Anne Gunn Halvorsen
Livet og korleis leve det Ei handbok for vaksne
Samlaget Oslo
INNHALD Forord........................................................................................... 7 1 KJÆRLEIK (og korleis leve saman).............................................................. 13 2 TID (og korleis bruke henne)............................................................ 57 3 PENGAR (og om du bør bruke dei)......................................................... 103 4 MAT (og korleis ete utan å ta livet av deg sjølv eller andre)........... 141 5 DØD (og korleis overleve)................................................................. 187 Etterord.................................................................................... 235 Kjelder....................................................................................... 238 Takk...........................................................................................240
FORORD
EIN FAMILIE FLYTTAR inn i eit hus. Mor, far, eit lite barn og ein baby. Varmen er skrudd av, det er januar, og varmtvasstanken er øydelagt. Huset er iskaldt, men dei kler på seg, reparerer tanken, og varmen stig. Barna veks. Dei pussar opp huset, gjer det fint. Aina og Alexander veit kvar dei kjem frå, kor dei vil. Dei var saman i årevis før dei gifta seg. Barna er friske. Dei ler mykje. Folk tenker at dette er eit sånt par som alltid vil vere saman. Seks år seinare er Alexander på veg ned i kjellaren for å spele. Barna er blitt store, dei går på skulen, og huset er ikkje lenger nytt, det er blitt ein heim. Dei vaksne arbeider side ved side, det praktiske fungerer godt. Denne kvelden er det slik, han går ned for å spele. Ho grip fjernkontrollen til tv-en oppe. Han stoppar. «Er det eigentleg nokon vits i å ha dette ekteskapet i respirator?» spør han. «Eg skjønner ikkje at du har halde ut så lenge», svarar Aina. Dei tar eit glas vin, blir samde om å setje kvarandre fri, og løyser opp alt. Så flyttar ein ny familie inn. Dette er oss. Mor, far, eit lite barn og ein baby. Nøyaktig same konstruksjon, nøyaktig same plan. Me pussar opp og gjer det fint, er ein familie i eit hus. Ein kveld etter at ungane er lagt, går eg ut med
–7–
søppelposen, opnar lokket, slepper posen ned. Eg snur meg mot den svartbeisa rekka av identiske hus, alle med soverom oppe og kjøkken nede. Vindauge mot gata og felles søppelspann, bitte små hagar bak som ikkje er synlege frå vegen. Eg ser for meg korleis Aina og alle andre før har gjort akkurat det same. Gått ut frå det same kjøkkenet, kasta søppel og gått inn att. Alle i tru om at dei skulle bli buande her, at det var dette som var greia. Heilt til dei ikkje trudde det lenger. Familie etter familie har skylt inn og ut av desse rekkehusa. No er det oss, me har kasta alt me eig inn i desse få kvadratmetrane. Fast bestemt på at her skal me bli. Men er det godt nok, å vere «bestemt» på at noko skal gå? Eg har googla så mykje i mitt liv, barnefødslar, føflekkar, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri researcha dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenker eg og stirar på det vesle rekkehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg. For korleis skal eg halde alt dette flytande? Korleis skal eg unngå at samlivet går i stykke, at me blir utslitne, leie, fattige, usunne? Me har satsa alt, men samstundes berre lukka auga og håpt på det beste. Eg har tenkt at «det vil sikkert gå bra». Det er ikkje godt nok. –8–
Forord
Eg er journalist, og alle journalistar veit ein ting: Nokon veit alltid meir enn deg. Eg bestemmer meg for å gå ordentleg til verks. Ikkje meir rastlaus og overflatisk søking på kjendisar, kongebarn og trenings-tights, eg skal kome til botnen i korleis me skal fikse vaksenlivet. Eg er ikkje unik, millionar av menneske har levd dette livet her. Det finst informasjon der ute, og eg går inn for å finne han.
Kapittel 1
KjĂŚrleik (og korleis leve saman)
EG TRAMPAR ned trappa, under ligg ein lang mann og tar sit-ups. Dette er Håvard, sambuaren min. Me har vore saman så lenge at eg ikkje tenker over at me er saman. «Me skal på samlivskurs», seier eg. «Då må du betale», pesar han og fortset med treninga. Sånn er han, du kan foreslå alt mogleg, og han tar det på strak arm. Yoga, samlivskurs, har du høyrt om denne magiske dingsen som gjer utrulege ting? Nei, men den har eg skikkeleg tru på, tusen takk! Han er ingen gammaldags mann som nektar å snakke om kjensler eller er skeptisk til framskritt. Nei, Håvard er 1,88 cm høg og har blikket opp og fram. Ukueleg tru på at alt kan forbetrast, og at framtida kjem med nye løysingar. Jamleg parkerer store lastebilar framføre huset vårt og leverer bitte små pakkar frå eBay til Håvard. Det er lommebøker med plass til både mobil og pengar! Ein shorts som kan fungere som badeshorts, fritidsshorts og forretningsshorts! Håvard går på pilates, han mediterer via applikasjonar, kjøper ny teknologi, og er moderne i den forstand at han har skikkeleg tru på framtida. Han er open, fri for nervar og avanserte «worst case»-scenario. Alt det der er mine oppgåver. Eg er 1,60 cm høg, eg held meg trygt på bakkenivå og sikrar grunnen. Ålar meg føre i graset og roper bakover om moglege kriser i horisonten. – 13 –
Kapittel 1
Alltid klar med ein plan. Eg har kjensler, men vil helst ikkje vie dei for stor merksemd. Eg ser på kjensler som på veret, ja, ein skal ta omsyn til dei, men du kan ikkje la dei bestemme heile dagen heller. Dette gjeld både eigne og andre sine kjensler. Ein må heller halde fast i det ein kan halde fast i, tvihalde på det ein har. Brått kjem framtida og lokkar med ei ny oppfinning. Du slepper taket for å gripe og kan bli ståande att utan noko. I motsetnad til Håvard kjøper eg aldri, aldri ting på internett. Det er for usikkert og kan bety tapte pengar. Eg vil helst at me alle held oss i ro; går me for fort fram, kjem me berre nærare døden. Me var, som du kanskje skjønner, ganske fulle då me møttest for tolv år sidan. No er det for seint å snu. Me har satsa saman på alt dette her, huset, barna, gjelda, livet. Ryk dette, vil konsekvensane bli store. Ingen av oss ønskjer ei reorganisering av liva våre, herregud, ikkje endå meir å gjere! Dersom eg skal sikre grunnen og finne ut korleis eg best skal leve livet, må eg starte her. Eg må starte med samlivet. Tid for trøbbel Me er midt i målgruppa for samlivsbrot. Me har gått frå å vere kjærastar til å bli småbarnsforeldre, og det i ei likestilt verd der me begge gjerne vil arbeide. Flotte omstende som likevel får terapeutar over heile verda til å gripe etter raude varseltrekantar. Det er no det skjer. Forsking viser – 14 –
Livet
at slik me har det akkurat no, er avgjerande for om me held saman åtte år fram i tid. Skilsmisseraten er høgast for vaksne i starten av 40-åra. Eg treng ikkje statistikk til å vise meg det, eg ser det jo i praksis. Som ein mystisk sjukdom angrip samlivsbrot folk rundt oss. Det ser ut til å ramme kven som helst, når som helst. Ta for eksempel min perfekte venn Kim (35). Eg ringte han for å høyre om han hadde nokon skilde venner eg kunne snakke med. Eg hadde ikkje sett han på ei stund, men visste uansett alt om livet hans. Dei hadde det strålande på Instagram, drakk Pukka-te i hagen, samla menneske kring langbord, sveitta i rosa treningsklede i skogen, tok selfies på konsert og viste fram barnehender med sjølvdyrka eple i. «Du kan snakke med meg, me skal skiljast», sa han. Eg vart så overraska at eg ikkje klarte å svare ordentleg. Eg stamma fram nokre ord og la på røyret. Då eg seinare møtte han, fortalde han at brotet var like overraskande for han som for meg og alle rundt. Det kjentest som å bli påkøyrt av eit tog, sa han. Kim og Camilla hadde vore på veg ned frå påskefjellet, og han hadde foreslått at dei kanskje burde prøve terapi. Då fekk kona ei slags openberring. Brått såg ho at det var forholdet som var problemet. Det var difor ho ikkje hadde hatt det bra dei siste åra. Det var ikkje jobben eller helsa. Det var forholdet. Dei vart samde om å prøve terapi, men før dei – 15 –
Kapittel 1
kom så langt, møtte ho ein annan mann. Då var det ikkje lenger ein snev av tvil hjå henne. Ho måtte ut. Kim kjente henne ikkje att. Han følte ei sorg som kunne minne om dødssorg, ho forsvann og vart liksom ei anna. Den vidare prosessen var turbulent for dei perfekte vennene mine. Dei prøvde å vere gode venner, og flytta inn og ut av huset på skift. Så oppstod det uklare avtalar, og denne nye mannen kompliserte alt. Kim sa til slutt: «Eg hentar i barnehagen, du leverer, og så tekstar me til kvarandre om resten.» Han sat aleine på ein hybel, fekk langt skjegg og kunne begynne å grine av advokatserien Suits. «Eg visste jo at samlivsbrot var kjipt, men det er altså faen meg så kjipt», seier han. Det er klart ein skal prøve å unngå dette. Samlivsbrot er eit av mine største mareritt. Måtte flytte. Klare meg på ei lønn. Ha begge barna aleine. Måtte stå opp kvar morgon. Måtte stå opp kvar natt! Dra på ferie aleine. Og eg merkar meg no, når eg ramsar opp forferdelege konsekvensar, at eg kjem heilt ned til sjuandeplass før eg kjem til «Leve utan Håvard». Det er vel heller ikkje eit godt teikn. «Samlivstriks», googlar eg. Internett reiser seg, klappar i hendene og kastar seg over meg. Her er det hjelp å få! Nøkkelordet er kompetanse. Ekte, hard kompetanse for å halde kjenslene varme. «Seek education first! Therapy last! Education first!» seier Dr. Love med dirrande peikefinger og mørke auge i ein YouTube-film. – 16 –
Livet
Kjærleiksdokteren er Howard Markman. Som ung psykolog fekk han spørsmål frå studentar med kjærleiksproblem. Han ville basere svara sine på fakta, men fann lite forsking kring desse vanlege spørsmåla han fekk. Han utvikla difor Prep, «The Prevention and Relationship Enhancement Program», som er eit av få forskingsbaserte samlivskurs. I 1999 kom det til Noreg, og no blir det arrangert slike kurs nesten kvar helg i Noreg. Vanlegvis subsidiert av staten. Nesten ein million kroner brukte staten på desse kursa i 2015, og over 30 000 nordmenn har deltatt. Reklamen og kurstilbydarane gir inntrykk av at dette er noko alle bør gjere. Alt blir betre av å gå på kurs og auke kompetansen! Eg blir sitjande og scrolle. Så mange moglegheiter! Skal me på Prep-kurs i Antibes, der «språket har sin egen duft», flotte oss i Gamlebyen i Fredrikstad som visstnok har eit «yrande folkeliv», eller skal me berre stikke på eit anonymt konferansehotell på Gardermoen? Me kan nøye oss med å setje av ein kveld og ta trikken til Nordstrand for ein minivariant av Prep. Men det må ikkje vere Prep! Me kan velje mellom imago, samlivskurs for bønder, samlivskurs for nordlendingar, eit jesuskurs på Jæren eller svippe innom for ein FFP (Før-ferie-prat). Samlivscoachane helsar meg velkomen med mjukt korsa armar og lune smil, frå nettsidene lokkar motiverande slagord forfatta med løkkeskrift, «Lev livet levande!» Dei er rause med å leke frå – 17 –
Kapittel 1
evalueringsrapportane. Ein tidlegare deltakar fortel at samlivsterapeuten klarte å skjere opp eit gammalt sår, la pusset renne ut og lappe det saman att. Ein annan deltakar seier han var som knust glas. Terapeuten klarte å gjere han heil att. Kurshaldarane er ofte gift med kvarandre, noko som ser ut til å vere eit faktum verdt å formidle. Den faglege bakgrunnen deira er verd eit avsnitt i seg sjølv. Det kjem no. Éin samlivsekspert er sosionom. Ein annan er journalist og redaktør. Éin er cand.mag. i pedagogikk og sosiologi, ein annan er psykodramaleiar, konfliktrådsmeklar, det finst ein med mastergrad i organisasjon og leiing. Éin er tidlegare generalsekretær i landsforeininga mot aids. Me kan la ein teaterinstruktør med «utdanning i aksjonsmetodikk og prosessleiingar» fikse forholdet vårt. Eller kanskje me vil ha ein AFP-ar, ein eks-barnevernsleiar? Ein havseglar som har kryssa Atlanterhavet, kan kanskje lose oss over i rolegare farvatn? Eller kanskje bør me velje henne som ganske ærleg og enkelt titulerer seg som «parterapeut, kursholder, mamma, datter, venn/venninne, kone». Felles for dei alle er at dei tar seg godt betalt. Timeprisen ligg gjerne rundt tusenlappen. Dei understrekar alle kor viktig det er å søke hjelp før du trur det er nødvendig. Eg går for det største og mest velprøvde kurset i bunken, Prep-kurset. Håvard er med, så lenge eg betaler. To helger seinare køyrer me difor ut av Oslo, me har høg lyd på bilstereoen. Utanfrå ser det ut som starten på ein kul – 18 –
Livet
road movie, inni bilen er det berre tett og varmt. Håvard er fyllesjuk, og set på «Losing you» med Solange. Syster til Beyonce, ho som slo laus på Jay-Z i ein heis etter at han mest sannsynleg hadde vore utru mot Beyonce. Låten er jo ein slags morosam spøk, og ville vore eit takknemleg påfunn om me var i ferd med å lage radio. I staden er eg veldig irritert for at det er eg som må køyre, og fortel for hundrede gong at eg ikkje liker den songen så godt. Håvard seier at det kjem av min manglande kompetanse på techno, at eg ikkje forstår at introen er komponert slik fordi han skal kunne miksast. Det han seier, er feil, på alle måtar. Eg bit tennene saman. Eg har stor lyst, men ikkje overskot til å ta denne krangelen. Blikket mitt er limt langt framme på vegen for å hindre at eg fører bilen i ein impulsiv U-sving. Jo meir research eg gjorde på dette kurset, jo meir overtydd vart eg. Til slutt verka det heilt ansvarslaust å ikkje bruke 5000 kroner og ei helg på eit kurs- og konferansehotell i gokk. Difor har me no fått barnevakt og skal bu ei heil helg saman med andre par som vil styrke forholdet sitt. Tanken er absolutt uuthaldeleg. I den lærevillige søkinga mi hadde eg gløymt kven eg var. At eg er ein person som ikkje eignar meg til kurs eller til å snakke om kjensler. Innsjøane me køyrer forbi, blinkar i sola, stasjonsvogna vår har familiebilar føre og bak. Det er siste laurdagen denne sommaren, og ein perfekt dag for å ta barna med på telttur, plukke blåbær, vaske utemøblane. Tenk om eg berre kunne få rydda i bua! – 19 –
Kapittel 1
Hadde me vore andre menneske, kunne me ha skrytt av dette. Sjå på oss. Ressurssterke og moderne, proaktive og dessutan har me no store sjansar for å vinne over alle dykk andre. Me kjem til å halde saman lenger enn dykk og dykk og dykk. In your Facebook-faces. Men me er ikkje sånne personar. Eller, eg er ikkje ein sånn person. Eg er ein knute. Me parkerer, og Håvard går med lette bein mot hotellet. Eg festar blikket i bakken. Dersom eg står heilt stille bak denne inngangsdøra, er det kanskje ingen som kan kople at eg er saman med den gauken av ein mann som no står i resepsjonen og seier: «Me skal på sånn Prep-kurs.» Eller, det han seier i den folketunge resepsjonen, er: «ME SKAL PÅ SÅNN PREP-KURS!» Alle ser på oss. Dette er kurskameratane våre. Eg kjenner meg eksponert, og stiller meg tett inntil veggen til me kan gå ned Golgata som leiar til kursrommet merkt «Prepkurs». Rommet er nesten fullt, alle stolane er tatt av blide menneske som konsentrerer seg intenst om brosjyrane nokon har lagt på pultane. Eg finn til slutt ein ledig stol og smett ned bakarst i rommet. Her kan eg trygt observere dei andre. Reine, pene menneske mellom 30 og 60 år. Folk du ville spurt om hjelp i ein nødssituasjon, alle saman kunne budd i gata vår eller i bygda mi. Det er så slåande at det nesten verkar påtatt, som om dei er casta til ein ny serie som tar for seg Verdas Vanlegaste Folk. Ikkje snobbete, ikkje slaskete. Nokre diskré hælar, men mest flate sko. – 20 –
Livet
Eg er sikker på at alle eig ei allversjakke til fritidsbruk, og kom hit i ein trafikksikker bil. I lunsjen skal det vise seg at alle forsyner seg av sushien, og nokre klagar lågmælt og muntert over at risen kanskje er litt for blaut samanlikna med den i Sandvika. På førehand er me blitt lova at me ikkje skal dele noko personleg. Her er det berre forskingsbasert kompetanse heving. Å sitje i sirkel og grine i plenum synest å vere so last decade. Likevel seier dei to kurshaldarane våre at me skal ha ein presentasjonsrunde. Eg kikkar bak meg, vindauget er på gløtt. Nei, det går ikkje å presse kroppen gjennom glipa. Her er det berre å skjerpe seg. Para fortel kor lenge dei har vore saman. Nokre har førti år bak seg, andre har to. Folk humrar varmt og høfleg distansert. Alle verkar bekvemme og innforståtte. Alle utanom den plaga femtitalsmannen som sit lengst bak, fanga i ein 30 år gammal kvinnekropp. Ein av kurshaldarane, ein ung, bebrilla psykolog, ber alle opne seg og gi det eit ærleg forsøk. «Å vere fastlåst på førehand kan øydelegge mykje», seier han. Eg ser ned i pulten. Eg må skjerpe meg. Mange kloke menneske før meg har funne ut at det er kurs og snakking som er vegen til samlivssuksess. Eg ønskjer samlivssuksess. Eg må som eit sivilisert menneske tru på forsking og gi dette ein sjanse. Det er seksten timar att.
– 21 –