta seg saman og såg det som si oppgåve å tvinge kjenslene fram i henne, som om ho trong det. Vanlegvis er Mittermeier streng og skarp i kritikken sin, han er den alle studentane er redd for, og ho liker det, ho visste kvar ho hadde han. Heilt til han såg på henne med dette spørjande blikket, som om han lurte på om ho hadde eit liv utanfor universitetet. Har han ikkje kravd alt av henne? Ho har prioritert hardt. Han av alle burde sjå verdien av fokuset hennar. Det er klart ho kan vere mjuk. Mange har fått tårer i auga når ho har spelt, ho har rørt ved dei og opna rom dei ikkje visste fanst. Ho buldrar over dei mørke tangentane. Kor mange såg henne saman med Christoph? Ho trudde dei ville ha søndagen saman, han skulle vise henne dei delane av byen han snakka så varmt om, ta henne med til kafeen han har skrytt av. Ho speler så høgt, så stygt, dundrar av garde, og den vesle smerta i fingertuppane gjer godt. Ho trudde på han, på hendene og auga hans, på kor tett han heldt henne, som om det var henne, berre henne. Melodien hakkar, leitar, er ei dør som står og slår. Klokka må vere over midnatt. Ho løftar hendene, og så sit ho der, lyttar til det som blei att. Ho veit ikkje kor lenge. Det kjennest rart å massere handledda, rart å røre seg i stilla ho har etterlate.
15
3
Gatene er måndagsgrå. Snøen ligg hard og skitten i vegkanten. Etter å ha surra med mobilen i hendene legg ho han nedst i sekken. Ho legg hovudet inntil vindauget på trikken og får vondt fordi glaset vibrerer sånn. Ho skal gå lett inn den tunge døra, inn bak den ruvande gule fasaden til Universität für Musik und Komposition Wien, MKW. Ho hoppar av trikken, småjoggar bort til døra. Ho øver meir enn nokon fordi ho har eit mål, ho veit kva ho skal – noko Christoph, som har byrja på sitt tredje studium, filosofi denne gongen, ikkje gjer. Ho jobba hardt for å komme inn på MKW. Det tok henne fleire år enn både ho og pappa hadde håpt. Ho hadde angra sånn på at ho drog frå Norge, og sakna timane til Jákob. Men ho kunne ikkje dra tilbake, ikkje etter at ho kom inn i stova hans og kunngjorde at dette ville bli den siste pianotimen hennar. Du har ikkje meir å lære meg, eg treng nye impulsar, sa ho, og ho klarte ikkje å stoppe, ho heldt fram med å seie alt det ho vil gløyme. Pulsen er ei tromme. Ho er sveitt inni hendene, kjenner at det er glatt då ho tar tak i gelenderet på den store, vide trappa. Ho er 23, ein av dei eldste i klassa, men ikkje den eld16
ste, og det er berre eit halvår igjen. Ho satsar, ho skal reise og spele, ikkje gå for det sikre. Med spenst i beina kjem ho seg opp alle trappene til den grøne salen. Dei fleste studentane sit klare allereie, med uregjerlege fingrar som trippar på lår eller surrar seg inn i hår, rørsler som avslører uroa. Det bankar i tinningane. Så mykje talent er samla i dette rommet. Før dei kom til MKW, var dei alle best i sine klasser, no er best blitt eit umogleg omgrep. Ho set seg ved sida av Karlina. «Ja?» Karlina drar det lange, raude håret over skuldra, byrjar å flette det. «Er du klar for ein hektisk vår?» spør ho. «Det kan like gjerne bli deg.» Lotte ser mot døra. Dei kan høyre klikka frå hælane til professor Agniezska Csarny. Halsen kjennest sår. «Jo takk.» Karlina fnyser. Då dei byrja på MKW, første dagen, fann Lotte Karlina på do med raude auge og hikstande pust. På ein måte gjorde det Lotte letta, ho var i alle fall ikkje så lett å knekke, og med eitt var ikkje alle dei andre studentane så skremmande som ho først hadde tenkt. Karlina tvinnar håret strammare og strammare rundt fingeren. Csarny strenar inn i rommet med haka høgt og ei svart notatbok i handa. Blusen hennar er kremgul med store erme. Lotte ser ut vindauget. Vinden røskar i det store treet. Svarte greiner krafsar mot dei grå skyene. Ho blir svimmel av det. Professor Csarny fortel om konserten, at også i år er vi så heldige å kunne arrangere Vårkonserten takk vere den gode støtta frå – og Csarny ramsar opp alle sponsorane, tidlegare professorar og andre som gjer konserten mogleg. Karlina pustar 17
tungt, kanskje er ho på nippet til å byrje å gråte? Ho strammar munnen når Lotte ser på henne, men det var ei skjelving i underleppa. Foreldra hennar ventar kanskje at det skal bli henne, og kvifor skulle ho ikkje ha eit håp? Ho er god, veldig god, berre ikkje alltid presis nok. Csarny nærmar seg, det har vore vanskeleg å velje – som alltid, seier ho. Rommet er så varmt og klamt. Det er vanskeleg å svelgje. Etterpå skal Lotte gå rett ut i gangen og ringe til Jákob. Ho vil seie at det er takk vere han at ho får denne sjansen, det er du som har lært meg alt. For eit år sidan ringde ho nesten til han, berre fordi ho møtte ein gammal musikar frå Ungarn som hadde jobba med han. Ho ville ringe og seie: I dag møtte eg ein som heiter Gusztáv Király, som visstnok kjenner deg? Han hadde ein master class for oss, og då eg snakka med han etterpå, sa han at du er ein av dei dyktigaste musikarane han veit om. Jákob ville sikkert blitt brydd av skrytet, og etter kvart ville han spurt: Korleis går det med spelinga di, då? Og den gongen hadde ho ikkje noko stort å fortelje. Ikkje stort nok. Men no, snart. Ho gnir hendene mot låra. Handflatene er så varme, fingrane dirrar, og ho kryssar armane over brystet. «Årets solist på Vårkonserten blir –.» Agniezska Csarny ser ein augeblink Lotte i auga, men like snart mot nokre andre, og ho smiler kort. Eit smil som verken er varmt eller hyggeleg. Det er umogleg å trekke pusten, vanskeleg å høyre noko over hjartet som dunkar. Csarny opnar munnen, og leppene formar seg rundt namnet: «Si Yun.» Karlina trekker raskt pusten, kjem borti Lotte med 18
armen. Kulda spreier seg i brystet. Alle dei små rørslene, uroa i dei andre elevane, har forsvunne. Det er ei merkeleg stille i rommet, som om ingen pustar. Si Yun sit framme til høgre, Lotte ser henne berre uklart, gjennom ei tåke. Alt går sakte, tankane sym i kvae, for det kan ikkje stemme, men det er Si Yun som reiser seg. Kanskje er det applaus, kanskje seier nokon noko, men stilla ringer i øyra. Det kan ikkje vere Si Yun. Ho, som er lita som eit vindpust, men effektiv og presis, og som i løpet av ei veke er kjærast, treningsnarkoman, skribent for eit musikkmagasin i tillegg til å vere student. Hadde dei valt nokon andre, kanskje, men Si Yun? Ho, som det første året hang saman med henne og Karlina, før alt anna blei så viktig. Ho kan ikkje ha øvd halvparten så mykje som Lotte, og likevel, det er Si Yun som er der framme med professor Csarny. Si Yun som bukkar rart og takkar. Sakte snur dei andre studentane seg mot henne, nokre treng meir tid enn andre før dei får tvinga gratulasjonen fram. «Går det bra?» spør Karlina. Lotte tør ikkje opne munnen. Ho drar opp sekken, går ut i gangen, ser knapt kven som går forbi. Ho forstår det ikkje, ho høyrde sjølv Si Yun spele, og dette skremmer henne mest; at ho ikkje aner kva ho kunne gjort annleis. Men dei lar seg lure av Si Yun sine blanke auge, dei grasiøse rørslene, og ho er favoritteleven til Florian Pichler. Det er det som er, Pichler får det alltid som han vil. Lotte opnar auga og skvett til, for Si Yun står ved sida hennar, roleg, som om ho har stått der nokre minutt allereie. «Er du skuffa?» Si Yun smiler og held fram nokre 19