Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 1
1
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 3
Gaute Sortland
Korte meisterverk
Samlaget Oslo 2017
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 5
Alt er fullstendig roleg På ein benk i ein park belagd med brustein, midt i gågata, sat ein poet. Duene kurra rundt på plassen som var dekt av dueskit. Poeten drakk kaffi frå eit pappkrus, det var føremiddag, og kaffien hadde blitt for kald. Han blei gjerne det i pappkrus, om ein ikkje var om seg. Det var difor lite glede knytt til denne koppen litt tynn kaffi, skreiv poeten i boka si. Forhåpentleg var det ein viss nytte. Han blei kanskje vaknare og fekk litt mindre vondt i hovudet om ei stund? Det var tett skydekke, men mildt. Cirka sytten grader, og poeten hadde berre på seg ei tynn jakke med plass nok til notisbok, penn, lommebok, telefon og nøklar i lommene. Jakka var sikkert tjue år gammal, men eit av hans absolutte favorittplagg. Det var eit kvalitetsteikn at ein kunne fylle lommene såpass mykje utan at jakka heilt mista fasongen. Glidelåsen hadde det heller aldri vore problem med. Han såg elles på seg sjølv som ein glidelåsdødare, som hadde tatt livet av tallause glidelåsar i løpet av eit langt liv. Om han heilt ut av det blå, på lykke og fromme, skulle skyte frå hofta og gjette eit tal glidelåsar han hadde øydelagt pr. dags dato, ville han seie 75. Ja, det var høgt, men om ein rekna litt fram og tilbake og også tok med koffertar, sekkar og soveposar som hadde vore utsette for hans 5
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 6
upraktiske, rykkvise og ofte utolmodige handlag og temperament, skulle det kanskje ikkje vere så urimeleg? Ti glidelåsar frå eller til kunne det vel vere, men heller ikkje meir. Det stod han fast på. Om det var skydekket som gjorde at hovudet kjendest ekstra trongt i dag, var ikkje godt å seie. Det kunne også vere andre ting. Dårleg søvn, eit par Gammel Dansk for mykje i går kveld, eller at han hadde eit virus i kroppen? Poeten løfta notisblokka litt nærare auga og las igjennom dei to sidene han hadde skrive. Det likna sanneleg ikkje mykje på eit dikt. Det var sikkert. Berre nokre notat om kor han sat, og kva han gjorde. At det som dukka opp på papiret, likna prosa, ja, slike uhell hadde han opplevd før. Det gjekk som oftast over av seg sjølv. I morgon var alt gløymt, og han var tilbake på rett spor igjen. Han skulle ikkje falle for freistinga. Han var ikkje så svak i trua at han skulle skrive prosa, som enkelte kollegaer. Ein skreiv ikkje for pengar. Då kunne han like gjerne bli journalist eller noko heilt anna. Han las nokre av dei siste linjene han hadde skrive, igjen og kjende at han var i ferd med å skrive seg varm. Han kjende ei framdrift i språket. Noko av friksjonen forsvann. Han var i ferd med å nærme seg ei sanning eller ei erkjenning som han endå ikkje sjølv var klar over. Ei erkjenning om skriving, litteratur og sin eigen ståstad i det heile som han endå ikkje hadde artikulert, men som han kjende sterkt. Han nærma seg noko som låg han 6
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 7
tungt for brystet. Erkjenninga låg der like framfor han. Rundt ein sving i språket. Kanskje berre ei setning framfor han. Dersom han sleppte taket nå og på eit vis fekk lurt seg sjølv til ikkje å tenke, men berre flyte med, kunne han klare det. Berre han let pennen gå, gli, svømme med ujamne krusedullar framover linjene, fokusere, sleppe opp, vente, gi f., men bry seg likevel. Som ein katt på musejakt. Nei. Ikkje denne gongen heller. Han las nokre sider lenger framme i notisboka. Det var skisser og utkast han hadde skrive for nokre dagar sidan. Han stussa over det han las. Var dette verkeleg hans ord? Hadde han skrive dette og synst det var gode idear, verde ein føremiddag med arbeid? Når han såg på det, var det som det var skrive i ei anna tid, i ein annan dimensjon eller i søvne. Orda og notata verka som ein draum han hadde vakna av og ikkje skjønte logikken i, ikkje skjønte kvifor hadde verka så intens. Nå var det berre døde ord utan moglegheit til å vekke noko anna i han enn ein geisp og eit snev av skam. Kva var det han tenkte på? Han gjekk tilbake til å notere ned kva han gjorde, opplevde og tenkte i tredje person igjen. Korleis desse orda han nå skreiv, kom til å verke på han om nokre dagar, ante han ingenting om. Hans erfaring var at det nærast var tilfeldig kva som fekk liv, og kva som var dødt. Uansett, i dag spelte det inga rolle. Alt kjendest fullstendig roleg, og han hadde eit avklart forhold til si eiga skrift. Vêret var bra, som sagt. Folk 7
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 8
gjekk roleg forbi i gågata, og han hadde funne ein plass fri for dueskit. Det hadde med søvn å gjere, kanskje? Nå når hovudverken var i ferd med å sleppe, kjende han eit visst overskot og kjende at så lenge han skreiv, var han trygg. Då slapp han å tenke over om han var ein god eller dårleg forfattar. To av diktsamlingane hans (den frå 1987 og den frå 1989) var omsette til tysk og ein (den frå 1989) til fransk. Det var ikkje lite. Han hadde vore på fleire litteraturfestivalar både her heime og i utlandet. Det var ni år sidan sist han hadde gitt ut ei bok, men det hadde ingenting å seie. Manusbunken hans vaks stadig. Snart var det berre til å velje og vrake. Om han skulle sende inn til den nye, unge redaktøren i forlaget eller rett og slett sende til eit anna forlag, hadde han ikkje bestemt seg for endå, men nå rota han seg vekk, kjende han. Måtte halde på roa og la språket flyte. Om nye ni år ville han vere gammal nok til å få pensjon. Det var berre å halde ut. Leve så billeg som mogleg, la seg forsørgje av kona si nokre år til og satse på at vindane snart ville snu. Poeten på benken måtte ta ein pause i skrivinga for å tørke vekk dueskit frå jakka. Det gjekk på eit vis. Dei helvetes fuglane. Endå godt det ikkje var ei måke. Måkene kunne han berre ikkje tole. Det var mange av dei, og han hadde meir enn ein gong opplevd at måkene regelrett sikta på folk. Bomba folk frå lufta med skiten sin. Kvifor gjorde dei det? Berre fordi dei kunne? Poeten som var vand til å tenke ein 8
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 9
gong ekstra på ting, gjerne snu litt på det heile slik at det blei originalt, måtte presse seg sjølv, trass motviljen, til å leve seg inn i verdsbiletet til ei måke. Ville han sjølv oppført seg slik om han var ei måke? Jo, antakeleg var det slik. Om han hadde kloakken sin fylt opp med grenselause mengder skit og flaug over ei gågate på jakt etter mat, ville han då skite ned på folk? Heilt klart. Så mykje som mogleg. Denne erkjenninga gjorde at han fall til ro igjen. Orda han hadde skrive om dette, hadde komme naturleg og uanstrengt, og opplevinga av å leve seg inn i eit måkeliv hadde gjort at han i ein kort augneblink hadde fått oppleve i fantasien å sveve høgt der oppe med djevelsk god kontroll over lukkemuskulaturen. At slike gleder, som trass alt ikkje eksisterte andre plassar enn i hans eige hovud, var nok til at han fekk ein god dag, var merkeleg, om han tok seg tid til å tenke over det. Han måtte innrømme at korleis andre menneske i gata framfor han hadde det, brydde han seg lite om. Korleis vêret blei dei neste dagane, eller kva han skulle finne på å servere til middag, betydde lite. Det var slike opplevingar i skrift, slike overraskande bilete, som dreiv han, fekk propellen hans til å gå, fekk han til å tikke, eller kva ein nå måtte velje å kalle denne indre motoren. Slik hadde det vore så lenge han kunne hugse, og det var ikkje anna han kunne gjere enn å akseptere det. Han var si eiga lykkes smed, som det heitte. Ein talemåte han sjølv aldri ville brukt. Han kjende på seg at det var tid for å sette punktum medan kjensla endå var god, før han blei sliten eller skreiv noko som 9
Korte meisterverk ferdig_a 24.08.17 13:38 Side 10
tok motet frå han igjen. I morgon var ein ny dag. Kanskje det var dagen då diktet han var på sporet av, ville forme seg, på nærast guddommeleg vis.
10