Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 1
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 3
Svein Sæter
KONGEN AV SPITSBERGEN Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland
Samlaget Oslo
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 5
INNHALD 7
Kol, krig, katastrofe
14
«… en av Norges beste slegter»
36
«Kullfeber» i Arktis
61
Éin død pr. 100.000 tonn
83
Verda sett frå Blåhuset
107
«… den egentlige skaper av Svalbard»
126
«Kongen gråt meget»
154
Krigens offer
178
Narrespel, ragnarok
208
Kongens ja
238
Ei råk i isen
259
Etter Einar
271
Takk
274
Kjelder
280
Personregister
286
Personar på foto og i bildetekstar
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 6
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 7
KOL, KRIG, KATASTROFE Bombeflya angrip ved midnatt, med sola i ryggen. Ut av den aldri sloknande solskiva teiknar det seg to, tre, fire glinsande metallkroppar. Fire Focke-Wulf Fw 200 Condor i låg høgde, på rekke etter kvarandre, vanskelege å sjå i motlyset for mennene nede på den islagte fjorden, men dei veit: Det er vi som er målet. Og vi er lette å sjå. Båtane deira ligg som svarte utropsteikn i enden av den lange, mørke råka på den drivkvite fjordisen: isbrytaren «Isbjørn», med ishavsskuta «Selis» like bak. To svarte blinkar på ei kvit skyteskive. To dødsdømte skuter utan fluktveg. To båtar, 82 mann, 24 hundar. Berre nokre hundre meter manglar på at «Isbjørn» har opna råk heilt inn til den forlatne Barentsburg. No kunne det like godt ha vore hundre mil. Det tunge motorbrølet veks og veks og veks, bombeflya er så nær at hakekorsa blir synlege, og 82 mann veit: Det står om livet. Einar Sverdrup står i styrhuset på «Isbjørn». Det er den 14. mai 1942. Operation Fritham er hans idé, hans plan, hans brennande vilje: eit stykke frigjort Norge, midt under den andre verdskrigen. Eit stykke Arktis rive ut av hendene på Adolf Hitlers Nazi-Tyskland. Eit stykke fritt Norge, fem hundre iskalde nautiske mil frå det okkuperte fastlandet, tvers over det tyskarane kallar «Hölles Meer», Helveteshavet. Eit fritt Spitsbergen. «Min ekspedisjon», hadde Einar Sverdrup skrive i dagboka. «Mine gruber.» Han er direktør i Store Norske Spitsbergen Kulkompani. 46-åringen er utnemnt til oberstløytnant og leiar for Operasjon Fritham. Han skal vinne tilbake norsk kontroll over Spitsbergen. 7
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 8
Kva hadde ikkje Haakon VII sagt til han i London berre nokre månader tidlegare; at han, Kongen, støtta planane. At han skulle gjera det han kunne for at også dei skeptiske russarane godkjente Operasjon Fritham. Kva hadde ikkje Einar Sverdrup sjølv sagt den vinteren, til Kongen, til statsminister Johan Nygaardsvold, til Trygve Lie og Oscar Torp og andre statsrådar i eksilregjeringa, til britiske toppoffiserar, til medspelaren Hilmar Reksten, til søskenbarnet sitt, krigspoet og kaptein Nordahl Grieg: – Tre grunnar gjer det maktpåliggande å ta Svalbard tilbake frå tyskarane, så snart som muleg, straks når isen går til våren: 1. Nasjonaløkonomiske grunnar. 2. Militære grunnar. 3. Politiske grunnar. Nasjonaløkonomisk fordi kolgruvene må sikrast mot øydeleggande forfall, så dei kan bidra til oppbygginga av Norge når krigen er vunnen. Militært fordi Nazi-Tyskland kan bruke Svalbard som base for angrep på dei livsviktige konvoiane til Murmansk og Arkhangelsk, og til meteorologiske stasjonar for dei frykta ubåtane sine, «ulveflokkane» som gjer allierte konvoiar til arktisk rulett. Politisk fordi eit stykke Norge frigjort frå hakekorset vil ha stor moralsk betydning, og slett ikkje berre i Norge. Kongen hadde sagt ja. Statsministeren og regjeringa og forsvarssjefen og russarane hadde sagt ja. Til og med dei arrogante britane hadde sagt ja: Utanriksminister Anthony Eden vendte til slutt tommelen opp, sjølv om statsminister Winston Churchill syntest å meine at dette var for smått, og bjeffa til Nygaardsvold: – Gi faen i dei gruvene! Det pågår ein krig! («Damn the pits. It’s a war on»). Men i ein annan samanheng sa den legendariske statsleiaren at «No Germans can be allowed on Spitsbergen» – ingen tyskarar kan få opphalde seg på Spitsbergen. Det var nøyaktig den same haldninga som Einar Sverdrup hadde, og Sverdrup var villig til å gå frå haldning til handling. Det dreidde seg nemleg om langt meir enn gruver. Verdskrigen var på veg inn i ein avgjerande fase. Etter Hitlers angrep på Stalins rike sommaren 1941 var Sovjetunionen blitt ein viktig alliert, med desperat behov for forsyningar, ein stor del av dei frakta på norske handelsskip 8
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 9
i konvoiar over Nordatlanteren. Med eitt slag var den strategiske posisjonen til det tidlegare avsides Spitsbergen fullstendig forandra. Einar Sverdrup forsto det straks. Han forklarte det til britiske offiserar sommaren 1941: Kor i all verda var det muleg å sende forsyningar til Sovjetunionen? Dei enorme mengdene krigsmateriell som måtte til for å stanse Hitler? Over Nordatlanteren. Over «Hölles Meer». Og helvete skulle det bli. Tyske anlegg på den arktiske øya ville utgjera ein forferdeleg trussel mot dei livsviktige konvoiane. Den trusselen kunne kvelast i fødselen av ein norsk garnison på Spitsbergen. Operasjonen ville bli eit norsk tiltak, men støtta av britane med spaningsfly, treningsleirar for soldatane og eksperthjelp; tre britiske offiserar var med da dei to unnselege skutene tøffa nordover den siste dagen av april 1942. Operasjon Fritham fikk klarsignal frå britane, sjølv om det innebar ei innrømming av at dei tok feil året før. Da vart heile Spitsbergen tvangsevakuert av den britiske marinen. Først vart dei over 2000 russarane i Barentsburg, Grumant og Pyramiden skipa til Arkhangelsk. Så kom turen til nordmennene, dei aller fleste i Longyearbyen, pluss fangstfolk og dei som heldt til i Svea og Ny-Ålesund. I september 1941 vart alle saman, nesten 800 menneske, stua om bord i RMS «Empress of Canada» og sendt til Storbritannia. I Longyearbyen skumma Einar Sverdup av raseri. Han var brennsikker på at han hadde alle saklege argument på si side, men snakka for døve øyro. Han forklarte, igjen og igjen, skriftleg og munnleg, at evakueringa og øydeleggingane var meiningslause: Kolet frå Longyearbyen gikk til NordNorge, til varme for kvinner og barn. Det var ikkje krigsviktig. Tyskarane brydde seg ikkje om gruvene på Spitsbergen, dei hadde rikeleg med kol på eigen grunn. Korfor skulle Nazi-Tyskland hente det med båtar oppe ved Nordpolen, på andre sida av Helveteshavet, under konstant fare for å bli senka av britiske krigsskip? Det kan så vera, sa britane, men alt har endra seg no etter at NaziTyskland har brote ikkje-angrepspakta, og gått til angrep på Sovjetunionen. 9
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 10
– Nettopp! sa Einar Sverdrup. Det er no Spitsbergen blir viktig for heile den allierte krigføringa, på grunn av alle konvoiane over NordAtlanteren, som kjem til å passere sør for oss. Så korfor skal vi stikke av? La meg i det minste få bli att her, med ei militært utstyrt gruppe på 40 mann. Vi kan vedlikehalde gruvene, drive meldings- og vêrvarslingsteneste for konvoiane og nedkjempe tyskarane, om dei skulle prøve seg. Nei, sa britane. Men ikkje alle. Sverdrup appellerte til ein god venn blant dei britiske offiserane, og Alexander «Sandy» Glen gjorde verkeleg sitt beste. Svalbardkjennaren Glen reiste til Sveagruva, og sørgde for at øydeleggingane der vart langt mindre enn først planlagt. Men i Longyearbyen tapte Einar Sverdrup. Mannen som hadde bygd opp Store Norske og gruvene og heile Longyearbyen kunne berre stå og sjå på at britiske og canadiske styrkar sprengte taubanar og gruveanlegg, slakta ned husdyr og hundar, jakta hestar i gatene, øydela kraftverket, sette fyr på det enorme lageret av kol, så røyken steig svart over den brått folketomme Longyearbyen. Eit norsk lokalsamfunn utradert i løpet av timar, innbyggarane bortført. Det var eit komplett mareritt. Einar Sverdrup prøvde alt for å avverje marerittet, til lenge etter at det var for seint. Da siste håp var ute, da avskilsgudstenesta var halden i kyrkja som faren Edvard Sverdrup innvigde 20 år tidlegare, da offiserar og sysselmann var samla til middag på kryssaren «Aurora», da slo Einar Sverdrup på glaset og reiste seg: «Jeg vil gjerne be mine herrer forstå at det som gjør oss vondt og som har gått hårdere inn på oss end noe andet hittil i livet, er ikke det å brende og ødelegge hjemmene vore, ikke å se vore kvinder og barn bryte op fra alt som er dem kjært i verden, men det er det skammelige og nedverdigende å rømme en plass og ødelegge den uten ett sverdslag til forsvar. … Vi er fortvilet og oprørt over å måtte forlate den siste rest av Norges jord på denne nedverdigende måte.» 10
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 11
Sverdrup hadde gått Krigsskolen, og var reserveoffiser. Han ville kjempe. Og fikk ikkje lov. Den 2. september 1941 blir Einar Sverdrup og nesten 800 andre nordmenn evakuert frå Spitsbergen. Dei aller fleste blir frakta med ein destroyer til den større «Aurora» ute i Adventfjorden. I løpet av natta seglar «Aurora» vidare til Grønfjorden, der «Empress of Canada» ventar, sterkt beskytta av fleire krigsskip. Den tidlegare luksusdamparen er ombygd til troppetransportskip. Dagen etter seglar «Empress of Canada» frå Spitsbergen, med Einar Sverdrup om bord. Svart røyk veltar opp frå livsverket hans. Han grin ikkje. Han bannar. Og han forbannar seg på at siste ord ikkje er sagt. Den 9. september 1941 får den tvangsevakuerte gruvedirektøren sette fot på britisk jord, berre for å bli internert i eit loppehol og fengsla og internert og audmjuka og avhørt, som ein annan simpel forrædar. Da han endeleg møter «Sandy» Glen igjen, i London, går Sverdrup rett bort til vennen, ristar handa hans hjerteleg og seier: – Når skal vi reise tilbake?
FRITT NORGE!
Hausten 1941 blir Einar Sverdrup husvarm i dei norske regjeringskontora i Kingston House i Kensington, ved Hyde Park i London. Det er kort veg til makta: Store Norske har kontor i den same bygningen. Gruvedirektøren utan gruver brukar all tida si på å vinne dei tilbake, på å planlegge Operasjon Fritham. Han veit altfor godt kva «nei» er, og hatar det. Alltid framover, på veg mot noko betre, mot neste mål: auka produksjon, betre sikkerheit, større trivsel, større overskot, meir lærdom. Framover, aldri bakover. Offensiv, aldri defensiv. Ingen ting kan stanse Einar Sverdrup. Planane hans blir drøfta i fleire regjeringsmøte og i forsvarsrådet. Regjeringa seier ja. Alle toppfolka har sagt ja, men det er ikkje dei som skal få våpen i hendene og sette livet på spel. Operasjon Fritham treng soldatar. Admi11
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 12
nistrerande direktør Sverdrup, på rekordtid forfremja til oberstløytnant, handplukkar dei blant sine eigne; gruvearbeidarar og ingeniørar som han kjenner frå Longyearbyen. Dei fleste har fått militær trening i den norske brigaden i Skottland etter evakueringa eit halvår tidlegare. Dette er folk som kan handtere både Spitsbergen, gruvene og ei rifle. «Det hele er fremdeles nærmest å betragte som min egen lille private hær», skriv han i dagboka i slutten av mars 1942. Det blir organisert hemmelege treningsleirar i England og Skottland. Vel ein månad seinare er dei på veg mot Spitsbergen i to småe, saktegåande båtar; ein gammal, kolfyrt isbrytar og ei ishavsskute. «Hæren» er på 58 mann. Skutene blir ført av til saman 24 sjøfolk. Med i «hæren» er også tre britiske offiserar, som har meldt seg frivillig. Sandy Glen var med frå det augeblikket han møtte vennen Sverdrup i London, og hadde vore til svært god hjelp under planlegginga. Det same hadde Glens kollega, oberstløytnant Arthur. S. T. «Dan» Godfrey, som sjølv spurde fint om å få vera med. Fire veker før Operasjon Fritham starta, hadde dei tre vore med på ein lang, hasardiøs flytur frå Shetland over Bjørnøya til Spitsbergen for å studere isforholda og sjå etter tyske styrkar. Dei såg røyken frå dei brennande gruvene, men frå 8000 fot var det ikkje lett å sjå detaljar som menneske eller spor der nede på snøen. Store tyske styrkar kunne det likevel ikkje vera snakk om. Det var godt nytt. Isforholda var derimot svært dårleg nytt. Det var mykje meir is på havet enn dei hadde trudd, sjølv på det mest pessimistiske. Speidartoktet viste at det kunne bli atskilleg bruk for isbrytaren. Den 14. mai 1942 er det isen som gjer at skutene til Operasjon Fritham aldri kjem seg til hamn. No står Einar Sverdrup, Sandy Glen og Daniel Godfrey i styrhuset på «Isbjørn» og ser dei svarte omrissa av fire Focke Wulf Condor i motlys, og veit at dei er sitting ducks; enkle mål. – Fyr! Ordren er unødvendig; ekspedisjonens to maskinkanonar, ein på kvar 12
Kongen av Spitsbergen ferdig_A 20.09.16 13:05 Side 13
båt, hamrar allereie eld mot fienden, og treffer: Skyttarane på «Selis» og «Isbjørn» ser kuleinnslag i det første flyet, gnistane fyk av den tynne aluminiumskroppen, men Condoren flyg like godt, brøler mot dei, spyttar død. – Ut på isen! Alle som ikkje bemannar våpen: Kom dykk ut på isen! Det er Sverdrup som brøler, over motorbrølet og våpensmella. Offiserane i styrhuset ser korte munningsglimt frå maskinkanonane på flya, hører den harde, stakkato hamringa frå grovkalibra våpen, ser dei snorrette kulenedslaga piske hissig i snøen, rett mot skipa, og så er helvete over dei. Glas sprutar, metall skrik, menneske hyler. Det første flyet brøler forbi dei, rekk ikkje å bombe, men bombene frå det neste flyet er straks i fritt fall, og BOOOOMMMMM! Is og sørpe og hav sprutar mot «Isbjørn» og «Selis», som skjelv i trykkbølgjene, men bombene brasar ned i isen så langt til sides for båtane at ingen av dei blir skadde. – Eg er såra, gutar! Kom dykk ut på isen! Sverdrup igjen. Sandy Glen hører at neste fly brøler mot dei, ser bombene som fell. Så blir alt svart. Da Glen kjem til seg sjølv igjen ligg han på isen, eit par meter frå eit stort, svart, gapande hol av ope vatn. «Isbjørn» er borte, slukt av havet, «Selis» står i full fyr. Han ser seg rundt, oppdagar andre overlevande spreidd rundt på isen, nokre på sprang, andre ligg stille. Einar Sverdrup er borte, Dan Godfrey er borte, og kulene frå tyske maskinkanonar dundrar i isen rundt han. Flya angrip igjen og igjen, hamrar laus mot menneska der nede på isflata. Soldatane søkjer dekning der det er å finne, bak småe snøskavlar og isklumpar. Endeleg forsvinn det siste flyet. Elleve mann er drepne. Tre til dør av skadane, ein fell ned i ein bresprekk og mistar livet. Femten liv er tapt. Ti mann er såra. Skutene og utstyret tapt. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Jau. Fire bombefly kunne. Men Operasjon Fritham var ikkje over.