Skip to main content

Kampen

Page 1

Geir Egil Eiksund

KAMPEN Roman

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Laila Myrseth Tryggeset Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond 12,5/16,1 pkt. Papir: 80 g Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0387-5

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Fotball-VM Det har endeleg slutta å regne, og eg kan sitje ute på verandaen og teikne på steinborga igjen. Skuggane frå klatreeika rører seg over arket, og no er borga nesten perfekt. Tårna, porten, vindauga. Ho skal vere høg og brei. Over porten står bogeskyttarane klare. «Andreas!» Det er mamma som ropar. Stemma hennar flyg ut frå det opne kjøkenvindauget og finn vegen ned til meg. Eg stoppar blyanten. «Når var det de skulle spele fotball?» Hovudet hennar stikk ut av vindauget. Ho ser ut som ein fugl som kikar ut frå ei fuglekasse. Eg og Sara skal spele fotball med dei frå klassa som ikkje har drege på ferie. Vi har planlagt å spele alle kampane frå fotball-VM i sommar. Det kriblar i beina når eg tenkjer på det. «Vi skal spele klokka 12!» svarar eg. «Men du er tilbake til middag, sant? Det blir laurdagspizza, og du må gjerne invitere Sara!» seier mamma frå fuglekassa. Eg nikkar. Smiler av tanken på at ho liksom er ein fugl. «Og så kan du jo få prøvespela det stykket til kyrkjekonserten med litt publikum? Eg 5


tippar ho har lyst til å høyre», seier ho og forsvinn inn vindauget att. Kyrkjekonserten. Ljåvikhelga sitt høgdepunkt. Eg skal spele, sjølv om stykket er litt vanskeleg. Eg både gruar og gler meg til å spele orgel for ei fullstappa kyrkje. «Kva held du på med?» Sara står plutseleg utanfor hageporten. Ho har på seg den raude Arsenal-drakta si, og under armen held ho den splitter nye fotballen. «Eg teiknar», svarar eg, men byrjar å samle saman blyantane med ein gong. «Skal du teikne kjempelenge, eller?» spør ho og byrjar å trikse med ballen. «Eg pakkar saman no!» svarar eg og legg papira raskt saman i ein bunke, pressar blyantane ned i teikneboksen. Så plukkar eg opp papirbunken og boksen og spring inn. «Endeleg», høyrer eg ho mumle. Det er som om lyden av ballen dreg i meg. Eg slengjer frå meg tinga i gangen, tek på fotballsko, plukkar med meg kampboka og spring ut att. Sara har alltid vore besteveninna mi. Heilt sidan vi gjekk i barnehagen. Ho er fødd berre éin månad før meg, men er mykje meir enn éin månad betre enn meg i fotball. Den splitter nye VM-ballen fekk ho til burs6


dagen førre helg. Han glinsar i sola der han sprett opp og ned på rista hennar. Storleik 4. Perfekt. Eg vil også ha ein slik ball. «Klar», seier eg forsiktig i det eg stansar framføre henne, vil ikkje bryte inn i triksinga. Ho dempar ballen elegant og lèt han rulle sakte ned på bakken før ho legg venstrefoten over han og har full kontroll. Det grå mønsteret blenkjer i solskinet. Den bronsefarga logoen også. «Mamma sa du kunne kome på pizza etterpå, om du vil», seier eg. Sara nikkar til meg før ho sentrar ballen. «Det vil eg!» gliser ho. Sara elskar å ete middag hjå oss. «Og så skal du få høyre Andreas spele!» kjem det plutseleg frå kjøkenvindauget. Eg skvett og bommar på pasninga tilbake. Ballen trillar rett inn i hekken. «Kom. No går vi!» seier eg raskt og kryp inn i hekken for å plukke fram ballen. Plutseleg er eg varm i trynet. «Bra sentra, Orgel-Andreas!» Sara gliser og byrjar å le. Eg må le, eg også. Ho likar å kalle meg Orgel-Andreas. Men det er trass alt betre enn Bomme-på-pasning-Andreas. Bortover vegen mot skulen sentrar vi til kvarandre. 7


Omtrent midtvegs ligg garden til Sara og campingplassen mor hennar driv. Ho står og vaskar vindauga på hytta nærast badeplassen. Vi skal til å sentre vidare då vi høyrer noko bak oss. Vi snur oss og ser ein stor, svart bil kome køyrande rundt svingen. Han har ein stappfull, sølvgrå hengjar på slep. Ein blå presenning er festa med stramt tau over hengjaren. Han slakkar ikkje ned ved campingplassen, men køyrer i staden rett forbi oss. Det sit to vaksne i framsetet. Og i baksetet sit ein gut med kaps. Han smiler til oss før bilen forsvinn i retning skulen. «Det er sikkert dei som skal flytte inn i det nye huset i byggjefeltet!» ropar Sara. Eg står berre og ser etter den svarte bilen. Kven var han som smilte til meg? Eg får ei merkeleg kjensle av at eg har sett han før. «Kom, Andreas! Vi må sjå kvar dei skal.» Sara dreg meg hardt i overarmen, og vi byrjar å springe mot skulen. Men bilen har allereie forsvunne. Eg ser oppover mot byggjefeltet. No er han ingen stad å sjå. På benken ved bana sit Randi, Abdi og Sindre. Randi har på seg den blå Chelsea-drakta si. Abdi og Sindre heiar på Manchester City, dei er lyseblå, begge to. Alle tre sit og ser ned på telefonane sine. Dei høyrer oss ikkje. Sara legg ballen til rette, går nokre steg til8


bake før ho joggar lett mot ballen og skyt. Ballen trillar perfekt, rett mot Randi. Ho rekk så vidt å sjå opp før ballen fyk mellom beina hennar. «Tunell! Ha! Du må stå i mål!» gaular Sara så høgt at eg heilt automatisk legg handa over øyret mitt. Vi ler. Klare for å spele første kamp i VM. Tyskland–Uruguay. Og eg skal vere på lag med Sara. Heldigvis. Vi og Tyskland vinn til slutt 4–3. Sara skårar hat trick. Etterpå slår Nigeria Slovakia. Eg har ansvar for å skrive alle resultata inn i kampboka. Lagar tabellar og alt. «Vi spelar igjen i morgon, sant?» spør Abdi i det vi skal til å gå heim att. Han og Sindre står og sentrar til kvarandre. «Eg vil vere Somalia.» «Ja! Klokka elleve?» svarar Randi. Ho ligg på bakken i sola og myser mot mobilen. Eg har lyst å føreslå eit anna tidspunkt. For i morgon er det søndag, og det betyr gudsteneste klokka elleve. Skal til å svare, men Sindre er raskare enn meg. «Elleve er perfekt!» seier han. Eg ser bort mot Sara. Veit at vi tenkjer det same. Vi må finne ein måte å skulke gudstenesta på. Vi er nemleg alltid i kyrkja på søndagar klokka elleve. Brukar å hjelpe mamma med å bere inn krossen for presten, sette fram blomar når det er barnedåp, eller tenne 9


lys under bøna. Og så brukar vi å stikke opp på galleriet til pappa etter gudstenesta. Då får vi spele på orgelet saman med han. Det er eigentleg ganske fint å hjelpe til i kyrkja. Men no vil vi jo ikkje gå glipp av VM! «OK. Vi seier elleve», svarar Sara før eg rekk å opne munnen. Håpar berre ho har ein god plan. Vi har aldri skulka gudstenesta før.


Guten med kapsen Vi er akkurat ferdige med søndagsfrukosten. Eg klarte ikkje å ete mykje. Berre nokre bitar eggerøre. Det er som om nervøsiteten har teke all plass i magesekken. «Skal vi gå opp til kyrkja saman, eller vil du vente på Sara?» spør mamma medan ho ryddar maten inn i kjøleskåpet. «Eg … Eg kan ikkje!» svarar eg, høyrer at stemma mi er altfor sterk. «Kan ikkje? Kan ikkje kva då?» «Vere med i kyrkja!» «Å? Men skulle ikkje du og Sara hjelpe til med lysa i dag?» Mamma snur seg. Dårleg samvit spreier seg i magen min. «Og så kan du jo få øvd til konserten etterpå? Det er jo ikkje så lenge til Ljåvikhelga.» Eg har lyst å seie ja, men eg lovde Sara at eg skulle nekte. Kan ikkje gå glipp av dag to i VM. «Nei, eg kan berre ikkje», seier eg og ser bort. «Andreas då, ver så snill. Pappa skal jo spele.» «Pappa spelar alltid! Og eg … Eg vil ikkje nytte kvar einaste feriesøndag på å vere i kyrkja heile dagen!» Eg reiser meg opp. «Og så … Så er eg forresten sjuk!» seier 11


eg og går mot trappa. Håpar mamma trur på meg. Pressar ut nokre veike host. «Men …» Mamma seier ikkje meir. Eg tek to trinn om gongen. Slengjer att soveromsdøra bak meg og legg meg i senga med hovudet under dyna. Det knakar i trappa nesten med ein gong. No kjem nok mamma for å seie at eg må vere med. Eg snur meg på sida, dreg dyna heilt over meg, spenner musklane, gjer klar eit nytt host. Stega til mamma kjem nærare rommet mitt. Hjartet byrjar å hamre i bringa. Men ho bankar ikkje på. Opnar ikkje opp døra eingong. Eg ligg heilt i ro under dyna medan eg høyrer lyden av toalettet, av vasken. Til slutt knakar det i trappa att. Eg kjenner letta sige innover meg, det boblar i kroppen. Planen verka. Dei andre er allereie på bana. Klare for VM dag 2. Vi deler opp i lag. Tre mot to i dag også. Eg skal spele med Randi og Sindre. Vi er Italia, Abdi og Sara er Somalia. Sara står klar med ballen, men plutseleg høyrer vi to korte tut frå ein bil. Vi snur oss og ser ein svart bil i busslomma. «Det er den bilen vi såg i går! Kom! Vi går og seier hei!» ropar Sara og forsvinn i retning bilen. Randi føl12


gjer på, og det same gjer Abdi og Sindre. Eg kjem etter. «Hei!» seier ei mørk røyst frå førarvindauget. Mannen har store solbriller, langt, mørkt skjegg og skinnjakke. «Har de flytta til Ljåvika, eller?» Det er sjølvsagt Sara som tør å spørje. Ho er ikkje det minste redd, ho. Aldri. «Det har vi», svarar den grove røysta. «Men no kan de helse på han her.» Mannen snur seg, og det sota, elektriske bakglaset glir sakte ned. «Hels no skikkeleg, Viljar. Fram med handa. Dette er dei nye venene dine.» Guten har snille auge og lyst hår som snirklar seg ut frå kapsen. Kvar kan eg ha sett han før? Og kvifor smiler han slik til meg? Kapsen er svart og har ein raud logo. Kan det vere ein fotballkaps? Hjartet byrjar å banke raskare. Tenk om han heiar på Liverpool! Dei andre helsar på han først, eg prøver å flytte på meg for å sjå kva kaps han har. Men først når guten rekkjer fram handa si for å helse på meg, ser eg det. Det er ingen Liverpool-logo på kapsen, det er ein raud djevel. Den nye guten er Manchester Unitedfan. «Viljar heiter eg. Hei? Kva heiter du?» Stemma hans 13


er snill, forsiktig. Ikkje slik som faren si, bestemt og brå. Eg klarer plutseleg ikkje å svare. Klarer ikkje tenkje på anna enn United. Djevel. «Andreas! Han prøver å helse på deg!» Sara dultar meg hardt i sida. Eg rekkjer fram handa og mumlar Andreas, før eg dreg henne til meg att og ser ned, bort. «Kvar skal de bu?» spør Sara. Ho smiler til guten med djevelen. «Øvst i byggjefeltet. I det lysegrå huset med dobbel garasje», svarar Viljar. «Vi må nesten dra vidare no. Men fint å sjå at de spelar fotball. Det likar Viljar også!» seier mannen og lèt bakglaset gli opp att. Guten sit framleis og smiler, heilt til han forsvinn bak svart glas. Saman med djevelen. Bilen køyrer bortover mot sentrum. «Viljar var hyggjeleg, då», seier Sara. Ho bestemmer det liksom berre. At guten er hyggjeleg. Typisk Sara å bestemme. «Ja. Han er sikkert veldig snill», seier Randi og er sjølvsagt samd. «Han heiar på United.» Eg må berre få det ut. Den nye guten i Ljåvika er United-fan. «Ja, men ein kan jo vere snill likevel.» Sara held fram 14


med å bestemme. Eg svarar ikkje, byrjar berre å gå mot bana. Plutseleg får eg lyst til å sparke ballen så hardt eg klarer. Viljar. United. Djevel. Kvifor måtte det kome ein sånn gut til det nye huset?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kampen by Det Norske Samlaget - Issuu