ruth lillegraven
Skogen den grøne Dikt for barn
Illustrert av
mari kanstad johnsen
Samlaget Oslo 2018
Inn i skogen eg stansar i ein sving langs vegen klyv over ei grøft løftar eit grønt slør av bjørkeblad her startar stien her forlèt eg bråk og støy går inn i ei stillare mjukare verd
5

Noko nytt eg er så lei av alt søsken, foreldre lekser, leiker, blokk og bakgard, alt så lite og trongt i skogen kan konglene vere vennene mine, søster og bror, far og mor og ein dag vil kanskje ei kongle opne seg, sleppe eit frø som blir til ei perle, ein ball eller ein raud ballong som svevar vekk mellom trea
6
7

9
9