Land og folk_Ă…ret 1814 24.06.15 13.21 Side 1
Land og folk_Ă…ret 1814 24.06.15 13.21 Side 3
Steinar Imsen
Land og folk i den norrøne verda ca. 900 til 1450
Det Norske Samlaget Oslo
Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 5
Innhald Forord 7 Kapittel 1
Kapittel 2
Kapittel 3
Kapittel 4
Kapittel 5
Utsiktspunkt og synsvinklar 9 Dei eigentlege nordmennene 9 Den norrøne verda og dei norrøne menneska 13 Kjeldene, synsvinklane og omgrepa 19 Utanfråblikket 24 Demringstid 24 Inn i mellomalderen 37 Det norrøne blikket 47 Nord i havet – Island 47 Langs Vestvegen 70 Etter 1260 89 Det norske blikket 110 Ovringstid 110 Mot ballade 123 Seinmellomalder 133 Eit samla syn 137 Land 137 Folk 144
Utvald litteratur 153 Register 165
5
Land og folk_Ă…ret 1814 24.06.15 13.21 Side 6
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 7
Forord Denne boka var eigentleg tenkt for skrivebordsskuffen, der den hamna i 2008. Manuskriptet var eit forarbeid til eit større prosjekt om forholdet mellom det norske kongedømmet og dei norrøne samfunna vest i havet, som under tittelen «The Realm of Norway and its dependencies as a political system» blei innvilga fire års sjenerøs støtte frå Noregs Forskingsråd i 2010. Ei stor gruppe skandinaviske, britiske og tyske forskarar har dei siste fire åra deltatt i utforskinga av det såkalla Noregsveldet. Resultatet så langt er fem engelskspråklege bøker og ei doktoravhandling. Sluttboka, Rex Insularum. The King of Norway and his ‘Skattlands’ as a political system c. 1260–c. 1450, har no komme ut. I vakuumet etter ferdigstillinga av dette manuset kom forarbeidet frå 2008 igjen fram i dagen. Ettersom det delvis reiser andre spørsmål enn dei som har stått i fokus for Noregsvelde-prosjektet, slo det meg at det kunne vere verdt publisering under føresetnad av litt bearbeiding og tilpassing til nyare forsking. At nokre av forskingsresultata frå det store prosjektet dermed kunne formidlast på norsk, var også eit viktig moment. Eg vil takke Samlaget for at det var villig til å utgi manuskriptet, og Einar Niemi for å ha hjelpt meg opp av grøfta der det var nødvendig. Steinar Imsen Trondheim ultimo april 2015 7
Land og folk_Ă…ret 1814 24.06.15 13.21 Side 8
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 9
KAPITTEL 1
Utsiktspunkt og synsvinklar I dagens offentlege ordskifte støyter ein stadig på uttrykket «etnisk nordmann». For berre eit par tiår sidan var dette omgrepet ukjent og ein slik distinksjon mellom eigentlege nordmenn og andre nordmenn utenkeleg. Nordmenn var ein eintydig gitt og samanfallande etnisk og nasjonal kategori. Rett nok fanst det historiske minoritetar i landet, men dei hadde i alle fall sidan vikingtida stort sett høyrt til i den geografiske ytterkanten, oppe ved Nordkalotten og nedover langs Kjølen. Dessutan kunne både samar og kvener bli fullgode nordmenn om dei la av seg leveviset sitt, språket sitt og den etniske identiteten sin. Å gjere alle borgarar i landet til ordentlege nordmenn blei langt opp mot vår eiga tid sett på som eit sivilisatorisk mål for norske styresmakter.
Dei eigentlege nordmennene På same måte som Noreg som nasjonalt rom blei tatt for gitt av dei første historikargenerasjonane etter 1814, blei også nordmennene som nasjon oppfatta som noko sjølvsagt, sjølv om enkelte intellektuelle hevda at den norske nasjonen eigentleg bestod av to kulturar av forskjellig historisk og etnisk opphav, ein dansk-tysk embetsmanns- og bykultur og ein rotnorsk bygdekultur. Ideen om det todelte Noreg kom til å spele ei viktig rolle i det offentlege ordskiftet i dei siste tiåra av 9
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 10
1800-talet. I storverket Udsigt over den norske Historie (1873–91) fortel Ernst Sars (1835–1917) korleis bøndene sin kamp for politisk demokrati bidrog til ytterlegare nasjonal integrasjon i løpet av 1800-talet. For Sars var det bøndene som representerte den etniske kontinuiteten i nasjonens historie. Halvdan Koht (1873–1965) vidareutvikla Sars sin teori idet han såg arbeidarrørsla frå slutten av 1800-talet som eit framhald av bonderørsla. Klassekamp og nasjonsbygging var for Koht to sider av same sak (Koht 1926). Læra om det tokulturelle Noreg blei seinare utdjupa av Sverre Steen (1898–1983) i Det gamle samfunn (1957, som inngår som eit eige band i fembandsverket Det frie Norge 1951–62). For Steen var det viktig å fortelje korleis nykommarane frå Danmark og Schleswig-Holstein blei nordmenn, og korleis den norske nasjonen blei stadig meir fullstendig i generasjonane etter 1814. Ifølgje Steen var denne prosessen komen langt allereie ved midten av 1800-talet. Paradoksalt nok var det etterkommarane etter den dansknorske embetseliten som tok på seg oppgåva å utforme ei felles historie for nasjonen tilbake til «dei første nordmennene». Rudolf Keyser (1803–1864), som kan reknast som grunnleggjaren av den norske historiske skulen, hevdar i avhandlinga Om Nordmændenes Herkomst og Folkeslægtskab (1839) at nordmennene hadde vandra sin eigen veg inn i landet, og at dei var mindre oppblanda med tyskarar og andre nabofolk enn danskane og svenskane. Og eleven til Keyser, P.A. Munch (1810–1863), forfatta det monumentale verket Det norske Folks Historie i åtte band frå forhistoria til danninga av den nordiske treriksunionen på slutten av 1300-talet (1852–63). På grunn av det enorme kunnskapstilfanget er dette framleis eit standardverk for norske mellomalderhistorikarar, sjølv om den sterkt nasjonale tendensen i verket kjennest framand i dag. Det er symptomatisk at Munch sette seg føre å gi ei fullstendig framstilling av historia til den norske nasjonen og 10
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 11
ikkje av Noregs historie eller historia til det norske riket. Ifølgje Ottar Dahl (1924–2011) blei det ei hovudoppgåve for historikarane av den norske skulen å bevise «at nordmennene fra gammelt av, eller endog oprindelig’ hadde vært et eget folk» (Dahl 1970: 34–37). Det kunne vere freistande å leggje til at synet på nordmennene som eit eldgammalt folk med ei politisk og kulturell historie langt eldre enn rikssamlinga til Harald Hårfagre allereie blei formulert av den islandske historikaren Tormod Torfæus i hans store latinske noregshistorie, Historia rerum Norvegicarum, som kom ut i 1711 (Torfæus 2008: 44 f.). Det er påfallande at Torfæus, som var kongeleg norsk historiograf, hevdar eit slikt protonasjonalt syn på Noregs historie. Ifølgje den danske historikaren Harald Ilsøe (f. 1933) var dette med folk og fedreland ikkje uproblematisk i ein stat som bestod av fleire rike og land, og der teikn til nasjonal separatisme neppe ville bli tolt. Sjølv om danskar og nordmenn hadde kvart sitt fedreland, var Danmark på sett og vis eit felles fedreland for alle undersåttane til kongen. Eksempelvis fortel Ilsøe at dei norske studentane i København under beleiringa i 1658 kjempa saman i eit norsk kompani og «tilkendegav sig som hørende til den norske nation» (det vil seie at dei kom frå Noreg), samtidig som dei erklærte at dei «som gode patrioter obligerede sig voris Fædrneland (dvs. Danmark-Noreg). Innanfor Danmark igjen kunne ein gi uttrykk for ein tilsvarande regional patriotisme som jyde, fynbo osv. Ein opererte altså med ein slags gradert patriotisme, der fellesskapet under kongen var den samlande faktoren (Ilsøe 1991: 32–34). Men Torfæus blei verande ei einsleg røyst i historieskrivinga før 1814. No må det også seiast at vegen fram til publisering var heller lang og kronglete for storverket til Torfæus. I årevis grunda sensorane til kongen over manuskriptet. Når noregshistoria endeleg blei publisert, var det mykje takka vere utgivaren, Christian Reitzer. Øystein Rian (f. 1945) kan for11
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 12
telje at han hadde følgjande rettesnor for korleis ein kunne ufarleggjere norsk historie, nemleg «ved å knytte den til kongedynastiet og hevde at denne historien også var et gode for danskene» (Rian 2014: 513 f.). Førestillinga om Noreg og nordmennene som ein gammal nasjon ligg framleis til grunn for forståinga av vår eldste historie, i alle fall den som strekkjer seg tilbake til vikingtida. Men dei mest outrerte versjonane av denne læra blei dempa etter Keyser og Munch. Ein slutta å tru at nordmennene hadde vandra sin eigen veg inn i Skandinavia, og også ideen om at nasjonen eksisterte før rike og stat tok form, blei lagd vekk. Dei siste tiåra har heller det norske historikarlauget vore prega av synspunkt inspirert av intellektuelle som den britiske historikaren Eric J. Hobsbawm (1917–2012) (Hobsbawm 1983 og 1992) og den britisk-tsjekkiske antropologen Ernest Gellner (1925–92) (Gellner 1983), som meiner at våre førestillingar om nasjon og nasjonalisme er skapte av det moderne samfunnet. Læra om nasjonen som eit moderne kulturprodukt knytt til den politiske situasjonen i Europa etter Napoleonskrigane er altså, på same måte som læra om den «naturlege» nasjonen som historikarane av den norske skule forfekta, lån frå utanlandske kollegaer. Her er det verdt å skyte inn at vi skal vere forsiktige med utan vidare å setje likskapsteikn mellom nasjon og nasjonalisme. Nasjonalismen og ideen om at kvar nasjon skal ha sin eigen stat, er hovudsakleg eit moderne fenomen. Om dette er det i dag stort sett semje blant norske forskarar (Niemi 1993). Men debatten dei siste tiåra mellom det vi kan kalle tradisjonalistar og revisjonistar, har berre i liten grad fått prege norsk offentlegheit. Sverre Steens radioserie frå 1960-åra, Langsomt ble landet vårt eget, som i bokform blei gitt til alle norske ungdomsskuleelevar ved 1100-årsmarkeringa for rikssamlinga i 1972, har truleg hatt større gjennomslagskraft enn all verdas monografiar og tidsskriftartiklar tenkt for ein intern 12
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 13
krets av fagfellar. Og etter Steen har sentrale historikarstemmer som Kåre Lunden (1930–2013) og Øystein Rian gått i rette med revisjonistane både her heime og i nabolanda (Lunden 1992 og Rian 2005, jf. Gustafsson 2005). Likeins balanserer Knut Helle (f. 1930) og Claus Krag (f. 1943) i sine band av Aschehougs noregshistorie (1995) tradisjonalistiske og revisjonistiske synsmåtar ved å understreke dei historiske føresetnadene for utviklinga av ein norsk nasjon i mellomalderen. Nasjonen var rett nok gammal, men den var ein funksjon av riks- og statsdanning, og ikkje motsett. I det heile tatt har dei store historieverka om Noreg og nordmennene, som har komme nokså regelmessig på 1900-talet, bidratt til å halde oppe nokre grunnførestillingar om opphavet til den norske nasjonen. Nettopp derfor kan det vere interessant å sjå nærare på kva vikingtidas og mellomalderens stemmer seier om folk og land i Noreg og i dei områda som politisk og kulturelt blei knytte til Noreg og nordmennene. Det fell naturleg å starte rundt år 900, då Noreg trer fram som eit rike for seg, og slutte i 1450, då Noreg og nordmennene fann sin plass i den multietniske oldenborgarstaten.
Den norrøne verda og dei norrøne menneska Det politiske og kulturelle rommet der vikingtidas og mellomalderens nordmenn høyrde heime, og som vi her har valt å kalle den «norrøne» verda, var noko ganske anna enn det vi gjerne førestiller oss som vårt nasjonale rom. Vårt Noreg om vi ser bort frå Svalbard, Jan Mayen og grensene ute i havet, blei definert gjennom fredsavtalane med Sverige i 1645 og 1660, og seinare gjennom grenseavtalar med Sverige i 1751 og Russland i 1826. Meir eller mindre bevisst synest likevel både fagfolk og meinigmann å ha forhalde seg til dagens Noreg som om dette området har vore vår nasjonale heim sidan steinalderen. Rett nok blir det jamra no og då over tapet av Jemtland 13
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 14
og Herjedalen, mest på spøk. Men noka stor interesse for historia til dei tapte landa og landskapa kan ikkje sporast i den norske historiografien. På sett og vis dannar denne oppfatninga av 1814-Noreg som vårt historiske rom ein parallell til Finland, som både territorielt og politisk må sjåast som ei nydanning etter utskiljinga frå Sverige i 1809 og danninga av storfyrstedømmet i 1812. «I en viss mening», seier den finske historikaren Max Engman (f. 1945) «innebar 1809/1812 början på Finlands historia både framåt och bakåt» (Engman 2005: 185). Det er neppe noka overdriving å påstå at dette er ei heller anakronistisk vinkling av historia ettersom ein har latt notidige førestillingar om land og folk styre utforskinga av fortida. Vi kan like godt først som sist erkjenne at Noreg, både som rom og som politisk samfunn, på same måte som Sverige og Danmark, eller for den del heile Norden, har vore forholdsvis foranderleg gjennom tidene (Imsen 2005). La oss starte med omgrep som «norsk» og «norrønt». Adjektivet «norsk» kom først i bruk på 1400-talet og fortrengde snart det gammalnorske ordet «norrøn», i alle fall når det gjeld Noreg og nordmennene. Derifrå gjekk det vidare via nederlandsk «noorsch» til engelsk «norse», truleg på 1500talet, derav «old norse» (gammalnorsk). Det engelske omgrepet «norse» dannar på sett og vis også ein parallell til vårt omgrep «norrøn», sjølv om det i dag kan sporast ei aukande uklarheit i bruken av dette omgrepet, ikkje minst blant amerikanske arkeologar, filologar og historikarar, som gjerne bruker «norse» i betydninga skandinavisk. Framleis førekjem ordet i si opphavlege betydning, norsk, men bruksområdet er altså blitt utvida, og «west norse» blir stadig oftare brukt om dei norrøne språka til forskjell frå dansk og svensk, som blir kalla «east norse». «Norrøn» (gno. «norrœnn», for «norðrœnn», dvs. nordleg, eller det som er nordfrå) førekjem i fleire betydningar. All14
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 15
ment kan det bety nordisk, det vil seie det som kjenneteiknar folk frå Skandinavia, for eksempel språket. Av og til gjekk dei nordiske landa under fellesnemninga «norðrlo˛nd», men det førekjem ikkje ofte i kjeldene, og av og til blei også andre delar av det nordlege Europa rekna til Norderlanda. «Dansk tunge», det vil seie dansk språk, og «norrøn tunge» blir av og til brukte synonymt om dei nordiske språka. Men helst førekjem «norrøn» i betydninga norsk, det som har med Noreg og nordmenn å gjere. Det er likevel ein distinksjon mellom «norrøn» brukt om folk og «norrøn» brukt om språk, hevdar norrønfilologen Alfred Jakobsen (1917–97) (Jakobsen 1967). I det første tilfellet dreier det seg helst om folk frå Noreg, mens det i det andre tilfellet viser til det vestnordiske fellesspråket. Slik blir det i den islandske lovsamlinga Grágás (ca. 1250) skilt mellom islendingar og «norrøne» menn (nordmenn), og mellom «norrøne» menn, «danskir» menn og «sænskir» (svenske) menn. Og når det gjeld språk heldt folk på Orknøyane og Shetland fram med å kalle språket sitt «norn» (av norrøn) lenge etter at vi hadde begynt å snakke «norsk» omkring 1500. Då var det vestnordiske språkfellesskapet for lengst i full oppløysing, og det historiske Vestnorden var skrumpa inn til Noreg, Island og Færøyane. Vi vil altså knyte omgrepet «norrøn» til språk og kultur og til førestillingar om historisk fellesskap, og til slektskap i lov, rett og samfunnsordning. I tillegg til dette kjem politiske band til Noreg og mellom enkelte av dei vestnordiske landa. Her bør det leggjast til at dette politiske sambandet aldri på noko tidspunkt omfatta alle dei norrøne landa, sjølv om det meste av det som då var igjen av det Vestnorden vi kjenner frå vikingtida og tidleg mellomalder, blei samla under ei felles kongemakt etter 1260. Det var også norrøne samfunn i vest som aldri kom under herredømmet til den norske kongen, sjølv om det blei gjort framstøytar for det, for eksempel under Magnus Berrføtt omkring 1100. Det gjaldt eksempelvis dei 15
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 16
norrøne samfunna i Irland, som hamna under engelsk styre i 1170-åra, og det gjaldt også alle dei norrøne samfunna i Nord-Skottland (Katanes/Caithness, Suderland og Ross) og i Nordvest-England (Cumbria), som hamna under Skottland og England, sjølv om det på Katanes framleis fanst eit livskraftig norrønt samfunn i 1263 då Håkon Håkonsson gjekk til krig mot kong Aleksander 3. av Skottland. Vestnorden og den norrøne verda er altså å forstå som synonyme omgrep i denne boka. Det var eit atlantisk rom og ein atlantisk kultur. Danmark, som på same måte som Noreg hadde orientert seg vestover i vikingtida, valde etter midten av 1000-talet å vende seg mot Austersjø-området. Vikingtidas Sveavelde med tyngdepunkt i Uppland og Mälardalen hadde vore orientert mot Austersjøen og Baltikum, mens dei vestlege og sørlege Göta-landskapa hadde vore meir vestvende. Som eit samla rike skulle Sverige etter 1250 komme til å følgje den geopolitiske orienteringa frå det gamle Sveaveldets tid. Både Danmark og Sverige er såleis å rekne som austersjømakter i høg- og seinmellomalder. Det må leggjast til at store delar av det indre Skandinavia hadde ei uklar «nasjonal» tilhøyrigheit, og at endelege riksgrenser mellom Sverige og Noreg frå Jemtland og sørover til og med Värmland først blei fastslått i 1270-åra. Det kan derfor vere vanskeleg å tale om svensk eller norsk i desse områda før kongedømma i Noreg og Sverige ved slutten av høgmellomalderen hadde fått ei fastare politisk-teritoriell form. Elles kom Jemtland gjennom heile mellomalderen til å bli betrakta som eit landskap under herredømme av den norske kongen, men utanfor det eigentlege Noreg (Imsen 2006). Tidleg på 1300-talet omtaler Håkon 5. Magnusson Jemtland som sitt «austlege rike», og kyrkjeleg sett høyrde jemtane til erkebispedømmet i Uppsala frå 1164 til 1570. Det norrøne var altså primært knytt til kystlandet frå Hålogaland i nord til Götaelva i sør, eller berre Elfr (Gautelfr), som det heiter i dei gammalnorske kjeldene, og dessutan vest16
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 17
over til Dei britiske øyane og nordvestover til Færøyane, Island og Grønland. Fram til ca. 1200 danna Götaelva grense mellom Noreg og Danmark; først då pressa det svenske kongedømmet seg ut til elvemunninga, som fram til midten av 1600-talet skulle bli verande ei treriksgrense (Lindkvist 2005, Linge 2005). Når og i kva grad Noreg som politisk-territorielt omgrep blei norsk i nasjonal forstand, skal vi komme tilbake til seinare. For å unngå nasjonalt misbruk av ordet «norrøn», vil vi i det følgjande bruke «norsk» om det spesifikt norske, også for tida før 1450, men med dei atterhalda som er tatt ovanfor. «Noregs velde» er også eit territorielt politisk omgrep som førekjem i dei gammalnorske lovene, og som det moderne Noreg har adoptert i forma Noregsveldet. For oss står mellomalderens Noregsvelde som eit slags norsk imperium, og etter at vi igjen var blitt herrar i eige hus på 1800-talet, gav det historisk legitimitet til krav på land og vatn i nord og næring til nasjonalistiske stormaktsdraumar. For mellomalderens nordmenn betydde Noregs velde stort sett det same som Noregs rike, det vil seie det territorielle herredømmet kongen hadde over Noreg. Lovene frå Magnus Lagabøtes og Eirik og Håkon Magnussøners tid (1263–1319) skil klart mellom kongens herredømme innanlands, det vil seie over Noreg, og herredømmet hans ute, det vil seie utanfor Noreg, i dei såkalla skattlanda. Noregs velde blei neppe forstått som eit sjøbasert norsk storrike eller som eit vestnordisk imperium. Riket var i prinsippet kongens, ikkje Noregs eller nordmennenes, og etter overgangen til arvemonarki i 1260 tilhøyrde det kongehuset. I samtidige kongebrev blir det sagt at kongen var blitt vald av Gud etter foreldra sine. Riksomgrepet var med andre ord dynastisk og ikkje nasjonalt. Dette betyr likevel ikkje at kongens rike var isolert frå folket; tvert imot blei folket under kongane i høgmellomalderen stadig sterkare knytt til kongemakt og riksstyre (Imsen 1990). Dette gjen17
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 18
sidige forholdet blei regelmessig stadfesta ved tronskifta etter 1260, både i Noreg og i skattlanda. Men ideen om riket som kongehusets odel endra seg i løpet av seinmellomalderen, då kongens norske rike medrekna skattlanda blei del av eit større Norden. Då kongen etter 1380 tok fast sete utanfor landet, blei det stadig meir vanleg å oppfatte det norske riksrådet som ein slags norsk riksrepresentasjon. Eksempelvis var det riksrådet som i 1426 fekk ansvaret for å reforhandle Perth-traktaten frå 1266 med skottane. Forhandlingane blei haldne i Bergen. Og overgangen til valmonarki i 1450 innebar at riket blei oppfatta som eit politisk samfunn med kongen som øvste embetsmann. Når riksrådet frå no av fekk lovheimla rett til å velje konge og stille vilkår for kongevalet, var det i prinsippet ein rett det forvalta på vegner av alle folk og land i kongeriket, nordmenn som islendingar og orknøyingar som shetlendarar. I staden for «Noregs konges rike og hans skattland», som er det vanlege i kongebrev frå Håkon 5. Magnussons tid, kjem no «Noregs rike», og i staden for «Noregs konges skattland» blir det ved slutten av 1400-talet talt om «Noregs rikes land og provinsar». I Kieltraktaten frå 1814 blir dette utmynta i omgrepet «biland». Poenget er at desse norrøne landa vest i havet både enkeltvis og samla sett i prinsippet ikkje høyrde under Noreg før 1450, men under den felles norske kongen. Mens islendingane og orknøyingane fram til 1380 vende seg til kongen og styringsverket i Noreg, fall det etter etableringa av den nordiske treriksunionen naturleg for dei å reise til Danmark, der Noregs konge heldt hoff, sjølv om i alle fall islendingane framleis måtte til Noreg for å gjere opp for seg etter drap (Imsen 2014). Dessutan blei den norske kongens skattlandsrike demontert etter 1450, først ved at Orknøyane og Shetland blei pantsette til den skotske kongen (1468 og 1469) – då var truleg Grønland i ferd med å bli avfolka, og det som var igjen (Island 18
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 19
og Færøyane), heldt seg som før til kongen som no styrte dei norrøne landa frå København. Forholdet til Noregs rike blei etter dette stadig meir formelt og mindre reelt. Dei norrøne landa utanfor Noreg eller i periferien av Fastlands-Noreg føydde seg inn i nye statsdanningar og tok preg av nye historieforteljingar. Det finst ingen einskapleg tradisjon å byggje på når vi skal forsøke å gripe den norrøne verdas historiografi og etnografi (Wærdahl 2010). Vi må derfor gå til mellomalderens kjelder for å finne eit slags svar på korleis naboane våre i sør og vest har oppfatta folk og land i den norrøne verda gjennom vikingtid og mellomalder, korleis folk i dette området har sett på seg sjølve og på kvarandre, kva forhold dei enkelte folkegruppene i den norrøne verda har hatt til sine land, og korleis dei har forhalde seg til «moderlandet» Noreg.
Kjeldene, synsvinklane og omgrepa Kjeldedekninga er ujamn i både tid og rom: Fram til 1100 dominerer dei utanlandske kjeldene, mens norrønt kjeldemateriale aukar meir og meir frå midten av 1100-talet. Ein god del av dette er norsk, i alle fall før 1200 og etter 1300, men det meste er islandsk. Vi har også bevart eit mindre kjeldemateriale frå øyane utanfor Skottland, hovudsakleg frå slutten av 1200-talet og ut gjennom seinmellomalderen. Endå mindre er det frå Færøyane, mens Jemtland i aust, som også var eit slags skattland i mellomalderen, kan vise til eit rikt brevmateriale frå seinmellomalderen. Det er eit poeng at Island, det landet som kulturelt og historisk stod Noreg og nordmennene nærast, var det som sist underkasta seg kongeleg herredømme, og at det mest rikhaldige materialet med relevans for spørsmålet om folk og land i den norrøne verda er skrive anten på Island eller av islendingar i Noreg, og helst før 1262–64, då islendingane tok steget frå «folkevelde» til «kongevelde». Samtidig var tiåra fram til dei skilsetjande 1260-åra ein perio19
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 20
de då det gamle islandske samfunnet blei rive i stykke av indre stridar som opna for kongeleg intervensjon. Mykje av det islandske materialet er gjerne tilbakeskodande, eller skal vi seie historiserande, idet det kretsar om ein forgangen gullalder omkring landnåmstida og dei følgjande par hundreåra. Men det er også samtidobservatørar blant dei islandske forfattarane. Den første delen av Sverresoga er skriven av abbed Karl Jónsson på oppdrag av kongen, og mens Sverre sjølv sat ved sida av forfattaren, som det blir sagt innleiingsvis. Og nevøen til Snorre Sturlason, Sturla Þorðarson, har skildra både samtidig norsk historie i Hákonar saga Hákonarsonar (Soga om Håkon Håkonsson) og islandsk historie i Sturlunga saga. Andre soger som skildrar samtidshistorie er soga til biskop Árni Þorláksson i Skålholt, som kastar skarpt lys over norsk og islandsk historie på slutten av 1200-talet og soga til biskop Lárentius Kálfsson i Hólar litt seinare på 1300-talet. Biskop Lárentius var i lange periodar student i Trondheim i Håkon Magnussons tid, og soga om Lárentius gir livfulle skildringar av livet i Trondheim og blant dei geistlege i kyrkjehovudstaden. I det følgjande skal vi ta for oss kjeldene etter opphavsstad; det vil seie at vi vil forsøke å innta ulike perspektiv på oppfatninga av folk og land i den norrøne verda. Grovt sett kan vi snakke om eit utanfrå- og eit innanfråperspektiv, representert ved kjelder frå land utanfor den norrøne verda på den eine sida og norrøne kjelder på den andre, sjølv om innanfråperspektivet langt frå er eintydig og enkelt. Også det islandske blikket er vinkla utanfrå i forhold til for eksempel Noreg eller Orknøyane, på same måte som dei norske kjeldene representerer ein tilsvarande posisjon overfor Island og øyane i vest. Strengt tatt finst det ikkje noko felles vestnordisk perspektiv på den norrøne verda. Det er derfor store tolkingsproblem knytte til eit slikt analytisk opplegg. Likevel kan det vere bryet verdt å forsøke å fange inn det synet nordmennene, islending20
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 21
ane, orknøyingane osv. hadde på seg sjølve og sitt eige land, og synet deira på kvarandre. Spørsmålet om lokale eller regionale identitetar versus overregionale eller til og med nasjonale førestillingar og kjensler vil derfor vere ein fast følgjesvein. Og ettersom den norrøne verda både geografisk, kulturelt og politisk har vore under stadig endring, må vi klamre oss fast til kronologien. Dette med nasjonalitet og etnisitet er forresten ikkje så heilt enkelt. Omgrepa lar seg vanskeleg definere klart og eintydig og har dessutan ein tendens til å flyte over i kvarandre. I begge tilfella kan det dreie seg om kulturell og sosial identifikasjon, om språk og felles historie, med andre ord om tilhøyrigheit til eit folk eller ei folkegruppe. Nasjonen har likevel som oftast ein klarare politisk valør, og også etymologisk knyter nasjonsomgrepet seg til fødestad eller heimland. Ein slik bruk av nasjonsomgrepet møter vi allereie på 1400-talet. Eksempelvis blei delegatane til det kyrkjelege reformkonsilet i Konstanz (1414–18) gruppert i nasjonar etter det ein i samtida rekna som heimland. I dette tilfellet blei representantane frå dei nordiske rika rekna til den tyske nasjonen saman med blant anna polakkane. Som vi alt har nemnt, kan vegen frå patriotisme til nasjonalisme vere kort. Den nasjonale identifikasjonen blir derfor gjerne knytt til ei form for statsdanning eller eit politisk samfunn, sjølv om dette ikkje er heilt uproblematisk. Mange urfolk, som dei nordiske samane, vil hevde at dei også utgjer eigne nasjonar. Denne debatten skal vi la liggje her, ikkje minst fordi vår oppgåve er å studere samanhengen mellom nasjon og statsdanning i eldre tid. Spørsmålet er om nordmennene eller for den del alle folka i den norrøne verda var på veg til å bli ein politisk nasjon eller bli verande splitta i ei rekkje etniske grupper i mellomalderen. I moderne politisk terminologi er det vanleg å operere med 21
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 22
to forskjellige nasjonsomgrep. Det eine, som vi har adoptert frå den tyske samfunnsdebatten på 1800-talet, og som har vunne størst utbreiing i Sentral-Europa og Norden, er knytt til etnisitet, språk, kultur og historie, med andre ord til det vi kunne kalle kulturnasjonen. Eit slikt nasjonsomgrep blei lansert allereie tidleg på 1500-talet av den italienske statsteoretikaren Niccolò Machiavelli (1469–1527). Ifølgje han var nasjonen ei folkegruppe som budde på eit samla og avgrensa territorium og hadde felles språk, skikkar og institusjonar og bestemte karaktereigenskapar (Tobiassen 1962: 277 f.). Machiavelli må reknast som den moderne nasjonalismens første talsmann idet han også meinte at ein slik nasjon burde utgjere ein stat for seg – i alle fall gjaldt det Italia. Men få, om nokon, i samtida delte hans syn. Nasjonalstatsideen var så absolutt ikkje i pakt med statsutviklinga på 1500-, 1600- og 1700-talet. Derimot førekjem Machiavelli hyppig i den politiske diskursen i Tyskland etter Napoleonskrigane. Det andre nasjonsomgrepet er knytt til statsborgarskapet, og vi kunne kalle den borgarskapsnasjonen. Borgarskapsnasjonen har sitt opphav i den franske revolusjonen (1789), og nasjonen er då i prinsippet å forstå som fellesskapet av alle statsborgarar, uansett etnisk bakgrunn og tilhøyrigheit, slik vi finn det i Frankrike. På same måte er den amerikanske nasjonen alle med amerikansk statsborgarskap, osv. (Østerud 1984), sjølv om fleire i dag omtaler USA som eit samfunn av mange nasjonar. Desse nasjonsomgrepa er vanskelege å ta i bruk i ein analyse av det norske eller vestnordiske mellomaldersamfunnet, og aller minst det franskinspirerte nasjonsomgrepet. På den andre sida finst det ifølgje den britiske historikaren Susan Reynolds i enkelte vesteuropeiske kongedømme alt i høgmellomalderen former for identifikasjon mellom kongemakt og undersåttar som kan minne om seinare tiders nasjonalisme. «A kingdom was never thought of merely as the territory which happend to be ruled by a king», seier ho og held fram: 22
Land og folk_Året 1814 24.06.15 13.21 Side 23
«It comprised and corresponded to a people’ (gens, nation, populus), which was assumed to be a natural, inherited community of tradition, custom, law, and descent» (Reynolds 1997: 250). Dette svarar til dei tidlegare omtalte banda som blei skapte mellom kongemakta og meinigmann gjennom utviklinga av offentleg styre og stell, og som vi skal ha in mente når vi vender oss mot det norske og norrøne samfunnet på 1200- og 1300-talet, då mykje av grunnlaget blei lagt for den samfunnsordninga som skulle danne ramma om livet til nordmenn, orknøyingar og islendingar i hundrevis av år framover. Det er altså sigeren til kulturnasjonen vi har feira sidan 1814, og det er kulturnasjonens stadige utviding historikarar som Sars, Koht og Steen har skildra. Men no blir det altså stadig oftare snakka om etniske nordmenn og andre nordmenn. Spørsmålet er om også dei «ueigentlege» nordmennene, dei som enno ikkje har fått djupt rotfeste i landet, vil bli absorberte i ein meir omfattande og mangefasettert norsk kulturnasjon, eller om framtidas nordmenn vil komme til å velje den franske modellen med ein felles statsborgarnasjon og eit mangfald av etniske grupper.