Skip to main content

Jakob og Neikob. Stormen

Page 1

Til Greta T.

© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Design: Kari Stai Boka er sett i Palatino Linotype 14/18 Trykk og innbinding: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-521-9935-2

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir Les også: Jakob og Neikob Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake Jakob og Neikob og det tomme rommet Jakob og Neikob – Naboen Jakob og Neikob og Alle Andre

Jakob og Neikob er også utgitt som app


Samlaget Oslo 2019


Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt. – Fint vêr i dag, seier Jakob. – NEI, seier Neikob.


Vennene steller i hagen. Spinnvill fyk forbi på veg til fabrikken. – Så fine blomster de har, seier ho og trakkar rett i blomsterbedet. – Hadde, seier Neikob. – Pytt, pytt, kvitrar Spinnvill. – Eg lagar berre nye i fabrikken.


Spinnvill er straks tilbake med nye blomster. – Her er blomster som aldri døyr. – JA, dette kallar eg blomster, seier Jakob. – NEI, dette kallar eg plast, seier Neikob.

– Får vi sjå fabrikken din? – Til fabrikken på ein blunk, svarer Spinnvill.


– Denne bilen er ikkje heilt ny, Neikob? spør Spinnvill. – NEI, svarer Neikob. – Det hadde ikkje vore dumt med ein ny, kanskje? spør Spinnvill. – NEI, svarer Neikob.


– Ny bil på ein blunk, seier Spinnvill. Men det kjem ikkje berre éin bil ut, det kjem mange. – NEI! seier Neikob. – Éin bil, ikkje bilkø. – Mykje vil ha meir, seier Spinnvill.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Jakob og Neikob. Stormen by Det Norske Samlaget - Issuu