Samlaget Oslo 2018
Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag pĂĽ ein bakketopp. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.
Neikob har bakt brente bollar. – NEI og NEI, seier Neikob. – God morgon, seier Jakob. – NEI, svarer Neikob.
Masekob dundrar på døra. – Nokon HEIME? masar han. – NEI, seier Neikob. Men Masekob er ustoppeleg. Han er verdsmeister i masing og har ein stor gullmedalje. – Neikob, kaukar Masekob. – Smilet ditt er FEIL VEG. – NEI, svarer Neikob. – Korfor er du BLÅ I TRYNET? masar Masekob.
– Neikob er så ANNLEIS, gnålar Masekob. – JA, svarer Jakob. – Korfor er han ikkje som ALLE ANDRE? masar Masekob.
Da Masekob har dratt, spør Jakob: – Neikob, er du lei deg? – NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre. – Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob. – NEI. Blir du med og finn han? – JA, svarer Jakob.