Skip to main content

Kald krigs kviskring

Page 1

Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 1


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 3

Arnhild Skre

Kald krigs kviskring Barndom under den kalde krigen

Samlaget Oslo 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 5

ÂŤWhisper to me, help me remember.Âť Nathan Willett i Cold War Kids


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 6


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 7

Innhald Forord  Innleiing. Norgesglasa i kjellaren  Barndommen – slik eg trudde han var  Ein kaldkrigsbarndom?  Det «eigentlege» kaldkrigslivet. Overvaking, overvakte og overvakarar  Den farlege mannen i Sæ. Kommunisten og kvardagsluskinga  James Bond og eg. Agentar, spionar og Gerhardsens ord  Kald krig under juletreet. Det Beste, Farmand og far min  Amerikanske draumar. Tyllkjolar og ladde jeans  Donald-sjokket. Om faren ved teikneseriar  Ein tur til kulturkrigen. Sport, dans og CIA  Brannane i bokhylla. Frå Vesaas til Mummidalen –  Krig i eit mjølkeglas. Prøvesprenging, helsefare og teiekultur  Kvifor blei dei så alvorlege? Cubakrisa hausten   Vi var ikkje etter. Vi var før. Generasjonsopprør  Notar  Litteraturliste  Illustrasjonsliste  


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 8


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 9

Forord To tilfeldige samtalar og to overraskande tilbod – slik starta tankerekkene som går gjennom denne boka. Den første av dei tilfeldige var ein lunsjprat i Aftenposten der eg jobba den gongen. Den første overraskinga kom under eit lunsjmøte der eg fekk tilbod om å levera forskingsbidrag til verket Norsk presses historie. På kvar sin måte spora desse hendingane til fordjuping i den kalde krigens mentalitets- og kulturhistorie. Perioden hadde lenge interessert meg, men først ved eit tilfeldig samantreff på forlaget Tidens haustfest i  blei det politiske og overordna nivået i forskingsoppdraget kopla til det kvardagslege i lunsjpraten. På festen hamna eg ved sida av forfattaren og historikaren Dag Skogheim, som eg hadde kjent og samtalt med over tre tiår, alltid ivrig interessert i å dela av det han sjølv heldt på med, men også å høyra etter kva eg gjorde. Då eg fortalde om det nett påbegynte forskingsarbeidet med norsk presse ved inngangen til den kalde krigen, blei Dag heilt stille. Så sa han: «Eg har noko som kanskje kan interessera deg. Viss du kjem ein tur til meg 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 10

i Levanger, skal vi sjå på det saman.» Endå eit overraskande tilbod. Eg tok med glede imot det også. Takk til Lotte Sandberg og Ingunn Økland for denne og mange andre inspirerande lunsjsamtalar! Takk til verkredaktørane Hans Fredrik Dahl og Guri Hjeltnes for det fruktbare forskingsoppdraget! Takk til Sverre Tusvik og Håkon Kolmannskog i Samlaget for all verdfull heiing og motstand i den uakademiske utforskingsprosessen. Den aller varmaste tanken går til Dag Skogheim som generøst overleverte meg timevis med verdfullt intervjumateriale frå det omfattande arkivet sitt, som tok seg tid til å lytta og snakka gjennom det og sidan stilte meg fritt til å bruka alt slik eg fann best. Like viktig var det at Dag spora meg til å overskrida form og tilnærming i den tidlegare kaldkrigslitteraturen og finna ei eiga stemme. Det har teke tid. Han døydde før eg blei ferdig. Denne boka er vigd minnet om Dag Skogheim i takksemd for det rike kunnskapstilfanget og den inspirasjonen som han lét etter seg. Ytre Enebakk, mars 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 11


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 12


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 13

Innleiing – Norgesglasa og den kalde krigen Norgesglasa i kjellaren. Det var slik denne historia begynte. Eg greidde ikkje kasta dei. «Ja, men kvifor det?» Ein tjue år yngre kollega såg oppgjeven på meg over matpakka. Vi hadde snakka laust om rydding og rot, dette evige pausetemaet når bustadprisane stig mot ukjende høgder og lagringsplassen minkar i same takt. Folk vil ikkje lenger betala dyrt for å gje rom til slikt som aldri er i bruk. Dei køyrer harde utreinskingsprosessar der klede, bøker, til og med arvegods, hamnar i risikosona. At min villavande -generasjon er begynt nedsizing til leilegheiter med parkeringshus og heis, gjer ryddesamtalane hyppigare. Målet er å læra seg å kasta. Den rådande livsvisdommen er at vi må gje slepp. Vi som framleis bur i hus med overflødige kvadratmeter, blir rarare og rarare raritetar rundt lunsjborda. Under akkurat denne lunsjsamtalen hadde eg slakka kontrollen over min inngrodde motstraumsrefleks og røpte at det i kjellaren hos oss står ei halvmorken hylle full av norgesglas. Hylla er frå førtitalet og bør reparerast eller rett og slett fjernast. Glasa 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 14

er minst like gamle. Ein sjeldan gong blir eitt eller to av dei henta opp for å fyllast med matrestar som skal i kjøleskapet. Men oftare bruker vi moderne syltetøyglas til slikt, og dei gamle blir sette tilbake i hylla. Norgesglasa i kjellaren vår er ein familievits, eit symbol på alt det ubrukelege vi har liggjande og ståande som vi aldri tek oss på tak og ber ut av huset, ut av tanken, ut av irritasjonen over rotet. Heime flirer vi av dei. Slik vi ler av veven som står på loftet med ein renningsrest frå . Rennebommen og rokken som eg ein gong visste korleis eg skulle bruka, står også der. Eg kan fortelja om dette kjellar- og loftsfyllet i lystig lag, andre fyller på med trehjulssyklar som berre har to hjul igjen, eller førti år gamle forelesingsnotat og kartongar som har stått lukka sidan flyttinga for tretti år sidan. Så ler vi så vi skrik over eigen dumskap. Det gjorde vi også i denne lunsjpausen. Før kollegaen min såg rett på meg og kom med det alvorlege spørsmålet som stoppa den lette samtalen. «Kvifor kastar du dei ikkje?» og eg svara prøvande: «Fordi eg voks opp under den kalde krigen?»

 Det var første gong eg formulerte spørsmålet som sende meg på jakt etter ein ny barndom, og sjølv var eg like forbausa som dei rundt meg såg ut. Eg hadde ikkje tidlegare tenkt på at rotet i kjellaren kunne ha ei mørkare side. Planar om å 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 15

rydda hadde vi lagt mange gonger. Glasa har vore kandidatar for loppemarknad, for brukthandellevering, for finn.no, for kasting. Men kvar gong prosjektet skulle setjast ut i livet, blei eg ubesluttsam. Var det ikkje greitt å lata ting vera som dei var? Og sidan endring krev krefter, har vi late glasa stå. Først då lageret blei underleggjort av eit tjue år yngre blikk, oppdaga eg at det var uro i botnen av dette. Men kvifor den kalde krigen? Når uroa først skulle forklarast, låg kanskje andre historier nærare. Kvifor sa eg ikkje: «Fordi eg voks opp i etterkrigstida»? Då interiørinteressa for norgesglas nyleg tok seg opp, hadde dei vore ute av produksjon sidan . Etterspurnaden dabba vel av i takt med husmorsamfunnet, men under den tyske okkupasjonen må produksjonen ha gått så det klirra. Hadde norgesglasa nokon gong hatt sin glansperiode, må det ha vore då, for i utgangspunktet var det ikkje angst knytt til norgesglaset. Snarare tvert om. Særleg under krigsrasjoneringa må synet av dei ha skapt ei god ro. I alle fall om det var mat i dei. Norgesglasa var framleis i flittig bruk då foreldra mine gifte seg . juni . Han kjekk i fanabunad, ho i stram bruredrakt frå Voss. For å få kjøpt seg ringar hadde dei måtta levera inn sølvskeier, og det var framleis varemangel og rasjonering i landet då forlovinga blei til ekteskap. Berre seks år var gått sidan freden, men eit generøst bunadsbryllaup heldt dei, på alle måtar ei ekteskapsfeiring av den tradisjonelle norske sorten med kronebrur og mange 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 16

gjester og avfotografering i bakken mellom mellomalderkyrkja i Fana og Kyrkjevoll skule der Godfar var skulestyrar og Godmor lærar. På bryllaupsbildet står store slekter stolt oppstilte. Foreldre, søsken, tanter, onklar og mange søskenbarn. Menn i mørke dressar. Kvinner i vosse- og hardangerdrakter, i fana- og rogalandsbunader. Dei gifte ber skaut. Alle som eg hugsar i desse familiane, er der. Men det går også an å leita etter tomrom i bildet. Under okkupasjonen hamna far min nokre veker i fengsel, og deretter låg han mange månader i dekning for å unngå utkalling til tysk militærteneste. Far hans var ein av lærarane som nekta å underordna seg okkupantordrar. Godfar blei deportert til Kirkenes i , men kom heilskinna heim igjen. Begge var motstandskjemparar i Bjørn Westbasen i Matrefjella i Nord-Hordaland våren  og overlevde dei siste kampane før Norge igjen blei fritt. Likevel hadde familien lidd store tap. Fars to farbrør, Heming og Finn, blei fengsla for illegalt pressearbeid. Dei kom aldri tilbake frå fangeleirane i Tyskland. Under ei slik storslått bryllaupsfeiring må hola etter dei to onklane ved sida av enkjene deira ha vore særleg merkbare. Også rundt mor mi stod det tomrom etter krigen. Ikkje på brurefotoet, men i nabolaget på Voss. Voss var ein av dei få stadene i Sør-Norge der det var omfattande mobilisering i aprildagane . Heimegarden hennar, Gjerdåker, låg nær fleire militærleirar, og norske troppar flytta seg langs vegane. 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 17

Alt . april flaug tyske speidarfly over Voss. I slutten av månaden blei lufta igjen fylt av flydur, og det fall bomber. Folk i grenda evakuerte til rolegare delar av bygda eller søkte dekning så godt dei kunne. Dei tre tantene mine blei sende til bestemora. Berre mor mi og bestefar min blei igjen heime for å stella dyra, for nokon måtte jo det. Og ikkje veit eg kvar ho sprang og gøymde seg kvar gong duren kom, for desse dagane høyrde eg henne aldri snakka om. På Rykke, den næraste nabogarden, sprang dei til løa, og den blei treft. Heile familien med tre små barn blei sprengde i lufta, og bitane av dei blei spreidde utover, saman med stein, torvtustar og bygningsfragment. Ho som skulle bli mor mi, slapp å vera med og rydda opp etter bombenedslaget på Rykke, men ho visste kva som hadde skjedd. Nyfiken som ho var, skaffa ho seg nok greie på dei fryktelege detaljane også. Begge foreldra mine fylte sytten år våren , og tjueto i . I formande år fekk dei kjenna kva krig kunne vera. Verken mor eller far snakka om krigserfaringane sine medan eg var barn, men då eg blei vaksen, fekk eg høyra, og forstod korleis dei på kvar sin måte var krigsskadde. Som så mange andre i åra etter krigen utstrålte dei frykt for ny krig.

   I min barndoms kjellar fanst det alltid norgesglas fylte av hermetiske pærer til søndagsdesserten og av ripssyltetøy til kvar


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 18

dagsfrukosten. Hos venninna mi Turid Schjønsby, som voks opp på garden Nøkleberg på Toten, la dei ned blodklubb og kjøttkaker. Glasa stod, som mine i dag, tett i tett i kjellarhyllene. På digitaltmuseum.no fann eg ut at også Norsk Skogmuseum har norgesglas i samlinga si, skaffa i , vakkert fotograferte og registrerte med følgjande opplysningar: Norgesglass (Betegnelse). Hermetiseringsglass (Faguttrykk). Produsent, sikker: Drammens Glassverk. Beskrivelse: Gjenstanden består av tre deler: Klar glasskrukke med glasslokk og aluminiumsring. Det er gjenger i både glasset og ringen. Formen på gjenstanden er sylindrisk. Ringen har rifler i toppen, som gjør at man får et godt grep om ringen.

Museet har ikkje registrert nokon syltestrikk, den raude gummiringen som skal liggja mellom glasloket og krukkekanten før ein tek det gode grepet om aluminiumsringen og skrur til. Den var nok for morken til å sendast på museum, slik gamle syltestrikkar gjerne blei. Også produksjonsåret manglar i registreringsteksten, men skal eg tru teksten om «norgesglass» i ellevte bind av Store norske leksikon, så må glaset på Skogmuseet vera laga ein gong før , for det året stansa Drammen Glassverk produksjonen av norgesglas, og Moss Glassverk tok over. Kven som begynte å støypa norgesglasa, veit visst ingen sik


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 19

kert. Det skikkelege leksikonet gjev ikkje svar på spørsmålet, så eg må ty til wikipedia.no. Der hevdar nokon at dei første blei laga i , og at inspirasjonen kom frå England, der familien Kilner hadde produsert The Kilner Jar frå -åra til dei gjekk konkurs i mellomkrigstida. Djup interesse for hermetiseringsglashistoria ser heller ikkje britiske leksikonredaksjonar ut til å ha, men wikipedia.co.uk har canning jars som oppslagsord. Derifrå går det lenker vidare til wikipedia.org, og eg ser at både skruloka mine og sjølve norgesglasa liknar meir på The Mason Jar som skal ha blitt oppfunnen i USA like etter . Masonglasa blei kopierte i det uendelege, truleg også av dei norske glasverkseigarane som begynte å laga hermetiseringsglas, og som i den nasjonale iveren etter unionsoppløysinga prega «Norge» i feiande skrå løkkeskrift over dei trinne glasmagane. Sidan har Norge stått på kopiane av det amerikanske glaset og gjort at «våre» glas er lette å kjenna igjen.

 Det gode grepet rundt ringen er framleis godt å ta. Så lenge det står norgesglas i kjellaren og det ligg ferske nok syltestrikkar i kjøkkenskuffen, kjenner eg meg trygg. Om aldri så latterleg, må eg erkjenna det. Men kvifor? Eg voks opp med foreldre som bar på tunge krigserfaringar. Det kan vera deira uro som har sett seg i meg og blir lindra av glas som lovar mattryggleik, kjellarvern og fedreland. Andre verdskrigen 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 20

kan vera årsak til at hylla mi med glas kjennest så grunnleggjande nødvendig. «De som er født i et bestemt år, (…) har opplevd signifikante hendelser på samme stadium i livsløpet. Noen ganger er dette svært dramatiske hendelser.» Slik har samfunnsforskaren Kari Skrede forklart kvifor omgrepet «kohort» er nyttig. Eg vel å kalla det årskull. Foreldra mine høyrde til i -kullet. Først sette dei økonomiske krisene i mellomkrigstida merke i dei, og deretter blei dei og jamaldringane i heile verda prega av krigen. Vi i -kullet kan ha fått merke av deira angst. Likevel stod det for meg at norgesglasa måtte vera lada med meir. Av noko eg sjølv hadde erfart. Dette nemnde eg for Anna, svigerdotter mi, medan eg besøkte henne og son min som bur i Wales. «Du må møta Rosie!» utbraut Anna. «De har mykje å snakka om.» Bildekunstnaren Rosie Schribblah og eg er jamgamle, viste det seg, og også ho er oppteken av kva som kan ha prega oss som blei fødde i tiåra etter krigen. Både i hennar land og i mitt høyrer vi til dei største årskulla som nokon gong er fødde. «Vi forandra så mykje fordi vi var så mange», seier ho. «Vi sette merke i samfunnet, men nå forsvinn vi snart.» Derfor arbeider Rosie med «Baby Boom»-prosjektet sitt. Det var ein jamaldrande vens død som sette henne i gang med det. I månadsvis etterpå teikna ho portrett på portrett for å festa på papiret dei merka tida har sett på oss som er 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 21

fødde i åra rett etter krigen. Det heldt på å bli for seint. Rosie bestemte seg for å teikna hundre «babyboomarar». Eg var nummer nittito, og medan ho teikna, prata vi. Heimbyen hennar Swansea blei kraftig bomba, den britiske økonomien var uttappa, og gjenreisinga gjekk seint. Rosie fortalde om ein barndom i -åra der ruinar og bombekrater framleis prega sentrum. Far hennar hadde kjempa for Storbritannia i verdskrigen, først i Burma og deretter frå ein ubåtbase mellom Norge og Skottland. Ei slik krigshistorie sette preg på heimelivet. «Vi voks opp i skuggen av den andre verdskrigen», sa Rosie. «Ja, men kva med den kalde krigen?» spurde eg, «Den blei jo vår tid.» Det var då Rosie fortalde meg om mareritta ho hadde som barn. Om alle nettene då ho drøymde om atombomba.

   Både Rosie og eg er overauste med litteratur om andre verdskrigen som framleis larmar og stikk med sine eksplosjonar og sine store lidingar. Der brak fyller tekstar om den tida, gjer våre tidlege år så lite av seg i allmennlitteraturen. Trass i at også dei var høgspente, at spenninga varte lenger enn både dei økonomiske mellomkrigskrisene og verdskrigen som prega foreldra våre, og dessutan var bratt stigande i våre ti første leveår. Dette var dei åra då vi var lettast å forma og blei grunnleggjande prega. 


Kald krigs kviskring ferdig-qxd_Layout 1 03.07.17 14:46 Side 22

Mitt årskull voks opp i den første fasen og under den mest dramatiske opptrappinga av den kalde krigen. Kapprustinga spente ein tyngre og tyngre himmel over dei barna vi ein gong var, og Rosie hadde mareritt om atomåtak. Mi uro spann rundt tomme norgesglas. Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte. Nå blei det sådd tvil rundt den harmoniske forteljinga. Kva slags tid var det vi var barn i? Korleis nådde stormaktsrivaliseringa også fram til oss? Eg begynte å leita, grov etter refleksar som måtte vera innlærte ein gong, lytta etter både høglydte og knapt høyrbare fortidshendingar, snakka med jamaldringar og gav meg til å lesa stadig nyare sider av historieskriving om denne tida. Leitinga i eigne og andres barndomsminne, i den fjerne samtida og i litteraturen, vekte assosiasjonar som sprang mellom svimlande ulike nivå og breidde seg til uventa livsområde. Å formulera kva eg fann ut, kravde famling i mange slags språk. Vi sjølve og alle andre hadde gjeve oss namnet «etterkrigsgenerasjonen». Brått kjendest det nødvendig å omdefinera det kollektive minnet vårt. Slik hadde eg ikkje tenkt rundt det tidlege livet mitt før lunsjpausen med eit opnande spørsmål. Nostalgisk skunda eg meg og plukka fram den barndomsforteljinga eg var van med, før desse nye tankane kunne forandra henne for alltid.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kald krigs kviskring by Det Norske Samlaget - Issuu