Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 1
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 2
fluktlinjer. Dikt. Livingstones retrett. Roman. kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her. Dikt. Vegen til Neverland. Roman. Rabarbrakrigen. Roman. Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940–1945. Sjabervik. Noveller. Rasmus Rebellen. Roman. Risp i berget. Noveller. Brevet til Rosalin. Roman. Aldri kome tilbake. Roman.
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 3
Øystein Orten
KRIGSHISTORIER
Samlaget Oslo
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Magnus Osnes : Katinka Goldberg : Samlaget : Minion ,/ : g Munken Print Cream . : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Omslagsbiletet er henta frå fotoprosjektet Shtumer Alef, der Katinka Goldberg utforskar dei jødiske røtene sine og korleis flukt og krigsminne påverkar generasjonane som kjem etter. Shtumer Alef tek utgangspunkt i historia til mormora til Goldberg, Assne Kahn, som i ein alder av flykta til Sverige frå Trondheim for å sleppe unna nazistane. I fann Goldberg dagboka til mormora, skriven under flukta, på det jødiske museet i Trondheim. Goldberg fylgde ruta Kahn hadde gått, og fotograferte undervegs. Vekstane og steinane som fyller portretta av mormora, finst langs denne fluktruta. Shtumer Alef blir publisert i bokform på Journal i .
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 5
INNHALD DEL I ANDREASKORSET / BLOD, TÅKE 11 TROLLROTA / VENGAR, SLAPS 21 DEN SVARTE ELVA / TILBAKE, TILBAKE 26 SØLVBJØRKA / SNURRE RUNDT OMKRING 34 SJANGLESVINGEN / GAMAL EIK, KVIT SILKE 41 MUCKLE FLUGGA / SPY, SVOLT 47 CHARLOTTENBERG / DEN VESLE 55 LUNNA VOE / MENNESKEKLYNGJER 63 SØNDAGSTRAMMEN / IKKJE EINGONG HAVET 67 FESTNINGSBRYGGJA / AUSGEROTTET 76 TIL INKJES / 345 77 KRUTTÅRNET / LESE HIMMELEN 84 DEN FLATE ØYA / VANDRARSTAVEN 89 DAGBOKSIDA / KJÆRLEIKEN TIL MENNESKE OG KATTAR 93 BLACK GAP / DEN VAKRASTE SOM FINST 95 OVER DJUPET / KJEM, KJEM IKKJE 100 SJUANDEJUNIFLAGGET / KVÆL ‘NÅ 105 DENNE FJORDEN / PLUKKE OPP, SAMLE SAMAN 109 SCALLOWAY / BALLADEN OM ONKEL SJUR 114 DEL II KVA SKAL DET BLI AV GUTEN / DÅ KRIGEN KOM TIL FAR 125 EPILOG / IMPULSAR 151
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 6
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 7
«Krigen sprang ut fra krigen og krigen utspilte seg i en dråpe blod» Tone Hødnebø: Nedtegnelser
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 8
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 9
DEL I
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 10
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 11
ANDREASKORSET / BLOD, TÅKE – O-o-i! O-o-g! Skriket raspar gjennom skogen som ei sløv sag, den unge mannen kan både sjå og høyre det frå der han ligg og krøkjer seg saman, dei tynnaste greinene gyngar under nysnøen, dei daude blada raslar varsamt i den svarte kulden, det dempa hylet gjer han både glad og redd, så finst det altså fleire i denne glenna som har det låkt, men kvar kjem det frå, og kven er det som ropar, ein kan ikkje avsløre språket bak eit skrik, det er berre smerte, og smerta har ingen dialekt, men det er ikkje nokon av deira, det er han viss på, det er noko med vokalane, noko trongt, kanskje innestengt, skriket hadde kome med vinden frå nord, det hadde pusta med frosten frå steppene, bore med seg ønsket om hjelp, om å lindre, meir enn å bere bort, om å dempe, meir enn å bli trygg. Det er ingen som ser han bak steinen her, for han ligg i ei hole, skapt av blesten, og kanskje også av dyr som har villa verne seg mot han, dessutan er han kledd i ein kvit anorakk og ei kvit bukse, slik at han kan bli eitt med snøen, ingen kan heller høyre når han byter på såret, den vesle tøyremsa er våt no, så han brettar opp anorakken og riv ei ny strimle frå ulltrøya, og for kvar gong han gjer dette, frys han litt meir, likevel tvinnar han remsa rundt kneet, ein gong, to gongar, lagar ein knute, før han legg ei lita helle på det ømme punktet og trykkjer med handbaken igjen, men
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 12
blodet, det piplar fram likevel, same kor hardt han pressar, greier han ikkje å stoppe det, fyrst kjem det berre nokre små prikkar, men snart er det heilt raudt, og til slutt søkkande vått, han har høyrt at dyra går etter blodet, ulven, reven, jerven, blodet leier dei til maten, varmt kjøt søkjer dei, men han trur ikkje at ulven kjem, ikkje etter det spetakkelet som var, heller ikkje reven, for han er som hunden, redd for smellar, men ein jerv, til dømes, dei store fuglane ventar til etterpå. Og der er det igjen, han er heilt sikker, skriket kjem frå nordaust, noko spakare denne gongen, litt tappa for energi, kanskje, eller som om ting ikkje er så viktige lenger, for det som ikkje skal skje, det skjer likevel, kanskje er det kreftene, at dei minkar, men likesæla er verst, likesæla drep fleire enn kulene og splintane, skriket er meir forma som eit ord denne gongen, eller kanskje er det to. – Mo-Do! Mo-o-o, D-o-o! Eit namn kan det vere, med to tronge o-ar, altså frå nordvest, han skulle gjerne hatt børsa no, han skulle så gjerne hatt bajonetten, tenkjer han, før han tek ein slurk av feltflaska, men nøler med å svelgje han, denne slurken er mesta alt han har. Det er far som har lært han dette om retningar, at vinden sjølv fortel kvar han kjem frå, så om han smaker salt eller furukongler, steinsprang eller våt myr, det er luktene som avslører retningane, hav, skog, bål, blod. Det er heller ikkje så mykje ein skimtar frå denne gropa bak steinen, om det er røyk eller tåke som gjer sikta litt dårlegare, veit han ikkje, vinden har kanskje snudd, krut luktar det uansett, sersjanten er ikkje å sjå, han er ein bra kar, sersjanten, ikkje så nøyen så lenge dei står på, så lenge dei baskar og balar, så lenge dei gjer som han seier, men kvar
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 13
er Lappinen og Koskola og Svensson, som liksom skulle liggje i ryggen på han då dei sprang gjennom glenna, dei skulle dekkje han, pepre til kvar sin kant av skogen, og sersjanten hadde sagt at dei skulle halde seg bak linja, men kvar er linja no, og kvar er børsa, ho må liggje ein eller annan stad i snøen, men han kan ikkje stikke hovudet fram for å kike, han greier knappast å lette på rumpa uansett, det riv i heile beinet berre han riglar litt på seg, men han trur ikkje at kneet er knust, for det gjer vondt, og det er eit godt teikn, han supar i seg siste skvetten i feltflaska, smattar på dropane, kaffi og vodka, halvt om halvt, det varmar. Han tenkjer heile tida på dette, at ein eller annan stad, der ligg dei, snikskyttarane, det er sikkert berre to eller tre, men det er nok, dei vaker over denne glenna som gribbar, ventar på ei ørlita rørsle, stikk han hovudet over steinen, plaffar dei han berre ned, om dei vil, kan dei treffe han midt i auget på åtte hundre meters hald, det har dei snakka om i koia. – Desse helsikes sniperane, hadde Lappinen sagt. – Dei er verre enn stridsvognene og mitraljøsene, dei siktar på skrevet berre for å pine, slik at taskestellet forsvinn til helvete, og så hadde Lappinen kveikt ein ny røyk, stumpa han etter to drag og gått utfor døra for å slå lens. – Mo-o-o-o-i Dr-o-o-o-g! No forstår han, det må vere Ivan som ropar, meir desperat denne gongen, som om hovudet har overmanna likesæla i kroppen hans, som om hovudet ikkje vil gi opp, men kva veit han om kvar Ivan ligg, alle desse karane med raude stjerner i panna, Ivan eller Leo eller Vladimir kan liggje kvar som helst, med sine Maxim maskingevær, med sine nyslipte dolkar, for alt han visste, kunne det vere Spania-veteranar, eller partisanfuglar frå Balkan, dei er ekspertar på å leggje ut snarer, usynlege snubletrådar, sjølvskot, i koia
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 14
hadde sersjanten fortalt om kampane ved Ebro, det var blitt stille rundt han, berre Svensson spurde: – Kor mange fekk ei kule i knollen då dei prøvde å symje over elva. Ivan har heller ikkje akkurat ord på seg for å fare fint fram med dei som kjem i vegen, under marsjen austover hadde dei passert brennande hus, heile husklyngjer i flammar, små grender som kubbar i eit bål, og utanfor desse husa, hengde opp på pælar, menn med berre overkroppar, også ein gut, kanskje ikkje meir enn – år, men dei fleste var gamle, gråhåra menn med halvopne auge, som om dei framleis levde, ein av desse mennene var spikra opp på eit kors forma som ein X, han hadde fått buksa riven av, og då dei passerte dette kreket, sprikande og skrevande på denne X-en, tenkte han, kvar er kuken, kuken var borte, og kvar er kvinnene, tenk, ei bygd utan kvinner, og dei små jentene, kvar hadde Ivan gjort av dei, så er det ikkje typisk Ivan, å brenne opp alt der han trekkjer seg tilbake, hore og pine og drepe, så brenne ned, men om kvelden, inne i knappeteltet, medan dei gafla i seg kjøtbitane i suppa, som skulle stagge svolten og gi dei nokre timars søvn, hadde Svensson kviskra til han: – Er du sikker på at det var Ivan som gjorde alt dette, tenk om det var våre folk, medløparar, svikarar. – Mo-o-o-i Dr-o-o-o-g! Å jau, det er visst liv i karen enno, framleis har han krefter til å rope, eigentleg er han glad for dette, at det tek så lang tid å døy, eller berre overleve så vidt, det held han vaken, for han må ikkje slokne, ikkje i denne kulden, sjølv om han berre ønskjer å sove, ei natt hadde han drøymt at tre soldatar hadde kome ridande mot koia, tre russarar hadde kome stegande til hest, sakte, med reine uniformer, rette ryggar, dei hadde skråna nedover mot dette tjørebreidde krypinnet, så lett å setje fyr på, men så hadde dei berre
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 15
snudd, han trøystar seg med dette, at inne i draumen, så hadde dei snudd, han lengtar tilbake til søvnen i koia. Då Ivan gjekk til åtak på dette landet, då han kryssa grensa, det var sist i november, å, kor hardt alle hjarte hamra der heime, ingen kunne stå likesæle og sjå på dette, stemmene i radioen, dei dirra, mest alle avisene, dei dundra på, born vart losa vestover slik at dei kunne sove trygt, folk sende ryggsekkar og beksaumsko og ullpledd hitover, båtar og lastebilar vart stappa fulle, men at han sjølv vart med på lasset, for det hadde han berre seg sjølv å takke, det var nesten ni hundre slike idiotar som han, forsvare grensa, det var det dei skulle, grensa, denne forbanninga av eit ord. Og brått var han på veg, då han stod der med losjakka og skipssekken i stovedøra, hadde mor hans berre spurt: – Fer du, og han hadde svart: – Som du ser, og så hadde ho sukka, gått inn på kjøkenet att, begynt å romstere, med koppar og knivar og kar og slikt, muligens litt hardare enn vanleg, litt meir uvørde, som om ho hadde tankane sine andre stader, eller for å vise at det fanst viktigare ting, han stod i kjøkendøra i meir enn ti minutt og såg på medan ho rydda benkar og skap, men ingen omfamningar der i garden, nei, ingen klemmar, og frå godstolen i stova, tett inntil radioen, der hadde far gløtta over avisa eit lite sekund og heva eine augebrynet, før han heldt fram med å lese notisane om det eventyrlege fisket, alle meldingane frå felta, med så og så mange kilo på stampen, ingen ord derifrå, ingen smil eller handtrykk med eit påfylgjande: – Far vel, son, pass godt på deg sjølv, nei, berre dette vesle gløttet, og så dette eine brynet, som ein omvend V over auget. Dei hadde stabla skia frå seg inne i ei utløe og sprunge gjennom skogen, langs smale vegar, nesten som krøtterråser, spreidde, framoverbøygde, stundom i sikksakk, hadde tenkt
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 16
å kome seg heilt til den største skogsbygda austpå, men så hadde Ivan kome frå nord, ingen hadde trudd det, at Ivan skulle kome så raskt. – Vi skulle aldri ha sett frå oss skia, hadde Koskola ropt. – For nokre hovudlause høns vi er, og midt i denne glenna, denne lysninga i skogen, som var ei av så mange dei hadde sprunge gjennom, så landa denne granaten, slik at dei vart blåsne til sides, bombekastaren hadde laga ei hole i skogen, snøen var vekke, på denne vesle flekken var det nesten vår, pepringa til sidene, alt dette som Lappinen og Koskola og Svensson skulle syte for, det blei det ingenting av, berre denne eine granaten tilbake, var det Svensson eller Koskola eller Lappinen som slepte han bak steinen, han hugsar ikkje, for han kjende at det svei så gudfaderleg i kneet, og at han måtte krype tettare inntil, finne ly, før haglskurene frå maskingeværa, som fylte skogen med røyk og rå luft, kanskje var det karane lenger framme som fekk smake dei, men mest truleg hadde dei trekt seg tilbake, kanskje var dei allereie komne attende til koia no, dei skulle aldri ha forlate henne, Lappinen hadde sagt: – Vi ventar vel. – På dei andre, altså, men sersjanten hadde svart: – Vi kör på, pojkar. Trass denne disen, trass denne røyken eller tåka eller kva det no er, det ulmar i noko, om han vrir hovudet ørlite bort til kanten av steinen, kan han sjå at det brenn der framme, himmelen er meir raud enn blå og svart, kanskje er det bygda ved den store elva som er teken, kanskje er det ho som står i brann no, kanskje er det husa der ved elvabarden som gjer at himmelen speglar glørne frå eit bål, kanskje har Ivan jaga mennene ut i snøen igjen, medan han forsyner seg av kvinnene inne i husa, og kanskje har han dengt gutungar som gjer motstand, og jamvel hengt dei opp på digre hesjestaurar surra saman til X-ar. Er han redd for kva Ivan kan finne på å gjere, ja, kan
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 17
skje, men han lyt tole såpass, det ville far ha sagt. – Du lyt greie dette, gut, og så ville han ha sett på han med dette blikket opp frå avisa. – Vi skal ikkje ha nokon pingler i vår familie, nei, ingen pingler, så han lyt halde desse tankane om Ivan borte, halde dei langt vekke og ikkje blande dei med fornuft. I koia hadde dei ein kveld diskutert dette, kva som kunne kome til å skje om nokon vart tekne, der var vodka, der var grove vitsar, dei hadde leita etter bannord i den russiske lommeparløren. – Fyrst skyt dei, så spikrar dei opp dei som enno lever, sa Lappinen. – Det er nesten som korsfestingar. – Hald kjeften din, hadde han ropt. – Så valdtek dei kvinnfolka medan mannfolka ser på, skråla Koskola. – Kutt ut! – Til slutt kappar dei kuken av mennene og stikk han i munnen på kjerringane deira. – Slutt opp! – Og alt dette for å frigjere arbeidarane frå det kapitalistiske åket. Det siste svarte han ikkje på, dette med kapitalismen, han berre tenkte på heile dette helvetet for å kome hit, kvifor han hadde blitt med i dette toget av elendige austover, alle vegsperringane, klareringane, all ventinga, overnattingane i forsamlingshusa, på skulane, med desse bileta av Mannerheim inne i klasseromma, oppstillingane, morgonbønene, nasjonalsongen, «Vårt land, vårt land, vårt fosterland, ljud högt, o dyra ord», lottene sine veike smil over suppepannene, og alt dette for grensene, dei usynlege strekane gjennom vidder og vatn, hadde det ikkje vore for grensene, hadde han aldri vore her, der hadde Ivan rett. Dei hadde gitt på austover, vidare, vidare, til fots, på ski, i lastebilar, på sledar, det gjekk nesten to veker, så ein dag kom det fyrste teiknet på at dei nærma seg, utanfor ei av desse små grendene, ein mann hang etter føtene i eit tre, heile troppa gjorde stans, kroppen var framleis varm, stak
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 18
karen hadde nok prøvd å gripe etter tauet, så han kunne reise seg, slik at ikkje blodet skulle fylle skallen hans, ja, han hadde nok prøvd å nappe til seg tauet til det ikkje var krefter att, pupillane hans var sprengde, som på ein uer, hala opp frå djupet, gispande etter luft, truleg var det ein soldat, for han var godt trent, hadde ein kraftig kropp, men uniforma var borte, dei kappa tauet, la mannen på bakken. – Kva står det på panna hans, spurde Svensson, og sersjanten bøygde seg over han, det var bokstavar av olje og sot, men ingen greidde å tyde dei. – Han er heldig, hadde sersjanten sagt. – Dei har ikkje sett fyr på han. Så tilbake til troppa må han, finne laget sitt, Lappinen og Koskola og Svensson, eigentleg hadde han rikeleg med fluktvegar, tilbake til koia, det kunne ikkje vere meir enn ein god kilometer, hadde han hatt kartet no, skulle han ha sett seg nokre méd, vestover, så litt sørover, han kunne lukte seg dit, men å reise seg opp, å krype dit, nei, ikkje no, han måtte vente, så han trutar feltflaska igjen, enno tre dropar. Er det latter han høyrer, det kan ikkje stemme, jau, sanneleg, men berre nokre få knegg om gongen, så stilt, som om nokon hadde fortalt ein vits og så kommentert han, med ein slags moral til slutt, noko sjølvmotseiande, kanskje, som gjorde at ein berre måtte le, slik far kunne gjere på sine gode dagar, frå koia er det i alle fall ikkje, det er for langt borte, kanskje nokon kjem for å hente stakkaren som ropar, løfte han opp på ein kjelke, slepe han bort, eller kanskje han berre drøymer, nei, han drøymer ikkje, men det er ei anna stemme. – Bystree! – Bystree, tovaritsj! Han kjenner orda frå parløren. – Fortare! – Fortare, kamerat! Sanneleg, dei har kome nærare, så han lyt liggje endå stillare enn før, men kneet er heilt raudt igjen, heile bandasjen er søkk våt, han må stoppe blodet, så han legg seg
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 19
over på den andre sida, vrir greina rundt, slik at remsa strammar, slik at endå meir blod piplar ut, før han trykkjer hella mot såret igjen, det gjer vondt, men ikkje så vondt som det burde, han prøver å tenkje på alle dei bannorda han kan, dei fleste har med kjønn å gjere, han trykkjer igjen, legg tyngda over, bit tennene saman og brøler ut desse orda inne i seg. – Kukjævel! – Fittehelvete! Det svimlar, han må leggje seg ned, fingrane blir fort valne kvar gong han tek neven ut av votten for å stelle såret, han er ikkje van med slik kulde, skogen er ikkje hans heim, det er ved havet han høyrer til, der bårene bryt mot skjera i vest, båten, vegna, fisken, kulden er annleis der, han minnest ein gong han var saman med far på sjøen og hadde spurt: – Eg frys, far, kan eg få gå ned i lugaren og varme meg, men då hadde faren berre sleppt han i land på ein holme og sagt: – Spring deg nokre rundar, gut. – Spring, så får du nok varmen i deg, men no kan han ikkje springe. Faktisk er han meir redd for kulden enn for kulene, og han frys snart kuken av seg om han skal liggje her lenger, det er det verste, han vil heller blø i hel enn å misse kuken, han prøver å tenkje på dei unge lottene i Kemi, du verda kor spretne dei var, med knallblå auge, og lyst hår knytt i toppar, harde som knyttnevar, kunne han berre få ein dans med Liisa frå Vaasa eller Maria frå Gamla Karlaby, då skulle dei ha fått sett, Svensson og Koskola og Lappinen, for ikkje å snakke om dei trauste suppeausarane frå Rovaniemi, litt eldre desse, det var kokker med vaksne bryst og breie bakendar, likevel, om Vårherre ville sende han ei av desse no, så skulle han saktens halde ut, han skulle gå til kyrkje resten av livet om han berre kunne få halde rundt ei av desse drusene, han stikk handa i buksa for å kjenne etter kuken, sanneleg er han der, men han må varme han.
Krigshistorier ferdig.qxp_Layout 1 02.06.2020 15:03 Side 20
– O-i-i-i! O-o-o-g! Skriket er langt svakare denne gongen, men spissare, som frå ein lom eller ein skarv, men det finst ikkje skarvar i desse skogane, ikkje lomar heller, dessutan veit han korleis skarv smaker, tran, olje, far sa alltid at skarven er ein delikatesse, så igjen dette: – Moi Drog! – Moi Drog, men det spaknar, ja, det spaknar, å sjå nokon døy er éin ting, å høyre nokon døy er verre, men græt han, ber han, det går ikkje an å høyre gråt i skogen, trea sluker hulk og stønn, og bønene kan berre lesast på leppene, han har bladd såpass i parløren at han veit kva ropet betyr. Han slår med flathanda mot begge kinn, vaken, vaken, han må ikkje sove, å døse med våte støvlar kan vere døden, han reiser seg opp på knea, det riv i sener og nervar, han får lyst til å brøle ut, men held inne, held inne, anar han skuggar, luktar han russisk tobakk, eller diesel, høyrer han hundeknurr, han reiser seg opp på begge føtene, og sanneleg står han ikkje og kikar over steinen, ikkje gjer det så vondt heller, og er det ikkje småprat han høyrer, kanskje ein kvist som knekk, han er ikkje sikker, brått anar han lette steg i snøen, så altfor lette, det er som labbane på eit dyr, og så ropet igjen, nærare no. – Kom hit, min ven! – Kom hit, min ven!