M_Jakob.indd 4
10/06/14 10.00
Samlaget Oslo 2014
M_Jakob.indd 5
10/06/14 10.00
M_Jakob.indd 6
10/06/14 10.00
Dette er Jakob og Neikob. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt. Dei er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.
M_Jakob.indd 7
10/06/14 10.00
Om natta synest Jakob og Neikob at det er skummelt med det tomme loftet.
– Søv du også dårleg om natta, Neikob? spør Jakob. – NEI, svarer Neikob. – Eg søv ikkje i det heile.
M_Jakob.indd 8
10/06/14 10.00
– Vi treng ein sambuar, seier Neikob. – JA, svarer Jakob. – Kva er ein sambuar? – Nokon som kan bu på loftet, svarer Neikob. – JA, svarer Jakob. – Du er lur, Neikob. – NEI, eg er kjempelur, svarer Neikob.
M_Jakob.indd 9
10/06/14 10.00
Den første dei møter, er ein snømann. – Det er ein fin sambuar, seier Neikob. – JA, svarer Jakob.
M_Jakob.indd 10
10/06/14 10.00
Men om morgonen er sambuaren borte.
M_Jakob.indd 11
10/06/14 10.00
Den andre dei møter, er ein engel. – Det er ein fin sambuar, seier Jakob. – NEI. Det er ein kjempefin sambuar, svarer Neikob.
M_Jakob.indd 12
10/06/14 10.00
Men om natta flyg sambuaren ut ruta.
M_Jakob.indd 13
10/06/14 10.00
Brått høyrer dei ein dunkelyd frå taket. Den fyk vidare ned gjennom murpipa og stoppar på loftet. – Spring opp og sjå, seier Jakob. – NEI, du, svarer Neikob.
M_Jakob.indd 14
10/06/14 10.00
– JA, seier Jakob. – Men du først. Neikob ristar på hovudet. – Vil du vere sistemann opp, da? spør Jakob. – NEI, svarer Neikob og spring opp trappa.
M_Jakob.indd 15
10/06/14 10.00