Skip to main content

Kirsebærsnø

Page 1

KirsebÌrsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

1

09:57

Side 1


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Ingelin Røssland

KIRSEBÆRSNØ Roman

Samlaget Oslo  3

Side 3


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 5

Cathrine dansar, svingar seg rundt. Lukkar auga og løftar armane over hovudet. Dansar til musikken flyt over i eit roligare tempo. Opnar auga og ser korleis nokre søker seg saman i par mens andre held fram med å røra på seg solo. Tom Ove sit der han sat då ho gjekk for å dansa, i djup samtale med dyrlegen. Ser ikkje ut til at han har tenkt å dansa no heller. Cathrine svingar litt på hoftene, kjenner skjørtekanten stryka mjukt mot leggen. Ser seg rundt. Folk ser ut til å ha det bra. Blikket går til Tom Ove igjen. Den blårutete skjorteryggen. Han har aldri vore lett å få ut på dansegolvet. Men han likar ein fest, og dette er hans fest. Cathrine går nærmare bordet. Ser at både han og dyrlegen snart har nådd botnen i glasa sine. Cathrine snur seg og lar musikken vrikka kroppen hennar mjukt mot bardisken. Gunnar står i fribaren og deler ut øl, vin og heimelaga sider. – Øl til bursdagsbarnet og dyrlegen. – Og til deg? – Eit glas raudvin, men eg kan henta det etterpå. – Dei andre først, som alltid, seier broren og tappar øl i plastglas. – Som om ikkje det har kome deg til gode? blæs Cathrine. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 6

– Det var ikkje det eg sa, Cathrine. Gunnar rekker henne ølglasa og ser storebrorstrengt på henne. Ho kjenner blikket hans svi langs ryggrada på veg bort frå baren. Smiler mot blikka ho møter. Skålar litt med dei to ølglasa. Dei kjem til å snakka om denne kvelden, folk i bygda. På same måten som dei snakka om trettiårsdagen til Tom Ove. Snart skal bandet på scena, og då skal ho synga. Det er hennar overrasking til Tom Ove. – De er tørste i kveld? Eg såg at de trong påfyll, seier Cathrine og set ned ølglasa. – Takk. Tom Ove tar ein slurk av den nye ølen, tørkar skummet frå overleppa med handbaken. Cathrine blir ståande ved bordet. – Du er jammen meg bortskjemd, Tom Ove. Cathrine er altfor god for deg. Dyrlegen hevar glaset mot Cathrine. – Skål for eit grepa kvinnfolk! – Ja, visst fan er eg bortskjemd. Skål for det! Cathrine blir fanga inn av dei sterke armane hans og dratt ned på fanget, kjenner det sandpapirgrove kinnet hans mot sitt. Dyrlegen tar opp mobilen sin og fotograferer dei, etterpå held han fram telefonen så dei kan sjå resultatet. Cathrine bøyer seg fram. Ser på dei to smilande fjesa. Han er mørk, ho er lys. Eit perfekt par. – Kom, vi dansar. Ho reiser seg og drar i han. Tom Ove ristar på hovudet og peikar på ølen. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 7

– Eg vil drikka opp ølen min først, men dans du, Cathrine, så kan eg heller nyta synet. Cathrine slepper handa hans og tar nokre steg mot dansegolvet før ho kikkar seg tilbake. Korleis kan han sjå henne dansa når han sit der med ryggen til? Ei svart sky seglar forbi hjarta hennar, men ho lar seg ikkje riva med. Best å ta seg litt frisk luft. Telja til ti, telja ein million stjerner så sant kvelden er mørk nok for stjernehimmel. – Cathrine, vinen din. – Å den. Cathrine tar imot glaset med raudvin frå broren. – Stress ned, Cathrine. Alle kosar seg. – Eg stressar ikkje, eg festar. Ho heller i seg halve vinglaset.


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 8

Det er ingen andre utanfor ungdomshuset. Før var det på trappa det hendte. Der ungdomane stod tett saman, hutra i for tynne jakker. Jentene røykte Prince og gutane Petterøes. Her på trappa blei ho dama til Tom Ove. Ned mot fjorden lyser dei blømande frukttrea opp kvelden som snorrette kvite striper i alt det grøne. Blusen er tynn, lufta skarp, og ho burde gå inn igjen. Ho har så lyst å snakka med nokon, men ikkje med kven som helst. Ho vil snakka med nokon som forstår korleis ho har det. Det har alltid vore besta som har hatt den rolla, men det er for seint på kveld. Besta søv sikkert no, og telefonen ligg inne i veska. Nei, ho får koma seg inn igjen. Snart kjem bandet på scena. Dei skal spela to låtar, og så er det hennar tur. Ho skal kle seg ut. Kjente seg så oppspilt då ho tinga hatt, skjorte og cowboystøvlar på nettet, men no gruar ho for å ta det på. Kva om han berre synest at det er teit? Ho veit at dottera vil bli flau. Kan han ikkje berre koma ut litt? Merka seg at ho er borte. Slita seg laus frå samtalen han er i, koma og leita etter henne. Han skal smila når han finn henne her ute, og så skal dei kyssa, og han skal seia at ho hadde på seg ein ferskenfarga topp den der 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 9

første kvelden for  år sidan, og så skal dei le litt av at han verkelig hugsa det, og så skal dei kyssa som dei gjorde første gongen, før dei gjekk bak nova og hendene hans famla seg innunder toppen hennar. Ho fniste mot halsen hans då han med ein kjapp manøver hekta opp bh-en hennar. For ho hadde lengta etter den augneblinken frå før ho i det heile hadde puppar. – Det der har du gjort før, sa ho kjekt, men stemma skalv. – Men ikkje på deg, sa han. Cathrine lukkar auga, lufta går ut av henne i form av eit sukk. Det stikk bak augnelokka. – Är det mig du väntar på? Spørsmålet riv auga hennar opp, og ho får syn på ein høg, lys mann i jeans, skjorte og ei godt brukt Fjellräven-jakke. Han har stoppa nedanfor trappa. Står der og kikkar opp på henne med eit smil som får henne til å smila tilbake. Hjarta sprellar til som ein liten fisk. Ho er glad for at nokon kom. Det er det ho alltid vil når ho går bort frå der dei andre er. Ho vil at nokon skal oppdaga at ho ikkje er der lenger, sakna henne, leita etter henne, finna henne. Som då ho var lita og pakka den vesle, raude kofferten med kvite blomar på for å rømma. Heile formiddagen kunne ho sitta under syrinbusken i hagen og lengta etter at mora skulle finna henne. Til slutt måtte ho alltid gi opp. Det var betre å rømma når ho var på besøk hos besta. Besta fann henne kvar gong. No var det jammen godt eg fann deg. Eg trudde eg måtte eta 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 10

vaflar åleine. Ingenting er tristare enn å eta vaflar utan selskap. – Eg skulle berre ha litt frisk luft. – Får jag stå här med dig tills du ska gå in igen? Jag känner mig lite dum, blev övertalad att gå hit, men jag känner knappt någon. – Ja, kom opp på trappa, då vel. Han er ved sida av henne i eit byks. Lange armar og bein, han er eit hjortedyr. Ein elg. Det knitrar som i eit elektrisk gjerde då han kjem borti henne med overarmen. – Polyester. – Vad då? – Blusen min, det var derfor det knitra. – Är du säker? – Vil du ha? Ho rekker han det halvfulle vinglaset. Han tar ein slurk før han gir glaset tilbake, seier namnet sitt. Alex. – Og eg heiter Cathrine. Auga hans sit tett, og han skjeglar litt på det høgre. Det skapar ein asymmetri i det elles så regelmessige ansiktet. – Hej, Cathrine. Så annleis namnet hennar høyrest ut i hans munn. Ho kjenner seg som om ho er fem år og nokon har løfta på ei grein og funne henne der under busken. Nokon som vil leika. Ho tar ein minislurk vin før ho gir han resten. – Blir du med inn og dansar? 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 11

– Gärna. Ho tar handa hans. Igjen knitrar det elektrisk, og dei ser på kvarandre og fniser, men slepper ikkje taket i kvarandre. Innanfor døra møter ho blikket til broren der han står bak baren. – Det kom ein gjest til. Han heiter Alex, og … Cathrine ser på Alex og kjem på at ho ikkje veit noko meir om han enn dette, at han heiter Alex. Ja, og så at han er svensk. – Alex, jag ska sommarjobba hos veterinären. Det var han som övertalade mig att komma hit. Han gir Gunnar handa, og dei helsar. Også dei andre som har samla seg rundt bardisken, er nyfikne på den nye gjesten. Alex svarar og smiler. Cathrine ser bort mot Tom Ove, kanskje han har sett dei. I det musikken går over til ein låt med heftige danserytmar, kastar Tom Ove endelig eit blikk bak seg. Cathrine er snar og tar tak i Alex og drar han med seg ut på golvet. – Vi skulle jo dansa. – Tack för att du räddade mig från förhöret. – Ja, sånn er det å vera ny her i bygda. Ho har eit godt tak i neven til Alex der ho vrikkar rumpa ut på dansegolvet, kastar eit blikk over skuldra og smiler. Eit fort blikk bort mot Tom Ove. Han ser på dei. Ho snur seg mot Alex. Alex ser ut til å gjera så godt han kan, men det er meir skog og mark i rørslene hans enn bastskjørt og kokosnøtter. I like to move it, move it. I like to move it, move it. I like to move it, move it. I like to move it! Det er ein typisk låt 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 12

som lokkar folk opp frå stolane. Snart er det trengsel. Dei må nærmare kvarandre. Nokon dultar henne i ryggen så ho fell inn mot han. Han er snar og tar tak i overarmen hennar. Held henne til ho har balansen igjen. Handa hans streifar mjukt nedover armen hennar i det han slepper henne. Cathrine smiler så ho nesten får vondt i kjakane, og håpar at Tom Ove vil sjå mot dansegolvet ein gong til.




Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 13

– Skjerp deg, dette blir dritbra. Monica har blitt med Cathrine bak scena for å vera moralsk støtte før Dolly Parton-stuntet, og for å sirkla inn vokalisten i Hardangersambandet. – Eg høyrer du seier det. Cathrine lar cowboyhatten henga bak på ryggen så den platinablonde parykken kjem til sin rett. – Men du skjønar vel at eg føler meg teit når eg skal synga «Jolene» no når ho er her. Eg fekk heilt sjokk då ho plutselig sat ved same bordet som Tom Ove. – Æsj, drit i det. – Drit i det? Ho er ekskjærasten til Tom Ove, og ho er dritpen. – No overdriv du, dei var saman då dei var fjorten–femten år. Dessutan så har ho rynker og heilt flate puppar. Cathrine orkar ikkje svara. Venninna er heilt klart meir opptatt av vokalisten enn av Cathrine sine bekymringar. – Veit du at det er gjort ei undersøking som viser at menn på landsbygda har større pikk enn menn i byen? – Nei, men det forbausar meg ikkje at du har greie på sånn statistikk. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 14

– Teorien er at dei med størst utstyr er dei som har lettast for å få seg dame, sånn at dei som er mindre velsigna, må utvida jaktområdet. Når eg tenker meg om, så stemmer det bra med mine undersøkingar også. Korleis er det med Tom Ove? – Monica, du høyrest ut som om du er fjorten år. Sjølv om ho er van med venninna sine halvvulgære utsegner, blir ho ille ved. Og det irriterer henne at ho har dette snerpete inni seg. Ho burde vera meir fri. – Det er du som høyrest ut som om du er fjorten, som framleis gnålar om ho der Johanna Charlotte. Det er deg Tom Ove gifta seg med. Så ut og syng! – Ønsk meg i alle fall lukke til. – Trengst ikkje. Du ser fantastisk ut, og du syng «Jolene» betre enn Dolly Parton. Det veit du godt.




Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 15

Det går ei lett skjelving gjennom Cathrine der ho står framfor mikrofonen. Magne har sagt noko, folk ler. Lyset er for sterkt til at ho kan sjå ansikta til folk i salen. Det er på ein måte godt. – Velkomen til Hardanger, Dolly! – Oh, thank you. Dei har øvd på kva dei skal seia, men no er det som om hovudet likevel er blankt. Det er varmt under parykken, og miniskjørtet skjer seg inn i låra. Skjørtet var då ikkje så lite då ho kjøpte det. – So what brings you here? – Oh, I just want to sing a little song to a very special handy man. Orda kjem til henne likevel, ho legg eine handa på hofta og skyt fram puppane. – You like handy men? – Yes, they are the best. – But Dolly, I just have to ask. Are those for real? Magne skal til å ta henne på brystet. – That’s for you to wonder about, but only for one man to know for sure. Cathrine daskar han lett over fingrane. Latter frå salen. Det gir henne enno meir mot. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 16

– Can you tell us a little bit about this song you are going to sing? – Yes, it’s about this woman called Jolene, who once tried to steal my husband away from me. And boy, was I not happy about that. – Do you still feel the same? – Well, I must admit that when my husband lies there farting on the sofa with the fjernkontroll and a beer on his belly and the house looks like a mess, I sometimes cry out to our mighty lord, where the hell is Jolene when I need her? Igjen ler salen. Trommisen tel opp, og Cathrine tel inni seg for å koma inn på rett plass. Magne ropar at dei skal ta godt imot Hardangers eigen Dolly Parton. Cathrine kan så vidt skimta Tom Ove. Ansiktet er vendt mot scena, og ho anar at han blottar eit smil, men ved sida av han sit det ei med eit hår som lyser som ein fakkel. Johanna Charlotte. Jolene, Jolene, Jolene, Jolene I’m begging of you please don’t take my man Jolene, Jolene, Jolene, Jolene Please don’t take him just because you can. Cathrine trekker pusten og lukkar auga då ho syng vidare. Your beauty is beyond compare With flaming locks of auburn hair. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 17

Ho kan ikkje hindra bileta som rullar opp for hennar indre blikk. Tom Ove som sit utanfor samvirkelaget med Johanna Charlotte på fanget, mens han gneg av dropsa på godterismykket som ho har rundt den marsipanbleike halsen. Jolene, Jolene, Jolene. Cathrine løyser mikrofonen frå stativet og lar musikken ta seg. Kjenner at sjølvtilliten stig etter kvart som ho slepper seg laus, og ho gjer nokre dansesteg mens ho syng. Johanna Charlotte har kanskje feilfri hud og vakre, grøne katteauge, men synga kan ho ikkje. Cathrine avsluttar med å halda den lyse tonen så lenge ho kan, mens ho hevar ein knyttneve i lufta og poserer kanskje meir som Freddy Mercury enn som Dolly Parton. Men det gjer ingenting, for no kokar salen. Det blir plystra og klappa. Folk reiser seg, og mens ho enno har dei i si hole hand, seier ho at dei alle skal synga bursdagssongen for Tom Ove. Lyset blir slått på i salen, og Cathrine ser at Johanna Charlotte og dei andre ved bordet Tom Ove sit ved, drar han opp frå stolen og ut på golvet. Cathrine er forsongar, og folk reiser seg og stiller seg i ein ring rundt Tom Ove og gaular fram bursdagssongen. Alle klappar, og så prøver nokre av dei største karane i bygda å kasta Tom Ove opp i lufta, noko som endar med at dei hamnar på golvet i ein mannesandwich. Latteren ligg tjukk nedanfor scena. Nokon strekker ut hendene for å hjelpa dei som ligg på golvet, opp 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 18

igjen, men blir sjølv trekte ned på golvet. Johanna Charlotte er ei av dei som liksom skal hjelpa, men som blir dratt ned i kroppsmosen. Cathrine står der med mikrofonen i handa. Hadde ho vore meir slagferdig, skulle ho sagt noko i mikrofonen no. Men munnen er tørr. Nokon tar henne på aksla og lirkar mikrofonen ut av handa hennar. Det er Magne. – Kjempebra, du må synga med oss fleire gonger. Så skyssar han henne bak scena, og ho høyrer han oppfordra publikum til å gi nok ein varm applaus til Hardangers eiga countrydronning.




Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 19

– Det der gjekk jo kjempebra. Monica tar imot henne bak scena med ein stor klem. – Særlig. Cathrine kjenner seg som ei punktert badeleike og slit av seg parykken. Monica er der med det same og tvingar den på henne igjen. – Nei, ha den på. Du ser kjempebra ut som Dolly. – Særlig. – Ja, særlig. No må du ut og sola deg i glansen av suksessen. Kom. Cathrine blir dratt med ut i salen igjen. Det var her ho og Monica var på sin første dans. Den gongen var det også Monica som gjekk først. Enno kjennest det litt skummelt å henga etter Monica. Veit aldri når venninna slepper taket, når ho blir ståande igjen åleine. – Eg går og fiksar drikke. Monica svinsar av garde, og Cathrine blir ståande igjen like utanfor døra inn til scena. Folk har allereie hive seg på dansegolvet igjen, det skal ikkje så mykje alkohol til før det blir fart på danseføtene. Sjølv om ho kjenner absolutt alle, kjem det ein sjenanse over 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 20

henne. Ho kjenner seg litt fjollete sidan ho er den einaste som er utkledd, men det blir for dumt å smetta inn igjen og byta. Ho rettar seg i ryggen og går bort til Tom Ove, men det er Alex sitt blikk ho møter først der han sit ved sida av dyrlegen. Alex klipper blikkontakten med det same, set plastglaset med øl til munnen og ser ut som om han skal styrta heile. Cathrine flyttar blikket til Tom Ove, men Johanna Charlotte oppdagar henne også før mannen. Ho smiler. Det er ingen rynker å sjå. – Hei Cathrine. Johanne Charlotte reiser seg og klemmer Cathrine. Cathrine kjenner kor godt og blomsterfriskt den andre luktar, og merkar at ho sjølv blir så stiv i kroppen. – Hei, eg visste ikkje at du var heime. – Berre ein kort helgetur, har eit oppdrag i Bergen på måndag, så det passa bra å kombinera det. – Så praktisk. – Sant vel, eg håpar at det ikkje gjer noko at eg er her. Eg var ute på tur, og så blei eg overtalt til å koma innom. Er jo ikkje festkledd eller nokon ting. – Det er berre kjekt at du kom innom, ikkje sant Tom Ove? Cathrine kjenner at det er tungt å driva samtalen. Ho undertrykker ein geisp. – Jau, vist fan. – Så flink du var til å synga, nesten betre enn originalen. – Takk. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 21

– Det var jättebra. Igjen denne korte blikkontakten. – Ja, det er litt av ei kjerring eg har. Tom Ove smiler til henne, og dyrlegen hevar glaset sit mot henne for andre gong i kveld. – Vel, eg håpar de klarar å halda festen gåande utan meg. Eg må heim til foreldra mine før dei begynner å lura på kor eg har blitt av. Johanna Charlotte reiser seg og tar etter jakka som heng over stolryggen. Cathrine kan sverja på at det er den same dongerijakka som ho hadde då ho gjekk på gymnaset. Johanna Charlotte har alltid berre kunna slenga på seg kva som helst og sjå nydelig ut. Til og med det urytmiske namnet kler henne. – Du kan ikkje gå før du har dansa med bursdagsbarnet. Tom Ove reiser seg opp, tar jakka frå henne og slenger den på stolen. – Ok, ein liten dans, då. Cathrine kjenner hovudet tippa ned som om halsen var ein veik blomsterstilk. Ho ser skotuppane sine gjennom tåke. Han kunne like gjerne fika til henne. Ho er snar å rykka hovudet på plass igjen. Alex ser på henne, og denne gongen vik han ikkje med blikket. Ho kneisar med nakken og ser bort. Håpar at han ikkje såg reaksjonen hennar. Treng ikkje at han skal synast synd på henne eller noko. Ho er Dolly Parton, ho kan dansa, ho også. Kan dansa med kven ho vil. Visst pokker skal ho dansa. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 22

– Med ein pils i mi hand og deg i min famn, Ååå. Cathrine syng med og lukkar auga så ho ikkje ser kven som er i Tom Oves famn under felesoloen. Kunne ikkje den der raudtoppen halda seg i London og Paris, kvifor måtte ho koma hit i kveld? Cathrine trekker pusten djupt. Viss ho begynner å grina no, vil dei falske vippene detta av. Og då vil alle sjå korleis ho har det på innsida. Ho vil ikkje det. Ho vil ha innsida si i fred. Cathrine opnar auga igjen då ho dultar bort i nokon. Det er Alex. Han dansar også åleine, smiler til henne og gjer nokre keitete, men skjemtsame moves. Smilet er ikkje det same som då dei var ute på trappa, eller då dei dansa sist. Dette er eit smil som spør om ho har det bra. Ho kjenner skamma koka i kinna. Han dansar seg nærmare henne, stryk henne stole og fort på armen, men det er ikkje fleire gneistar mellom dei. Ho vrir seg unna. Då musikken går over i klinedanstakt og Hardangersambandet gjer si nydikting av «Wonderful tonight», går ho av dansegolvet. Blikket drar seg mot Tom Ove og Johanna Charlotte, dei må ikkje dansa meir no. Ikkje til denne låten. Heldigvis slepper Tom Ove taket i Johanna Charlotte før dei går mot bordet. 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 23

– Men no må eg verkelig gå. Johanne Charlotte ser teatralsk på armbandsuret før ho med like overtydelige rørsler røskar til seg jakka og slenger den over eine aksla. Det raude håret svosjar rundt henne som om ho var med i ein sjamporeklame. – Jag måste också i väg, seier Alex. – Vill inte lämna hunden ensam så länge. Vi kanske kan gå tillsammans en bit? – Håhå, hunden du. Tom Ove flirer. – Men eg åtvarar deg, det er ikkje lett å få snøret i botnen hos Johanna Charlotte. Var eg deg, ville eg heller prøvd meg på nokon annan frå bygda. Cathrine ser at kjeven til Alex strammar seg, før han rekker Tom Ove handa. – Tack, det har varit en trevlig kväll, Tom Ove. Tom Ove tar handa og ristar den kraftig. – Takk for at du stakk innom. Johanna Charlotte bøyer seg ned mot Tom Ove der han sit på stolen, og klemmer han. – Och tack för dansen. Alex har reist seg frå stolen og kviskrar til henne bak ryggen på Johanna Charlotte. Ho kjenner pusten hans mot kinnet. Ein pust som luktar av øl, men ikkje så mykje at det er ubehagelig. Då Johanna Charlotte er ferdig med å klemma Tom Ove, legg Alex ei hand på korsryggen hennar og fører henne med seg ut. Cathrine ser etter dei. Kjenner den gamle sjalusien mot Johanna Charlotte blussa opp igjen, 


Kirsebærsnø 3 korr.qxd:Mordet

21-08-12

09:57

Side 24

sjølv om ho no kan vera trygg med tanke på Tom Ove i alle fall. Kvifor er det alltid Johanna Charlotte som får forlata festen med ein spanande mann? Cathrine merkar seg at ho ikkje er den einaste som får med seg at dei to går saman frå festen. Borte ved døra kastar Alex eit blikk mot bordet igjen. Ho smiler til han samtidig som ho legg handa på skuldra til Tom Ove. Han skal ikkje innbilla seg noko, han der svensken. – Skal du gå utkledd sånn resten av kvelden? spør Tom Ove. – Kva er det? Likar du det ikkje? – Eg likar deg best når du er som vanlig. Tom Ove ser opp på henne og smiler. Cathrine tar av seg parykken. Hårtufsane sklir ned over ansiktet hennar. – Vil du dansa no, då? – Nei, vi gjer som vi brukar. Du dansar, og eg ser på. Eg kan passa på parykken så lenge. Tom Ove tar parykken og set den på hovudet og skjer ein gramase som gjer det umulig å ikkje flira. – Tulling, eg hentar meir å drikka.




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kirsebærsnø by Det Norske Samlaget - Issuu