

Einar Økland KARIKATURAR
I SPEGEL MED HOL
Samlaget
O S l O 2026
SJØLV-BILDE
Ein flekk i spegelen – noko som manglar?
Eller kanskje ein invitasjon?
Ja, seier flekken – eit tilbod:
Vekk herifrå – her!
Nei, kunne eg sagt, men eg svelgjer heller flekken.
Slik blinkar ei fyrlykt
langt borte der sør.
Kvart einaste skip – med historisk last eller tomt –unngår skjeret med fyrlykta og held fram utan meg om bord.
Det er eg så heldig at eg kan sjå herifrå.
FRÅ SØVN TIL SØVN
Fram til søvnen kom eg aldri
berre frå
og det var ingen der som peika fram – nei berre ned i halsen her eg vende ryggen til alle kantar heller ned og djupare ned her einast søvnen strauk meg over håret mens hjarta gøymde seg i minnesåret.
HER OG NÅ
Her har ein berre inni seg dette ingen der ute kan sjå, men også der kallast nå.
FØR SOM ETTER
Ikkje spør kor lite
eit punktum kan bli.
Tei still.
Bruk augo.
Tei still som dei.
SNAKKING
i dag og i morgon
i går og deretter
her eller aldri
alle ord like store inni
nytt år er gammalt år ein gong til og omvendt
det er berre slik
vi har det her seier fallet i svevet
like åleine med seg sjølv både før og etter
ALVORLEG TALT
Le – berre ikkje av eigne vitsar!
Le – av dei som ler!
KORT SAGT OG SJØLVTRØYST
Alt var verre før.
Alt var betre før.
Før var det mindre av alt.
Nå er det altfor mykje – særleg av alt.
Nå har også vi meir enn nok av nå.
Det skulle vi visst den gong då.
Å skrive nokon ting om ingenting kan vere betre enn ingenting når det røyner.
JUBILANTFEIRING
Kan du seie noko nytt om alkoholen?
Ja!
Det skålar vi for.
Og alle de andre då, kan de seie noko nytt – om alkoholen?
Nei!
Og
NÅ?
Før ein kan gløyme det ein ser framfor seg må ein ta det inn i seg sjølv.
Kvifor så vanskeleg nå?
Ein gjorde det før utan strev.
Utan å vite det før lenge etterpå.
Men nå?
Du er blitt klokare!
Du har fått betre syn! syng usynlege englar kaldt i mørket utanfor.
KLIKK
Ingen kan vere meir uskuldig enn eit kamera
som berre klikkar: Gløym dette nå!
Hugs det etterpå!
Eller omvendt.
PÅMINNARSUKK
Ein saknar ikkje slikt ein har gløymt.
Derimot når ein kjem på det.
Historia må vere full også av kadaver som berre er gløymde. Men eg hugsar i alle fall ingen slike her nå.
U-NAMN
Vindnamn?
Luktnamn?
Fargenamn?
Retningsnamn?
Same kva namn ein ropar ut er det jo ingen som kjem
Berre om ein berre står og teier med open munn –blandar likevel lufta seg heilt anonymt og ubeden inn.