Skip to main content

Kattekrøll

Page 1

K a tt e Av L A RS M ÆHLE Illustrert av ODD HENNING SK Y LLINGSTA D

Samlaget oslo 2017


1

Ane sit på trappa framfor huset. Ho stirer tomt ut i lufta. Det er sommarferie. Alle venninnene er i Syden eller på fotballcup. Berre ho er heime. «Sit du her og gnurar?» Ane snur seg. Farfaren står og humrar over henne. Det bustete håret hans strittar i alle retningar. «Eg kjedar meg», sukkar Ane.

7


«Ta deg ein tur oppi hytta, da vel.» Ein gong bygde farfaren og Ane ei trehytte. Den er på baksida av huset, oppe i ei stor furu. «Det er ikkje artig å vere der aleine.»


«Har ikkje du ei svær eske med teikneseriar der, da?» «Eg har lese dei tusen gonger.» Akkurat da får dei auge på naboen. Olsen og farfaren er omtrent like gamle. Dei drikk kaffi saman kvar tysdag. Olsen og farfaren kranglar nesten alltid. Om kven som har den beste bilen. Kven som har det finaste epletreet. Kven som har gått den lengste eller nifsaste turen. Alt mogleg kjeklar dei om. No driv Olsen og lurer borte i skogkanten på andre sida av gata. «Kva held den fyren på med?» mumlar farfaren.

9


Dei studerer naboen ei stund til. Olsen løftar på buskar. Han speidar omkring seg. Ein og annan gong roper han: «Psss! Psss! Psss!» Farfaren dreg Ane på føtene. «Kom! Vi må sjekke om det går bra med han.»

10


2 «Halloisen!» Olsen skvett himmelhøgt. Deretter set han to gretne auge i farfaren. Ane er nesten redd for Olsen. Han er alltid så sur. Det er fordi han bur aleine, seier farfaren alltid. Når ein ikkje har folk rundt seg, blir ein litt smårar i hovudet. «No, er det de to», murrar Olsen. «Det er det!» stråler farfaren. «Kva surrar du rundt her i skogen etter?» Olsen slepper eit tungt stønn. Ane synest brått han verkar lei seg.

11


«Det er den hersens nye katten!» seier Olsen til slutt. «Den gulbrannete?» spør Ane. Ho har sett ein slik i hagen til Olsen dei siste dagane, oppe frå vindauget i trehytta. «Akkurat den er det, ja», seier Olsen. «Han er slik ei rastlaus sjel. Han legg ut på lange vandringar, og så vips! har han gått seg bort.» «Men alle kattar finn da vegen heim att?» seier farfaren. Olsen sender han eit surt blikk. «Tydelegvis ikkje denne. Leo er ein omplasseringskatt.» «Kva betyr det?» spør Ane. Olsen blir trist i auga.

12


13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kattekrøll by Det Norske Samlaget - Issuu