Med øksene dei ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:28 Side 1
Sigmund Løvåsen
MED ØKSENE DEI HAUSTAR INN Dikt
Samlaget Oslo
Med øksene dei ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:28 Side 2
© Det Norske Samlaget 2018 www.samlaget.no : Magnus Osnes : Samlaget : Minion ,/ : g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Andre bøker av Sigmund Løvåsen: Nyryddinga. Roman. Samlaget , Daga. Skodespel. Samlaget Brakk. Roman. Samlaget , Mamsell Iversen. Roman. Samlaget , Vid din sida. Skodespel. Samlaget
Med øksene dei ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:28 Side 3
MITT FØRSTE MINNE ER FRÅ EIN ÅKER
Eg er så liten at kornet når over meg Eg har gått inn i åkeren, men finn ikkje vegen ut Eg går og går Eg græt stilt Eg høyrer etter kvart stemma til mamma Eg går mot stemma Eg er framleis i den åkeren
Med øksene dei ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:28 Side 4
DET SOM FORMA LANDSKAPET
Hender forma landskapet Flint, jern og kopar forma landskapet Storbøndenes rikdom og husmennenes fattigdom forma landskapet Landbruksoppgjeret forma landskapet Hestane og dynamitten forma landskapet Føter og hofter og bryst og ryggsøyler forma landskapet Blodet og frøa og kjønnsvæskene forma landskapet Plogen og harva og grevet og riva og øksa og rokken og geitene og krigen og svolten forma landskapet Kjærleiken og vaksinane og fødslane og fridommen og samleia forma landskapet Komiteane og reformene og juristane og latteren og landbrukskontoret forma landskapet Søppelet og frosten forma landskapet Kjaken og tennene forma landskapet Håret Sprøytemidla Auga Siloane Hjartekammeret Saueklauven Neglene og orda forma landskapet
4
Med øksene dei ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:28 Side 5
ELVA OG LANDSKAPET
Kulturlandskapet har vakse ut av elvene Der det var vatn til å vatne med, fisk å fiske, grøderik jord å grø i Huang He, Gaula, Ganges, Sjoa, Ayeyarwady, Trysilelva, Tigris, Alabama og Anarjohka I opphavet var Elva, alt var til ved Elva, og utan henne var ikkje noko til Det som vart til i henne, var liv, og Elva var lyset for menneska Elva skin i mørkeret og mørkeret har ikkje overvunne henne