Skip to main content

Kvelande kjærleik

Page 1

Kvelande kjĂŚrleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 1


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 3

Elena Ferrante

Kvelande kjærleik Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 


Kvelande kjĂŚrleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 4


Kvelande kjĂŚrleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 5

til mor mi


Kvelande kjĂŚrleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 6


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 7

 Mor mi drukna natt til . mai, på fødselsdagen min, i havet rett utanfor ein stad dei kallar Spaccavento, nokre få kilometer frå Minturno. Om sommaren då far min framleis budde saman med oss, leigde vi eit rom i eit gardshus i akkurat det området. Vi var der heile juli og sov fem personar på få, varme kvadratmeter. Kvar morgon drakk vi jentene ferske egg, gjekk til havet på stiar av jord og sand gjennom høge takrøyrplantar, og bada. Den natta mor mi døydde, hadde eigaren av gardshuset, ei kvinne som heiter Rosa, og som no er over sytti, høyrt at det banka på døra, men ho hadde ikkje våga å opne av redsel for tjuvar og mordarar. To dagar før, . mai, hadde mor mi tatt toget til Roma, men ho kom aldri fram. Den siste tida hadde ho pleidd å komme på besøk til meg i alle fall éin gong i månaden og bli nokre få dagar. Eg likte ikkje å ha henne i leilegheita. Ho vakna ved morgongry og vaska opphaldsrom og kjøkken frå golv til tak, slik ho alltid hadde hatt for vane å gjere. Eg prøvde å sovne igjen, men klarte det ikkje. Eg låg stiv i lakena og hadde inntrykk av at romsteringa hennar forvandla kroppen min til ein rynkete barnekropp. Når ho kom inn med kaffi, kraup eg saman på den eine sida for å unngå at ho kom 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 8

nær meg når ho sette seg på sengekanten. Det irriterte meg at ho var så sosial. Ho gjekk ut og handla og blei kjend med kjøpmenn som eg berre hadde utveksla to ord med i løpet av ti år, ho tok spaserturar i byen med folk ho møtte tilfeldig, ho blei venninne med venninnene mine, ho fortalde dei historier frå livet sitt, alltid dei same. Med henne klarte eg ikkje å vere avslappa og naturleg. Straks ho kjende ein svak irritasjon frå meg, drog ho tilbake til Napoli. Ho samla saman tinga sine, gjekk over leilegheita ein siste gong og lova at ho snart ville komme tilbake. Eg vandra omkring i romma og sette alt ho hadde ordna slik ho ville, tilbake slik eg ville ha det. Saltbøssa blei igjen plassert på hylla der eg hadde hatt den i årevis, vaskemiddelet fekk tilbake plassen eg meinte passa best, i skuffane mine rota eg til det ho hadde rydda, eg førte arbeidsrommet mitt tilbake til kaoset sitt. Også lukta hennar – ein parfyme som let det ligge igjen ei kjensle av uro i huset – forsvann litt etter litt som lukta av ei kort regnskur om sommaren. Ho mista ofte toget. Då kom ho vanlegvis med neste tog eller endåtil dagen etter, men eg klarte aldri å venne meg til det og var alltid uroleg. Eg ringde henne og var nervøs. Når eg endeleg høyrde stemma hennar, irettesette eg henne. Kvifor hadde ho ikkje reist, kvifor hadde ho ikkje gitt meg beskjed? Ho forsvarte seg i ein lett tone, og spurde seg muntert kva i all verda eg tenkte meg kunne skje med henne, i hennar alder. «Alt», svarte eg. Eg har alltid sett for meg ein vev av feller som er sett saman med nøyaktig det formålet at ho skal forsvinne. Då eg var lita og ho var borte, brukte eg 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 9

å vente på henne bak vindaugsruta i kjøkkenet. Eg lengta etter å sjå henne dukke opp i enden av gata som ein figur i ei krystallkule. Eg pusta dogg på ruta for ikkje å sjå gata utan henne. Viss ho var sein, blei uroa mi så uregjerleg at den fekk meg til å skjelve. Då søkte eg tilflukt i eit lite kott utan elektrisk lys som låg rett ved sida av soverommet ho og far min brukte. Eg lukka døra og stod der i mørket mens eg gret stille. Det tronge rommet var eit effektivt motmiddel. Rommet gjorde meg så redd at uroa for kva som hadde skjedd med mor mi, blei halden i sjakk. I det tette mørket, som kjendest kvelande på grunn av DDT, blei eg overfallen av visse fargeblaff som streifa pupillane og tok frå meg pusten. «Når du kjem heim, skal eg drepe deg», tenkte eg, som om det var ho som hadde låst meg inne i kottet. Men så, med det same eg høyrde stemma hennar i gangen, smatt eg ut så fort eg kunne og virra omkring henne med ei likegyldig mine. Eg hugsa det kottet då eg skjønte at ho hadde reist med rett tog, men ikkje hadde komme fram. I kveldinga fekk eg den første telefonen. Mor mi sa i ein roleg tone at ho ikkje kunne fortelje noko: Ho var saman med ein mann som hindra henne i det. Så begynte ho å le og la på. Der og då var eg mest forbløffa. Eg tenkte at ho spøkte, og begynte å vente på neste telefonoppringing. Faktisk sat eg i timevis og grubla ved sida av telefonen til inga nytte. Først etter midnatt tok eg kontakt med ein venn som var i politiet. Han var svært vennleg, sa at eg ikkje skulle engste meg, han skulle ta seg av det. Men natta gjekk utan noko nytt om mor mi. Det einaste som var sikkert, var 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 10

avreisa hennar. Enka De Riso, ei einsleg kvinne på same alder som henne, og som ho i femten år hadde hatt både godt og fiendtleg naboskap med, hadde fortalt meg på telefon at ho hadde følgt henne til stasjonen. Mens mor mi stod i kø for å kjøpe billetten, hadde enka kjøpt ei flaske vatn til henne og eit vekeblad. Det var mykje folk på toget, men mor mi hadde likevel funne ein ledig plass i ein kupé som var stappfull med gutar på perm frå militæret. Dei to hadde sagt farvel til kvarandre og oppfordra kvarandre etter tur om å vere forsiktige. Korleis var ho kledd? På vanleg måte, i klede ho hadde hatt i mange år: blått skjørt og blå jakke, ei veske i svart skinn, gamle sko med låg hæl, ein utsliten, liten koffert. Klokka sju om morgonen ringde mor mi igjen. Same kor mange spørsmål eg bombarderte henne med (»Kvar er du? Kvar ringer du frå? Kven er du saman med?), heldt ho fram med å lire av seg, med svært høg stemme, ei rekke obskøne uttrykk på dialekt, openlyst tilfreds med å gjere det. Så la ho på. Vulgariteten hennar førte meg inn i ein forvirra regresjon. Eg ringde igjen til vennen min, som blei tydeleg overraska over den forvirra blandinga mi av italienske og dialektale uttrykk. Han ville vite om mor mi hadde vore spesielt deprimert i det siste. Det visste eg ikkje. Men eg måtte innrømme at ho ikkje lenger var som før – roleg og munter på ein balansert måte. No lo ho utan grunn, ho snakka for mykje, men slik gjorde jo ofte gamle menneske. Han var einig. Med det same det blei varmt i vêret, skjedde det ofte at gamle menneske gjorde underlege ting. Det var ingenting å uroe seg for. Men 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 11

eg uroa meg, eg tråla byen på kryss og tvers, særleg dei stadene eg visste at ho likte å spasere. Den tredje telefonen kom klokka ti om kvelden. Mor mi snakka forvirra om ein mann som følgde etter henne, som ville rulle henne inn i eit teppe og bortføre henne. Ho bad meg om å komme og hjelpe henne så fort eg kunne. Eg bønnfall henne om å fortelje meg kvar ho var. Ho endra tone og svarte at det var best å la det vere. «Lås døra, ikkje opne for nokon», rådde ho meg. Mannen ville også gjere meg vondt. Så la ho til: «Gå og legg deg. No skal eg bade.» Så blei det stille. Dagen etter såg to gutar kroppen hennar flyte nokre meter frå strandkanten. Det einaste ho hadde på seg, var brysthaldaren. Den vesle kofferten blei ikkje funnen. Den blå drakta blei ikkje funnen. Dei fann ikkje eingong underbuksene, sokkane, skoa, veska med legitimasjonen. Men trulovingsringen og gifteringen var på fingeren, og i øyra hadde ho øyredobbane som far min hadde gitt henne eit halvt hundreår tidlegare. Eg stod framfor den døde kroppen og følte at eg kanskje måtte klamre meg til dette blålege objektet for ikkje å ende opp gudane måtte vite kvar. Den hadde ikkje blitt valdtatt. Den hadde berre eit par blåmerke på grunn av bølgjene, som ikkje hadde vore store, men som hadde dytta den mot nokre overflateskjær heile natta. Rundt auga såg det ut som ho hadde spor etter sminke som må ha vore ganske tung. Eg betrakta lenge, og med ubehag, dei olivenfarga beina hennar, som var usedvanleg unge til ei kvinne på sekstitre år. Med det same ubehaget såg eg at brysthaldaren var svært ulik dei utslitne bh-ane som ho vanlegvis brukte. Skålene 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 12

var laga av raffinerte blonder, slik at brystvortene var synlege. Skålene blei dessutan haldne saman av tre broderte V-ar, som var merket til ei dyr napolitansk undertøysforretning som søstrene Vossi eigde. Då dei gav brysthaldaren tilbake til meg saman med øyredobbane og ringane, snuste eg lenge på den. Den hadde den særeigne lukta av nytt stoff.

 Under gravferda tok eg meg sjølv i å tenke at endeleg var eg ikkje nøydd til å bekymre meg for henne lenger. Straks etter merka eg ein varm straum og kjende at eg var våt mellom beina. Eg var fremst i eit langt gravfølgje av slekt, venner og kjende. Dei to søstrene mine klemde seg inntil meg på kvar si side. Eg heldt den eine i armen fordi eg var redd ho skulle svime av. Den andre klamra seg til meg som om dei hovne auga hennar hindra henne i å sjå. Den ufrivillige reaksjonen frå kroppen min skremde meg som ein trussel om straff. Eg hadde ikkje klart å felle ei tåre. Eg klarte ikkje å gråte eller kanskje ville eg ikkje. Eg var også den einaste som hadde spandert nokre ord på å forsvare far min, som ikkje hadde sendt blomstrar eller møtt opp i gravferda. Søstrene mine hadde ikkje lagt skjul på kor dårleg dei likte det, og no såg det ut som dei ville vise offentleg at dei hadde meir enn nok tårer, også dei verken eg eller far min felte. Eg kjende at dei klandra meg. Då sørgetoget ei stund fekk følgje av ein mørk gateseljar som bar ei rekke måleri på ryggen, 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 13

mellom anna eit svært synleg og plumpt bilde av ei lettkledd sigøynarjente, håpa eg at verken søstrene mine eller dei andre slektningane hadde lagt merke til det. Mannen bak desse måleria var far min. Kanskje sat han og laga eit av desse elendige måleria akkurat i den augeblinken. Av denne ufordragelege sigøynarjenta, seld i gatene og på marknadene i provinsen i fleire tiår, hadde han laga, og laga framleis, den eine kopien etter den andre, alltid lydig, for nokre få lire, overfor småborgarskapets etterspurnad etter stygge bilde til å henge på veggen. Det verka som eit ironisk samantreff, av det slaget som knyter saman tid, møte, brot og gammalt nag, ikkje hadde sendt han til gravferda til mor mi, men dette elendige måleriet som var forakta av meg og søstrene mine meir enn vi forakta mannen som hadde måla det. Eg følte meg trøytt av alt saman. Etter at eg hadde komme til byen, hadde eg ikkje hatt eitt minutt fri. I fleire dagar hadde eg vore med onkelen min, Filippo, bror til mor mi, rundt i kaoset på kontora der vi blei hjelpte av mellommenn av ymse slag som forsøkte å framskunde den byråkratiske prosessen, eller vi prøvde sjølve, etter lange køar framfor lukene, å finne tilsette som var villige til å overvinne uovervinnelege hindringar mot sjenerøse gåver. I nokre tilfelle hadde onkelen min oppnådd eit visst resultat ved å vifte med det tomme jakkeermet sitt. Han hadde mista den høgre armen i framskriden alder, då han var femtiseks år mens han arbeidde ved ein dreiebenk på ein verkstad i utkanten, og sidan den gongen brukte han alltid dette handikappet enten det var for å be om tenester eller for 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 14

å ønske dei som sa nei, den same dystre skjebnen som han. Dei beste resultata hadde vi likevel oppnådd ved å betale unødvendig mykje pengar. På den måten hadde vi raskt skaffa dei nødvendige papira, attestane frå gudane må vite kor mange sanne eller falske myndigheitspersonar, ei førsteklasses gravferd, og det vanskelegaste: ein plass på gravstaden. I mellomtida hadde den døde kroppen til Amalia, mor mi, allereie herja med under obduksjonen, blitt stadig tyngre å bere etter å ha blitt trekt fram med namn og etternamn, fødselsdato og dødsdato, for tallause funksjonærar som nokre gonger var uhøflege, andre gonger fulle av smiger. Eg hadde behov for å fri meg frå den, og likevel, som om eg ikkje var sliten nok frå før, hadde eg tatt på meg å bere kista. Det hadde eg fått lov til etter mykje motstand. Kvinner skal ikkje bere kister. Dessutan var det ein svært dårleg idé. Dei som bar kista saman med meg (ein fetter og dei to svograne mine), var mykje høgare enn meg, derfor frykta eg heile vegen at kista skulle skli over meg og trenge inn mellom kragebeinet og halsen saman med kroppen som var inni den. Då kista blei sett inn i gravferdsbilen og denne begynte å bevege seg, skulle det berre nokre få skritt til, saman med ei skuldtyngd lette, før trykket sleppte taket og resulterte i denne skjulte straumen frå underlivet. Den varme væska som rann ut av meg utan at eg ville det, var som eit avtalt signal mellom framande på innsida av kroppen min. Gravfølgjet heldt fram mot Piazza Carlo III. Den skittengule fasaden på Fattighospitalet såg ut som den berre med nød og neppe klarte å 


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 15

halde tilbake trykket frå Incis-kvartala som kvilte over den. Gatene i minnets topografi lét til å vere ustabile som ein brusande drikk som renn over av skum når den blir rista for hardt. Det var som om byen var oppløyst i heten og låg under eit grått og støvete lys. I tankane var eg tilbake i forteljinga om barndommen og ungdommen min, som førte meg til Via Veterinaria, opp til Botanisk hage eller til brusteinane på Sant’Antonio Abate-marknaden, som alltid var sleipe og dekte av ròtne grønsaker. Det kjendest som om mor mi også var i ferd med å ta med seg stadene, ja, endåtil gatenamna. Eg såg spegelbildet av meg sjølv og søstrene mine i glaset, mellom blomsterkransane, som eit fotografi tatt i dårleg belysning, ubrukeleg som minne for framtida. Eg ankra meg til brulegginga med skosolane og prøvde å stenge ute lukta av blomstrane på båra, som alt hadde begynt å ròtne. På eitt tidspunkt blei eg redd for at blodet skulle begynne å renne nedover anklane mine, og eg prøvde å sleppe vekk frå søstrene mine. Det var umogleg. Eg måtte vente til gravfølgjet hadde gått i ein boge over plassen, snodd seg oppover Via Don Bosco og til slutt løyst seg opp i ein vrimmel av bilar og menneske. Onklar og tanter, grandonklar og grandtanter, svograr og svigerinner og søskenbarn omfamna oss etter tur. Menneske eg berre hadde vag kjennskap til, som var forandra av åra, og som eg berre hadde sett som barn, kanskje aldri. Dei få eg hugsa klart og tydeleg, hadde ikkje komme. Eller kanskje var dei der, men eg kjende dei ikkje igjen fordi det som var blitt igjen av dei, frå barndommen, berre var detaljar: eit skjegleauge, ein halt fot, olivenfarga hud. Til gjen


Kvelande kjærleik ferdig.qxp_A 05.12.2017 10:06 Side 16

gjeld blei eg trekt til side av menneske eg ikkje eingong visste kva heitte, og som lista opp for meg alt det galne far min hadde gjort mot dei mange år tidlegare. Dessutan var det ukjende, men svært vennlege unggutar som var flinke til å konversere, som spurde meg korleis eg hadde det, korleis det gjekk, kva eg arbeidde med. Eg svarte: Bra, det går bra, eg lagar teikneseriar, og med dei? Mange kvinner som var kledde i svart, fulle av rynker og med bleike ansikt, roste Amalia for kor usedvanleg snill og god ho hadde vore. Nokre klemde meg så hardt, og hadde ei slik mengde av tårer, at eg vakla mellom ei kjensle av å bli kvelt og eit uuthaldeleg inntrykk av væte som strekte seg frå sveitten og tårene deira heilt til underlivet, til festet mellom låra. For ein gongs skuld var eg nøgd med den mørke drakta eg hadde tatt på meg. Eg hadde så vidt komme meg fri frå dei, då onkel Filippo sette i gang med eit av utbrota sine. I hans sytti år gamle hovud, som ofte blanda fortid og notid, må særleg ein detalj ha rive ned barrierar som frå før av var skjøre. Alle såg overraska på han då han begynte å banne høgrøysta på dialekt mens han veiva energisk med den eine armen sin. «Såg de Caserta?» spurde han heseblesande meg og søstrene min. Så gjentok han dette velkjende namnet fleire gonger, ein truande lyd frå barndommen som gav meg ei kjensle av ubehag. Han la til, raud i ansiktet: «Utan skam i livet. Og så i gravferda til Amalia. Far din ville ha myrda han, hadde han vore her.» Eg ville ikkje høyre om Caserta, eit sant konglomerat av barnleg uro. Eg lét som ingenting og prøvde å dempe han, men han ville ikkje høyre på kva eg sa. 


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kvelande kjærleik by Det Norske Samlaget - Issuu