


© Det Norske Samlaget 2026
www.samlaget.no
Illustrasjon og design: Camilla Kuhn
Papir: Arctic matt 150 g
Skrift: Minion Pro 12/14 pkt
Trykkeri: Livonia Print
Printed in Latvia
ISBN 978-82-340-1535-9
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gje att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.
Det er forbode å bruke heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.





Samlaget
Oslo 2026

– Eg har fått ei ny bok som handlar om fuglar, seier Kåre. – Eg har fått ein ny fotball som handlar om å springe rundt og leike, seier Marimba.
Kåre og Marimba er bestevenner sjølv om dei har veldig ulike interesser.

– Vi burde bygge eit fugletårn, seier Kåre.
– Eller ei iskremmaskin som kan lage hundre ulike iskremar, seier Marimba.
– Kanskje vi kan bygge noko der ein både kan sjå på fuglar og lage is? seier Kåre. Marimba synest ein burde kunne spele fotball med oppfinninga i tillegg.

– Det blir ikkje så lett, dette, seier Kåre då dei har sete og teikna ei stund.
– Vi kjem til å trenge mange ting. Blinkande lys og små motorar, seier Marimba.
Vennene går ein tur mens dei snakkar om korleis dei skal klare å finne alt dei treng for å få til ei så fantastisk oppfinning.