Skip to main content

Levande stein

Page 1

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 1

1


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 3

Jon Fosse

LEVANDE STEIN Kortare prosa og ei hymne

Samlaget Oslo 

3


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 4

4


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 5

INNHALD Aasen, Welhaven, Hauge  Drøymt i stein  Heimkome  Eit noko  Bølgjer av stein  Heilt utan ord 


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 6


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 7

Kortare prosa


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 8


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 9

AASEN, WELHAVEN, HAUGE


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 10


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 11

Eg tenkjer på Ivar Aasen, av ein eller annan grunn, kanskje fordi han for ikkje altfor mange år sidan budde slik til at han kunne sjå bort til huset der eg sjølv no lever som holebuar, og eg har Aasen mistenkt for å ha vore litt av ein einstøing og holebuar sjølv, endå om andre påstår anna, og det eg kjem til å tenkja på, er eit sitat av Aasen frå diktet «Vit og Tru», på kor mykje vit og visdom det er i dei orda som nok mange av oss går og hugsar kvar enn vi går: Vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru må stydja uppunder. Vitet strekkjer seg så langt det rekk, men ein stad når det si grense. Og som Ludvig Wittgenstein sa, så kjem vi oss aldri ut or språket. Eller språket er grensa for vår verd, som Martin Heidegger skreiv. Ivar Aasen hadde forstand og vit på språk, og difor òg på kvar språket, og vitet, måtte gje opp. Språk, og dimed tenking, er uløyseleg bunde til dualitetar, motsetnader, og samstundes er det der den dualistiske tenkinga ikkje lenger gjev meining at tru må koma i hennar stad. Og tru kan strekkja seg frå den mest vaklande 


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 12

øygning og til den sikraste innsikt, til gnosis. Og nettopp difor trengst diktinga: Hvad ei med Ord kan nævnes i det rigeste Sprog, det uudsigelige skal Digtet røbe dog. Dette verset frå «Digtets Aand» av Welhaven kalla Olav H. Hauge for den beste poetikk skriven på norsk. Eg kan ikkje anna enn å seia meg samd med Hauge. For språket, som dikting, skal seia det språket ikkje kan seia, men som trua øygnar eller veit. Også difor var og er språket, vårt språk, det språk vi kan i hjarta, staden der vi kan nå både vit og tru. Og eg kjem i hug noko anna Hauge sa: kunsten «skal tena religionen». Eg skjønar godt kva Hauge meinte, og eg er samd. Og så dukkar eit anna sitat frå Ivar Aasen opp i tanken, denne gongen frå «Dei gamle Fjelli»: Dei gamle Fjell i Syningom er alltid eins aa sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa. Og eg tenkjer som alltid at ein gong var ikkje dei kjende og kjære fjella mine der, anten dei eg såg og såg på då eg voks opp i Strandebarm, eller dei eg no ser og 


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 13

ser på når eg er i hytta mi ved Sognesjøen. Ein gong var ikkje dei fjella der. Og ein gong skal også dei bli borte. Og eg tenkjer med Meister Eckhart at alt det skapte har noko av Gud i seg, og samstundes er det eit ingenting. Slik Gud òg, tenkjer eg, samstundes er alt som er òg eit ingenting. []


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 14


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 15

DRテ郎MT I STEIN


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 16


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 17

I


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 18


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 19

Ingen såg at raset gjekk, for det rasa så langsamt, det rasa ikkje dag for dag, ikkje eingong time for time, ikkje minutt for minutt, men det rasa, heile tida rasa det, for det var eit ras, det måtte jo vera eit ras, for kva anna kunne det vera? Men seig det som mold? Nei, det seig ikkje, det var meir i bråe, umerkande rykk. Men såg nokon det? Nei, ingen, eller kanskje nokon, men dei ville ikkje sjå det, kanskje, eller kanskje såg ikkje nokon det for rykka var så kjappe, men dei kom, rykk for rykk. Men då kan ein vel ikkje kalla det for eit ras. Jo det var eit ras, det var eit ras. Var der ein brest midt i ein stad? Men kvifor spør du om det? 


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 20

Eg tenkjer at raset gjekk fordi det ein stad var ein brest, og det var denne bresten som gjorde at det til sist rasa. Kanskje, men eg tenkjer at det var mange mindre, ikkje ei stor ei, men mange nesten synlege sprekker. Ja det kan òg ha vore slik. Men dei små og nesten usynlege sprekkene samla seg på eit vis til ei stor sprekke, til ei kløft, nesten. Og du høyrest nesten lukkeleg ut i røysta. Ei kløft. Ja, ja som ei kløft.


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 21

II


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 22


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 23

Eg klarer ikkje å lata vera å tenkja på at det rasa så seint, så umerkeleg seint. Ja du har alt sagt det. Ja. Men sjølve raset, ja det kom jo brått. Ja. Ja. Og så var det fleire ras og så låg det der berre. Eg låg der berre. Du berre låg der. Ja eg berre låg der på trappa framfor døra til huset mitt. Og så. Og så var det nokon som sa noko til meg og eg prøvde 


Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 24

å reisa meg opp, men eg klarte det ikkje, og så var det nokon som hjelpte meg med å reisa meg opp. Og så stod eg der. Og så opna eg ei dør. Og så gjekk eg inn døra, lét att døra. Og så. Eg hugsar ikkje noko. Eg hugsar at eg vakna og eg låg på golvet innanfor døra. Eg reiste meg. Eg stod. Eg gjekk. Og så? Og eg tenkte at eg måtte gå og leggja meg. Ja. Og så vakna eg att, men då låg eg ved sida av kjøkenbordet. Og så tenkte eg at eg måtte gå og leggja meg. Eg reiste meg. Eg stod. Eg fann sofaen, eg la meg ned.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Levande stein by Det Norske Samlaget - Issuu